• No results found

Offerdal Kraftverk AS

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Offerdal Kraftverk AS"

Copied!
12
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

Offerdal Kraftverk AS

Svar på høyringsfråsegner

Januar2013

(2)

Innleiing

Årdal kommune har utarbeidd ei omfattande og detaljert høyringsfråsegn i samband med konsesjonssøknaden og konsekvensutgreiinga for Offerdal kraftverk. Mange av deira kommentarar går igjen i andre høyringsfråsegner. Me har difor valt å kommentere innspela frå Årdal kommune for dei ulike tema der dette ligg føre og supplere med kommentarar til øvrige fråsegner der me finn dette påkrevd.

Me føreslår at det blir utarbeida eit separat dokument med tilleggsutgreiingar som kan omfatte:

 Alternative føringar av sjøkabel med påfølgjande kabelføring fram til Naddvik transformatorstasjon:

o K1) Sjøkabel til Jensehamnen. Jordkabel langs Fv 53 til Nysetelvi og langs tilkomstvegen til Naddvik kraftstasjon til eksisterande transformatorstasjon.

o K2) Sjøkabel til utløpstunnel frå Naddvik kraftstasjon. Kabel gjennom utløpstunnel og tilkomsttunnelen til Naddvik kraftstasjon fram til eksisterande transformatorstasjon.

o K3) Sjøkabel til utløpstunnel frå Naddvik kraftstasjon. Jordkabel langs Fv 53 til Nysetelvi og langs tilkomstvegen til Naddvik kraftstasjon til eksisterande transformatorstasjon.

o K4) Sjøkabel til betongkaia/elveosen i Naddvik. Jordkabel langs privat og offentleg veg langs Nysetelvi fram til eksisterande transformatorstasjon.

 Tema beredskap/ flysikkerheit.

 Avbøtande tiltak i høve minstevassføring i anlegget ‘’Ne fø’ sjøen’’.

 Konsekvensar for mineralførekomstar av dei ulike alternativa vert kort kommentert.

 Supplerande vurderingar for Naddvik, hovudsakleg med omsyn til landskapsbilete (der Vikadalen vert omtala og vurdert som eit eige delområde i høve landskapsbilde).

Kulturminner og kulturmiljø

Årdal kommune har ingen merknadar for andre kulturverdiar enn Offerdalsanlegget ‘’ Ne fø’

sjøen’’, der dei har fylgjande innspel:

1) Utbyggar har ikkje foreslått noko anna avbøtande tiltak enn minstevassføring for å ivareta kulturmiljøet i Offerdalsanlegget. På bakgrunn av bileta i figur 5 meiner administrasjonen at minstevassføring ikkje er tilstrekkeleg for å ivareta dei store verdiane i Offerdalsanlegget. …ein bør prøve å greie ut andre løysingar for å ivareta ei stor nok vassføring om sommaren. ….Utgreiinga bør ta for seg ei vurdering på om

(3)

2) Om Offerdalsanlegget hadde vore vurdert for seg sjølv og ikkje saman med resten av dalen hadde verdien av anlegget kome betre fram i KU.

Vår kommentar til pkt. 1):

Ei supplering i høve avbøtande tiltak knytt til anlegget ‘Ne fø’ sjøen’ kan inngå i tilleggsutgreiingane.

Vår kommentar til pkt. 2):

Anlegget ‘Ne fø’ sjøen’ trekkjer opp verdien av det samla kulturmiljøet. Dersom Offerdalsanlegget vert vurdert for seg sjølv (som eige kulturmiljø), vil det føre til lågare verdi på kulturmiljøet i resten av Offerdalen, som det naturleg er ein del av. Ved å dele opp kulturmiljøet vil ein få stor verdi på anlegget ‘Ne fø’ sjøen’ og liten verdi på resten av kulturmiljøet i Indre Offerdal. Samla sett kjem ein nokså likt ut i høve samla konsekvens.

Samla sett er kulturmiljøet i «Indre Offerdal» vurdert til øvre del av middels verdi (glidande skala).

