• No results found

S OGNDAL KOMMUNE SMÅKRAFTVERK I F JÆRLAND , AMLA VURDERING AV S

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "S OGNDAL KOMMUNE SMÅKRAFTVERK I F JÆRLAND , AMLA VURDERING AV S"

Copied!
100
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

L USTER E NERGIVERK AS:

S AMLA VURDERING AV

SMÅKRAFTVERK I F JÆRLAND , S OGNDAL KOMMUNE

2006

(2)

Samandrag

Samla vurdering av småkraftverk i Fjærland

S AMANDRAG

Noreg aukar stadig behovet for kraft og prisane på elektrisk kraft har dei siste åra vorte høgare og meir stabile (særleg høgare pris på kraft om sommaren). Saman med utvikling av betre og billigare teknologi for utnytting av mindre fall og vassmengder, har interessa for kraftpotensialet for mange mindre elvar auka.

I 2005 søke Småkraft om konsesjon for bygging av fem småkraftverk og ei produksjonslinje langs Fjærlandsfjorden. Sogndal kommune ønskte i den samanheng å få ei samla vurdering av potensialet i heile Fjærland slik at infrastruktur vart planlagd for alle utbyggingane i området og ein kunne få ei samla vurdering av effektane av mange utbyggingar i området. Totalt har dei omtala 17 prosjekta eit produksjonspotensiale på kring 230 GWh med ei samla

investeringsramme på opp under 600 millionar.

Med utgangspunkt i konsesjonssøknadane til Småkraft og ein gjennomgong av dei attverande potensielle prosjekta, har Luster Energiverk sett saman denne samla vurderinga. Aurland Naturverkstad har gjort ein landskapsvurdering av heile området og alle dei omtala prosjekta.

Metoden bygger på metoden utvikla i samband med utarbeiding av kommunedelplan for små kraftverk i Luster og tema som er omtala er sentrale tema i vassdragskonsesjonssøknadar og konsekvensutgreiingar. Tema er gruppert og for kvart prosjekt er konfliktgraden vurdert ved å gje eit poeng for kvar av desse temagruppene. Poengsummen skal gje eit bilete på den samla konfliktgraden for prosjekta (maks 6 poeng (lite konfliktfylt) til minimum -6 (veldig konfliktfylt)).

Administrasjonen i Sogndal kommune har vore viktig i utviklinga av denne rapporten.

Denne fagrapporten skal gje eit perspektiv frå område Fjærland som heilskap ned mot dei enkelte potensielle prosjekta.

Fjærland → Delområde → Prosjekt

På den måten vil ein kunne gje eit mest mogleg nyansert og heilskapleg bilete av effektane på Fjærland ved dei skisserte prosjekta. Denne rapporten skal vere grunnlag for politiske

vurderingar knytt til inndeling av område og føringar for sakshandsaming. Poengsummen for desse prosjekta varierte frå 3 til -3.

(3)

1.0 Innleiing

Samla vurdering av småkraftverk i Fjærland

I NNHALD

SAMANDRAG I

INNHALD 1

1.0 INNLEIING 1

1.1BAKGRUNN 1

1.2OPPBYGGING OG BRUK AV RAPPORTEN FOR SAMLA VURDERING AV POTENSIALET FOR SMÅ

KRAFTVERK I FJÆRLAND 1

1.3DEFINISJONAR OG FORKLARINGAR 2

1.4METODE 4

1.4.1GRUNNLAG 4 1.4.2VAL AV KRAFTUTBYGGINGSPROSJEKT 4 1.4.3VAL AV TEMA 4 1.4.4METODE LANDSKAPSEVALUERING: 6

2.0 FJÆRLAND 9

2.1ØKONOMISK/TEKNISK POTENSIALE 9

2.2LANDSKAP 10

2.2.1OVERORDNA LANDSKAPSSKILDRING 10 2.2.2INNDELING I OG VURDERING AV DELOMRÅDE 11

2.3NATURMILJØ 13

2.4VERNEOMRÅDE 16

2.5KULTURMILJØ 16

2.6FRILUFTLIV 17

2.7TURISME 18

2.7.1TURISME I FJÆRLAND I DAG 18 2.7.2TURISME I FJÆRLAND I UTVIKLING 18

2.8LANDBRUK 19

2.9SYSSELSETTING OG BUSETNAD 20

2.9.1SYSSELSETTING 20 2.9.2LOKAL VERDISKAPING/BUSETNAD 21 3.0 OVERFØRINGSLINJER 22

3.1INFRASTRUKTUR FOR ENERGI I FJÆRLAND 22

3.2NY KRAFTLINJE UT FRÅ FJÆRLANDSFJORDEN 23

3.2.1TRASESKILDRING OG NØKKELTAL 24 3.2.2VURDERTE ALTERNATIV (IKKJE OMSØKT) 24 4.0 PROSJEKTSKILDRING 25

(4)

1.0 Innleiing

Samla vurdering av småkraftverk i Fjærland

5.0 SAMLA VURDERINGAR 60

5.1POSITIVE TREKK VED UTBYGGINGANE 60

5.1.1ØKONOMI 60 5.1.2KRAFTFORSYNING 61 5.1.3ANDRE POSITIVE SYNERGIAR 61 5.1.4ATTVERANDE VASSDRAG I FJÆRLAND 62

5.2UTFORDRINGAR 63

5.2.1SUMEFFEKTAR 63

5.3SAMLA VURDERING AV DEI ULIKE PROSJEKTA 68

VEDLEGG 69

VEDLEGG A 69

VEDLEGG B 70

VEDLEGG C 71

VEDLEGG D 72

VEDLEGG E 78

(5)

1.0 Innleiing

Samla vurdering av småkraftverk i Fjærland

1.0 I NNLEIING

1.1 Bakgrunn

Fjærland ligg nordvest i Sogndal kommune og er eit typisk område for Vestlandet med høge fjell, brear, dalar og fjordar. Dette er eit område som turistar kjem for å oppleve frå heile verda og ein del av identiteten til fjærlendingane. Det er og eit område med store vasskraftressursar som i liten grad er realisert.

Det var tidleg kraftproduksjon i Fjærland. Allereie i 1915 vart det opna eit kraftverk i

Horpedalselvi, men det vart lagt ned i 1958. Krafta i Fjærland vart ikkje ein del av dei større utbyggingane i etterkrigstida, men i 2003 starta Horpedal Kraftverk starta produksjon (2 MW installasjon og kring 10 GWh produksjon). Dette kraftverket vart tilpassa linjekapasiteten som er i dag og det gjer at det ikkje er plass til meir produksjon som skal førast ut på kraftnettet for sal.

I 2003 gjennomførde NVE ei landsomfattande kartlegging av potensialet for små kraftverk.

Hydrologiske og topografiske data vart nytta til å rekne ut produksjonspotensialet og

standardkostnadar vart nytta til å berekne utbyggingskostnadar. I denne kartlegginga hadde Fjærland (fjorden og indre del til saman) 30 prosjekt (inkludert dei fem i Fjærlandsfjorden som er omsøkt) med ein spesifikk utbyggingspris på under 3 kr/kWh. Ein del av kostnadane knytt til denne kartlegginga er ikkje reelle i dag og fleire av prosjekta er slegne saman til dei som er skildra i denne rapporten. NVE si kartlegging berekna potensialet til å vere kring 250 GWh, mens prosjekta som er omtala i denne rapporten har eit berekna potensiale på kring 230 GWh.

I 2004 inngjekk fallrettseigarane i fem vassdrag langs Fjærlandsfjorden avtale med Småkraft AS om leige av fallrettane. Då konsesjonssøknadane kom for dei fem kraftverka samt linjetilknyting, gjekk Sogndal kommune inn for å få ei samla vurdering av småkraftprosjekta i heile Fjærland, inkludert indre delar. Denne rapporten skal gje ei oversikt over potensialet, linjealternativ og konfliktnivå samla og kvar for seg. Småkraft AS og Sognekraft AS (intensjonsavtale med fallrettseigarane i indre Fjærland) er med på finansieringa av rapporten og har lagt til rette med bakgrunnsdata.

1.2 Oppbygging og bruk av rapporten for samla vurdering av potensialet for små kraftverk i Fjærland

Denne fagrapporten skal gje eit perspektiv frå område Fjærland som heilskap ned mot dei enkelte potensielle prosjekta.

Fjærland → Delområde → Prosjekt

På den måten vil ein kunne gje eit mest mogleg nyansert og heilskapleg bilete av effektane på Fjærland ved dei skisserte prosjekta. Einskilde tema gjeld heile Fjærland under eitt, andre tema omfattar det ein ser i det daglege livet (delområde), mens andre tema att gjeld berre sjølve elvestrengen i det einskilde prosjekt. Rapporten seier noko om konfliktgraden og tilpassing av prosjektet kan ta omsyn til det og redusere konfliktgraden, noko som må vurderast i kvart tilfelle.

Rapporten har fokus på dei identifiserte 17 prosjekta, men skal og gje eit best mogleg oversyn over dei ulike elvane i Fjærland slik at ein kan sjå kva som eventuelt ikkje vert bygd ut. Dermed kan ein sjå kva andre friluftsområde er det i Fjærland eller kva fossar som ikkje vert utbygd. Ved å gje eit mest mogleg heilskapleg bilete, vil den einskilde utbyggar kunne tilpasse det konkrete prosjektet etter venta konfliktar og politikarane vil kunne vurdere prosjekt mot kvarandre og planlegge ut frå eit samla bilete.

Målsettinga er at rapporten skal vise moglegheitene i Fjærland, utfordringane som må løysast for å realisere desse moglegheitene og andre interesser som kan verte råka.

