• No results found

Faggrunnlag for jærtistel og skredmjelt

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Faggrunnlag for jærtistel og skredmjelt"

Copied!
65
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

Faggrunnlag

for jærtistel og skredmjelt

Oktober 2013

(2)

Føreord

Verda opplever i dag eit stadig raskare tap av biologisk mangfald. Det er ei utbreidd oppfatning at det globale tapet av biologisk mangfald i dag er så omfattande at det etter kvart vil undergrave sjansane for å få til ei berekraftig utvikling. I Noreg reknar ein med at totalt 125 artar har døydd ut dei siste 200 åra, medan 2398 artar er klassifisert som trua (Norsk raudliste for artar 2010).

Noreg har som mål å stanse tapet av naturmangfaldet for å sikre at økosystema i 2020 er vel fungerande og leverer nødvendige økosystemtenester. På oppdrag frå Miljøverndepartementet utarbeider Miljødirektoratet faggrunnlag for artar og naturtypar som blir vurdert som aktuelle til å bli prioriterte artar eller utvalde naturtypar etter naturmangfaldlova. Arbeidet med å prioritere artar inngår som ein del av arbeidet med å stanse tapet av naturmangfald, og er eit verkemiddel for å ta i vare forvaltningsmålet for artar i naturmangfaldlova § 5, som er at artane og deira genetiske mangfald blir tatt i vare på lang sikt, og at artane førekjem i levedyktige bestandar i sine naturlege utbreiingsområde.

Professor Anders Lundberg ved Universitetet i Bergen har skrive utkastet til del 1 og 3 av faggrunnlaget. Han har også tatt alle bileta i dokumentet, unnateke figur 5 som er fotografert av Audun Steinnes. Feltarbeidet om jærtistel som ligg til grunn for faggrunnlaget er utført av Anders Lundberg, saman med naturforvaltar John Inge Johnsen, Fylkesmannen i Rogaland. John Inge Johnsen har også i stor grad hjelpt til med mykje kunnskap og informasjon om artar og

veksestader. Svein Imsland, Leiv Krumsvik og Ove Førland har gitt stor hjelp med informasjon og støtte i felt og dei fortener stor takk for hjelpa dei har gitt. Svein Imsland har også stilt til rådvelde sine nøyaktige opplysningar om mange funn av jærtistel og dette har vore av stor hjelp.

Miljødirektoratet er ansvarleg for faggrunnlaget. Sakshandsamar i direktoratet har vore

seniorrådgjevar Svein T. Båtvik. Miljøvernavdelinga ved Fylkesmannen i Rogaland har hatt det praktiske ansvaret for utarbeiding av faggrunnlaget. Sakshandsamar hos Fylkesmannen har vore seniorrådgjevar Audun Steinnes.

Helge Klungland

Direktør Avdeling for naturressursar og klima

(3)

Samandrag

Dei to artane som inngår i dette faggrunnlaget, jærtistel og skredmjelt, står begge på den norske raudlista fordi dei blir rekna som trua i Noreg. Dei er svært sjeldsynte og i Noreg fins dei som bufaste og stadeigne berre i Rogaland. Jærtistel er berre kjent frå Hå kommune, og skredmjelt er berre kjent frå Hjelmeland. Jærtistel opptrer i ugjødsla beite- og slåttemarker, og skredmjelt veks mest i rasur og fjellhei. Faggrunnlaget har som mål å sikre levedyktige populasjonar av alle førekomstar av desse to artane.

Del 1 i faggrunnlaget gir ei naturfagleg utgreiing for dei to artane, medrekna om deira biologi og økologi, utbreiing og bestandutvikling, og om kvifor dei er sett på som trua i Noreg.

Jærtistel vil ha moderat beitepress og/eller slått; han forsvinn om beitepresset blir for lite eller for stort og ved oppgjødsling. Ein må rekna med press for hyttebygging i dette området framover.

Skredmjelt blir trua av ras, men er også avhengig av ras for at det skal skapast nye grusflater som han kan kolonisere. Det største trugsmålet for skredmjelten her er likevel framvekst av bjørk og buskar som ekspanderer etter nedgang i husdyrbeite og aukande middeltemperatur. Lokaliteten i fjellhei på Ritland er truleg mest trua av konkurranse m.a. av einer eller av genetisk utarming.

Del 2 i faggrunnlaget gir ei juridisk, administrativ og økonomisk vurdering av artane, og

konkluderer med eit framlegg om at artane blir prioriterte artar med økologisk funksjonsområde etter naturmangfaldlova.

Del 3 omfattar handlingsplanen for dei to artane, med prioritering av tiltak og samordning av tiltak. Her blir det også presentert ein tidsplan og eit overslag over kostnader, samt forslag til evaluering og rullering.

Artane i faggrunnlaget har få populasjonar i Noreg og er alt i alt fåtalige. Dei er difor sårbare for endringar i miljøet, og for å sikre levedyktige populasjonar er det nødvendig med overvaking og oppfølging. Faggrunnlaget tar til orde for at det blir sett i verk ei rekkje målretta og konkrete tiltak – systematisk stadfesting, kartlegging, teljing, avtalar med grunneigarar og skjøtselstiltak.

Faggrunnlaget legg opp til eit samarbeid mellom den offentlege miljøforvaltninga på alle nivå (stat, fylke, kommune), grunneigarar, forskingsmiljø og frivillige organisasjonar.

Som vedlegg er tatt med utkast til forskrifter for jærtistel og skredmjelt som prioriterte artar med økologisk funksjonsområde.

(4)

Innhold

Føreord ... 2

Samandrag ... 3

Del 1: Naturfagleg utgreiing ... 6

1.1 Fagleg grunnlag for jærtistel Serratula tinctoria ... 6

1.1.1 Systematikk og fylogeni ... 6

1.1.2 Biologi og økologi ... 6

1.1.3 Utbreiing og bestandsutvikling ... 7

1.1.4 Effekten av ulike typar skjøtsel på utviklinga av bestand med jærtistel ... 15

1.1.5 Kvifor er jærtistel trua i Noreg? ... 16

1.1.6 Kva har handlingsplanen frå 2010 fått fram av ny kunnskap om jærtistel? ... 20

1.2 Faggrunnlag for skredmjelt Oxytropis campestris ssp. scotica ... 21

1.2.1 Systematikk og fylogeni ... 21

1.2.2 Biologi og økologi ... 23

1.2.3 Utbreiing og bestandsutvikling ... 25

1.2.4 Kvifor er skredmjelt trua i Noreg? ... 27

1.2.5 Kva har handlingsplanen frå 2010 fått fram av ny kunnskap om skredmjelt? ... 30

Del 2: Juridisk, administrativ og økonomisk vurdering ... 32

2.1 Prosess og saksgang ... 32

2.2 Tiltak som er sette i verk ... 32

2.3 Naturmangfaldlova (eksisterande verkemiddel) ... 32

2.3.1 Generelle føresegner om berekraftig bruk... 32

2.3.2 Uttak av planter og sopp ... 33

2.4 Plan- og bygningslova ... 34

2.5 Jordbrukssektoren sine juridiske og økonomiske verkemiddel ... 35

2.5.1 Jordloven ... 35

2.5.2 Forskrift om spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) ... 36

2.5.3 Regionalt miljøprogram (RMP) ... 37

2.5.4 Forskrift om gjødselvarer m.v. av organisk opphav og forskrift om gjødslingsplanlegging ... 37

2.6 Naturmangfaldlova (nye verkemiddel) ... 38

2.6.1 Utvalde naturtypar ... 38

2.6.2 Områdevern ... 39

2.6.3 Prioriterte artar ... 39

(5)

2.7.2 Vurdering av miljøprinsippa i nml. §§ 8-12 ... 41

2.8 Økonomiske og administrative konsekvensar ... 43

2.8.1 Konsekvensar for grunneigarar og rettshavarar ... 43

2.8.2 Økonomiske og administrative konsekvensar for forvaltninga ... 43

Del 3: Handlingsplan for jærtistel og skredmjelt ... 45

3.1 Innleiing ... 45

3.2 Mål og tiltak ... 45

3.2.1 Innleiing. ... 45

3.2.2 Overvaking ... 46

3.2.3 Forsking og utgreiing ... 47

3.2.4 Forvaltning ... 47

3.2.5 Ex situ-tiltak ... 47

3.2.6 Jærtistel - kva trengst det meir informasjon om? ... 47

3.2.6 Skredmjelt - kva trengst det meir informasjon om? ... 48

3.3 Prioritering av tiltak ... 48

3.3.1 Tiltak som gjeld begge artane: ... 48

3.3.2 Tiltak for jærtistel: ... 48

3.3.3 Tiltak for skredmjelt: ... 49

3.4 Samordning av tiltak ... 49

3.5 Tids- og kostnadsplan. Evaluering og rullering ... 49

3.6 Datalagring og datatilgang ... 50

Litteratur ... 51

Vedlegg 1: Framlegg til forskrift om jærtistel Serratula tinctoria som prioritert art ... 53

Vedlegg 2: Framlegg til forskrift om skredmjelt Oxytropis campestris ssp. scotica som prioritert art ... 55

(6)

Del 1: Naturfagleg utgreiing

1.1 Fagleg grunnlag for jærtistel Serratula tinctoria 1.1.1 Systematikk og fylogeni

Jærtistel er ein fleirårig blomsterplante i korgplantefamilien. Han høyrer til den delen av familien som har røyrkroner i midten av krona, ikkje tungekroner, og som manglar mjølkesaft. Han har heller ikkje tungekroner i kanten av kronene og høyrer til ei gruppe i korgplantefamilien som blir kalla diskoid. Røyrkronene er store med fem lange, spisse flikar. Griffelen har ein knute nedanfor arret (Lid & Lid 2007).

Stengelen er opprett med lengdefurer, snau og litt greina mot toppen. Blada er ofte flika med stor endeflik, men kan også vere om lag heile. Blada er tanna, snaue og sit spreidde oppover stengelen (figur 1). Slektsnamnet Serratula betyr sagaktig og viser til kanten på blada som er sagtanna.

