• No results found

29.11.2018 EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende Nr. 79/443

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "29.11.2018 EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende Nr. 79/443"

Copied!
7
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

KOMMISJONSAVGJERD (EU) 2016/397 av 16. mars 2016

om endring av avgjerd 2014/312/EU om fastsetjing av miljøkriteria for tildeling av EU-miljømerket til måling og lakk til innandørs og utandørs bruk

[meld under nummeret K(2016) 1510](*)

EUROPAKOMMISJONEN HAR

med tilvising til traktaten om verkemåten til Den europeiske unionen,

med tilvising til europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 66/2010 av 25. november 2009 om EU-miljømerket(1), særleg artikkel 8 nr. 2,

etter samråd med Utvalet for miljømerking i Den europeiske unionen og ut frå desse synsmåtane:

1) Ved kommisjonsavgjerd 2014/312/EU(2) vart det fastsett miljøkriterium for tildeling av EU-miljømerket til måling og lakk til innandørs og utandørs bruk. Etter at avgjerd 2014/312/EU vart vedteken, har DPx Fine Chemicals Austria GmbH, LSR Associates Ltd og Novasol S.A. i fellesskap sendt inn ei registrering til Det europeiske kjemikaliebyrået i samsvar med europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1907/2006(3). Underlagsmaterialet for registreringa inneheldt reviderte sjølvklassifiseringar av adipinsyredihydrasid (ADH), som er eit viktig heftfremjande middel og tverrbindingsmiddel. Registreringa viste at ADH er sjølvklassifisert som farleg for vassmiljøet (kronisk giftig, kategori 2) med tilhøyrande faresetning H411 (giftig, med langtidsverknad, for liv i vatn). ADH finst i polymerdispersjonar, som ofte vert nytta i vassbaserte målings- og lakksamansetnader for å lengje levetida til produktet. Måling med lengd levetid har lågare samla miljøverknader gjennom livssyklusen sin fordi det ikkje er naudsynt å måle om att så ofte. I følgje tilgjengelege opplysningar finst det enno ingen alternativ på marknaden som er like verksame og effektive. Difor bør det gjevast unntak frå kriterium 5 i avgjerd 2014/312/EU for bruk av ADH i måling og lakk som er tildelt miljømerket, i tilfelle der det ikkje er teknisk mogleg å nytte alternative materiale fordi målingsproduktet ikkje ville gje forbrukaren den funksjonaliteten som krevst.

2) I tillegg har eit anna stoff, metanol, dei harmoniserte CLP-klassifiseringane akutt giftverknad (kategori 3) med tilhøyrande faresetning H301 (giftig ved svelging), H311 (giftig ved hudkontakt) og H331 (giftig ved innanding), og dessutan spesifikk giftverknad for visse målorgan ved enkelteksponering (kategori 1) med tilhøyrande faresetning H370 (fører til organskadar), og finst som reststoff i polymerdispersjonar som vert nytta i måling og lakk. Metanol kan oppstå som eit reaksjonsprodukt eller ei ureining frå ulike råstoff i polymerdispersjonar, og innhaldet av stoffet er avhengig av bindemiddelinnhaldet i målinga. Difor overstig innhaldet i mange tilfelle den noverande grenseverdien for reststoff som er fastsett i avgjerd 2014/312/EU. Desse råstoffa vert nytta til å gje målinga viktige eigenskapar, til dømes auka motstandsevne mot våtskrubbing, som er eit krav for å få tildelt EU-miljømerket. Vidare medverkar desse eigenskapane til å gjere målinga meir motstandsdyktig, noko som reduserer den samla miljøverknaden gjennom livssyklusen til målinga fordi det ikkje er naudsynt å måle om att så ofte. I følgje marknadsopplysningar som innehavarar av EU-miljø- merkelisensar har lagt fram, hindrar desse klassifiseringane av ADH og metanol for tida ei fornying av EU- miljømerkelisensen for mange typar måling og lakk som vart tildelte EU-miljømerket i medhald av kommisjonsvedtak 2009/543/EF(4) og kommisjonsvedtak 2009/544/EF(5). Det bør difor gjevast unntak frå kriterium 5 i avgjerd 2014/312/EU

(*) Denne unionsrettsakten, kunngjort i EUT L 73 av 18.3.2016, s. 100, er omhandlet i EØS-komiteens beslutning nr. 128/2016 av 3. juni 2016 om endring av EØS-avtalens vedlegg XX (Miljø), se EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende nr. 76 av 23.11.2017, s. 40.