Denne rapporten skal vere grunnlag for kommunen sine politiske prioriteringar. Saman med dei politiske prioriteringane vert denne rapporten vere retningsgjevande for kommunen sin

sakshandsaming av vasskraftsaker i området. Rapporten er derfor ikkje ein verneplan som skal gje grunnlag for bandlegging av areal. Vurderingane i denne rapporten er basert på dagens situasjon, men økonomiske og teknologiske endringar skjer raskt og nye og alternative prosjekt

(6)

1.0 Innleiing

Samla vurdering av småkraftverk i Fjærland

kan påsikt dukke opp. Etter dagens regelverk vil kvart prosjekt måtte vurderastindividuelt omfanget kan vere både større og mindre enn det som er skissert i denne rapporten. Rapporten skal likevel kunne sei noko om andre interesseri heile vassdraget og legge eit grunnlag for sakshandsaminga av eventuelle framtidige prosjekt. Ideen er at utbyggar kan tilpasse prosjektet allereie i planlegginga slik atkonfliktnivået vert redusert. Dei fem konsesjonssøknadane som er ferdige har tilpassa sine prosjekt og lagtinn avbøtande tiltak. Desse tilpassingane og avbøtande tiltaka er ikkje ein del av grunnlaget for vurdering av konfliktnivået og må verte ein del av den samla vurderinga av effekten av prosjektet som er meir av politisk art. Dei politiske vurderingane og prioriteringane knytt til utbygging av små kraftverk i Fjærland skjer gjennom ein kommunedel- plan med utgangspunkt i denne rapporten med vedlegg.

Grunnen til at framtidige kraftutbyggingssaker måhandsamast individuelt er illustrert under.

Sjølv om det skisserte prosjektet skulle gje høg konfliktgrad (”Området sin verdi”), kan prosjekta tilpassast slik at ”Tiltaket sitt omfang” vert redusert enten ved at prosjektet vert flytta/gjort mindre eller avbøtande tiltak. Dermed vert konsekvensane for andre interesser mindre og tiltaket kan lettare verte godteke. I dei mest verdifulle områda vil det i praksis vere vanskeleg (eller for kostbart) å tilpasse ei utbygging tilfredstillande. Tiltaket sitt omfang er heller ikkje vurdert spesifikt for dei fem prosjekta som har utarbeidd konsesjonssøknad.

Sværtstort

Området sin verdi

Liten

Liten Stort

Tiltaket sitt omfang

1.3 Definisjonar og forklaringar

Skilje mellom ”store” og små kraftverk er knytt til Olje- og Energidepartementet(OED) sin delegering av konsesjonsmyndigheit til NVE. Mens OED behandlarkonsesjonar knytt til ”store”

kraftutbyggingar, er det i dag NVE som handsamar konsesjonssøknadar for planlagde kraftverk med installasjonar med opp til 10 MW effekt. Dette er den øvre grensa for kva ein kallar

småkraftverk. Grensa for generelt krav om konsesjonshandsaming er sett som grensa mellom små- og minikraftverk. I dag er den generelle grensa for konsesjonshandsaming 1MW (1000 kW). Skilje mellom mini- og mikrokraftverk erved planlagd installasjon på 0,1 MW (100 kW). Til samanlikning Årøy Kraftverk installasjonar på til saman 94 MW.

(7)

1.0 Innleiing

Samla vurdering av småkraftverk i Fjærland

Småkraftverk: 1 – 10 MW installasjon Minikraftverk: 0,1 – 1 MW installasjon Mikrokraftverk: > 0,1 MW installasjon

Den totale produksjonen av straum i eit anlegg vil vere avhengig av kor lenge ein utnyttar ein viss mengde av vatn med eit visst fall:

Effekt: Mengda av vatn * fallhøgd (W) Produksjon: Effekt * timar produksjon (Wh)

Med eit magasin, naturleg eller kunstig innsjø, kan ein samle opp vatn til bruk i tørrare periodar.

Dermed kan ein nyttiggjere seg av vatnet over lengre tid og totalproduksjonen aukar. Det vert vanlegvis bygd magasin ved større kraftutbyggingar (Veitastrondsvatnet og Hafslovatnet for Årøy kraftverk). Ved små kraftutbyggingar, som ofte er midt på ein elvestrekning, vert det vanlegvis bygd eit mindre inntak som leier vatnet inn i røyrgata. Inntaksdammen har vanlegvis liten kapasitet til lagring av vatn.

Straumen som vert produsert kan nyttast både til eige bruk og seljast på den frie marknaden.

Dersom ein nyttar straumen til eige bruk, slepp ein å betale nettleige og dersom kraftverket er mindre 100 kW, slepp ein forbruksavgift. Innsparinga på straumrekninga vert dermed høgare enn prisen ein ville fått ved å selje krafta. Investeringane kan og verte betydeleg mindre.

Problemet for oss i indre Sogn er at produksjonen stansar eller vert liten om vinteren (lagrar vatnet som snø) og dette er den tida av året ein vanlegvis har mest bruk for elektrisk kraft.

Dersom ein leverer straum til den frie marknaden, må ein nytte eksisterande linjenett eller bygge nytt. Det er både ein investeringskostnad og ein leigekostnad (innmatingsavgift) knytt til dette.

Det må vere ein avtale med områdekonsesjonær (Sognekraft AS) før ein kan kople seg på lokalnettet (22kV). Dagens lokalnett er bygd for å levere straum til hushaldningar, og det er ikkje kapasitet til å ta i mot den nye produksjonen på det eksisterande nettet i Fjærland i dag. Då er det kraftutbyggar som må koste ny infrastruktur. Dette kan vere ein betydeleg investerings- kostnad som ein liten kraftutbyggar ikkje klarar sjølv. Noko av formålet med denne rapporten er å gje eit mest mogleg reelt bilete av kor mykje kraft som vert bygd ut i Fjærland. Dermed kan den nye kraftlinja som må kome for at noko meir skal byggast ut, dimensjonerast best mogleg og finansiering kan fordelast.

Lokalt høgspentnett: 1 – 33 kV

Leverer straum til privatpersonar og næringsliv og driftast av områdekonsesjonær (Sognekraft AS i Sogndal,

Leikanger, Balestrand og Vik kommune) Regionalt nett: 33 – 132 kV

Transport av straum mellom ulik område og produksjons- punkt (eigd og drive av enten det lokale energiverket, større produsentar eller Statnett)

Nasjonalt nett: 132 – 420 kV

Transport av straum mellom landsdelar. Motorveg for straum (vert i hovudsak eigd og drive av Statnett)

Ein kraftutbyggar nyttiggjer seg av ein bruksrett som enten er knytt til eigedomsretten eller som er erverva. Likevel er det andre som har interesser og rettar knytt til vassdraget. Allemanns- retten er sterk i Noreg og samfunnet har interesser i dei verdiane som ligg i vassdraget slik det er før utbygging (biologisk mangfald, landskap, kulturminne osv.). I vassressurslova heiter det:

”Ingen må iverksette vassdragstiltak som kan vere til nevneverdig skade eller ulempe for nokon allmenne interesser i vassdraget …uten konsesjon fra vassdragsmyndighetene”. Det er

vassdragsstyresmaktene som avgjer om eit prosjekt er konsesjonspliktig. Generell er det meldeplikt til NVE ved inngrep i vassdrag, og vanlegast er alle planlagde installasjonar over 1 MW konsesjonspliktige. Dette skuldast at ei kraftutbygging krev ein del tiltak som påverkar dei allmenne interessene slik som miljø og den generelle opplevinga av området. Inntaksdam og røyrgate (i dagen eller grave ned (skog må ryddast)), stasjonsanlegg, linjetilkopling og ikkje minst at ofte mykje vatn vert vekke på ein strekning vil påverke dei allmenne interessene.

(8)

1.0 Innleiing

Samla vurdering av småkraftverk i Fjærland Stortinget har opna opp for mindre utbyggingar i verna vassdrag. Dei må til vanleg konsesjons- handsamast og skal ikkje stride mot intensjonen bak vernet av vassdraget. Installasjonen skal vere mindre enn 1 MW og ein skal ikkje nytte meir enn 10-15% av middelvassføringa.

Konsesjonspliktig: - Alle kraftutbyggingar må meldast/omsøkast konsesjon hos NVE.

- Prosjekt med planlagd installasjon under 1 MW kan få fritak.

- Ein kan få konsesjon til mindre kraftutbyggingar i verna vassdrag.

1.4 Metode

Metoden som er nytta til vurdering av prosjekta i Fjærland er hovudsakleg basert på metoden som er nytta til utarbeiding av kommunedelplan for små kraftverk i Luster kommune. Denne metoden er tufta på den godt innarbeidde metoden som nyttast i konsekvensutgreiingar med verdisetting og konsekvensvurdering (Statens vegvesen 1995: Håndbok-140 for

konsekvensvurderinger, del II a) og i miljøvurderingar ved vasskraftutbyggingar (NVE-veileder 1:2004).

1.4.1 Grunnlag

Grunnlaget for denne rapporten er Småkraft AS sine konsesjonssøknadar for fem småkraftverk langs Fjærlandsfjorden, Sognekraft AS sin rapport om potensiale for små kraftverk i Fjærland og Sognekraft AS sin konsesjonssøknad om ny kraftlinje til Fjærland. Innhaldet i desse rapportane er brukt direkte i denne rapporten som skal vurdere heile område under eitt.

