• No results found

Vike kyrkjeruin i Vikersund, Modum i Buskerud

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Vike kyrkjeruin i Vikersund, Modum i Buskerud"

Copied!
1
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

Vike kyrkjeruin i Vikersund, Modum i Buskerud

Lokalisering

Vike kyrkjeruin ligg vakkert til på ein terrasse i lia på austsida av Vikersundet, nå på gar- den Østre Vike sin grunn. Kyrkjeruinen ligg ca. 2,5 kilometer frå Heggen kyrkje, som er hovudkyrkja i Modum sokn i dag. Vike kyrkje har ligge i eit sentralt område, eit par hundre meter aust for sundstaden over sørenden av Tyrifjorden.

Historikk

Vike kyrkje var truleg bygd i siste halvdel av 1200-talet. Under arkeologiske undersø- kingar av ruinen i 1969-70 vart det funne 92 myntar, der den eldste er frå midten av 1200-talet og størstedelen av myntane frå slutten av 1200-talet.

Vike kyrkje er omtala som soknekyrkje i eit brev frå 1456, ”Wik sokn”, og er framleis i bruk og nemnt i brev frå 1512 ”(..) wij worum a Vikæ kirke garde”. Den vart truleg nedlagt i tida kring reformasjonen i 1537. Pouel Huitfeldt nemner i si stiftsbok frå 1574-77 Vike annekset, og at landskulda er lagt inn under Heggen kyrkje. Ved biskop Jens Nilssøn sin visitas av Heggen kyrkje i 1595, er Vike kyrkje ”(..) saa gaat som forfalden”.

Dei arkeologiske undersøkingane viste at kyrkja har hatt eit rektangulært skip på 10 x 15 meter. Koret har vore 6,5 x 6,5 meter. I skillemuren mellom skip og kor er det ei koropning, og skipet har hatt vestportal og inngang i vest. Kyrkja har hatt hovudaltar ved austmuren i koret, og sidealtar på kvar side av koropninga. Sidealtra har hatt ciborium, baldakiner eller overbygningar over seg. Biskop Jens Nilssøn skildrar i 1595 at kyrkja har spir.

Innvendig har kyrkja truleg hatt kalkmåleri av raudmåla geometriske figurar. Utgra- vinga avdekte kalkbitar av dette, i tillegg til ein del av eit blyinnfatta vindauge med ru- terforma glasruter. Det blir hevda at fleire mellomalderskulpturar frå Heggen kyrkje opprinneleg tilhøyrde Vike kyrkje. Desse er i dag i Drammens museum saman med ein Olavsspenning frå døra til Vike kyrkje.

Fleire forfattarar på 1800-talet har nemnt at murane til kyrkja sto til kring 1700.

L.D. Klüwer nemner at stein frå murane til Vike kyrkja vart brukt til tverrarmane på Heggen kyrkje. Det er også brukt stein til husbygging på gardane rundt Vike fram til 1900-talet.

Undersøkingar og konservering

Dei arkeologiske undersøkingane av ruinen 1969-70 vart leia av Luce Hinsch. Rivinga av murene i kyrkja har vore omfattande, og berre fundament er bevarde bortsett frå skil- lemuren mellom skip og kor som er ca. 1,5 meter høg. Murane er konservert, og for- svunne murar er markert med steinheller.

Dagens situasjon

Ruinen sin tilstand er god. Riksantikvaren samarbeider med Modum kommune om skjøt- selen av ruinen og området rundt (grasplen). Buskerud fylkeskommune har satt opp nytt informasjonsskilt ved ruinen. Den er også skilta frå riksveg 284.

22. januar 2010

www.ra.no

Ruinen sett mot nord-aust.

Foto: Kjersti Tidemansen © Buskerud fylkeskommune RIKSANTIKVARENS RUINPROSJEKT

Rekonstruksjon av Vike kyrkje.

Tegning: Geir Helgen Olavsspenning

Foto: Bjørn Johnsen © Drammens museum

Kor og korponing mot vest.

Foto: Kjersti Tidemansen © Buskerud fylkeskommune

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

Dette aktualiserer spørsmålet om den berettigede i så fall kan velge hvilket grunnlag han vil bygge erstatningskravet på (kravskonkurrens), eller om deliktsansvaret må vike

Taretrålerne må vike på steder hvor det skal kastes eller hvor det foregår slik kasting.. Hummerfiske i hele mai og hele

taretråling i den utstrekning det ikke kommer til fortrengsel for trålerne. Taretrålerne må vike på steder hvor det skal kastes eller hvor det foregår kasting.

taretråling i den utstrekning det ikke kommer t i l fortrengsel for trå lerne. Taretrålerne må vike på steder hvor det skal kastes eller hvor det foregår

Dette ble uttrykt gjennom barnevernkonsulentens utsagn, der vedkommende viste til hvordan barnevernet satte tydelige grenser for hva de ikke skulle engasjere seg i (Vike

Dessuten er det nok lite kjent at ordet land også kan ha betydningen urin, og det brukes da om urin fra husdyr.. Disse ordene inneholder typisk en s-s-s-lyd, som en malende

Kanskje ligger det en stor ressurs med sand eller grus i kommunen din, litt bortenfor skogbrynet..... Da er det ofte lurt å ta ut den ressursen før politi- kerne bestemmer seg for

I den forbindelse undersøkes det når arbeidstakers personvern må vike for arbeidsgivers behov for behandling av personopplysninger, i delen av prosessen der arbeidsgiver har