• No results found

Søknad om utsleppsløyve Mowi Nutrition Hjelmeland - Utlegging til offentleg innsyn

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Søknad om utsleppsløyve Mowi Nutrition Hjelmeland - Utlegging til offentleg innsyn"

Copied!
4
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

E-postadresse:

fmropost@fylkesmannen.no Sikker melding:

www.fylkesmannen.no/melding

Postadresse:

Postboks 59 4001 Stavanger

Besøksadresse:

Lagårdveien 44

Telefon: 51 56 87 00 www.fylkesmannen.no/ro Org.nr. 974 763 230

Vår dato: Vår ref:

22.01.2019 2019/455

Dykkar dato: Dykkar ref:

Saksbehandlar, innvalstelefon

Johan Tore Rødland, 51 56 89 38

Hjelmeland kommune Vågavegen 116 4130 Hjelmeland

Søknad om utsleppsløyve Mowi Nutrition Hjelmeland - Utlegging til offentleg innsyn

Fylkesmannen ber kommunen legge eit eksemplar av søknaden ut til offentleg innsyn.

Fylkesmannen vil ein av dei nærmaste dagane leggje ut ei kunngjering i avisene og på http://www.fylkesmannen.no/Rogaland/Hoyringar/.

Vi ber dykk også om å uttale dykk og sende eventuelle merknader til søknaden til Fylkesmannen i Rogaland innan 8 veker.

Bakgrunn

Marine Harvest Markets Norway AS har 10.01.2019 søkt Fylkesmannen om løyve etter forureiningslova § 11 for produksjon av inntil 10000 tonn lakseolje og 6000 tonn lakseprotein ved nytt produksjonsanlegg på Hundsnes, Hjelmeland kommune.

Verksemda har i etterkant opplyst at det nye produksjonsanlegget innan kort tid skal endre namn til til Mowi Nutrition Hjelmeland. Fylkesmannen vil dermed nytte namnet Mowi Nutrition Hjelmeland i vidare sakshandsaming av søknaden..

Nytt produksjonsanlegg er lokalisert i same område som Marine Harvest Norway AS avd. Industri (Rygro). Denne verksemda fekk nytt utsleppsløyve 26.11..2014, som også omfattar eksisterande produksjon av lakseolje og lakseprotein i tidlerare «Rygro».

Eininga det nå er søkt løyve til kjem i tillegg til eksisterande produksjon, og vil ikkje medføre endringar i eksisterande løyve 2014.0609.T

Den nye produksjonsanlegget vil primært nytta biprodukt frå lakseslakteriet via røyrledning,, men ønskjer på sikt også å ta imot råvarer levert med lastebil/tankbil.

Anlegget vil verte omfatta av forureiningforskrifta kapittel 36 vedlegg I (industriutsleppsdirektivet, IED) pkt. 6.5 «Anlegg for disponering eller gjenvinning av skrotter og animalsk avfall med ein behandlingskapasitet på over 10 tonn per dag», og skal difor i medhald av forskrifta ha eit særskilt løyve etter forureiningslova §§ 11 og 16.

(2)

Side: 2/3

Verksemda vil gå føre seg på eit etablert industriområde utfylt i sjø . Fylkesmannen er dermed ikkje kjend med moglege negative verknader for naturmangfaldet, jf. naturmangfaldlova §§ 8 og 10.

Prosessvatnet frå nytt produksjonsanlegg vil verte kopla til eksisterande utsleppsleidning med endepunkt i sjø på 109 meter djup nordvest for Raudn.

Prosessluft inkludert romlufta vil vetesta reinsa i sjøvannsscrubbar. Reinsa luft vert slept ut via pipe, mens sjøvatn med kondenserte gassar vert ført til sjøresipient.

Offentleg kunngjering

Fylkesmannen vil i medhald av forureiningsforskrifta § 36-6 sørgje for at søknaden vert kunngjort i Stavanger Aftenblad og Strandbuen. Utgiftene i samband med kunngjeringa vert dekt av søkjar.

Kunngjeringsteksten følgjer vedlagt.

Utlegging til offentleg innsyn

Vi ber om at søknaden vert lagd ut til offentleg innsyn på kommunen sin nettstad. Saka skal liggje ute til offentleg innsyn i fire veker frå no av.

Søknaden vil og verte lagt ut på Fylkesmannen i Rogaland sin nettstad, sjå lenke http://www.fylkesmannen.no/Rogaland/Hoyringar/

Uttale – kommunal sluttbehandling

Fylkesmannen ber også om at kommunen uttaler seg til søknaden innan 8 veker.

