• No results found

687 000 tapte årsverk i 2016

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "687 000 tapte årsverk i 2016"

Copied!
12
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

687 000 tapte årsverk

i 2016

(2)

© NAV August 2017

EIER

Arbeids- og velferdsdirektoratet Postboks 5, St. Olavs plass 0130 Oslo

BESTILLING OG ABONNEMENT

Vår e-post adresse er: [email protected] Våre analyser er tilgjengelig på www.nav.no/analyser

Notatet finnes under lenken NAV notatserie og Analyser – andre temaer

ISBN 978-82-551-2392-7

(3)

687 000 TAPTE ÅRSVERK I 2016

Av Jorunn Furuberg og Ola Thune

Samandrag

I 2016 gjekk 687 000 årsverk tapt på grunn av dårleg helse eller mangel på ordinært arbeid. Dei tapte årsverka svarer til 19,4 prosent av folkemengda i alderen 16 – 67 år. Dette kjem fram ved å estimera kor lenge og kor mykje alle i alderen 16 – 67 år var utan ordinært arbeid på grunn av helseproblem eller arbeidsløyse. Om lag 13 500 fleire årsverk gjekk tapt i 2016 samanlikna med 2015, og rekna i prosent av folkemengda auka tapte årsvek med 0,2 prosentpoeng. Medan talet på tapte årsverk auka med 13 500 frå 2015 til 2016, har folkemengda i alderen 16 – 67 år auka med om lag 21 700 personar. Om folkemengda ikkje hadde endra seg frå 2015 til 2016, ville talet på tapte årsverk ha auka med 8 500.

I overkant av 1,56 millionar personar står bak dei 687 000 tapte årsverka. Bak kvart tapte års­

verk står det i gjennomsnitt 2,3 personar. Dette viser at det er gjennomstrøyming i dei ulike ordningane. Gjennomstrøyminga er høgast innan sjukefråvær med 8,0 personar bak kvart tapte årsverk, og lågast innan uføretrygd med 1,2 personar.

(4)

mengda har det vore ein nedgang frå 20,0 prosent i 2005 til19,4 i 2016.

Dei fleste tapte årsverka er knytt til uføretrygd. I 2016 gjekk i overkant av 295 000 årsverk tapt grunna ufø- retrygd, dette er ein auke på 5 400, eller 1,9 prosent, samanlikna med 2015. Frå 2005 har tapte årsverk knytt til uføretrygd auka med 16 400 årsverk, eller 5,9 prosent.

I 2016 gjekk 166 600 årsverk tapt i gruppa som er registrert hos NAV med nedsett arbeidsevne2. Dette er ein nedgang på 2 300 årsverk, eller 1,4 prosent, samanlikna med året før. Frå 2005 til 2016 har det vore ein auke i tapte årsverk i denne gruppa på 33 900 årsverk, eller 26 prosent. Det var flest tapte årsverk knytt til nedsett arbeidsevne i 2011, i åra etter har det vore ein nedgang, bortsett frå i 2015 då det var ein auke samanlikna med året før.

106 900 årsverk gjekk tapt i 2016 på grunn av sjuke- fråvær. Dette er 200 fleire årsverk enn i 2015, ein auke på 0,2 prosent. Samanlikna med 2005 har det vore ein auke i talet på tapte årsverk i kategorien sjukefråvær med 14 600, eller 15,8 prosent. I same periode har talet på sysselsette auka med 16 prosent, i følgje Sta- tistisk Sentralbyrå si arbeidskraftsundersøking, slik at auken i tapte årsverk knytt til sjukefråvær samsvarer med auken i sysselsettinga.

I 2016 det fleire heilt arbeidslause enn i 2015, og langt fleire arbeidssøkjarar som tok del i tiltak. Blant heilt arbeidslause gjekk det tapt 82 600 årsverk i 2016, ein auke på 4,2 prosent frå 2015. Også i gruppa delvis arbeidslause auka talet på tapte årsverk med 2 400 årsverk, eller 15 prosent. Blant arbeidssøkjarar på til- tak gjekk 17 000 årsverk tapt i fjor, ein auke på 4 400 årsverk, eller 35 prosent, frå 2015.