(1) TEU L 27 av 30.1.2010, s. 1.

(2) Kommisjonsavgjerd 2014/312/EU av 28. mai 2014 om fastsetjing av miljøkriteria for tildeling av EU-miljømerket til måling og lakk til innandørs og utandørs bruk (TEU L 164 av 3.6.2014, s. 45).

(3) Europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1907/2006 av 18. desember 2006 om registrering, vurdering og godkjenning av samt begrensninger for kjemikalier (REACH), om opprettelse av et europeisk kjemikaliebyrå, om endring av direktiv 1999/45/EF og om oppheving av rådsforordning (EØF) nr. 793/93 og kommisjonsforordning (EF) nr. 1488/94 samt rådsdirektiv 76/769/EØF og kommisjonsdirektiv 91/155/EØF, 93/67/EØF, 93/105/EF og 2000/21/EF (TEU L 396 av 30.12.2006, s. 1).

(4) Kommisjonsvedtak 2009/543/EF av 13. august 2008 om fastsettelse av miljøkriterier for tildeling av fellesskapsmiljømerket til utendørs maling og lakk (TEU L 181 av 14.7.2009, s. 27).

(5) Kommisjonsvedtak 2009/544/EF av 13. august 2008 om fastsettelse av miljøkriterier for tildeling av fellesskapsmiljømerket til innendørs maling og lakk (TEU L 181 av 14.7.2009, s. 39).

2018/EØS/79/31

(2)

for bruk av metanol i måling og lakk som er tildelte miljømerket, i tilfelle der det ikkje er teknisk mogleg å byte ut funksjonelle råstoff som kan gje førekomst av metanol i produktet.

3) Etter at avgjerd 2014/312/EU vart vedteken, fekk 3-iodo-2-propynylbutylkarbamat (IPBC), eit viktig konserveringsmiddel til tørrfilm i måling og lakk til utandørs bruk, ei harmonisert CLP-klassifisering som farleg for vassmiljøet (akutt giftig, kategori 1) med den tilhøyrande faresetninga H400 (svært giftig for liv i vatn) og farleg for vassmiljøet (kronisk giftig, kategori 1) med den tilhøyrande faresetninga H410 (svært giftig, med langtidsverknad, for liv i vatn). Det nemnde konserveringsmiddelet vert nytta i produkt til utandørs bruk, særleg i fuktig klima, for å unngå mikrobiell vekst i produktet. Den grunnleggjande funksjonen til middelet og mangelen på stoff som det kan bytast ut med, var kjende då den nemnde avgjerda vart vedteken, så førekomsten av middelet i måling med EU-miljømerke vart difor godkjend gjennom eit unntak. Under den nye harmoniserte klassifiseringa vart sluttproduktet likevel klassifisert som farleg for vassmiljøet (kronisk giftig, kategori 3), med eit krav om merking med den tilhøyrande faresetninga H412 (skadeleg, med langtidsverknad, for liv i vatn) når IPBC er til stades i konsentrasjonar over 0,25 vektprosent. I medhald av avgjerd 2014/312/EU er det i dag ikkje lov til å klassifisere eit sluttprodukt som farleg for vassmiljøet, sjølv om IPBC kan nyttast i konsentrasjonar på opptil 0,65 %. For å gje høve til bruk av IPBC i målingsprodukt i den naudsynlege konsentrasjonen på opptil 0,65 % er det naudsynt å tillate at sluttproduktet vert merkt med H412.

4) Av omsyn til konsekvens og på grunnlag av definisjonen i nr. 20 i artikkel 2 i avgjerd 2014/312/EU der

«gjennomsiktig» og «halvgjennomsiktig» er synonym, bør teksta i kriterium 3 a) og den tilhøyrande tilvisinga i tabell 2 endrast.