I KU er dette anlegget trekt fram som det viktigaste kulturmiljøet innafor eit samanhengande kulturmiljø i Indre Offerdal. Sidan anlegget er ein del av det samla kulturmiljøet i Indre Offerdal, vil ein ved å dele inn dalen i fleire delområde bryte med Riksantikvaren sine kriterie.

Ei «lausriving» av Offerdalsanlegget frå resten av kulturmiljøet i Indre Offerdal er difor lite tenleg med omsyn til vedtaksprosessen.

I tillegg til merknadane frå Årdal kommune ligg fylgjande merknadar føre frå Fylkeskommunen:

3) Undersøkingsplikt, jf. § 9 og 10 i lov om kulturminne er ikkje gjennomført. Registreringar skal gjerast på snø og telefri mark og tiltakshavar er ansvarleg for å ta kontakt med Kulturavdelinga i fylkeskommunen i god tid før registreringane skal gjennomførast.

4) Kulturminne frå nyare tid: Tipp og riggområde er i direkte konflikt med kulturminneverdiane ved sjøen. Deponi må ta omsyn til eventuelle kulturminne.

5) Samla vurdering: Er redd heilskapen i det store kulturmiljøet langs Indre Offerdalselvi saman med læreverdiane som ligg i dette vil gå tapt.

Vår kommentar til pkt. 3):

At undersøkingsplikta jf. § 9 (der marine kulturminne òg inngår) ikkje er oppfylt, går fram av kapittelet «Oppfylgjande undersøkingar» i KU. Det er normal prosedyre i slike saker at undersøkingsplikta vert gjennomført etter at konsesjonsspørsmålet er avklart (i samband med utarbeidinga av detaljplan).

Vår kommentar til pkt. 4):

Dette går fram av både kart, bilete og tekst i KU. For å unngå direkte konflikt er riggområdet foreslått justert under avbøtande tiltak. Tippområdet er vurdert til ikkje å vere i direkte

(4)

konflikt med kulturminneverdiane nede ved sjøen. Dette blir liggande under vassoverflata og er difor ikkje vurdert til å ha visuell innverknad på kulturmiljøet.

Vår kommentar til pkt. 5):

Dette er ein av grunnane for at kulturmiljøet i Indre Offerdal er handsama som eit heilskapleg og samanhengande kulturmiljø. Konsekvensane for kulturmiljøet i Indre Offerdal går fram av konsekvensutgreiinga.

Landskap

Årdal kommune har følgjande innspel/merknader til utgreiinga på landskapsbilde:

6) For alle alternativ er konsekvensen middels til stor for luftspenn over fjorden.

Konsekvensen av fjordspenn er så negativ at forskjellen mellom alternativ 3 som slepp vatnet over Kleivafossen og dei 4 andre alternativa ikkje går fram av konsekvensutgreiinga for landskap. Da meiner administrasjonen at landskapsskalaen utbygginga er vurdert i blir for grov.

7) Effekten av synleggjering av fjordspennet med omsyn til flysikkerheit er ikkje omhandla under dette temaet. Dette er eit viktig punkt som søkar må belyse før det vert teke stilling til søknaden. Det er derimot forslag om avbøtande tiltak som kamuflerar luftlinja, samt å sette att tre i ryddebeltet. Dette høyres ut som svært lite realistiske tiltak med omsyn til sikkerheit og beredskap.

8) I vurderingane av konsekvens for landskap er det teke lite omsyn til kvar det er busetnad i området og korleis inngrepa spesielt kraftoverføringsleidningar blir oppfatta frå område der folk bur, oppheld seg og ferdast, t.d. frå Fv 53 og dei busette områda i Naddvik.

