• No results found

Naturtypari Radøy

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Naturtypari Radøy"

Copied!
55
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

Radøy kommune og Fylkesmannen i Hordaland

2004

Naturtypar i Radøy

Kartlegging og verdisetting av

(2)
(3)

Kartlegging og verdisetting av

Naturtypar i Radøy

Radøy kommune og Fylkesmannen i Hordaland

2004

MVA-rapport 11/2004

Foto på framsida, frå toppen (foto K. Isdal):

(4)
(5)

Ansvarlege institusjonar og finansiering

Radøy kommune og Fylkesmannen i Hordaland, miljøvernavdelinga

Rapport nr:

MVA-rapport 11/2004 Tittel:

Kartlegging og verdisetting av naturtypar i Radøy. ISBN: 82-8060-036-1 ISSN: 0804-6387 Forfattar:

Kjersti Isdal og Olav Overvoll Tal sider:

22 + vedlegg Kommunalt prosjektansvarleg:

Asbjørn Nagell Toft (skogbrukssjef og miljøvernleiar)

Dato:

15.12.2004 Samandrag:

Føremålet med dette prosjektet har vore å kartlegge og verdisette naturtypar som er særleg viktige for det biologiske mangfaldet i Radøy kommune. Målet med ei slik kartlegging er først og fremst å skaffe ei oversikt over viktige naturområde, slik at ein kan ta omsyn til desse i arealforvaltinga.

Informasjon er samla inn ved hjelp av litteratursøk, informasjon frå fagfolk, grunneigarar og lokalkjende i tillegg til feltarbeid. Metodikken følgjer DN handbok 13-1999: ”Kartlegging av naturtyper og verdiset- ting av biologisk mangfold”.

19 av naturtypane skildra i DN-handboka er registrerte i Radøy. Dei er fordelte på fem hovudnaturty- par. Det er registrert til saman 81 lokalitetar/objekt som er verdisett etter ein tredelt skala. 7 område er vurderte som svært viktige (A-område), 57 som viktige (B-område) og 17 som lokalt viktige (C- område). Den klart dominerande hovudnaturtypen i Radøy er kulturlandskap med 48 lokalitetar. Det er kartlagt flest naturbeitemarker (11), men kystlynghei med åtte lokalitetar dekker desidert størst areal.

Siste del av rapporten, vedlegget, inneheld kart med oversikt over den geografiske fordelinga av natur- typelokalitetane, og ein kort omtale av kvar enkelt lokalitet.

Alle lokalitetane er avgrensa på kart og digitaliserte slik at kommunen og andre arealforvaltarar kan bruke informasjonen i digitale kartverktøy.

Referanse:

Isdal, K. & Overvoll, O. 2004. Kartlegging og verdisetting av naturtypar i Radøy. – Radøy kommune og Fylkesmannen i Hordaland, MVA-rapport 11/2004: 22 s + vedlegg.

Emneord:

Radøy kommune, biologi, botanikk, flora, naturtypar, raudlisteartar, vegetasjon Radøy kommune

Krossvegen 8 5936 Manger

Tlf: 56 34 90 00, Fax: 56 34 90 01

www.radoy.kommune.no

Fylkesmannen i Hordaland Miljøvernavdelinga

Postboks 7310 5020 Bergen

Tlf: 55 57 22 00 Fax:55 57 22 01

www.fylkesmannen.no/hordaland www.miljostatus.no/hordaland

(6)
(7)

FORORD

I ei tid då stadig nye naturområde blir utsette for inngrep av ulike slag, er det viktig å skaffe seg ei oversikt over område som er særleg viktige for det biologiske mangfaldet. Sidan ein stor del av areal- planlegginga skjer på kommunalt nivå, er det naturleg at også ei kartlegging av det biologiske mang- faldet skjer på kommunalt plan. I 1992 gav Noreg si tilslutning til Rio-konvensjonen, ein internasjonal avtale der deltakarlanda forpliktar seg til å få oversikt over-, og ta vare på biologisk mangfald innan landegrensene sine. Nettopp den lokale forankringa i arbeidet med forvalting av biologisk mangfald vart understreka i dette dokumentet.

Målet med denne kartlegginga av naturtypar i Radøy har vore å få inn ny kunnskap om dei botanisk viktigaste områda i kommunen (men naturtypane som er kartlagte er òg viktige leveområde for andre organismar som t.d. insekt og vilt). Radøy kommune har òg gjennomført ei kartlegging av viktige vilt- område. Dette arbeidet skal kunna hjelpa folk og forvalting til å bruka areala på ein slik måte at ein best mogeleg tek omsyn til naturen rundt oss. Dersom kartlegginga i tillegg fører til auka kunnskap, interesse og respekt for naturen i Radøy har me kome langt. Me skal òg hausta og gleda oss over naturen sin produksjon, og det må vera eit mål at seinare generasjonar skal kunne ha same glede og nytte av naturen som oss sjølve.

Kulturlandskapet har ein framtredande plass i Radøy. Mange av naturtypane i kommunen høyrer til nettopp i kulturlandskapet, og er avhengige av drift av jordbruksareala dersom dei ikkje skal forsvinna.

Ei viktig utfordring for oss i Radøy blir difor å kombinere lønsam drift av jordbruksareala med omsynet til både kulturhistoriske, estetiske og biologiske verdiar.

Kartlegginga av naturtypar i Radøy kommune har vorte gjennomført med god hjelp frå grunneigarar og andre personar med innteresse og kunnskap til naturen i kommunen. Det har vorte organisert møte der representantar frå ulike delar av kommunen har kome med opplysningar om sine område. Det har òg blitt gjennomført intervju av enkeltpersonar. Dei lokalkjende har bidratt med viktige opplysningar om naturen i Radøy, og Radøy kommune vil takka alle som har vore med på dette dugnadsdarbeidet. Ein særleg takk vil me retta til Kjersti Isdal som har gjennomført eit godt felt- og rapportarbeid for kommu- nen i 2001. Me vil òg takka Olav Overvoll ved Fylkesmannnen si miljøvernavdeling for hjelp til framstil- ling av rapporten i skriftleg utgåve.

Radøy kommune vonar at denne kartlegginga kjem til nytte i den kommunale arealplanlegginga. Dei avmerka naturområda tyder ikkje vern, men bør sjåast på som ein ”ver varsam” plakat, der ein ønskjer at dei biologiske interessene skal bli tekne særskilt omsyn til. Det er òg eit ønskje at rapporten skal vere med å auke kunnskapen og interessa for det biologiske mangfaldet blant Radøy sine innbyggjarar.

Manger, 09.12.2004

Asbjørn Nagell Toft

Skogbrukssjef og miljøvernleiar i Radøy

(8)
(9)

INNHALD

FORORD... 5

INNHALD ... 7

1. INNLEIING ... 9

KVA ER BIOLOGISK MANGFALD?... 9

BAKGRUNNEN FOR KARTLEGGING AV BIOLOGISK MANGFALD... 9

KVIFOR TA VARE PÅ BIOLOGISK MANGFALD?... 9

2. FRAMSTILLING OG BRUK AV KART OVER BIOLOGISK MANGFALD... 11

KVA SKAL KARTLEGGAST? ... 11

KARTFRAMSTILLING... 11

BRUKARAR AV KART OVER BIOLOGISK MANGFALD... 11

OPPDATERING OG REVISJON... 11

3. METODAR ... 12

NATURTYPAR OG VERDISETTING... 12

LITT OM KARTLEGGINGA I RADØY... 12

4. NATURGRUNNLAGET I RADØY... 13

GEOGRAFI OG AREALBRUK... 13

LANDSKAP... 13

KLIMA... 13

VEGETASJON... 13

5. KARTLAGTE NATURTYPAR I RADØY ... 14

MYR (A) ... 14

RASMARK, BERG OG KANTKRATT (B)... 14

FJELL (C) ... 15

KULTURLANDSKAP (D) ... 15

FERSKVATN/VÅTMARK (E) ... 17

SKOG (F)... 18

KYST OG HAVSTRAND (G) ... 19

6. RAUDLISTEARTAR ... 20

GENERELT... 20

RAUDLISTA PLANTAR OG SOPP I RADØY... 20

7. KVA BØR KARTLEGGAST BETRE?... 21

8. LITTERATUR ... 22

9. VEDLEGG: KART OG FAKTAARK ... 23

(10)
(11)

1. INNLEIING

KVA ER BIOLOGISK MANGFALD?

Biologisk mangfald er variasjonen av livsformer, livsformene sitt arvestoff og det samspelet desse organismane er ein del av. Ein snakkar altså om variasjon på tre nivå: Økosystem, artar og genar.

