Kystlandskapsparken i Sveio
Skjøtselsplan med tanke på jordbruksdrift i området
Kystlandskapsparken ligg på vestkysten i den søre del av Sveio kommune i Hordaland. Sveio er ein kystkommune med aktivt landbruk. Kystlandskapsparken blei starta som eit bygdemobiliseringstiltak i 2010.
Strandnellik i fjellsprekkene ved Ryvarden
Planen er skriven av Annlaug Fludal, Haugaland landbruksrådgjeving på oppdrag og i samarbeid med Kystlandskapsparken og Sveio kommune. Foto er tatt av Annlaug Fludal der ikkje anna er nemnt.
Styreleiar i Kystlandskapsparken 2014: Jostein Førland Sveio september 2014
Innhald:
Geografisk avgrensing s. 3
Jordbruksdrifta i dag s. 4
Oversikt over brukarar og areal s. 5
Kulturlandskapet – utfordringar s. 6
Kysten er ein del av identiteten s. 8
Verdifull natur og arter s. 9
Ta vare på havutsikt s. 11
Rydding for å få fram kulturminner s. 13
Målsettingar for Kystlandskapsparken s. 14
Mange gamle knutepunkt og krinsar s. 15
Vedlegg 1 Om Kystlandskapsparken s. 20
Vedlegg 2 Vedtekter for Kystlandskapsparken s. 21
Deler av Kystlandskapsparken frå lufta. Mølstrevåg med sementfabrikken, Ryvardsmarka med Ryvarden fyr til venstre ut mot Sletta og øvst ligg Lyngholmen med hamn bak øyane. Ryvardsmarka er ennå eit opent landskap. Det er arbeid i gang for å gjerda inn og ta i bruk området til beiting. I mai 2012 var det ein ukontrollert brann som rydda eit stort område. Brannfeltet viser som eit lyst parti bak sementfabrikken og mot sjøen.
Geografisk avgrensing
I starten var kjerneområdet til Kystlandskapsparken «frå Mølstrevåg til Tjernagel»
utan bestemt avgrensing.
Fleire utanom
kjerneområdet melde seg inn og har vore aktive. Ved tilskotsordninga
«Bygdenært» blei det behov for å trekka meir nøyaktige grenser og årsmøtet justerte desse i 2014.
Kystlandskapsparken ligg sør-vest i Sveio kommune . Den geografiske
avgrensinga for parken er teikna med oransje strek på kartet. Kystlandskapsparken strekker seg frå fylkesgrensa mot Rogaland i sør og til og med tettplassen
Auklandshavn i nord.
Vannskillet er i hovudregel grense innover i landet, men ved Lauvås går grensa mot Emberlandsnipen og ut til sjøen i Lammavågen.
Vierdal og Lauvås blir delt av vannskillet og her blir grensa justert slik at heile garden blir rekna inn i landskapsparken.
Bruttoarealet for Kystlandskapsparken er rundt 75 km2, ferskvatn innrekna. Dei fleste gardar grenser direkte til sjøen. Ingen plasser i parken er avstanden til sjø meir enn 5 km i luftlinje.
Landskapet er småkupert med mykje fjell i dagen. Det meste av området er på næringsfattig jord.
Lyngmark med ulik grad av gjengroing er typisk for dei ukultiverte områda. Det er mange, gamle havner og tettplasser som har si historie frå den tida sjøen var viktigaste ferdselsåra. Dei fleste gardane ligg enkeltvis med mykje natur rundt. Dei mange fornminna i Kystlandskapsparken viser svært tidleg busetting.
Figuren er henta frå Gardskart, Kilden.
Jordbruksdrifta i dag
Området er prega av tradisjonell jordbruksdrift med husdyrhald, grasproduksjon og beiting. Ved søknadsrunden pr 20.8.2013 blei det søkt for totalt 8891 daa* jordbruksareal. Dette fordeler seg på 2491 daa fulldyrka, 899 daa overflatedyrka og 5501 daa innmarksbeite. Ein del av dyrka-arealet blir brukt som beite, men dette har ein ikkje tal på. Det er ikkje oppgitt andre jordbruksvekster i
søknadsrunden, verken poteter, grønnsaker, frukt eller bær.
42 søkte tilskot på areal og dyr i landskapsparken i 2013. Over 25 % har garden som viktigaste inntekt for ein eller begge. Gjennomsnittsgarden har 211 daa jordbruksareal totalt og snaut 60 av desse er fulldyrka jord. Leigejord er vanleg. Sauehald dominerer. 32 av søkarane har sau og ved telledato var det 6461 dyr totalt av vaksne og årslam, noko som gir godt over eit dyr i snitt pr daa innmarksbeite.
