Pilegrimsvandring Hovden—Røldal 3.-7. juli 2012
Vandring med fokus—utanom allfarveg!
Ber du på ein lengt etter ein vandretur som gjev deg eit annleis fokus og nye møte?
Er du klar for lange dags- etappar i vilt fjellterreng og alle "årstider" på ein dag?
Då kan fire dagars pilegrims- vandring over Haukeli frå Hovden til Røldal vere noko for deg!
Etterpå er det høve til å vere med på pilegrimsstemnet i Røldal frå fredag til søndag.
Påmelding / info: [email protected] Pris: Kr. 2950
Også høve til dagsvandring fredag 1. juli - sjå neste side.
Røldal stavkyrkje med sitt undergjeran- de krusifiks har vore eit pilegrimsmål sidan mellomalderen. I nyare tid møtast moderne pilegrimar der til stemne i byrjinga av juli.
Pilegrimsvandring Hovden-Røldal 28. juni-1. juli 2016
Pilegrimane kjem fram til Røldal stavkyrkje i 2013. Foto: Dag Kvarstein
Hovden-Røldal 2016, langtur
Mandag 27. juni:
kl. 1900, Hovden Fjellstoge: Pilegrimskveld med middag og overnatting.
Tirsdag 28. juni:
Pilegrimsandakt i Hovden fjelkyrkje Vandring Hovden -Sloaros
Overnatting og mat på turisthytta.
Onsdag 29. juni:
Vandring Sloaros-Holmavatnhytta Overrnatting og mat på turisthytta.
Torsdag 30. juni:
Holmavatnhytta-Kaldevatn/Haukelifjell Overnatting i lavvo (telt), middag.
Fred. 1. juli:
Kaldevatn-Røldal stavkyrkje. Middag ved ankomst Røldal.
Laurd. 2.- sønd. 3. juli:
Høve til deltaking på Røldalsstevnet med bl.a. konsert fredag og breidt
program laurdag (meir info v/påmeld.) Søndag 3. juli kl. 10: Heimreise/transport.
OBS: Overnatting under vandringa er inkludert i deltakaravgifta. Betaling av mat på dei 2 turisthyttene og opphaldet i Røldal betalast utanom. Vi hjelper til med rimeleg overnatting (reservering).
Viktig informasjon!
Krevjande: Vandringa går i eit krevjande fjellterreng opp til 1300 moh.
Dagsetappane er på 13-17 km, d.v.s. 4-7 timars effektiv gange.
Fysisk form: Du må vere i god fysisk form og vand med lange fjellturar.
Sekk: Ikkje ber tung sekk, men ha med lett regntøy og varme klede. Gode fjellsko er påkrevd.
Arrangør: Agder og Telemark bispedøme i samarbeid med Bykle kyrkjelyd og Hovden Fjellstoge.
Meir informasjon ved påmelding!
Dagsvandring fredag 1. juli Fredag 1.juli kl 07.30: Oppmøte Hovden Fjellstoge. Transport til Kaldevatn/Haukeli.
Vi går saman med langtur-
pilegrimane ned til Røldal (17 km) der vi deltek på Røldalsstemnet saman med pilegrimar frå ulike stader i landet.
Pris for dagstur: Kr. 650
(inkl. lunsj , middag og transport tur/retur Hovden).
Høve til å overnatte på Hovden Fjellstoge frå 30. juni. Bestill sjølv.
Pilegrimsleiar
Terje Seilskjær (biletet over ) er med som pilegrimsprest for tred- je gong. Han er prest i Valle og Bykle og er ein turglad mann.
Fjellførar
Terje With Andersen er ein erfaren fjellmann og turleiar for blant anna Den norske turistforening og blir med oss som fjellførar.
Forfattaren Bjarne Tveiten si bok om pilegrimsvandringane til Røldal har vore viktig for at vandringsleia er teken i bruk att.
Foto: Else Lunden Mørland
”Da er det ingenting som er bedre enn å gå; komme seg fram ved hjelp av egne krefter, plassere den ene foten fremfor den andre og gå inn i en slags glemsel som samtidig er et forsterket nærvær..”
Tomas Espedal
Foto: Dag A. Kvarstein