• No results found

FRÅ 23.05.2021 I VANYLVEN LITURGISK MUSIKK FORSLAG TIL

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "FRÅ 23.05.2021 I VANYLVEN LITURGISK MUSIKK FORSLAG TIL"

Copied!
24
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

FORSLAG TIL

LITURGISK MUSIKK I VANYLVEN

FRÅ 23.05.2021

(2)

Tankar, synspunkt og bakgrunn

Dette heftet inneheld den liturgiske musikken dei fire sokna i Vanylven ynskjer å søkje biskopen om å ta i bruk frå 1. pinsedag 2021.

Forslaget kom vi fram til etter ei grundig vurdering i liturgiutvalet og på musikksam- lingar i Rovde og Åram kyrkje i mars. Samlinga i Vanylven og Syvde kyrkje måtte dess- verre avlysast på grunn av coronaoppblomstring.

På desse samlingane hadde kyrkjelydane anledning til å synge gjennom dei ulike mu- sikkledda og kome med innspel både når det gjeld liturgisk musikk som var brukt i Vanylven sidan 2013 og er godt innøvd både i kyrkjelege samanhangar og i skulane og den liturgiske musikken kirkemøtet godkjende i 2017.

I tillegg var dette liturgiske musikkheftet tilgjengeleg på kyrkja si heimeside i lag med eit spørjeskjema der ein var oppmuntra til å gje tilbakemelding om dei ulike alterna- tiva. På nettsida ligg også opptak til dei ulike ledda både frå Ressursbanken og det som blei laga med hjelp av lokale krefter.

Spesielt takk til Steinar Nordal og Joar Lille-Rovde for å synge på opptaket og, saman med Erlend Koppen, for mykje innspel i løpet av prosessen rundt vurdering av liturgisk musikk og på kva tid av kyrkjeåret den skal syngast. Takk også til Trond H. Borg som gjorde filmopptak.

Forslaget inneber seriar for fastetida (lilla), høgtida (gul),

openberrings- og treeiningstida (grøn) og på familiegudstenester (blå).

Mange har gitt uttrykk for at dei likar den liturgiske musikken som har vore brukt i Vanylven sidan 2013. Samtidig var det både nødvendig og viktig å ta med noko av musikken som kirkemøtet tilrådde.

Resultatet er eit forslag der fleire av dei velkjende ledda i liturgien frå 1977 kom med som Kyrie og Agnus Dei i høgtidene og Måne og sol som Gloria på familieguds-

tenester.

I tillegg ynskte vi å ta med melodiar frå Allmenn Serie 2 frå kirkemøtet si tilråding som vi både likte godt og i tillegg synest er tiltalande til yngre menneske. Frå denne serien kom Kyrie og Gloria med i treeinings- og openberringstida og Sanctus i både fastetida og på familiegudstenester.

Under kvart ledd i songheftet står det om dette leddet er frå musikken vi har brukt sidan 2013 eller om det er frå dei seriane kirkemøtet tilrår.

(3)

Fastetida

Kyrie av Henning Sommerro har vi sunge i fastetida sidan 2013. Melodien er fin, og vi ynskjer å behalde den. Sanctus frå Allmenn Serie 2 av Torbjørn Dyrud er nytt og må lærast. Agnus Dei av Magnus Beite ynskjer vi å synge heile kyrkjeåret med unn- tak av i høgtidene. Den er behageleg, har ein fin melodi og er kjend. Vi fann ut at det er best å bruke kun to forskjellige Agnus Dei gjennom året, sjølv om Tore Aas sin frå Allmenn serie 2 er fin og passar godt i fastetida. Den er også ny og blir lite brukt når ein syng den kun i fastetida.

Høgtid

Både Kyrie 1 a og Agnus Dei frå Allmenn serie 1 (frå 1977) er brukt i høgtidene.