Konsesjonssøknadane til Småkraft for dei fem småkraftverka langs Fjærlandsfjorden skildrar detaljert prosjekta teknisk/økonomisk og miljømessig, mens rapporten til Sognekraft vurderar tolv prosjekt litt mindre detaljert. Detaljnivået til rapporten til Sognekraft set dermed standarden for detaljnivået i denne rapporten og alle prosjekta vert omtala likt.

Dei 17 prosjekta som er omtala i rapporten har alle vorte synfart og blitt vurdert miljømessig. Dei generelle miljøregistreringane i Fjærland er ikkje så mange. Datagrunnlaget for dei 17 prosjekta vurderast dermed som middels, mens i resten av området som liten/middels.

Etter prosessen med ei totalvurdering kom i gong og Sognekraft vart involvert i moglege kraftutbyggingsprosjekt i Fjærland, har Småkraft og Sognekraft vorte einige om at Sognekraft skal søke, bygge og drifte ei ny kraftlinje til Fjærland. Denne må kome dersom ein skal realisere noko av den planlagde kraftproduksjonen i Fjærland og den vert ein del av denne totale

vurderinga.

For å få til ei samla vurdering av effektane av alle dei skisserte prosjekta i Fjærland, har Aurland Naturverkstad DA vorte engasjert til å gjere ei overordna landskapsvurdering av prosjekta. Dei har delt Fjærland inn i delområde og vurdert kva effekt kvart einskild prosjekt har på ”det daglege landskapet” og den totale opplevinga av Fjærland.

1.4.2 Val av kraftutbyggingsprosjekt

Gjennom NVE si landsomfattande kartlegging av kraftpotensialet har det vorte lettare å få oversikt over ressursane i eit område. Dei prosjekta som er skissert av NVE let seg ikkje alltid gjennomføre eller vert endra av ulike grunnar (eigarforhold, teknisk vanskeleg terreng osv.), men det viser eit potensial i eit vassdrag som kan vere reelt.

Dei fem prosjekta som Småkraft har omsøkt er reelle og godt avgrensa, mens resten av potensielle småkraftverk i Fjærland nå er vurdert av Multiconsult AS på oppdrag frå Sognekraft.

Dei vurderte prosjekta er vurdert og avgrensa teknisk/økonomisk og miljøfagleg gjennom synfaring. Utvalet av vassdrag er delvis skjedd med utgangspunkt i NVE si kartlegging og i samråd med grunneigarar i Fjærland.

1.4.3 Val av tema

Vassdragsnaturen er ein viktig del av bilete av Vestlandet, både i kvardagen og gjennom opplevingar. Fossar og stryk som er synlege i landskapet er med oss bevisst og ubevisst. Det er kanskje ikkje før det er borte at ein vil reagere på det. I tillegg er det heilt særeigne hendingar, opplevingar og natur knytt til vassdrag. Det er i det heile mange interesser knytt til vassdraga og

(9)

1.0 Innleiing

Samla vurdering av småkraftverk i Fjærland noko av målsettinga med denne rapporten er å identifisere desse slik at ei eventuell utbygging kan tilpassast etter dei ulike interessene. Val av tema er gjort ut frå kva som er vanleg å diskutere/omtale i ein vanleg søknad om konsesjon knytt til vassdrag (biologisk mangfald, kulturminne osv.) i tillegg til konkrete tema som er viktige for Sogndal kommune (turisme, sysselsetting osv.)

Økonomisk/teknisk vurdering

Ei hovudmålsetting med rapporten er å vise kva ressursar som finns i Fjærland. Med utviklinga som har vore innan teknologi og økonomi, har mange ”små bekkar” vorte potensielle

inntektskjelde. Rapporten skal vise verdiskapingspotensialet i dei ulike småkraftprosjekta i Fjærland og kostnadsrammene som er knytt til realisering av dette potensialet.

Infrastruktur

Kraftlinja inn til Fjærland er i dag full og skal det produserast meir straum for sal, må det ein ny og større kraftlinje inn i området. Sognekraft jobbar sommaren 2006 med å lage ein konsesjons- søknad for ny 132kV linje til Fjærlandsfjorden. Straumen fram til 132kV linja skal overførast med 22kV linje og behovet for 22kV linje varierar frå prosjekt til prosjekt. Koordinering og felles planlegging kan redusere kostnadar og inngrep med slike linjer. Anleggsveger er og kostbare inngrep som enten vil vere synleg permanent eller midlertidig.

Biologisk mangfald

Det er ei nasjonal målsetting at det biologiske mangfaldet ikkje skal reduserast meir. Det mest konkrete i den samanheng er den norske raudlista som er ei liste som viser sjeldne, sårbare og direkte trua artar i Noreg. Desse er ofte knytt til spesielle naturtypar. Omsyn til dei trua

naturtypane er viktig, og identifisering av desse kan gjere at ein kan ta omsyn til dei under planlegging av utbyggingar. INON (>1km frå større tekniske inngrep) kan vere ein indikator på kontinuitetssamfunn, noko som gjev auka biologisk mangfald. Omsynet til naturtypar og raudlisteartar må også sjåast i ein større samanheng. Sumeffektane av fleire utbyggingar kan verte store for det biologiske mangfaldet.

Landskap

Den norske vestlandsnaturen med fjord og fjell er internasjonalt kjend og viktigheita vart

stadfesta i 2006 då UNESCO førte opp Nærøyfjorden og Geirangerfjorden som verdsarvområde for natur og kultur. I Fjærland har ein i tillegg til fjordlandskapet mange mektige fjell og bre- landskap. Avstanden til større tekniske inngrep er og eit mål for kor stor grad naturen er ”urørd”.

Ein har ei nasjonal målsetting om at ein skal i størst mogleg grad skal ta vare på natur som ligg meir enn 1 km frå større tekniske inngrep, såkalla INON-område. Vassdragsnaturen er eit viktig element i landskapsbiletet frå mektige ”turistfossar” til ”kvardagsfossane” som fjærlendingane har utanfor kjøkenglaset. Vassdraga si rolle i landskapet vert drøfta for kvart delområde.

Kulturminne

Kultur vert skapt av menneske og tidlegare bruk er viktig informasjon og viktig for identifika- sjonen som fjærlending. Frå spor etter den første fjærlending til nyare bruk og utvikling bør takast vare på. Dette er ofte konkrete objekt i naturen og kulturlandskapet, men enkelte stader er opplevinga av heilskapen i kulturmiljøet og viktig, t.d. stølsvollar o.l.

Tradisjonelt landbruk

Fjærland er og har vore ein landbruksbygd. Mange relativt store gardar pregar bygda i dag. Dei flate markene i dalbotn er i dag viktige for grasproduksjonen, men og brattare sider er og har vore nytta særleg ut langs fjorden. I dag er landbruket i store endringar, men landbruket er framleis veldig viktig for busetnad, vedlikehald av kulturlandskapet og oppleving av lokal- samfunn. Ei kraftutbygging kan verte ei ny utmarksnæring for bønder, og t.d. anleggsvegar kan løyse ut andre utmarksressursar som skog. Tap av vatn til dyr og til vatning av innmark og stengselseffekten kan påverke tradisjonelt landbruk i negativ retning.

Turisme

Fjærland er ei turistbygd. Det er lange tradisjonar i området med t.d. Mundal Hotell, men etter etableringa av Norsk Bremuseum og Bokbyen, har turismen vorte meir viktig. Kvart år kjem kring 50 000 innom Bremuseet. Omsynet til denne næring vert viktig i vurderinga av både enkeltvassdrag/-fossar og sumeffekten av mange utbyggingar i eit område. Utvikling av framtidig turisme må og takast omsyn til.

(10)

1.0 Innleiing

Samla vurdering av småkraftverk i Fjærland

Friluftsliv

Ein av dei store fordelane med å bu og vekse opp i Fjærland, er moglegheitene for å drive friluftsliv. Jakt og fiske har lange tradisjonar i området, men og aktivitetar som brevandring og vanlege fjellturar har gode vilkår i bygda. Moglegheitene for å drive med aktivitetar på fritida vert nok berre meir og meir verdsett og særleg friluftsopplevingar i den særeigne og storslagne naturen i Fjærland (nasjonal status gjennom verneområde). Kraftutbyggingar treng ikkje påverke utøvinga av friluftsliv, men grunna allemannsretten som er veldig sterk i Noreg, har desse interessene rettar som må takast omsyn til.

Sysselsetting/lokal verdiskaping

Folk i Fjærland driv med mykje forskjellig. Turisme, servicetenester og landbruk er dei viktigaste sysselsettingane i bygda. Ein del pendlar både til Førde og Sogndal. Generelt i landet vert tenesteytinga stadig forsterka og produksjon vert mindre viktig. Særleg innan landbruket er dette tydeleg. Korleis ei utvikling med kraftutbyggingar i dei ulike områda av området vil påverke sysselsetting og den lokale verdiskapinga vert vurdert under dette temaet. Under dette temaet er det og naturleg at busetnad vert diskutert.

1.4.4 Metode landskapsevaluering:

For å fange opp variasjonane og gje tilfredsstillande vurderingar av landskapet og verknader i høve potensiell utbygging av småkraftverk, vil omtale og vurdering av landskap skje på fleire nivå;

- Overordna landskapsskildring

- Delområde (verdsetting av natur-kultur og landskapsverdiar) - Vassdrag (vurdering av konfliktpotensial i høve utbygging) Overordna landskapsskildring

Dei landskapsemessige hovudtrekka er skildra på overordna, felles nivå for heile Fjærland.

Innanfor dette samla og klårt avgrensa landskapet er det igjen identifisert 6 landskapsområde, eller einskaplege delområde der det er mogleg å skildre landskap, natur, kultur og

opplevingsmessige samanhengar i ein relevant målestokk.

