• No results found

Kjære student, professor, LIS-lege eller overlege1667

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Kjære student, professor, LIS-lege eller overlege1667"

Copied!
1
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

Tidsskr Nor Legeforen nr. 15, 2013; 133 1667 AKTUELT I FORENINGEN

Kjære student,

professor, LIS-lege eller overlege

1667

Student! Ikkje tenk på det du skulle ha lest. Overlege! Ikkje tenk på budsjettet som ikkje går opp. LIS-lege! Ikkje tenk på vikariatet som går ut neste veke.

Nå skal du lese dette, så kan du gruble etterpå.

Kanskje får du ikkje omgjort fakultet som vil innføre karakterar – så lag gode miljø på studiet. Miljø der fellesskap og god læring gjer at alle får gode karakterar. Kanskje du arbeider på sjukehus, kjenner deg litt lei av å ha gått i midlertidig stilling i 10 år og fram- leis ikkje ser den faste stillinga lokke i hori- sonten. Vel, kan du ikkje lage ein sosial kveld med gravøl nokre gonger i månaden, da? Så kan dykk bruke det til noko positivt.

Vikar-øl! Bruk kontrakten som øl-brikke viss det hjelper.

Du som har ansvar for alle på avdelinga, når gjorde dykk sist noko hyggeleg saman?

Før alle sprang ut frå avdelinga? Set av ti ob- ligatoriske minutt på morgonmøte, mellom pasientcasene. Der nokon skal underhalde – skrive eit kåseri, eit dikt, ein fyllehistorie, synge ein trall – noko artig. Som får folk til å le. Får folk til å kose seg på jobb saman med kollegaene sine. Så kan dykk kanskje bli litt betre kjent, også under overflaten av den kvite frakken.

Me har alle ansvar for å skape den verda me vil ha. Dei omgivnadane me ynskjer å vere i, og dermed påverke dei rundt oss på best mogleg vis. Fyrst då, kan kanskje gleda av å arbeide i helsevesenet kome fram. Fel- lesskap og vennskap der folk spelar på lag – ikkje kjempar mot kvarandre i kampen for meir fri, meir peng og betre stilling.

Me må kanskje byrje å tenke ein til ein.

Ignorere politikarar, forskrifter, tentative kroner og utopiske verder, så kan me kan- skje skape eit fellesskap som i seg sjølv vil medføre den endringa mange så sårt ynskjer.

Pasienten får det ikkje betre før dei som arbeider i helsevesenet får det betre. Og det skjer ikkje ved meir ressursar – det skjer ved å endre tankegangen din og min. Komplisera problem har ofte enkle løysingar, som saman endrar biletet.

Ikkje ver som dei andre, gjer noko posi- tivt, så vil systemet me arbeider i og nyttar mesteparten av livet i – det vil bli hygge- legare. Det vil gjere at folk presterar betre og senkar skuldrane.

Legg frå deg mobilen av og til. Sjå på folka rundt deg. Få nokon til å le. Ta ei god matpause. Pasientar vil også ha blide legar.

Livet skal vere gøy. Eksamenar kjem og gjeng. Du kan gløyme dei, stryke på dei, gjere det bra og dårleg, men i det store spelet er dei ikkje meir verdt enn ein drope i havet.

Livet er vel eigentleg samspelet med andre menneske – ikkje med datamaskina føre deg, herr og fru doktor.

Lykke til med livet. Gjer det beste ut av det, enten du er 21 eller 61.

PS: Nå kan du gruble igjen, viss du abso- lutt vil.

Bjørg Bakke

bakkebjorg@gmail.com Norsk medisinstudentforening

erfor er jeg lege...

Blir en fantastisk opplevelse å bli lege

1667

Jeg studerer medisin ved Semmelweiss universitet i Budapest og er 29 år gammel.

Jeg begynte å studere medisin først etter at jeg hadde avsluttet en bachelor i idretts- og bevegelsesvitenskap ved NTNU i Trondheim og startet på ernæ- ringsstudiet på UiO. Det var under prak- sistjenesten i ernæringsstudiet jeg fikk lysten til å studere medisin.

Ernæring er et fagfelt jeg absolutt så nytteverdien av for pasientene, men det var vanskelig å få gjennomslag for syns- punktene på sykehuset. Jeg observerte at det ofte var legene som i stor grad styrte behandlingsforløpet. Hvis forebyggende medisin skal vektlegges mer, vil jeg ha større mulighet til å gjøre det som lege.

Derfor valgte jeg medisin, for å kunne påvirke behandlingen pasientene tilbys i forebyggende retning.

Norsk medisinstudentforening tar tid i min hverdag, siden jeg ble aktiv i forenin- gen i 2010. Jeg var tillitsvalgt allerede da jeg studerte idrett og ble vel som andre bitt av basillen. Jeg har arbeidet i lokallaget i Utland i ett år. I 2012 fikk jeg gleden av å jobbe med turnussaken i nasjonalt styre og det var et veldig hendelsesrikt år. Jeg følte at vi fikk gjort noe nyttig arbeid med den.

Når det gjelder studiene, så har jeg så vidt dyppet tærne i klinisk arbeid. Jeg ser virkelig frem til og gleder meg til hos- pitering både i Norge og i Ungarn.

Turnustjenesten i seg selv ser jeg og veldig frem til.

Grunnen til at de fleste begynner å stu- dere medisin er ønsket om å jobbe for mennesker og med mennesker. Selv gleder jeg meg til endelig etter avsluttet eksamen, å få anledning til å utfolde meg som lege, og det kan ikke bli noe annet enn en fantastisk opplevelse!

Se videointervju her:

legeforeningen.no/derfor

Kristian Hamandsen Semmelweiss universitet Bjørg Bakke har vært leder av Norsk

medisinstudentforening fra 2012.

Les også intervju med henne i Tidsskriftet nr. 19/2012:

http://tidsskriftet.no/article/2888987/

Bjørg Bakke er leder i Norsk medisinstudentforening.

Foto Lise B. Johannessen

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

Fleire uttalar at dei opplever at dei nå lærer elevane betre å kjenna, også på det meir personlege planet: - Vi er nok blitt mykje meir opptatt av kvar enkelt elev, av å sjå

Vi hadde sett føre oss at dei kanskje brukte modellane enda meir ute på anlegget, men fekk tilbakemeldingar på korleis det fungerte så langt, og kva som kunne bli betre. 3D

For at ein regissør skal kunne formidle den kunstnariske visjonen sin i arbeidet med eit spel må han/ho vere budd på ein del utfordringar som ein ikkje naudsynt finn i

Borgarar frå rurale strøk har derimot gjerne blitt kjenneteikna av å vere meir konservative enn folk frå urbane områder og dermed meir opptatt av dei tradisjonelle

Når alle LIS leger på sykehus nå skal inn i faste stillinger må vi samtidig tenke på hvordan vi dimensjonerer antall stillinger i forhold til at fastleger også må ha et år

Ikkje berre har brukarane blitt meir ulike kvarandre, med vidare interesser og idear om kva utmarka er og kva den skal vere, men bruken har også teke fleire og andre former

Svaret eg fekk var: ”Ej må berre drille det inn”. Det hadde kanskje vore meir naturleg å skrive litt ”forklaringar til meg sjølv om emnet” inn i elevboka og

Og dei som ligg litt høgt oppe, hadde eg kanskje-- Dei som kanskje interesserer seg litt og sånn, dei hadde eg kanskje gitt nokre meir avanserte tekstar, kopiert noko, eller--