• No results found

Fylkesmannen i Møre og Romsdal

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Fylkesmannen i Møre og Romsdal"

Copied!
5
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

Postadresse:

Fylkeshuset 6404 Molde

Telefon:

71 25 84 43

Telefax:

71 25 85 10

E-post:

postmottak@fmmr.no

Web:

www.fylkesmannen.no

07.10.2014 2011/78/RESC/471

Saksbehandlar, innvalstelefon Dykkar dato Dykkar ref.

Senioringeniør Reidun Sofie Schei

Ørsta Kommune Daleveien 6 6153 ØRSTA

Inspeksjonsrapport - 2014.134.I.FMMR

Inspeksjon hjå Ørsta kommune på Åmbøhola avfallsplass (deponi i etterdrift).

Dato for inspeksjonen: 10.09.2014 Til stades under inspeksjonen Frå verksemda:

Magnar Selbervik Frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal:

Reidun Sofie Schei Magnus Tornes Nabo til verksemda:

Olav E. Hovdenakk

Resultat frå inspeksjonen

Denne rapporten omhandlar resultat frå inspeksjon 10.09.2014 ved Ørsta kommune som eigar av Åmbøhola avfallsplass. Rapporten har status som foreløpig. Dersom vi ikkje får nokon tilbakemelding om faktiske feil eller mistydingar i rapporten innan to veker etter at rapporten er motteke, er rapporten å rekne som endeleg.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal avdekka 2 avvik og 1 merknad under inspeksjonen. Desse er nærmare omtala frå side 4 og utover i rapporten.

Avvika omhandlar:

Kommunen har ikkje laga ei tilfredsstillande topptetting av deponiet

Ansvar og rutinar for etterdrift manglar i kommunen sin internkontroll

For at Fylkesmannen i Møre og Romsdal skal kunne avslutte saken, må verksemda sende dokumentasjon på at avvika er retta innan 31.12.2016. Oppfølging etter tilsynet er nærmare omtalt på side 3. Vi vil til slutt takke for god mottaking og godt samarbeid under tilsynet.

Med helsing

Anne Melbø Magnus Tornes

fagansvarleg (e.f.)

Dokumentet er elektronisk godkjent og har ingen signatur.

Kopi:

Knut Gunnar Aambø 6156 Ørsta

Olav E. Hovdenakk Åmås 6150 Ørsta

(2)

Informasjon om verksemda

Ansvarleg verksemd Namn: Ørsta kommune Organisasjonsnr.: 939461450

Besøksadresse: Dalevegen 6, 6153 Ørsta Telefon: 70 04 97 00 Bransjenr. (NACE-kode): 84.120 - Offentlig

administrasjon tilknyttet helsestell, sosial virksomhet, undervisning, kirke, kultur og miljøvern

E-post:

postmottak@orsta.kommune.no

Kontrollert anlegg

Namn: Åmbøhola avfallsdeponi Anleggsnr.: 1520.0094.01

Kommune: Ørsta Anleggsaktivitet: Etterdrift

Kontroll nr.: 2014.134.I.FMMR Risikoklasse: 3

Løyve gitt: 11.08.2006 Løyve sist oppdatert: -

Bakgrunn for inspeksjonen

Rapporten er utarbeida etter eit tilsyn den 10.09.2014 ved Åmbøhola avfallsdeponi i Ørsta kommune. Tilsynet er ein del av ein landsdekkande aksjon retta mot deponi. Fylkesmannen i Møre og Romsdal gjennomfører ein aksjon retta mot nedlagte deponi i fylket.

Informasjon om kontrollen

Inspeksjonstema:

Avslutning av deponiet

Etterdrift

Måleprogram for deponiet

Prøvetaking

Vi vil gjere merksam på at ikkje alle sider av verksemda som kan ha noko seie for ytre miljø, vart granska ved kontrollen. Verksemda må sjølv aktivt utøve internkontroll, avdekkje feil og manglar og setje i verk nødvendige tiltak. Denne rapporten omhandlar avvik som vart funne under inspeksjonen og gir inga fullstendig tilstandsvurdering av verksemda sitt miljøarbeid eller miljøstatus.