5) I kriterium 5 og i punkt 1 a), b) og c) i tillegget til avgjerd 2014/312/EU er det fastsett avgrensingar på og reglar for bruken av konserveringsmiddel med tilvising til statusen deira i medhald av europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 528/2012(1), der det er fastsett ei ordning i Unionen for godkjenning av aktive stoff i visse typar biocidprodukt. For å sikre at desse restriksjonane og reglane er konsekvente og harmoniserte med forordning (EU) nr. 528/2012, bør følgjande aspekt i avgjerd 2014/312/EU gjerast klarare: a) Definisjonane av «konserveringsmiddel til bruk i emballasje»

og «konserveringsmiddel til tørrfilm» bør ha ei tilvising til artikkel 3 nr. 1 bokstav c) i forordning (EU) nr. 528/2012. b) Det bør klarleggjast at i nr. 1 i tillegget bør reglane og vilkåra for konserveringsmiddel til bruk i emballasje og i tørrfilm nyttast på aktive stoff som vert undersøkte med tanke på godkjenning eller er vortne godkjende for bruk i særskilde biocidprodukttypar, og som er underlagde godkjenningsvilkår. c) Tilvisinga til europaparlaments- og rådsdirektiv 98/8/EF(2) i nr. 1 i tillegget bør gå ut, ettersom dette direktivet no er vorte oppheva. d) I krava til kontroll som er fastsette i tillegg 1 a), b) og c), bør tilvisinga til artikkel 58 nr. 3 i forordning (EU) nr. 528/2012 gå ut fordi denne tilvisinga berre gjeld for særlege tilfelle.

6) Avgjerd 2014/312/EU bør difor endrast.

7) Dei tiltaka som er fastsette i denne avgjerda, er i samsvar med fråsegna frå det utvalet som er oppnemnt i medhald av artikkel 16 i forordning (EF) nr. 66/2010.

TEKE DENNE AVGJERDA:

Artikkel 1

I avgjerd 2014/312/EU vert det gjort følgjande endringar:

1) I artikkel 2 skal definisjonane av «konserveringsmiddel til bruk i emballasje» og «konserveringsmiddel til tørrfilm» i nr. 10 og 11 lyde:

«10) «konserveringsmiddel til bruk i emballasje» aktive stoff slik dei er definerte i artikkel 3 nr. 1 bokstav c) i europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 528/2012(*), som er meinte for bruk i produkttype 6 slik det er definert i vedlegg V til den nemnde forordninga. Dei vert særleg nytta til konservering av industriprodukt under lagring for å unngå mikrobiell nedbryting og lengje lagringstida, og til konservering av brekkfargar som skal tappast frå maskiner,

(1) Europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 528/2012 av 22. mai 2012 om tilgjengeliggjøring på markedet og bruk av biocidprodukter (TEU L 167 av 27.6.2012, s. 1).

(2) Europaparlaments- og rådsdirektiv 98/8/EF av 16. februar 1998 om markedsføring av biocidprodukter (TEF L 123 av 24.4.1998, s. 1).

(3)

11) «konserveringsmiddel til tørrfilm» aktive stoff slik dei er definerte i artikkel 3 nr. 1 bokstav c) i forordning (EU) nr. 528/2012, som er meinte for bruk i produkttype 7 slik det er definert vedlegg V til den nemnde forordninga, som særleg vert nytta til konservering av film eller dekke for å unngå mikrobiell nedbryting eller algevekst med sikte på å verne dei opphavlege overflateeigenskapane til materiale eller gjenstandar,

(*) Europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 528/2012 av 22. mai 2012 om tilgjengeliggjøring på markedet og bruk av biocidprodukter (TEU L 167 av 27.6.2012, s. 1).»

2) Vedlegget vert endra slik det er fastsett i vedlegget til denne avgjerda.

Artikkel 2 Denne avgjerda er retta til medlemsstatane.

Utferda i Brussel 16. mars 2016.