Landskapsparken har store areal med utmark og kystlynghei og eit betydeleg areal er inngjerda og brukt til beiting. 219 sauer er oppgitt som utegangarsau, men utmarksbeite har blitt nytta av andre dyr òg. Det er tradisjon på fleire gardar for å senda sau på fjellbeite ut av kommunen.
Det er totalt oppgitt 454 storfe av ulik alder. 13 gardar har storfe. Fem av desse driv
mjølkeproduksjon og har totalt 79 kyr. Ved søknadsrunden er det oppgitt 38 hestar og føl. For 2-3 av desse er hesten av økonomisk betydning for drifta. Totalt er det rundt 7.000 beitedyr av alle slag hjå drivarar som har hovudgarden i Kystlandskapsparken. Av dyr som ikkje treng beite har ein av gardane kombinert smågris og slaktegris-produksjon. Det finst ingen store kylling- eller eggprodusentar. Ein er registrert birøktar, men fleire har kuber plassert i området til parken.
*Arealet er rekna for dei som har hovudgarden i Kystlandskapsparken. Det er òg opning å søka på
«Bygdenært» for dei som har gard utanom Kystlandskapsparken og leiger areal innan parken.
Norsk kvit sau er det vanlegaste husdyret i Kystlandskapsparken
Søkarar med areal pr 20.8.2013 i Kystlandskaps-parken
org.nr Navn
G.nr Br.nr Fulldyrka
Overflate- dyrka
Inmarks- beite
985167931 SIGURD ROSSEHAUG 35 2 40 20 58
897628112 OLE VELDE 36 24 34 7 90
969907712 MAGNE BÅRDSEN 36 28 30 24 93
997751175 AUKLANDSHAMN SMALEDRIFT DA 36 31 49 19 89
969908174 VIERDAL LARS 42 5 60 23 156
969627558 MISJE EGIL MEINICH 43 1 45 4 291
982265266 GJERT ERIK KRINGELAND 44 2 120 63 925
969912074 INGE KINN 45 4 84 32 91
953476622 LØNNING MOTOR 46 1 17 16 13
969276909 GEIR ØYSTEIN NEVLAND 46 3 62 82
990766177 SVEIN SØRDAL 46 5 81 10 136
970597379 BERNT HERLAND 47 3 85 16 54
981508742 JANNE LINN AGASØSTER 48 1 39 33 42
980008347 GUNBJØRG E LØVLAND 48 11 13 19
969477343 REINERTSEN HELGE LIEN 50 3 101 48 252
984031491 OLE MIKAL LOKNA 51 3 84 32 168
997823133 SVEIN OLAF BUA 52 5 12 23 103
969911906 LIER KARL 53 3 151 50 267
970532390 GRIMSTVEDT HANS EINAR 54 1 164 67 235
998241030 NESHEIM VILLSAULAG DA 55 4 19 26
984290012 SAMSON HOVDA 55 5 42 14 84
987329181 EIVIND EMBERLAND 56 5 18 22 49
976048598 SVEIN MAGNUS TVEIT 56 6 50 18 72
980322378 GEIR HENNING RASMUSSEN 56 11 28 7 95
891299842 STALL SKIFTESTAD CATHRINE JACOBSEN 56 16 38 3 27
985251592 TORBJØRN LARSEN 58 1 60 37 129
969139812 ANDREAS BÅRTVEDT 58 3 13 8 15
887587752 SVEIO SMALESAMDRIFT DA 59 1 222 104 372
989596659 A. HANESAND TRANSPORT & MASKIN 60 3 84 9 34
982807379 JOSTEIN FØRLAND 62 1 37 3 211
979929005 BJELLAND SVEIN ERIK 62 23 45 70
971354984 IVAR MILJETEIG 63 2 58 40 199
969582759 VIKSE HARALD 65 1 44 95
980098702 EGIL VIKSE 67 2 88 17 125
986956360 VIKSE MASKIN STEINAR VIKSE 69 4 58 40 105
969140632 SØMME INGEBJØRG NELLY 70 6 5 34 57
996179117 CATO DANIELSEN 70 7 44 102
969317265 ASBJØRN VÅGE 71 1 71 43
984057164 GUNNAR VÅGE 71 2 122 15 321
980448398 STEINAR ERVESVÅG DRIFTSERVICE 72 3 13 17
984399308 AUDUN LØNNING 73 1 80 5 106
Jordbruksareal 2013 2491 899 5501
Kulturlandskapet – utfordringar
Lyngmark – utmark - randsoner
Ein stor del av arealet langs kyststripa er ennå open kystlynghei, men gjengroing går veldig raskt.