Dei ulike artane er avhengige av bestemte øko- system for å kunne eksistere. Eit økosystem kan definerast som ei samling plantar og dyr som lever i eit samspel med kvarandre under gitte fysiske og kjemiske forhold. Naturtypane i denne rapporten er døme på ulike økosystem. Det å sikre eit størst mogleg mangfald i økosystem er den beste måten å sikre artsmangfaldet på, fordi ein på denne måten tar vare på ulike artar sine leveområde. Å ta vare på tilstrekkeleg mange einingar av kvar naturtype er viktig med tanke på genetisk variasjon. Genetisk variasjon er varia- sjonen i arveeigenskapar innan ein art. Genetisk variasjon sikrar dei ulike organismane si tilpas- singsevne til endra miljøforhold, og er viktig for artane si evne til å overleve på lang sikt.

BAKGRUNNEN FOR KARTLEGGING AV BIOLOGISK MANGFALD

I 1993 underteikna Noreg Riokonvensjonen.

Dette er ein internasjonal avtale som forpliktar alle land å kjenne til og ivareta det biologiske mangfaldet innan landet sine grenser. Bakgrun- nen for ein slik internasjonal avtale er at areala av ulike naturtypar, som ei følgje av ulike former for menneskeleg aktivitet, blir redusert i raskt tempo. På grunn av reduserte leveområde har fleire plante- og dyreartar gått kraftig tilbake, og utbreiinga til mange artar er truga av utrydding dersom dei negative faktorane held fram. Ved sidan av introduksjon av framande artar, blir øydelegging av leveområda rekna som det størs- te trugsmålet mot det biologiske mangfaldet glo- balt i dag.

Sjølv om vi i Noreg har mykje natur, blir også våre naturområde i aukande grad utsette for inngrep av ulike slag. Dette gjeld i særleg grad produktive område under skoggrensa, og det er her ein finn den største variasjonen når det gjeld biologisk mangfald. Utbygging av bustadhus, fritidshus, næringsverksemd og infrastruktur utgjer eit stadig større press på desse areala.

I tråd med avtalar gjennom Riokonvensjonen vart det i Stortingsmelding 58 (1996-97) ”Miljøvernpo- litikk for en bærekraftig utvikling” uttrykt ei politisk målsetjing om at alle landets kommunar skal ha gjennomført kartlegging og verdiklassifisering av det biologiske mangfaldet på kommunens areal i løpet av år 2003. Som ei oppfølging av dette gav Direktoratet for naturforvaltning i 1999 ut ei

handbok i kartlegging av naturtypar og verdiset- jing av biologisk mangfald (DN-håndbok 13- 1999), for å sikre at kartleggingsarbeidet i størst mogleg grad blir samanliknbart over kommune- grensene.

Lokalt er det kommunane som må innarbeide omsyn til biologisk mangfald i kommuneplanen.

Men kunnskapsgrunnlaget om lokalt biologisk mangfald er tilfeldig og stort sett altfor dårleg. For å kunne ta dei naudsynte omsyn til biologisk mangfald lokalt, må lokale naturverdiar kart- festast. Deretter må dei på forsvarleg vis bli in- tegrerte i det lokale planarbeidet. Ved ei god oversikt over dei mest verdfulle naturområda i kommunen, langsiktig planlegging og aktiv bruk av verkemidla i Plan- og bygningslova, kan kommunen redusere konfliktane mellom bruk og vern av areal og styre utviklinga i større grad enn i dag. Karta over viktige naturområde vil vere eit viktig bidrag til å kunne utføre ei meir presis og prediktabel arealforvalting i kommunen.

Data frå kartlegginga vil òg inngå i regional og nasjonal miljøstatistikk, og danne grunnlag for handlingsplanar og tiltak på regionalt- og nasjo- nalt nivå.

Ikkje minst er det eit ønskje at kartlegginga skal medverke til å auke interesse og kunnskap om naturen blant kommunen sine innbyggjarar. Det er difor ønskjeleg at rapport og kart blir gjort til- gjengeleg for skular, frivillige organisasjonar og andre naturinteresserte.

KVIFOR TA VARE PÅ BIOLOGISK MANGFALD? Noreg har ratifisert (underteikna og gitt si tilslut- ning til) fleire internasjonale avtalar som er sette i verk for å sikre det biologiske mangfaldet. Inter- nasjonale avtalar forpliktar også på lokalt plan, fordi det er her mykje av den praktiske forvalt- ninga finn stad. Riokonvensjonen eller Biodiver- sitetskonvensjonen (1993) er den avtalen som i størst grad har konsekvensar på lokalt plan, fordi den understrekar verdien av lokalt biologisk mangfald. Denne konvensjonen er ei viktig årsak til at den nasjonale forvaltninga ønskjer å satse på ei landsdekkjande, kommunevis kartlegging av biologisk mangfald.

Grunnen til at vern av biologisk mangfald har blitt gjenstand for både internasjonale og nasjonale lovverk og avtalar er mange, men dei fleste er bygde på erkjenninga at vi sjølve er ein del av naturen, og er heilt avhengige av naturprodukt for å overleve. Grovt sett kan argumenta delast inn i tre hovudgrupper:

(12)

Økonomiske-/materielle argument: Mennesket er ein del av naturen, og det å ta vare på flest mog- lege naturmiljø sikrar vår eigen eksistens og velstand. Mat, medisinar, brensel, byggemateria- le osb. er i utgangspunktet naturprodukt. Sjølv om ikkje alle organismar ser ut til å vere like nyt- tige, representerer dei ein potensiell verdi som kan tenkjast å bli viktig i framtida. Vi har framleis manglande kunnskap om mange sider ved sam- spelet organismane i mellom, noko som gjer det fornuftig å ha ei føre var haldning. Genetisk vari- asjon er viktig fordi det sikrar dei ulike organis- mane si tilpassingsevne til endra miljøforhold.

Menneska har direkte nytte av genetisk variasjon t.d. når det gjeld planteforedling, husdyravl og motarbeiding av sjukdommar.

Kulturelle-/estetiske argument: Aktivitetar som jakt/fangst og sanking har lange tradisjonar, og sjølv om vi ikkje lever like nært naturen i dag, er slike aktivitetar ein viktig trivselsfaktor for mange menneske. Er eit stort mangfald av dyr og plan- tar kan vere ei kjelde til rike naturopplevingar også for dei som nyttar naturen til andre friluft- saktivitatar.

Etiske argument: Mange meiner at alle levande organismar har den same retten til liv, uavhengig av om dei synes til nytte eller skade for mennes- ket. Mennesket er den einaste arten som med fullt medvit kan utrydde andre artar, dette gir oss eit særskilt ansvar. Vi har òg eit ansvar i forhold til framtidige generasjonar sine behov for natur- bruk og naturopplevingar.

Natur i endring. Sjølv om så og seie heile Radøy er for eit kulturlandskap å rekne, har landskapet endra seg mykje sei siste 60 åra. Den mest påfallande endringa er at terrenget mange stader gror til med skog. Mykje av attgroinga skjer naturleg, som ei følgje av at lynghei og beitemark ikkje lenger er i bruk. Det har òg blitt planta mykje skog, mest gran og sitkagran. Men framleis er det mykje jordbruksareal i Radøy - meir enn nokon annan kommune i Hordaland, i forhold til det totale landarealet. Det småskala kulturlandskapet er framleis godt synleg, som på Nøttveit (nedst til venstre). Oppe på platået (til høgre) ligg ei av dei største grasdominerte naturbeitemarkene i kommunen (lok. 21). Foto: K. Isdal.

(13)

2. FRAMSTILLING OG BRUK AV KART OVER BIOLOGISK MANGFALD

KVA SKAL KARTLEGGAST?

Metoden for kartlegging og verdisetjing av biolo- gisk mangfald er nærmare skildra i ulike hand- bøker utgjevne av Direktoratet for naturforvalt- ning. I korte trekk går kartlegginga ut på å plukke ut og kartfeste område som er særleg viktig for det biologiske mangfaldet. Det er eit mål å få god oversikt over følgjande område:

• Viktige naturtypar (DN-handbok 13-1999)

• Viktige område for viltet (DN-handbok 11-1996, revidert internettutgåve 2001)

• Viktige ferskvasslokalitetar (DN-handbok 15-2001, berre internettutgåve)

• Viktige marine område (DN-handbok 19-2001)

• Førekomst av raudlisteartar (DN-rapport 1999-3)

Denne rapporten omhandlar naturtypar og raud- lista planteartar. Lindås kommune har òg gjen- nomført ei kartlegging av viktige viltområde, først og fremst gjennom intervju, men denne kart- legginga er enno ikkje samanstilt.

KARTFRAMSTILLING

Alle temakart blir digitaliserte med grunnlag i manuskart utarbeidd under kartlegginga. Digitali- seringa gjer at datasetta lett kan tilpassast digita- le kartsystem, og kommunen kan etter ønskje og behov, relativt enkelt utarbeide eigne kart for dei ulike tema.

Til bruk i arealplanlegginga er det ønskjeleg at kommunen får utarbeidd samlekart over område med høg verdi for biologisk mangfald. Dette går i korte trekk ut på å synleggjere område med stor biologisk verdi ved å slå saman alle opplysningar om biologisk mangfald i kommunen (naturtypar, viltområde, ferskvatn, marine område og raudlis- teartar). Direktoratet for naturforvaltning har gitt

ut ein rettleiar for framstilling av slike kart (DN 2000).

BRUKARAR AV KART OVER BIOLOGISK MANGFALD

Karta over biologisk mangfald er først og fremst meint å vere ein reidskap til bruk i arealplanleg- ginga. Kommunen er difor viktigaste brukar, men også anna offentleg og privat forvalting vil kunne bruke desse datasetta i ulike samanhengar. Det er eit ønskje at den enkelte grunneigar skal ta omsyn til biologisk mangfald på sin grunn. Aktu- elle grunneigarar skal difor informerast og få tilgang til relevante opplysningar. Skular bør få tilgang til rapport og kart til bruk i lokalundervis- ninga. Relevante lag, organisasjonar eller ein- skildpersonar vil, gjennom kjennskap til kart og rapport kunne kome med konstruktive innspel til endringar og nye lokalitetar.

OPPDATERING OG REVISJON

Denne kartlegginga av naturtypar er ikkje full- stendig og ei kartlegging av det biologiske mang- faldet kan heller aldri bli endeleg. Naturen er i stadig endring, både naturleg, ved klimaendring- ar og suksesjon, og ved menneskeleg påverknad ved endra arealbruk og tekniske inngrep. Dess- utan aukar kunnskapsgrunnlaget om biologisk mangfald stadig. For å fange opp endringar og tilføre ny kunnskap er det difor viktig at karta blir oppdaterte med jamne mellomrom. Ein hovudre- visjon kvart fjerde år, i samband med revisjon av kommuneplanen, kan vere ei fornuftig framdrift i forhold til oppdatering. Det vil likevel vere ønskje- leg at endringar og nye opplysningar blir oppda- terte fortløpande.

Like nordvest for Grindheim, ligg ”Havet” (lok. 1), ei av dei største, intakte låglandsmyrane i Hordaland. Myra er relativt urørd, sjølv om ein mange stader finn spor etter torvtekt. Idag sprer skogen seg på myra, både naturleg og frå planteskog. Havet er ei fattigmyr, og vegetasjonen er difor ikkje spesielt artsrik. Foto: K. Isdal.

(14)

3. METODAR

NATURTYPAR OG VERDISETTING

Direktoratet for naturforvaltning har plukka ut 56 naturtypar på landsbasis som blir rekna som spesielt viktige for biologisk mangfald og som difor skal kartleggast (DN-handbok 13, 1999). 50 av desse naturtypane finst også i Hordaland.

Naturtypane som er valt ut har element av både vegetasjon, zoologi, geologi, kulturpåverknad og landskap og er eit slags felles multiplum for å fange opp alle viktige variasjonar på økosystem- nivå. Kriterie som er brukt ved utveljinga av kva naturtypar som skal kartleggast er:

Førekomst av raudlisteartar, dvs. artar som på ein eller anna måte er trua, ofte ved at habita- tet/leveområdet blir øydelagt.

Kontinuitetsområde, dvs. område som har hatt stabile økologiske forhold over lang tid, t.d. ur- skog/gammalskog og gamle, ugjødsla beite- og slåttemarker.

Særlig artsrike område, område som har eit stort artsmangfald på eit avgrensa areal. Omgrepet

”artsrik” er relativt og må sjåast i samband med potensialet i regionen. Rikmyr og fukteng er døme på naturtypar som ofte er artsrike.

Sjeldne naturtypar. Dette gjeld naturtypar som er sjeldne på landsbasis. På kommunenivå er det likevel òg viktig å få registrert naturtypar som er sjeldne lokalt, sjølv om dei kan vere vanlege andre stader. I andre tilfelle kan ein naturtype som er relativt sjeldan på landsbasis vere nokså utbreidd og vanleg lokalt. I slike tilfelle bør ein skilje ut dei viktigaste områda.

Viktig biologisk funksjon. Dette gjeld ofte område som isolert sett kan virke nokså ordinære, men på grunn av plassering i landskapet har ein nøk- kelfunksjon for ein eller fleire artar. Døme på dette er bekkar og kantskog gjennom større, einsarta åkerlandskap som fungerer som refugier og spreiingskorridorar.

Spesielle artar og samfunn. Ein del naturtypar er sterkt prega av spesielle økologiske forhold. Ikkje nødvendigvis artsrike lokalitetar, men området kan innehalde artar som er sterkt spesialiserte.

Døme på slike naturtypar er fossesprøytsoner, brannfelt og kjelder.

Høg biologisk produksjon. Naturtypar med høg biologisk produksjon som følgje av høg tilførsel og omsetjing av organisk materiale. Sjølv om slike område ikkje treng vere spesielt artsrike, har dei ofte høg tettleik av individ. Flaummark- skogar og sumpskog langs vassdrag, som kan ha svært høge tettleikar av sporvefugl, er eit typisk døme på dette.

Sterk tilbakegang. Endra teknologi og arealbruk har ført til at enkelte naturtypar har blitt sjeldnare.

Døme: Beite- og slåttemarker, skogsbeite, elve- delta og gammalskog/urskog.

Alle lokalitetar med ein bestemt naturtype er ikkje alltid like viktige. Verdisettinga kan variere frå lokalitet til lokalitet, sjølv om vi har med den same naturtypen å gjere. Her bruker ein eit sett kriterie som støtte under verdivurderinga.

Kriterie for verdisetting:

Storleik

Grad av tekniske inngrep

Førekomst av raudlisteartar

Kontinuitetspreg

Sjeldne utformingar Skala for verdisetting:

A: Svært viktig B: Viktig C: Lokal verdi

LITT OM KARTLEGGINGA I RADØY

Denne kartlegginga av naturtypar i Radøy kom- mune er utført i løpet av juni, juli og august 2001.

Det vart satt av to månadsverk til arbeidet.

Områda som her er presenterte er utvalde på bakgrunn av tidlegare registreringar, opplysning- ar frå informantar, litteratur, flyfototolkingar og eigne feltregistreringar.

(15)

4. NATURGRUNNLAGET I RADØY

GEOGRAFI OG AREALBRUK

Radøy kommune ligg i ytre del av Nordhordland og er omgitt av fjordar og sund både i vest og aust (sjå framsida og Kart 1). Kommunen dekker ca. 111 km2 og omfattar størstedelen av øya Radøy og 268 andre øyar, holmar og skjer vest for Lindåshalvøya.

Talet på innbyggjarar er omlag 4700. Busetna- den er spreidd, men er mest konsentrert rundt kommunesenteret Manger og dessutan Aust- marka og Bøvågen. Jordbruksarealet utgjer om- lag 24% av totalarealet, ingen andre kommunar i Hordaland har ein tilnærma like stor andel jord- bruksareal. Over halvparten av jordbruksarealet er innmarksbeite, resten er for det meste gra- seng. Omlag 27% av totalarealet er produktiv skog (det meste kulturskog).

LANDSKAP

Kystlinja i Radøy er låg og sterkt oppskoren, og øya er ikkje særleg høg. Store delar av øya høy- rer til strandflata, men sjølve strandsona er smal.

Høgdedraga når opp i omlag 200 m o.h. og kom- munen sitt høgaste punkt er Morkenfjellet, 217 m o.h. Landskapet er sterkt prega av Bergensbo- gane. Strøkretninga går nordvest-søraust og dannar langstrakte, låge ryggar, avløyst av lang- strakte søkk med myrar og vatn. Dei langstrakte, markerte myr- og bekkedraga er eit svært spesi- elt landskapselement som enkelte stader er svært utprega. Dette er dei særmerkte ”radene”, som har gitt Radøy namn. Berggrunnen består av anortositt og mangeritt, som er harde bergart- ar.

KLIMA

Radøy ligg i ei sone med sterkt kystpåverka klima, typisk for ytre delar av Vestlandet (Moen 1998). Det typiske kystklimaet er prega av milde vintrar og kjølege somrar. På Manger er gjen- nomsnittstemperaturen for kaldaste månad (feb- ruar) 1,5 °C, og for varmaste månad (juli og au- gust) 14 °C. Årsmiddeltemperaturen er 7,2 °C.

Som elles langs Vestlandskysten regnar det ganske mykje på Radøy. Årsnormalen på Mang- er er 1975 mm. Det regnar til vanleg minst i mai (91 mm) og mest i september (251 mm).

Grunna det milde klimaet legg det seg sjeldan snø på Radøy, og når han først kjem vert han sjeldan liggande lenge.

VEGETASJON

Nesten ein fjerdedel av arealet i Radøy er jord- bruksareal i form av innmarksbeite og graseng.

Reknar ein med restane av lynghei, som òg er eit kulturlandskap, vert andelen endå større.

Topografi og eigedomsstruktur gjer at ein har eit småskala landbruk på Radøy. Mindre slåtteenger og beitemarker med steingardar, kantvegetasjon og lauvskogskratt er svært utbreidd.

Områda med lynghei på Radøy finn ein idag for det meste på nokre av øyane i vest som t.d. på Toska og Kvolmo. Denne vegetasjonstypen var tidlegare mykje meir utbreidd og har dekka det meste av kommunen. Idag er det meste av det tidlegare lyngheiarealet anten oppdyrka, tilplanta med barskog eller i ferd med å gro att naturleg fordi dei ikkje lenger vert beita og brent.

Det meste av skogen i Radøy er barskog, og det meste av barskogen er planta gran. Ein del stader er òg furuskogen planta. Det finst likevel nokre område der furuskogen truleg har kome opp av seg sjølv, og i nokre av desse områda kan ein kanskje finne tre som er opp mot 150 år gamle.

Lauvskogen på Radøy er dominert av bjørk, men særleg i sør og austvendte, lune lier finn ein inn- slag av varmekjær lauvskog. Vanlegast er has- sel, ask og eik, men ein finn òg innslag av lind og alm.

Ved Kvalheim ligg eit av dei største, saman- hengande låglandsmyrane som er att i Horda- land. Botanisk er nok myrområda på Radøy ganske artsfattige, og slik sett typiske for myrom- råda langs kysten.

Ei av dei særmerkte, ”radene” i landskapet som har gitt Rad- øy namn. Desse langstrakte myr, og bekkedraga går mange stader som ”blodårer” gjennom område med tett planteskog.

Foto: Kjersti Isdal.

(16)

5. KARTLAGTE NATURTYPAR I RADØY

Det er registrert 24 naturtypar av dei som er skildra i DN-handbok 13. Dei er fordelte på fem av hovudtypane. 81 lokalitetar er kartlagte. Kor- leis desse fordeler seg på dei ulike naturtypane

går fram av Tabell 1. Vedlegget inneheld ei liste over lokalitetane (Tabell 3), kart over geografisk fordeling (Kart 2), og til slutt ein kort omtale av kvart enkelt lokalitet.

Tabell 1. Kartlagte naturtypar i Radøy fordelt på naturtype og verdi.

Verdi

Hovedtype (tal lokalitetar) Undertype Kode A B C Total*

Myr (3) Intakt låglandsmyr A01 1 2 - 3

Kulturlandskap (48) Slåtteenger D01 - 5 1 6

Slåttemyr D02 - 1 - 1

Artsrike vegkantar D03 - 1 2 3

Naturbeitemark D04 - 10 1 11

Hagemark D05 1 5 - 6

Skogsbeite D06 - 1 1 2

Kystlynghei D07 1 4 3 8

Store gamle tre D12 - 3 7 10

Parklandskap D13 - 1 - 1

Ferskvatn/våtmark (12) Viktige bekkedrag E06 1 6 - 7 Rike kulturlandskapssjøar E08 - 5 - 5

Skog (8) Rik edellauvskog F01 3 4 - 7

Rikare sumpskog F06 - 1 - 1

Havstrand/kyst (10) Grunne straumar G01 - 4 - 4

Undervasseng G02 - - 1 1

Strandeng og strandsump G05 - 3 - 3

Tangvollar G06 - 1 - 1

Brakkvasspollar G08 - - 1 1

Totalt 7 57 17 81

I det følgjande blir det gitt ein kort omtale av dei ulike naturtypane og førekomsten av desse i Radøy. For ei generell og meir detaljert skildring av hovudnaturtypane viser ein til Fremstad (1997) og DN (1999).

MYR (A)

Myr er økosystem med høg grunnvasstand, der nedbrytinga av dødt organisk materiale går så seint at det skjer ei opphoping av delvis omdan- na materiale, torv. Det finst fleire måtar å klassi- fisere myr på; m.a. etter korleis dei har blitt dan- na, hydrologi, utforming og vegetasjon (Fremstad 1997, Moen 1998, DN 1999). Myrar er viktige fordi mange artar er direkte knytt til naturtypen som veksestad eller leveområde. Myrane har dessutan ein viktig funksjon som vassmagasin og naturlege renseanlegg.

Myrane i Radøy er for det meste fattigmyrar som ofte ligg i ein mosaikk med lynghei i attgroing, eller i samband med vatn og tjørn i søkk i ter- renget. Mange myrar er ganske små, og fleire er idag grøfta og oppdyrka. Radøy har likevel ein del ganske store myrområde att, som ikkje har vorte grøfta og oppdyrka, sjølv om ein i mange

av myrane finn spor etter torvtaking. Ved Kval- heim ligg ei av dei største, samanhengande låglandsmyrane som er att i Hordaland (lok. 1 –

”Havet”). Tre store myrlokalitetar er kartfesta i Radøy (lok. 1-3).

Langstrakte, smale, markerte myrdrag i nord- vest-søraustleg retning er eit karakteristisk trekk ved landskapet i Radøy. Sjølv om mange av desse myrane er relativt små, og heller ikkje særskilt rike biologisk sett, bør også desse my- rane visast omsyn i arealplanlegginga. Ikkje minst er dei ein viktig del av vassdraga i kommu- nen. Dei mest karakteristiske av desse myrdraga er kartlagte saman med viktige bekkedrag under lok. 55-57.

RASMARK, BERG OG KANTKRATT (B)

Naturtypen omfattar vegetasjon på grunnlendt eller ustabil, tørr mark og finst i overgangen mel- lom skog og open mark, på bergknausar, på tørre, steinete bakkar, skrentar og strandberg (DN 1999). Naturtypen dekker typisk nokså små areal, men kan likevel vere veksestad for ei rek- kje interessante og sjeldne artar. Fleire forhold gjer at rasmarker ofte er nøkkelhabitat for dyr og

(17)

plantar: Sør- og austvendte rasmarker har ofte eit varmare lokalklima enn områda rundt, ekst- rem topografi gjer ofte lokalitetane lysopne, rørs- ler i lausmassane og skredaktivitet opnar for konstant gode forhold for pionérsamfunn. Vans- keleg topografi gjer at skogkledde rasmarker ofte får stå i fred slik at skogen her får sjanse til å bli gammal.

Det er ikkje skilt ut eigne lokalitetar med rasmark, berg eller kantkratt i Radøy. Ein undertype som truleg førekjem i Radøy, men som det ikkje er gjort forsøk på å kartlegge, er nordvente kyst- berg. Slike område er ofte skuggerike og fuktige og kan vere veksestad for spesielle plantesam- funn. Karakteristiske artar er hinnebregne og ulike oseaniske lav og mosar. Nordvendte kyst- berg er ikkje omtala i DN-handbok 13, men loka- litetar med spesiell flora bør likevel kartleggast.

FJELL (C)

Innanfor naturtypen fjell er det dei kalkrike områ- da som skal kartfestast. Topografi og berggrunn gjer at det ikkje finst lokalitetar under denne ho- vudtypen i Radøy.

KULTURLANDSKAP (D)

Kulturlandskap er landskap påverka av mennes- ket. Sjølv om dette også gjeld det meste av natu- ren omkring oss, brukar ein helst omgrepet på naturtypar i jordbrukslandskapet, der menneska har hatt, og har, ei avgjerande betydning for ut- forminga av vegetasjon og artsutval (DN 1999).

Gjennom ulik bruk, både når det gjeld driftsfor- mer og kontinuitet, har det blitt skapt mange ulike leveområde for plantar og dyr i jordbruksland- skapet. Områda som er plukka ut for denne kart- legginga er område med spesiell biologisk verdi, og som samstundes er i tilbakegang.

Naturareala i Radøy er sterkt kulturpåverka og ingen andre kommunar i Hordaland har ein like stor andel jordbruksmark i forhold til totalarealet.

Naturleg nok er talet på registrerte naturtypar i kulturlandskapet i Radøy høgt. Omlag halvparten av dei registrerte lokalitetane høyrer til kultur- landskapet.

Idag er det meste av innmarksarealet på Radøy, som dei fleste andre stader, intensivt dreve og har liten verdi for det biologiske mangfaldet (Bio- logiske verdiar i moderne jordbruksområde er knytt til ugjødsla restareal som framleis blir slått eller beita, steingardar, treklynger, gamle tre og kantvegetasjon). Dei opne utmarksareala (lyng- hei og naturbeitemark) og restareal med gammal slåttemark gror mange stader til med skog, fordi dei ikkje lenger blir haldne i hevd ved slått og beiting.

Attgroinga er ein naturleg prosess som ein følgje av at areala ikkje lenger blir haldne i hevd, men mange artar som var vanlege i det gamle kultur- landskapet blir sjeldnare (t.d. er prestekrage berre registrert på ei av dei kartlagte slåtteenga- ne – lok. 8 på Halland). Det er særleg på restar av gammaldags, ugjødsla slåttemark og i ugjøds- la, grasdominert naturbeitemark ein finn høge biologiske verdiar (stort artsmangfald av karplan- tar og sopp).

Slåtteenger (D01)

Slåtteenger er ein naturtype som nesten har forsvunne pga. driftsendringar, først og fremst ved kraftig gjødsling og endring i slåttetidspunkt.

Ved auka næringstilførsel blir dei store, breiblada grasa favoriserte, og mange av urtene forsvinn.

Før i tida var slåtteengene ofte artsrike areal som vart slått etter bløming/frøsetting. Det vart brukt lite eller inga gjødsel ut over det som vart tilført ved beitande dyr (slåtteenger vart ofte beita vår og haust). I dag finn ein restar av gamle slåt- teenger på små, avgrensa areal der det er vans- keleg å kome til med moderne reidskap. I ulendt terreng har gamle slåtteenger ofte blitt til beite- land. Seks slåtteenger med opprinneleg preg er kartfesta i Radøy (lok. 4-9).

Denne slåttemarka ovanfor vegen ved Halland (lok. 8), var den einaste lokaliteten på Radøy der prestekrage vart regist- rert under denne kartlegginga! Foto: K. Isdal.

Artsrik vegkant ved Straume (lok. 11). Vegkantane kan enkel- te stader fungere som såkalla refugier for gamle slåttemarks- artar. Foto: K. Isdal.

(18)

Slåttemyr (D02)

Myrer med slåttebetinga vegetasjon og preg, som tradisjonelt vart slått som ein del av fôrber- ginga. Lang kontinuitet med myrslått kan endre myrvegetasjonen på fleire måtar, m.a. ved å hindre tuedanning, auke mengda av gras og halvgras, redusere mengda av torvmosar og auke mengda av orkidear (DN 1999). Ein veit ikkje om slåttemyrer som framleis er i hevd på Radøy i dag, men det kan nok finnast fleire som framleis har ein tilstand som indikerer langvarig hevd. Ein lokalitet er kartfesta (lok. 10).

Artsrike vegkantar (D03)

Vegkantar kan vise stort artsmangfald og bloms- terprakt og inneheld ofte artar frå fleire vegeta- sjonstypar (DN 1999). Vegkantar kan fungere som erstatningsbiotop for artar som før var til- knytt slåtte- og beitemarker. Lokalitetar som er artsrike og med høgt innhald av slåttemarksartar bør kartleggast. Tre lokalitetar er kartfesta i Rad- øy (lok. 11-13).

Naturbeitemark (D04)

Naturbeitemark er ikkje tresett beitemark i lang- varig hevd som har vore lite eller ikkje gjødsla eller jordbearbeidd (DN 1999). Naturbeitemark med lang kontinuitet og god hevd er ein artsrik naturtype, som har blitt stadig sjeldnare. Naturty- pen har ofte eit stort innslag av urter, men er likevel som regel meir grasdominert enn slåt- teenger. Areal med indikasjon på langvarig hevd, utan bruk av gjødsel er viktige. Beitemarkssopp er, som namnet seier, ei gruppe som ofte finst i naturbeitemarker. Mange av desse er raudlista, m.a. fordi naturbeitemarkene er i kraftig tilbake- gang. 11 lokalitetar, fleire av dei uvanleg store, er kartfesta i Radøy (lok. 14-24). Mange av loka- litetane er berre overfladisk undersøkte. Særleg interessant i desse områda vil vere ei registrering av beitemarkssopp.

Hagemark (D05)

Denne naturtypen omfattar dei fleste tresette kulturmarksområde, som tresett beitemark og slåttemark, men ein ønskjer spesiell fokus på område med styvingstre (DN 1999). Styvingstre er ikkje så vanleg i Radøy, men seks lokalitetar med hagemark som truleg er relativt gamle, er kartfesta (lok. 25-30).

Skogsbeite (D06)

Naturtypen omfattar skog som blir beita eller som framleis har sterkt beitepreg (DN 1999). Område med lang kontinuitet er særleg viktige, på slike lokalitetar kan det finnast sjeldne artar. To lokali- tetar er kartfesta i Radøy (lok. 31-32), begge ligg som naturtype i grenseland mellom skogsbeite og hagemark.

Denne myra mellom Træsvatnet og Byrkjelandsvågen kan tidlegare ha vore ei slåttemyr (lok. 10). Slåttemyr er ein sjeldan naturtype, og i Hordaland er dette den einaste som er registrert gjennom kartlegginga av naturtypar, så langt. Foto:

K. Isdal.

Hagemark med eik er ein sjeldan naturtype på Radøy. Denne hagemarka på Solend (lok. 30) vart tidlegare slått, men idag blir skogbotnen beita.

Det er framleis ein god del naturbeitemark i god hevd på Radøy, og særleg i dei litt høgareliggande områda dekkjer dei nokså store areal. Områda vil nok gro ganske raskt til dersom beitinga opphøyrer. Dette bildet er frå Ingholmen (lok. 15) mellom Marøy og Bøneset. Foto: K. Isdal.

(19)

Kystlynghei (D07)

Kystlynghei er trelause heisamfunn langs kysten, oftast med røsslyng som dominerande planteart (DN 1999). Naturtypen finst gjerne i mosaikk med myr og grasmark. Lyngheiane er ein kultur- betinga naturtype og eit resultat av aktiv drift ved brenning, beiting av utegangarsau og stadvis slått, gjennom fleire tusen år. Naturtypen er sær- eigen for kystnære område med eit vintermildt klima, og er utbreidd frå Portugal i sør og til Lofo- ten i nord.

Store areal på Radøy har tidlegare vore lynghei.

Mykje av dette arealet er no tilplanta med skog av gran og sitkagran. Mange stader elles har beite og skjøtsel av lyngheiane teke slutt, og einer, furu og bjørk er i ferd med å etablere seg.

Radøy har likevel fleire store område med kyst- lynghei som er i god hevd. Ormåda ligg som eit belte i den nordvestlege delen av kommunen.

Toska er truleg det mest verdifulle området både når det gjeld storleik og hevd. Åtte lokalitetar er kartfesta i Radøy (lok. 33-40), men også i dei fleste av desse områda ser ein klare teikn til attgroing mange stader.

På Uttoska finn ein ei av ei største, samanhengande lynghei- ane i Hordaland, som framleis er i hevd. Som dei fleste andre slike område er landskapet ein mosaikk av lynghei og myr. I framgrunnen på bildet veks ei tett matte av einer og einstape og spreidd rogn - eit teikn på attgroing. Foto: K. Isdal.

Store gamle tre (D12)

”Naturtypen” omfattar store, gamle, frittståande tre i kulturlandskapet (DN 1999). Store, gamle tre kan representere lang kontinuitet og er ofte leve- stad for sjeldne sopp, lav, mosar og insekt.

Det finst få verkeleg gamle tre i Radøy, men nokre store tuntre kan ha ganske høg alder. Ti gamle tre er kartfesta (lok. 42-50 og 81), dei eldste har truleg ein alder på rundt 250 år. Dei vanlegaste tuntrea er eik, bøk, ask og platan- lønn.

Trea er ikkje undersøkte nærmare med tanke på flora, funga og fauna, og dette bør gjerast ved ei eventuell oppølgjande kartlegging. Særleg dei hole trea kan ha ein interessant insektfauna.

Berre ei gammal selje er (tilfeldig) kartlagt i dette prosjektet. Slike tre kan òg ofte ha ein rik flora og fauna. Seljene blir ikkje veldig gamle, og dei rekk oftast ikkje å bli særleg store før dei går over ende. Likevel kan desse trea vere vel så viktige som store og meir imponerande tuntre av t.d.

bøk, ask og lønn. Dei bør difor, dersom det er mogleg, få stå til dei veltar av seg sjølve, og ho- vudstammen kan gjerne få bli liggjande også.

Eit av dei største trea på Radøy er denne bøka på Mjøs. Ein del soppar og insekt er knytte til gamle tre. Store tuntre kan difor vere viktige for biologisk mangfald fordi dei ofte er dei einaste trea som har fått sjansen til å bli gamle. Den biologis- ke verdien stig ofte når trea byrjar å skrante, og særleg kan hole tre ha stor verdi. Foto: K. Isdal.

Parklandskap (D13)

Naturtypen omfattar parkar kyrkjegardar og alle- ar med lang kontinuitet. Gamle parklandskap har ofte mange ulike element som saman dannar ein naturtype med mange kvalitetar for sjeldne og truga artar (DN 1999). I Radøy er det ein lokalitet som kan reknast til denne naturtypen: Preste- gardsalleen på Manger (lok. 41). Kvalitetane her er stort sett dei same som for store, gamle tre.

FERSKVATN/VÅTMARK (E)

Naturtypen omfattar område med ope ferskvatn som elvar, bekkar, større og mindre innsjøar og innsjøområde. Mange artar er direkte knytte til vatn og vassdrag. Både i skogsområde og i in- tensivt drevne jordbruksområde er ferskvass- lokalitetar ofte artsrike oasar og viktige sprei- ingskorridorar. Ferskvasslokalitetar har i stor grad blitt utsette for ulike inngrep. Viktige trugs- mål er m.a. drenering, attfylling, bekkelukking og bekkeutretting og forureining.

Alle insjøar, elvar og bekkar er leveområde for ei rekkje plantar og dyr og bør takast omsyn til i arealplanlegginga. Opplagt viktige lokalitetar er gytebekkar for sjøaure og bekkedrag med sær- leg rik kantvegetasjon. Naturleg fisketomme inn- sjøar og tjørn er ein eigen naturtype (E10), som ikkje er nærmare kartlagt i Radøy i denne om- gang. Fråver av fisk er viktig for enkelte vassle- vande insekt og amfibiar.

(20)

Radøy har mange langstrakte vatn og bekkedrag i dalsøkka i nordvest-søraustleg retning.

Viktige bekkedrag (E06)

Naturtypen omfattar t.d. små vassdrag med kantvegetasjon i einsarta kulturlandskap og fatti- ge skogsområde. Nokre av bekkedraga i Radøy reknast som viktige fordi dei fungerer som frodi- ge ”blodårer” i landskapet, både i relativt fattige område med planta gran og i kulturlandskapet der dei m.a. kan fungere som spreiingskorrido- rar. Bekkane drenerer òg dei særprega, lang- strakte myrområda som er så karakteristisk for Radøy. Mange er også sjøaureførande. Sju loka- litetar er kartfesta (lok. 51-57).

Rike kulturlandskapssjøar (E08)

Næringsrike innsjøar i tilknytning til kulturland- skapet, med rik vassvegetasjon og kantvegeta- sjon. Fleire av innsjøane/vatna i Radøy er nokså næringsrike på grunn av tilsig frå landbruk og busetnad og har stadvis rik kantvegetasjon (Nokre

av vatna har periodevis hatt stor oppblomstring av blågrøn- bakteriar, noko som er eit teikn på for stor næringstilførsel). Fem vatn med rik vegetasjon er kartfesta (lok. 23 og 24).

Den vestlege bukta av Storevatnet (lok. 58) på Toska har eit tett belte av takrøyr langs kanten. Dette er den største takrøyrførekomsten i Radøy. Større takrøyrførekomstar som dette, kan vere viktig for ein del fugleartar, ikkje minst i trekk- tida, fordi dei både byd på godt skjul og god næringstilgang (insekt). Foto: K. Isdal.

SKOG (F)

Skog omfattar alle område der tre er domineran- de (i denne kartlegginga med unntak av skogs- beite). Etter fjell er skog den vanlegaste naturty- pen i Noreg. Omlag 37% av landarealet er skog- dekt. Av det totale skogarealet på landsbasis er ca. 55% barskog og 45% lauvskog (berre 1% er edellauvskog). Skog finst i svært mange utform- ingar alt etter klima, jordsmonn og topografi og dannar dermed svært mange ulike leveområde med anslagsvis 22.000 artar i Noreg. Over halv- parten av alle landlevande dyr som er reistrerte her i landet er tilknytt skog. Også svært mange raudlisteartar er knytt til dette økosystemet, sær- leg artsrike grupper som insekt og sopp.

I denne kartlegginga er det først og fremst lagt vekt på skog med høgt artsmangfald, spesiell artssamansetjing eller skogtypar som vanlegvis dekker små areal.

Rik edellauvskog (F01)

Rik edellauvskog er skog av varmekjære lauvtre som ask, alm, eik, hassel, lind, bøk, svartor og spisslønn. Dette er artsrike og frodige skogar med krav til varmt sommarklima, ofte på næ- ringsrik jord med rike bergartar. Ofte er skogane prega av tradisjonell bruk som styving og beite (DN 1999).

Edellauvskogen i Radøy veks helst i bratte, sør- vendte lier med godt lokalklima. Skogane er of- tast blandingsskogar med varmekjære lauvtre og sjeldan reine bestandar av enkeltartar. Dei van- legaste trea er hassel, ask og eik, men alle dei varmekjære treslaga finst i kommunen. Edel- lauvskog som inneheld lind blir rekna som sær- leg viktige. Mange område ber spor av tidlegare utnytting, som hogst og beite, og trea er sjeldan særleg gamle. Det går framleis beitedyr i nokre av områda. Sju lokalitetar er kartfesta (lok. 63- 69) i Radøy. Ei nærmare undersøking av krypto- gamflora og funga er ønskjeleg på alle desse lokalitetane.

Det finst ikkje mykje edellauvskog på Radøy, men ein av dei som er lettast å finne er denne (lok. 67), som ligg like ved hovudvegen mellom Gjerde og Soltveit. Foto: K. Isdal.

Edellauvskogen ved Solend (lok. 69) illustrerer godt at denne naturtypen gjerne finst på dei lunaste stadane. Her veks skogen i den sørvedte lia i ein vestvendt botn. Foto: K. Isdal.

(21)

Rikare sumpskog (F06)

Næringsrike typar av lauvskog og kratt på sump- jord som t.d. langs innsjøar og bekkefar (DN 1999). Slike område har ofte ein rik flora og fau- na. Det finst nok mindre førekomstar av sump- skog fleire stader i Radøy, men berre ein lokalitet er registrert gjennom dette prosjektet (lok. 70).

KYST OG HAVSTRAND (G)

Havstrand/kyst omfattar naturtypar som er knytt til saltvatn eller saltvasspåverka miljø og omfattar òg nokre område under vatn, på svært grunne stader (grunne straumar, undervasseng, brakk- vasspollar og brakkvassdelta). Områda mellom land og hav byd på spesielle livsvilkår og inne- held fleire naturtypar og artar som er sjeldne. Eit stort press på strandområda mange stader, gjer det viktig å få kartlagt dei viktigaste områda slik at ein i størst mogleg grad kan unngå inngrep her. Sjølv om Radøy har ei nokså lang kystlinje, er det kartlagt få kyst- og havstrandlokalitetar i kommunen. Terrenget fell ofte bratt ned mot fjorden og geologien gir heller ikkje grunnlag for nokon rik strandvegetasjon.

I 2003 og 2004 deltok Radøy, saman med fleire andre kommunar i Nordhordland, i eit pilotpro- sjekt for kartlegging av marint biologisk mang- fald. Her vart det kartfesta fleire lokalitetar som òg er aktuelle for naturtypekartlegginga, men dei er ikkje tekne med i denne rapporten. Med tida vil det truleg bli laga ein eigen rapport om marint biologisk mangfald, basert på ei meir grundig kartlegging enn det ein hadde høve til i pilotpro- sjektet. Men denne kartlegginga kjem truleg ikkje igang før tidlegast i 2006.

Grunne straumar (G01)

Straumar har ofte ei særeigen samansetjing av plante og dyreliv m.a. høg produksjon av marine botndyr (m.a. muslingar). Både god førekomst av botndyr, og det at straumane oftast er isfrie om vinteren, gjer at dei kan vere viktige overvint- ringsplassar for dykkender.

Fire grunne straumar (lok. 71-74), er kartfesta i Radøy, men ingen av desse ser ut til å vere spe- sielt viktige sjøfuglområde. Det er ikkje gjort nærmare undersøkjingar av plante- og dyreliv på botnen, men ei betre undersøking av desse loka- litetane vil kanskje kunne gjennomførast i den framtidige marine kartlegginga.

Undervasseng (G02)

Naturtypen omfattar grunne område i saltvatn, ned til 2-3 m djupne (DN 1999). Strandsumpar går ofte over til undervasseng lenger ute. Særleg større førekomstar av undervassenger er sjeldne og inneheld fleire spesialiserte artar, t.d. ålegras.

Ålegrassamfunn er m.a. viktige som oppvekst- område for fisk.

Berre ei undervasseng er kartfesta i Radøy un- der denne kartlegginga (lok. 75). Men velutvikla undervassenger med ålegras finst fleire stader i tilknytning til dei mange skjerma vikene i kom- munen (Lundberg 1992), noko som har blitt stad- festa under det marine pilotprosjektet. Desse lokalitetane bør kartfestast nærmare.

Strandeng og strandsump (G05)

Naturtypen omfattar slake lausmassestrender med engvegetasjon av salttolerante gras og ur- ter, med regelmessig oversvømming av sjøvatn (DN 1999). Er òg ofte påverka av ferskvassig frå land.

Fordi berget dei fleste stader går ganske bratt i sjøen, er det få godt utvikla strandenger og lausmassestrender i Radøy. Tre lokalitetar er kartfesta (lok. 76-78).

Strandenga nord på Kvolmo (lok. 77.) Foto: K. Isdal

Tangvollar (G06)

Område med opphopning av ilandskylt tang, tare og anna organisk materiale. Tangvollar har høg biologisk produksjon og gir grunnlag for eit spe- sielt plantedekke av næringskrevjande og salt- tålande artar (DN 1999). Det er ofte store meng- er insekt i rotnande tang, noko som kan vere viktig for rastande fuglar i trekktidene. Ein lokali- tet er kartfesta i Radøy (lok. 79), men denne er ikkje nærmare undersøkt.

Brakkvasspollar (G08)

Dette er avstengte (med terskel), marine bas- seng med ulik grad av marin påverknad gjennom tidevatnet. Blanding av ferskvatn og saltvatn gir grunnlag for svært produktive miljø (DN 1999).

Naturtypen er sjeldan, også i Radøy. Ein lokalitet er kartfesta (lok. 80), men under det marine pi- lotprosjektet er det plukka ut nokre fleire lokalite- tar som bør vurderast nærmare.

(22)

6. RAUDLISTEARTAR

GENERELT

Raudlisteartar har ein sentral plass i kartlegginga av biologisk mangfald. Både som kriterium for verdisetjing av naturtypeområde og som kart- leggjingsobjekt.

Ei raudliste er ei oversikt over artar som er sjeld- ne, truga eller i tilbakegang. Mange av desse artane er sterkt spesialiserte artar med avgrensa utbreiing og små leveområde. Andre er areal- krevjande artar som er i tilbakegang grunna fragmentering av leveområda. Mange artar på raudlista er naturleg sjeldne og krev av den grunn spesielle omsyn. Ein del av artane ”nedst”

på lista (DC og DM) er plasserte der mest av

”føre var” grunnar fordi vi har liten kunnskap om dei. Ei raudliste kan òg innehalde artar som er i framgang, men som i nær fortid har hatt sterkt reduserte bestandar.

IUCN (International Union for the Conservation of Nature) gir ut slike lister på verdsbasis og mange land har no gitt ut nasjonale raudlister.

Den offisielle norske raudlista blir utgitt av Direk- toratet for Naturforvaltning. Dei siste åra har også enkelte Fylkesmenn utgitt fylkesvise (regio- nale) raudlister. Meininga med regionale raudlis- ter er å rette auka fokus på artar som er trua regionalt og lokalt og som kanskje ikkje blir fanga opp i nasjonal samanheng. Nokre artar på den nasjonale raudlista kan vere relativt vanlege regionalt og lokalt. I slike tilfelle har det aktuelle fylket eller den aktuelle kommunen eit særskilt forvaltingsansvar.

Utrydda - Ex (Extinct)

Artar som har forsvunne som reproduserande i landet.

Omfattar vanlegvis artar som ikkje har vore påvist dei siste 50 åra. ”Ex?” angir artar som har forsvunne for mindre enn 50 år sidan.

Direkte truga - E (Endangered)

Artar som står i fare for å forsvinne i nær framtid der- som dei negative faktorane held fram.

Sårbar - V (Vulnerable)

Artar med sterk tilbakegang, som kan gå over i gruppa direkte truga dersom dei negative faktorane held fram.

Sjeldan - R (Rare)

Artar som ikkje er direkte truga eller sårbare, men som likevel er i ein utsett situasjon, fordi dei er knytt til eit avgrensa geografisk område eller ein liten bestand med spreidd og sparsam utbreiing.

Omsynskrevjande - DC (Declining, care demanding) Artar som ikkje tilhøyrer føregåande kategoriar, men som grunna tilbakegang krev spesielle omsyn og tiltak.

Bør overvakast - DM (Declining, monitor species) Artar som har gått tilbake, men som ikkje blir rekna som truga. For desse er det grunn til å halde eit auge med bestandssituasjonen. Mange av artane i denne katego- rien er plasserte her av ”føre var” årsaker, fordi vi veit for lite om førekomst og utbreiing.

Ei raudliste inneheld òg ei oversikt over ansvarsartar. Dette er artar som det aktuelle landet har eit spesielt forvaltingsan- svar for, fordi ein har store delar av totalbestanden innan sine landegrenser.

Raudlistene må reviderast relativt ofte etterkvart som kunnskapen om artane aukar (situasjonen for enkelte artar kan òg endre seg relativt raskt).

Mange av artane i dei to siste kategoriane i raud- lista, DC og DM, særleg innan gruppene sopp, lav og mosar, er plasserte der fordi vi veit for lite om dei. Nokre av desse vil kanskje bli tekne ut av raudlista når kunnskapen om dei har blitt bet- re. På den andre side kan nye artar kome til som følgje av ny kunnskap.

RAUDLISTA PLANTAR OG SOPP I RADØY

Det har ikkje blitt gjort særskilte søk i felt etter raudlisteartar under denne undersøkjinga, men artar som tidlegare er funne på Radøy er lista opp i Tabell 4. Sidan kartlegginga av naturtypar har hatt ei sterk botanisk vinkling, blir det berre nemnt artar av plantar og sopp (ei oversikt over raudlista viltartar er gitt i viltrapporten for Radøy – Overvoll, Wiers & Toft 2004). Geografisk plas- sering av raudlistefunna er ikkje presentert. År- saka til dette er at mange av funna har relativt dårleg geografisk presisjon (oftast dårlegare enn 100 m), og difor eignar seg dårleg til bruk i areal- forvaltinga. Funn av raudlisteartar bør plottast med handhaldt GPS som kan gi ein presisjon på 10-15 m.

Bortsett frå fem lavartar er det ikkje kjent funn av raudlista plantar eller sopp på Radøy. Dette vit- nar først og fremst om at floraen og fungaen på Radøy ikkje er blandt dei best undersøkte. Når det gjeld karplantar finst det neppe mange raud- listeartar i kommunen, men hinnebregne er ein opplagt kandidat. Denne vesle, moseliknande bregna er ganske vanleg på enkelte skuggefulle, fuktige berg på Vestlandet. Som vanleg elles i landet er førekomsten av mosar og sopp dårleg og sporadisk kartlagt. Dette er store og vanske- lege artsgrupper som i mange tilfelle krev spesi- alkompetanse.

Med såpass god førekomst av grasdominert, ugjødsla naturbeitemark som på Radøy, burde førekomsten av beitemarkssopp vere ganske god. Beitemarkssopp er er gruppe artar som i stor grad er knytte til ugjødsla beitmark og slåt- temark (Jordal 1997). Sidan dette er naturtypar i sterk tilbakegang, er fleire av soppane som er knytte til desse miljøa raudlista. Mange av bei- temarkssoppane er lette å kjenne att, slik som jordtunger og fargerike vokssoppar.

(23)

Tabell 2. Funn av raudlistearta plantar og sopp i Radøy (Kjelder: Norsk Lavdatabase, Norsk Soppdatabase, Frisvoll & Blom (1997), Botanisk inst., UiB.).

Artsgruppe Norsk namn Vitskapeleg namn Habitat (DN 1999) Raudliste Karplantar (-) ingen kjente funn

Mosar (-) ingen kjente funn Sopp (-) ingen kjente funn

Lav (5) Sandgaffel Cladonia glauca Myr/Kyst V Gullprikklav Pseudocyphellaria crocata Epifytt/Berg/Skog V Piggtrollskjegg Bryoria smithii Epifytt/Berg/Skog DC Kystkorallav Bunodophoron melanocarpum Berg/Skog DC

Kyststry Usnea fragilsecens Epifytt/Berg DC

7. KVA BØR KARTLEGGAST BETRE?

Kartlegging av naturtypar er tidkrevjande arbeid, og innanfor rammene av prosjektet, har ein ikkje fått gått like grundig over alle dei områda som nok burde vore dekka av registreringa. Under følgjer nokre forslag til kva som bør undersøkast betre i oppfølgjande kartlegging.

Rasmark, berg og kantkratt. Nordvendte kyst- berg har ofte ein særprega flora, særleg når det gjeld mosar og lav, og kan innehalde sjeldne artar. Naturtypen er ikkje nemnt i DN-handbok 13, og er difor ikkje forsøkt kartlagt i denne om- gang. Eit søk etter slike lokalitetar bør gjerast i oppfølgjande kartlegging. Det kan òg finnast sørvendte berg med høge biologiske kvalitetar, sjølv om berggrunnen i Radøy ikkje er den mest interessante.

Kulturlandskap. Naturtypar i kulturlandskapet er godt representert i Radøy, men dette betyr ikkje at desse naturtypane er fullstendig kartlagte. Det finst sannsynleg fleire slåttemarker med oppha- veleg preg (ugjødsla eller lite gjødsla), og særleg når det gjeld naturbeitemark kan ein nok forvente å finne fleire aktuelle lokalitetar. Store, gamle tre bør undersøkast nærmare med tanke på krypto- gamflora og insektfauna.

Ferskvatn og våtmark. Rike kulturlansdskaps- sjøar er ganske godt representert, men kan nok finnast fleire aktuelle lokalitetar, særleg grunne bukter med rik vegetasjon. Dei kartlagte lokalite- tane bør dessutan undersøkjast nærmare med omsyn til flora. Mudderbankar kan kanskje òg førekome. Naturleg fisketomme vatn og tjørn bør kartleggast i samband med ferskvassundersø- kjingar.

Skog. Dei viktigaste førekomstane av edellauv- skog er truleg fanga opp i denne kartlegginga, men ein kan likevel ikkje utelukke at det finst fleire. Ei meir grundig inventering av dei kartlagte lokalitetane er uansett ønskjeleg, m.a. for å sjå etter eventuelle førekomstar av raudlisteartar.

Kystfuruskogen i Radøy er for det meste relativt ung i økologisk forstand, og innslaget av død ved, som er eit nøkkelelement når det gjeld bio- logisk mangfald, er lågt. Likevel ville ei meir grundig undersøking av den eldste kystfurusko- gen vere ønskjeleg for å sjå etter avgrensa loka- litetar med spesielle kvalitetar, t.d. raudlisteartar.

Område det kan vere aktuelt å sjå nærmare på er m.a. Vettåsen og Klubbesøyna ved Toska.

Det kan òg finnast fleire førekomstar av sump- skog i kommunen.

Kyst og havstrand. Berre ei undervasseng er kartfesta under denne kartlegginga. Lundberg (1992) nemner at det skal finnast fleire føre- komstar av ålegras i dei mange skjerma vikane langs kysten av Radøy, og gjennom det marine pilotprosjektet i 2003 og 2004 (kartlegging av marint biologisk mangfald, sjå DN-handbok 19), er fleire av desse stadfesta. Her vart det òg peika ut nokre fleire brakkvasspollar som bør undersø- kast nærmare.

Førekomst av raudlisteartar er sentralt når det gjeld utplukking og verdisetting av viktige natur- område. Det har ikkje blitt gjort nyregistreringar av raudlisteartar i dette prosjektet, og det som finst frå før er sparsamt (sjå Kap. 6) og har gene- relt dårleg geografisk presisjon. Særleg når det gjeld sopp, lav, mosar og insekt er kunnskapen om førekomst dårleg. I framtida er det ønskjeleg å få gjennomført både kontroll av kjende føre- komstar og nyregistreringar.

(24)

8. LITTERATUR

Direktoratet for Naturforvaltning 1999. Nasjonal rødliste for truete arter i Norge 1998. DN-rapport 1999- 3. 162 s.

Direktoratet for Naturforvaltning 1999. Kartlegging av naturtyper. Verdisetting av biologisk mangfold.

DN-håndbok 13.

Direktoratet for Naturforvaltning 2000. Veileder for kartproduksjon – tema biologisk mangfold. – DN- notat 2000-5.

Direktoratet for Naturforvaltning 2001. Kartlegging av marint biologisk mangfold. – DN-håndbok 19- 2001. (Sjå også forslag til revisjon av handboka på www.naturforvaltning.no)

Fremstad, E. 1997. Vegetasjonstyper i Norge. – NINA Temahefte 12. 279 s.

Fremstad, E. & Moen, A. 2001. Truete vegetasjonstyper i Norge. – Norges teknisk-naturvitenskap. Univ.

Vit.skapsmus. Rapp. bot. serie 2001-4. 231 s.

Frisvoll, A.A. & Blom, H. 1997. Trua mosar i Noreg med Svalbard. Førebels faktaark. Botanisk notat 1997-3, NTNU. 170 s.

Helland-Hansen, W. (Red.) 2004. Naturhistorisk vegbok, Hordaland. – Bergen Museum – Nord 4, Ber- gen. 568 s.

Jordal, J.B. 1997. Sopp i naturbeitemark i Norge. – Utredning for DN nr. 6-1997.

Lundberg, A. 1992. Havstrand i Hordaland. Regionale trekk og verneverdiar. - DN-rapp. 1992-2.

Lundberg, A. 2004. ”Havet”. S. 388 i Helland-Hansen, W. (Red.) 2004. Naturhistorisk vegbok, Horda- land. – Bergen Museum – Nord 4, Bergen.

Moen, A. 1998. Nasjonalatlas for Norge. Vegetasjon. – Statens kartverk, Hønefoss. 199 s.

Overvoll, O., Stellberg. J. & Håland, A. 1996. Naturfaglig vurdering knytt til val av vegtrase, rv. 565, over Radøy, med perspektiv på bevaring av biologisk mangfald. - NNI-Rapport nr. 9. 13 + vedlegg.

Overvoll, O., Wiers, T. & Toft, A.N. 2004. Viltet i Radøy. Kartlegging av viktige viltområde og status for viltartane. – Radøy kommune og Fylkesmannen i Hordaland, MVA-rapport 9-2004: 1-45.

SENTRALE DOKUMENT I MILJØVERNPOLITIKKEN

Fleire dokument utgjevne av styresmaktene er sentrale i forhold til biologisk mangfald. Gjennom stor- tingsmeldingane gir styresmaktene uttrykk for korleis ein ønskjer å forme politikken på spesielle område i åra framover. Her uttrykkjer ein gjerne politiske målsetjingar og kva verkemiddel ein vil setje i verk får å nå desse.

St. meld. nr. 13 (1992-93) om FN konferansen om miljø og utvikling i Rio de Janeiro

St. prp. 56 (1992-93) Om samtykke til ratifisering av konvensjonen om biologisk mangfald

St. meld. nr. 31 (1992-93) Den regionale planleggingen og arealpolitikken

Miljøverndep. sitt rundskriv til kommunane (T-937) ”Tenke globalt - handle lokalt”

St. meld. nr. 58 (1996-97) Miljøvernpolitikk for en bærekraftig utvikling. Dugnad for framtida.

St. meld. nr. 8 (1999-2000) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand

St. meld. nr. 42 (2000-2001) Biologisk mangfald. Sektoransvar og samordning

AKTUELLE INTERNETTADRESSER

Miljøverndepartementet www.odin.dep.no/md Direktoratet for naturforvaltning www.naturforvaltning.no

Fylkesmannen www.fylkesmannen.no Miljøstatus i Norge www.miljostatus.no

Naturbasen www.dirnat.no/nbinnsyn Norsk Lavdatabase www.toyen.uio.no/botanisk/lav

Norsk Soppdatabase www.toyen.uio.no/botanisk/bot-mus/sopp/soppdb.htm Norges Sommerfugler www.toyen.uio.no/norlep

Norsk Soppforening www.nhm.uio.no/botanisk/nsf Norsk Botanisk Forening Vestlandsavd. www.uib.no/bot/nbfv

Norsk Botanisk Forening www.alun.uio.no/botanisk/nbf/index.htm Norsk Entomologisk Forening www.entomologi.no

(25)

Vedlegg:

Kart og faktaark

(26)

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

Grunngjeving for verdivurdering: Treet får verdi B (viktig) fordi slike tre er sjeldsynte i landskapet i dag, med eit reelt potensial for funn av sjeldne eller raudlista artar av

Undertype Andre viktige førekomstar (H00), Mudderbankar (E02), Fuktenger (D09) Verdi C - lokalt viktig Skildring av lokaliteten. Stor lokalitet som omfattar nesten heile aust-

Undertype Nordvendte berg (H00 - Andre viktige førekomstar) Verdi C - lokalt viktig Områdeskildring og grunngjeving for verdivurdering.. Klubben er eit lite nes med beitemark

I Stord kan vi òg finne meir gammal skog enn i Fitjar, og enkelte tre, særleg der ein kjem i litt høgde over havet, kan truleg vere opptil 300 år gamle (Figur 14). Men for

Undertype Andre viktige førekomstar (H00): Nordvendte berg Verdi C - lokalt viktig Områdeskildring og grunngjeving for verdivurdering.. Like ovanfor store Sleire går

Hovudnaturtype Kulturlandskap, Kyst og havstrand Areal 396 da Undertype Kystlynghei (D07), Strandeng og strandsump (G05) Verdi C - lokal verdi Områdeskildring og

Grunngjeving for verdisetting: Lokaliteten får verdi B (viktig) fordi han er liten, men har eit artsmangfald som omfattar ein raudlista sørleg-oseanisk moseart i kategori sårbar

Grunngjeving for verdivurdering: Lokaliteten får verdi B (viktig) på grunn av den skårar middels høgt til høgt på storleik, middels på potensiell førekomst av raudlisteartar og