Bladrosettane kan minne litt om blada til gullris. Blomane sit i små korger, ofte fleire saman.

Korgdekkblada er overlappande, som takpanner, og brunfiolette, utan brodd. Kronene er fiolette.

Korgene er om lag 1,5 cm høge og 0,7 cm breie på midten. Jærtistelen er til vanleg særbu, dvs. at hann- og hoblomstrar sit på kvar sine planter, men i sjeldne tilfelle fins tokjønna blomar.

Blomstringa skjer i Noreg på ettersommaren, gjerne i slutten av juli - starten av august. Frukta er 5 mm lang, snau og med gråkvit, tagga fnokk som har som funksjon å spreie fruktene med vinden. Lye (1967) nemner at jærtistelen på Ogna sjeldan klarer å utvikle modne frø.

Naturhistorisk museum Tøyen har i 2010 samla og dyrka frø frå Haver som viser god spireevne.

Nemninga -tistel skuldast at planten har trekk som minner om tistel, men han har ikkje tornar.

1.1.2 Biologi og økologi

Blomane blir bestøva av fluer og bier og sjølvpollinering førekjem ikkje. I sitt totale

utbreiingsområde er jærtistel å finne på lett jord (sandjord), mellomtung jord og tung, leirrik jord.

Arten er i andre delar av utbreiingsområdet ikkje knytt til jord med noko bestemt pH og fins på sur, nøytral og basisk (alkalisk) jord, alltid på veldrenert, men friskt-fuktig substrat. Han kan vekse i halvskugge eller på lysopne stader. Lye (1967) nemner at jærtistel på Jæren er ein typisk kalkplante med store krav til næringsrikt jordsmonn. Det er riktig at arten nokre stader på Jæren veks på kalkrik, litt fuktig jord, men andre stader veks han på sur, mager jord og av og til også direkte på hard og sur berggrunn, utan dekke av skjelsand eller andre kalkrike sediment. Dette viser at han har same krav til jordsmonn i Noreg som i resten av utbreiingsområdet, at han altså ikkje er kalkkrevjande.

Jamvel om jærtistel ikkje har spesielt store krav til jordsmonnet, indikerer den avgrensa utbreiinga i Noreg at han er ein varmekjær plante. Typisk for klimaet langs kysten av Hå er gunstige sommartemperaturar og milde vintrar. Middeltemperaturen for januar er om lag +1 ºC og middeltemperaturen for juli er om lag 15 ºC. Tala fortel at dette er eit typisk kystklima og det gir grobotn for ei rekkje kystplanter som jærtistel ofte veks saman med, slike som englodnegras og blodtopp.

(7)

Figur 1. Jærtistel i bergsprekk der sauene ikkje kjem til. Kinnarvågen, Hå.

Jærtistelen likar seg i opne, ekstensivt drivne jordbrukslandskap der det ikkje blir gjødsla, men der det er moderat beitepress eller slått. På slike stader skjer det ei forbusking og gjengroing av tidlegare beitemarker (lynghei og grasmarker), og jærtistelen blir skugga ut. Dette har skjedd, eller er i ferd med å skje, på fleire av veksestadane for jærtistelen.

Jærtistel er i Europa kjent som ein medisinplante og blir rekna som ein adaptogen urt. Slike urter har rykte på seg til å kunne hjelpe mot fysisk og psykisk stress. I urtebøkene går han for å vere adstringerande og dermed sårlegande. I folkemedisinen har han vore nytta mot svulstar og skadar av ulike slag. Det er dei overjordiske delane som blir brukte i medisinen. Han har vore brukt til plantefarging og gir sitrongul farge på garn og tøy. Artsepitetet tinctoria i det vitskaplege namnet viser til farge. Han er nemnt i plantefargingsbøker tilbake til 1648 og blei brukt til plantefarging til utpå 1800-talet. Guinot et al. (2008) undersøkte innhaldet av naturlege fargestoff i jærtistel med tanke på ny, alternativ utnytting av vekstar i Europa for industrielle føremål. Dei fant at blada meir enn stenglane kan brukast i så måte, spesielt om dei blir hausta mot slutten av vekstsesongen då innhaldet av flavenoidar (naturlege plantefargingsstoff) er på det høgaste.

Jærtistelen manglar som nemnt piggar. Piggar og tornar er plantene sitt forsvar mot beitande dyr og jærtistel som manglar slike blir lett beita av husdyr, særleg sau.

1.1.3 Utbreiing og bestandsutvikling

Jærtistel er vurdert som sterkt trua (EN) på Norsk raudliste 2010 med denne grunngjevinga i Artsdatabanken: Jærtistel Serratula tinctoria vurderes som sterkt truet (EN) fordi den bare har noen få, individfattige bestander i Ro Hå: Ogna. Arten er også knyttet til en naturtype som går

(8)

tilbake. Her har den vært kjent siden ca. 1870 og Fægri (1960) vurderer den som hjemlig. Den er knyttet til beitemark og beitet hei med noe skjellsand. Voksestedene er under gjengroing, men forekomstene er undersøkt nylig (Lundberg 2010), og samlet ser det ut som at arten er på tilbakegang.

Undersøkingane i handlingsplanen har vist at individtalet i eit par av bestandane er ganske høgt og tilstrekkeleg til å unngå genetisk utarming, men konsentrert på så lite areal at dei er utsette for tilfeldige arealbruksendringar.

Jærtistel er ein boreo-nemoral art som er utbreidd i Europa, nordvest-Afrika og Sibir (figur 2).

Han veks i natureng, kratt, hei og skogkantar, opp til 2400 m o.h. I Noreg er han berre kjent frå ein liten del av Hå kommune i Rogaland, i tidlegare Ogna herad. Jærtistel er også kjent frå

Sverige og Danmark. I Danmark er han berre kjent frå dei austlege delane, ikkje langs vestkysten.

I Sverige er han kjent over store delar av Sør-Sverige, i aust omtrent nord til Uppsala, i vest omtrent til Göteborg (figur 3). Totalutbreiinga til arten viser at han er varmekjær og det forklarer kvifor han har ei så avgrensa og sørleg utbreiing i Noreg.

Figur 2. Den globale utbreiinga av jærtistel (etter Hultén & Friis 1986).

Den første som fann jærtistel i Noreg var presten O.C. Budde som i 1870 oppdaga arten i sanddyner og open krattskog mellom Ogna kyrkje og havet. Lye (1967) har ei interessant opplysning om førekomsten på Ogna. Han skriv at ”det er like sør for Ogna kirke at jærtistelen fremdeles har sitt fristed. På noen avsatser i en liten åsrygg vokser det her over hundre planter.

Området omkring er kraftig beitet av kyr, men der jærtistelen vokser er det så bratt at kyrne ikke kommer til.” Den same åsryggen blei undersøkt i juni 2009 og det var då berre fem individ av jærtistel å finne. Beitet har tatt slutt for lenge sidan og framveksten av osp og røsslyng skaper vanskar for jærtistelen.

Lenge var førekomsten på Ogna den einaste kjente i landet. Seinare blei det funne ein einskild plante på Sirevåg (Lye 1967). Neste funn blei gjort av gartnar Ingrid Lima på Haver i 1965. Lye (1967) skriv om førekomsten på Haver at arten der er ganske vanleg i open krattskog og på bratte berghyller heilt ute i havgapet. Der veks han framleis (2013), no berre fåtalig, men er talrik i to øydeenger nær tunet på Haver.

(9)

Figur 3. Utbreiinga av jærtistel i Norden (etter Lye 1967).

I juni 2009 oppsøkte J.I. Johnsen og A. Lundberg ein kjent førekomst av jærtistel i Moivika ved Sirevåg, i ei vegskråning på austsida av riksveg 44. Det blei då talt om lag 50 rosettar av jærtistel.

Vegkanten var slått og sprøyta. Kantslåtten hadde skjedd tidleg på året og bladrosettane til jærtistelen var ikkje oppkutta. Stenglane var ennå ikkje komne opp, så dei var heller ikkje skada.

Nokre av rosettane hadde sprøyteskadar. I vegskråninga står det individ av osp og eik, i nordenden også svartelistearten jærlupin (A. Steinnes, september 2013). Så lenge dei står einskilde og spreidde, skaper det ikkje problem for jærtistelen, men dei representerer eit

potensielt trugsmål. Saman med jærtistel i Moivika veks blåtopp, blodtopp, vendelrot, tiriltunge, tepperot, kvitsymre, kystgrisøyre, fagerperikum, smyle, sauesvingel, gullris, sløke, klokkelyng, blåknapp, flekkmarihand, storblåfjør, pors, svartknoppurt, englodnegras, tågebær, trollhegg, liljekonvall og knollerteknapp (Tabell 1). Same lokalitet blei undersøkt av Torfinn Reve på 1990- talet og han fant då berre fem eksemplar. Dette indikerer at arten har gått fram her sidan, kanskje pga. kantslått.

Lundberg (2010) omtalar ein ny førekomst av jærtistel ved Sirevåg stasjon på fleire hundre individ mellom jernbanelinja og ei rekkje store sitkagraner rett nord for denne.

Jærtistel er også kjent frå Urvika. Her registrerte Torfinn Reve 100-200 individ av jærtistel i 1990-åra. I juni 2009 fant J.I. Johnsen og A. Lundberg to individ i dette området. Saman med dei to individa av jærtistel i Urvika voks i 2009 smyle, blåtopp, krekling, krypvier, øyrevier og litt småbjørk på skrinne berg og knausar ved sjøen. I området viser gamle steingardar og øydelagde gjerde at området tidlegare har vore beiteland, truleg kystlynghei og mager natureng, men etter at beitet tok slutt, har det skjedd ei forbusking. Dette kan forklare tilbakegangen for jærtistel.