Vår kommentar til pkt. 6):

Vi viser til metodikken der influensområdet vert delt inn i ulike delområde før verdien vert fastsett langs ein glidande skala frå liten til stor verdi. Likeins vert omfanget innafor dei ulike delområda vurdert på ein skala frå stort negativt til stort positivt. Årdalsfjorden med kulturmiljøa i Indre- og Ytre Offerdal, samt Naddvik, er vurdert å væra eit spektakulært landskap. Fleire inngrep i form av Fv 53, kraftleidningstrasear massetak og skjeringar reduserer verdien noko, men berre i avgrensa grad då dette mektige landskapsrommet er vurdert å ha relativt stor toleevne i høve inngrep i dalsidene. Verdien er sett til middels til stor. Dei ulike alternative utbyggingane har noko ulik grad av inngrep i dalsidene i delområdet Årdalsfjorden, men fordi toleevna er vurdert å væra stor gjev dette mindre utslag i omfang for landskapsrommet med fleire eksisterande inngrep. Sjølv om alternativ 3 på den glidande skalaen er vurdert å ha minst omfang for delområdet, i hovudsak fordi vatnet vert førd attende til elva ovanfor Kleivafossen, vil dei uheldige verknadane av leidningsspennet på tvers av fjorden bli overskyggande i så måte. At alternativ 3 er vurdert å ha mindre omfang kjem difor først til syne i alternativa der fjordspennet utgår.

(5)

Vår kommentar til pkt. 7):

Illustrasjonane inne i rapporten er vist med flymarkørar på linjene. Grunna avstand til linja vert markørane meir synlege på illustrasjonen frå Indre Offerdal enn på illustrasjonen frå Naddvik der dei er nesten usynlege. Verknaden er ikkje kommentert eksplisitt i teksten. Linja er i stor grad medverkande til at alle alternativ får stor negativ konsekvens. Ei merka linje vil visuelt være meir forstyrrande enn ei som ikkje er merka, men vil i denne samanheng ikkje være utslagsgjevande.

Med omsyn til avbøtande tiltak for kraftlinjer er matta linjer omtala som eit mogeleg tiltak i høve luftspennet. Matting vil redusere refleksjonar som er vanlege i nye linjer, men er oftast ikkje eit prioritert tiltak da effekten er antatt å væra kortvarig i den forstand at ei linje vil bli gradvis naturleg matta og effekten utlikna i laupet av ein treårs periode. Tiltaket vil med andre ord ikkje påverke behovet for flymarkørar.

Avgrensa rydding av mastetrase kan være eit effektfullt tiltak der linja ligg i skogkledd terreng. Då vil linja ligge inndregen i høve fjorden og tiltaket vil ikkje innverke på flysikkerheita.

Vår kommentar til pkt. 8):

Ved val av standpunkt for visualisering av kraftlinjer i Naddvik er standpunkt lagt til eksisterande busetnad i øst. Dette ut frå ynskje om å vise kraftlinjene i relasjon til eksisterande busetnad. Illustrasjonen viser i så måte det storslagne fjordlandskapet med luftspennet sentralt og mot høgre i biletet samstundes som Holebyen ligg godt synleg i venstre del av biletet med kraftlinja frå Jensehamnen i foten av fjellsida i bakkant.

Vidare seier KU rapporten følgjande i høve luftspennet: «Kraftlinja sitt spenn over fjorden vil vere i siktelinja langs med fjordspegelen, som er det klart viktigaste landskapselementet i delområdet. Kor synleg spennet vil vere vil variere med ver høva, avstand og ståstad. Det vil uansett vere svært synleg frå både Indre og Ytre Offerdal, Naddvik samt for reisande langs Fv 53 og fjorden. Sett frå Naddvik vil linja sjåast mot solnedgangen i vest og den låge sola vil da gjere linja visuelt tre meir fram. Kraftlinja vil vere visuelt dominerande i fjordlandskapet, eksponert mot store område og vil redusere dei visuelle kvalitetane ved fjordlandskapet.»

Gjeldande framføring av kraftlinje forbi Naddvik inn til eksisterande transformatorstasjon vil det bli utarbeida supplerande beskriving, vurdering og visualisering i eigen tilleggsrapport.