Vi ønskjer spesielt å vite om kommunen har informasjon om lokale forhold, knytt til helse og miljø, reguleringsplanar, interesser i området, naboar eller anna, som vi bør ta omsyn til når vi avgjer søknaden.

Av omsyn til saksbehandlinga, ber vi om at de uttalar dykk og sende oss eventuelle merknader til søknaden innan åtte veker etter at de har motteke dette brevet. Dersom kommunen har treng utvida frist til uttalen, ber vi om tilbakemelding på dette.

Utskrift frå den kommunale sluttbehandlinga skal sendast Fylkesmannen.

Med helsing

Marit Sundsvik Bendixen ass. fylkesmiljøvernsjef

Johan Tore Rødland senioringeniør Dokumentet er elektronisk godkjent

Vedlegg:

Kunngjeringstekst Stavanger Aftenblad og Stransbuen Kopi til:

MARINE HARVEST MARKETS NORWAY AS Postboks 4102 Sandviken 5835 BERGEN

(3)

Side: 3/3

(4)

Mowi Nutrition Hjelmeland – Søknad om løyve etter forureiningslova for nytt anlegg for produksjon av lakseolje og lakseprotein – Utlegging til offentleg gjennomsyn.

Mowi Nutrition Hjelmeland (tidlegare Marine Harvest Markets Norway AS) har den 10.01.2019 søkt Fylkesmannen om løyve etter forureiningslova, jf. §§ 11 og 16 for nytt planlagt anlegg for produksjon av inntil 10000 tonn lakseolje og 6000 tonn lakseprotein.

Verksemda er planlagt lokalisert på gnr./bnr. 65/76 i Hjelmeland kommune, besøksadresse Hunnnesvegen 151, 4130 Hjelmeland. Produksjonen er omfatta av forureiningsforskrifta kapittel 36 vedlegg I (IED-direktivet

)

pkt. 6.5 «Anlegg for disponering eller gjenvinning av skrotter og animalsk avfall med ein behandlingskapasitet på over 10 tonn per dag».

Mogleg forureining vil vere utslepp av lukt samt utslepp av organisk stoff til sjøresipient i Askvika i Hjelmelandsfjorden. Det vil i eit eventuelt løyve verte sett krav om tiltak og fastsett grenseverdiar for å avgrense utsleppa.

Søknadsdokumenta vert lagt ut til offentleg gjennomsyn på Fylkesmannen i Rogaland sin nettstad, sjå lenke http://www.fylkesmannen.no/Rogaland/Hoyringar/, og på nettstaden til Hjelmeland kommune.

Moglege merknader til søknaden skal sendast Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59

sentrum, 4001 Stavanger eller per e-post til fmropost@fylkesmannen.no innan 4 veker frå

kunngjeringstidspunktet.

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

7152 Organisk avfall uten halogen 7154 Kreosotimpregnert trevirke 7155 Avfall med bromerte flammehemmere 7156 Avfall med ftalater. 7157 Kassert isolasjon med miljøskadelige

Statens vegvesen - Søknad om løyve etter forureiningslova til mudring og utfylling i sjø ved Hellesøy og Kyrkjesundet, Kvitsøy kommune – Utlegging til offentleg høyring

Dersom det er andre utsleppskjelder frå avfallshandteringa enn det som går fram av aktivitetar i «Vedlegg til søknadsskjema til avfallsanlegg» som de finn på Fylkesmannen si nettside,

Dersom det er andre utsleppskjelder frå avfallshandteringa enn det som går fram av aktivitetar i «Vedlegg til søknadsskjema til avfallsanlegg» som de finn på Fylkesmannen si nettside,

Dersom det er andre utsleppskjelder frå avfallshandteringa enn det som går fram av aktivitetar i «Vedlegg til søknadsskjema til avfallsanlegg» som de finn på Fylkesmannen si nettside,

Holand Maskin AS - Søknad om utsleppsløyve for gjenvinning av betong og asfalt, Eigersund kommune – Utlegging til offentleg ettersyn.. Fylkesmannen i Rogaland har mottatt søknad

Med heimel i forureiningslova §§ 11 og 16 har Risa AS søkt Fylkesmannen i Rogaland om utsleppsløyve for mellomlagring og gjenvinning av betong, tegl og asfalt

Med heimel i forureiningslova §§ 11 og 16 har Risa AS søkt Fylkesmannen i Rogaland om løyve til mellomlagring og gjenvinning av betong, tegl og asfalt.. I samsvar med kapittel