Nord-Fron kommune
Politisk sak
Høyring - ny forskrift om forvaltning av bever
Utval Saksnr Møtedato Saksbehandlar
Utval for landbruks-, utmarks- og miljøsaker
005/15 12.01.2015 Geir Johan Groven
Saksansvarleg Arkiv Arkivsaknr. 14/1932
Geir Johan Groven , , &13 Journalpost 14/19822
Vedlegg:
1. Høyringsnotat frå Miljødirektoratet, Forskrift om forvaltning av bever, med kommentarar
Oppsummering av saka:
Miljødirektoratet (MD) har sendt på høyring forslag til ny forskrift om forvaltning av bever. Den nye forskrifta vil gjelde frå og med jaktsesongen 2015/16. MD ønskjer å gjere administreringa av beverjakta enklare. Tanken er at jegerane, med grunneigars løyve, kan jakte bever etter same prinsipp som ved anna småviltjakt. Kommunen skal likevel behalde jaktopningsmyndigheita, utarbeide mål for berekraftig forvaltning av arten i kommunen og fastsette ei jakttid innafor den nasjonale jakttidsramma som gir rom for uttak som er i tråd med det fastsette målet.
Rådmannsleiinga støttar ikkje høyringsforslaget til ny forskrift om forvaltning av bever, då ein meiner det faglege grunnlaget er for svakt og for dårleg grunngjeve, og dei alternative forvaltningsformane er ikkje drøfta. Vidare meiner rådmannsleiinga at høyringsforslaget vil gje dårlegare oversikt over bestandssituasjonen av bever enn i dag, og også kunne vere i strid med naturmangfaldlovas krav til berekraftig hausting av eit naturleg overskot. Rådmannsleiinga tilrår ei vidareføring av dagens ordning med tildeling av kvote utifrå minsteareal (les: teljande vasslengde).
Bakgrunn for saka:
MD har sendt på høyring forslag til ny forskrift om forvaltning av bever. Den nye forskrifta vil gjelde frå og med jaktsesongen 2015/16, og erstattar gjeldande Forskrift av 22.03.2002 nr. 314 om forvaltning av hjortevilt og bever. Gjeldande forskrift
omhandlar i dag bare bever, då hjorteviltet er regulert i ny Forskrift av 10.02.2012 nr.
134 om forvaltning av hjortevilt.
MD har som mål å gjere administreringa av beverjakta enklare. Det blir lagt opp til at den enkelte kommune fastset eit mål for berekraftig forvaltning av arten i kommunen, og at kommunen deretter fastset ei jakttid som gir rom for uttak som er i tråd med det fastsette målet. Målet skal vere i samsvar med forvaltningsmålet for artar i
naturmangfaldlova § 5, og det kan bare opnast for jakt og fangst når arten produserer eit haustingsverdig overskot, jf. naturmangfaldlova § 16.
Innafor desse rammene gis det moglegheit til jakt med grunneigars løyve, etter same prinsipp som ved anna småviltjakt. Dagens ordning med fellingsløyve, teljande
vasslengde og organisering av vald avviklast. Felt bever skal rapporterast gjennom jegerregisteret på same måte som anna felt småvilt, jf. viltlova § 50.
Link til Forskrift av 22.03.2002 nr. 314 om forvaltning av hjortevilt og bever:
https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2002-03-22-314?q=bever
Link til Lov av 19.06.2009 om forvaltning av naturens mangfold:
https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2009-06-19-100?q=natur
Rådmannsleiinga si vurdering:
Dagens forvaltning av bever skjer ved tildeling av kvote til godkjente jaktvald, med bakgrunn i fastsett minsteareal (les: teljande vasslengde) for arten. Tildeling av kvote basert på minsteareal tilpassa lokale forhold gir god styring med uttak av dyr. Lokal tilpassing skjer i tett samarbeid med jaktrettshavarane, og årleg fellingsrapport gir god oversikt over felte dyr i forhold til tildelt kvote.
MD har som mål å gjere administreringa av beverjakta enklare. Tanken er at
jegerane, med grunneigars løyve, kan jakte bever etter same prinsipp som ved anna småviltjakt. Kommunen skal likevel behalde jaktopningsmyndigheita, utarbeide mål for berekraftig forvaltning av arten i kommunen og fastsette ei jakttid innafor den nasjonale jakttidsramma som gir rom for uttak som er i tråd med det fastsette målet.
Det blir lagt opp til fri avskyting av bever med grunneigars løyve innafor godkjent jakttidsramme. Det er å anta at dette vil gje stadvis kraftig nedgang i bestanden, då enkelte grunneigarar vil ønskje arten vekk frå sin eigedom. Beveren er grunna sin lokalisering, sosiale organisering og seine reproduksjon sårbar for overbeskatning.
Rådmannsleiinga meiner at høyringsforslaget vil gje dårlegare oversikt over bestandssituasjonen av bever enn i dag, og også kunne vere i strid med
naturmangfaldlovas krav til berekraftig hausting av eit naturleg overskot. Det er altså vektige argument som talar mot høyringsforslaget, og det er rart om MD når det gjeld forvaltning av bever bare skal vektlegge at «administrasjonen skal bli enklare».
Jf. § 3 i høyringsforslaget kan kommunen gjennom utarbeiding av eigen forskrift til ei kvar tid stenge tilgangen til jakt og fangst av bever i heile eller delar av kommunen for å ivareta målsettinga for bestandsutviklinga for bever. I forhold til å stenge tilgangen til jakt og fangst må det ligge eit styringsverktøy til grunn som seier noko konkret om beverbestanden, talet på beverkoloniar og anbefalt uttak over tid, og så må dette igjen haldast opp mot faktisk uttak/kor uttaket har skjedd. Sidan det ikkje lenger skal vere godkjente vald, minsteareal (les. teljande vasslengde) eller tildeling av
fellingsløyve, må dette nødvendigvis bli lite presis forvaltning.
Rådmannsleiinga vil presisere svakheita i høyringsforslaget knytt til å ha nødvendig kontroll for å kunne stoppe jakta når nedre grense i målsettinga for
bestandsutviklinga potensielt er nådd. I det heile tatt meiner rådmannsleiinga at det faglege grunnlaget for høyringsforslaget er for svakt og for dårleg grunngjeve, og dei alternative forvaltningsformane er ikkje drøfta. Det er heller ikkje lagt fram evaluering av dagens regelverk og praktiseringa av dette.
Avslutningsvis tilrår rådmannsleiinga ei vidareføring av dagens ordning med tildeling av kvote utifrå minsteareal (les: teljande vasslengde).
Administrasjonssjefen legg saka fram for utval for landbruks-, utmarks- miljøsaker med slik
Innstilling:
1. Utval for landbruks-, utmarks- miljøsaker støttar ikkje høyringsforslaget til ny forskrift om forvaltning av bever, då ein meiner det faglege grunnlaget er for svakt og for dårleg grunngjeve, og dei alternative forvaltningsformane er ikkje drøfta.
2. Utvalet meiner at høyringsforslaget vil gje dårlegare oversikt over
bestandssituasjonen av bever enn i dag, og også kunne vere i strid med naturmangfaldlovas krav til berekraftig hausting av eit naturleg overskot.
3. Utvalet tilrår ei vidareføring av dagens ordning med tildeling av kvote utifrå minsteareal (les: teljande vasslengde).
Administrasjonssjefen i Nord-Fron Arne Sandbu
LUM-005/15 12.01.2015 Behandling:
Skogbrukssjefen orienterte om saka.
LUM-005/15 12.01.2015 Vedtak:
Samrøystes som innstillinga.