INON

Årdal kommune har følgjande merknader når det gjeld INON:

9) Langs Sognefjorden er det to andre tilsvarande område med INON – villmarksprega område. Det er i Nærøyfjorden og Fjærlandsfjorden. Dette er spesielle område i nasjonal samanheng. Dette er ikkje belyst og vektlagt i konsekvensvurderinga.

Vår kommentar til pkt. 9):

(6)

Fellesnemnaren med dei nemnde fjordarmane med omsyn til villmarksprega områder er at dei er relativt store og er del av eit INON område som strekker seg frå fjord til fjell.

Samanhengande inngrepsfriheit frå fjord til fjell har per definisjon særleg stor verdi og skal vektleggjast og i størst mogleg grad takast vare på.

KU’en seier: «Halvøya mellom Lustrafjorden og Årdalsfjorden huser et større sammenhengende INON-område med relativt store arealer med villmarkspreg. Flere steder strekker INON-områdene seg helt ned til fjorden. I Indre Offerdal finnes tyngre tekniske inngrep om lag opp til kote 600, mens Ytre Offerdal i stor grad er uberørt av inngrep, med unntak av områdene helt nede ved fjorden. Områdene oppe på fjellet er i stor grad villmarkspregete områder (> 5 km fra tyngre tekniske inngrep) og områder i INON-sone 1 (3-5 km fra tyngre tekniske inngrep), mens INON-områdene ned mot fjorden er i sone 1 og 2 (1-3 km fra tyngre tekniske inngrep). Linjealternativet om Seimsdalen planlegges lagt over Gjerdesnosi.»

Grad av INON har ikkje vore ein medverkande faktor i vurderingane av landskap og naturmiljø. INON er eit sjølvstendig tema som er omhandla i konsesjonssøknaden men er nemnd i samband med villreinrapporten da store samanhengande inngrepsfrie områder er viktige for villrein.

Naturmiljø

Årdal kommune har følgjande innspel/merknader til utgreiinga på naturmiljø (flora og fauna).

10) Vi saknar ei økosystemtilnærming i vurderingane av naturmiljø.

11) Konklusjonen i delrapporten er at ei utbygging av alternativ 1 har liten til middels negativ konsekvens, alternativ 2 har middels negativ konsekvens, medan alternativ 3-5 har liten negativ konsekvens for naturmiljøet. Det er grunn til å stille spørsmål ved vurderinga av konsekvens for Kleivafossen. Kleivafossen har middels verdi og omfanget er vurdert til stort negativt omfang. Ut i frå metoden for KU, beskrive i fagrapporten, blir konsekvensen ved fråføring av vatn stor negativ konsekvens, ikkje middels konsekvens, slik det er vurdert i fagrapporten.

12) Hjortevilt i Naddvik er ikkje omtalt i det heile. Det er ikkje tilfredstillande. Utover det er konsekvensane for hjortevilt omtala på ein god nok måte.

13) Elles er det overraskande at fjordspennet blir vurdert til å ha liten/ubetydeleg konsekvens for fugl. Området har registrert mange artar rovfugl, hønsefugl og ugler, og det er snakk om etablering av nytt fjord-/luftspenn på det meste av strekninga.

(7)

Vår kommentar til pkt. 10):

Kva Årdal kommune legg i «økosystemtilnærming» er ikkje nærmare presisert. Temaet naturmiljø er normalt delt inn i ulike kartleggingseiningar, slik som naturtypar, viltområde, raudlisteartar, etc. Dette kan medføre at ein opplever områdeskildringa og konsekvens- utgreiinga som «fragmentert/oppsplitta», men ei slik tilnærming er naudsynt for å kunne fokusere på dei aspekta som er mest beslutningsrelevante (dvs. påverknad på viktige område og artar) medan mindre relevante aspekt (trivielle artar og vegetasjonstypar) blir tona ned. Rapporten er med andre ord utarbeida i tråd med gjeldande retningslinjer/praksis.

