• No results found

Pages from s626516_20080224_BTT_A12_4.pdf (131.5Kb)

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Pages from s626516_20080224_BTT_A12_4.pdf (131.5Kb)"

Copied!
1
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

12 nyheter

BERGENS TIDENDE SØNDAG 24. FEBRUAR 2008

Ein 20 meter høg isvegg reiser seg frå eit juv på Indre Hafslo. To damer heng midt i den. Brått mistar den eine taket.

OLE RAMSHUS SÆLTHUN ØYSTEIN TORHEIM (foto) [email protected]

Tauet strammar seg, og Hanne Plesner (44) heng trygt om lag ti meter over bakken. Nede står Jonatan Rosengren (28) med den andre enden av tauet rundt livet.

Isøksene heng att like under top- pen av veggen.

– No må du vera veldig forsiktig når du kjem opp att, for den eine isøksa sit svært laust, ropar tinde- rettleiar Roger Vigdal.

Sikker is

Me er på Fjellsportfestivalen i Sogndal og omegn. «Bratt moro»

er slagordet. Det brattaste og glattaste på programmet er isklatringskurs.

– Eg kom opp ein gong, men

seinare har det berre vorte halv- vegs, seier Plesner, trygt nede på grunnen att.

I lufta er det plussgrader og regn. Isen i mange av fossane rundt om har byrja å smelte. Men veggen det vert klatra i på festi- valen er eit tilfrose, nordvendt vasstilsig nede i eit kaldt juv. Den er såleis trygg, forsikrar tinderett- leiar Vigdal.

– Før det vart klatra i den gjekk me over og sparka vekk all laus is, fortel han.

Skumlare enn i vegg

Plesner festar tauet rundt livet og er klar for eit nytt forsøk. I den andre delen av isveggen skal Lene Sjøbakk (23) prøve å nå toppen.

– Vert de slitne i armane, set de den eine øksa i isen, held fast i den andre, og ristar laus i handa de har fri, seier Vigdal.

Underarmane får den verste trøkken. Men dette er sterke damer med lette kroppar, og nokre minuttar seinare er begge i toppen av veggen.

– Det var herleg, bryt Plesner ut.

– Du hadde fi n fl yt oppover no, seier Rosengren.

– Eg skjønte endeleg korleis eg skulle ta pause. Men heilt oppe var det litt skummelt. For då eg sette øksa i, vart eit digert felt heilt kvitt og heldt på å losna.

Plesner kjem frå Larvik og har med mann og born på festivalen, men i isveggen er ho aleine.

– Dette såg spennande ut. Og noko må jo mor ha for seg sjølv, seier Plesner. Òg for Sjøbakk er dette debuten som isklatrar.

– Eg byrja med klatring i vegg i haust, men dette er veldig ann- leis. Det er skumlare og naturleg- vis glattare, men samstundes har

ein godt tak med begge beina og armane. Ho er frå Bergen, men går siste året på økonomi ved Høgskulen i Sogndal.

– Til alle friluftsinteresserte bergensstudentar vil eg seia at Sogndal er staden der ein fi nn den rette naturen.

SOM SPIKRA: Sjølv om det ikkje er mange millimetrane av stegjerna som sit fast i isen, står Jonatan Rosengren støtt så fotografen er rimeleg trygg.

GLAPP: Hanne Plesner (44) (t.v.) glepp taket nesten på toppen av isveggen så øksene heng att. Lene Sjøbakk er på god veg opp, og vert sikra av Birgitte Kalland.

Jenter med is i magen

Fjellsportfestivalen

fakta

■ Arrangert for fyrste gong i Sogndal og omegn denne veka.

■ Kurs i jibbing (hopp og railing på ski), isklatring, inneklatring, skredredning og skredkurs. Guida topp- turar og skikonkurransar.

Fjellfi lmframsyning, fjell- sportseminar, afterski og barneaktivitetar.

■ 300 førehandsbestilte festivalpass, anslagsvis over 1000 innom i løpet av festivalen.

Verdens fi skebestander risik- erer å kollapse de nærmeste tiårene på grunn av global op- pvarming, forurensning og overfi ske, advarer FN-ekspert- er. Norsk ekspertise er uenig.

MÅLFRID BORDVIK OG NTB [email protected]

– Legger man dette sammen, har man muligens satt spikeren i kis- ten til verdens fi skerinæring, sier Achim Steiner, leder for FNs mil- jøprogram (UNEP).

I en ny rapport drøfter orga- nisasjonen hvilken virkning klimaendringene har på fi ske- bestandene. Et av problemene er

at global oppvarming forstyrrer sirkulasjonen i havet som bringer næringsstoffer til områder med mye fi sk.

– Dersom denne mekanismen stopper, risikerer vi en kollaps i store fi skebanker, advarer for- sker Christian Nellmann, som har vært med på å utarbeide

rapporten. – Dette er typisk skremselspropaganda, sier Einar Svendsen, forskningsdirektør ved Havforskningsinstituttet i Bergen.

Han går hardt ut mot FN-rap- porten, og avviser at klima- endringene betyr en krise for fi skerinæringen.

– Våre marine økosystemer vil klare seg til tross for oppvarming og klimaendringer. Det blir ikke noen krise for livet i havet, sier Svendsen.

Forskningsdirektøren mener tvert imot at Norge vil tjene på global oppvarming, bare vi klarer å omstille oss raskt nok.

FNs miljøeksperter mener fiskebestander kan bryte sammen

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

liowever, not si.iitc(I lo ;i c1c~l:iiletl slalis(ical analysis. Variation in prey wilh fish size.. The size of food items in diflerent size groups OS fish is shown in

The fourth experiment was similar to the third one, except that the fish were offered red, green and natural pieces of shnmp in the first part of the experiment, and red,

Three- Black Pipe- Butter Sea- spined goby fish fish stickl.. Cod Whiting Sand eel

The trammel-net fishery showed that beach seine indices of O-group l cod may be used as predictors of year-class strength, even in exposed.. l

abundance. but no consistent trend over the period studied. There was a slight positive correlation between O-group abundance of cod and pollack. Whiting showed no

Length ranges (vertical line) and mean lengths (horizontal bars) of various prey items found in the stomachs of different myctophld specles. Relationship between mean

Rosenberg and Haugen (1982) have examined otoliths from turbot larvae in the present basin study and back caiculated individual growth trajectories.. They verified that

Preliminary results from tagging and release of artificially reared O-group coastal cod (Gadus rnorhua L.) in western Norway. Results of investigations of migration pattern