På overordna nivå vil landskapsregionen vere retningsgjevande for seinare verdivurdering av delområda.

Landskapsregionar:

Noreg er delt inn i 45 landskapsregionar. Inndelinga tek utgangspunkt i dei store og samlande karaktertrekka i landskapet (Elgersma 1996). Desse landskapsregionane er skildra (Puschmann 2004) gjennom ei analyse av fleire landskapskomponentar, som hovudforma til landskapet, småformer i landskapet, vatn/ vassdrag, vegetasjon, jordbruksmark og busetnad/tekniske anlegg. Deretter vert samspelet mellom dei ulike landskapskomponentane som til saman dannar landskapskarakteren til regionen skildra. Landskapsregionar er først og fremst ei referanse- ramme for å sjå kva for hovudtype ”lokallandskap” ein er i. Vurderinger er knyttet opp til relative samalikningar mellom landskapsområde innanfor den landskapsregion man er i.

Einskaplege delområde

I eit oppbrote, men storskala landskap med fjord og gjennomgåande, større dalområde, kan det vere vanskeleg å gjere ei avgrensing av området som skal vurderast på ein meiningsfull måte. I denne utgreiinga nyttar ein omgrepet ”delområde” for å synleggjere at t.d. Fjærlandsfjorden er ein heilskap som kan delast inn i flere delområde som folk flest vil kunne oppfatte å ha ein indre samanheng (einskap) som skil det frå eit naboområde. Delområda tek utgangspunkt i ei romleg avgrensing og fungerer på eit landskapsmessig skalanivå som samsvarer med landskapsformer og arealstorleik som folk orienterar seg etter og opplever når dei ferdast gjennom landskapet.

Grender vil ofte kunne utgjere eit delområde.

I mange tilfelle vil det ut frå skalaforhold og topografi ikkje vere mogleg å få overblikk over heile området medan ein er ute i terrenget. Ein vil likevel kunne oppfatte og forstå overgangar mellom delområde når ein rører seg gjennom eit dalføre eller langs ei fjordside.

Samanstilling av REGINE einingar til delområde:

Landskapsvurderingane er knytt opp til realisering av potensial for vasskraftutbygging.

Arealinndelinga tek difor utgangspunkt i dei eksisterande nedbørfeltgrensene som finnast i REGINE-systemet, utarbeidd av NVE. REGINE-systemet er bygd opp kring ein stadig større

(11)

1.0 Innleiing

Samla vurdering av småkraftverk i Fjærland detaljeringsgrad avgrensa av nedbørfelt. Omfanget av Regine-sidenedbørfelt er stort. Det er difor føreteke ei samanslåing av nedbørfelt på delområdenivå.

Innanfor utgreiingsområdet er det i alt 28 REGINE delfelt-einingar. I vassdrag med eksisterande kraftutbygging og andre terrenginngrep kan sidenedbørfelta vere særs mange og små. For å kunne gjennomføre vurderingane på ein tenleg måte, er sidenedbørfelta slått saman til 6 delområde. Vi har kome fram til denne inndelinga ved hjelp å slå saman REGINE einingar på ein slik måte at i hovudregelen har eit delområde same vassdragsnummer og første bokstav eller tal.

Vassdrag.

Det er synfart 19 elvar, knytt til i alt 17 potensielle utbyggingsprosjekt i Fjærland.

Kriteria for evaluering av landskapsverdiar

Metodegrunnlaget som er nytta i landskapsvurderingane er henta frå NIJOS sitt

evalueringssystem knytt til romleg landskapskartlegging. Metodikken bygger på identifikasjon av arealeiningar (delområde) som kan skillast frå kvarandre ut frå romlege eigenskapar og

samspelet mellom naturgjevne og kulturskapte faktorar, slik dei trer fram i landskapet.

For kvart delområde (samansett av REGINE-delfelt) vert det gjort ei vurdering av verdiar og kvalitative eigenskapar (landskapskarakter) Vurderingane bygger på metodikk utvikla ved NIJOS og Institutt for landskapsplanlegging, Ås (US Forest Service 1974, Nordisk Ministerråd 1987, NIJOS 1997). Fylgjande kriterium vert nytta:

Heilskap eller samsvar:

• Dette vil vere eit samlande uttrykk for i kva grad dei ulike landskapskomponentane dannar ein harmonisk samanheng. Dette omfattar og kontinuitet over tid i bruk av landskapet.

Variasjon eller mangfald:

• Uttrykker omfanget av element og uttrykk i landskapsbiletet. Stor variasjon vil vere

opplevingsmessig positivt dersom dei vert oppfatta å ha ein indre samanheng, ein visuell og økologisk orden.

Intensitet eller inntrykksstyrke:

• Kontrastverknader i landskapet, einskilde natur- eller kulturelement som utmerkar seg på ein positiv måte. Særskilde klimatiske tilhøve vil og kunne gje stor inntrykksstyrke.

Urørtheit:

• Oppleving av stille, ro og urørt natur vil ha ein viktig funksjon i eit landskap. Denne vurderinga er gjort på grunnlag av inngrepsfridom etter klassifikasjon føreteke av Direktoratet for Naturforvalting, slik det er framstilt i kartform (INON).

Inngrepsfrie naturområde er definert som område som ligg meir enn 1 km frå tyngre tekniske inngrep. Det vert nytta 4 sonar, der fordelinga på kvar sone er oppgjeve i prosent.:

- Inngrepsnære område Mindre enn ein km frå tyngre tekniske inngrep - Inngrepsfri sone 2 1-3 km frå tyngre tekniske inngrep

- Inngrepsfri sone 1 3-5 km frå tyngre tekniske inngrep - Villmarksprega område. Meir enn 5 km frå tyngre tekniske inngrep I oppstillinga av fordeling på ulike inngrepsklassar er berre landareal rekna med.

Det er verd å merke seg at i et landskap med store topografiske variasjonar, vil eit inngrep i ein lågareliggjande dal ikkje automatisk føre til reell påverknad på villmarkspreget i eit høgfjellsplatå, sjølv om avstanden målt på kart vil vere under grenseverdiane som ein tek utgangspunkt i. I vurderinga av konfliktpotensial knytt til utbygging av vassdraga, er dette teke omsyn til.

(12)

1.0 Innleiing

Samla vurdering av småkraftverk i Fjærland

Figur 1: Kart over inngrepsfrie område i Fjærland og fjellområda omkring (Direktoratet for Naturforvalting). Den nye 132kV kraftlinja mellom Fardal og Mel er ikkje registrert hos DN ennå og noko av INON-område sør i Fjærlandsfjorden fell bort.

Evaluering av landskapsområda - kvalitetsklasser

Områdets generelle omtale og utgreiing av landskapskarakter er vidare knytt opp mot ein samanfattande landskapsklassifisering, uttrykt i ein fem-delt skala.

Vurderingar er gjort i ein regional samanheng og vert delt inn i tre klassar , der klasse A og B er delt i to underklassar (NIJOS 1997):

(13)

2.0 Fjærland

Samla vurdering av småkraftverk i Fjærland

2.0 F JÆRLAND

2.1 Økonomisk/teknisk potensiale

Det er fleire store og gode økonomiske prosjekt i Fjærland. Berekningar gjort av Småkraft og Sognekraft gjev eit samla utbyggingspotensial for småkraft i Fjærland på over 230 GWh. I Multiconsult sine kostnadsberekningane har ein teke utgangspunkt i kostnadstal frå NVE for 2005 og justert opp prisen med 10% til 2006. For å justere kostnadsberekningane til Småkraft- prosjekta opp til same årstal, er kostnadane justert opp med 10% (konsesjonssøknadane er frå 2005). Dette gjev ei samla investeringsbehov på i underkant av 600 millionar kroner. Ikkje alle desse er økonomisk forsvarlege prosjekt i dag og dersom ein ser vekk frå prosjekt med ein spesifikk utbyggingskostnad (kr/kWh) på over 3,50, vert utbyggingspotensialet på kring 200 GWh med ein samla utbyggingskostnad på over 470 millionar kroner.

Under er ein oversikt over nøkkeltal for alle prosjekta som er omtala i denne rapporten. Det minste utbyggingsalternativet som er vurdert står i parentes.

