1
Vassregion Sogn og Fjordane
Vassregion Sogn og Fjordane dekker Sogn og Fjordane og mindre deler av Hordaland, Buskerud, Oppland og Møre- og Romsdal. Alle nedbørsfelt, grunnvatn, elvar, innsjøar, fjordar og kystvatn ut til ein nautisk mil utanfor grunnlina i dette området er omfatta av vassregionen sitt arbeid.
Vassregionmyndigheita er Sogn og Fjordane fylkeskommune.
Vassregionmyndigheita har ein koordinerande rolle, og oppgåvene er i korte trekk - å vere plan - og prosessleiar
- å samordne utarbeiding og gjennomføring av forvaltningsplan for vatn - å ha ansvar for kvalitetskrav og tidsfristar i høve til vassforskrifta.
Som del av arbeidet med ein forvaltningsplan, er det utarbeidd ein rapport som omtalar «Vesentlege vassforvaltningsspørsmål».
Vassregionmyndigheit Sogn og Fjordane Sogn og Fjordane fylkeskommune
Askedalen 2 6863 Leikanger
E-post: [email protected]
Du kan lese meir om vassregion Sogn og Fjordane på:
http://www.vannportalen.no/sognogfjordane
Foto framside Kurt Skagen
2
Forord – Vatn er viktig for alle
Sogn og Fjordane har rikeleg med vatn, både ferskvatn og sjøvatn. Vatnet renn frå høge fjell og brear, gjennom frodige dalar og ut i tronge fjordar og meir ope farvatn langs kysten. Mange nyttar seg av vatnet på sin ferd mot havet. Først og fremst treng vi reint drikkevatn. Vatnet blir og nytta til produksjon av mat og er viktig for industrien og energiproduksjonen i vassregionen. Vassdraga våre, fjordane og skjergarden langs kysten er mykje nytta til næringsfiske, sportsfiske, friluftsliv og rekreasjon.
Vatnet vert påverka av menneskeleg aktivitet. Dette dokumentet drøftar og gir ein oversikt over tilstanden til vatnet, påverknadar og utfordringar for vassregionen. Dersom vatnet vårt ikkje er i den tilstanden vi ønskjer, må vi gjere tiltak for å nå miljømålet vårt.
Dokumentet har vore på høyring i 6 månadar frå 1. juli 2012 med høringsfrist 31. desember 2012.
Det kom inn 36 høyringsfråsegner. Eit notat summerer opp høyringsuttalene. Innspela har bidrege til eit betre, meir gjennomarbeida og heilskapleg dokument.
Alle vassområda i vassregionen har utarbeidd eigne dokument om vesentlege spørsmål i vassområda. Meir detaljkunnskap om påverknadar og utfordringar for vassområda, går fram av desse dokumenta. Dokumenta vil bli nytta som bakgrunnsmateriale for tiltaksanalysane som skal utarbeidast i kvart vassområda. Tilbakemelding på desse dokumenta er gjort direkte til vassområda og er ikkje ein del av det regionale høyringsdokumentet.
Dokumentet ”Vesentlege vassforvaltningsspørsmål” peikar på hovudutfordringane i vassregionen. Det er eit arbeids- og prioriteringsverkty for den vidare prosessen med å lage ein forvaltningsplan for vatn. Forvaltningsplanen for vassregionen vil avklare korleis vi skal møte dei utfordringane som vert avdekka i dokumentet Vesentlege vassforvaltningsspørsmål.
Forvaltningsplanen vil bli ferdigstilt i 2015.
Karen Marie Hjelmeseter
Leiar av Sogn og Fjordane Vassregionutval
3
Innhald
Forord – vatn er viktig for alle ... 2
Samandrag ... 5
1. Bakgrunn - korleis sikre god vasskvalitet ... 7
1.1 Analyse av trendar ... 7
1.2 Miljømål ... 8
1.3 Arbeidet så langt ... 10
2 Vassregion Sogn og Fjordane ... 12
Vassområde Nordfjord ... 13
Vassområde Sunnfjord ... 14
Vassområde Ytre Sogn ... 15
Vassområde Indre Sogn ... 15
3 Påverknadar og effekt på vassmiljøet i Sogn og Fjordane ... 16
3.1 Økologisk tilstand ... 16
3.2 Påverknadar i vassførekomstane som førekjem oftast ... 19
3.2.1 Vassdrag ... 19
3.2.2 Kyst ... 20
3.3 Dei viktigaste påverknadane i vassregionen ... 21
3.3.1 Ureining ... 21
3.3.2 Fysiske inngrep ... 29
3.3.3 Biologisk påverknad ... 36
Boks 2 Lakseregisteret ... 36
3.4 Påverknad i vassområda ... 40
4. Kort omtale av miljøtiltak som allereie er sett i gong (både førebyggjande, forbetrande og restaurerende) ... 42
5. Vesentlege brukarinteresser i vassområda og i vassregionen ... 44
6. Risikovurdering i høve miljømåla ... 45
6.1 Vurdering av risiko ... 46
6.2 Usemje om risikovurdering ... 53
7 Kunnskapsgrunnlaget ... 55
7.1 Uavklarte problemstillingar i kunnskapsgrunnlaget ... 56
8 Scenariokonferanse ... 57
9. Hovudutfordringar for vassmiljøet ... 59
Vassregionen ... 59
4 10. Liste over relevante bakgrunnsdokumenter, linker og litteratur for fordypning... 62 Kjelder: ... 62 Oversikt over vedlegg ... 63
Vedlegg 1 – Analyse av trendar Vedlegg 2 - Scenariokonferanse
5
Samandrag
Sur nedbør og fysiske inngrep er dei viktigaste påverknadane i vassdrag. I kystvatn er ureining frå industri den største påverknaden i kystvassførekomstane. Påverknaden er størst for punktutslepp frå avløp og industri. Det er ikkje semje om korleis ein skal vurdere påverknad frå lakselus og rømt oppdrettsfisk på laks og sjøaure. Påverknadsgraden frå rømt oppdrettsfisk og lakselus på aktuelle vassførekomstar er difor satt til «ukjent» og miljøstilstand og risikovurdering satt til
«udefinert» i Vann-Nett. jf. nasjonale styringssignal omtalt i kap. 3.3.3.
Om lag 51 % av elvane, 62 % av innsjøane og 10 % av kystvatn er satt i risiko. Mogleg risiko er satt til 1 % for elv, 0,2 % innsjø og 12 % for kystvatn. Frå 1.5.13 skal alle vassførekomstar anten vere plassert i gruppa risiko eller ingen risiko, mogleg risiko utgår då som gruppering. Sur nedbør og vassdragsreguleringar er viktigaste årsak til vassførekomstane i ferskvatn er satt i risiko.
Påverknad av ureining frå industri, hamner, avløp og landbruk er årsak plassering i risiko i ein del vassførekomstar i kystvatn.
Arbeidsutvalet til vassregionutvalet for Sogn og Fjordane har identifisert åtte tema som dekker aktuelle hovudutfordringar for vassmiljøet i Sogn og Fjordane. Utfordringane er ikkje nemnt i prioritert rekkefølgje.
Mangelfullt kunnskapsgrunnlag
Vurderingane som er gjort av påverknadane på vassførekomstane og risiko er gjort på eit mangelfullt grunnlag. Det krev mykje ressursar å få høg kvalitet på tilstandsvurderingane.
Finansiering
Det er manglande resursar til å gjennomføre arbeidet etter vassforskrifta. Arbeidet er
underfinansiert. Dette gjeld både finansiering av arbeidet på vassområde og vassregionnivå. Det kravst betydelig innsats og resursar for å auke kunnskapsgrunnlaget og å gjennomføre tiltak for å nå miljømåla.
Sur nedbør – langtransportert ureining
Den sure nedbøren som kjem til vassregionen er hovudsakleg langtransportert frå andre land i Europa. Forsuring skapar framleis problem for forsuringsfølsame artar, spesielt i den sørvestlege delen av vassregionen. Vassdirektivet set ikkje krav om å gjere tiltak i vassførekomstar som ikkje har god økologisk status grunna langtransportert forureining. Det er ei utfordring for sentrale styresmaktar å få til internasjonale avtalar som sikrar tilstrekkeleg reduserte tilførslar av forsurande stoff.
