Abortstatistikk
Aborttala har sidan 2008 vore jamnt fallande. Hovudsakleg skuldast det ein nedgang i talet på abort i dei yngre aldersgruppene. Det er ein del av ein internasjonal trend og ein ser ein nedgang i
tenåringsabortar frå 2008 i alle dei skandinaviske landa og land som UK, New Zealand og USA. Kva som er årsak til dette veit ein ikkje sikkert. Betre tilgang til langtidsvirkande prevensjon har vore ein teori.
Tabell 1. Utførte svangerskapsavbrot etter kvinna sin alder 1980-20201 (Kjelde: Register over svangerskapsavbrot (Abortregisteret)
År Total mengd
Per 1 000 kvinner, etter alder
15-49 år 15-19 år 20-24 år 25-29 år 30-34 år 35-39 år 40-44
år 45-49 år
1980 13 532 14,6 22,5 22,1 16,3 13,7 11,4 6,8 0,8
1985 14 598 14,7 21,7 26,1 18,1 13,8 10,3 4,6 0,8
1990 15 552 14,7 20,1 28,6 21,8 14,3 10,0 3,6 0,5
1995 13 874 12,9 15,3 24,0 20,3 15,2 9,8 4,3 0,5
2000 14 675 13,7 20,1 28,0 20,1 15,3 10,8 3,7 0,3
2005 13 991 12,9 15,4 27,4 20,5 15,1 11,0 4,0 0,3
2010 15 741 13,8 14,1 29,2 23,1 16,9 11,7 4,4 0,4
2015 14 033 11,7 8,3 21,1 21,1 16,5 11,3 4,3 0,5
2016 13 193 11,0 7,6 19,0 19,3 16,1 10,8 4,1 0,4
2017 12 751 10,6 6,3 18,0 19,1 15,6 11,0 4,0 0,3
2018 12 391 10,3 5,5 16,9 17,6 16,1 11,2 4,3 0,3
2019 11 735 9,7 4,9 14,9 17,3 15,0 11,1 4,1 0,4
2020 11 081 9,2 4,4 13,6 15,3 14,5 11,1 4,4 0,4
Figur 1. Svangerskapsavbrot i ulike aldersgrupper frå 2006 til 2020, per 1000 kvinner.
Kjelde: Register over svangerskapsavbrot (Abortregisteret).
Andelen nemndabortar har halde seg stabil og ligg på 4,5-5% av alle abortar. Sidan talet på abortar totalt går ned så tyder det at talet på nemndabortar også går ned.
Figur 2. Nemndbehandla begjæringar og utførte nemndbehandla svangerskapsavbrot 2011-2020. Kjelde:
Abortregisteret.
Det vart utført 508 nemndbehandla svangerskapsavbrot i 2020. Av dei utførte nemndbehandla avbrota i 2020 vart 498 (98,0 %) innvilga i primærnemnd og 10 (2,0 %) i Den sentrale klagenemnda.
Det var 394 begjæringar om avbrot innan utgangen av veke 18. Av dei var 377 handsama i nemnd og 368 vart innvilga i primærnemnd, ni fekk avslag og 355 vart utført. Av dei ni som fekk avslag i
primærnemnd møtte åtte i klagenemnd. Seks vart innvilga, to fekk avslag og 5 utførte abort. (1) 0
5 10 15 20 25 30 35
Per 1 000
15-49 år 15-19 år 20-24 år 25-29 år 30-34 år 35-39 år 40-44 år 45-49 år
758 767 741
657 684 660 630 643 622 578
645 663 638
554 600 575 551 569 520 508
0 200 400 600 800 1000
2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020 Nemndbehandlede begjæringer Nemndbehandlede avbrudd
Ein ser at det er avskaling heile vegen i abortbehandlingsprosessen. Det er ikkje alle som begjærer abort som møter i nemnd og av dei som får avslag i primærnemnd er det ikkje alle som møter i Klagenemnd. Eit avslag i primærnemnd skal automatisk sendast til behandling i Klagenemnda. Vi veit ikkje kva som skjer med desse kvinnene. Ein stor andel har truleg ombestemt seg, men vi veit frå personleg meddelte opplysningar frå helsepersonell som jobber med abort i Sverige og England (2) at det norske kvinner tar abort etter veke 12 i desse landa av di dei har fått avslag i nemnd i Noreg eller har ynskt å unngå å møte i nemnd.