Tabell 1: Økonomiske nøkkeltal for kvart av prosjekta som er omtala i denne rapporten Delområde/

prosjekt

Installasjon (MW)

Produksjon årleg middel (GWh)

Utbyggings- kostnad (mill)

Spesifikk utbyggingskostnad Romøyri - Lidal

Romøyri 8,50 27,9 58,7 2,11

Lidal 5,70 24,0 50,9 2,12

Jordal - Rauboti

Jordal 4,80 (3,60) 20,1 (15,0) 36,1 (27,6) 1,80 (1,84) Rauboti 2,58 (2,18) 8,8 (7,4) 28,9 (23,2) 3,28 (3,14)

Hatlestad 3,20 12,2 27,8 2,28

Berge

Berge/Bjåstad 9,30 (8,60) 38,2 (35,4) 66,8 (60,9) 1,75 (1,72)

Mundal

Tverrelvi 1,39 (0,79) 4,8 (2,7) 17,3 (12,5) 3,60 (4,63)

Botnagrovi 0,32 1,1 6,7 6,09

Mundalselvi 4,28 14,5 33,4 2,30

Supphelledalen

Horpedalselvi

(trinn 2) 4,90 13,0 29,9 2,30

Tverrdøla 4,00 14,3 47,5 3,32

Supphelleelvi

ved Fjellstølen 1,06 3,8 20,7 5,45

Supphelleelvi

ved Mikjelstølen 2,59 9,2 28,7 3,12

Bøyadalen

Jakopbakka 1,73 6,1 19,9 3,26

Bøyaelvi 5,0 (2,02) 17,8 (7,2) 58,8 (27,4) 3,30 (3,80)

Tverrdalselvi 3,61 12,8 31,8 2,54

Botna 2,08 (1,49) 7,4 (5,3) 26,6 (17,9) 3,59 (3,37) Sum 65,04 (58,57) 236,0 (211,9) 590,6 (525,7)

(14)

2.0 Fjærland

Samla vurdering av småkraftverk i Fjærland

2.2 Landskap

2.2.1 Overordna landskapsskildring Landskapsregionar

2 landskapsregionar er representert i Fjærland; Region 23 Indre bygder på Vestlandet og Region 17 Breane (Puschmann 2004). Her fylgjer ein stutt karakteristikk av kvar region:

Landskapsregion 23. Indre bygder på Vestlandet:

Regionen strekk seg frå nord i Rogaland til Nordmøre. Den kjenneteiknas ved at alle

underregionar har ein monaleg nedskore hovudform som strekk seg djupt inn i landet og vert omgjeve av høge fjell. Mest ekstrem av dei ulike landskapa i regionen er dei djupt innskore og tronge fjordløpa som vert omkransa av høge fjell og tinder. I nokre underregionar vert fjorden erstatta av store fjordsjøer, men ”botnen” har fortsett same vide karakter. Sentralt i regionen er og dei omkringliggande fjellområda, som både kan utgjere sjølve silhuettavgrensinga rundt dal- /fjordtrauet, eller inkludere fleire små til mellomstore mellomliggande fjellområde. Ofte er dette høgfjellsterreng, men her inngår også nokre lågfjell og fjelldalar. Regionen har generelt lite lausmassar. Mest vanlig er eit tynt og usamanhengande lausmassedekke med morene- eller skredavsetninger nedst i dal- eller fjordsidene, eller på meir høgtliggande hyller og slakere hellinger. Laumassedekket er likevel nok til at vegetasjonen dei fleste plasser gir lågareliggande regiondelar eit frodig preg.

Landskapsregion 17. Breane:

To hovudtypar brelandskap finnes; eit karakterisert av store platåbrear som dekker over store fjellhøgder, og eitt fjellandskap der mindre botn- og dalbreer, evt. små platåbreer, er sterke visuelle innslag. Regionens breer har begge typer. Kvar det finnes brear avhenger av

glasiasjonsgrensa. Den faller i vestleg retning mot kysten og nordover. For Jostedalsbreen og Svartisen har paleiske fjellformer i øst og meir viltre glasiale tindefjell i vest. Alle breane i regionen har fleire brearmer. Desse er gjerne synlege i regionar som grenser til regionen.

Jostedalsbreen, den største breen på det europeiske fastlandet (ca.480 km2), har bla. nær 50 bretunger (utløpere) som siger ned i omkringliggande dalar.

Hovudtrekk i landskapet

Fjærlandsfjorden utgjer ein nordleg sidegrein til Sognefjorden, vel 20 km lang og mindre enn 2 km brei. Ytre delar av fjorden er utan vegtilkomst og større tekniske inngrep. Natur- og

landskapsmessig har Fjærlandsfjorden mange av dei same kvalitetane som Nærøyfjorden.

Inst i fjorden ligg jordbruksbygda Fjærland med omlag 300 innbuarar. Dei store, flate jordbruksområda sentralt i bygda går over i dei to markerte dalføra Bøyadalen og Supphelledalen. Kvar av dei med kjende brefall som viktige naturattraksjonar. Frå Supphelledalen er det og stitilkomst opp på breen, og sti over til Veitastrond.

Både fjorden og dalføra ligg dupt nedskore mellom fjellmassiv og breplatå med høgder opp over 1700 moh. Dalområda er jamt over ein tydeleg U-forma profil som gjev bratte, ofte snaue fjellsider opp mot markerte fjellkammer, og ein noko slakare profil med lauvskog ned mot dalbotnen. Fjord- og dalsidene har i hovudsak ei regelmessig utforming som former

sideavgrensiga av dei store landskapsromma. Einskilde markerete framstikkande fjellformer skaper avgrensing mellom dei store romma (t.d. ved Hammarsnes, Lidal, Skeidsnipa.

Sidedalføre former mindre landskapsrom, ofte med lite visuelt innsyn frå fjord eller hovudveg.

Eit karakteristisk trekk ved landskapet er den visuelle kontakten med brekappe og brefall. Dette er især tydeleg sett frå Fjærlandsfjorden. Samanstillinga av naturområde utan større tekniske inngrep, eit trongt fjordløp inn mellom høge fjellprofilar og visuelle kontakt til glitrande

breformasjonar, er med å heve Fjærland opp i høgaste landskapsdivisjon når det gjeld opplevingsverdi.

Tettstaden Mundal med ferjekai, hotell og attraksjonar som Bremuseet og Bokbyen er eit viktig og levande knutepunkt for turistferdsla om sommaren. I sommarsesongen er det faste ferjeruter på fjorden mellom Hella/ Balestrand og Fjærland. Elles er hovudferdsla til bygda knytt opp til riksvegsambandet mellom Sogndal og Skei i Jølster.

(15)

2.0 Fjærland

Samla vurdering av småkraftverk i Fjærland

Vatn som element i landskapsbilete og landskapsopplevinga

I eit fjell – og brelandskap vil rennande vatn vere eit naturleg og karakteristisk innslag i landskapet. Samla sett vil det difor vere viktig for opplevingsverdien av området. Omfanget av bekker og småelvar med rennande, reint vatn er eit særtrekk ved (vest)norske fjell, i

samanlikning med mange andre fjellområde i Europa.

Breane vil syte for stor vassføring i ei rekkje store og mindre elvar i heile utgreiingsområdet.

Supphellelvi og Bøyaelvi er dei mest vassrike, men vil opplevingsmessig ikkje vere så framtredande i dei nedre , kanaliserte partia mot fjorden. Andre elvar frå sidedalføra, som Mundalselvi, Jordalselvi, Romedøla, Bergselvi, Horpedøla, Tverrdalselvi, vil og ha ei vassføring gjennom sommaren som gjer dei til markerte landskapselement. Ofte vil delar av

elvestrekningane vere lite eksponert frå allmenne ferdsleårar, grunna terrengformer (t.d.

hengedaler), men høgare parti og område nær utløp til fjord eller hovudelv vil ha ein viktig landskapsmessig funksjon.

Ein finn og ei rekkje mindre bekker og fingreina elvestrenger som normalt ikkje har særskild stor vassføring, men som likevel har stor visuell verdi i landskapet. Vassføringa i slike bekker vil vere stor i periodar på vår-forsommar med mykje snøsmelting og elles i nedbørrike periodar. Av slike område kan nemnast fjellsida ved Teigen i ytre del av Fjærlandsfjorden og ved Distad lenger inn. Inst i Tverrdalen og indre delar av Bøyadalen har og rike forgreiningar av bekkeløp. Ved Mikjelstølen, eit stykke inn i Suphelledalen finn ein og fleire markeret side bekkar i dalsida.

Det er elles eit særtrekk at vestsida av Fjærlandsfjorden har meir eksponerte vassdrag og bekkeløp enn austsida.

Viktige vassdrag som ikkje er planlagt utbygd er elles kommentert i omtalen av kvart delområde.

Urørte naturområde

Innanfor utgreiingsområdet er alle klassar av urørt landskap representert. 2/3-delar av landskapet innanfor delområda ligg meir enn 1 km frå større tekniske inngrep, i fylgje

Direktoratet for Naturforvalting (INON-base). Ved Romøyri er det eit område med villmarksprega natur (meir enn 5 km frå inngrep) som strekk seg heilt ned til sjøen.

2.2.2 Inndeling i og vurdering av delområde

Samanstilling av REGINE einingar til delområde.

Innanfor utgreiingsområdet i Fjærland er det i alt 28 REGINE einingar. Sidenedbørfelta er slått saman til 6 delområde. Vi har kome fram til denne inndelinga ved hjelp å slå saman REGINE einingar på ein slik måte at i hovudregelen har eit delområde same vassdragsnummer og første bokstav eller tal, eks Romøyri - Lidal består av REGINE einingar innanfor 078.1 (078.11, 078.120, 078.12Z, 078,1Z).

Unntak:

For delområda 3,5 og 6 er det gjort tilpassingar i forhold til REGINE einingane av

landskapsmessige omsyn. Dette er gjort ved at REGINE einingane først er slått saman opp til eit nivå og så delt i tre område. Dette kjem fram av tabellen under

Der dei einskaplege delområda, basert på romleg/visuell avgrensing avvik frå REGINE delfelt systemet, vert dei romlege vurderingane tilpassa delfelta. Det visar seg å vere stor grad av samsvar mellom dei to måtane å dele inn landskapet på. Det inneber mellom anna at dei delfelta som er skildra, oppfattast som einskaplege.