I 1990-åra fant Torfinn Reve 100-200 individ av jærtistel på austsida av den ytre delen av Kinnarvåg sør for Sirevåg. I 2009 blei det talt sju individ av arten i dette området (figur 4). Det

(10)

var då sterkt beita av sau. Vegetasjonen var fukthei med heisiv, stjernestorr, engkvein,

finnskjegg, heiblåfjør, tepperot og kystmyrklegg. Dei få individa av jærtistel som hadde overlevd, vaks i bergsprekker som var utilgjengelege for sauene. I august 2009 gjekk det 45 sauer og lam på beite i området og dette gav eit svært hardt beitepress, - berre dei mest beiteresistente gras og andre beiteplanter kan overleve under slike tilhøve. Beitesvake artar som jærtistel har ingen sjanse. Det er nå sett opp gjerde som fjernar/regulerer beite på den ytste delen.

Figur 4. Ved Kinnarvågen i Hå var det i 1990-åra 100-200 individ av jærtistel. I 2009 var det sju individ tilbake. Årsaka til tilbakegangen er truleg høgt beitepress frå sau.

I juni 2009 oppsøkte J.I. Johnsen og A. Lundberg også ein tidlegare kjent førekomst av jærtistel på Haver, i dei sørvendte skråningane og berga på nordsida av utløpet frå Saltetjørna på Haver.

Her fant Torfinn Reve i 1990-åra om lag 2000 individ av jærtistel. Ingen vart funnen her i 2010, men ein enkeltrosett vart funnen i juni 2013 (A. Steinnes).Den store endringa her skuldast framvekst av ospeskog som no dominerer i området. Undervegetasjonen i ospeskogen indikerer at området tidlegare var open beitemark, delvis også slåttemark. Opphøyr av slått og beite har gjort det mogeleg for ospeskogen å vekse fram og utkonkurrere jærtistelen pga. for lite lys og varme.

Den største førekomsten av jærtistel er i ei eng ute av bruk på 89/1 i skråninga vest for

Saltetjørna, mellom denne og tunet på Haver (89/1). Enga er om lag 3,6 daa stor, og på om lag 750 m2 er det rikeleg med jærtistel, til dels dominans (figur 5). Enga er dominert av engkvein med gulaks, tepperot, blåknapp, blåklokke, matsyre, augnetrøyst, blodtopp, ryllik og litt

engsvingel. Vestover, opp mot berget, har ho meir karakter av skrapslått med store grupper med solblom og med innslag tiriltunge, blåtopp, krypvier og blokkebær og meir spreidde innslag av jærtistel. Nedanfor er enga til dels dominert av kvitbladtistel, med hundekjeks, sløke, engsoleie og skogstorkenebb. Det er ikkje jærtistel i denne rikare og noko meir nitrogenpåverka delen av enga. Enga har lege brakk i lang tid og var før det beita. Ut frå kjennskap til bruksmåtane i området, er det sannsynleg at det var slåttemark eller åker på første halvdel av 1900-talet. Det er spreidde lauvoppslag (rogn, osp, bjørk) og ein del bjørnebær langs nokre av kantane, lite i delen

(11)

eigarane har svidd av del gamle graset kvar vår. Det er laga skjøtselsplan for dei to engene på Haver innan handlingsplan for slåttemark (Harestad 2010).

Tabell 1. Jærtistel-samfunn. Rutestorleik: 0,5 x 0,5 m. Rute 1-2: Urvika, 3-5: Haver, 6-7: Haver, ved ospeskogen, 8-9: Ogna

Rutenr. 123456789

Musestorr 1... Carex serotina ssp. pulchella Vendelrot 1... Valeriana sambucifolia

Rosenrot 2... Rhodiola rosea

Kornstorr 11..1.... Carex panicea

Blåtopp 41112.... Molinia caerulea

Raudsvingel 1..111... Festuca rubra

Jærtistel 213324533 Serratula tinctoria

Einer .1... Juniperus communis

Klokkelyng .1... Erica tetralix

Kystmyrklegg .1... Pedicularis sylvatica

Blåknapp .1.111... Succisa pratensis

Tepperot .11121... Potentilla erecta

Engfrytle ..1... Luzula campestris

Finnskjegg ..1... Nardus stricta Strandkjempe ..11... Plantago maritima

Engkall ..11... Rhinanthus sp.

Geitsvingel ..11... Festuca vivipara Skjermsvæve ..11... Hieracium umbellatum

Blokkebær ..111.... Vaccinium uliginosum

Sløke ..111.... Angelica sylvestris

Krekling ..311.... Empetrum nigrum

Tiriltunge ..11.2... Lotus corniculatus

Gullris ..1211... Solidago virgaurea

Krypvier ..1111..1 Salix repens

Gulaks ..11111.1 Anthoxanthum odoratum

Harerug ...1... Bistorta vivipara

Smårapp ...1... Poa irrigata

Flekkmarihand ...11.... Dactylorhiza maculata Beitesvæve ...1.1... Hieracium sect. Vulgatum Raudkløver ...1.1... Trifolium pratense

Ryllik ...1.1... Achillea millefolium

Asal ....1.... Sorbus sp.

Sauesvingel ....1.... Festuca ovina

Flekkgrisøyre ....2.... Hypochaeris maculata

Blodtopp ....1.1.. Molinia caerulea

Smyle ....11131 Deschampsia flexuosa

Kvitsymre ...1... Anemone nemorosa

Løvetann ...1... Taraxacum sp.

Smalkjempe ...1... Plantago lanceolata

Solblom ...2... Arnica montana

Engkvein ...121. Agrostis capillaris

(12)

Hundegras ...1.. Dactylis glomerata Søtbjørnebær ...1.. Rubus plicatus

Engsyre ...2.. Rumex acetosa

Osp ...13. Populus tremula

Englodnegras ...1. Holcus lanatus Knollerteknapp ...1. Lathyrus linifolius

Engkransmose ...2. Rhytidiadelphus squarrosus

Marimjelle ...11 Melampyrum sp.

Røsslyng ...3 Calluna vulgaris

På den delen av Haver som i dag har jærtistel, er det to bruk (89/1 og 89/4). Omkring 1960 hadde begge bruka tre kyr som gjekk på beite om hausten der det no veks jærtistel. Felta blei brukte som eng som blei slått omkring sankthans. Dei siste 30 åra (dvs. frå omkring 1980) har felta på Haver vest vore brunne kvart år, inntil om lag 2005-06 (Lundberg 2010).

Harestad (2010) nemner at det på bruk 89/1 var ungdyr inntil om lag 1990. Arealet blei svidd av om våren for å dempe flåtten. Dette kan ha vore gunstig for førekomsten av jærtistel. Harestad nemner også at to kyr gjekk på beite på bruk 89/4, nedanfor garasjen, inntil 1970. Arealet blei plenklipt inntil 1985. Etter at det blei slutt med beitinga og plenklippinga her, skal det ha blitt meir av jærtistelen, særleg dei siste ti åra.

Figur 5. Jærtistel på Haver aust, august 2009. I bakgrunnen oppslag av lauvtre. (Foto: A. Steinnes).

På Haver er det også kjent ein annan førekomst av jærtistel, sørvest for dei vestre husa. Dette området blei oppsøkt av J.I. Johnsen og A. Lundberg i juni 2009 og besøkt på ny av A. Lundberg i august same år. Her står jærtistelen i to felt, eitt på 3-4 x 18 m, eit anna på 5-8 x 16 m, begge med jærtistel som dominant/subdominant (figur 6 og 7). Dette er i dag ein av dei mest talrike førekomstane av jærtistel i Noreg, med mange hundre individ. Tabell 2 oppsummerer det som er kjent om førekomst og bestandsutvikling av jærtistel i Noreg.

(13)

Figur 6. Jærtistel på Haver vest, Hå.

Figur 7. Tett bestand av jærtistel på Haver vest, Hå. Bjørnebær i bakgrunnen.

Sidan utkastet til handlingsplan for jærtistel vart lagt fram i 2010 (Direktoratet for

naturforvaltning 2010) er alle lokalitetane for arten detaljert og systematisk undersøkt og GPS- referert, og storleiken på kvar delpopulasjon er registrert i 2010 og 2012 (Lundberg 2010, 2012a, 2012b). Det er òg gjort fleire ruteanalysar av vegetasjonen jærtistelen inngår i på Haver for å få eit betre bilete av arten sin økologi og miljøkrav (Lundberg 2010). Utbreiinga av jærtistel i Hå i 2010 er vist i figur 8. Den samla populasjonen av jærtistel var i 2010 7683 stilkar, og av desse var 6605 på Haver.

Ingen av dellokalitetane for jærtistelen ligg innafor verneområde.

(14)

Figur 8. Utbreiinga av jærtistel i Hå i 2010. Hovudtyngda ligg på Haver.

Tabell 2. Førekomst (tal individ) og bestandsutvikling av jærtistel i Noreg.

1960- åra1

1.7.

902

1990- åra3

13.9.98

2

17.7.082 6.094 7/8.09 2010 Tendens

Moivika 5 - - 50 - 83 Fram

Urvika-Tua 100-

200

- - 2 - 235 Stabil

Tua Utan tal - - - Tilbake

Holmane Utan

tal

- - - - Flere2 - Stabil?

Stølen/Kinn arvåg

100- 200

- - 7 - 17 Tilbake

Saltetjørn 2000 - - 0 - - Tilbake

Haver, vest for tunet

Nokre hundre

>1002 3373 Fram Haver, aust

for tunet (89/1)

Mange hundre5

3232 Fram

Sirevåg 1 - - - - - - 738 Fram

Ogna >100 - - 100 - 5 132 5 Tilbake

Ogna, ved jernbane- brua

Nokre planter

- - - - - - - Utgått?