Dei hyppigst brukte paragrafane er 2.3.a, b og c. Det er ein nedgang i talet på abort som vert innvilga etter § 2.3.a og b medan talet på abortar innvilga etter § 2.3.c er meir stabilt. Det gjer at i dag utgjer abort innvilga etter §2.3c 60% av alle nemndabortar og over 80% av nemndbehandla abortar etter veke 18 innvilgast etter § 2.3.c.
Ein har allereie sett ein auke i talet på abort innvilga etter § 2.3.c kring veke 13-14. Når ein innfører tilgang på ultralyd i veke 12-13 for alle så vil ein truleg sjå ei forflytting av nokre abortar frå veke 19- 22 tidlegare i svangerskapet. Ein del organdefektar vil ikkje kunne oppdagast før i veke 17-19 så det gjenstår å sjå kor stor andel av abortar etter § 2.3 c vil framleis verta utført etter veke 18.
Tabell 2. Innvilga nemndbehandla svangerskapsavbrot etter før og etter veke 18 og etter §2.3.c (Kjelde:
Register over svangerskapsavbrot (Abortregisteret) Innvilga i nemnd
Årstal Svangerskapslengde 13- 18 Svangerskapslengde 19 og over
§2.3c (%) Andre
paragrafar (%)
§2.3.c (%) Andre
paragrafar (%) 2016 595 (465, 130) 172 (37,0) 293 (63,0) 100 (76,9) 30 (23,1) 2017 570 (416, 154) 183 (44,0) 233 (56,0) 129 (83,8) 25 (16,2) 2018 588 (407, 181) 183 (45,0) 224 (55,0) 156 (86,2) 25 (13,8) 2019 547 (401, 146) 185 (46,1) 216 (53,9) 131 (89,7) 15 (10,3) 2020 526 (377, 149) 202 (53,6) 175 (46,4) 122( 81,9) 27 (18,1)
Figur 3. Utførte nemndbehandla svangerskapsavbrot etter svangerskapslengde og indikasjon i abortlova § 2, tredje ledd bokstav c i 2019 og 2020. Kjelde: Abortregisteret.
I 1983 er det 1,8% av alle nemndabortane som er innvilga etter bokstav c medan 74,1% var innvilga grunna kvinna sin livssituasjon (bokstav b) og 18,5% grunna kvinna si helse (bokstav a). Prosentdelen av alle nemndabortar som er innvilga etter bokstav c har vore jamt aukande, og i 2020 så utgjorde det 60% av alle dei innvilga nemndabortane. Dersom ein ser på innvilga nemndabortar etter veke 18, så utgjer bokstav c mellom 80-90% av abortane. Ein ser samtidig ei stor nedgang i talet på abortar innvilga etter bokstav a frå 18% i 1983 til 4% i 2020. Nedgangen skuldast truleg betre
Totalt antall_2020 Paragraf 2.3.c_2020
svangerskapsomsorg som gjer at fleire gravide med kroniske tilstandar kan gå gravide og føde barn.
Samla sett ser ein ein nedgang i bruken av bokstav a eller b frå 365 i 1983 til 155 i 2020. Av dei 147 som tok abort etter veke 18 i 2020 så var det 11 kvinner som fekk innvilga etter bokstav b.
Kjelde:
1. Løkeland M, Heiberg-Andersen R, Akerkar R, Jonasson ØA, Askeland OM, Hornæs M, Halvorsen GS, Faugstad LA, Juliusson PB. "Rapport om svangerskapsavbrot 2019" . [Report on termination of pregnancies for 2020] Rapport nr. [1]−2021,0. Bergen: Folkehelseinstituttet, 2021.
https://www.fhi.no/globalassets/dokumenterfiler/rapporter/2021/rapport-om-svangerskapsavbrot- 2020-rapport-2021.pdf
2. Personleg meddelt frå Kristina Gemzell Danielsson (Sverige) og Ann Furedi (BPAS, England)