Tabell 2: Inndeling av vurderte nedbørfelt i forhold til identifiserte landskapsområde Nr: Namn Tal delfelt Regine nummer

1 Romøyri – Lidal 4 078.11, 078.120, 078.12Z, 078,1Z

2 Jordal – Rauboti 11 078.40, 078.4A, 078.4B10, 078.4B1A, 078.4B1B, 078.4B20, 078.4B2A, 078.4B2B, 078.4B3, 078.4B4, 078.4C, 078..32

3 Berge 2 078.21, 078.21Z,

4 Mundal 3 078.31, 078.3Z

5 Supphelledalen 4 078.2AZ, 078.2A10, 078.2A1Z, 078.2A3 6 Bøyadalen 4 078.2A2, 078.2A4, 078.2B, 078.22

(16)

2.0 Fjærland

Samla vurdering av småkraftverk i Fjærland

Figur 2: Inngrepsfrie område i Fjærland (INON), med innteikna 6 evaluerte delområde

(17)

2.0 Fjærland

Samla vurdering av småkraftverk i Fjærland

Vurderinga av kvart delområde er skildra i vedlegg D og tabellen under oppsummerar landskapsklassifiseringa og landskapsverdien for kvart av dei seks delområda.

Tabell 3: Oppsummering landskapsklassifisering og verdsetting for kvart av delområda. Skildring og vurderingar finn ein i vedlegg D.

Nr: Namn Landskapsklassifisering Landskapsverdi

1 Romøyri – Lidal A1 Stor

2 Jordal – Rauboti A2 Stor

3 Berge B1 Middels

4 Mundal B1 Middels

5 Supphelledalen A2 Stor

6 Bøyadalen B1 Middels

2.3 Naturmiljø Flora

Heile Fjærland ligg innanfor oseanisk vegetasjonsseksjonen og har stor variasjon i den vegetative gradienten. Vegetasjonssonene som er representert er hovudsakeleg lågalpin, mellomboreal og nordboreal sone, i tillegg til at nokre mindre parti i låglandet høyrer til sørboreal og boreonemoral sone (varmekjær edellauvskog).

Vegetasjonen i Fjærlandsområdet er prega av store lokalklimatiske variasjonar på grunn av stor høgdeforskjell og påverknad frå breane. Floraelement varierer også i forhold til eksponering frå aust til vest i området. Det finns varmekrevjande og artsrike plantesamfunn i sørvendte lier langs fjorden og alpin vegetasjon i høgfjellet. I bre-nære område i lågtliggande strøk er konkurranse- sterke låglandsartar trengt tilbake på grunn av hardt klima eller skrint jordsmonn, mens konkurransesvake artar som t.d. raudsildre og brearve har gode vekstforhold i det første suksesjonsstadiet etter at breen har trekt seg tilbake. I sørvendte lier der det er god nærings- tilgang på grunn av ras/jordsig og god vasstilgong, finns fleire stadar relativt rik vegetasjon til tross for næringsfattig berggrunn.

Bjørk er det treslaget som går høgst i Fjærlandsområdet, slik som elles er vanlig i Noreg.

Generelt dominerar bjørkeskogen i dei undersøkte områda og dei dominerande vegetasjons- typane er blåbærskog og småbregneskog. Nokre stadar finns høgstauder og røsslyng- blokkebær. I tillegg er det mykje gråorskog langs vassdraga i dalbotn, og då kanskje spesielt i Supphelledalen. Innslag av vierkratt og fuktsig med myrtendensar er ikkje uvanlig langs mange av elvane.

Floraen i området er overvegande fattig, med unntak av einskilde sørvendte lisider med godt jordsmonn og gode lokalklimatiske forhold. Floristisk sett vert Fjærlandsområdet vurdert som representativ for regionen.

Fauna

Høgtliggande område i Fjærland, opp mot breane, har et sparsamt dyreliv. Rovfugl som kongeørn, fjellvåk, tårnfalk og dvergfalk hekkar likevel spreidd. Lengre ned i dalføra, kor vegetasjonen er rikare og temperaturen høgre, er faunaen rikare og det er observert fleire raudlisteartar av fugl (bl.a. kvitryggspett og dvergspett). Vasstilknytta arter som fossekall og strandsnipe er vanlig utbreidd langs elvane i Fjærland, og fossekall vart observert i mange av dei undersøkte elvane (bl.a. Supphelleelvi, Bøyaelvi, Jakopbakka, Tverrdalselvi, Mundalselvi og Rauboteelvi). Sterkt redusert vassføring vil kunne tvinge desse artane bort frå vassdrag. Her er og gode bestandar av hjort. Fleire av de store rovdyra, f.eks. gaupe, jerv og bjørn (sommaren 2006), er registrert i området men har ingen fast bestand.

Faunaen i området vert vurdert som representativ for regionen.

(18)

2.0 Fjærland

Samla vurdering av småkraftverk i Fjærland

Naturtypar

Ein naturtype er definert som ei einsarta, avgrensa eining i naturen som omfattar plante- og dyreliv og andre miljøfaktorar. Under er ein oversikt over registrerte verdifulle naturtypar i Fjærlandsområdet. Dei fleste ligg i god avstand frå dei planlagde småkraftprosjekta, men nokon vil kunne verte påverka og her er alle lista opp med omtale (henta frå DN sin Naturbase utanom Rauboteelvi (vurdert under synfaring av Multiconsult).

Bøyadalen: Verdi: Registrert (C). (89 daa)

Området ligg i eit gamalt stølsområde fremst i den nordvendte Bøyadalen. Lokaliteten ligg på glasifluviale avsetningar og skredmateriale. Området er ein mosaikk av naturtypane hagemark og naturbeitemark. Hagemarka, ein gamal styva bjørkehage, ligg søraust for Bøyafjellstølen og skrår oppover mot Holten. Bjørkehagen vart siste gong nytta til lauving kring 1940, og sidan har den einaste aktiviteten her vore beiting. Naturbeitemarka utgjer den nordlege enden av området og strekkjer seg ned mot elva. Søyleeiner og små bjørker pregar busksjiktet her. Småbiotopar som steinmurar førekjem i området, og er element som kan ha verdi for det biologiske

mangfaldet. Naturbeitemarka er elles myrlendt med innslag av fuktkrevjande artar.

Særskilde artar: Ingen kjende.

Supphelledalen (aust): Verdi: Svært viktig (A). (124 daa) Lokaliteten ligg nær Jostedalsbreen i Supphelledalen, dalføret nordaust for Fjærland. Det er ein rik gråor flaummarkskog som ligg på breavsetjingar langs sørsida av Supphelleelvi. Flaummark- skogen er intakt, stor og mogen, med tilgang på død ved, og unge suksesjonsstadium opptrer særleg i endepunktet ved brua på tidlegare grasmark. Men området er ein mosaikk av fleire naturtypar som dalsider med (sub) alpine grasmarker, samt høgstaudelier og snøleier.

Soppfloraen i området er lite kjent, men slik gråor sumpskog representerer habitat med lang skogkontinuitet og ein velutvikla skog- og mykorhiza soppflora. Gråor-spesialistar som lillariske og Russula pumila (Ryman & Holmåsen 1998) er registrerte innanfor det avgrensa området. I tillegg er dei nærliggjande engareala sannsynlegvis levestad for beitemarkssopp (XV Nordic Mycological Congress Sogndal 2000), dvs. soppartar som tåler lite gjødsling og lite attgroing (Jordal & Gaarder 1995).

Særskilde artar: Følgjande raudlisteartar er registrerte i området: jodoformhette (V), kvit åmeklubbe (R), skarp orekremle (R), kalkrøyksopp (DC) og glassblå raudskivesopp (DC).

Bøyaøyri naturreservat: Verdi: Viktig (B) (398 daa) Området ligg inst i Fjærlandsfjorden ved utløpet av Storelvi. Storelvi har eit stort nedbørsfelt med fleire sideelvar som har tilsig frå brearmar til Jostedalsbreen. Deltaet er bygd opp av lausmassar som er tilført området via elvevatnet. Det føregår ei kontinuerleg utbygging av landområdet. Etter utført elveforbygging vart vatnet leia unna den gamle deltaflata. Dermed kan ein her snakke om relikte former av eit daudt delta (Statens kartverk 2001b). Likevel har store delar av land-delen til deltaet framleis formene (gamle elvefar og kilar) intakt, og elva legg opp avsetningar lenger ute, som i framtida vil danne grunnlag for nye deltaformer. Sjølv om området ikkje lenger fungerer som eit "levande" delta, har ein att store strandenger, kilar og grunnområde som ikkje er vesentleg endra dei siste 25 åra. Øyra har fleire nokså klart avgrensa vegetasjons- soner frå sjøen og inn på land. I kantsonene er det lite trevegetasjon unnateke på dei to forbyggingsarmane. Ytre delar av deltaet har naturleg strandeng langs vasskantane, og lenger inne går dyrka mark dels heilt fram til vassfara. Det er til saman registrert 92 fugleartar i

Bøyaøyri, av desse om lag 40 våtmarksfugl. Området har ein særleg viktig funksjon for ande- og vadefuglar.

Særskilde artar: Nedst er ei sone der fjøresivaks og krypkvein er einerådande. Innanfor veks ei sone med saltsiv, og førekomst av strandkjempe, strandkryp og gåsemure. Raudsvingel markerer overgangen til neste sone, med jåblom, pølstorr og rustsivaks. Innanfor dette er to ulike engsamfunn, truleg avhengig av kor fuktig jorda er. Den eine er representert med tiriltunge, engsoleie og hanekam. Karakteristiske artar i den andre er mjødurt, blåtopp, småengkall, slåttestorr og følblom. I ein liten ferskvassump finst store mengder klovasshår.

Registrerte viltartar: Stokkand, vipe, fiskemåse og gråmåse kan opptre i store flokkar, medan kvitkinngås og taffeland er av dei mange sjeldsynte gjestane. Både stokkand, krikkand, siland, vipe, tjeld, strandsnipe, raudstilk, enkeltbekkasin, hettemåse, fiskemåse og makrellterne hekkar eller har hekka i området.