Vasskraft
Svært mange vassførekomstar i Sogn og Fjordane er påverka av vasskraftutbygging. Både innlandsfisk, laks- og sjøaurebestandane og anna biologisk mangfald er negativt påverka av vassdragsutbygging. Fleire bestandar av fisk er dødt ut eller er kritisk truga pga.
vasskraftsutbygging. På grunnlag av fysiske kriterium er svært mange vassførekomstar førebels skilt ut som kandidatar til svært modifiserte vassførekomstar (kSMVF).
Miljøgifter
Det er kosthaldsråd i Årdalsfjorden og Høyangsfjorden. Desse fjordarmane høyrer til Sognefjordsystemet. Det kan vere ei svært stor utfordring å finne tiltak som gjer at kosthaldsråda kan opphøyra. Miljøgifter er særskilt ei utfordring i vassførekomstane rundt industristadane
6 Årdal, Høyanger, Svelgen og Sløvåg. Andre døme på punktkjelder som gir eller kan gi ei utfordring er kommunale avløp, gamle og nye avfallsfyllingar, skipsverft, notvaskeri og gruver.
Akvakultur
Innblanding av rømt oppdrettsfisk i bestandar av villaks kan vere ei vesentleg utfordring i vassregionen. Innslaget av rømt oppdrettfisk i vassdraga varierer mellom år og mellom vassdrag.
Det er mangelfull kunnskap om i kva grad innblanding av oppdrettsfisk fører til genetisk endring av villaksbestandar. Det er likeeins mangelfull kunnskap om dei biologiske konsekvensane av genetiske endringar.
Lakselus er ei utfordring for bestandar av laks og sjøaure. Infeksjon av lakselus på sjøaure og villaks varierer mellom år. Det er uklart kor stor bestandseffekt infeksjonane med lakselus har på villaks og sjøaure. Det bør utviklast betre metodar for å vurdere dette. Det kan vere ei utfordring for næringa få ned det samla talet for lakselus i oppdrettsanlegga.
Kommunale avløp
Spreidde avløp kan vere ei utfordring for ein del vassførekomstar.
Sjødeponi
Det ligg føre planar om utvinning av rutil ved Engebø i Førdefjorden. Det er planer om å deponere store massar i midtre delar av Førdefjorden. Sjødeponiet vil eller kan vere ei utfordring for livet i fjorden.
Foto; Ullebøfjellet Arvid Fimreite
7
1. Bakgrunn - korleis sikre god vasskvalitet
For å lage ein god vassforvaltningsplan er vi avhengige av gode innspel og kunnskap frå regionale sektorstyresmaktar, kommunane, interesseorganisasjonar, einskilde næringar og befolkninga.
Vesentlege vassforvaltningsspørsmål er meint å gi ein førebels oversikt over dei vesentlege utfordringane for vassmiljøet i ein relativt tidleg fase av planprosessen. Føremålet har vore å skape eit grunnlag for brei medverknad og forankring av prioriteringar av utfordringar i god tid før arbeidet med å utarbeide sjølve forvaltningsplanen er sett i gong. Ei felles forståing for kva som er dei viktigaste vassforvaltningsspørsmåla og utfordringane vil gi eit godt grunnlag for eit vidare samarbeid om forvaltningsplanen. Forankring både lokalt og regionalt på tvers av sektorar og styresmaktar er difor viktige mål også på dette stadiet i planprosessen. Vesentlege vassforvaltningsspørsmål må altså ikkje oppfattast som eit endeleg produkt, men som eit arbeids- og prioriteringsverkty for den vidare prosessen med å lage ein forvaltningsplan for vatn.
Vesentlege vassforvaltningsspørsmål er eit dokument som seier noko om
kva er dei viktigaste utfordringane i vår region
kva er dei største påverknadane på vassmiljøet i vår region og i kvart vassområde
kva for vassførekomstar er i risiko for ikkje å oppnå eller oppretthalde god/svært god miljøtilstand
kva for tema og område bør vi prioritere å jobbe fram mot 2021
kva for interesser er dei vesentlegaste i vassregionen – og kva for utfordringar er dei største for å oppnå eller oppretthalde god vasstilstand
Dette dokumentet avklarar kva vi ser som dei viktigaste problemstillingane for vassmiljøet i vassregionen, per i dag. Det vil danne grunnlaget for forvaltningsplanen. Dokumentet bygger på påverknadsanalysen (kap. 3) og risikovurderinga for vassførekomstane (kap. 8) som fylkesmannen har utarbeidd (sjå og databasen Vann-nett). Påverknadsanalysen og risikovurderingane saman med trendanalysen (vedlegg 1) er det viktigaste grunnlaget for våre konklusjonar om kva som er dei største utfordringane for vassregionen. Tiltak som vil påverke vassmiljøet fram mot 2021 er omtalt i kap. 5. Brukarinteresser har vore med på å peike ut aktuelle utfordringar for vassregionen. Det står meir om planprosessen, organisering og framdrifta i planprogrammet.
1.1 Analyse av trendar
Trendanalyse av utviklingstrekk er ein del av det totale arbeidet med forvaltningsplanen, omtalt som økonomisk analyse jf. § 15 c i vassforskrifta. Ho er ei vurdering av påverknadskreftene og samfunnsutviklinga fram mot fristen (år 2021) for å oppnå mål for vassførekomstane.
Trendanalysen er eit grunnlag for dokumentet Vesentlege vassforvaltningsspørsmål. Vi har valt å la trendanalysen inngå som eit vedlegg til høyringsdokumentet, sjå vedlegg 1. Analysen inneheld mykje bakgrunnsinformasjon og peikar på moglege utviklingstrekk fram mot 2021.
8
1.2 Miljømål
Formålet med å utarbeide ein forvaltningsplan for vassregionen er at den skal medverke til å nå standard miljømål som er sett i vassforskrifta, sjå boks 1. Det er vurdert i kva grad det er risiko for at miljømåla ikkje vert nådd innan 2021 for dei ulike vassførekomstane
Miljømåla kan i kortform summerast opp til at alle vassførekomstar skal ha minst god vasstilstand. Vasstilstanden vert vurdert i ein femdelt skala frå svært dårleg til svært god for overflatevatn (figur 1). Der tilstanden er dårlegare enn god, skal det setjast inn tiltak for å oppnå god tilstand.
Klassifisering av tilstanden skjer ved hjelp av eit nasjonalt klassifiseringssystem, der parametrar og grenseverdiar er gitt for ulike typar vassførekomstar. Miljømåla for sterkt modifiserte vassførekomstar (SMVF) vert annleis enn for naturlege vassførekomstar. I tillegg kjem det høve til å få unntak frå miljømålet eller meir tilpassa miljømål.
Sterkt modifiserte vassførekomstar (SMVF) kan få tilstanden godt økologisk potensial, noko som opnar for reduserte krav til økologisk tilstand.
Det skal definerast eigne tilpassa miljømål for vassførekomstar som i forvaltningsplanen vert endeleg utpeikt som sterkt modifiserte. Alle vassførekomstar som er kandidat til svært modifisert vassførekomst vert plassert i risiko for ikkje å nå miljømålet om god økologisk tilstand.
Døme på SMVF er vassførekomstar med store vassdragsreguleringar og oppdemte drikkevasskjelde.
Ein vassførekomst som vert definert som SMVF, skal likevel ha minst god kjemisk tilstand.
Prosessen med utpeiking av SMVF er omtalt i rettleiaren for karakterisering, påverknad og risiko. Vassførekomstar som har god økologisk tilstand, klassifiserer ikkje til å vere ein svært modifisert vassførekomst
Boks.1 Standard miljømål, jamfør vassforskrifta:
Miljømåla for overflatevatn, grunnvatn og prioriterte stoff følgjer av § 4, 6 og 7 i vassforskrifta og er relatert til klassifiseringssystemet i Vedlegg V. Desse miljømåla vert omtalt som vassforskriftas standard miljømål for vassmiljøtilstanden.
Miljømål i overflatevatn (§ 4): Tilstanden i overflatevatn skal beskyttes mot forringelse, forbedres og gjenopprettes med sikte på at vannforekomstene skal ha minst god økologisk og god kjemiske tilstand, i samsvar med klassifiseringen i vedlegg V og miljøkvalitetsstandardene i
vedlegg VIII.
Miljømål i grunnvatn § 6: Tilstanden i grunnvann skal beskyttes mot forringelse, forbedres og gjenopprettes og balansen mellom uttak og nydannelse sikres med sikte på at vannforekomstene skal ha minst god kjemisk og kvantitativ tilstand, i samsvar med klassifiseringen i vedlegg V, jf. terskel- og vendepunktverdiene gitt i vedlegg IX.