2 Når vi samanliknar utviklinga i talet på tapte årsverk i kategorien som no har namnet «nedsett arbeidsevne» med tilsvarande grup- per frå før 2010, ser vi på summen av personar med tidsavgrensa uførestønad, rehabiliteringspengar og personar registrert som yrkesvalhemma/nedsett arbeidsevne hos NAV. Dette er ordningar som frå mars 2010 alle vart erstatta av kategorien nedsett arbeids- evne. Meir om dette i avsnittet «Data og definisjonar» lengst bak i dette notatet

Innleiing

I den offentlege debatten har det kome fram fleire ulike tal over kor mange som er utanfor arbeidslivet.

Nokre av desse tala overdriv utanforskapet ved å leg- gja saman talet på personar som er mottakarar av ulike stønader frå NAV, utan å ta omsyn til at mange berre er borte i kort tid, og at mange har graderte ytingar.

Det er også vanleg ikkje å ta omsyn til at ein del per- sonar er arbeidslause utan å ha rett til stønader frå NAV, noko som underestimerer talet.

I staden for å sjå på kor mange personar som er utan- for arbeidslivet, har NAV dei siste åra laga estimat over kor mange årsverk som går tapt på grunn av dår- leg helse og arbeidsløyse. Vi har teke utgangspunkt i kor mange personar som kvart år er borte frå det ordi- nære arbeidslivet på grunn av dårleg helse eller arbeidsløyse, og kor lenge kvar person er borte. I utrekninga er det også teke omsyn til at ein del perso- nar er delvis utanfor arbeidslivet. For meir informa- sjon om data og definisjonar, sjå faktaboks lengst bak i notatet

Auke i talet på tapte årsverk

Figur 1 viser utviklinga i tapte årsverk i absolutte tal og i prosent av folkemengda. I 2016 gjekk til saman 687 000 årsverk tapt på grunn av dårleg helse eller arbeidsløyse blant personar i alderen 16 – 67 år.

Dette er ein auke på 13 500 årsverk frå 2015. I same periode auka folkemengda i alderen 16 – 67 år med om lag 21 700 personar. Tapte årsverk rekna i prosent av folkemengda auka frå 19,2 prosent i 2015 til 19,4 prosent i 2016.

Rekna i prosent av folkemengda gjekk flest årsverk tapt i 20051 (figur1). I perioden 2011 til 2014 minka dette talet, for så å auka noko igjen dei siste to åra. Frå 2005 har det vore ein auke i talet på tapte årsverk med om lag 70 500. I same periode har det vore ein sterk vekst i folkemengda, slik at rekna i prosent av folke-

1 Det første året vi har estimert tapte årsverk for er 2005. For perio- den 2006 – 2008 er det ikkje estimert tapte årsverk.

(5)

i 2005. Sjølv om utviklinga i tapte årsverk dei siste åra er relativt stabil rekna som prosentdel av folkemengda i alderen 16 – 67 år, så kan utviklinga vera ulik innan ulike aldersgrupper. Figur 2 viser tapte årsverk i pro- sent av folkemengda for eitt-årige aldersklassar. I dei fleste aldersklassane mellom 32 år og 53 år har det vore ein marginal vekst i tapte årsverk rekna prosent- del av folkemengda i frå 2005 til 2016, i dei andre aldersgruppene har det vore ein nedgang, og nedgan- gen er størst blant dei eldste. Noko av nedgangen blant dei eldste kan skuldast at det frå og med 2011 vart mogeleg for mange å ta ut alderspensjon ved fylte 62 år. Dette kan likevel ikkje forklara nedgangen blant personar under 62 år.

Mange personar står bak dei tapte årsverka

Det er ikkje slik at dei tapte årsverka viser at det er ei fast gruppe med personar som står permanent utafor arbeidslivet, tvert i mot er det mange personar med i grunnlagstala for dei tapte årsverka. I overkant av 1,56 millionar unike personar bidrog til dei nesten

Nedgang i tapte årsverk blant dei eldste

Frå 2005 til 2016 har folkemengda i alderen 16 – 67 år auka med 15 prosent, medan talet på tapte årsverk samla har auka med 11 prosent. Det har særleg vore ein auke i talet på personar i dei eldste aldersklassane.