Definisjonar

Avvik: Brot på krav fastsett i medhald av helse-, miljø- og sikkerhetslovgivningen

(til dømes krav i forureiningslova, forskrift heimla i forureiningslova, IK-forskrifta eller krav og vilkår fastsatt i utsleppsløyve eller dispensasjonar, samt verksemda sine eigne rutinar for å oppfylle styresmaktene sine krav)

Merknad: Eit tilhøve som ikkje blir omfatta av definisjonen på avvik, men som

tilsynsetatane meiner det er rett å peike på då det har eller kan ha noko å seie for å ta vare på det ytre miljø.

Andre tilhøve: Saker som framkom under inspeksjonen og som det kan være nyttig å kjenne til for verksemda og saksbehandlarar. Her kan det bli gitt kommentarar til tema som ble tatt opp under inspeksjonen, men der det ikkje ble gitt avvik eller merknad.

(3)

Oppfølging etter inspeksjonen

Verksemda pliktar snarast å rette opp dei avvika som vart funne. For at Fylkesmannen i Møre og Romsdal skal kunne avslutte saken, må verksemda sende oss dokumentasjon på at avvika er retta innan 31.12.2016.

Vi ber dykk om å stile svarbrevet eller e–post (fmmrpostmottak@fylkesmannen.no) til Fylkesmannen i Møre og Romsdal merka med saksnummer.

Pålegg om skriftleg tilbakemelding er gitt i heimel i forureiningslova § 49. Dykk kan klage på vedtaket, jf. forvaltningslova § 14, og klagefristen er da 3 dagar. Ein eventuell klage grunngis og sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Informasjon om tvangsmulkt

Om verksemda ikkje innan rimeleg tid kan dokumentere at tiltak i forhold til dei omtala avvika er satt i verk, kan Fylkesmannen vurdere å fatte vedtak om tvangsmulkt. Ei eventuell tvangsmulkt vil bli vedteke med heimel i forureiningslova § 73, men vil bli varsla nærare før vedtaket.

Gebyr for inspeksjonen

Verksemda skal betale gebyr for kontrollen, jf. forskrift om begrensning av forurensning (forureiningsforskrifta) § 39-7 om gebyr for kontroll i verksemder utan løyve. Gebyret skal dekke kostnadar i samband med førebuing, gjennomføring og oppfølging av kontrollen.

Forskrifta er tilgjengeleg på www.lovdata.no eller han fåast ved å kontakte Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Verksemda vart varsla om gebyr på tilsynet og i e-post datert 04.09.2014. Tilsynet ved Åmbøhola avfallsdeponi er plassert i gebyrsats 3. Dette følgjer at Ørsta kommune skal betala 11 600,- kr i gebyr.

Vedtaket om gebyrsats kan påklagast innan tre veker etter at de har motteke rapporten jf.

forureiningsforskrifta § 41-5 og forvaltningslova § 28. Ein eventuell klage bør stiles til Miljødirektoratet og sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Klaga blir ikkje gjeve oppsettande verking og det fastsette gebyret må difor betales i samsvar med det som er nemnt over. Dersom Miljødirektoratet aksepterer klaga vil for mykje innbetalt bli refundert.

Faktura med innbetalingsblankett vil bli sendt frå Miljødirektoratet.

Offentlegheit i forvaltninga

Denne rapporten vil vere open for offentligheita via postjournalen til Fylkesmannen til Møre og Romsdal (jf. offentleglova). I tillegg vil rapporten vere tilgjengeleg på

www.norskeutslipp.no

Regelverk

Dei viktigaste HMS - krava for bransjen finn de på www.regelhjelp.no. Meir informasjon finn de også på Miljødirektoratet si heimeside www.miljødirektoratet.no og

www.lovdata.no.

(4)

Heimlane for avvik i denne kontrollen er i følgjande regelverk:

Lov om vern mot forurensninger og om avfall (forurensningsloven) av 13. mars 1981

Forskrift om gjenvinning og behandling av avfall (avfallsforskriften) av 1. juni 2004

Forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid i virksomheter (internkontrollforskriften) av 6. desember 1996

Tilsynet har elles tatt utgangspunkt i:

 Ambøhola avfallsdeponi. Varsel om pålegg om forbetring av tildekking, fastsetting av overvakingskrav og tinglysing av hefte; brev frå fylkesmannen datert 11.08.2006.

 Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen i Møre og Romsdal

 Verksemda sin eigen dokumentasjon knytt til den daglege drifta og tilhøve som har noko å seie for helse/miljø/sikkerheit

 Informasjon frå nabo Olav E. Hovdenakk

Avvik

Fylkesmannen avdekka følgjande avvik under inspeksjonen:

Avvik 1

Kommunen har ikkje laga ei tilfredsstillande topptetting av deponiet Avvik frå:

Lov om vern mot forurensninger og om avfall (forureiningslova) § 7 Kommentar:

Kommunen må oppdatere avslutningsplana sendt oss 31.10.2006 som sikrar ein forsvarleg sikring av deponiet i ettertid. Planen skal ta utgangspunkt i Veileder til deponiforskriften (TA-1951/2003) punkt 4.5 og 5.7. Det må leggast spesielt vekt på topptetting og eventuelle andre tiltak for å redusere nedbørsavhengig infiltrasjon.

Topptettinga av deponiet skal vere ferdig innan utgangen av 2016.

Avvik 2

Ansvar og rutinar for etterdrift manglar i kommunen sin internkontroll Avvik frå:

Forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid i virksomheter (internkontrollforskrifta) § 5 andre ledd nr. 5-7

Kommentar:

Rutinar for etterdrift av deponiet må inn i internkontrollsystemet til kommunen. Systemet må innehalde ansvar for etterdrift og rutinar for overvaking og kontroll. Eksempel på slike rutinar er overvaking av sigevatn, overflatevatn og grunnvatn og kontroll med setningar og erosjon. Ansvarsfordeling må avklarast internt i kommunen.

(5)

Merknad

Sigevatnet har tydeleg utfelling som vert samla saman til «tørre» klumpar ved utløpet av leidningen. Desse klumpane er det muleg å samle opp kontrollert i leidningen, for så å fjerne dei manuelt. Klumpane må truleg leverast som farleg avfall.

Andre forhold

Deponiet vil leggjast inn som forureina grunn i databasen Grunnforurensning, for å sikre at det tas forhandsreglar om det skal gravast i området i framtida. Fylkesmannen vil gjere dette.

Informasjon til verksemda

Brosjyrer/informasjonsark utdelt:

Faktaark om gebyr

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

Fylkesmannen i Møre og Romsdal skal i samarbeid med Møre og Romsdal fylkeskommune.. på kommunebesøk i fylket

For at Fylkesmannen i Møre og Romsdal skal kunne avslutte saka, må verksemda sende dokumentasjon på at avvika er retta innan 01.04.15.. Oppfølging etter tilsynet er nærare omtala

For at Fylkesmannen i Møre og Romsdal skal kunne avslutte saken, må verksemda sende dokumentasjon på at avviket er retta innan 05.01.2015.. Oppfølging etter tilsynet er nærmare

Fylkesmannen i Møre og Romsdal Eide Kristin. Fylkesmannen i Møre og Romsdal Eikeland

For at Fylkesmannen i Møre og Romsdal skal kunne avslutte saken, må virksomheten sende dokumentasjon på at avvikene er rettet innen 15.01.2015.. Oppfølging etter tilsynet er

Eli Mette Finnøy , Fylkesmannen i Møre og Romsdal Greta Irene Hanset, Fylkesmannen i Møre og Romsdal Anne Mette Nerbøberg, Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Brit Steinnes

Helse Møre og Romsdal HF Ose, Hans Olav Fylkesmannen i Møre og Romsdal Dybo, Martha Fylkesmannen i Møre og Romsdal Eik, Jon Erik Fylkesmannen i Møre og Romsdal Frøyen, Renate

 Det er ikke utarbeidet et overvåkingsprogram med prosedyrer for prøvetaking For at Fylkesmannen i Møre og Romsdal skal kunne avslutte saken, må virksomheten sende dokumentasjon