Vår kommentar til pkt. 11):

Kleivafossen er klassifisert som naturtypen fossesprøytsone, og verdien er vurdert som lokal (C).

Næringsfattig berggrunn gjer at artsmangfaldet av mosar, lav og karplantar ved Kleivafossen (og i influensområdet elles) er lågt, og det vart ikkje påvist raudlisteartar i denne fossesprøytsona. Verdivurderinga skal i praksis skje langs ein glidande skala frå liten til stor, og i dette tilfellet er verdien vurdert som litt under middels grunna lågt artsmangfald og fråvær av raudlisteartar. Omfanget er vurdert som stort negativt, grunna at den låge restvassføringa etter utbygging i liten grad vil oppretthalde fossespruten. I figuren til høgre har vi indikert verdi- og omfangsvurderinga for lokaliteten, og opprettheld konklusjonen om at ei utbygging har middels negativ konsekvens for det biologiske mangfaldet ved Kleivafossen.

Vår kommentar til pkt. 12):

Det stemmer at hjorteviltet i Naddvikområdet ikkje er

omtala spesifikt, men KU-rapporten seier at «Av hjortedyrene er hjort en svært vanlig forekommende art i stort sett hele undersøkelsesområdet, og det ble observert både hjort og hjortetråkk flere steder under befaringen».

Vidare seier KU-rapporten følgjande om moglege konsekvensar for hjortevilt:

«I sum har vi lagt til grunn at kraftlinjer på generell basis ikke har noe stor negativ effekt på atferd og reproduksjon hos rådyr, elg og hjort. En positiv effekt kan være knyttet til verdifulle beiter som oppstår i ryddegatene, mens en negativ effekt kan være knyttet til valg av traséer eller masteplasseringer som ligger i tilknytning til faste trekkveier for hjort, med påfølgende barriere-effekter.»

Bestanden av hjort i Sogn og Fjordane, og på Vestlandet elles, har blitt så stor at den no utgjer eit problem i forhold til beiteskadar i frukthagar, på jordbruksareal, i skog, etc. I mange område er det difor eit sterkt ønskje om å redusere hjortebestanden, ikkje auke den.

Eit anna moment er at hjorten erfaringsmessig ikkje har problem med å krysse vegar, linjetrasear, etc. I mange område på Vestlandet er det eit omfattande trekk av hjort mellom yngleområde i indre eller høgareliggande strøk og overvintringsområde i ytre eller Figur 1 syner konsekvensvifte med vurdering av området ved Kleiva- fossen innteikna.

(8)

lågareliggande strøk. Mange av desse trekkrutene går på tvers av kraftliner, vegar og til og med fjordar. Dette viser at dersom motivasjonen hos dyra er sterk nok, så utgjer denne typen infrastruktur i liten grad nokon barriere for hjorten. Vi kan difor ikkje sjå at ei meir detaljert kartlegging av hjortebestanden i Naddvikområdet tilfører prosessen særleg beslutningsrelevant informasjon eller gjer NVE betre rusta med tanke på ei avklaring av konsesjonsspørsmålet.

Vår kommentar til pkt. 13):

KU-rapporten seier følgjande om kollisjonfare for fugl:

«I driftsfasen vil den nye kraftlinja, og da spesielt strekningen fra Indre Offerdal og over Sognefjorden (hvor det er snakk om ny linje og ikke parallellføring med en eksisterende) medføre en viss kollisjonsrisiko for fugl. Som vist i kapittel 5.2.2 er det mange faktorer som virker inn på kollisjonsfaren, og det er vanskelig å gi konkrete vurderinger av forventet omfang. Det er imidlertid ikke påvist hekkelokaliteter for de mest utsatte artene (kongeørn, hubro, havørn, lommer, ender, gjess, svaner, hønsefugl og trane) innenfor nærområdet til traseen, men det kan ikke utelukkes at enkelte av disse artene (spesielt klippehekkende rovfugl) hekker i området. Avbøtende tiltak for å redusere kollisjonsrisikoen (merking av linja) kan iverksettes, men dette øker synligheten og har negative konsekvenser på andre områder (landskap, friluftsliv og reiseliv). Dette tiltaket er derfor ikke anbefalt på denne strekningen.»