Bjørk og furu er mest dominerande på dei mest næringsfattige områda og har allereie tatt tilbake mykje av arealet. Andre treslag som rogn, ops, eik, hassel, selje og andre vierarter er vanlege å sjå, men hassel er næringskrevande og vil ha det lunt. Planta sitkagran spreier seg. Einer tar stor plass både i lyngmark og på innmarksbeiter som har for dårleg beitetrykk. Det er ei aukande interesse for å ta i bruk utmark. Støtteordninga «Bygdenært» gjeld berre jordbruksareal, men mykje av identiteten til området ligg i dei opne lystlyngheiane. Styret i Kystlandskapsparken ønska òg at det blei gjort vurderingar rundt bruk og rydding i utmark. Sjå side 11.
Innmarksbeiter
Gardane er små og ligg spreidde. Ved bortpakting kan det særleg vera utfordrande å få nytta beita godt nok. Den som paktar arealet er i enkelte tilfelle mest interessert i dei beste delene av
dyrkamarka. Manglande vedlikehald av gjerde, arbeidskrevande tilsyn ved mange små teigar langt frå eigen gard, dårleg tilgang på drikkevatn kan gjera beiter på leigeareal lite attraktive. Gjengroing av innmarksbeiter ser ein derfor ein del plasser. I enkelte tilfelle kan det ligga til rette for å gjerda inn større teigar med ei blanding av lyngmark og gamle innmarksbeite. Å gå saman om litt større fellesbeite kan òg vera løysinga for enkelte område.
Brake veks i utmark under karrige forhold, men trivest enda betre der den får godt stell. På innmarksbeiter med lågt beitetrykk kan braken ta mykje av arealet.
Dyrka mark
Gardane er små. Dyrka marka er ofte i små teigar som ligg enkeltvis. Utstyret som blir brukt i landbruket aukar i størrelse og ein kan vel seie at utstyret for lengst har vakse forbi dei minste dyrka- teigane. Så lenge garden klarer å skaffa nok vinterfôr er det liten fare for kulturlandskapet om det som er registrert som dyrka eller overflatedyrka har gått over til permanent beite. I enkelte tilfelle ser ein likevel at dette kan føra til mindre bruk av innmarksbeita slik at desse veks over.
Dyretalet i dag er eit godt utgangspunkt for å halda kulturlandskapet i hevd. Det er høgt nok til at det meste av arealet blir nytta til slått og beite. Utmarksareala har blitt tatt meir i bruk dei siste åra som ekstensivt beite. Det er lite press for å få kultivera opp utmark. Området er bynært og det går an å kombinera jordbruksdrift med anna yrke. Det er mange unge som har overtatt gardar og har aktiv landbruksdrift. Sjølv om det er mange hytter i Kystlandskapsparken er det lite problem med at gardsbruk og heilårsbustader blir gjort om til fritidsbustader. Busettinga i området er i liten grad avhengig av lønnsomheten i landbruket.
Kulturlandskapet derimot er svært avhengig av lønnsomheten i landbruket. Det kan vera den største utfordringa for kulturlandskapet på lang sikt at dei økonomiske rammene for jordbruksdrift gjer det lite interessant å fortsetta drifta. Dårleg økonomi kan få fleire til å velga bort gardsdrifta og det kan bli vanskeleg å få pakta bort.
Kysten er ein del av identiteten
Eit særmerke for Kystlandskapsparken er nærleiken til kyststripa. Utsikta mot havet og særleg der ein ser horisonten opplever mange som spesiell. Plasser ein tidlegare kunne sjå sjøen frå vegen, er utsikta stengd.
Det er mange småsentera og knutepunkt i KystIandskapsparken som er bygde opp rundt ei god hamn. Banda mot det marine er framleis ein del av identiteten til folk. Mange som bur i
Kystlandskapsparken er etterkommarar av folk som livnærte seg av sjøen på ulike vis. Etternavn bind mange til plassene.