(19)

2.0 Fjærland

Samla vurdering av småkraftverk i Fjærland

Mundalsdalen: Verdi: Viktig (B). (203 daa)

Det er ein sørvendt gråor-almeskog som ligg om lag 3,5 km fram i Mundalsdalen. Lokaliteten ligg på nordsida av Mundalselvi som renn gjennom dalen. Grunnen i området er relativt fattig og består av gneisaktige bergartar. Skogen i området husar ein del artar som er av plante-

geografisk interesse, til dømes svært isolerte førekomstar av eit lite tal oseaniske-nemorale artar saman med termofile og kontinentale innslag. Dette gjeld så vel karplanter som mosar og lav.

Styvingstrea har ein rik mose- og lavflora på stammen, men artane er ikkje kjende. Delar av skogen ligg i utmarka som er knytt til Heimastølen, og det er såleis ein tidlegare sterkt

kulturpåverka lauvskog. Alm dominerer i tresjiktet. Dette treslaget vart lauva og nytta som for til husdyra. Kring hundre almetre vart nytta som fôrtre. Men lauvinga tok slutt etter siste verdskrig.

Andre treslag er rogn, vanleg bjørk, gråor og hegg. Skogen er velutvikla og prega av høg kontinuitet med eit frodig feltsjikt. Lenger sør i området er det ein frodig gråor-almeskog med utprega oreskogsflora, småbregner og høgstauder. Også her opptrer talrike, store, gamle styvingstre av alm som forsvinn i mengda mellom andre yngre og eldre tre, til dømes gråor. Dei gamle styvingstrea kan ha ein viktig funksjon som reirtre for holerugarar. I nordre del av området er det innslag av noko lind, og skogen ber meir preg av å vera av alm-lindetypen.

Særskilde artar: Her veks typiske edellauvskogsartar som falkbregne, taggbregne, trollbær, vårerteknapp, myske og krossved. Dette er signalartar i rasmarker og edellauvskogar (Haugset et al. 1996). Dessutan veks tyrihjelm i området. Dette er ein kontinental art som har si

vestgrense i Fjærland (Fremstad & Moe 1982).

Distad: Verdi: Viktig (B) (22 daa)

Området ligg på vestsida av Fjærlandsfjorden, om lag 4 km sør for sentrum i Mundal. Det er ei naturbeitemark som ligg på ei rasvifte om lag 200 m får bustadhusa på Ytste Distad, og området hallar i søraustleg retning. Grunnen i området er relativt fattig og består av gneisaktige

bergartar, men rasmaterialet vitrar lett og gir dermed eit meir næringsrikt jordsmonn. Rasvifta vart tidlegare beita av 6-7 kyr, ein hest og ein del sauer. I dag beitar sauer området vår og haust. Her går årvisse skred, og naturbeitemarka er open på grunn av ras-aktiviteten. Men det førekjem ein del einer og noko gråor som lågvakse kratt. Naturbeitemarker er viktige

leveområde for ei rekkje sjeldne og trua artar av både karplanter, sopp og insekt, og ugjødsla beitemarker er ofte artsrike (Direktoratet for naturforvaltning 1999a). Området kan såleis vera ein viktig levestad mellom anna for spesielle artar beitemarkssopp, dvs. grasmarksoppar knytte til gamle beite- og slåttemarker med låg jordbearbeidingsgrad, langvarig hevd og låg

gjødslingsintensitet (Jordal 1997).

Særskilde artar: Vegetasjonen i feltsjiktet er nøysam, men dominert av karakteristiske artar som blåklokke, gulaks, engkvein, smyle, tepperot, markjordbær og revebjølle. I tillegg har området eit rikt fugleliv, og strandbeltet under rasvifta fungerer som hekkestad for måsar, ulike artar ender og vadefuglar.

Bjåstad – Lidal: Verdi: Svært viktig (A) (2017 daa) Bjåstad-Lidal ligg i den vestvendte fjellsida på austsida av Fjærlandsfjorden, om lag 4 km sør for Bøyaøyri. Grunnen i området er fattig og består av gneisaktige bergartar, men jord og steinras er nokså vanleg i den bratte fjellsida som følgje av is og soleksponering. Rasmaterialet vitrar lett og gir eit næringsrikt jordsmonn. Innan området finst store lindeskogar knytte til rasmarker med dels ustabile urer. Området er ikkje undersøkt i detalj, men det er kjent at det inneheld ein god del plantegeografisk interessante artar, særleg av nemoral og termofil karakter.

Særskilde artar: Ingen kjende.

Rauboti: Verdi: Viktig (B). (33 daa)

Området ligg på vestsida av Fjærlandsfjorden, om lag 8 km sør for Mundal sentrum. Terrenget er bratt og hallar mot aust. Grunnen i området er fattig og består hovudsakleg av gneis og granitt. Lokaliteten er ein mosaikk av naturtypane hagemark og slåtteenger med småbiotopar som rydningsrøyser innimellom. På bøen ved husa er det fulldyrka mark. Langs gardsvegen som fører fram til tunet, er ei trerekkje med ask. Desse trea har vorte skorne i mannshøgd. I utmarka kring garden er ein gamal blandingslauvskog med mange gamle styva alme- og bjørketre. Kulturlandskapet på garden er prega av tidlegare tiders lauving av bjørk, alm, og av ask like til 1970. Ved sjøen er det fleire små urterike slåtteteigar som berre får litt tilførsle av kunstgjødsel. Ein stor del av slåttemarka er bratt og ulendt, med svaberg og fjellknausar som gjer det vanskeleg å bruke traktor og slåmaskin. Der det ikkje er mogleg å slå med maskin vert det slått med ljå. Ljåslåtten mellom alle sva, rydningsrøyser og store steinar, gjer at engene no har den same strukturen som tidlegare. Dei er fargerike med mange ulike urter og gras. Kring engene veks fleire store seljer som har vorte lauva.

(20)

2.0 Fjærland

Samla vurdering av småkraftverk i Fjærland Særskilde artar: Av engartar som indikerer gamle driftsformer (Losvik 1996) er blåklokke, karve, tiriltunge, blåknapp, kvitmaure, småengkall og fuglevikke registrerte. Gulaks, ein typisk

naturengart (Jordal & Gaarder 1995), førekjem også i lokaliteten.

Rauboteelvi: Verdi Lokal verdi (C)

Det vart gjennomført synfaring av Multiconsult på tolv aktuelle elvestrekningar den 30. - 31. mai 2006. Naturtypen bekkekløft vart då påvist langs midtre og øvre del av Rauboteelvi. Elva går her gjennom eit djupt elvegjel med fleire mindre fossar og truleg og fosserøyksamfunn. Dei

topografiske forholda (svært bratt og utilgjengelig) gjorde at det ikkje var mogleg å ta seg inn i denne bekkekløfta av sikkerheitsmessige grunnar, og vurderinga er derfor basert på et noko tynt datagrunnlag. Bekkekløfta er sørlig eksponert, noko som reduserar potensialet for fuktkrevjande artar. Nye undersøkingar i samband med ei eventuell konsesjonssøknad vil kunne endre denne verdivurderinga.

2.4 Verneområde

Det er to område i Fjærland som er verna etter naturvernlova:

- Jostedalsbreen nasjonalpark:

Den største isbreen på det europeiske fastlandet. Nasjonalparken har eit total areal på 1310 km2 og er hovudsakleg høgfjell og isområde. I Fjærland famnar nasjonalparken om fjellområda som omkransar Bøyadalen og Supphelledalen.

- Bøyaøyri naturreservat:

Deltaet er bygd opp av lausmassar som er tilført området via elvevatnet. Det føregår ei kontinuerleg utbygging av landområdet. Etter utført elveforbygging vart vatnet leia unna den gamle deltaflata. Dermed kan ein her snakke om relikte former av eit daudt delta (Statens kartverk 2001b). Likevel har store delar av land-delen til deltaet framleis formene (gamle elvefar og kilar) intakt og her har fuglane ein tiltrengt raste- og

hekkeplass. Spesielt i vår- og hausttrekket er deltaet viktig for ande- og vadefuglar. I alt 101 fugleartar er registert i naturreservatet.

Ingen av verneområda vert direkte påverka av dei småkraftprosjekta som er vurdert i denne rapporten. Fleire av prosjekta ligg likevel like inntil Jostedalsbreen nasjonalpark. Inngrep i buffersona/nærområdet til eit verneområde kan være problematisk, og det er omtala nærmare for kvart prosjekt.

2.5 Kulturmiljø

Fjærland har eit rikt kulturlandskap og dalane rundt Jostedalsbreen fortel om busetnad langt tilbake i tid. Dei fleste sidedalføra i Fjærland har spor etter støls- og seterdrift og nokon stadar er stølane godt teke vare på. Gamle støls- og setervegar vitnar om mykje ferdsel mellom dalføra.

Bevaring av kulturlandskapet er ei bevist satsing frå lokale krefter og kommunalt hald. Gjennom prosjektet ”Spons ein sau”, har Fjærland sett fokus på viktigheta av å oppretthalde sau på beite for å unngå gjengroing.

Det er registrert tre automatisk freda kulturminne i Fjærland. Det er to gravminne i Bøyadalen og ved Bjåstad i tillegg til kirkestaden i Mundal. I tillegg er det mange SEFRAK-registrert bygningar som det er knytt stor lokalhistorisk verdi til.

