• No results found

Høring Forskrift om tilbakebetaling av utdaningslån 2022

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Høring Forskrift om tilbakebetaling av utdaningslån 2022"

Copied!
4
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

1

Kunnskapsdepartementet

Høyringsnotat – forskrift om tilbakebetaling av utdanningslån 2022 oktober 2021

(2)

2

1. Innleiing

I dette høyringsnotatet foreslår Kunnskapsdepartementet følgande regeltekniske endringar utan budsjetteffektar, som er meint å sikre betre samsvar mellom gjeldande praksis, formålet med reglane og ordlyden i forskrifta:

• å presisere at kapitalinntekt som høyrer til barn av låntakaren, ikkje skal reknast med i behovsprøvinga ved sletting av renter

• å presisere at ein på grunn av tillitsverv på fulltid, ikkje kan få sletta renter for meir enn tolv månader til saman

Desse forslaga er gjorde nærmare greie for under kapittel 3.

Det vil også bli behov mellom anna for å lønnsvekstjustere ei rekke inntektsgrenser som blir nytta i samband med behovsprøving av sletting av gjeld og renter. Dette vil bli gjort når forskrifta skal fastsetjast i desember 2021, og er ikkje ein del av høyringa.

Utover dei nemnte endringane, vil gjeldande reglar etter forskrift om tilbakebetaling av utdanningslån for 2021, vidareførast i 2022.

2. Bakgrunn

Nokre låntakarar har barn med eigen formue, der formuen til barnet blir forvalta av Statsforvaltaren fram til barnet har nådd myndigalderen. Avkastninga på slik formue er ei kapitalinntekt som barnet eig, men som likevel kjem til syne som ei inntekt hos foreldra til barnet i skattefastsettinga.

Avkastning på formue til barn reknast som hovudregel ikkje med i behovsprøvingsgrunnlaget. Ved sletting av gjeld for låntakarar som får uføretrygd, er det gjort unntak for inntekt som er registrert på barnet, jf. forskrift om tilbakebetaling av utdanningslån § 13-1 tredje ledd. Ved behovsprøving mot person- og kapitalinntekt etter forskrift om utdanningsstøtte § 98 andre ledd bokstav b, er det også gjort unntak for avkastning av formue til barn, som blir forvalta av Statsforvaltaren. Det er likevel ikkje gjort same presisering i reglar om sletting av rentar, sjølv om intensjonen er den same.

3. Regeltekniske forslag

3.1 Presisering om at kapitalinntekt som høyrer til barn av låntakaren ikkje skal reknast med i behovsprøvinga ved sletting av renter

Gjeldande rett

Forskrift om tilbakebetaling av utdanningslån kapittel 8 gir høve til å få sletta renter på

utdanningslån under ei rekke livssituasjonar og omstende. Sletting av renter er for det meste ei behovsprøvd ordning, der person- og kapitalinntekta til låntakaren, og i nokre høve også inntekta til ektefellen eller sambuaren til låntakaren, spelar ei avgjerande rolle i kor mykje renter ein låntakar har rett til å få sletta.

Fordi det elles er gjennomgåande i utdanningsstøtteregelverket at formue til barn som blir forvalta av Statsforvaltaren ikkje skal reknast med i berekning av person- og kapitalinntekt ved

behovsprøving, samtidig som det også er intensjonen i den aktuelle ordninga, er det også Lånekassens praksis at slik formue også blir sett bort frå ved sletting av renter.

(3)

3

Departementets sine vurderingar og forslag

Praksisen til Lånekassen om å sjå bort frå inntekt frå formue til barn, som blir forvalta av

Statsforvaltaren, kjem ikkje til uttrykk i den konkrete føresegna som regulerer behovsprøvinga mot eiga inntekt for låntakarar som søkjer rentesletting. Departementet meiner at det derfor er behov for å presisere gjeldande praksis i den aktuelle føresegna, sånn at det også her går klart fram at kapitalinntekt som høyrer til barn av låntakaren, ikkje skal reknast med i behovsprøvinga ved rentesletting.

Departementet sitt forslag

Departementet foreslår å presisere at kapitalinntekt til barn av ein låntakar som søker om sletting av renter, ikkje skal reknast med i den inntekta som blir lagd til grunn i behovsprøvinga. Sjå kapittel 5 for forslag til endring i § 8-2 andre ledd.