For Kommisjonen Karmenu VELLA Medlem av Kommisjonen _____

(4)

VEDLEGG

I vedlegget til avgjerd 2014/312/EU vert det gjort følgjande endringar:

1) I kriterium 3 a) «Spreieevne» skal femte leddet lyde: «Ugjennomsiktig grunning og mellomstrøksmåling skal ha ei spreieevne på minst 8 m2 per liter av produktet. Ugjennomsiktig grunning med særskilde blokkerande/forseglande, gjennomtrengande/bindande eigenskapar og grunning med særlege hefteeigenskapar skal ha ei spreieevne på minst 6 m2 per liter av produktet.»

2) I kriterium 3 (Brukseffektivitet) i tabell 2, åttande og niande kolonne om «Grunning (g)» og «Mellomstrøksmåling og grunning (h)», vert teksta «6 m2/l (utan opasitet)» bytt ut med følgjande tekst i begge kolonnane: «6 m2/l (utan særskilde eigenskapar)».

3) I tillegget vert det gjort følgjande endringar:

a) I lista over avgrensingar og unntak for farlege stoff skal posten «1. Konserveringsmiddel som er tilsette i fargestoff, bindemiddel og sluttproduktet» punkt i) «Føresegner om godkjenning av biocid» lyde:

«i) Føresegner om godkjenning av konserveringsmiddel

Målingssamansetnaden skal berre innehalde aktive stoff (slik det er definert i artikkel 3 nr. 1 bokstav c) i forordning (EU) nr. 528/2012) som oppfyller krava i punkt 1 a)–c) (alt etter kva som høver), og som er godkjende i samsvar med artikkel 9 nr. 2 i forordning (EU) nr. 528/2012 for bruk i produkttype 6 når det gjeld punkt 1a) og 1 b) eller i produkttype 7 når det gjeld punkt 1 c), eller som er oppførte i vedlegg I til den nemnde forordninga.

Vurderingsrapporten skal òg innehalde ei risikovurdering med omsyn til yrkesbruk og/eller privat bruk. Søkjararar bør nytte den nyaste EU-lista over godkjende aktive stoff(*) og vedlegg I til den nemnde forordninga.

Målingssamansetnadene kan innehalde konserveringsmiddel som det er sendt inn dokumentasjon for, og som vert undersøkte for å verte godkjende i overgangsperioden fram til det vert teke ei positiv avgjerd om å godkjenne det aktive stoffet eller føre det opp i vedlegg I til den nemnde forordninga.

(*) ECHA, Biocidal active substances — list of approved active substances, http://www.echa.europa.eu/web/guest/

information-on-chemicals/biocidal-active-substances.»

b) I lista over avgrensingar og unntak for farlege stoff nr. 1 skal punkt a) «Konserveringsmiddel til bruk i emballasje» og punkt 1 b) «Konserveringsmiddel (til fargestoff) i fargebrekkingsmaskiner» lyde:

«a) Konserverings- middel til bruk i emballasje Bruk:

Alle produkt med mindre noko anna er fastsett

Konserveringsmiddel til bruk i emballasje som har følgjande fareklassifiseringar som det er gjeve unntak for, kan nyttast i miljømerkte produkt:

Klassifiseringar som det er gjeve unntak for: H331 (R23), H400 (R50), H410 (R50/53), H411 (R51/53), H412 (R52/53), H317 (R43)

Konserveringsmiddel til bruk i emballasje som har desse fareklassifiseringane som det er gjeve unntak for, skal òg oppfylle følgjande vilkår for unntak:

— Den samla konsentrasjonen skal ikkje overstige 0,060 vektprosent

Konserverings- middel til bruk i emballasje Samla innhald i sluttproduktet:

0,060 vektprosent

Kontroll:

Fråsegn frå søkjaren og leverandøren hans av bindemiddel, saman med CAS-nummer og klassifiseringar for det aktive stoffet i sluttproduktet og bindemiddelet.

Fråsegna skal omfatte søkjaren si utrekning av konsentrasjonen av det aktive stoffet i sluttproduktet.

Det skal gjevast opplysningar om alle framstilte aktive stoff der minst 50 % av partiklane i den talmessige storleiks- fordelinga har eitt eller fleire ytre mål i storleiksintervallet 1-100 nm.

(5)

— Stoff som er klassifiserte med H400 (R50) og/eller H410 (R50/53), skal ikkje vere bioakkumulerande. Stoff som ikkje er bioakkumulerande, skal ha ein log Kow ≤ 3,2 eller ein biokonsentrasjonsfaktor (BCF) ≤ 100.

— For dei stoffa som er godkjende for bruk eller er oppførte i vedlegg I til forordning (EU) nr. 528/2012, skal det leggjast fram prov på at vilkåra for godkjenning av målingsproduktet er oppfylte.

— Dersom det vert nytta konserve- ringsmiddel som gjev frå seg formaldehyd, skal formaldehyd- innhaldet og -utsleppa frå sluttproduk- tet oppfylle avgrensingskrava i nr. 7 a).

For følgjande konserveringsmiddel gjeld det særlege konsentrasjonsgrenser:

i) Sinkpyrition

ii) N-(3-aminopropyl)-N-dodecyl- propan-1, 3-diamin

Konsentrasjons- grense 0,050 % 0,050 %

b) Konserverings- middel (til fargestoff) i fargebrekkings- maskiner

Dei fareklassifiseringane som det er gjeve unntak for, og vilkåra for unntak som er oppførte i nr. 1 a), skal òg gjelde for konserveringsmiddel som vert nytta til å verne brekkfargar som vert lagra i maskiner før dei vert blanda med målingsbasar.

Konserveringsmiddel som vert tilsette for å verne brekkfargar som skal tappast frå maskiner, skal ikkje overstige eit samla innhald på 0,20 vektprosent.

For følgjande konserveringsmiddel gjeld det særlege konsentrasjonsgrenser for kor stor del dei kan utgjere av det samla innhaldet av konserveringsmiddel i fargestoffet:

Samla innhald av konserverings- middel i fargestoffet:

0,20 vektprosent

Kontroll:

Fråsegn frå søkjaren og/eller leverandøren hans, saman med CAS-nummer og klassifiseringar for det aktive stoffet i sluttproduktet og bindemiddelet.

Fråsegna skal omfatte søkjaren si utrekning av konsentrasjonen av det aktive stoffet i sluttproduktet.

Det skal gjevast opplysningar om alle framstilte aktive stoff der minst 50 % av partiklane i den talmessige storleiks- fordelinga har eitt eller fleire ytre mål i storleiksintervallet 1-100 nm.»

i) 3-iodo-2-propynylbutylkarbamat (IPBC)

ii) Sinkpyrition

iii) N-(3-aminopropyl)-N-dodecylpropan- 1, 3-diamin

0,10 % 0,050 % 0,050 %»

(6)

c) I lista over avgrensingar og unntak for farlege stoff skal posten «1c) Konserveringsmiddel til tørrfilm» lyde:

«c) Konserverings- middel til tørrfilm Bruk:

Måling til utandørs bruk, måling til innandørs bruk til særskilde bruksområde

Konserveringsmiddel til tørrfilm og stabilisatorane deira som har følgjande fareklassifiseringar som det er gjeve unntak for, kan nyttast i alle produkt til utandørs bruk, men berre i særskilde produkt til innandørs bruk:

Klassifiseringar med unntak: H400 (R50), H410 (R50/53), H411 (R51/53), H412 (R52/53), H317 (R43)

Konserveringsmiddel til tørrfilm som har desse fareklassifiseringane som det er gjeve unntak for, må òg oppfylle følgjande vilkår for unntak:

— Den samla konsentrasjonen skal ikkje overstige 0,10 vektprosent eller 0,30 vektprosent (alt etter kva som høver).

— Stoff som er klassifiserte med H400 (R50) og/eller H410 (R50/53), skal ikkje vere bioakkumulerande. Stoff som ikkje er bioakkumulerande, skal ha ein log Kow ≤ 3,2 eller ein biokonsentrasjonsfaktor (BCF) ≤ 100.

— For dei stoffa som er godkjende for bruk eller er oppførte i vedlegg I til forordning (EU) nr. 528/2012, skal det leggjast fram prov på at vilkåra for godkjenning av målingsproduktet er oppfylte.

Eit høgare samla innhald og eit unntak frå krava i kriterium 5 a) som gjer at slutt- produktet kan klassifiserast som farleg for vassmiljøet (kronisk giftig, kategori 3) og tildelast faresetninga H412, gjeld for bruken av følgjande konserveringsmiddel til tørrfilm, men berre for særskilde bruksområde:

Konserverings- middel til tørrfilm Samla innhald i sluttproduktet:

Måling til innandørs bruk i område med svært høg luftfukt, medrekna kjøkken og baderom 0,10 vektprosent All bruk av måling til utandørs bruk 0,30 vektprosent

Kontroll:

Fråsegn frå søkjaren og leverandøren hans av bindemiddel, saman med CAS-nummer og klassifiseringar for dei aktive stoffa i sluttproduktet og bindemiddelet.

Fråsegna skal omfatte søkjaren si utrekning av konsentrasjonen av det aktive stoffet i sluttproduktet.

Det skal gjevast opplysningar om alle framstilte aktive stoff der minst 50 % av partiklane i den talmessige storleiks- fordelinga har eitt eller fleire ytre mål i storleiksintervallet 1-100 nm.»

Kombinasjonar som inneheld 3-iodo-2- propynylbutylkarbamat (IPBC)

Måling og lakk til utandørs bruk

Samla innhald i måling til utandørs bruk

For kombinasjonar som inneheld IPBC:

0,650 % For følgjande konserveringsmiddel gjeld

det særlege konsentrasjonsgrenser:

Sinkpyrition 0,050 %

(7)

d) I lista over avgrensingar og unntak for farlege stoff skal ny post «8. Stoff i bindemiddel og polymerdispersjonar» lyde:

«8. Stoff i bindemiddel og polymerdispersjonar a) Bindemiddel og

tverrbindings- middel Bruk:

— Utandørs utsmykking/

kledning

— Dekorasjon, vern og over- flatehandsaming av tre

— Overflate- handsaming av metall

— Overflate- handsaming av golv

— Høgglansover- flatehandsaming

— Arkitektonisk og dekorativ over- flatehandsaming

Adipinsyredihydrasid (ADH) nytta som heftfremjande middel eller tverrbindings- middel

1,0 vektprosent Kontroll:

Søkjaren og råstoffleverandørane hans skal leggje fram ei fråsegn som er underbygd av utrekningar eller av ein analytisk prøvings- rapport.

b) Reaksjonsprodukt og restar

Bruk:

Produkt med polymerbindemiddel

Førekomsten av metanolrestar vert avgrensa i høve til innhaldet av bindemiddel i sluttproduktet.

Kontroll:

Søkjaren og råstoffleverandørane hans skal leggje fram ei fråsegn som er underbygd av utrekningar eller av ein analytisk prøvings- rapport.»

— meir enn 10 % og opptil 20 % bindemiddel i sluttproduktet

— meir enn 20 % og opptil 40 % bindemiddel i sluttproduktet

— meir enn 40 % bindemiddel i sluttproduktet

0,02 vektprosent 0,03 vektprosent 0,05 vektprosent

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

desember 2019 om endring av EØS-avtalens vedlegg IX (Finansielle tjenester), se EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende nr.. 4) Dersom et

mars 2018 om endring av EØS-avtalens vedlegg XX (Miljø), se EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende nr.. 5) For å få sertifisert CO 2 -utslippsreduksjonen som oppnås

april 2016 om endring av EØS-avtalens vedlegg II (Tekniske forskrifter, standarder, prøving og sertifisering), se EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende

november 2013 om endring av EØS-avtalens vedlegg II (Tekniske forskrifter, standarder, prøving og sertifisering), se EØS- tillegget til Den europeiske unions tidende

juli 2016 om endring av EØS-avtalens vedlegg II (Tekniske forskrifter, standarder, prøving og sertifisering), se EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende

juli 2016 om endring av EØS-avtalens vedlegg II (Tekniske forskrifter, standarder, prøving og sertifisering), se EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende

juli 2016 om endring av EØS-avtalens vedlegg II (Tekniske forskrifter, standarder, prøving og sertifisering), se EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende

november 2003 om endring av EØS-avtalens vedlegg XIII (Transport), se EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende nr.. 10) Det finnes for øyeblikket ingen