Kjelder: 1) Lye (1967); 2) Svein Imsland; 3) Torfinn Reve; 4) John Inge Johnsen og Anders

(15)

1.1.4 Effekten av ulike typar skjøtsel på utviklinga av bestand med jærtistel Bissels, Hölzel & Otte (2004) undersøkte korleis vegetasjon og forvaltning påverka populasjonsstrukturen i bestand av jærtistel i Tyskland. Undersøkinga blei gjort i artsrike flaummarker ved Rhinen, altså i ein annan type vegetasjon og under andre miljøtilhøve enn dei som gjeld for førekomsten av jærtistel i Noreg. Undersøkinga kan likevel gi nyttig informasjon for framtidig skjøtsel av jærtistel her i landet også. Spørsmålet dei stilte var om ulike

skjøtselsformer kunne bidra til å understøtte levedyktige populasjonar av jærtistel. For å finne ut av dette undersøkte dei vegetasjonen i 24 enger med jærtistel, men med ulik vegetasjon og skjøtsel. Engene blei anten slått i september, i juni eller slått i juni og deretter beita av sauer.

Undersøkinga viste at vegetasjonen inntil og omkring engene hadde ein klar effekt på populasjonsstrukturen til jærtistel. Det hadde mykje å seie kor mykje naken jord og kor godt utvikla moseskiktet var. På den andre sida var det ein negativ korrelasjon mellom

høge nitrogenverdiar i den etablerte vegetasjonen og tettleiken og andelen av frøplanter av jærtistel. Det viste seg at tidleg eller sein slått i liten grad påverka populasjonsstrukturen til jærtistel. Både ved tidleg og sein slått blei det funne stor tettleik av frøplanter. Slåtten var altså viktig for tettleiken av frøplanter og det var viktigare at området blei slått enn om det blei slått tidleg eller seint. Derimot viste det seg at område som blei beita hadde tydeleg lågare tettleik av frøplanter og fertile vaksne individ, og høgare tettleik av juvenile individ og vegetative (ikkje- fertile) vaksne. Dette indikerer at vegetativ spiring og spreiing er viktigare under eit beiteregime.

Konklusjonen var at alle dei tre skjøtselsmetodane gav levedyktige populasjonar av jærtistel.

Jamvel om forskarane i utgangspunktet vurderte jærtistel som sårbar for tidleg slått, viste undersøkinga at på meir næringsrike (nitrogenrike) stader bidrog også tidleg beite til utviklinga av vitale populasjonar.

Resultata av denne undersøkinga er utan tvil interessant også for forvaltninga av jærtistel i Noreg, med visse atterhald. Mange av førekomstane av jærtistel i Noreg er knytte til gammal slåttemark og tydelegvis er slått gunstig for førekomsten av arten. Slått bidrar til utvikling av fertile individ og bidrar til at mange frøplanter overlever. Me kan trygt rekne med at dette også gjeld i Noreg.

Funnet at beite bidrar til lågare tettleik av frøplanter og større innslag av vegetativ formeiring kan også godt gjelde her i landet, under føresetnad av at det dreier seg om eit svært moderat

beitepress. Når det gjeld effekten av tidleg slått, er det grunn til å tru at situasjonen er ein annan i Noreg enn i Tyskland. Arten sin fenologi, dvs. tidspunkt for spiring, blomstring, utvikling av frø osb. varierer frå sør til nord og i ein fenologisk samanheng er juni i Tyskland vesentleg tidlegare enn juni i Noreg. Me kan i alle fall legge til ein månad for å kunne samanlikne resultata.

Gjødslingseffekten kan nok også vere godt høgare i dei delane av Tyskland det her er tale om, samanlikna med dei områda jærtistel veks i her nord. Her, heilt i utkanten av jærtistelen sitt utbreiingsområde, skjer blomstringa i siste del av juli til august, og for å sikre optimal effekt av slått, bør denne her i landet skje i siste delen av august. Det bør i alle fall vere utgangspunktet inntil ein eventuelt har hausta meir røynsle med effekten av slått som forvaltningsstrategi for jærtistel i Noreg.

Det er eit påfallande trekk at jærtistelen i Noreg veks i randsona, i utkanten av dei gamle

beitemarkene, på dei delane som truleg har hatt mest ekstensiv bruk dei siste tiåra. Ekstensiv bruk er eit driftsregime som favoriserer jærtistel og han er avhengig av denne ekstensive bruken. Om bruken forsvinn, skjer det etter kvart strukturelle endringar med vegetasjonen (overgang frå

(16)

grasmark til lynghei, eller frå lynghei til skog). I utkanten av dei grasdominerte beitemarkene var det truleg i eldre tid lynghei, halden ved lag av husdyrbeite. I denne ekstensivt drivne lyngheia voks jærtistel. Då beitet forsvann, invaderte osp og andre lauvtre, og jærtistelen forsvann. Det har skjedd i den delen av Haver som no er skogkledd. Skogen her er ganske ung, nokre få tiår, og undervegetasjonen er ennå prega av det opne beitelandskapet han er utvikla frå. I 1990-åra kan det ha vore så mykje som 2000 individ av jærtistel i området som no er dekt av skog (Lundberg 2010). Det er mogeleg at populasjonen har flytta seg etter kvart som bruken av området har endra seg og etter kvart som vegetasjonsstrukturen har endra seg som følgje av endringar i bruken.

I 2010 blei det samla inn frø av jærtistel frå Haver og dei er deponerte ved Bergen Museum. I samarbeid med professor Dag Olav Øvstedal og fagarbeidar Else Jorunn Melstokkå er nokre av frøa sett til spiring på Arboretet på Milde (Lundberg 2010). Frøa blei sådd 8. februar 2011 og dei spirte om lag ei veke seinare, 16. februar. Innsamling av frø er ein viktig del av

bevaringsstrategien for å ta vare på biologisk mangfald. I jorda ligg det alltid ein frøbank frå planter som veks i eit område. Så lenge frøbanken er intakt, kan plantene spire frå frø og kan sikre generasjonsveksling og vidareføring av artar og vegetasjonstypar gjennom aktivering av frøbanken.

1.1.5 Kvifor er jærtistel trua i Noreg?

Jærtistel er i Noreg knytt til opne, ekstensivt drivne jordbrukslandskap, der det ikkje blir gjødsla, altså til slåttemark og beitemarker og open skog med moderat beitepress. Denne måten å drive på var tidlegare utbreidd i Hå, men mange stader er det slutt på både beite og slått. På slike stader skjer det ei forbusking og gjengroing av tidlegare beitemarker (lynghei og grasmarker), og jærtistelen blir skugga ut. Det har skjedd på Ogna og i Urvika, og det er i ferd med på skje i Moivika. For å unngå at jærtistelen går tilbake eller forsvinn heilt frå desse områda, bør det takast ut oppslag av buskar og tre på desse stadene.

På Stølen (Kinnarvåg) er det eit motsatt problem. Der har beitepresset vore for høgt og det meste av jærtistelen er blitt ete opp. Han har overlevd i bratte og utilgjengelege bergskorter der sauene ikkje kjem til. For å prøve å få jærtistelen tilbake i dette området blei det i 2011 sett opp eit gjerde som skal hindre sauene å beite der det voks jærtistel på 1990-talet.

I Moivika veks jærtistelen i ei vegskråning. Her utfører Vegvesenet kvart år kantslått for å halde vegetasjonen nede slik at vegen blir oversiktleg. Denne kantslåtten kuttar toppen av stilkane på jærtistelen og hindrar at arten blomstrar og set frø. Kantslåtten er nyttig for å hindre oppslag av osp og andre buskar og tre, men det er uheldig for jærtistelen at slåtten skjer så tidleg. Om slåtten skjer etter at jærtistelen har fått modne frø, dvs. etter 1. oktober, vil det vere gunstig for

utviklinga av artsrike og interessante vegkantar, og det vil ha same effekten som tidlegslått for buskar og tre som vil bli haldne nede (Lundberg 2012b).

På Haver finst den største førekomsten av jærtistel i Noreg, fordelt på fleire delpopulasjonar. Her var det beitedyr på 1960-talet, men i dag er det nullbeite. Gjengroinga er i gang, og utan skjøtsel vil jærtistelen fort få problem med bjørnebær, bjørk, osp eller andre buskar og tre. Det bør difor settast i gang tiltak for å bøte på dette. I 2010 blei det utført praktisk skjøtsel i form av rydding av bjørnebærkratt på Haver vest (Lundberg 2010).

(17)

I juni 2012 vart det sleppt sauer på den austre teigen. Desse beitte ned jærtistelen fullstendig slik at ingen sette frø dette året (Lundberg 2012b, figur 9). Populasjonen vil ikkje ta uboteleg skade av eitt års nedbeiting, men han vil ikkje overleve fleire års nedbeiting og mangel på frøsetting.

Det har så langt ikkje lykkast Fylkesmannen eller Hå kommune å få avtale om vidare skjøtsel etter skjøtselsplanen av heile enga, men har fått høve til å gjerda av det viktigaste arealet for jærtistel på om lag 1,2 daa slik at dette arealet ikkje blir sauebeita, men skjøtta vidare etter skjøtselsplanen. Det er avgjerande viktig at det blir inngått ein langsiktig avtale med grunneigaren om når det kan beitast på enga.

Figur 9.Effekten av sauebeite frå eitt år til ein anna. Øvst jærtistel i 2010, nedst same stad i 2012. Frå Haver aust, Hå kommune.

Den mest talrike førekomsten i Noreg i dag fins i tre felt på Haver, med mange hundre individ. I det første av desse felta vest på Haver er det godt med bjørnebær, som på sikt kan true

førekomsten av jærtistel (figur 10). Det andre feltet ligg i eit søkk fram mot ei hytte og delar av søkket blir slått med plenklippar for å omdanne gammal slåttemark til ”plen”. Det er ikkje

(18)

køyreveg fram til hytta, men hyttefolket har firhjulsdriven bil og køyrer med bil i utmarka så langt dei kan fram mot hytta. For å betre framkomsten med bil har dei fylt sprekker i berget med asfalt (figur 11 og 12). Dersom det nokon gong skulle kome fram ønskje om køyreveg fram til hytta, vil den enklaste traseen gå over og langs ein av dei største førekomstane av jærtistel i Noreg.

Figur 10. Dumping av slått plengras ved Noregs største førekomst av jærtistel.

Figur 11. For å kunne køyre nærare ei hytte er det fylt i asfalt i hol og dumpar i terrenget forbi førekomsten av jærtistel.

(19)

Figur 12. Jærtistelen veks i enga i høgre halvdel av biletet.

Det tredje og største feltet er den omtalte øydeenga mellom tunet på 89/1 og Saltetjørna. Øydeeng er svært uvanleg i Rogaland på grunn av det intensive jordbruket. Sjølv om enga har lege brakk lenge, er engsamfunna intakte, attgroinga moderat og jærtistelen ser ut til å trivast godt. Det ligg her til rette for å finne fram til slåttemarkskjøtsel som tryggar den trua arten.

På desse to største førekomstane på Haver er det frå 2010 drive sein slått i samsvar med skjøtselsplanen (Harestad 2010) etter munnleg aksept frå eigarane. På problemområde med mykje bjørnebær var det meininga å samanlikne luking og slått, men det aller meste er slått.

Harestad (2012) oppsummerer kva type skjøtsel som blei utført i 2010-12. I 2010 blei det meste av arealet slått, og riset blei fjerna i slutten av mai. I 2011 og 2012 blei et felt luka for bjørnebær i slutten av juni og riset vart fjerna. Om det ikkje blir drive skjøtsel, vil bjørnebær etter kvart bli meir dominerande, og jærtistel og andre artar kan bli utkonkurrerte.

I 2012 vart det etablert eit 20 meter langt fasttransekt på det eine bruket (Haver vest 89/4) for å overvake effekten av skjøtselen der. Registreringa av vegetasjonen, herunder alle skot av

bjørnebær, i transektet i 2012 representerer ein referansetilstand, og seinare teljingar vil vise om skjøtselen har nokon effekt (Lundberg 2012b).

Jærtistel veks i Noreg berre langs ein kort kyststrekning i Hå kommune i Rogaland. Område der han veks er gamle kystkulturlandskap og dei har vore brukte som beiteland for husdyr i lange tider. Dei siste tiåra har det skjedd store omleggingar i jordbruket og mange av dei små kystbruka er lagt ned og dei gamle utmarksbeitene gror att. Denne gjengroinga skaper problem for

jærtistelen og utan tvil er dette ei av årsakene til at arten har gått tilbake dei siste 10-15 åra.

I kjølvatnet av nedgangen i talet på aktive bruk langs kysten har det kome fram andre og nye arealbruksinteresser i og langs kystsona. Sjølv i den største og mest intensive

landbrukskommunen i landet, Hå, er landbruket vesentleg svakare i den søre delen. Her er presset frå storbyregionen på Nord-Jæren stort i form av oppkjøp av bruk til fritidsbustader og

hyttebygging. Det er gjennomført ei større hyttebygging i kystlynghei med klokkesøte ved

(20)

Holmane, og vidare utbygging her var planlagt i kjende jærtistellokalitetar. Fylkesmannen fremja motsegn med krav om kartlegging av jærtistel. Då det viste seg at det ikkje lenger var jærtistel der, vart motsegna trekt. Sjølv om det viste seg at det ikkje var ei direkte nedbygging, er det likevel eit spørsmål om slitasjen som denne etableringa vil skape. Folk i hytter, hus og overnattingsbedriftar vil søke til sjøen for å gå på tur, for å fiske, for å bade, for å kome til båtplassar osb. Omfanget av trakk og slitasje vil kunne overstige den noverande bruken av området, og jærtistel kan vere den tapande parten.

1.1.6 Kva har handlingsplanen frå 2010 fått fram av ny kunnskap om jærtistel?

- Utbreiinga til jærtistel er kartlagt i detalj. Alle kjende førekomstar er GPS-refererte og det er laga lokale utbreiingskart

- Det er kjent seks metapopulasjonar av jærtistel i Noreg, alle i søre del av Hå kommune i Rogaland: Ogna, Sirevåg, Haver, Stølen, Urvika og Moivika

- Storleiken på alle delpopulasjonane er klarlagt

- Det er vist kva miljø jærtistel er knytta til, hovudsakleg opne, ugjødsla enger

- Vegetasjonstypane jærtistel inngår i er analysert. Frekvente følgjeartar er blodtopp, gullris, skjermsveve, engsoleie, blåknapp, engkvein, raudsvingel, ryllik og sløke

- I 2010 blei det utført teljing i dei fleste delpopulasjonane. Den største konsentrasjonen er på Haver. Der var det i 2010 vel 6600 blomsterstilkar. Andre stader i Hå var det vel 1100 blomstrande stilkar

- Den største delpopulasjonen er på Haver. Dei minste er på Stølen og Ogna, begge med berre fem stilkar i 2010

- Viktige trugsmål er avdekka: Overbeite og gjengroing. I vegkantar er artar som bjørk, osp og jærlupin faremoment, i gamle enger er bjørnebær eit trugsmål. Ved Sirevåg stasjon er arten trua av sitkagran, begge stader kan utviding av transportnettet trua arten. Ved Saltetjørna på Haver skal det i 1990-åra ha vore om lag 2000 jærtistel, men i dag er det knapt nokon. Årsaka er framvekst av ein ospeskog som har skugga ut jærtistelen

- Det er samla inn frø av jærtistel, og desse er brukte til spiringsforsøk i Arboretet og Botanisk Hage på Milde. Desse spirte i veksthuset og blei planta ut i hagen der dei klarte seg fint i løpet av sesongen 2012.

(21)

1.2 Faggrunnlag for skredmjelt Oxytropis campestris ssp. scotica 1.2.1 Systematikk og fylogeni

Skredmjelt blir rekna som ein underart av markmjelt Oxytropis campestris. Arten er formrik med mange rasar, ofte avgrensa til geografisk skilde område, og formene blir av og til rekna som eigne artar eller underartar. Lid & Lid (2007) meiner at arten truleg er eurasiatisk, dvs. at han er utbreidd i Eurasia, men ikkje i Nord-Amerika. Andre botanikarar reknar arten som ein

sirkumpolar, arktisk-alpin art, altså ein art som fins både i Nord-Amerika og Eurasia.

Også i Nord-Amerika er det stor genetisk og morfologisk variasjon innan arten. Den genetiske variasjonen i Nord-Amerika er større innan populasjonar enn mellom populasjonar. Dette

indikerer at dei nordamerikanske populasjonane er reliktar etter ei meir samanhengande utbreiing gjennom siste istid (Pleistocen). Dette kan også godt vere tilfelle med formene av markmjelt i Europa, på same måte som tilfellet er med underartane av fjellvalmue i Noreg. Stor genetisk variasjon innan populasjonane tilseier at det er viktig å sikre miljøtilhøva/veksestadene som favoriserer livssyklusen til arten (Chung, Gelembiuk & Givnish 2004).

Alle artane i markmjeltslekta Oxytropis er fleirårige urter med lange, grove røter. Dei veks i tuer og har finna blad med endefinne, utan klengjetråd som hos vikker Vicia, erteknappar Lathyrus og nokre andre slekter i erteblomfamilien. Blada er med andre ord ulikefinna. Blada til artane i markmjeltslekta er lodne med mange par spisse småblad. Blomane er samla i hovud eller i tette, hovudforma klasar. Det nedste kronbladet, kjølen, har eit nebb og skolmene er svarthåra. Slekta har tre artar i Noreg, reinmjelt Oxytropis lapponica, masimjelt O. deflexa ssp. norvegica og markmjelt O. campestris. Reinmjelt er vidt utbreidd på baserik grunn i fjellet, mens masimjelt er berre kjent frå to stader i Finnmark. Markmjelt har to underartar i Noreg, russemjelt O.

campestris ssp. sordida og skredmjelt. Russemjelt er i Noreg berre kjent frå Finnmark, men der frå fleire stader (Lid & Lid 2007).

Markmjelt veks i tette tuer (figur 13) med opprett, håra stengel utan blad. Alle blad er grunnstilte, dei er festa på røtene, ikkje på stengelen, og dei har 10-15 par spisse småblad med lange, mjuke hår. Ved basis av bladet, inn mot bladskaftet, sit eit par øyreblad (stipulae) som er delvis

samanvaksne. Blomane er opprette og hovudet er rundt. Krona er om lag 14-15 mm lang, skolmen er opprett, om lag 14-18 mm lang. Arten er som nemnt formrik og dette kjem også til uttrykk i stor genetisk variasjon innan arten. Kromosomtala (2n) varierer frå 16-96 (Lid & Lid 2007), noko som er typisk for taksa (artar, underartar eller varietetar) med populasjonar med stor geografisk avstand.

Russemjelt og skredmjelt høyrer altså til same art, markmjelt. Det som skil dei to underartane er at russemjelt har stengel og blad med liggjande, korte hår, medan skredmjelt har stengel og blad med meir sprikjande, lange hår (figur 14). Vidare har russemjelt avlange, sylinderforma skolmar, medan skredmjelt har eggforma skolmar.

(22)

Figur 13. Skredmjelt i Førrejuvet, Hjelmeland.

Figur 14. Stengel og blad hos skredmjelt har sprikjande, lange hår.

Begertennene hos russemjelt er om lag 3 mm lange, hos skredmjelt er dei kortare, om lag 2 mm lange (figur 15). Russemjelt har først blåfiolette, seinare ureint gulkvite kroner, skredmjelt har gulkvite kroner. Begge underartane har same kromosomtal (2n = 48) (Lid & Lid 2007).

Skredmjelt formeirar seg ikkje vegetativt, men med frø. Tydelegvis er dette ein strategi som fungerer godt. Pollinering skjer med insekt og i Førrejuvet blei det registrert fjellhumle Bombus monticola som besøkte blomstrar av skredmjelt. Det blei også observert sommarfuglar, m.a.

aurorasommarfugl.

(23)

Figur 15. Skredmjelt har korte, om lag 2 mm lange begertenner og lys gule blomstrar.

seg ikkje vegetativt, men med frø.

1.2.2 Biologi og økologi

Skredmjelt er i Noreg kjend frå to lokalitetar i Hjelmeland, Førrejuvet inst i Jøsenfjorden og Austmannshovudet ved Ritland. Ved Ritland veks arten fåtalig i nokså sterkt beita reinrosehei. I Førrejuvet er arten knytt til baserik rasmark, i område med skifrig berggrunn. Han veks i ei sørvendt skråning, i den øvre delen av ei kjempeur, ved foten av ein høg, vertikal bergvegg med god solinnstråling. Rasura har blokker, steinar og grus av varierande storleik, men skredmjelt er knytta til stader med open, laus grus. Frå bratthenget over rasura kjem det stadig stein og skredmjelt blir frå tid til annan utsett for slike ras. Ofte kan det føre til at rosettar eller

populasjonar av skredmjelt blir tatt med raset og førekomsten øydelagt. Dette skjer jamnleg og det har truleg vore slik til alle tider. På den andre sida er det tydeleg at skredmjelt er avhengig av open, grushaldig grunn, nettopp den typen habitat som blir skapt av skred. Dermed kan ein seie at steinrasa truar individ av skredmjelt, men dei sikrar vidare eksistens for populasjonane.

Det at arten i Førrejuvet er så sterkt knytt til open grusmark indikerer at han er ein pionerart.

Typisk for desse er at dei er konkurransesvake og at dei er knytte til veksestader med mykje lys, gode temperaturar i vekstsesongen og godt med mineralar. I ein slik koloniseringsprosess har erteplanten skredmjelt ei føremon samanlikna med dei fleste andre planter. Erteplantene kan som kjent fiksere fritt nitrogen frå lufta og omdanne det til plantetilgjengeleg nitrogen, dvs. nitrat, nitritt eller ammonium, som alle planter treng, men som manglar i nydanna skredflater.

Pionerartar endrar også miljøet der dei veks på andre måtar. Etter kvart som dei produserer strøfall (daude blad, stenglar, røter, blomar og andre plantedelar), byggjer dei opp eit jordsmonn med mold, ikkje berre stein og grus som før. Naturlege, kjemiske og biokjemiske prosessar i jordsmonnet bidrar til utvasking av mineral, lågare pH, større innhald av organisk materiale osb.

og dette gjer at det er mogeleg for andre artar å etablere seg. Nokre av dei, t.d. røsslyng som veks spreidd saman med skredmjelt i Hjelmeland, produserer store mengder strø som bidrar til

forsuring av jordsmonnet. Etter kvart som skredmjelt gjer det mogeleg for andre planter å etablere seg i dei opne rasviftene, endrar desse sekundærkolonistane miljøet slik at det blir

uleveleg for skredmjelt. Det blir tettare vegetasjon, mindre lys, mindre varme ved bakken, mindre mineral, meir jord og surare grunn, slik at pionerarten skredmjelt etter kvart går ut. Ein annan art

(24)

som kan skape problem i så måte er bringebær som av og til veks saman med skredmjelt (sjå Tabell 3), og som vil skugge ut skredmjelt om populasjonane av bringebær får vekse seg store og tette. Difor er arten avhengig av stadige ras, slik at det blir skapt nye rasvifter med mineralrik grus som skredmjelt kan kolonisere. Rasa skapar ein dynamikk som på den eine sida truar individ av skredmjelt, men som på den andre sida er ein føresetnad for at førekomsten av arten

(populasjonen) kan overleve.

Tabell 3. Skredmjelt-samfunn, Førrejuvet, Hjelmeland. Analysert 28.06.2009. Rutestorleik: 0,5 x 0,5 m.

Rutenr. 12345678910

Geitsvingel 1... Festuca vivipara Sandgråmose 111.1.12.. Racomitrium canescens Fjellmarikåpe 1112122.3. Alchemilla alpina

Blåklokke 1...1 Campanula rotundifolia

Kattefot 211..31111 Antennaria dioica

Engkvein 11112..111 Agrostis capillaris

Skredmjelt 4545544355 Oxytropis campestris ssp. scotica

Røsslyng 1.2... Calluna vulgaris

Tiriltunge 1...2... Lotus corniculatus

Lifiol .1...111 Viola canina ssp. nemoralis

Smyle .211112211 Deschampsia flexuosa

Raudsvingel .1... Festuca rubra Småengkall .1... Rhinantus minor

Gulaks .11... Anthoxanthum odoratum

Legeveronika ..1.1.1... Veronica officinalis Beitesvæve ..11.11.1. Hieracium sect. Vulgatum

Engrapp ...1... Poa pratensis

Rabbebjørnemose ...1... Polytrichum piliferum

Hårsvæve ...11... Hieracium pilosella

Fjellbakkestjerne ...1....1. Erigeron borealis

Blåknapp ...121111. Succisa pratensis

Engsoleie ....1... Ranunculus acris

Fjellkvann ...1.... Angelica archangelica ssp. archangelica

Gullris ...1.... Solidago virgaurea

Tågebær ...2... Rubus saxatilis

Blåfjør ...1.1. Polygala vulgaris

Firkantperikum ...2.2. Hypericum maculatum Lintorskamunn ...11. Linaria vulgaris

Bringebær ...211 Rubus idaeus

Marikåpe ...1. Alchemilla sp.

Markjordbær ...1 Fragaria vesca

Blåkoll ...1 Prunella vulgaris

Skogstorkenebb ...1 Geranium sylvaticum

Bjørk ...1 Betula pubescens

Kvitbladtistel ...2 Cirsium heterophyllum

(25)

I Førrejuvet veks skredmjelt saman med ei rekkje andre planteartar, sjå Tabell 3. Dei mest vanlege følgjeartane er fjellmarikåpe, kattefot, engkvein, smyle og blåknapp. Skredmjelt veks i Førrejuvet delvis på baserik grunn. Berre ei av dei ti prøveflatene har nemnande innslag av noko krevjande artar. Elles i området fins det ei rekkje krevjande planteartar som viser at det er kalkrik grunn i området. Det gjeld såleis brudespore, bergfrue, bergjunker, fjellbakkestjerne, flekkmure, gulstorr, hengeaks, hårstorr, raudsildre, svartstorr og svarttopp. Eit interessant innslag i floraen er førekomsten av strandartane strandkjempe og strandsmelle.

Populasjonen på Ritland veks i meir slutta vegetasjon, i relativt fattig reinrosehei.

1.2.3 Utbreiing og bestandsutvikling

Skredmjelt er klassifisert som sterkt trua (EN) på Norsk raudliste 2010 på grunn av eit lågt tal individ.

Markmjelt er i Norden kjent frå Noreg (Finnmark og Rogaland), Sverige, (særleg Öland, men også Gotland og Midt-Sverige) og Finland (helst i sør og søraust) (Mossberg, Stenberg &

Ericsson 2007). Underarten skredmjelt er berre kjent frå to stader i Noreg og to stader i Skottland, i Glenn Fee og nær Loch Loch (Raven & Walters 1956). I Skottland synest skredmjelt å vere knytt til ein bestemt bergart. Utbreiinga til skredmjelt er spesiell, men ikkje unik. Det fins andre artar med liknande utbreiing, t.d. norsk malurt som fins i Skottland, Noreg (Austmannshovudet i Hjelmeland, Jondal og Trøndelag) og Ural.

Skredmjelt blei funnen som ny for Noreg under ein ekskursjon til Førre i Hjelmeland i regi av Norsk botanisk foreining, avd. Rogaland 29.06.-01.07.1973 (Skjæveland, Lima & Bøe 1974).

Funnet blei gjort av Ole Gabriel Lima, som klatra litt høgare opp i ura enn dei andre. Funnet er også omtalt av Lye & Lima (1974) og av Miljøverndepartementet (1976). Den siste kjelda oppgir at det var 100 individ. Nokre år seinare var eit særleg stort og gammalt individ gått ut, truleg pga.

ras (munnleg opplysning frå O.G. Lima til A. Steinnes i 1984). I 1995 blei det observert ca 20 individ og finnarane meinte at populasjonen neppe var på meir enn 100 planter.

Førekomsten av skredmjelt i Førrejuvet blei kontrollert av O. Førland og L. Krumsvik 13.06.2009 og dei gjorde då følgjande observasjonar:

50 planter, 20 x 25 m, 470 m o.h. 32V LL 6369880562 8 planter, 1 x 5 m, 530 m o.h. 32V LL 6375980561 60 planter, 15 x 15 m, 541 m o.h. 32V LL 6369280570 1 plante, 1 x 1 m, 542 m o.h. 32V LL 6405780793 9 planter, 4 x 9 m, 547 m o.h. 32V LL 6360980708 Til saman blir dette 128 planter.

Godt to veker seinare, 28.06.2009, blei førekomsten oppsøkt av A. Lundberg og L. Krumsvik (figur 16), og då vart det registrert 138 planter. Referansen på den høgaste førekomsten blei då målt til N 59°20.603’ (59°20’36.2’’), E 6°36.358’ (6°36’21.5’’), 549 m o.h. (målt med Nikon GPS-eining GP-1, montert på kamera). UTM-referansen er ED50 32V LL 637, 806 (etter M711- kart, utgjeve i 2006). Dette er om lag to km nordaust for den fråflytta garden Førre, inst i

Førrefjorden, i den vestre delen av Førrejuvet, på nordsida av dalen. På andre sida av dalen ligg

(26)

fjelltoppen Odden (884 m o.h.), om lag 800 m søraust for skredmjelt-førekomsten. Om lag 1,5 km aust for førekomsten ligg Geitajuvet, som går nordover frå Førrejuvet. Om lag én km

nordvest for lokaliteten ligg stølen Nystøl (870 m o.h.). Førekomsten ligg nær inntil foten av ein loddrett bergvegg, nær 300 m høg (figur 18).

Figur 16. Førrejuvet i Hjelmeland sett mot vest. Skredmjelt i framgrunnen til høgre, saman med kvitbladtistel.

Under synfaringa 13. juni 2009 observerte O. Førland og L. Krumsvik spor etter reinsdyr i den øvre delen av rasura, i nærleiken av skredmjelt. Tydelegvis likar reinsdyra å beite på

vegetasjonen her. Det er positivt for å dempe framveksten av buskar og tre som på sikt kan true førekomsten av skredmjelt.