Artar som kongeørn og havørn (spesielt sistnemnde) har hatt ein betydeleg auke/

ekspansjon i fylket, både når det gjeld talet på hekkande par og geografisk utbreiing, dei siste 10 - 20 åra. Ingen av desse artane er lenger raudlista (begge vart nedgradert frå NT til LC i 2010). Om enkeltindivid skulle gå tapt gjennom kollisjonar med kraftlinja, er det lite truleg at dette vil ha bestandsmessige konsekvensar, verken lokalt eller regionalt. Hubro er ein svært sjeldan art i Sogn og Fjordane (nokre få titals par), og det er ikkje stadfesta med sikkerheit at den hekkar i influensområdet. Mange tidlegare lokalitetar i fylket har vore utan aktivitet i mange år. Lommer og ender trekkjer stort sett langs fjorden (få meter over vassflata) og er såleis lite utsett for kollisjon med den omsøkte kraftlina. Hønsefugl som orrfugl, er normalt utsette for kollisjon med kraftliner, men dei kryssar sjeldan fjordar og på Naddviksida er det i all hovudsak snakk om parallellføring med eksisterande kraftline. Utifrå dei registreringane som er gjort i området, er det ikkje grunnlag for å hevde at ei kryssing av fjorden i dette området vil medføre store negative konsekvensar for fugl. Ein viss kollisjonsfare utgjer den likevel, til liks med alle andre kraftliner.

(9)

Naturressursar

Årdal kommune har følgjande innspel/merknader til utgreiinga på naturressursar:

14) Utredningsprogrammet definerer at tap av dyrka mark skal oppgjevast, det går fram av prosjektet at øvre kraftstasjon ligg på dyrka mark, men arealet er ikkje oppgjeve. Det er heller ikkje vurdert kva konsekvens dette kan ha for drifta på eigedomen. Drivverdig jordbruksareal i Offerdal er marginalt, det er uheldig med tap av dyrka jord, både for eigedomen det råka og for jordbruksmiljøet i dalen.

15) Areal til massedeponi vert liggjande i skog med høg bonitet og området har såleis stor verdi.

16) Mineral og masseførekomstar er ikkje tilfredsstillande vurdert. Det er ein registrert lokalitet som kan kome i konflikt med luftleidingstraséen på sørsida av fjorden.

Lokaliteten er vurdert til at den kan være viktig i NGU sitt mineralressurskart. Heller ikkje verdien av og konsekvensane for grus og pukkførekomstane i Naddvik er vurdert.

Vår kommentar til pkt. 14):

I anleggsfasen vil delar av jordbruksmarka bli beslaglagt, blant anna for framføring av røyrgate frå tunnel til kraftstasjon. Dette arealet vil bli tilbakeført til jordbruksareal. Arealet ved kraftstasjon med tilkomstveg og utløp vil bli liggjande på det uproduktive arealet langs elva som grenser opp mot jordbruksarealet. Det vil med andre ord ikkje bli permanent tap av dyrka mark ved kraftstasjonen og det vil følgjeleg heller ikkje få konsekvensar for drifta.

Vi vil òg leggje til at det er inngått avtale med alle grunneigarane, og at dei vert kompenserte for eventuelle ulemper i anleggs- og driftsfasen. Vi vil òg påpeike at grunneigarane i Indre Offerdal vil ha eit betydeleg økonomisk utbytte av ei utbygging (leige av fallrettar), og at dette mest sannsynleg vil styrkje landbruket i Indre Offerdal.

Bilde 1. Arealet som vil bli beslaglagt til kraftstasjon med utløp og tilkomstveg markert med raudt.

