• No results found

Seiridium sp.

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Seiridium sp."

Copied!
2
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

Vol.7 Nr.101W - 2003

Seiridium sp.

Venche Talgø og Arne Stensvand, Planteforsk Plantevernet

E-post: [email protected]

Vertplanter

Soppen Seiridium sp. vart funnen på ein prøve frå ein skadd tujahekk (Thuja occidentalis

’Falke’) i Fredrikstad i juli 2002 (Fig. 1). Vi kjenner ikkje til at denne soppen er påvist tidlegare her i landet.

Det vart tatt ut nye prøvar av hekken i

Fredrikstad seint på hausten i 2003 (midten av november). Hekken hadde då store skadar, men Seiridium vart ikkje påvist på ny. Det er vurdert eit nytt prøveuttak sommaren 2004.

Ved det siste prøveuttaket vart det funne mykje Pestalotiopsis sp. og Phomopsis sp.

Begge desse soppane er kjende skadegjerarar på tuja.

Seiridium er rapportert som skadegjerar frå alle verdsdelar utanom Afrika Artar innan slektene sypress (Cupressus), Chamaecyparis, Cryptomeria, mammuttre (Sequoia),

Cupressocyparis, furu (Pinus), einer (Juniperus) og tuja (Thuja) kan vera vertplanter.

Fig. 1 Sporar av Seiridium sp. frå skadd tujahekk i Fredrikstad (2002). Foto: E. Fløistad

Symptom og biologi

Seiridium cardinale er kjent for å føra til alvorleg visning av nåler og skot på kjempetuja (Thuja plicata) og sypress (Cupressus) i områda langs vestkysten av Canada, og kreftsår på kystmammuttre

(Sequoia sempervirens) på vestkysten av USA (nord for San Francisco). På kystmammuttre opptrer skadane flekkvis i bestanda, ofte der det er dårleg jord. Særleg i

varme, tørre, sørvendte bakkar finn ein tre med daude greiner og toppar. Det er mest vanleg at små tre vert angrepne og då som regel på dei nedre greinene fyrst. På større tre dør toppane. På infiserte greiner

vert barken litt innsokken, og det vert utflod av kvae.

På New Zealand er denne soppen eit stort problem på Cupressus macrocarpa (Fig. 2-4).

Soppen er rapportert som problematisk på sypress i varme, fuktige strok i Hellas, Italia, Jugoslavia, England og Sveits. I desse landa fører Seiridium til sakte, men progressiv tilbakedauding av bark og skot. Arten S. cardinale har ført til store tap i

sypressplantingar i Europa. Det er mogeleg at det norske klimaet ikkje er ideelt for denne soppen, men sidan soppen er påvist her til lands, bør ein vera merksam på den dersom ein finn kreftsår på tuja eller andre bartre.

Sporane (konidiane) vert produserte i slimdråpar frå sporehus (acervuli) 5-8 veker etter at barken daudar. Sporane vert spreidde med vassdråpar over korte avstandar og med insekt over lengre avstandar. Ulike billeartar er vektor for soppen.

Frå utlandet vert det sagt at mindre tre som vert såra ved klypping, er mest utsette

for Seiridium. Etter skjering av hekkar og ved barproduksjon, vert det mange

Soppsjukdom

Samandrag

I Noreg vart soppen Seiridium funnen i 2002 på ein skadd tujahekk i Fredrikstad. Frå andre stader i verda er det kjent at denne soppen dannar kreftsår og fører til visning av nåler og skot.

Summary

Seiridium causes canker and dieback on a number of conifers worldwide. In Norway this fungus was identified in 2002 on Thuja occidentalis.

(2)

Talgø, V. & A. Stensvand. 2003.Seiridiumsp.Grønn kunnskape7(101W):1-2 2

Vol.7 Nr.101W - 2003

inngangsportar, som soppen kan infisera gjennom.

Tiltak

I 2000 vart det rapportert at sanitære tiltak som fjerning og destruering av infiserte greiner og sterkt infiserte tre, i tillegg til bruk av kjemiske middel, ikkje såg ut til å dempa Seiridium-epidemien i Europa. Dei beste resultata var oppnådde ved resistensforedling.

Frå 1990 har fire klonar av sypress, som er resistente mot Seiridium-kreft, vore

kommersielt tilgjengelege i Europa (patenterte).

Fig. 2. Pinus radiata som har vorte gul i baret på grunn av at greina er i ferd med å verta ringa av kreftsår etter angrep av Seiridium. New Zealand, februar 2003.

Foto: V. Talgø

Fig. 3. Pinus radiata med sprokken bark på grunn av angrep av Seiridium. New Zealand, februar 2003.

Foto: V. Talgø

Fig. 4. Under barksprekken på denne Pinus radiata var vevet misfarga og greina ringa på grunn av angrep av Seiridium. ew Zealand, februar 2003.N

Foto: V. Talgø

Prosjekttittel:Kartlegging og bekjemping av skadegjerarar i klyppegrønt- og juletreproduksjonen (2001-2003) Finansiering: SND, NGF, eigeninnsats

Styringsgrupppe:

Harald Rømuld (prosjektansvarleg), Norsk Pyntegrønt Terje Pundsnes (leiar for styringsgruppa), Pyntegrøntringen Inger Hilmersen, Norsk Gartnerforbund Morten N. Andersen, Det Norske Skogselskap

Tønnes Straum, produsent Arne Stensvand (fagleg ansvarleg) og Venche Talgø, Planteforsk Plantevernet

Kjem som vedlegg til Norsk Pyntegrønt hausten 2004

ISBN 82-479-0447-0 Cupressus macrocarpa som har vorte gul i baret

på grunn av at greina er i ferd med å verta ringa av kreftsår etter angrep av Seiridium. New Zea-

land, februar 2003. Foto: V. Talgø Under barksprekken på denne Cupressus macrocarpa var vevet misfarga og greina ringa på grunn av angrep av Seiridium. New Zealand, februar 2003. Foto: V. Talgø

Cupressus macrocarpa med sprokken bark på grunn av angrep av Seiridium. New Zealand, feb- ruar 2003. Foto: V. Talgø

Artikkelen er revidert 31.3.2006

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

acetylation and expression of cellulose active enzymes was delayed for acetylated 42.. samples compared

Halvard Høilund-Kaupang, Peter Blom, Sivert Uvsløkk og Lars Gullbrekken Beregning av kuldebroverdier for golv på

forsske metodene rned luftundertryklc i rommene eller luftovertrykk i taket. Sb snart det blir varmegrader i uteluften om vfLren mO alle slrLtene bpnes, sii taket

Dette kan skyldes at selv om Dyneema notlin har høyere bruddstyrke så vil motstanden mot abrasjon (gnag) være lavere siden tråden er tynnere3. STIKKORD NORSK

Noen uker i forkant av innleggelsen hadde kvinnen hatt samme symptomer rundt høyre mamma, som da hadde gått spontant tilbake.. Ved nærmere anamnese kom det frem at pasienten hadde

Kontaktraten på grunn av forgiftning økte for både kvinner og menn i løpet av perioden (fig 1).. Antall legemiddelforgiftninger økte i mindre grad enn antall øvrige forgiftninger

Tabell 4.2 Oversikt over målinger og beregninger for utslipp av ett skudd av blyholdig og blyfri ammunisjon skutt med våpnene Colt C8, HK416 og AG-3.. For 5,56 mm ammunisjon

Sammenlignet med ”spiking” av jord etter alternativ 1 ved bruk av beholder 3, gir direkte tilsetning av 200 µl standard til jord i sentrifugerør omtrent ingen endring i utbyttet