3.2 Presisering om at ein på grunn av tillitsverv på fulltid, ikkje kan få sletta renter for meir enn tolv månader til saman

Gjeldande rett

Etter forskrift om tilbakebetaling av utdanningslån § 8-5 bokstav b er eitt av forholda som kan gi grunnlag for rentesletting, tillitsverv på fulltid i ein landsomfattande elev- eller studentorganisasjon eller i tilknyting til ein utdanningsinstitusjon eller studentsamskipnad. I slike høve kan ein få sletta renter for opp til tolv månader.

Departementets sine vurderingar og forslag

Etter § 8-4 bokstavane e (økonomisk stønad etter sosialtenestelova) og f (fulltidsarbeid med låg brutto inntekt), har ein rett til å få sletta renter inntil ein viss tidsgrense. I desse tilfella er det presisert at grensa gjeld for heile tilbakebetalingsløpet til saman.

Føresegna § 8-5 bokstav b blir praktisert på same måte, sånn at rett til sletting av renter i inntil tolv månader gjeld for heile tilbakebetalingsløpet til saman. Departementet meiner at praksisen bør presiserast i den aktuelle føresegna, på same måte som det er gjort elles i forskrifta.

Departementet sitt forslag

Departementet foreslår å presisere at tidsavgrensinga på tolv månader for rentesletting på grunnlag av tillitsverv på fulltid, gjeld for heile tilbakebetalingsløpet til saman. Sjå kapittel 5 for forslag til endring i § 8-5 bokstav b.

4. Økonomiske og administrative konsekvensar

Forslaga i kapittel 3 inneber ikkje realitetsendringar og har ingen budsjetteffektar.

5. Forslag til endringar i forskrift om tilbakebetaling av utdanningslån

Departementet foreslår å gjere følgande endringar i forskrifta om tilbakebetaling av utdanningslån for 2022:

§ 8-2 andre ledd skal lyde:

Inntektsgrensene i tabellen blir heva med eit fast beløp for kvart barn som låntakaren har forsørgd, til og med det året barnet fyller 16 år. For 2021 blir inntektsgrensa heva med 15 903 kr for

(4)

4

kvart barn. For 2020 blir inntektsgrensa heva med 15 561 kr for kvart barn. For 2019 blir

inntektsgrensa heva med 15 020 kr for kvart barn. For 2018 blir inntektsgrensa heva med 14 547 kr for kvart barn. Inntekt som er registrert på barna til låntakaren, blir ikkje rekna med.

§ 8-5 bokstav b skal lyde:

samtidig hadde tillitsverv på fulltid i ein landsomfattande elev- eller studentorganisasjon eller i tilknyting til ein utdanningsinstitusjon eller ein studentsamskipnad. Låntakaren kan i så fall få sletta renter for opp til tolv månader til saman. Det er ein føresetnad at forholdet varte i minst tre månader samanhengande.

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

Pasienten hadde svært høy kjernekroppstemperatur, helt på grensen av hva kroppen kan tolerere, og utviklet raskt alvorlige symptomer på grunn av overoppheting.. Ved en

Bortfall av opplistingen av behandlingsformer i forskriften § 4 betyr ikke at definisjons- makten av hvilke metoder og teknikker det gis stønad til flyttes fra staten til den enkelte

Etter gjeldende lov om utdanningsstøtte § 23 fjerde ledd, kan Lånekassen hente inn opplysninger om studentstatus og faglig progresjon fra utdanningsinstitusjonene. Slike

opplysninger om inntekt, kapitalkostnad og andre fradrag og skatteklasse hentes inn for søkerens forsørgere. For søkeren og søkerens forsørgere, ektefelle eller samboer og/eller

april 2020 eller senere gis oppholdstillatelse i med- hold av utlendingsloven skal adgangen til innreise utsettes inntil videre, med mindre utlendingen er omfattet av unntakene i §§

Videre foreslås det å endre gjeldende lempebestemmelse i SI-loven § 8, slik at lempning av hensyn til kreditor skal skje etter vilkårene i skattebetalingsloven § 15-2, og da

Unntaksbestemmelsen forutsetter at det er tale om enkeltstående arbeidsforsøk, og at det ikke inntreffer år etter år. Etter departementets vurdering kan det også for uførepensjon

Det blir også rekna renter av rentegjeld som blir opparbeidd i perioden frå lånet blir sett renteberande og fram til første terminforfall og i periodar med betalingsutsetjing.