Kunnskapsnivået for kulturminne i Fjærland er nok framleis veldig mangelfullt, men det er mykje som tilseier at potensialet for nye, store funn er størst i lågare delane av dalføret (kor forholda for busetnad var best) og i samband med stølsmiljøa. Mange av dei aktuelle småkraftprosjekta er lokalisert i bratte og ofte lite tilgjengelige område (bl.a. Rauboteelvi, Tverrelvi, Tverrdøla og Botnagrovi), kor det og i tidligare tider har vore liten menneskeleg aktivitet. Dei fleste av dei aktuelle prosjekta er vurdert å ha små konsekvensar for kulturminne og kulturmiljø, men dette er nærmare omtala for kvart prosjekt.

(21)

2.0 Fjærland

Samla vurdering av småkraftverk i Fjærland

2.6 Friluftliv

Fjærland er ei bygd med mange moglegheiter for å drive med friluftsliv, og det er ein viktig kvalitet for innbyggarane. Friluftsliv er eit omfattande omgrep som dekker mange aktivitetar som fjellturar med og utan ski, brevandring, sykling, hesteriding, jakt, fiske, fugletitting, bading/båtliv og fleire andre aktivitetar. Nokre av aktivitetane er knytt til tilrettelagde avgrensa område, mens andre aktivitetar er knytt til meir generelle område og kanskje spesielt område som ikkje er tilrettelagd. Eit eksempel kan vere bading på offentleg tilrettelagd strand som er viktig for mange, men badeområde som ikkje er så lett tilgjengeleg kan og vere viktig, særleg for lokale.

Enkelte friluftsaktivitetar og opplevingar er meir generelle og ikkje direkte knytt til eitt område.

Desse kan likevel vere viktige, både lokalt, regionalt og nasjonalt:

- Det meste av kommunen vert nytta til turar enten til fots eller på ski. Mens enkelte skal høgt til fjells, kan andre ha stor glede av ein tur i skogen bak huset.

Sjølv om det ikkje er tilrettelagd sti i eit område, kan område vere viktige for enkeltpersonar og det er viktig at det vert teke omsyn til.

- Kulturlandskapet og den gamle jordbruksdrifta har prega Fjærland. Både landskapet og folka er forma av denne historia. Mange har stor glede av å nytte gamle stølsvegar og oppleve slåttemarker og stølsvollar. Dette er ein del av kulturmiljøet, men og eit viktig element i opplevinga når ein driv friluftsliv.

Kraftutbyggingar bør ikkje redusere desse opplevingane som kanskje særleg er viktige for lokale.

- Jakt er ein ressurs som i stor grad vert drive av lokale i Fjærland. Hjortejakt er den viktigaste jakta og spreidd over heile område, men det vert og jakta småvilt spreidd over heile område. Det er ikkje villrein i området og det er heller ikkje opna for elg- og rådyrjakt. Fjærland er delt inn i to hjortesoner. I tabellen under er utvikling av hjortejakta dei siste åra sett opp. I snitt har fellingsprosenten vore kring 65 og for Fjærland. Det ligg viktige vinterbeiter i Balestrand kommune.

Sjølv om nokre område gjev betre haustingsresultat enn andre, er ein stor del av oppleving knytt til jakt ofte turen, natta på post eller samhaldet i jaktlaget.

Tabell 4: Utvikling av fellingsresultat frå 1998 til 2005.

1998 2000 2002 2004 2005

Hjort 87 79 104 123 102

Friluftsaktivitetar kan vere meir knytt til enkelte konkrete område. Under er det sett opp ein tabell som i grove trekk peikar ut område i Fjærland som er viktige for den aktiviteten. I desse områda må det takast ekstra omsyn til desse aktivitetane slik at dei kan oppretthaldast og halde fram å vere ein viktig ressurs for lokalsamfunn og tilreisande.

(22)

2.0 Fjærland

Samla vurdering av småkraftverk i Fjærland

Tabell 5: Friluftsområde i Fjærland som er viktige Frilufts-

aktivitet Område Kommentar

Flatbrehytta Ein av dei mest kjende opp- og nedgangane frå Jostedalsbreen. I tillegg til å verta nytta til overgangar på breen, vert stien opp og nytta til dagsturar for å kome nærme inn på Supphellebreen. Nasjonal verdi fylkesdelplanen for friluftsliv.

Supphelle- dalen

DNT-merka tursti inn til Fjellstølen og Mikjelstølen og vidare over til Tungestølsområde (nasjonal verdi i fylkesdelplan for friluftsliv).

Berge Oppgang til ”Sogndalsdalen med kringliggande område” som er gjeve regional verdi i fylkespl. friluftsliv. Det er og overgong til Horpedalen.

Mundalen Oppgong til det regionalt viktige friluftsområde Jostefonn/- Haukedal. Stien inn til Mundalfjellstølen vert nytta av lokale og ein del turistar kjem og framover.

Fotturar

Bøyadalen Overgangen mellom Lunde og Fjærland er ein klassikar, men som krev kjennskap til brevandring. Turen går opp Jakopbakka, eit av

kraftprosjekta i Bøyadalen.

Flatbreen Om våren er det mange skiløparar som enten kjem ned eller skal opp på Jostedalsbreen via Flatbrehytta.

Ski

Generelt Det er mange flotte fjell i Fjærland, men det er ikkje alle plassar det er mogleg grunna stor skredfare. Likevel er det vanlegare i dag å gå i brattare terreng. Det er gjort turar opp Horpedalen, Jakopbakka og Holten (Mundalen) .

Bre-

vandring Flatbrehytta Ein av dei mest kjende opp- og nedgangane frå Jostedalsbreen. I tillegg til å verta nytta til overgangar på breen, vert stien opp og nytta til dagsturar for å kome nærme inn på Supphellebreen. Nasjonal verdi fylkesdelplanen for friluftsliv.

Fugle-

titting Bøyaøyri I 2006 opna det første fugletårnet i landet med rullestoltilgang ved Bøyaøyri våtmarksreservat i Fjærland. Spesielt i vår- og hausttrekket er deltaet viktig for ande- og vadefuglar. I alt 101 fugleartar er registert i naturreservatet

2.7 Turisme

2.7.1 Turisme i Fjærland i dag

Det er lange tradisjonar for turisme i Fjærland. Fjorden, fjella og breane drog utlendingane til Fjærland alt før århundreskiftet. Tidlegare besøkte ei mengde turistskip Fjærland, og hesteskyss frakta turistane til Bøyabreen og Supphellebreen. I dag går desse turane med buss. Ei rekkje turistskip besøkar Fjærland kvar sommar. Det er særleg den storslegne naturen, stillheita og dei gode turtilhøva som gjer at dei besøkande trivest. Turstien frå Supphelledalen opp til

Flatbrehytta er inngangsporten for vandrarar til fjellet og på breen. I tillegg har idrettslaget rydda og merka 10 andre turar, frå lette turar på 1 time til noko tyngre turar på 5-6 timar.

Turisme har vore ein veksande industri i Fjærland over fleire år. Betra kommunikasjon gjer at kring 250 til 300 000 personar reiser gjennom Fjærland kvart år mellom mai og september.

Norsk Bremuseum er den største turistverksemda i Fjærland og har hatt stabilt 50 000

besøkande dei seinare år. Utfordringane i reiselivet i Fjærland er, som elles i Sognefjordområdet og dei rurale delane av Fjord Noreg, store sesongsvingingar. Svært mange senger er ”kalde”

store deler av året og mange verksemder held stengt i store deler av året. I vinterhalvåret er ingen av dei store turistverksemdene i Fjærland opne.

2.7.2 Turisme i Fjærland i utvikling

I dag omhandlar mykje av turisttrafikken i Fjærland den flotte naturen med Fjærlandsfjorden (dagleg ferje og turistbåtar) og breen (Bremuseet, Brævasshytta og Flatbrehytta). Kultur (Bokbyen og Mundal Hotell) og kulturlandskapet er og ein viktig del av opplevinga av Fjærland.

Dette er viktige attraksjonar som representerar noko av det mest særeige av vestlandsnatur og kultur. Dette er opplevingar som er unike på verdsnivå og det vart stadfesta av National

Geographic Traveler i 2004, då dei vestlandske fjordane vart kåra til det beste urørte reisemålet

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

Fossen ligg nær kommunesenteret Eikelandsosen, og kring 40% av vassføringa i elva er frå før overført og utbygd i Eikelandsosen kraftverk.. Både ovanfor og nedanfor fossen er

vassdrag i utbyggingsområdet. I det aktuelle utbyggingsområdet for dette tiltaket har elva tilførsel frå eit nedbørsfelt på om lag 16,8 km² med ei årleg middelavrenning på 1900

utbyggingsområdet. I det aktuelle utbyggingsområdet for dette tiltaket har elva tilførsel frå eit nedbørsfelt på 7,8 km² med ei årleg middelavrenning på 764 l/s. Ein veit at

Visuell verknad Frå motsett side av fjorden er øvre del av elva godt synleg, nedre del av elva ikkje visuelt tilgjengeleg. Frå rasteplassen på Berge ser ein fossen som på bildet

Utløpet frå kraftstasjonen må vere i elva godt ovanfor den anadrome strekninga, (sjå tidlegare i fråsegna) og etter vårt syn er utslepp på oppsida av fossane på fotoet på side

Frå vegen er elva lite synleg og ein har ikkje kontakt med elva før ein nærmar seg inntaket. 100 meter før inntaket delar vegen seg, slik at vegen vidare innover i dalen ligg eit

«Fylkesmannen meiner at inntak på kote 405 i staden for 385 vil vere meir synleg i landskapet, men at føremonene ved at øvre del av vassvegen frå kote 405 til 155 vert lagt i

vassdrag. I det aktuelle utbyggingsområdet for dette tiltaket har elva tilførsel frå eit nedbørsfelt på om lag 4,8 km² med ei årleg middelavrenning på 625 l/s. Ein kjenner ikkje