Side 1 av 5 Bjørn S Sølsnæs
Kolmilene 5
6863 Leikanger 20. juni 2012
Tilleggsutgreiingane til Leikanger kraftverk
Eg viser til høyringsbrev av 2. mai 2012, synfaringa 19. oktober 2011 og tidlegare korrespondanse i saka. Høyringsfråsegna mi av 31. oktober 2011 gjeld framleis, med fylgjande tillegg:
Drikkevatnet
Drikkevatnet i Leikanger er best tent med inntak nedom samløpet på Nyastøl, slik det vert høve til i alt. C. Sjølv om nedslagsfeltet til eit vassverk bør vera så lite og avgrensa som mogeleg, ideelt sett, gjeld dette berre inntil ei viss grense. Alminneleg lågvassføring i Traståna er 28 l/s, medan vassverket tek ut 25 l/s om vinteren. Tala syner at marginen er knapp. Serleg i overgangen mellom haust og vinter vil låg vassføring og underkjølt vatn verta eit større problem enn i dag. Behovet for tapping frå magasinet i Stora Trastadalsvatnet vil då auka.
Sidan avtalen mellom kommunen og kraftselskapet ikkje legg føringar på tapperegimet, er det fåre for at magasinet er tomt når vassverket treng ekstra vatn. Difor bør vassverket vera så uavhengig av magasinet som mogeleg. Ved å leggja inntaket på kote 530 vil dei tre elvane Friksdøla, Slettabotna og Traståna, med samla alminneleg lågvassføring på 97 l/s, sikra ei trygg og stabil vassforsyning. Likevel vil det framleis vera behov for magasinet i Trastadalen, akkurat som i dag. Difor er det viktig at Sognekraft ikkje får løyve til å regulera Stora
Trastadalsvatnet.
Ordføraren og fleirtalet i kommunestyret hevdar at «Ved utbygging av alt. C må ein flytte drikkevassinntaket ned til oppstrøms inntak på kote 530 i Henjaelva. Dette er ikkje ei tilfredsstillande løysing, då kommunen ser store føremonar med å ha inntak i Traståna». Kvifor ei slik løysing ikkje er tilfredsstillande seier vedtaket ingenting om. Administrasjonen har aldri problematisert drikkevassløysinga i C-alternativet, men legg til grunn at «Dersom inntaket til kraftanlegget blir plassert etter alternativ C føreset Leikanger kommunestyre at inntaket til drikkevassforsyninga blir flytta ned til same området og plassert oppstraums inntaket til overføringstunnelen». Såleis har det politiske fleirtalet heller ingen grunn til å hevda at drikkevatnet er betre sikra i alt. A enn i alt. C.
Administrasjonen, v. Per Holen, uttalte på synfaringa i haust at kommunen ikkje ser det som negativt at drikkevassløysinga i alt. C fører til klausulering av eit større område enn alt. A.
Han sa òg at lang avstand til inntaket er kompliserande for drifta av vassverket.
Side 2 av 5
Landskap og friluftsliv
Friluftslivet i Henjadalen
Endra bruksmønster
Sognekraft skriv i brevet til NVE av 14. april 2012 at «I følgje grunneigarane er det avgrensa bruk av området rundt Nyastølen til friluftsføremål. Hovudtyngda av denne aktiviteten går føre seg opp til og med Flyane. Å flytte inntaket ned til kote 530 vil difor ha avgrensa effekt i høve til friluftslivet». Eg er samd i skildringa av friluftslivet i dag, men ikkje i at dette talar mot å flytta inntaket ned til kote 530. Etter ei stor kraftutbygging vil bruksmønstret endra seg.
Opne veger vil føra til at mange køyrer fram dalen og parkerer i riggområdet nedom Nyastøl, og utgangspunktet for turane vert såleis flytt frå stovedøra til parkeringsplassen fremst i dalen.
Då har det stor betydning om stølsområdet ligg urørt, så ein kjem fortare ut i urørd natur, og slepper gå opp i dei ulike sidedalane før ein kjem bort frå inngrepa. Å flytta inngrepa til nedom Nyastøl vil òg gjera dei langt mindre synlege frå sidedalane og fjellområda rundt.
Såleis meiner eg det er mykje å henta på å flytta inntaka ned til kote 530.
Frilufts- og fiskeområdet kring Flya
For friluftslivet sin del er eg likevel ikkje i tvil om at alt. B er det einaste akseptable alternativet. Ettermiddagstrimmen med jogging til Flya vert forringa om elva får sterkt redusert vassføring. Alt. B gjev imidlertid god kompensasjon for dette ved at ein møter den urørde naturen når ein kjem fram til turens endepunkt. Då er det samstundes godt å veta at naturen vidare er urørd.