Ved å aldersjustera dei tapte årsverka i 2016 mot 2005, jamfør formel i faktaboks om data og definisjo- nar, finn vi eit utrykk for kor mange årsverk som ville ha gått tapt i 2016 dersom folkemengda ikkje hadde endra seg frå 2005 til 2016. Dei aldersjusterte tala for tapte årsverk viser ein nedgang i talet på tapte årsverk på 21 000 frå 2005 til 2016.

I 2016 gjekk det tapt 13 500 fleire årsverk enn i 2015, samstundes som folkemengda i alderen 16 – 67 år auka med om lag 21 700. Aldersjusterte tal viser at dersom ikkje folkemengda hadde endra seg frå 2015 til 2016, ville auken i tapte årsverk vore på om lag 8 500. Endringar i samansetjinga av folkemengda står dermed for vel ein tredel av auken frå 2015 til 2016.

Rekna i prosent av folkemengda har talet på tapte årsverk auka marginalt dei siste åra, men er lågare enn

Figur 1: Tapte årsverk på grunn av dårleg helse eller mangel på ordinært arbeid for personar i alderen 16 – 67 år, årsgjennomsnitt. Talet på tapte årsverk etter kategori (venstre akse) og sum tapte årsverk i prosent av folkemengda (høgre akse)

0,0 % 2,0 % 4,0 % 6,0 % 8,0 % 10,0 % 12,0 % 14,0 % 16,0 % 18,0 % 20,0 %

0 100 000 200 000 300 000 400 000 500 000 600 000 700 000 800 000

2005 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016

Uføretrygd Nedsett arbeidsevne Sjukefråvær Heilt arbeidslause Delvis arbeidslause Arbeidssøkjarar på tiltak

Kjelde: NAV

(6)

Tabell 1. Talet på personar som er med i grunnlagstala for tapte årsverk i 2016, etter stønadsområde/status på arbeidsmarknaden.

Talet på personar bak dei tapte årsverka Talet på personar per tapte årsverk

Uføretrygd 349 909 1,2

Nedsett arbeidsevne 262 024 1,6

Sjukefråvær 856 997 8,0

Heilt arbeidslause 255 243 3,1

Delvis arbeidslause 128 893 7,0

Arbeidssøkjarar på tiltak 60 963 3,6

Sum unike personar i alt 1 563 722 2,3

Kjelde: NAV

Figur 2. Tapte årsverk i 2005 og i 2016 i prosent av folkemengda, fordelt på eitt-årige aldersklassar. Personar i alderen 16 – 66 år

0,0 % 5,0 % 10,0 % 15,0 % 20,0 % 25,0 % 30,0 % 35,0 % 40,0 % 45,0 % 50,0 %

16 år 17 år 18 år 19 år 20 år 21 år 22 år 23 år 24 år 25 år 26 år 27 år 28 år 29 år 30 år 31 år 32 år 33 år 34 år 35 år 36 år 37 år 38 år 39 år 40 år 41 år 42 år 43 år 44 år 45 år 46 år 47 år 48 år 49 år 50 år 51 år 52 år 53 år 54 år 55 år 56 år 57 år 58 år 59 år 60 år 61 år 62 år 63 år 64 år 65 år 66 år

2005 2016

Kjelde: NAV

687 000 tapte årsverka i 2016, jamfør tabell 1. Bak kvart tapte årsverk står det i gjennomsnitt 2,3 perso- nar. Dette viser at det er gjennomstrøyming i perso- nane som står bak dei tapte årsverka.

Det er store forskjellar mellom dei ulike ordningane når det gjeld kor mange personar som står bak kvart tapte årsverk. Uføretrygd er ordninga med minst gjen- nomstrøyming. Bak kvart tapte årsverk grunna uføre- trygd står det 1,2 personar. Uføretrygd er ei ordning for personar med varig nedsett arbeidsevne, og dei

fleste med uføretrygd er i denne ordninga til dei fyller 67 år.

Sjukefråvær er kategorien med høgast gjennomstrøy- ming. Dei fleste som vert sjukmelde er tilbake i arbeid etter ein kort periode. Bak kvart tapte årsverk på grunn av sjukefråvær sto det 8,0 personar i 2016. For meir om korleis dei tapte årsverka ser ut for ulike alders- grupper, sjå figurane 5, 6, 7 og 8. For skilnader mel- lom kvinner og menn, sjå figurane 3 og 4.

(7)

Figur 3. Tapte årsverk på grunn av dårleg helse eller mangel på ordinært arbeid. Kvinner 16 – 67 år. Prosent av folkemengda

10,3 9,6 9,5 9,5 9,7 9,5 9,5 9,6 9,7

4,7 5,5 5,8 6,1 5,8 5,6 5,4 5,4 5,3

3,4 4,1 3,7 3,7 3,6 3,6 3,6 3,7 3,7

2,4 1,5 1,7 1,7 1,7 1,7 1,9 1,9 1,9

0,9 0,4 0,4 0,5 0,4 0,4 0,5 0,5 0,5

0,5 0,4 0,5 0,5 0,5 0,5 0,4 0,3 0,5

0,0 % 5,0 % 10,0 % 15,0 % 20,0 % 25,0 %

2005 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016

Uføretrygd Nedsett arbeidsevne Sjukefråvær Heilt arbeidslause Delvis arbeidslause Arbeidssøkjarar på tiltak

Kjelde: NAV

Figur 4. Tapte årsverk på grunn av dårleg helse eller mangel på ordinært arbeid. Menn 16 – 67 år. Prosent av folkemengda

7,9 7,2 7,3 7,2 7,2 7,0 6,9 6,9 7,0

3,9 3,9 4,4 4,6 4,4 4,3 4,1 4,2 4,1

2,6 3,1 2,6 2,5 2,4 2,4 2,4 2,4 2,4

2,8 2,5 2,7 2,3 2,1 2,2 2,3 2,6 2,8

0,5 0,4 0,4 0,4

0,3 0,3 0,3 0,4 0,5

0,4 0,5 0,5

0,5 0,5 0,4 0,4 0,4 0,5

0,0 % 2,0 % 4,0 % 6,0 % 8,0 % 10,0 % 12,0 % 14,0 % 16,0 % 18,0 % 20,0 %

2005 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016

Uføretrygd Nedsett arbeidsevne Sjukefråvær Heilt arbeidslause Delvis arbeidslause Arbeidssøkjarar på tiltak

Kjelde: NAV

(8)

Figur 5. Tapte årsverk på grunn av dårleg helse eller mangel på ordinært arbeid. Aldersgruppa 16 – 19 år.

Prosent av folkemengda

0,3 0,4 0,4 0,4 0,4 0,4 0,4 0,5 0,5

0,8 0,9 0,9 1,0 0,9 0,8 0,9 1,0 0,9

0,4 0,5 0,4 0,4 0,3 0,3 0,3 0,3 0,3

1,2 1,0 1,0 0,9 0,9 0,8 0,8 0,8 0,7

0,1 0,1 0,1 0,1

0,1 0,1 0,1 0,1

0,0

0,7 0,9 0,8 0,8

0,8 0,7 0,5 0,5

0,4

0,0 % 0,5 % 1,0 % 1,5 % 2,0 % 2,5 % 3,0 % 3,5 % 4,0 %

2005 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016

Uføretrygd Nedsett arbeidsevne Sjukefråvær Heilt arbeidslause Delvis arbeidslause Arbeidssøkjarar på tiltak

Kjelde: NAV

Figur 6. Tapte årsverk på grunn av dårleg helse eller mangel på ordinært arbeid. Aldersgruppene 20–24 år og 25–29 år. Prosent av folkemengda

0,9 1,0 1,0 1,1 1,1 1,2 1,2 1,3 1,4 1,5 1,3 1,3 1,4 1,5 1,5 1,7 1,8 2,0 3,7 3,7 4,1 4,5 4,5 4,4 4,5 4,8 4,8 4,8 4,6 5,2 5,5 5,2 4,9 4,8 5,0 5,0 1,8 2,4 1,9 1,7 1,6 1,6 1,5 1,4 1,4

2,9 3,8 3,2 3,0 2,9 2,9 2,8 2,8 2,8 4,5 3,4 3,6 3,1 2,9 3,0 3,0 3,0 2,9

4,3 3,4 3,8 3,4 3,2 3,3 3,5 3,5 3,5

0,8 0,5 0,5 0,4

0,4 0,4 0,4 0,5 0,5

1,0

0,6 0,6 0,6

0,5 0,5 0,5 0,6 0,7

0,7

0,9 0,9 0,9

1,0 0,9 0,7 0,7 1,0

0,6

0,7 0,7 0,7

0,7 0,7 0,5 0,5 0,7

0 % 2 % 4 % 6 % 8 % 10 % 12 % 14 % 16 %

2005 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2005 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016