(10)

Vår kommentar til pkt. 15):

Arealet som er tenkt nytta til massedeponi er nyleg hogd. Deponiet vil etter ferdigstilling kunne nyttast til skogbruksføremål igjen, alternativt bli sett i stand til jordbruksføremål om dette vert vurdert som meir hensiktsmessig. Verdien av området vil ikkje gå tapt.

Vår kommentar til pkt. 16):

Mineralførekomstane på sørsida av fjorden er skildra i KU. Det kjem fram av NGU sin database at førekomstane kan være viktige og av historisk interesse. Steinbrota er avslutta og vart delvis øydelagd under bygginga av Fv 53 kring 1990. Fjellet er på partiet bratt og ulendt. Dette saman med nærleik til veg gjer at det vil vere driftsteknisk vanskeleg å utnytte denne ressursen. Vidare kjem det fram av NGU databasen at den austlege delen ikkje er fullt så bratt som lengre vest og er med det truleg den beste i Naddvikområdet med omsyn til reservar og mogelegheit for drift.

Bilde 2. Dei omtala mineralførekomstane er lokalisert langs Fv 53 i området mellom dei oransje markeringane ved Jensehamnen i vest og Mjølkeflaten i aust.

Vidare vil vi påpeike at Direktoratet for mineralførekomstar har gjennomgått utgreiinga, og dei har ingen kommentarar til søknaden. Me vil likevel kort kommentere kva konsekvens dei ulike alternativa vil ha for mineralførekomstane i tilleggsutgreiingane.

I tillegg til merknadane frå Årdal kommune ligg følgjande innspel føre frå Fylkeskommunen:

17) Omtale av ferskvannsressursar med omsyn til drikkevassforsyning, konsekvensar og tiltak i høve dei som nyttar elvene som drikkevasskjelde.

Kommentar til pkt. 17):

Problematikken er handsama i Ferskvannsrapporten og eit utdrag frå denne er presentert i konsesjonssøknaden. Den seier; «Fraføring av vann antas ikke å medføre konsekvenser for eventuell bruk av ferskvann til boliger og gårdsbruk så fremt at de foreslåtte minstevannføringene blir gjennomført. Se også kapittel 19 for en vurdering av vannkvalitet i elvene.» I den grad dette skulle vise seg å medføre feil, lyt ein finna alternative kjelder.

Eksempelvis kan det borast brønnar til gardane Solstad, Offerdal og Morland, som er dei Jensehamnen

Mjølkeflaten

(11)

Friluftsliv, reiseliv, jakt og fiske

Årdal kommune har følgjande merknader til utgreiinga på friluftsliv, reiseliv, jakt og fiske:

18) Temaet inngår i hovudrapporten, men er ikkje omtala i Naddvik.

Vår kommentar til pkt. 18):

Det er gjort ein generell beskrivelse av temaene. Me ser at det kan være hensiktsmessig å vurdere nokre av temaene meir spesielt for Naddvik og vil inkludere dette i tilleggsutgreiinga.

Vurdering av kunnskapsgrunnlaget jf. § 8 i naturmangfaldlova

Årdal kommune har i sitt vedtak teke stilling til heile omfanget av søknaden om utbygging av Offerdal kraftverk, men kommunen sin sakshandsamar har i si utgreiing følgjande generelle merknad til utgreiingane:

19) Det er gjennomført systematisering av kjent kunnskap og nyregisteringar i samband med KU-arbeidet. Kunnskapsgrunnlaget til å vurdere samla belasting for økosystem og landskap ved gjennomføring av planlagde tiltak (minstevassføring, massedeponi, luftspenn mm.) er ikkje godt nok. Vurderingane gjort i saka synleggjer viktige manglar i kunnskapsgrunnlaget. Før det er gjort supplerande utgreiingar og vurderingar av konsekvens kan vi ikkje ta stilling til heile omfanget av søknaden om utbygging av Offerdal Kraftverk.