Desse er kjende og kjære frå før, og folk som kjem heim i jula eller til påska likar kan- skje å synge liturgisk musikk dei kan frå før. Elles ynskjer vi å bruke Odd Johan Over- øye sin Gloria i høgtidene samt kanskje i spesielle gudstenster som konfirmasjon, presentasjon av konfirmantane etc. Folk i Vanylven, også skulebarn (!), har lært seg den gjennom kontinuerleg øving over fleire år. Sanctus i høgtidene er Peter Sandwall sin som før. Den er fin, festleg og høgtideleg.

Treeinings- og Openberringstida

Vi ynskjer å lære nytt både Kyrie og Gloria frå Allmenn serie 2 til treeinings- og open- berringstida. Sanctus av Nolence Prince er den same som vi hadde i treeiningstida før og som vi har fått mange positive tilbakemeldingar på og folk likar godt. Den er både behageleg og festleg i tonesettinga, og nokre skreiv at dette er den beste Sanctus av alle! Forslaget er å bruke den også på t.d. konfirmasjonane og andre spe- sielle gudstenster gjennom året.

Familiegudstenester

Trond Kverno sin Kyrie med forsongar/medliturg/liturg som vi hadde i høgtidene før passar godt til familiegudstenester. Den er fin, enkel og kjend og står dessutan også i festtidsserien i kirkemøtet si tilråding. Mange har gitt uttrykk for at dei likar Gloria av Jo Asgeir Lie (som vi har brukt i høgtidene sidan 2013), og vi ynskjer å vidareføre den på familiegudstenester i tillegg til Måne og sol frå Allmenn Serie 1.

Sanctus av Torbjørn Dyrud frå Allmenn serie 2 er fin og har mykje energi.

15.04.21 Brunhilde Engelhardt, kantor

(4)

KYRIE

Henning Sommero

Frå: Advent og Fastetid 2013

Fastetid

(5)

SANCTUS

Torbjørn Dyrud

Frå: Allmenn serie 2

(6)

AGNUS DEI

Magnus Beite

Frå: Treeiningstida 2013

(7)

KYRIE

Trond H. F. Kverno

Frå: Allmenn serie 1a

Høgtidene

(8)

GLORIA

Odd Johan Overøye

Frå: Treeiningstida 2013

(9)

SANCTUS

Peter Sandwall

Frå: Høgtid 2013

(10)

AGNUS DEI

Trond H. F. Kverno

Frå: Allmenn serie 1

(11)

KYRIE

M: Mari Tesdal Hinze

S: Mari Tesdal Hinze/Torbjørn Dyrud

Frå: Allmenn serie 2

Treeinings - og Openberringstida

(12)

GLORIA 2 T: (Laudamusversa) Heidi Strand Harboe M: Magnus Beite

S: Torbjørn Dyrud

Frå: Allmenn serie 2

(13)
(14)

Nolence Prince

SANCTUS

Frå: Treeiningstida 2013

(15)

AGNUS DEI

Magnus Beite

Frå: Treeiningstida 2013

(16)

Familiegudsteneste

KYRIE

Trond H. F. Kverno N13 976.3

Frå: Serie for Festtidene/Høgtid 2013

(17)

GLORIA

M: Jo Asgeir Lie S: Audun Flaen

eller

N13 240 Måne og sol

T: Britt G. Hallqvist O: Arve Brunvoll (N) M: Egil Hovland

Frå: Allmenn serie 1 c

Frå: Høgtid 2013

(18)

Torbjørn Dyrud

SANCTUS

Frå: Allmenn serie 2

(19)

AGNUS DEI

Magnus Beite

Frå: Treeiningstida 2013

(20)

Halleluja 977.6

Jacques Berthier Taizé

Som alternativ på familiegudstenester:

Halleluja 977.4 eller

Halleluja 977.5

T: Uttrykk frå Bibelen M: Slavisk

S: Tradisjonell

T: Uttrykk frå Bibelen

M & S: Fintan O’Carroll, Irland /Christopher Walker

(21)

Bønesvar

Bønesvara (side 22-23) står i rekkefølgje av korleis folk prioriterte dei på tilbake- meldingane vi har fått. Dei mest populære bønesvara var Nr. 3 og 4 frå 2013.