Førekomsten av skredmjelt blei òg oppsøkt 23.06.2010 av A. Lundberg og O. Førland. Det vart då gjort følgjande observasjonar (Lundberg 2010):

54 tuver, 500 m o.h. 32 V03 63705, 6580579 11 tuver, 520 m o.h. 32 V03 63771, 6580615 20 tuver, 522 m o.h. 32 V03 63812, 6580696 1 tuve, 524 m o.h. 32 V03 63753, 6580675 16 tuver, 540 m o.h. 32 V03 63698, 6580664 98 tuver, 560 m o.h. 32 V03 63942, 6580668

Til saman blei det rekna opp 200 tuver. Differansen mellom summen for 2009 og 2010 treng ikkje vere reell, men kan like godt vere uttrykk for ulike måtar å telje på. I dei tettaste

delpopulasjonane er det ikkje alltid like lett å avgjere kor ei tuve sluttar og ei anna tar til.

Førekomsten av skredmjelt i Førrejuvet blei oppsøkt igjen 09.06.2012 av A. Lundberg saman med medlemmar av Norsk botanisk foreining, Vestlandsavdelinga (Lundberg 2012b).

Situasjonen for arten var da om lag som i juni 2010. Det hadde gått eit større steinras i nærleiken av skredmjelt-populasjonane sia juni 2010, men det såg ikkje ut som om det hadde skada nokre av plantene. Skred dempar framrykkinga av bjørk og andre buskar og tre som elles ville endre

(27)

Lokaliteten på Austmannshovudet, søraust for Ritland vart fyrst funnen av geologen Fridtjof Riis i 2006 (Lundberg 2012a). Lokaliteten vart undersøkt nærare av Lundberg (2012b) i samanheng med ein ekskursjon i regi av Norsk botanisk foreining. Her sto det då ni tuver, men berre ei plante blomstra i 2012. Han veks i 720 m.o.h., om lag 200 m høgare enn i Førrejuvet i ei lågalpin hei med einer, rypebær, krekling, rabbesiv, blåklokke, kattefot og røsslyng, men med innslag av kalkkrevjande artar som reinrose, dvergjamne og bergstorr. Det er mykje lågvaksen einer i området som kan trua arten på sikt. Plantene ved Austmannshovudet er tydeleg mindre enn dei i Førrejuvet, og dei veks i ein heilt annan vegetasjonstype enn i Førrejuvet. Det blei analysert seks ruter med skredmjelt i Austmannshovudet i 2012 der det blei registrert 22 artar i vegetasjonen (Lundberg 2012b). Lokaliteten i Førrejuvet ligg ikkje innafor noko verneområde, mens lokaliteten ved Ritland ligg innafor Vormedalsheia landskapsvernområde.

Det er mogeleg at skredmjelt kan veksa i andre utilgjengelege rasmarker i Rogaland. Fridtjof Riis siterar m.a. ei dame som meinte ho hadde funne arten i ei kløft høgt oppe i fjellet rett opp for Ingvaldstad i Hjelmeland (Lundberg 2012a), men ved eit søk på lokaliteten i 2012 blei ikkje arten funnen her (Lundberg 2012b).

1.2.4 Kvifor er skredmjelt trua i Noreg?

Hovudførekomsten i Førrejuvet er ved fleire høve over eit halvt århundre vurdert å vera drygt 100 individ. Dette er tydelegvis ein levedyktig bestand, men samstundes er det klart at ein så liten populasjon er svært sårbar. Det nyoppdaga leveområdet har så få individ at ein må rekna med genetisk utarming med stor fare for at han går ut. Forsvinn desse populasjonane, er han vekke frå norsk flora.

Det kan vera vanskeleg å slå fast kvar den klimatiske skoggrensa går og alpin sone tek til på grunn av varierande beitetrykk, vindeksponering, kanskje òg brenning . Bjørk dannar skoggrensa i området og denne ligg ein god del høgare enn skredmjelt-førekomsten. Heia nord for juvet går opp til over 900 m, til over 1000 m lenger aust, og bjørkeskogen går fleire stader i området til mellom 700 og 800 m. Området rundt skredmjelt er likevel stort sett rasur utan skog. Årsaka til dette er at skredmjelt veks i eit område der det ofte går ras og skogen har aldri hatt høve til å vekse fram i området, jamvel om det står einskilde bjørketre og små klynger av bjørketre i ura. I delar av tilgrensande ur som ikkje like ofte er utsett for ras, står bjørkeskogen tett opp til om lag 650 m o.h. Førekomsten av skredmjelt ligg med andre ord 100-300 m lågare enn skoggrensa i området. Det er tydeleg at bjørka kontinuerleg prøver å etablere seg høgare i den delen av ura der skredmjelt veks, men stadige ras har fram til no hindra at det blir meir enn spreidde tre eller treklynger. Alle tre i den øvre delen av ura ser ut til å vere unge, tydeleg yngre enn dei som veks langs elva (Førreelva) i dalbotnen 150-180 m lågare, jf. figur 18, flybilete fotografert 14.07.2003.

Andre buskar og tre i rasura er bringebær, einer, hegg, rogn og selje.

Det interessante spørsmålet er om dette er i ferd med å endre seg, eller om det tilstandsbiletet ein ser i dag er om lag det same som det alltid har vore. Ein måte å finne ut av dette på er å studere tidsseriar av flybilete. For å undersøke dette blei flybiletet frå 2003 samanlikna med eit flybilete frå juni 1959 (figur 17), eit intervall på 45 år. Samanlikninga viser klart at bjørk har ekspandert i rasura i perioden 1959-2003. I 1959 var det open bjørkeskog langs Førreelva i dalbotnen, men berre einskilde treklynger oppover ura ut frå hovudførekomsten langs dalbotnen. Det var ingen tre eller treklynger ved foten av den loddrette bergveggen, der skredmjelt har tilhald. I dag går det

(28)

Figur 17. Førrejuvet i 1959. Dei mange lyse stripene nedover ura viser aktiv tilførsel av materiale frå steinsprang. Øvre del av rasura er heilt utan bjørk.

Figur 18. Førrejuvet i 2003. Færre lyse striper på tvers av ura samanlikna med 1959 viser at tilførsla av materiale har minka. Bjørka har invadert dei delane av ura der det er mindre ras og dette kan på sikt true førekomsten av skredmjelt.

samanhengande, breie eller smale felt av bjørk i fleire felt tvers over rasura, nokre stader heilt opp til foten av den loddrette bergveggen. Der det framleis går ras, tydeleg som lyse striper på flybiletet frå 2003, er det ingen bjørk (figur 18). Rasa held med andre ord bjørka tilbake, jamvel om heile området ligg under den aktuelle alpine skoggrensa. Dette gjeld likevel berre der det framleis går jamnlege ras. Der det ikkje lenger går ras eller der det ikkje lenger rasar så ofte, ekspanderer bjørka. Endringar i intensiteten på, og frekvensen av ras er ikkje noko nytt. Det er kjent frå alle brattlendte fjordbygder, såleis også i Førre. Flaum førte t.d. til at skylda på garden blei halvert i 1749. Eit stort ras i 1834 førte til at skylda to år seinare på ny blei redusert, frå 48 til

(29)

Endringar i rasintensiteten har si naturlege forklaring. Vintrane har blitt mildare dei siste åra og det gjer at vekslinga mellom frysing og tining som normalt går føre seg om hausten og våren har endra seg. Det som utløyser frekvente ras er hyppige skifte mellom frysing og tining. Dette skjer om hausten og våren når temperaturen svingar omkring null (Sulebak 2007) og det er dette fenomenet som har bygd opp rasurene i Førrejuvet og andre stader. Når vintertemperaturen blir høgare, blir det mindre frysing og tining og dermed mindre steinras. Klimaendringa er altså årsak til færre steinras i Førrejuvet. I kva grad auka nedbør verkar i motsett lei er ikkje avklara, eit område som Førre er i alle høve tilpassa til svært høg nedbør og kraftige flaumar.

Om me samanliknar flybileta frå 1959 og 2003 er det også tydeleg at skogen er blitt tettare og meir samanhengande i dalbotnen, ikkje minst i den vestre, lågareliggjande delen. Dette kan skuldast nedgang i husdyrbeitet. Garden Førre har vore busett sia mellomalderen. Han blei avfolka under Svartedauden, men var busett att i 1603. Husdyrhaldet var på det høgaste i 1865 då dei to bruka på garden til saman hadde 140 sauer og 99 geiter. Dette var mykje; garden hadde flest husdyr av alle gardane i Jøsenfjorden i 1865. Garden blei fråflytta i 1953 (Brandal 1989).

Dei mange sauene og geitene gjorde at skogen blei halden open i heile dalen. Dei siste tiåra har beitepresset gått betydeleg ned og dette kan ha gjort at skogen har vakse seg stor og tettare. Ei anna mogeleg årsak til at skogen har ekspandert kan vere klimaendring og auka nedfall av nitrogen. Bryn (2008) undersøkte endringar i den alpine tregrensa på Austlandet med tanke på å kunne identifisere klimaendring eller endringar i beitepress og uttak av skog som viktige

drivkrefter. Han fant at gjengroing etter opphøyr eller minking i beite kunne forklare det aller meste av dei endringane som hadde skjedd. Engum (2006) kom til same resultat i Bergsdalen på Vestlandet.

Figur 19. Førrejuvet sett mot vest. Bjørk invaderer delar av ura der det ikkje lenger går så ofte ras.

Den tette og samanhengande skogen me ser i dalbotnen på flybiletet frå 2003 (figur 18) er difor truleg eit resultat av nedgangen i beitepresset. Det er denne tette og nye skogen langs elva som er rekrutteringspotensialet til trea og treklyngene som har ekspandert i rasura under og omkring skredmjelt-førekomsten i seinare år. Rekrutteringspotensialet for kolonisering av bjørk i rasura er blitt langt større i løpet av dei siste tiåra. Føresetnadene for bjørka sin ekspansjon i rasura har

(30)

altså endra seg vesentleg. Om det i dag er færre ras enn tidlegare, veit me ikkje sikkert, men det er tydeleg at dei rasa som går i dag, ikkje er i stand til å stoppe ekspansjonen av bjørk i rasura.