Landbruket har alltid vore kombinert med næringar knytta til sjø og fiske. Ein del av dette marine miljøet er nå ein del av den nære historia, til dømes båtar bygde på Lyngholmen. Andre element er tatt over i nåtida og lever vidare på andre måtar, til dømes Ryvarden fyr. Det har vore eit svært aktivt Kystlag som blant anna har samla mykje lokalhistorie og gitt ut skriftleg.
Fyr-stasjonen Ryvarden ligg på fastlandet med det værharde havstykket Sletta utafor. Fyret var i drift frå 1849 til den blei automatisert i 1984. Ryvarden har fått eit nytt liv som kulturfyr og blir nå drive av Sveio kommune. Det er eit mykje besøkt galleri.
Det er plass for konsertar og andre arrangement.
Det er bilveg ut, men denne er ikkje open utan
ved avtale. Kommunen låner ut eit av husa til kunstnarar og bruker eit anna til gjestebustad for spesielle gjester. Det kafedrift på helgedagar store deler av året. Dette er eit trekkplaster for
turgåarar og syklande. Svært mange finn vegen utanom opningstida til galleriet. Det opne landskapet og havet mot horisonten tiltrekker mange i både finvær og uvær.
Det blir arbeida for å ta i bruk Ryvardsmarka som beite, eit stort området med kystlynghei .
Verdifull natur og arter
Registrerte naturtypar slik dei ligg inne på Naturbasen (kart side 10)
Det er store område som er registrerte som kystlynghei. Meir areal bør registrerast. I tillegg er det svært viktige område som er registrert som naturbeitemark.
ID Navn Type Verdi
BN00029598 Ryvardsmarka Kystlynghei B Viktig
BN00086008 Kleiva-Kvitaberg vest Kystlynghei A Svært viktig BN00086011 Kleiva-Kvitaberg aust Kystlynghei C Lokalt viktig BN00029599 Hillesvågen nord Kystlynghei C Lokalt viktig BN00086010 Nesheim vest Kystlynghei C Lokalt viktig BN00029590 Hovdaneset Kystlynghei C Lokalt viktig BN00085992 Straumsvoll Naturbeitemark A Svært viktig BN00086005 Vikse nordvest Naturbeitemark A Svært viktig BN00029603 Rongvasshaugane vest Naturbeitemark A Svært viktig BN00029602 Rongvasshaugane aust Naturbeitemark A Svært viktig BN00029591 Nesheim Naturbeitemark A Svært viktig
BN00029609 Bosvika Naturbeitemark C Lokalt viktig
BN00029588 Varhaug Naturbeitemark C Lokalt viktig
BN00029571 Dalsbekken Rik edellauvskog C Lokalt viktig BN00029608 Mjåsund Rik edellauvskog B Viktig
Naturreservat
Det ligg fire små naturreservat i
Kystlandskapsparken. Alle er våtmarksområde og Fylkesmannen i Hordaland har
forvaltningsansvaret.
ID Navn
VV00000434 Viksefjord VV00001072 Skiftestad VV00000385 Færås
VV00001066 Lokna
Mange arter og naturtypar er avhengig av jordbruksdrift for å bli tatt vare på.
Dvergmarinøkkel finst i eit lite område i
landskapsparken. Denne vesle bregna treng passe beitetrykk for å trivast. Området den veks på er registrert som svært viktig naturbeitemark
Ta vare på havutsikt
Den som ser havet dagleg ser ikkje alltid kor spesielt det er. For dei aller fleste folk i verda, i Europa, ja til og med i Norge er det svært eksotisk å sjå sola gå ned i havet. Mange stader langs norskekysten må ein gjera seg avstikkarar frå vegen for å få denne utsikta. Ryvarden er eit slikt turmål. For den som kjører gjennom Kystlandskapsparken på ytre vegen, riksvei 541, er det fremdeles mulig å ha slik utsyn mot sjøen rett frå vegen. På Hovda er det eit langt parti der det framleis er utsikt mot havet. På kartet over Sveio som blei laga og gitt til alle husstandar i kommunen i samband med 50-års-jubileet i 2014 er dette merka som eit utsiktspunkt. Partiet blir lagt merke til av folk som kjører Gullvegen og av syklande på Nordsjøløypa. Til og med deltakarar på ‘ Ironman’ , som har blitt arrangert på
Haugalandet dei siste åra, nemner den kystnære sykkel-løypa som eit særmerke ved arrangementet.