Prioriterte stoff § 7: Det skal gjennomføres nødvendige tiltak med sikte på gradvis reduksjon av forurensning fra prioriterte stoffer til vann. Det skal gjennomføres nødvendige tiltak med sikte på stans i utslippene av prioriterte farlige stoffer til vann.
Miljømål for sterkt modifiserte (endra) vassførekomstar (SMVF§
5). Tilstanden i kunstige og sterkt modifiserte vannforekomster skal beskyttes mot forringelse og forbedres med sikte på at vannforekomstene skal ha minst godt økologisk potensial og god kjemisk tilstand, i samsvar med klassifiseringen i vedlegg V og
miljøkvalitetsstandardene i vedlegg VIII.
En forekomst av overflatevann kan utpekes som kunstig eller sterkt modifisert dersom de endringer i
vannforekomstens hydromorfologiske* egenskaper som er nødvendige for å oppnå god økologisk tilstand, ville ha vesentlige negative
a) miljøet generelt, innvirkninger på b) skipsfart, havneanlegg eller rekreasjon,
c) aktiviteter som krever magasinering, overføring og fraføring av vann, for eksempel drikkevannsforsyning, elektrisitetsproduksjon eller vanning,
d) flomvern, drenering, eller
e) annen tilsvarende viktig bærekraftig virksomhet, og de samfunnsnyttige formålene den kunstige eller sterkt modifiserte vannforekomsten tjener, på grunn av
manglende teknisk gjennomførbarhet eller uforholdsmessig store kostnader, ikke med rimelighet kan oppnås med andre midler som miljømessig er vesentlig bedre.
En slik utpeking, og begrunnelsen for den, skal nevnes spesielt i forvaltningsplanen for vannregionen som kreves i henhold til § 26 og revurderes hvert sjette år.
* Hydromorfologiske egenskaper betyr straumingsmønster og temperatur til vatnet samt form og beskaffenhet til botnen
9 Figur 1. Tilhøve mellom økologisk tilstand i vassførekomstane i 2012 og miljømål i 2021 ev. 2027.
Fristar og unntak
Miljømåla skal i utgangspunktet bli nådd innan 2021. Om vesentlege kostnader eller andre tungtvegande omsyn gjer det vanskeleg å nå miljømåla innan 2021, kan forvaltningsplanen utsetje fristen for å nå målsettinga til neste planperiode (2027). Tiltak for å nå måla om reduksjon eller utfasing av prioriterte miljøgifter skal settast i verk utan opphald og seinast innan utgangen av 2020. Unntak frå vassforskriftas "standard miljømål" skal knytast til vassforkrifta §§ 9-12.
Brukarmål
I tillegg til standard miljømål kan ein setje eigne brukarmål for vassførekomstane. Døme på slike brukarmål kan vere:
Badevasskvalitet Eigna for sjømatnæring At ein kan ete fisken
Vasskvalitet for næringsmiddelindustri Jordbruksvatning
Eigna for rekreasjon Energiproduksjon
Vassforskrifta set ikkje krav om brukarmål for ein vassførekomst, men ein kan setje brukarmål som del av planarbeidet der det er ønskjeleg.
10
1.3 Arbeidet så langt
Alle vassområda, sektorstyresmaktar og regional referansegruppe har hatt høve til å kome med innspel til dokumentet. Viktige bidragsytarar har m.a. vore kommunane, Fylkesmannen, Fiskeridirektoratet, NVE og Statens vegvesen.
Trendar og vesentlege vassforvaltningsspørsmål i vassregionen og i det enkelte vassområdet var hovudtema på scenariokonferansen 9. mai 2012 på Skei. Konferansen var open. På konferansen vart trendar, utfordringar og brukarinteresser for regionen og i vassområda drøfta.
Fylkeskommunen har samanstilt dokumentet Vesentlege vassforvaltningsspørsmål. Datagrunnlaget er henta frå databasen Vann-nett. Vassområda har utarbeida dokumentet Innspel til vesentlege vassforvaltningsspørsmål frå vassområda. Detaljer om vassførekomstar og utfordringar i vassområda går fram av desse dokumenta. Innspel frå sektorstyresmaktar og medlemar av regional referansegruppe er trekt inn der dette er naturleg.
Kven har bidrege med kunnskapsgrunnlaget?
Målet for karakterisering av vassførekomstane er å få eit best mogleg miljøfagleg avgjerdsgrunnlag i planarbeidet. Det er behov for at alle som har data, bidreg med desse, slik at kunnskapsgrunnlaget blir best mogleg, og at ev. usikkerheit rundt faktisk miljøtilstand kan bli eliminert.
Fylkesmannen har hatt hovudansvaret for å hente inn data til databasen Vann-nett. Dei har det faglege ansvaret for å vurdere, samordne, kvalitetssikre og leggje inn data i Vann-nett.
Sektorstyresmakter er ansvarlege for å bidra med data og kunnskapsgrunnlag for sine felt.
Kommunane har supplert og kvalitetssikra data innanfor sine ansvarsområde. Fylkesmannen manglar tilbakemelding frå fleire kommunar. Datagrunnlaget kan difor vere noko mangelfullt for fleire kommunar.
Fylkesmannen har vurdert tilstanden for alle vassførekomstane opp mot nasjonale kriteria for miljøtilstand. For sjøområda har det vore nedsett ei arbeidsgruppe med Fiskeridirektoratet, Mattilsynet, Fylkeskommunen og Fylkesmannen, som saman har vurdert tilstanden. Resultatet har vore presentert for alle vassområdeutvala vinter/vår 2012, der Fylkesmannen har bedt om tilbakemelding på feil eller manglar. Karakterisering av tilstanden i vassførekomstane vart lagt fram for vassregionutvalet og regional referansegruppe 9. mai 2012.
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har lagt inn fysiske parametrar i Vann-nett. Dei har og gjeve innspel om kandidatar til svært modifiserte vassførekomstar ut i frå fysiske kriteria.
Økologisk status i desse vassførekomstane er i liten grad vurdert eller det manglar datagrunnlag for å vurdere dei. Statens vegvesen har bidrege med nye overvakingsdata frå vassdrag påverka av veg og trafikk.
Høyring av vesentlege vassforvaltningsspørsmål kan difor og oppfattast som høyring av kunnskapsstatus i Vann-nett så langt som ein var kome i juni 2012. Etter den tid er det lagt inn fleire data, slik at det har skjedd endringar i Vann-nett. Alle figurar og tabellar er oppdatert pr.
april 2013. Det føregår ein kontinuerleg arbeid med å legge inn eksisterande data og data frå ny overvaking. Fylkesmannen gjer og no ein jobb med å kvalitetssikre datagrunnlaget, slik at feil og manglar vert retta opp. Nasjonale styresmaktar vil rapportere risikovurderingar, påverknad til ESA innan 1. august 2013.
Dei fleste kart og figurar er laga ut i frå datagrunnlaget i databasen Vann-nett eller henta utifrå http://vann-nett.nve.no/portal/. Nokre tabellar er laga ut frå datagrunnlaget til databasen Lakseregistret.
11 Høyringsdokument og høyringsinnspel
Arbeidsutvalet til vassregionutvalet slutta seg til høyringsutkastet 18. juni 2012. Figurar og tabellar med data frå Vann-nett vart i ettertid oppdatert før dokumentet vart lagt ut på høyring 2.7.12.
Høyringsfristen gjekk ut 31.12.12.
Det kom inn 36 høyringsuttaler i høyringsperioden. Høyringsuttalene er summert opp i eit notat.
Høyringsinnspela kan summerast opp på følgjande måte;
Innspel som går direkte på dokumentet er vurdert, der det er sett behov er det gjort endringar i teksten.
Det har kome inn fleire innspel som går på klassifisering, vurdere påverknadar og liknande i einskilde vassførekomstar. Desse innspela vert sendt over til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane for oppfølging.
Mange av uttalene peiker på viktige tema og problemstillingar som ikkje er innspel direkte til sjølve dokumentet, men som er viktige å få diskutert og avklart i det vidare arbeidet med overvakingsprogram, tiltaksanalyser, tiltaksprogram og forvaltningsplan.
Fleire innspel er retta mot nasjonale styresmakter, t.d. utvikling av ny rettleiar – desse vert send over til nasjonale styresmaktar/ direktoratsgruppa
12
2 Vassregion Sogn og Fjordane
Vassregion Sogn og Fjordane grenser til vassregionane Hordaland, Vest-Viken, Glomma og Møre og Romsdal. Dei ulike vassregiongrensene føl nedbørsgrensene og ikkje dei administrative fylkesgrensene. Grensa for vassregion Sogn og Fjordane følgjer i hovudsak fylkesgrensa for Sogn og Fjordane, men med unntak av nokre mindre område som ligg i grenseområda mot nabofylka jf. kart.
Figur 2. Kart over vassregion Sogn og Fjordane, med vassområda Nordfjrod, Sunnfjord, ytre Sogn og Indre Sogn innteikna.
Vassregionen har fleire større verneområde, med Jostedalsbreen nasjonalpark som det største verneområdet. Jostedalsbreen er ein stor platåbre med mange brearmar og er den største breen på fastlandet i Europa. Mange vassdrag i indre strøk av vassregionen er påverka av smeltevatn frå bre.Sogn og Fjordane har (kjelde Miljøstatus);
10 nasjonale laksevassdrag og 4 nasjonale laksefjordar
36 vassdrag er verna mot kraftutbygging (verneplan for vassdrag I, II, III, IV).
56 vassdrag med laks og 125 vassdrag med sjøaure o 31 vassdrag har eller har hatt eigen laksebestand
o 25 vassdrag produserer litt laksesmolt eller har sporadisk oppgang av laks.
Geologi verkar inn på vasskvaliteten. Område med mykje tungt forvitrelege bergartar og lite lausmassar er følsame for forsuring. Område med mykje lausmassar eller som ligg under marin grense er meir robust mot forsuring. Opplysningar om vasstype og kvar einskild vassførekomst finn de i databasen Vann-Nett.
Vassregion Sogn og Fjordane er delt inn i vassområda Nordfjord, Sunnfjord, Ytre Sogn og Indre Sogn (Fig. 2). Det er valt ein vertskommune for kvart vassområde. Oversikt over vertskommunar og kontaktpersonar finn du på www.vannportalen.no/sognogfjordane under vassområder.
13 Tabell 1. Registrerte vassførekomstar pr. 17.11.13 i vassregion Sogn og Fjordane og vassområda Nordfjord, Sunnfjord, Ytre Sogn og Indre Sogn (kjelde Vann-nett)
Sogn og Fjordane Nordfjord Sunnfjord Ytre Sogn Indre Sogn Type vassførekomst Sum km2/km km2/km km2/km km2/km km2/km Elvar og bekkefelt: 1362 25537 279 5641 384 5374 380 4532 318 9989
Innsjøar: 462 668 80 170 124 171 115 69 143 258
Kystvatn: 130 4976 37 1320 30 1385 49 1974 14 298
Brakkvatn::
Grunnvatn: 59 138 26 50 4 10 8 11 21 68
Tall vassførekomstar/
Sum areal
2013 31321 422 7181 542 6940 552 6587 496 10613
2.1 Vassområde Nordfjord
Vassområdet har ein hovudfjord, Nordfjord, og ein mindre fjord /sjøområde kalla Frøysjøen.
Alle vassdrag som renn inn i Nordfjord og Frøysjøen høyrer med til vassområdet Nordfjord.
Kystområdet er avgrensa av Bremangerlandet / Kalvåg i sørvest og Stadtlandet i nord. Sjøområda i ytre del er avgrensa ut til ei nautisk mil utanfor grunnlina. Vassområdet grenser mot vassregion Møre og Romsdal i nord, og vassområda Sunnfjord og Indre Sogn.
Indre del av vassområde Nordfjord har høge fjell og brepåverka vassdrag med avrenning frå Jostedalsbreen. Utover i Nordfjord er nokre vassdrag påverka av Ålfotbreen i Bremanger. Dei ytre kyststrøka har mindre vassdrag. Nordfjord har 422 vassførekomstar (tabell 1.1)
Indre del av Nordfjord har status som nasjonalt laksefjord, grensa går ved Lote - Anda. Nasjonale laksevassdrag i vassområdet er Eidselva, Stryneelva og Oldenelva.
Vassområdeutvalet har utarbeid ein oversikt over viktige utfordringar i vassområdet. Dokumentet Innspel til vesentlege spørsmål om vassforvaltning frå vassområde Nordfjord er lagt ut på nettsida til vassområde Nordford. Innspel til dokumentet er gjort direkte til vassområdet.
Gloppen kommune er vertskommune for vassområde Nordfjord. Meir informasjon om vassområdet ligg utlagt på http://www.vannportalen.no/nordfjord.
Eit vassområde er ei avgrensa del av ein vassregion med eit eller fleire vassdrag med tilhøyrande grunnvatn og fjordområde/ kystvatn. Formålet med å dele inn i vassområde, er å etablere formålstenlege einingar på lokalt nivå for å gje faglege innspel til arbeidet på regionnivå (tiltaksvurderingar m. v.).
14 Hornindalsvatnet i Nordfjord er den djupaste innsjøen i Nord Europa med maks djupne på 514 meter. Utsikt mot Grodås (foto Kurt Skagen).
2.2 Vassområde Sunnfjord
Vassområde Sunnfjord strekkjer seg frå havet/kysten i vest til høgfjell på 1808 m.o.h. med delar av Jostedalsbreen nasjonalpark i aust. Vassområdet dekkjer i hovudsak 7 kommunar; Flora, Askvoll, Fjaler, Gaular, Førde, Naustdal og Jølster. I tillegg er delar av Hyllestad, Høyanger, Gloppen og Bremanger innafor vassområdet. Det er mange små og store øyar langs kysten av vassområdet.
Dei største fjordane er Dalsfjorden, Førdefjorden, Eikefjorden, Høydalsfjorden, og Nordalsfjorden. Alle vassdrag som renn inn i desse fjordsystema høyrer med til vassområde Sunnfjord. Kystområdet vert avgrensa i nord mellom Hovden og Frøysjøen. Området grensar mot vassområda Nordfjord, Ytre Sogn og Indre Sogn. Sjøområda i ytre del er avgrensa ut til ei nautisk mil utanfor grunnlina. Vassområdet har 542 vassførekomstar (tabell 1.2).
Delar av Dalsfjorden og Førdefjorden er nasjonale laksefjordar, og Gaula og Nausta er nasjonale laksevassdrag.
Vassområdeutvalet har utarbeid ein oversikt over viktige utfordringar i vassområdet. Dokumentet Innspel til vesentlege spørsmål om vassforvaltning frå vassområde Sunnfjord er lagt ut på nettsida til vassområde Sunnfjord. Innspel til dokumentet er gjort direkte til vassområdet.
Førde kommune er vertskommune for vassområde Sunnfjord. Meir informasjon om vassområdet finn du på http://www.vannportalen.no/sunnfjord.
15 2.3 Vassområde Ytre Sogn
Ytre del av Sognefjordsystemet høyrer med til vassområde Ytre Sogn. Åfjorden, Sognesjøen og Sognefjorden inn t.o.m. kommunane Vik og Balestrand er dei viktigaste sjøområda. Alle vassdrag som renn ut i desse sjøområda høyrer med til vassområdet. Området grenser mot vassregion Hordaland i sør ved Fensfjorden, vassområde Indre Sogn og Sunnfjord. Sjøområda i ytre del er avgrensa ut til ei nautisk mil utanfor grunnlina. Vassområdet har 552 vassførekomstar (tabell 1.3) Dei ytre delane av vassområdet er prega av mange mindre vassdrag. Vassdraga vert større og ofte meir regulerte innover i Sognefjorden.
Sognefjorden er ein nasjonal laksefjord. Yttergrensa for laksefjorden går mellom Ortnevik og litt sør for Høyanger sentrum. Vikja er eit nasjonalt laksevassdrag.
Vassområdeutvalet har utarbeid ein oversikt over viktige utfordringar i vassområdet. Dokumentet Innspel til vesentlege spørsmål om vassforvaltning frå vassområde Ytre Sogn er lagt ut på nettsida til vassområde Ytre Sogn. Innspel til dokumentet er gjort direkte til vassområdet.
Høyanger kommune er vertskommune for vassområde Ytre Sogn. Meir informasjon om vassområdet finn du på http://www.vannportalen.no/ytresogn.
2.4 Vassområde Indre Sogn
Indre del av Sognefjordsystemet høyrer til vassområde Indre Sogn. Leikanger og Aurland og kommunane innanfor høyrer med til Indre Sogn. Sognefjorden greiner seg ut i dette området og inneheld følgjande fjordarmar; Fjærlandsfjorden, Sogndalsfjorden, Lustrafjorden, Årdalsfjorden, Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden. Vassområdet grensar mot vassområda Ytre Sogn, Sunnfjord, Nordfjord og vassregionane Hordaland, Vest – Viken og Glomma. Vassområdet har 496 vassførekomstar (tabell 1.4).
Mange av vassdraga, spesielt på nordsida av Sognefjorden, er brepåverka med avrenning frå Jostedalsbreen. Området har mange mellomstore vassdrag.
Heile fjordsystemet i vassområdet ligg innanfor grensa til den nasjonal laksefjorden Sognefjorden.
Nasjonale laksevassdrag er Flåmselvi, Årøydalselvi, Lærdalselvi og Nærøydalselvi.
Vassområdeutvalet har utarbeid ein oversikt over viktige utfordringar i vassområdet. Dokumentet Innspel til vesentlege spørsmål om vassforvaltning frå vassområde Indre Sogn er lagt ut på nettsida til vassområde Ytre Sogn. Innspel til dokumentet er gjort direkte til vassområdet.
Aurland kommune er vertskommune for vassområde Indre Sogn. Meir informasjon om vassområdet finn du på http://www.vannportalen.no/indresogn.
16
3 Påverknadar og effekt på vassmiljøet i Sogn og Fjordane
3.1 Økologisk tilstandDen økologiske tilstanden i store deler av vassregionen er vurdert til å vere moderat, av og til dårleg. Resten av vassførekomstane er vurdert til å god tilstand, nokre stader svært god tilstand.
Figur 3 viser økologisk tilstand i elv, innsjø og kystførekomstar samla for heile vassregionen og for kvart vassområde.
Tilgjengelege og relevante opplysningar om vassførekomsten (miljøforhold, påverknadar m.a.) er nytta for å vurdere miljøtilstanden. Rettleiaren for karakterisering omtaler korleis ein kan vurdere miljøtilstanden når tilgangen på data er avgrensa.
Eit viktig grunnlag for å identifisere kva som gir moderat eller dårlegare tilstand i vassførekomstane er å identifisere påverknadsfaktorane. Alle påverknadar som kan ha eller kan kome til å ha effekt på vassmiljøet skal identifiserast. Vurdering av påverknadsfaktorane inngår som ein del av grunnlaget for å vurdere risiko for ikkje å nå miljømåla.
I pkt. 3.2 er det peika på kva for påverknadar som dominerer dvs. førekjem i flest vassførekomstar og dei mest vesentlege påverknadane (pkt. 3.3). Mindre påverknadar er ikkje omtalt.
17
18 Figur 3. Kartet viser økologisk tilstand i elv, innsjø og kystførekomstar for vassregionen og vassområda. Data frå Vann-nett 17.april 2013.
19
3.2 Påverknadar i vassførekomstane som førekjem oftast
Elvar, innsjøar, grunnvatn og kystområde er delt opp i vassførekomstar. Storleiken på vassførekomstane varierer mykje, frå nokre hundre meter i elvar/bekkefelt til store sjøområde.
Påverknadar på tal vassførekomstar treng ikkje å seie noko om areal, volum eller lengde på områda som er påverka.
Fleire påverknadar kan kvar for seg bety lite, men i sum kan dei likevel føre til at ein vassførekomst vert sett i risiko for ikkje å nå miljømåla.
Påverknadar som er registrert i flest vassførekomstar i vassregionen er (datagrunnlag frå Vann- nett);
Sur nedbør (langtransporter tureining). Sur nedbør har størst påverknad i den sør-vestre delen av regionen.
Fysiske inngrep, særleg frå vasskraftsanlegg
Deretter kjem lokal ureining. Biologisk påverknad er registrert i nokre vassførekomstar.
3.2.1 Vassdrag
Dominerande påverknad i vassdraga våre er påverknad frå sur nedbør og vasskraftreguleringar (Fig. 4 og 5). Sur nedbør er registrert i over 500 elvevassførekomstar og om lag 150 innsjøvassførekomstar. Vassdragsregulering påverkar knappe 300 elvevassførekomstar og 160 innsjøvassførekomstar. Dei fleste vassførekomstane er registrert med middels påverknadsgrad frå sur nedbør (elv og innsjøar) og vasskraftreguleringar (elv). Over 100 av innsjøvassførekomstane er registrert med stor eller svært stor påverknadsgrad av vasskraftreguleringar. Om lag 90 vassførekomstar er påverka av flaumverk og forbygging. Andre fysiske inngrep er fysisk endring av elveløp og vandringshinder. Nokre vassførekomstar er påverka av avrenning frå landbruk avløp. Datagrunnlaget frå påverknad frå landbruk og avløp er mangelfullt.
Figur 4. Samandrag av påverknadar i 1362 elveførekomstar. Tal referer til tal vassførekomstar som har ein middels, stor eller svært stor påverknad. Påverknadar med færre enn 5 registreringar er utelatt. Datagrunnlag frå Vann-nett 17. april 2013.
0 100 200 300 400 500 600
Annen diffus kilde Kloakkrenseanlegg Avrenning fra byer og tettsteder Vannuttak til fiskeoppdrett Dumping fylling av masser Fiskevandringshinder Fysisk endring av elveløp Avrenning fra jordbruket Flomverk og forbygninger Vannkraftregulering Sur nedbør
Middels grad Stor grad Svært stor grad
20 Figur 5. Samandrag av påverknadar i 461 innsjøførekomstar. Tal referer til tal vassførekomstar som har ein middels, stor eller svært stor påverknad. Påverknadar med færre enn 4 registreringar er utelatt. Datagrunnlag frå Vann-nett 17. april 2013.
Påverknad frå rømt oppdrettsfisk og laskelus på laks og sjøaure er satt til ukjent (sjå omtale i kap.
3.3.3.) og inngår difor ikkje som påverknad i fig. 4-6. Framande artar er ørekyt og Gyrodactylus salaris. Regnbogeaure er registrert i nokre få vassførekomstar.
3.2.2 Kyst
Kystvassførekomstane er delt inn i 130 vassførekomstar. Ureining er den største påverknaden i kystvassførekomstane (Fig. 6). Påverknaden er størst frå punktutslepp frå avløp/renseanlegg og industri. I nokre få vassførekomstar er det registrert påverknad frå fiskeoppdrett, søppelfyllingar og landbruk. Nokre vassførekomstar er påverka av fysiske inngrep som hamner, utfyllingar til veg og overføring av vatn mellom vassdrag.
Figur 6. Samandrag av påverknadar i 130 kystførekomstar. Tal referer til tal vassførekomstar som har ein middels, stor eller svært stor påverknad. Datagrunnlag frå Vann-nett 17. april 2013.
0 50 100 150 200
Avrenning fra jordbruk Fremmede arter Fiskevandringshinder Sur nedbør Vannkraftregulering
Middels grad Stor grad Svært stor grad
0 5 10 15 20
Annen diffus kilde Transport/infrastruktur Byer/tettsteder Søppelfyllinger Vei- og jernbaneutfylling Havner Overføringer mellom vassdrag Fiskeoppdrett Annen landbrukskilde Renseanlegg Industri
Middels grad Stor gard Svært stor grad
21
3.3 Dei viktigaste påverknadane i vassregionen Under vert dei påverknadar som det er viktig
for regionen å få gjort noko med omtalt.
Dette gjeld både påverknadar som dekker store areal og/eller er rekna for å vere dei største eller tyngste påverknadane i vassregionen.
Vesentlege påverknadsfaktorar er dei faktorane som gir påverknadsgraden middels til svært stor effekt på miljøtilstanden for ein vassførekomst. Graden (konsekvensen) av ein påverknad er vurdert på ein skala frå uvesentleg – liten – middels- stor – svært stor.
Omtalen av påverknadane under er i ein uprioritert rekkefølgje. Nokre påverknadar er i hovudsak reversible som for mykje tilførslar av næringsstoff frå t.d. landbruk, avløp, akvakultur. Andre påverknadar er meir irreversible som t.d. nokre fysiske inngrep, miljøgifter det er svært vanskeleg å i verksette tiltak mot og genetiske effektar av rømt oppdrettsfisk på villfiskbestanda
3.3.1 Ureining Sur nedbør
Langtransportert ureining dekker det største samanhengande geografiske området i vassregionen.
Sur nedbør fører til forsuring av vassdrag og jordsmonn og påverkar plante- og dyrelivet. Den største negative påverknaden av sur nedbør var på 1970- og 1980- talet. Det var då ei kraftig auke i forsuringsskadar på fiskebestandane i fylket og ¼ av arealet var rekna som å ha forsuringsskadar. Forsuring er truleg og ein medverkande årsak til at nokre laksebestandar har døydd ut i den sørvestlege delen av vassregionen.
Størst påverknad finn ein i den sørvestlege delen av regionen og på grensa mellom Gaular og Balestrand. Ytre Sogn og Sunnfjord har hatt dei største problema med forsuring. Kart over påverknad av sur nedbør er vist i figur 7. Berggrunnen i store delar av området er «harde og sure». Dette gjeld spesielt i fjellområda, der motstandsemna mot sur nedbør (bufferkapasiteten) er svært låg. Slike bergartar demmer lite opp for dei sure tilførslane i nedbøren. Området har normalt store mengder nedbør gjennom året. Sulfat er hovudkjelda til forsuring av ferskvatn i vassregionen. Andre kjemiske stoff føl og med den langtransporterte ureininga.
Eit område heilt nord i vassregionen har og eit forsuringsfølsam berggrunn/jordsmonn. Området her kan i periodar mota for mykje sur nedbør, men er mindre påverka enn den sørvestlege delen av regionen.
Boks 2
Vesentlege påverknadar:
Svært stor effekt:
Denne påverknaden åleine fører til at tilstanden for minst eit kvalitetselement er vurdert til dårlegare enn moderat vassmiljøtilstand.
Stor effekt:
Denne påverknaden åleine fører til at tilstanden for minst eit kvalitetselement er vurdert til dårlegare enn god vassmiljøtilstand.
Middels effekt:
Denne påverknaden åleine fører til at tilstanden for minst eit kvalitetselement er vurdert til dårlegare enn svært god vassmiljøtilstand, eller påverknaden kan i kombinasjon med effekten av andre påverknader føre til dårlegare enn god vassmiljøtilstand.
Ikke vesentlige påvirkninger:
Liten effekt:
Denne påverknaden åleine fører ikkje til at dagens tilstandsklasse i dag er forverra, men kan bidra til å forverre vassmiljøet i kombinasjon med andre påverknader.
Uvesentlig effekt:
Det er venta at denne påverknaden ikkje vil påverke dagens tilstandklasse for nokon av kvalitets-elementa, men kan eventuelt påverke andre miljømål for vassførekomsten, eller det er venta at ein effekt vil koma.
22
23
24 Figur 7. Påverknad sur nedbør i elv og innsjø for vassregionen og for kvart av vassområda. Datagrunnlag frå vann-nett 17.april 2013.
Det er påvist reduksjon i tilførselen av sur nedbør frå 1990- talet og fram til byrjinga av 2000- talet. Den positive utviklinga med mindre sur nedbør har dei siste åra stagnert. Den er likevel klart betre enn på 1990- talet.
Ein del aurebestandar har respondert positivt på dei reduserte tilførslene av sur nedbør i Sunnfjord og Ytre Sogn. I fleire vassdrag reknast ikkje vasskvaliteten som god nok for dei mest forsuringsfølsame artane av fisk og botndyr t.d. laks, insekt og sniglar.
Ureining frå, hamner, vegar, industri og gruvedrift
Akutte utslepp i Sogn og Fjordane er som regel knytt til transport av kjemikaliar, olje og drivstoff på vegnettet, eller via båtar og skip.
Avrenning av salt og tungmetall frå veg kan påverke livet i vatn. Undersøkingar av fire innsjøar i Sogn og Fjordane viser at salting ikkje påverkar vassmiljøet her. Med relativt korte vassdrag med stor vassutskifting er det også liten fare for påverknad av salting i vår vassregion. Det er likevel manglar i kunnskapen om salt og tungmetall frå veg.
Miljøgifter, som PCB, kvikksølv, bromerte flammehemmarar og PFOS vert spreidde med vind og havstraumar frå opphavlege kjelder langt unna og til Sogn og Fjordane.
Lokale kjelder til store miljøgiftutslepp har vore metallindustri og skipsverft i vårt fylke. No visar tal frå nettstaden Norske Utslepp at det vert slept ut mindre dioksin, PAH, tungmetall og fluor frå metallverka i Høyanger, Årdal og Svelgen enn tidlegare.
25 Ureining av Høyangsfjorden har ført til eit for høgt innhald av kadmium og bly i skjel og brun krabbeinnmat. Dei siste undersøkingane er frå 2011 og 2012. Det er innført kosthaldsråd mot å eta skjel og brun krabbemat. Det er også påvist noko ureining av kadmium i brosme (djupvassfisk), men målingane ligg under grenseverdien for å innføre kosthaldsråd.
I Årdalsfjorden er det funne for høge verdiar av PAH, bly og kadmium i skjel. Kosthaldsråd vart innført i 2002 mot å eta skjel.
Det er gitt eit nasjonalt kosthaldsråd mot å eta lever frå torsk langs heile norskekysten innanfor grunnlina særleg på grunn av for høge verdiar av dioksinar/PCB. I tillegg er det innført kosthaldsråd mot å eta brun krabbemat for gravide og ammande. Generelle nasjonale kosthaldsråd er og innført mot å eta nyre frå O-skjel og lever frå kamskjel.
Det er størst konsentrasjon av miljøgifter der ein finn tungindustri /verftsindustri. I Sogn og Fjordane er det registrert beskjedne mengder av miljøgifter utanom nærområda til tungindustrien.
Utslepp over lang tid har ført til at sjøbotnen utanfor hamneområde og skipsverft ofte har høge konsentrasjonar av miljøgifter. Slik ureining skadar miljøet lokalt og legg avgrensingar for bruk av nokre områder til fiske og oppdrettsverksemd, og krev varsemd og opprydding ved nye utbyggingsprosjekt.
Landbruk
Ureining frå landbruk kan forårsakast av avrenning frå silopressaft, avrenning frå gjødsellager, overgjødsling og gjødsling på ugunstige tidspunkt. Næringsstoff som renn ut i vassdrag og fjordar kan føre til ureining. Ein konsekvens av for mykje næringstilførsel er auka algevekst («groe» ,
«grønske»).
Foto Merete Farstad
Det er registrert påverknad frå landbruk i ein del vassførekomstar, men datagrunnlaget for å vurdere påverknad frå landbruk er mange stadar mangelfult. Det manglar tilbakemelding på datagrunnlaget frå ein del kommunar. Påverknaden frå landbruk kan vere både under- og overestimert i fig. 8. Meir lokalkunnskap om påverknad frå landbruk, kan føre til at fleire vassførekomstar får registreringar om landbrukspåverknad. Påverknad frå landbruk kjem ut som middels påverknad i nedslagsfeltet til nokre vassdrag i Sogn, Sunnfjord og Nordfjord. Påverknad frå landbruk for vassregionen og for det enkelte vassområde er vist på kartet i fig. 8. I område der kjelda til ureining ikkje er kjent, treng påverknaden ikkje vere representativ for heile vassførekomsten. I tillegg kan det vere diffus avrenning som gjeld delar av vassførekomstane.
26 Landbrukspåverknad utgjer truleg ikkje noko nemnande problem for store/vassrike elvar.
Landbrukspåverknad vil ofte vere meir tydeleg i mindre elvar og innestengde pollar.
27
28 Figur 8. Oversikt over påverknad frå landbru i vassregionen og for kvart vassområde. Kjelde vann-nett pr. 17. april 2013.
Akvakultur
Auka produksjon i matfiskanlegga fører til at det må produserast meir settefisk i settefiskanlegga.
Dei fleste settefiskanlegga har utslepp av næringsstoff og organisk materiale til indre del av terskelfjordar med redusert vassutskifting. Dei større anlegga har krav om, eller framtidige fristar for å reinse sine utslepp.
Dei største utsleppa av næringsstoff og organisk materiale kjem frå matfiskanlegga i sjø.
Oppdrettsanlegga i Sogn og Fjordane ligg stort sett i område som toler belastninga av auka tilførslar til vassførekomsten. Vanlegvis er den målbare påverknaden avgrensa til nærområdet ved anlegget, men i enkelte høve er det også sett effektar med større utstrekning, spesielt i mindre resipientar med dårleg utskifting av vatn ved botnen. Tre vassførekomstar i sjø som var karakterisert med mogleg risiko i juni 2012, har utslepp frå oppdrettsanlegg på land eller i sjø som medverkande eller største årsak til risikovurderinga. Det gjeld Indrefjorden i Arnafjord i Vik, Eikefjorden i Flora og Høydalsfjorden i Flora. Det er no semje mellom Fiskeridirektoratet og Fylkesmannen om risikovurderinga for Høydalsfjorden, vassførekomsten er no satt til ingen risiko.
Fiskeridirektoratet og Fylkesmannen er enno ikkje einige om risikovurderinga av dei to andre vassførekomstane, sjå avsnitt 6.2. Oppdrettsanlegga kan i tillegg ha utslepp av kopar frå notimpregneringsmidlar og legemiddel frå til dømes avlusing eller anna behandling av fisken.
Kommunale utslepp – avløpsvatn/kloakk
Kommunale utslepp kan føre til overgjødsling av vassdrag og fjordar. Sogn og Fjordane har mange små utslepp (mindre enn 50 personeiningar). Desse har ingen eller enkel reinsing. Vi har om lag 200 større utslepp (meir enn 50 p.e.). Dei fleste av desse har mekanisk reinsing, men nokre få tettstader har store utslepp med strengare krav til reinsinga. Dette gjeld Florø og Førde
29 med utslepp til sjø, og Byrkjelo med utslepp til ferskvatn. Meir informasjon om tilførslar frå kommunale avløp ligg på Miljøstatus.
Kloakkutslepp frå spreidd busetnad kan føre ureining av vassdraga. Særleg til elvar som har lita vassføring. Det er i dag ingen fullgod oversikt over kva for konsekvensar spreidd avløp har på biologisk mangfald i vassdraga.
3.3.2 Fysiske inngrep Vasskraft
I vassregionen er det gitt om lag 100 konsesjonar inkludert småkraftverk og 155 konsesjonsfrie mini- og mikrokraftverk. Om lag 12-13 % av energiproduksjonen på landsbasis kjem frå vasskraftverk i Sogn og Fjordane. Dei fleste større vasskraftutbyggingane i Sogn og Fjordane skjedde mellom 1950 og 1990. Bygging av mikro, mini- og småkraftverk har vorte vanleg utover 2000- talet. Kart over vasskraftproduksjonen i dag går fram av Fig. 9.
Vasskraftutbygging har ført til mindre produksjon av innlandsfisk, laks og sjøaure i mange vassdrag. Nokre fiskebestandar er kritisk truga eller utdøydd pga. av vasskraftutbygging.
Figur 9. Kart med oversikt over vasskraftproduksjon i dag i Sogn og Fjordane vassregion (kjelde Vann-nett)
Vasskraftsutbygging kan føre til betydelege hydrologiske endringar i vassdraga og store fysiske inngrep. Tabell 2 viser oversikt over regulerte vassdrag med bestandar av laks og sjøaure.
Vassføringa i regulerte vassdrag vert endra gjennom året. Dette kan ha innverknad på temperatur og vasskvaliteten. Mindre vatn på elvestrekningane kan og føre til auka ureiningsproblem pga.
manglande fortynningseffekt
30 Tab. 2 Regulerte laksevassdrag i Sogn og Fjordane i 2006 (www.lakseregisteret.no)
Region Tal elvar med laks
Regulerte lakseelver
Tal elvar med sjøaure
Regulerte sjøaureelver
Sogn 23 12 54 24
Sunnfjord 13 5 28 7
Nordfjord 18 2 38 6
Vasstanden i innsjøar eller reguleringsmagasin går opp og ned, noko som fører til erosjonssoner.
Hurtige reguleringar av vasstanden (effektkjøring) opp og ned i vassdrag kan føre til stranding av fisk. Tapping frå djupvatnet i reguleringsmagasina kan føre til lågare temperatur på den strekninga som får tilført vatn. Dei fleste reguleringsmagasin tapper vatnet frå djupvatnet der vasstemperaturen held om lag 4-5 grader heile året. Dette fører ofte til at vasstemperaturen på elvestrekninga nedanfor utløpet frå kraftverket får lågare sommartemperatur og høgare vintertemperatur. Dette kan igjen føre til lågare produksjon av fisk og andre vasslevande organismar.
Tapping av Bergsvatnet i Høyanger. Foto Arvid Fimreite
I regulerte vassdrag kan vatn bli overført frå eit vassdrag til eit anna. Dette kan endre både vasstemperatur og vasskvaliteten i vassdraga. Surt eller ureina vatn kan verte overført frå eit vassdrag til eit anna vassdrag. Fiskeartar og andre artar kan og verte ført over til nabovassdrag.
Vassføringa gjennom året vert endra både ved at flaumar utblir eller blir svært reduserte. Dette kan føre til meir sedimentering av finpartiklar i vassdraget. Utvandring av smolt frå vassdraga om våren og oppvandring av gytefisk kan verte påverka av manglande flaumar.
I nokre vassdrag går utslepp av kraftvatn direkte i sjø og ikkje tilbake til vassdraget vatnet kjem i frå. Fjordsystema vil få endra avrenningsmønster både gjennom endra vassføringsregime gjennom året frå vassdraga og ved direkte utslepp av kraftvatn til sjø. Konsekvensane av endra ferskvasstilførslar gjennom året til kystvatn, er det lite kunnskap om. Både saltholdigheit, temperatur og straummønster kan bli påverka. Endingar i slike fysiske tilhøve, kan føre til endring av leveområda for ulike artar.
31 Biologiske konsekvensar av vasskraftsutbygging kan vere mange. Ofte vert fiskebestandane i vassdraget redusert og av og til døyr dei ut. Gytebekkar vert øydelagde eller vert avgrensa av mindre vatn i kritiske tider på året. I mange konsesjonar er det stilt vilkår om avbøtande tiltak.
Mange av desse går på utsetting av fiskeungar. Andre tiltak kan vere å betre dei fysiske tilhøva ved å legge ut nytt gytesubstrat, å endre vassføringa i kritiske periodar etc.
Vasskraftproduksjon påverkar liv både i og ved vassdragsstrengen, slik som fugl, rein, lav, mosar mv.
Det er vanskeleg å isolere påverknaden av vasskraftregulering på laks og sjøaurebestandane.
Fiskebestandane kan og vere på verka av forsuring, sjukdommar (herunder lakselus), parasitter, rømt oppdrettsfisk, og for høgt uttak av fisk (fangst).
Kandidatar til svært modifiserte vassførekomstar (kSMVF)
Dei fleste kandidatar til svært modifiserte vassførekomstar (kSMVF )er knytt til regulerte vassdrag (fig. 10). Vasskraftproduksjonen påverkar og avrenningsmønsteret til fjordområda. Nokre fjordarmar er av den grunn satt til kSMVF . Kunnskapen om konsekvensane av endra ferskvasstilførsel er mangelfull. Nokre av kandidatane til svært modifiserte vassførekomstar er knytt til flaum og erososjonssikring. Tabell 3 viser oversikt over førebels framlegg til kSMVF registrert i vann-nett pr. 17. april 2013.
Tabell 3. Oversikt over tal registrert framlegg til sterkt modifiserte vassførekomstari (kSMVF) vann-nett pr. 17.april 2013.
Vass-
førekomstar Sogn og
Fjordane Nordfjord Sunnfjord Ytre Sogn Indre Sogn
Elvar og bekkefelt 1361 208 33 16 53 106
Innsjøar 458 153 26 17 47 62
Kystvatn 130 1 0 1 0 0
32
33
34 Figur 10. Oversikt over vasskraftsanlegg og kandidatar til svært modifiserte vassførekomstar (kSMVF) for vassregionen og oversikt over berre kandidatar til svært modifiserte vassførekomstar (kSMVF) For vassregionen og kvart vassområde. Kjelde vann-nett pr. 17. april 2013.
35 Vandringshindre
Det er registrert ein del vandringshindre for fisk i regionen i samband med veg. Dette gjeld i hovudsak mindre sjøaurevassdrag. Vasskraftutbygging og setjefiskanlegg utgjer også vandringshinder i ein del vassdrag. Dette gjeld både på grunn av vassuttaket og fordi det vert bygd fysiske hindringar med inntaksdammar og vandringssperrer. Kunstige vandringshinder på anadrom strekning er lagt inn som påverknad under aktuell vassførekomst i Vann-Nett.