Den største faren som truar førekomsten av skredmjelt i Hjelmeland er altså ikkje ras, men bjørkeskogen som prøver å kolonisere rasura (figur 19). Røsslyng og bringebær og andre buskar og tre kan også bli eit problem om ikkje rasa tar dei ut og får fram nye felt med naken grus som skredmjelt kan kolonisere.

I overvakinga av skredmjelten ved Ritland må det vere fokus på einer. Den er lågvaksen og krypande i området og gir inntrykk av at området er beita. Truleg er det eit lett beitepress av sau i området. Dette er gunstig for førekomsten av skredmjelt. Beitet held eineren nede, og kan også gi lettare erosjon som skaper små erosjonsgroper som skredmjelten kan kolonisere. Arten har preferanse for mineraljord, men einer, krekling, røsslyng og andre artar bidrar til å auke innslaget av organisk materiale i jordsmonnet, noko som ikkje er gunstig for skredmjelt. Moderat sauebeite og lettare erosjon kan motverke ein slik prosess (Lundberg 2012b).

1.2.5 Kva har handlingsplanen frå 2010 fått fram av ny kunnskap om skredmjelt?

- Før prosjektet starta, var det kjent ein førekomst av underarten skredmjelt i Noreg, i Førrejuvet i Hjelmeland kommune. Aktuell status for underarten var ukjent

- I løpet av prosjektperioden er førekomsten i Førrejuvet registrert, med oppdatert status for delpopulasjonar og storleiken på kvar av desse. Veksestaden ligg 500-560 m o.h.

- Metapopulasjonen i Førrejuvet er fordelt på seks delpopulasjonar

- Etter at prosjektet starta, kom det inn informasjon om to andre førekomstar av skredmjelt, også desse i Hjelmeland. I 2012 blei den eine av desse positivt stadfesta (Ritland), mens den andre blei avkrefta (Ingvaldstadfjellet)

- Det er utført to teljingar i metapopulasjonen i Førrejuvet, i 2009 og 2010. Den første viste 138 planter, den neste 200 planter (tuver). Begge teljingane blei utført av to personar som kvar talde delar av metapopulasjonen. Det er ikkje alltid enkelt å skille ein plante frå ein annan, då tuvene ofte veks tett inntil kvarandre. For å sikre at teljingane blir utførte på ein einsarta måte, er det viktig at kommande teljingar blir utført av ein og same person, og at same personen gjer teljingane kvart år. Dette vil sikre at ein får samanliknbare resultat frå år til år

- Den nye førekomsten av skredmjelt ved Ritland blei oppsøkt og undersøkt i 2012, i juni og august. Her veks ni tuver av skredmjelt om lag 720 m o.h.

- Ruteanalysar har klarlagt skredmjelten sin økologi, kva vegetasjonstypar han inngår i (open rasmark med mykje grus og mineraler, lite humus, samt open fjellhei) og kva artar han ofte veks saman med

- Statistisk analyse (ordinasjon) viser at dei to skredmjelt-metapopulasjonane i Hjelmeland er nokså ulike når det gjeld miljøtilhøve og artsinnhald. I Hjelmeland veks arten i rasmark, ved Ritland veks han i fjellhei. Frekvente følgjeartar i Førrejuvet er fjellmarikåpe, kattefot, engkvein og smyle; ved Ritland er det rabbesiv, rypebær, krekling, bergstarr, kornstarr,

(31)

i begge metapopulasjonane. I tillegg til skredmjelt gjeld det blåklokke, geitsvingel, kattefot og røsslyng

- Plantene i Førrejuvet er større enn ved Ritland, og ein langt større del av dei er

blomsterberande. I 2012 blei det berre sett eitt skot med blomster i populasjonen ved Ritland, i Førrejuvet blomstra dei fleste

- Tilgangen på mineraljord utan mykje humus synest å vere optimalt for arten. I Førrejuvet går det ofte steinras. Slike ras kan utradere delar av metapopulasjonen, men er også ein

føresetnad for tilgangen på ny mineraljord

- Historiske data har vist at det har skjedd radikale endringar i husdyrhaldet og beitetrykket i og omkring Førrejuvet. Folketeljinga i 1865 viser at dei to bruka i Førre hadde flest husdyr av alle gardane i Jøsenfjorden. Dei to bruka hadde då 140 sauer og 99 geiter som gjekk på beite i Førrejuvet og andre delar av området, og beitetrykket må ha vore påtakeleg. I dag er det svært lite, og det forklarer ekspansjonen av bjørk i lia i Førrejuvet

- Gjengroing med bjørk utgjer eit potensielt trugsmål mot skredmjelt i Førrejuvet, men stadige steinras motverkar ekspansjonen av bjørk. Ved Ritland kan einer og andre småbuskar på sikt vere eit trugsmål mot skredmjelten

(32)

Del 2: Juridisk, administrativ og økonomisk vurdering

2.1 Prosess og saksgang

I 2009 fekk Fylkesmannen i Rogaland oppdrag frå Direktoratet for naturforvaltning om å

utarbeide ein handlingsplan for sju karplanteartar i Rogaland. Eit framlegg til handlingsplan blei sendt på høyring 25.3.2010, med svarfrist 1.6.2010. Skredmjelt og jærtisel var blant desse sju.

I møte 31.1.2011 i Rådgjevande utval for trua artar, blei jærtistel og skredmjelt presentert som kandidatar til å bli vurderte som prioriterte artar, - jærtistel med økologisk funksjonsområde, og skredmjelt utan økologisk funksjonsområde. Medlemene i Rådgjevande utval fekk 3.2.2011 tilsendt eit framlegg til forskrift for desse to artane, saman med framlegget til handlingsplan, med oppmoding om å kome med innspel. SABIMA meinte at også skredmjelt burde få tildelt eit økologisk funksjonsområde. Noregs skogeigarforbund meinte at skredmjelt ikkje kunne sjåast på som ein ansvarsart for Noreg, men var likevel samde i at arten måtte sikrast. I staden for

prioriteringa av arten, gjorde dei framlegg om å sikre arten gjennom å inngå frivillige avtalar med grunneigarane.

Fylkesmannen i Rogaland fikk i 2011 i oppdrag å utarbeide eit faggrunnlag for jærtistel og skredmjelt på grunnlag av handlingsplanen. Del 1 og 3 av dette faggrunnlaget byggjer på handlingsplanen frå 2010, men er blitt oppdatert etter det, mens del 2 er ny og er utarbeidd av Fylkesmannen i samarbeid med Miljødirektoratet.

Hovedførekomsten av jærtistel er ei slåttemark som har vore med ”Arvesølvprosjektet” starta av landbruksavdelinga hos Fylkesmannen Rogaland for å betra skjøtselskvaliteten på kulturmark.

Dette vart vidareført gjennom eit godt samarbeid om Handlingsplan for slåttemark.

Landbruksavdelinga har difor vore kjend med handlingsplanen som omfatta arten, men er berre nyleg orientert i detalj om utarbeiding av faggrunnlaget.

Statens landbruksforvaltning hadde i desember 2011 hatt faggrunnlaget til gjennomsyn, og deira omtale av eigne virkemiddel og kommentarar til faggrunnlaget er tatt med i del 2. Omtalen av verkemidla har blitt oppdatert etter det.

2.2 Tiltak som er sette i verk

Handlingsplanen for dei sju karplanteartane i Rogaland har vore fylgt opp både i 2010-, 2011- 2012- og 2013-sesongen. Det visest her til dei tiltaka som er lista opp under del 3 i faggrunnlaget, og til rapportar om gjennomføringa av denne handlingsplanen som er utarbeidd av Fylkesmannen i Rogaland, m.a. midvegsevalueringa (Lundberg 2012b).

2.3 Naturmangfaldlova (eksisterande verkemiddel)

Naturmangfaldlova legg til grunn at naturen skal takast vare på gjennom vern og berekraftig bruk, og inneheld ei rad verkemiddel for å stanse tap av biologisk mangfald.

2.3.1 Generelle føresegner om berekraftig bruk

Forvaltningsmålet for artar (§ 5) er at artane og deira genetiske mangfald skal takast vare på lang sikt, og at artane førekjem i levedyktige bestandar i deira naturlege utbreiingsområde. Så langt

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

Det føreslegne verneområdet er berre om lag 400 meter frå Breisete naturreservat i aust som vart verna gjennom frivillig skogverna i 2018, og drygt 4 km vidare austover til

Då desse målemastene berre dekker eit område rundt Rieppivatnet, vert det i dette arbeidet nytta modelldata frå mesoskala meteorologiske simuleringar til å

I nokre av dei tradisjonelle og mest kulturpåverka områda kan det vere rett å drive skjøtsel, med an andre område bør få utvikle seg fritt.. For alle verna område er

Dersom det utviklar seg alvorleg skipling av den nasjonale transportmarknaden innanfor eit særskilt geografisk område som botnar i eller vert forverra av kabotasje, kan ein

Norsk Målungdom meiner difor at forskrifta til rammeplanen for den nye lærarutdanninga må sikre at studentane faktisk får opplæring i nynorsk og nynorsk didaktikk.. § 3 Struktur

Fylkeskommunen ber Forsvaret vurdere om andre område kan bli nytta som skyte- og øvingsfelt, i staden for å berre vurdere vidareføring og utviding av eksisterande område..

Dette vart det ikkje sett av tid til under arbeidet med hovudoppgåva, og CrackTeSt COIN er difor berre nytta til simuleringar på betong etter grunnresept 7540, då med «semi low-

> Kulturminneforvaltningen vil sikre et nært samarbeid med eiere av verna og freda fartøy, og Sjøfartsdirektoratet, om implementering av eget regelverk for vernede