Det er heilt avgjerande for opplevinga for turistar og fastbuande at slike utsiktsplasser blir tatt vare på. Men som bildet viser er det berre snakk om få år før denne utsikta blir forstyrra eller heilt stengd.
På ein slik plass vil beiting vera av ekstra verdi for landskapet. Det kan òg vera aktuelt å rydda tre som har blitt for store.
Ein bør òg vurdera å opna områder der det tidlegare var utsikt til sjøen. Ved prioritering av område bør ein sjå på avstanden frå vegen til havet , graden av gjengroing og interessa hjå grunneigarar og drivarar. Eit område der det truleg ligg til rette for å henta tilbake litt utsikt, er partia mellom Tjernagel og Auklandshamn. Både på Tjernagel og Auklandshamn er det aktive brukarar. Deler av området er gjerda inn og blir beita. Midlar til rydding av furuskogen i område bør vurderast. Unge planter av furu blir godt beita av både sau, storfe og hjort.
Bjørk som står på god jord kan auka høgda med over ein meter årleg. Det same gjeld selje, sitkagran og fleire andre treslag. Ei trerekke like ved vegen kan bety mykje for utsikta, men den kan vera enkel å ta bort. Der skogen veks opp over eit stort område i eit flatt landskap vil det vera ein stor jobb å henta tilbake utsikt.
Framleis kan ein sjå sola gå i havet frå vegen når ein passerer Auklandshamn, men her er det òg snakk om veldig få år før sitkagran stenger for solnedgangen.
Aktiv beiting gir god utsikt mot sjøen. Nord for Eltravåg.
Rydding for å få fram kulturminner
Kulturlandskapet har mange spor av den nære historia. Mange av kulturminna er laga av stein. Det kan vera flotte steingardar både på innmark og i utmarka, fine rydningmurar på dyrka mark, potetkjellarar, små demningar for møller og steinbruer på gamle ferdavegar. Mange plasser er desse tatt godt vare på og rydda fram igjen, men ein del av desse blir skjult
av vegetasjon. Det kan vera eit mål for Kystlandskapsparken å gjera slike kulturminner synlege.
Øvst: Ved rydding av eit gjengrodd beite på garden Kleivå kom denne steinbrua fram i dagen igjen.
Under: Den merka turveien ‘Gullstien’ går over ei gammal steinbru like sør for Buavåg. Brua ligg ved riksvei 541, ‘Gullvegen’. Selje og bjørk veks opp og skjuler mykje. Tidlegare var dette eit blikkfang frå vegen og det skal lite rydding til for å få den fram igjen.
Praktiske råd ved rydding av trevegetasjon
Der det går beitedyr vil renningar bli holdt nede. Der det ikkje går beitedyr ønsker ein minst mulig gjenvekst.
Bjørka har mykje sevje og ved kutting om våren vil den «blø» og bruka opp mykje av enegien i rota.
Ospa har eit stort rotsystem. Blir ei osp sagd ned vil det komma tett i tett med nye planter. Har ein god tid kan ringbarking vera eit godt råd. Det kan ta fleire år før alle kreftene frå rota er tatt ut. Har ein dårleg tid bør ein bruka glyfosat på den ferske snittflata. Glyfosat vil dempa alle planter som har sterk gjenvekst frå rota. På tre og buskar som ikkje spirer særleg frå rota, brake, gran og furu, er dette bortkasta.
Målsettingar for Kystlandskapsparken – jordbruksdelen
Halda innmark og beiter i hevd gjennom slått og beiting.
Bevara mest mulig av det opne kystlandskapet gjennom beiting, brenning og rydding i utmark.
Ta vare på og opna for sjøutsikt der dette ligg til rette.
Driva jordbruk slik at det ikkje blir konflikt med verneområde, trua artar og kulturminne.
Rydda slik at gamle kulturminner blir synlege igjen.
Nyttig litteratur:
Tilbake til røtene. Sverre Halleraker, 2012. ISBN 0978-82-303-2155-3 Gards – og ættesoge for Sveio. 3 bind. Simon Steinsbø. 1986-1987 Turkart for Sveio 1:50.000. Nr 2813. Utgitt 2014
Gode turistbrosjyrer laga av Sveio kommune http://www.skogoglandskap.no/kart/kilden
«Saknar du ikkje sjøen?»
