• No results found

Høgskolen i Telemark Fakultet for allmennvitenskapelige fag

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Høgskolen i Telemark Fakultet for allmennvitenskapelige fag"

Copied!
5
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

Høgskolen i Telemark

Fakultet for allmennvitenskapelige fag

SLUTTPRØVE

2111 GRAMMATIKK OG PRAGMATIKK

og 2119 GRAMMATIKK OG PRAGMATIKK, nett- og samlingsbasert 07.05.2014

Tid: 5 timar

Målform: Nynorsk

Sidetall: 5 (inkludert denne) Hjelpemiddel: Ingen

Merknader: Oppgåvesettet består av to delar: A, som tel 2/3, og B, som tel 1/3. På oppgåve A skal du svare på alle spørsmåla. På

oppgåve B vel du eitt spørsmål under kvar deloppgåve.

Du må få ståkarakter både på oppgåve A og på begge deloppgåvene under B for å få samla ståkarakter på sluttprøva.

Vedlegg: 2 tekstar: Mye styr for ingenting

Døm arbeidet, ikke personen

Sensuren finn du på StudentWeb.

(2)

Oppgåve A – grammatikk (tel 2/3)

Svar på alle oppgåvene 1. Setningsanalyse

Analyser begge dei to setningane ved hjelp av både setningsskjema-analyse og form og funksjons-analyse (treanalyse).

Den vesle jenta fortalde meg at mor hennar ikkje kunne komme i dag.

Når du kjem heim etter jobb, må du hugse å lese den boka eg gav deg.

2. Definisjon av subjektet

Gje både ein semantisk og ein syntaktisk definisjon av setningsleddet subjekt. Kva kjenneteiknar ein semantisk og ein syntaktisk definisjon?

3. Grammatiske kategoriar og trekk

Kva for grammatiske kategoriar og trekk har me i norsk, og kva for kategoriar og trekk er representert i dei understreka orda?

ein liten mann den største boka Han gav henne ei bok.

alle bøkene Eg syklar til jobb.

4. Ordstruktur

Forklar forskjellen på bøying, avleiing og samansetting. Bruk gjerne orda under som døme på forklaringa di.

vennskap uvenn vennene vennegjeng vennskapsbanda

(3)

Oppgåve B – pragmatikk og norsk som andrespråk (tel 1/3)

Pragmatikk

Vel ei av desse oppgåvene slik at du skriv om anten tekstur eller argumentasjon!

Tekstvedlegg: "Døm arbeidet, ikke personen"

Anten Tekstur:

Forklar omgrepa "koherens", "kohesjon" og "kohesjonsmekanisme". Bruk det vedlagte lesarinnlegget som utgangspunkt, og beskriv minst tre av dei ulike kohesjonsmekanismane vi har i språket. Vis til fleire døme i teksten.

eller

Argumentasjon:

Gjer ein kort argumentasjonsanalyse av det vedlagte lesarinnlegget der du presenterer dei viktigaste påstandane, argumenta og argumentskjema avsendaren brukar.

***************

Norsk som andrespråk

Vel ei av desse oppgåvene slik at du skriv om anten undervisningsform eller komparativ grammatikk!

Tekstvedlegg: "Mye styr for ingenting"

Anten

Undervisingsform

Kommenter kort fordelar og ulemper ved grammatikkbasert, situasjonsbasert og

funksjonsbasert andrespråksundervisning. Gje deretter ein kort mellomspråksanalyse av den vedlagte teksten.

eller

Komparativ grammatikk

Gjer kort greie for fonologiske, morfologiske og syntaktiske problem som norskinnlærarar kan ha. Bruk gjerne døme frå den vedlagte teksten.

(4)

Vedlegg til oppgåvene i pragmatikk

(5)

Vedlegg til oppgåvene i norsk som andrespråk

Nynorskoppgåve for bokmålselevar i 9. klasse: Skriv ei novelle med tittelen: ”Mykje styr for ingenting”. Oppgåva blei kommentert og arbeidd vidare med i to omgangar. Den er skriven av ei 16 år gamal karensk jente som har vore i Noreg i 7 månader. Dette er fyrste innlevering.

1. Eg har går på skolen, eg har lekser med KRL, eg veit 2. ingenting. Når skolen slutt. Eeg se på bøka og 3. og eg lese mye og eg see på datamaskin 4. og skrive med data. Eg har spist ingen 5. mat. Bare jobbe med lekse hele tid se på 6. bøka og skrive. eg gjøre lekse klokka 3 til 7. klokka 11. ingen pause eg kjepe tred

8. Også stå opp morgår klokka 4 lekse sammen 9. med Ma hun også hjelpe lekse. For di jeg 10. vil bli skjepe bra lekese. Også eg har ikke 11. spist frokost til morgår og kom på skolen 12. eg skempe trøt og vondt til hode Også lære 13. sa. har du gjøre lekse eg sa eg gjøre

14. lekse. Men eg lære mitt er se på bøka 15. mitt det er feil. ”Mye sttyr for ingenting”

Kort omtale av karen, språk frå Burma FONOLOGI :

25 konsonantar og 10 vokalar, men ingen fremre runda vokalar.

6 tonem!

Alle stavingar endar på vokal

Få konsonantar kan bindast saman, vanlegvis ein kort vokal (schwaa) mellom konsonantane MORFOLOGI: Lite bruk av affiks, stort sett alle ord er monosyllabiske (har bare ei staving)

SUBSTANTIV: ingen ubestemt/bestemt artikkel

Grammatisk kjønn følgjer naturen: menneske og dyr kan vere hokjønn eller hankjønn, alt anna er inkjekjønn

5 kasus, som vert uttrykt ved ordstilling, men ikkje kasusbøying

Eigeform blir vist med forstaving i substantivet VERB: Ikkje bøying i tid eller aktiv/passiv

ORDSTILLING:

SVO-språk

Anna rekkefølgje på ord inne i ei frase, til dømes kjem adjektivet etter substantivet ANNA:

Dobbel nekting

Same rot/ord kan brukast som substantiv, verb eller adjektiv etter kor i setninga det kjem.

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

Give some reasons for the increase of private protected areasat are the different benefits attached to ce. Part IV

 Forklar kort hva hver av linjene i filen betyr. e) Du har nylig installert DNS tjeneren bind9 på en Linux Server med maskinnavn minserver i domenet mittdomene.net.. Du ønsker

Kandidater som bare nevner at dette er et næringskjøp, bør imidlertid ikke trekkes så lenge de har sett poenget – at kjøperen i «vår» sak ikke er en fysisk person.. Jeg vil tro

Peder svarer med at du ikke hadde lov til å formidle budet før han hadde fremvist legitimasjon og at han derfor umulig kan være forpliktet av budet.. For øvrig opplyser han at du

Make a realistic business concept in which you consider every level of the ‘triple bottom line’, choose between ‘soft’ or ‘hard’ ecotourism, and discuss and motivate

a) Gjør kort rede for begrepene læring, idrettspedagogikk og fagdidaktikk b) Gjør kort rede for begrepene motivasjon, indre motivasjon og ytre motivasjon. c) Med utgangspunkt i

Vi har flere ulike begreper som brukes i landmåling, beskriv kort følgende begreper:..

Læreboka beskriver ei rekke ulike filter, dvs. operasjonar som reknar ut ny pikselverdi basert på ei mengd opphavelege pikselverdiar i eit nabolag rundt. Slike filter