Statens vegvesen har fått utført kartlegging av vandringshindre langs ein del riks- og fylkesvegar i vassregionen. LFI Uni Miljø rår til at det vert utført tiltak i 5 bekkeløp med vandringshinder og 6 andre bekkeløp med utbetringspotensiale, jf. rapport våren 2013. Dei fleste av desse gjeld vegkulvertar som Statens vegvesen har ansvar for, men nokre tiltak gjeld også den aktuelle kommunen.
Vandringshinder i Vikja Foto: Merete Farstad
Kanalisering og forbygging av elv
Forbygging eller erososjonssikring av elv kan øydelegge den varierte elvekanten. Sideløp og flaumløp kan bli avstengte. Sideløpa kan vere viktige oppvekstområde for fisk.
I samband med landbruk, vasskraftutbygging og anna aktivitet er mange elver blitt retta ut (kanalisert). Elvestrengar vert kortare. Kanalisering fører til endra hydrologisk regime med m.a.
raskare gjennomstrøyming av vatnet. Ofte vert kanalen meir homogen og fisken får færre plassar til å skjule seg. Kulpar for større fisk forsvinn. Sogn og Fjordane har svært mykje førebygde og kanaliserte elvestrekningar.
36 3.3.3 Biologisk påverknad
Påverknad på laks og sjøaurebestandar
Sogn og Fjordane har 33 laksebestandar og 109 sjøaurebestandar (tabell 4). Berre ein laksebestand har tilstanden god. Alle dei andre bestandane er moderat påverka eller i dårlegare tilstand enn moderat. Dei fleste laksebestandane har tilstandsklasse dårleg. Tilstanden i fem bestandar er svært dårleg. Om lag halvparten av sjøaurebestandane har moderat tilstand. Kunnskapsgrunnlaget er for lågt til å vurdere tilstanden i om lag 25 % av bestandane.
Direktoratet for naturforvaltning (DN) har vurdert kva for faktorar som påverkar villfisken negativt. Bruk av data, målemetodar og effektindikatorar for å vurdere rømt oppdrettsfisk og lakselus på villfisk er ikkje omforent mellom Direktoratet for naturforvaltning, Mattilsynet og Fiskeridirektoratet. Mattilsynet og Fiskeridirektoratet meiner at vurderingskriteria brukt i Lakseregisteret for å vurdere påverknad frå rømt oppdrettsfisk og lakselus på villfisk ikkje kan nyttast.
Tabell 4 Oversikt over tilstandsklasse for laks- og sjøaurebestandar i Sogn og Fjordane (kjelde lakseregisteret pr. 17.4.2012)
Tabell 5 Oversikt over kva faktor som er avgjerande for å bestemme tilstanden til laks og sjøaure (kategoriplassering). Tala viser tal bestandar som er påverka av den enkelte påverknadsfaktor (kjelde Lakseregisteret 17.4.13).* Grad av påverknad frå rømt oppdrettsfisk og lakselus er satt på hald inntil nye styringssignal frå departementa ligg føre.
Laks Sjøaure Ikkje
sjølvreproduserande bestand
21 11
God 1 29
Moderat påverka 4 54
Dårleg 18 1
Svært dårleg 5
Kritisk eller tapt 5
Usikker
kategoriplassering
25
sum 54 120
Tal bestander 33 109
Laks Sjøaure
Forsuring 8 3
Vassdragsregulering 6 28
Andre fysiske
inngrep 2 17
Jordbruk 0 5
Gyrodactylus salaris 1
Lakselus udef.* udef.*
Rømt oppdrettsfisk udef.*
Anna ureining 0 1
Beskatning 0 0
Anna forhold 0 6
Boks 3 Lakseregisteret
Direktoratet for naturforvaltning har etablert lakseregisteret til bruk for forvaltninga med opplysningar og vurderingar av laks-, sjøaure- og sjørøyebestandar. Registeret gir m.a. ein oversikt over fangststatistikk for elvefiske, vurdering av bestandstilstand og
påverknadsfaktorar, kart som viser utløp av vassdrag, nasjonale laksevassdrag og fjordar.
Data er henta frå fylkesmennene, Statistisk sentralbyrå og Direktoratet for
naturforvaltning (DN).
Bestandstilstanden er vurdert i forhold til 12 påverknadsfaktorar.
37 Boks 4 Varslingsindikatorar
Varslingsindikator Rømt oppdrettsfisk Som varslingsindikator for rømt oppdrettsfisk vert det føreslege å overvake andel rømt oppdrettsfisk i utvalt elvar ved å registrere andel rømt fisk på gyteplassen om hausten (haustprosent), ev supplert med data frå sportsfiske i elva (årsprosent). Ved moderat til høg andel rømt oppdrettsfisk vil ein vurdere tiltak og undersøke om det det har skjedd genetisk påverknad av villaksen ved hjelp av genetiske analyser. Kvalitetsnorma for laksefisk, utarbeid av Miljøverndepartementet, vil sette grensene for analysane i samband med tilstandsklassifiseringa av laksefisk.
Varslingsindikator Lakselus
Som varslingsindikator for lakselus er det føreslege å modellere kor mykje lakselus oppdrettsanlegga slepp ut basert på eit visst geografisk område. Ved moderat til høgt smittepress, vil ein vurdere kor stort påslag av lakselus det er på villfisken i eit område.
Endelege terskelverdiar for varslingsindikator er så langt ikkje etablert.
Kjelde: Meld. St. 22 (2012-2013)
Meir informasjon finn du i Lakseregisteret. Tab. 5 viser oversikt over kva for påverknadsfaktorar som har vore avgjerande for kva for tilstandsklasse fiskebestandane er plassert i. Fleire påverknadar kan innverke negativt på ein fiskebestand. Ein bestand kan t.d. vere påverka av vassdragsregulering, sur nedbør, rømt oppdrettsfisk og lakselus samstundes.
Påverknad frå rømt oppdrettsfisk og laskelus – nasjonale prosjekt og styringssignal Miljøverndepartementet arbeidar no med ein
kvalitetsnorm for laksefisk med heimel i naturmangfaldloven § 13. Han vil vurdere krav for god tilstand for laksefisk og korleis ein kan måle dette. Det vert lagt opp til bruk av indikatorar og grenseverdiar for å vurdere status i den einskilde bestand – også for rømt oppdrettsfisk i gytebestand og lakselus på villaks.
Normen vil vere eit verkty for miljøvernstyresmaktane og andre styresmaktar i saker som har relevans for villaksen. Normen skal klårgjere nasjonale målsettingar for den einskilde villaksbestand, basert på vurderingar av produksjon, genetisk integritet og høve til hausting. Normen har vore ute på høyring med høyringsfrist 1.3.13.
Fiskeri- og kystdepartementet har nyleg utarbeid ein Stortingsmelding «verdens fremste sjømatnasjon» (Meld. St.22 2012-2013).
Meldinga vart lagt fram 22. mars 2013.
Stortinget vil drøfte kva som skal vere akseptabelt miljøavtrykk frå matproduksjonen i kystsona. Berekraftindikatorar og grenseverdiar knytt til rømming av oppdrettslaks og spreiing av lakselus står omtalt i kap. 11. Det er føreslege å etablere målemetodar for å overvake og måle påverknad frå rømming og lakselus. Ved overskriding av grenseverdiar i varslingsindikatoren skal det vurderast om det skal settast i verk tiltak. Grenseverdien for
påverknad er føreslege som Ingen/liten, moderat og stort sannsyn for påverknad, illustrert i fig. 11.5 i St. meldinga.
Ordninga med indikatorar, grenseverdiar og aktuelle tiltak vil bli sett fast i forskrifter heimla i matloven og akvakulturlova. Sektorstyresmaktar for påverknad frå rømt oppdrettsfisk og lakselus er høvesvis Fiskeridirektoratet og Mattilsynet. Direktoratet for naturforvaltning har ansvar for vill laksefisk.
Arbeida nemnt over vil bidra til eit betre kunnskaps- og vurderingsgrunnlag om villaks og de menneskeskapte faktorane som villaksen er påverka av. Dei kan brukast for å oppdatere karakteriseringsresultatet i Vann-nett. Departementa er ikkje ferdige med dette arbeidet, og difor vert karakterisering ift. lus og rømming satt på hald i vassregionane inntil nye styringssignaler frå