Dette spørsmålet fekk eg ofte dei åra me budde på det indre av Austlandet. Eg er oppvaksen ved Vigdarvatnet og svara alltid at eg ikkje hadde hatt dagleg kontakt med sjøen. Nå trur eg likevel ikkje at eg kunne budd ein plass der ein ikkje fekk eit glimt av havet
innimellom. Når me har hatt gjester har eg ofte kjørt denne ytre vegen i Sveio for å visa det særprega ved kommunen. Det hender òg at me berre kjører ein kveldstur for å sjå solnedgangen på Hovda.
Annlaug Fludal (foto: Kjell Pettersen)
Mange gamle knutepunkt og krinsar.
Vikse – Våge –Smørsund -Straumen terskelfjord med ein straum mellom fjorden og det opne havet. Svært gammal busetting er kjent. Samanhangande jordbruksareal, men ingen av gardane er store. Skulekrins som har auka elevtal etter nedlegging av Vandaskog og Bua og særleg etter stor utbygging sør i kommunen. Skulen fungerer òg som forsamlingshus. Tidlegare var det butikkar, pølsefabrikk, posthus og eige postnummer. Bedehuset blei seld til private i 2014. Det ligg mange eldre fritidseigedomar til Viksefjorden. Kort avstand til Haugesund gjorde dette området attraktivt
når folk skulle få seg hytte «på landet». Viksekrinsen har hatt stor auke av fastbuande og i sør blir det bygd opp eit industriområde og handelssenter som ikkje har historiske band, men som er sentralt i forhold til ny kommunikasjon.
Straumen inn til Viksefjorden er fylkesgrense mellom Hordaland og Rogaland.
Mølstrevåg- open fjord
Liten industriplass. Den sørlegaste stoppeplassen for dampskipstrafikk. Tidlegare var det sildoljefabrikk, pakkeri og fryseri for oppdrettsanlegg. Bedrift for sying av kalesjer for båtar. Nå er det sementfabrikk som har utvida produksjonen dei siste åra. Parkeringsplassen for Ryvarden ligg i Mølstrevåg. Den gamle Vandaskog skule låg litt nord for tettplassen Mølstrevåg. Etter nedlegging blei den brukt som forsamlingshus og
Kystlandskapsparken hadde base her. Skulen brann våren 2014. Vegen går gjennom utmarka frå Mølstrevåg til Sveio sentrum. Vandaskog og Mølstre har ein geologi som trekker til seg
steininteresserte.
Lyngholmen – hamn i le bak øyar
I dag er Lyngholmen ein liten plass, men dette var òg eit av knutepunkta der dampskipa stoppa. I det kvite huset på bildet var det blant anna butikk og post. I det raude sjøhuset blei det produsert mange hundre Lyngholmsbåtar. Det går merka sti mellom Ryvarden og Lyngholmen.
Eltravåg – våg med god havn Det går veg frå Eltravåg til Nordskog og videre til Sveio sentrum, Markaveien.
Eit av dei mange bedehusa i Kystlandskapsparken ligg i Eltravåg
Buavåg-Bua – open våg
Bua har vore eit historisk knutepunkt og er det framleis. Det er ferjeavgangar til Langevåg på søre Bømlo. Ferjesambandet blei ikkje lagt ned når Bømlo,
Stord og Sveio blei knytta saman av Trekantsambandet i 2001. Sykkelløypa Norsjøløypa går frå Langevåg og til Haugesund. Buavåg har ei stor båthavn for fritidsbåtar.
Sjølv om Buavåg kanskje er den plassen i
Kystlandskapsparken som er mest dominert av
«moderne» sjøliv og turisme, er det er det fleire gamle bygningar som er tatt godt vare på. Bua har eit aktivt lokalmiljø og flinke kulturpersonar og det skjer mykje i
krinsen. Det var stor motstand når skulen blei lagt ned og mobilisering for å ta vare på lokalbutikken utan at ein lykkast med dette.
Sjøhus Buavåg
Gullgruvene
Ein kort periode på slutten av 1800-talet var det gruvedrift etter gull på Hovdaneset. Gullvegen, den ytre vegen frå Vikse til Buavåg har namn etter dette. Frå Buavåg kan ein følga Gullstien fram til gruvene.
Tjernagel – open våg Tjernagel er den plassen i Kystlandskapsparken som har mest
fornminne. Fleire av dei automatisk freda kulturminna blei fjerna ved bygging av
kortbølgesendaren, som nå er ute av bruk.
Tjernagel var ein av
stoppa for fraktebåtar. Huset for damskipsekspedisjon er sett i stand og brukt til serveringsplass.
Det er aktiv jordbruksdrift på Tjernagel.
Auklandshavn - Eikeland
Auklandshavn er det største av dei gamle knutepunkta i Kystlandskapsparken. Her er butikk i drift, ulike forsamlingshus og kapell med gravplass. På Øklandsnes er det slip med båtopptrekk. I dag er det kun små rester igjen av denne næringa. Skulekrinsen er truga av nedlegging. Det blei åpna ny skule i sentrum i 1998.
Den gamle skulen på Eikeland er blitt samlingsplassen
«Kysttunet», eigd av Sveio kystlag – eit lag med stor aktivitet.
Eikeland ligg så vidt utafor
Kystlandskapsparken Det går merka løype frå Auklandshamn til Emberlandsnipen, 271 moh
Vedlegg 1
http://www.landskapspark.no/hoved.aspx?m=63078&amid=3241519&utskrift=1Kystlandskapsparken i Sveio - www.kystlandskapsparken.no
Næringsutvikling og trivsel
Kystlandskapsparken i Sveio er etablert som eit samarbeidsorgan for landbruk, reiseliv og innbyggjarar i kystområdet frå Mølstrevåg i sør til Tjernagel i nord. Målet er å fremja næringsutvikling og trivsel i området. Landskapsparken samarbeider med eksisterande organisasjonar. Landskapsparken har tilsett Ellen Tveit i 25% stilling som dagleg leiar.
Gull av gråstein
Me har mykje som kan gjera lokalmiljøet vårt attraktivt både som buplass og som reisemål.
Det opne kystlandskapet er ein attraksjon i seg sjølv. Ytst mot havet har me Ryvarden, som er ein av dei mest besøkte attraksjonane i distriktet. Men me har òg mykje meir, som ikkje er like kjend og tilgjengeleg. Noko av målet med landskapsparken er å gjera ein større del av landskapet tilgjengeleg for fleire, og utvikla nye tilbod bygt på lokal historie og tradisjonar.
Me vil merka fleire turstiar, arbeida for å halda landskapet ope, og for at det skal bli mogleg å få kjøpt og servert kortreist mat i landskapsparken.
På Hovda er det funne gull, men gråstein er nok det me har mest av. Gjennom felles innsats skal me gjera gull av gråsteinen!
Kulturlandskap
Gjennom tusenvis av år har menneske sett sitt preg på landskapet langs kysten. No står store område i fare for å gro att. Utsikta forsvinn, og det blir vanskeleg å ta seg fram. Gjennom godt samarbeid kan me kanskje klara å ta tilbake noko av det kulturlandskapet som er i ferd med å gå tapt, og halda landskapet ope i framtida gjennom å sikra eit levande landbruk.
Reiseliv
Me har både Nordsjøløypa, Nordsjøsykkelruta og Gullvegen langs vestkysten av Sveio. I sommar trakka nesten 800 syklistar seg gjennom landskapsparken. Eitt av måla våre er at det skal bli utvikla tilbod til dei og andre besøkande langs vegen. Neste år kan me kanskje tilby dei ei seng, eit godt måltid lokal mat og ei spennande oppleving med utgangspunkt i lokal historie? Nye tilbod vil òg vera med på å gjera kysten vår attraktiv å besøka for fleire, og gje grunnlag for lokale arbeidsplassar og verdiskaping.
Tiltak for å nå måla
Etter at Sveio kommune fekk tildelt midlar frå fylkesmannen til å planleggja ein
landskapspark, er det etablert ein sjølvstendig organisasjon som skal arbeida for å nå måla om lokal verdiskaping, auka turisme og trivsel for innbyggjarane. Nettsida
www.kystlandskapsparken.no er etablert og skal utviklast vidare.
I tida framover vil me mellom anna arbeida med desse konkrete tiltaka:
Marknadsføra dei tilboda me alt har i landskapsparken
Utvikla tilbod om sal og servering av lokal mat, spesielt sjømat
Opparbeida og merka fleire turstiar
Setja i verk tiltak for å opna attgrodd kulturlandskap og ta vare på det som blir halde ope
Samarbeida med Ryvarden om kunstprosjekt i landskapet
Få etablert fleire overnattingsplassar for turistar på gjennomreise
Utvikla gjestehamna i Buavåg til å bli eit attraktivt besøksmål.
Vedlegg 2 vedtekter
Vedtekter for Kystlandskapsparken i Sveio
Vedtekne på årsmøtet 27. mai 2010
§1 Namn
Laget sitt namn er Kystlandskapsparken i Sveio.
§2 Føremål
Laget skal leggja til rette for auka bruk av kystområda frå Mølstrevåg til Tjernagel, på ein slik måte at natur, kultur og landskap blir teke vare på, og slik at næringsdrivande, grunneigarane og
lokalbefolkninga opplever det som positivt. Laget skal stimulera til busetjing.
Området Kystlandskapsparken dekkjer kan bli utvida.
§3 Virketid
Laget skal virka fram til ein ny organisasjon eventuelt vert etablert. Den nye organisasjonen skal vera bygd på Kystlandskapsparken sitt verdigrunnlag og føremål.
§4 Arbeidsområde og hovudoppgåver
1. Leggja til rette for at eksisterande og nye næringsverksemder i Kystlandskapsparken kan:
- oppretthalda og vidareutvikla ei lønsam drift der natur, miljø, kultur og landbruk er viktige bærebjelkar
- utvikla nye produkt med kvalitet og særpreg
- oppnå positive effektar ved samarbeid om produktutvikling, marknadsføring og sal
2. Utvikla og etablera turmål i området Kystlandskapsparken dekker, i samsvar med retningslinene for geoturisme. (Geoturisme: Turisme som ivaretek, forsterkar og framhever staden sin lokale eigenart med omsyn til miljø, kultur, estetikk og kulturarv på ein måte som kjem lokalsamfunnet til gode).
3. Aktivt arbeida for å forankra tekniske anlegg, private planframlegg og infrastruktur i kommunale planar.
4. Marknadsføra landskapsparken og dei produkta som fell innunder denne.
5. Byggja opp og halda ved like kontakten mot den offentlege forvaltninga, forskningsmiljøa og andre landskapsparkar.
§5 Medlemer
Innbyggjarar, bedrifter og organisasjonar som er interesserte i prosjektet, kan bli medlemer. Alle kan bidra med idear for å fremja føremål, arbeidsoppgåver og framdrift.
Medlemskontingent i Kystlandskapsparken i Sveio er i 2010 kr 200,- per person/husstandsmedlemsskap
100,- for student- og pensjonistmedlemsskap 300,- for organisasjonsmedlemsskap
500,- for bedriftsmedlemsskap Kontingenten blir fastsett av årsmøtet.
§6 Årsmøte
Årsmøtet er laget sitt øvste organ. Medlemene har stemmerett og er valbare til tillitsverv i
Kystlandskapsparken. Årsmøtet vel styre, styreleiar, nestleiar, revisor og valnemnd, og godkjenner rekneskap, årsmelding, handlingsplan og budsjett. Styret bør ha jamn geografisk fordeling. Årsmøtet fastset godtgjersle til styret. Årsmøtet skal haldast i første kvartal.
§7 Ekstraordinært årsmøte
Styret kan kalla inn til ekstraordinært årsmøte. Styret pliktar å kalla inn til ekstraordinært årsmøte dersom ¼ av medlemene krev dette.
§8 Styret
Styret består av fem medlemer inkludert leiar og nestleiar. Styret vel kasserar. Styret er laget sitt øvste organ mellom årsmøta, og skal leia laget i samsvar med laget sin føremålsparagraf, vedtekter og arbeidsprogram. Styret har det overordna ansvaret for drifta. Alle prinsipielle, viktige saker skal leggjast fram for årsmøtet. Styret gjer vedtak i samsvar med retningsliner frå årsmøtet. Styreleiar vert vald for eitt år, styremedlemene vert valde for to år. Tre vararepresentantar vert valde for eitt år.
Ved første val skal tre av styremedlemene veljast for eitt år, og to for to år.
Styret tilset dagleg leiar og har fullmakt til å avtala stillingsstorleik og løn i samsvar med budsjett.
§9 Økonomi
Kystlandskapsparken i Sveio får offentlege midlar for å arbeida med dei nemnde oppgåvene. Styret og dagleg leiar jobbar for å skaffa prosjektfinansiering til dei ulike prosjekta. Dei næringsdrivande deltek i finansieringa av marknadsførings- og salsfremjande tiltak.
§10 Signatur
Styreleiar signerer for Kystlandskapsparken i Sveio. Årsmøtet kan òg gi fullmakt til dagleg leiar.
§11 Vedtektsendring
Endringar i desse vedtektene kan gjerast med 2/3 fleirtal av årsmøtet.
§12 Oppløysing
Laget kan bli oppløyst med 2/3 fleirtal av medlemene.