Vi ynskjer å synge Kyrie eleison frå Ukraina (976.4 i Norsk salmebok 2013) som ein av hovudvariantane. Den er enkel og fin og kan syngast fleirstemt også med kyrkjelyden.

Å Gud, høyr vår bøn frå Taizé (bønesvar 3) eignar seg godt m.a. til gudstenester med musikk frå Taizé.

Bønesvar 7 av Solveig Spilling Bakkevig (tekst og melodi) og Hans Olav Baden (sats) kan nyttast når eit kor eller fleire forsongarar er til stades. Mange likte denne melo- dien.

Både bønesvar 10 av Patrick Matsikenyiri og 2 av Iver Kleive er skrive for firstemt kor som kan nyttast når eit lokalt eller anna kor syng i gudstenesta. På den måten kan kora eller songarar i generelt integrerast som liturgisk kor eller forsongarar i guds- tenesta og m.a. støtte kyrkjelyden i song.

Bønesvar 5 av Jo Asgeir Lie (melodi) og Audun Flaen (sats) med sin livlege karakter og melodi passar godt i familiegudstenester der ein gjerne kan øve både med yngre familier og heile kyrkjelyden på førehand.

Det kjende og korte bønesvaret 1 Herre, høyr vår bøn av Trond H. F. Kverno kan ein nytte når det er behov for ein kort variant eller mange gjestar frå ulike deler av landet er til stades, t.d. i konfirmasjonar.

Fader vår

Frå 1. pinsedag 2021 ynsker kyrkjelyden å benytte seg av omsettinga av Fader vår frå 2011. I dei fleste gudstenester skal Fader vår syngast (985.2 i Norsk salmebok 2013).

Velsigning

I tillegg til den vanlege Lovprising Benedicamus 1 av Egil Hovland ynskjer vi å bruke Helsing Salutatio av Egil Hovland i fastetida som variant utan Halleluja (side 24).

(22)

BØNESVAR 2013 3

T: Etter Mark. 10, 47-48 M: Frå Ukraina

S: Tradisjonell

4

Taizé

N13 976.4

(23)

BØNESVAR 2021

T&M: Solveig Spilling Bakkevig 7

S: Hans Olav Baden

Patrick Matsikenyiri 10

5

M: Jo Asgeir Lie

S: Audun Flaen

(24)

Trond H. F. Kverno 1

Iver Kleive

2

Egil Hovland

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

slik:hjelp. For 1990 er tilbakeføring av dritsmidlar gjort obligatorisk så sjølv om midlane er sterkt reduserte vil ein nytte ordninga.. Ein har ikkje motteke

utp~ ettersommaren. synst ha .stabilisE~rt.. Den samla kommunale inntekt frå fiske er og redusert.. <For nærare oversikt sjå kap. Sandshamn Lineegnesentral med

I arbeidet med å undersøke barnehagelæreres forhold til musikkarbeid i barnehagen ved bruk av streamet musikk kontra å synge og spille med barna, tenker jeg at personalgruppens ulike

Liv seier det vert arbeidd lite med musikk på avdelinga, og peikar på at det ikkje er eit prioritert fagområde dette året gjennom årsplanen og hellerikkjedet område personalet har

Selv om mange i de senere år har tillagt enkelte musikkformer og komposisjoner, eksempelvis Wolfgang Amadeus Mozarts musikk, en slags global og allmenngyldig medisinsk virkning (5),

Det er heller ikke hi il bli formulert en klar konsensus om hva musikk kan utre e i et behandlingsforløp, om indikasjoner og kontraindikasjoner for anvendelse av musikk, eller

Nære venner av Schubert på denne tiden var den begavede, men rastløse Franz von Schober (1792 – 1882), som senere bl.a.. var Listz" sekretær, og Anselm Hü

Er det en mystisk sammenheng mellom fag og musikk eller ligger svaret i det enkle faktum at svært mange leger kommer fra borgerlige hjem hvor klaver og pianotimer er en