Flya/Fivelhola er eit ynda område for å utøva sportsfiske, og er serleg populært hjå ungdomen. Fisket vert skadelidande ved ei stor kraftutbygging, anten alternativet heiter A eller C. Den sakteflytande elva med dei gode fiskeplassane kan aldri kompenserast med terskelbygging og minstevassføring. I alt. B vert inntaket lagt nedom denne strekninga, så dei store verdiane kring Flya får liggja urørde for ettertida. Den nedste fiskeplassen, Fivelhola, får sterkt redusert vassføring også i alt. B. Skilnaden er at redusert vassføring her fint kan
kompenserast med ein terskel. Fisket på Flya/Fivelhola vert såleis skadelidande i alt. A og C, men så godt som upåverka i alt. B.
For dei som vil vidare til Nyastøl, Friksdal eller Trastadalen, eller legg turen til Fjærlandssete for å fiska der, er det godt å forlata inngrepa allereie i Flya-området akkurat som i dag. Ei positiv side ved B-alternativet er at open veg fram til Flya gjer områda kring Fjærlandssete og Nyastøl meir tilgjengelege enn i dag, men utan nye vesentlege inngrep. Dette har òg ei negativ side, då auka biltrafikk kjem i konflikt med dei som nyttar vegen til trening og turar.
Side 3 av 5 Landskapet i Henjadalen
Lanskapet kring Nyastøl
I brevet kjem det fram at «Sognekraft meinar at slepping av minstevassføring vil vere eit betre verkemiddel for å redusere dei miljømessige ulempene på Nyastølen». Slepping av ei nærast ubetydeleg mengd vatn kan ikkje samanliknast med å sløyfa ein veg og lata elvane renna fritt.
Difor er det berre å flytta inntaka ned til kote 530 som verkeleg kan redusera dei miljømessige ulempene på Nyastøl.
Anleggsveg, rigg og tipp vil uansett ha negativ verknad på landskapet nedom Nyastøl.
Sårskadar i terrenget vil vera synlege i lang tid fordi det ikkje er skog i området. I området mellom Fessafossen og Nyastøl (den fremste halvparten av strekningen mellom Flya og Nyastøl, eit myrområde utan skog) vil inngrepa med veg, tipp og redusert vassføring verta serleg dominerande. Dette gjeld både alt. A og alt. C. Nyastøl er godt synleg i heile dette området, så flytting av inntaka til kote 530 vil uansett føra til at noko av landskapsverdien vert teken vare på.
Landskapet kring Flya/Fivelhola
For dette området er det lite som skil alt. B frå alt. A og C. Sjølv om inngrepa i alt. B vert lokaliserte i dette området, vil ikkje inngrepa gjera så mykje ut av seg her nede som dei villa gjort lenger oppe. Tippen i alt. B er monaleg mindre enn i alt. A og C. I tillegg kan han lettare kamuflerast i landskapet, både med tanke på plasering og fordi han ligg i eit skogkledt
område. Tyngre tekniske inngrep treng lengre tid til å rehabilitera di høgre over havet ein kjem. Rukandefossen er eit viktig landskapselement som går tapt ved utbygging etter alle dei tre alternativa. Derimot er det mykje som skil alt. B frå alt. A og C når det gjeld vassføringa på Flya, som vil vera upåverka i alt. B.
Kulturmiljø
Det er viktig at verknadene redusert vassføring vil ha på kulturmiljøet kring Grinde/Engjasete og Seljevollen vert nøye vurdert. Dette er eit nasjonalt utvald kulturlandskap, og såleis serleg viktig å ta vare på.
Traktorvegen i Henjadalen er eit meir ukjent kulturminne. Han vart bygd av arbeidstenesta under krigen, og snor seg framgjennom dalen på vakre handbygde steinmurar. I ei myr eit stykke før Flya er det reist ein minnestein som er merkt med ein spade, bokstavane «A T»
(=arbeidstenesta) og årstala «1943-44». Vegen som kulturminne går tapt ved utbygging etter alle dei tre alternativa.
INON-villmark
Det er viktig å leggja serskild vekt på INON-villmark, då Leikanger har det siste
villmarksprega området i landet som strekkjer seg frå fjord, via høgfjell, til bre, og det tredje
Side 4 av 5
største INON-området utan vernestatus. Alt. A og C er mykje like når det gjeld tap av
villmarksprega område. Alt. B vil ikkje føra til nytt tap av INON-villmark i det heile, føresett at det ikkje vert gjevi konsesjon til regulering av Stora Trastadalsvatnet.