20-24 år 25-29 år

Uføretrygd Nedsett arbeidsevne Sjukefråvær Heilt arbeidslause Delvis arbeidslause Arbeidssøkjarar på tiltak

Kjelde: NAV

(9)

Figur 7. Tapte årsverk på grunn av dårleg helse eller mangel på ordinært arbeid. Aldersgruppene 30–39 år og 40–49 år. Prosent av folkemengda.

2,9 2,3 2,3 2,4 2,6 2,6 2,8 3,0 3,2

7,0 5,7 5,7 5,9 6,3 6,4 6,7 7,0 7,2 5,8 5,7 6,2 6,4 6,1 5,7 5,4 5,4 5,3

5,7 6,6 7,1 7,3 6,7 6,4 5,9 5,8 5,7 3,5 4,3 3,8 3,7 3,6 3,6 3,5 3,5 3,5

3,5 4,2 3,8 3,8 3,7 3,7 3,8 3,8 3,8 3,4 2,6 3,0 2,8 2,6 2,8 3,1 3,3 3,4

2,2 1,8 2,0 1,9 1,8 1,8 2,0 2,2 2,3

0,9 0,6 0,6 0,6 0,5 0,5 0,6 0,6 0,7

0,7 0,5 0,5 0,5 0,4 0,5 0,5 0,5 0,6

0,5 0,6 0,6 0,6 0,7 0,6 0,5 0,5 0,7

0,3 0,4 0,4 0,4

0,4 0,4 0,3 0,3 0,4

0,0 % 5,0 % 10,0 % 15,0 % 20,0 % 25,0 %

2005 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2005 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016

30-39 år 40-49 år

Uføretrygd Nedsett arbeidsevne Sjukefråvær Heilt arbeidslause Delvis arbeidslause Arbeidssøkjarar på tiltak

Kjelde: NAV

Figur 8. Tapte årsverk på grunn av dårleg helse eller mangel på ordinært arbeid. Aldersgruppene 50–61år og 62–67 år. Prosent av folkemengda

18,3

16,3 16,1 15,9 16,0 15,7 15,7 15,7 15,8 32,4

30,3 30,0 29,0 28,1

26,6 25,3 24,5 24,2 3,9 5,1 5,6 5,9 5,6 5,6 5,4 5,4 5,2

0,8

1,3 1,6 1,8 2,0

2,4 2,7 2,9 2,8 3,8 4,3 3,8 3,9 3,8 3,8 3,9 3,9 3,9

1,9 2,3 2,0 1,9 1,9

2,0 2,0 2,2 2,2

1,6 1,2 1,4 1,3 1,2 1,2 1,4 1,5 1,7

1,3 1,0 1,0 0,9 0,7

0,7 0,8 1,0 1,1

0,6 0,4 0,4 0,4 0,3 0,3 0,3 0,4 0,5

0,3 0,2 0,2 0,2 0,2

0,2 0,2 0,2 0,2

0,0 % 5,0 % 10,0 % 15,0 % 20,0 % 25,0 % 30,0 % 35,0 % 40,0 %

2005 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2005 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016

50-61 år 62-67 år

Uføretrygd Nedsett arbeidsevne Sjukefråvær Heilt arbeidslause Delvis arbeidslause Arbeidssøkjarar i tiltak Kjelde: NAV

(10)

10

Data og definisjonar

NAV tar sikte på publisera årlege estimat over talet på tapte årsverk som følgje av dårleg helse eller mangel på ordinært arbeid. Tala i denne artikkelen baserer seg på individdata over alle personar som i løpet av åra 2005 og 2009- 2016 hadde ein eller fleire av følgjande stønader/arbeids- marknadsstatusar:

varig uføretrygd (tidlegare varig uførepensjon)

tidsavgrensa uførestønad (t.o.m. februar 2010)

rehabiliteringspengar (t.o.m. februar 2010)

yrkesvalhemma /nedsett arbeidsevne (med og utan att- føringspengar, t.o.m. februar 2010)

nedsett arbeidsevne (f.o.m. mars 2010, med og utan arbeidsavklaringspengar)

legemeldt sjukefråvær

heilt arbeidslaus (med og utan dagpengar)

delvis arbeidslaus (med og utan dagpengar)

arbeidssøkjarar på tiltak

For uføretrygd, tidsavgrensa uførestønad og rehabilite- ringspengar er det nytta individdata for behaldninga ved utgangen av kvart kvartal. For sjukefråvær er det nytta data over alle sjukefråvær i kvart kvartal. For personar med ned- sett arbeidsevne, heilt arbeidslause, delvis arbeidslause og arbeidssøkjarar på tiltak er det nytta individdata for behald- ninga ved utgangen av kvar månad.

I mars 2010 blei det innført ein ny stønad, arbeidsavkla- ringspengar. Alle som ved utgangen av februar 2010 var mottakarar av tidsavgrensa uførestønad, rehabiliterings- pengar eller attføringspengar, gjekk frå mars 2010 over til å vera mottakarar av arbeidsavklaringspengar. Samstundes blei gruppa som er definert som «personar med nedsett arbeidsevne» utvida til også å inkludera alle mottakarar av arbeidsavklaringspengar. I våre data har vi difor slått saman tapte årsverk for personar som var mottakarar av tidsav- grensa uførestønad og rehabiliteringspengar i dei to første månadene i 2010 med alle i gruppa med nedsett arbeids- evne. Når vi i artikkelen samanliknar tal over personar med nedsett arbeidsevne frå og med 2010 med tal for tidlegare år, samanliknar vi med summen av tapte årsverk innan tids- avgrensa uførestønad, rehabiliteringspengar og yrkesval- hemma/personar med nedsett arbeidsevne.

Ved å kopla saman datamaterialet på individnivå er det jus- tert for at fleire av desse personane får meir enn ein stønad på eit og same tidspunkt. Det er til dømes ikkje uvanleg at ein person får arbeidsavklaringspengar (til dømes 50 prosent) og uføretrygd (til dømes 50 prosent) samstundes. Ved å kopla NAV sine individopplysningar om arbeidsavklaringspengar med opplysningar frå NAV sitt uføreregister, vil denne perso- nen berre telja som eit tapt årsverk, og ikkje som to personar tapt, som ville vore tilfelle dersom ein ikkje kopla registra. Ein person kan stå i fleire register samstundes. Til dømes kan ein heilt arbeidslaus også vera sjukmeldt, og ein person som er 100 prosent ufør kan samstundes vera i eit tiltak for personar

med nedsett arbeidsevne. I tilfelle der summen av alle regis- treringane overstig eit årsverk per person, har vi prioritert kva for ordning årsverket skal telja med i slik:

Uføretrygd er prioritert over nedsett arbeidsevne, deretter følgjer sjukefråvær, heilt arbeidslaus, delvis arbeidslaus og til slutt arbeidssøkjar på tiltak.

Det er heller ikkje uvanleg for ein stønadsmottakar å ha ein gradert stønad, og mange arbeider noko ved sidan av ein gra- dert stønad. Når vi estimerer dei tapte årsverka, tek vi utgangspunkt i kor stor del av ei full trygdeyting dei einskilde har, det vil seia at vi må redusera for arbeid for dei som har graderte ytingar. For personar som arbeider ved sida av 100 prosent trygdeyting, har vi ikkje redusert for arbeid. Kor stor del av eit årsverk ein stønadsmottakar bidrar med, er estimert på grunnlag av den såkalla graderingsdelen i NAV sitt saks- handsamingssystem for uføreytingar og rehabiliteringspen- gar. Mottakarar av dagpengar, arbeidsavklaringspengar og tidlegare også mottakarar av attføringspengar, sender kvar 14. dag inn eit meldekort til NAV der dei opplyser om kor mykje dei eventuelt har arbeidd i løpet av dei siste to vekene.

Opplysningane frå meldekorta er brukte til å estimera kor stor prosentdel av eit årsverk delvis arbeidslause og mottakarar av arbeidsavklaringspengar bidrar med. Delvis arbeidslause utan dagpengar fører ikkje opp arbeidet på meldekortet, slik at det for denne gruppa er lagt til grunn at dei bidrar med like stor prosentdel av eit årsverk som gjennomsnittet for delvis arbeidslause med dagpengar.