Vår kommentar til pkt. 19):

Når det gjeld biologisk mangfald er det konkludert med at influensområdet jamt over er artsfattig (noko som skuldast berggrunnen i området) og at datagrunnlaget for dei mest relevante artsgruppene er rimeleg godt. Vi kan difor ikkje sjå at ei ytterlegare kartlegging av området vil avdekkje særleg mykje beslutningsrelevant informasjon utover det som ligg føre i dag.

Utgreiar meiner at dei store, viktige hovudtrekka er godt beskrivne og vurdert i rapportane, men kan sjå at det har vore mest fokus på Offerdal-sida av fjorden og noko mindre fokus på Naddvik-sida i rapporten. Vi vil påpeike at linjetraseen på sørsida av fjorden er synfart/kartlagt både av Geir Gaarder (ein av dei fremste feltbiologane i Noreg) og Kjetil Mork (ornitolog). I samband med tilleggsutreiingane vil utbyggar føreslå å utdjupe utgreiingane for Naddvik-sida til ei viss grad. Hovudvekta vil i så fall bli lagt til den delen som omhandlar landskapsbilde.

Det framgår av hovudrapporten for landskapsbilde at Vikadalen av metodiske grunnar er vald innlemma i delområde Årdalsfjorden. Dette fordi den omfatta delen av Vikadalen utgjer eit relativt lite område med fleir eksisterande inngrep utan dei visuelle kvalitetane ein har i delområde Årdalsfjorden. Følgjeleg vil ikkje innlemminga medføre at Vikadalen gjennom dette grepet vert tillagt for liten vekt. Den delen av Vikadalen som vert rørd ved er innfallsport til mykje av friluftslivet, spesielt i Naddvik men og i bygda elles. Saman med valet

(12)

om å utreda alternative løysingar for framføringa av kraftleidningane til friluftsanlegget i Vikadalen, vil me difor vurdere Vikadalen som eige delområde. Nye samanstillingar av verdi og konsekvensar for landskap vil innlemmast i tilleggsrapporten.

Villrein

20) Villreinnemnda for Sogn og Fjordane oppmodar om størst mogeleg omsyn til Villrein i byggefasen

Vår kommentar til pkt. 20)

Arbeidet vil gjennomførast med varsemd dersom det viser seg at det er villrein i nærområdet. Vi er difor av den oppfatning at dersom ein tek naudsynte omsyn til villreinen, er det mogleg å gjennomføre utbygginga utan vesentlege negative konsekvensar for den.

Andre kommentarar

Fylkesmannen skriv følgjande i si fråsegn: «Fylkesmannen meiner at det kan aksepterast ei utbygging etter alternativ 1 utan inntak i Ytre Offerdalselvi og med ei minstevassføring minimum lik 5- persentilen om sommaren og alminneleg lågvassføring om vinteren.»

Vår kommentar:

Overføringa av Ytre Offerdalselva er viktig for å sikre ei optimal utnytting av vassressursane og god økonomi i prosjektet. Offerdal kraftverk AS er òg av den oppfatning at ei utbygging av hovudalternativet (alt. 1) kan gjennomførast med akseptable konsekvensar for miljø, naturressursar og samfunn. Med unnatak av inntaksområdet i Ytre Offerdal, vil spora etter utbygginga jamt over vere små i dette dalføret og vi meiner at INON-kartet ikkje gjev eit godt bilde av situasjonen etter utbygging. Dei som ferdast langs stien opp dalføret vil i liten grad merke den reduserte vassføringa (grunna avstanden til elva og vegetasjon). Det er òg viktig å påpeike at grunneigaren i Ytre Offerdal vurderer hogst som eit relevant alternativ til utbygging, for å sikre seg inntekter frå ressursane på eigedommen. Dersom grunneigar vert sikra inntekter gjennom ei utbygging av Offerdal kraftverk, er det i følgje han lite sannsynleg at det vert hogst i dalføret. Vi meiner at kombinasjonen av omfattande hogst i Ytre Offerdal og utbygging i Indre Offerdal har større negative konsekvensar for flora, fauna, friluftsliv og landskap enn ei skånsam utbygging i tråd med alternativ 1.

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER