• No results found

Fylkesmannen i Møre og Romsdal

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Fylkesmannen i Møre og Romsdal"

Copied!
2
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

Postadresse:

Fylkeshuset 6404 Molde

Telefon:

71 25 84 43

Telefax:

71 25 85 10

E-post:

postmottak@fmmr.no

Web:

www.fylkesmannen.no

Fylkesmannen i Møre og Romsdal

atab

Vår dato Vår ref.

03.04.2013 2011/1078/FMMRANOV/755

Saksbehandlar, innvalstelefon Dykkar dato Dykkar ref.

Rådgivar Ann Lilly Inderhaug Orvik, 71 25 85 35

Til hjelpeverjer og verjer i Møre og Romsdal

Invitasjon til informasjonsmøte for hjelpeverjer og verjer

Verjemålsreforma vert gjeldande frå 1. juli 2013. Verjemålsreforma inneber at fylkesmannen skal ta over oppgåvene som overformynderia per dags dato forvaltar. For at reforma skal bli mest mogleg vellykka så er vi avhengig av dykkar jobb som hjelpeverjer og verjer.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal vil med grunnlag i dette halde informasjonsmøte for hjelpeverjer og verjer rundt om i fylket i mai og juni.

Fylkesmannen håpar at du kan ta deg tid til å delta på eit av informasjonsmøta. Du kan sjølv bestemme når og kor du vil delta ut frå oppsette tidspunkt nedanfor:

Ålesund - Rica Parken Hotel 13. mai 2013 17:30 – 20:30 Ulsteinvik – Quality Hotel Ulstein 14. mai 2013 12:00 – 15:00 Ulsteinvik – Quality Hotel Ulstein 14. mai 2013 17:30 – 20:30 Ålesund - Rica Parken Hotel 15. mai 2013 12:00 – 15:00 Ålesund - Rica Parken Hotel 15. mai 2013 17:30 – 20:30 Molde – Quality Hotel Alexandra 23. mai 2013 12:00 – 15:00 Molde – Quality Hotel Alexandra 23. mai 2013 17:30 – 20:30 Kristiansund – Rica Hotel Kristiansund 28. mai 2013 12:00 – 15:00 Kristiansund - Rica Hotel Kristiansund 28. mai 2013 17:30 – 20:30 Surnadal – Vårsøg Hotell 30. mai 2013 12:00 – 15:00 Surnadal – Vårsøg Hotell 30. mai 2013 17:30 – 20:30

Smøla - kommunehuset 4. juni 2013 12:00 – 15:00

Rauma – Grand Hotel Bellevue 6. juni 2013 17:30 – 20:30

Møtet vil vare i ca. 3 timar med innlagt pause og enkel servering.

Målet med møta er å sikre at verjene er i stand til å gjere ein best mogleg jobb for dei som er avhengig av å ha verje. Fylkesmannen vil informere om dei viktigaste endringane i

verjemålslovgivinga, om regelene rundt føring og innlevering av rekneskap og dei organisatoriske endringane som lova fører til.

Påmelding

Eg ber om at du melder deg på det møtet du ønskjer å delta på. Påmelding gjerast via våre nettsider, www.fylkesmannen.no(kurs og konferansekalender på Møre og Romsdal sine nettsider). Dersom du ikkje har tilgang på internett kan du ta kontakt med oss per telefon så skal vi hjelpe deg med påmelding. Du kan da ta kontakt med Janne Woie, 71 25 84 38 eller Ann Lilly Inderhaug Orvik, 71 25 85 35. Frist for påmelding er 6. mai 2013.

(2)

side 2 av 2

Du har motteke dette brevet i det du står oppført som verje for ein eller fleire verjetrengande i vårt fylke. Dersom du ikkje bur i Møre og Romsdal, og ønskjer informasjon om

verjemålsreforma nærmare der du bur, kan du kontakte fylkesmannen, så skal vi hjelpe deg å finne tidspunkta for opplæring i andre fylker.

Med helsing

Lodve Solholm Janne Woie

Dokumentet er elektronisk godkjent og har ingen signatur.

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

Fylkesmannen i Møre og Romsdal vedtek å gi Statens vegvesen mellombels løyve etter forureiningslova til utslepp av drive- og lekkasjevatn frå Stettetunnelen, jf.. Løyvet med

Etter lunsj blir det parallelle sesjonar om mange viktige tema innan den kommunale verksemda.. Her vert alle innlegg halde to gonger med ei pause i mellom, slik at alle

Dette inneber at når det både er potensiale for fortetting innanfor areal som frå før er lagt ut for utbygging og det finst alternativ byggjegrunn der arealet ikkje er egna for

For at Fylkesmannen i Møre og Romsdal skal kunne avslutte saken, må virksomheten sende oss dokumentasjon på at avvikene er rettet innen mandag 02.02.2015 (NB! Installasjon av

Med midlar frå Vox, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk, innbyr vi lærarar og leiarar i norskopplæring av vaksne innvandrarar i Møre og Romsdal til ein fagdag på Grand Hotel i

Seniorrådgivar Maryann Knutsen frå IMDi Midt-Norge vil vere med oss på samlinga, svare på spørsmål og informere om nytt frå direktoratet.. Samlinga blir halde på Alexandra hotell

Fylkesmannen i Møre og Romsdal inviterer til to dagars fagsamling med tema migrasjon og helse, på Quality Hotel Alexandra, Molde den 9.. Bakgrunnen for invitasjonen er

Virksomheten knuser glassene (slipper dem ned slik at de knuses). Med denne metoden er det helt tilfeldig hvor mye glass som eventuelt blir igjen langs rammene. b) Rent glass