Sumverknad
Summen av konsekvensar i fjellområda i Leikanger vert truleg større enn inngrepa frå kraftutbygginga isolert sett. Når me får veger inn i fjellheimen og klausuleringsområdet til vassverket vert kraftig innsnevra, er det fåre for ei rekkje nye naturinngrep i framtida. Sjølv om einskilde vil ha økonomisk interesse av dette, er det grunn til å uroa seg på dei almenne interessene sine vegne. Alt. B vil truleg ikkje føra til vesentlege nye inngrep etter
kraftutbygging, då heile nedslagsfeltet f.o.m. Flya framleis vil vera klausulert som drikkevasskjelde.
Konklusjon og prioritering
Vurderingar og prioriteringar
Drikkevatnet
0-alternativet er den enklaste løysinga. Alt. A gjev truleg ei ustabil vassforsyning, medan alt.
C er ei god løysing, føresett at inntaket vert lagt til kote 530. I alt. B kan ein òg finna ei god løysing, med inntaket lagt i Flya-området. Det er avgjerande for vassforsyninga i Leikanger at Sognekraft ikkje får konsesjon til å regulera Stora Trastadalsvatnet som ein del av kraftverket.
Friluftsliv
0-alternativet er det klårt beste for friluftslivet. Alt. B vil ha negative verknader for
friluftslivet, men på ein måte som er til å leva med. Verknadene i alt. A og C er for store. For området kring Nyastølen er alt. C likevel mykje betre enn alt. A.
Landskap
0-alternativet, og deretter alt. B, er best for landskapet. Alt. A og C er mykje negative for landskapet i øvre halvdelen av Henjadalen, også knytt til redusert vassføring i det heile. Alt. C er ei betre løysing enn alt. A for områda kring Nyastøl og Gildalsbrekka.
INON-villmark
0-alternativet og alt. B er like gode, og fører ikkje til tap av INON-villmark (føresett at Stora Trastadalsvatnet vert halde utanfor utbygginga). Alt. A og C fører begge til enorme tap av villmarksprega område.
Side 5 av 5 Konklusjon
Alt. A og C er begge i konflikt med nasjonale miljøverdiar knytt til inngrepsfrie naturområde.
Likevel er C-alternativet ei betre løysing med tanke på landskapet kring Nyastøl og
drikkevassforsyninga. Alle alternativa kjem i konflikt med nasjonalt utvald kulturlandskap på Grinde, og med opplevingsverdien knytt til elva gjennom bygda.
Både Fylkesmannen og fylkesrådmannen rådde ifrå alt. A, men såg med positive augo på ei løysing basert på alt. B. Fylkesmannen la vekt på auka minstevassføring, medan fylkes- rådmannen gjekk inn for å halda tippen i Grindsdalen og sideelvane Skuleåna og Skitstøla utanfor utbygginga. Begge gjekk inn for å halda Stora Trastadalsvatnet utanfor utbygginga, dels av omsyn til vassforsyninga og dels av omryn til inngrepsfri natur.
Eg vonar at NVE legg vekt på dei nasjonale og lokale miljøverdiane i området, og dei faglege utgreiingane til Fylkesmannen og administrasjonane i kommunen og fylkeskommunen. Hugs at at eit ja til kraftutbygging er eit irreversibelt vedtak som vert ståande i all framtid, medan eit nei i denne omgang er mogeleg å gjera om på om så vel 10 som 100 eller 1000 år.
Tilråding
Primært rår eg frå at vert gjevi konsesjon. Alt. B er den løysinga som best sameinar dei almenne og dei økonomiske interessene, og er klårt best av dei tre alternativa når det gjeld INON, landskap og friluftsliv. Eit eventuelt ja til konsesjon bør ikkje innebera ei større utbygging enn alt. B. Dersom NVE mot formodning skulle gå inn for ei stor utbygging, er det alt. C som må leggjast til grunn.
Dersom det vert kraftutbygging, må det – uansett alternativ – setjast krav om at vassinntaket vert lokalisert like oppstraums kraftverket sitt inntak. Stora
Trastadalsvatnet må for all del haldast utanfor utbygginga. Det bør sikrast rikeleg minstevassføring basert på 5-percentilen, og ho må fordelast på alle inntaka. I tillegg til minstevassføringa må det kompenserast for setjefiskanlegget og vatningsanlegga sine behov for vatn.