Det er vidare lagt til grunn at alle arbeidssøkjarar på tiltak, eller personar med nedsett arbeidsevne på tiltak, er i tiltak på heiltid om dei ikkje samstundes er mottakarar av stønader frå NAV.

Tapte årsverk til sjukefråvær er estimert med bakgrunn i individdata i sjukefråværsstatistikken. Denne statistikken omfattar legemeldt sjukefråvær for alle arbeidstakarar busett i Noreg med arbeidsforhold registrert i A-ordninga.

Talet på tapte årsverk kjem fram ved å summera saman på individnivå kor lenge og kor mykje (gradering) i løpet av året kvar person anten var heilt eller delvis var mottakarar av ein eller fleire av stønadene nemnd innleiingsvis, eller som heilt eller delvis var i ein av dei nemnde arbeidssøkjarstatusane.

Talet på tapte årsverk gir dermed uttrykk for talet på årsverk som går tapt i produksjonen av varer og tenester, som følgje av arbeidsløyse eller helseproblem blant personar i alderen 16– 67 år.

Dei aldersjusterte tala over tapte årsverk (a2016) er laga ved å rekna ut raten for tapte årsverk for eittårige aldersgrupper i gjennomsnitt for 2016, ( ). Desse ratane er multipliserte med talet på personar i dei same aldersgrup- pene i gjennomsnitt for 2005.

Dette gir: .

sakshandsamingssystem for uføreytingar og rehabiliteringspengar. Mottakarar av dagpengar, arbeidsavklaringspengar og tidlegare også mottakarar av attføringspengar, sender kvar 14. dag inn eit meldekort til NAV der dei opplyser om kor mykje dei eventuelt har arbeidd i løpet av dei siste to vekene.

Opplysningane frå meldekorta er brukte til å estimera kor stor prosentdel av eit årsverk delvis arbeidslause og mottakarar av arbeidsavklaringspengar bidrar med. Delvis arbeidslause utan dagpengar fører ikkje opp arbeidet på meldekortet, slik at det for denne gruppa er lagt til grunn at dei bidrar med like stor prosentdel av eit årsverk som gjennomsnittet for delvis arbeidslause med dagpengar.

Det er vidare lagt til grunn at alle arbeidssøkjarar på tiltak, eller personar med nedsett arbeidsevne på tiltak, er i tiltak på heiltid om dei ikkje samstundes er mottakarar av stønader frå NAV.

Tapte årsverk til sjukefråvær er estimert med bakgrunn i individdata i sjukefråværsstatistikken. Denne

statistikken omfattar legemeldt sjukefråvær for alle arbeidstakarar busett i Noreg med arbeidsforhold registrert i A-ordninga.

Talet på tapte årsverk kjem fram ved å summera saman på individnivå kor lenge og kor mykje (gradering) i løpet av året kvar person anten var heilt eller delvis var mottakarar av ein eller fleire av stønadene nemnd innleiingsvis, eller som heilt eller delvis var i ein av dei nemnde arbeidssøkjarstatusane.

Talet på tapte årsverk gir dermed uttrykk for talet på årsverk som går tapt i produksjonen av varer og tenester, som følgje av arbeidsløyse eller helseproblem blant personar i alderen 16– 67 år.

Dei aldersjusterte tala over tapte årsverk (a2016) er laga ved å rekna ut raten for tapte årsverk for eittårige

aldersgrupper i gjennomsnitt for 2014, (

= 67

16 2016

2016

i i

i

Bef

). Desse ratane er multipliserte med talet på personar i dei

same aldersgruppene i gjennomsnitt for 2005. Dette gir: 

 

 =

=

i

i i

i Bef

Bef

a 67 2005

16 2016

2016 2016 * .

<faktaboks slutt>

same aldersgruppene i gjennomsnitt for 2005. Dette gir: 

 

 =

=

i

i i

i Bef

Bef

a 2005

67

16 2016

2016 2016 * .

<faktaboks slutt>

(11)
(12)

ISBN 978-82-551-2392-7

MILJØMERKET

241 Trykksak 379

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER