• No results found

Metodisk opplegg for feltarbeid på Vestlandet

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Metodisk opplegg for feltarbeid på Vestlandet "

Copied!
17
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

Ragnhild Anderson

Metodisk opplegg for feltarbeid på Vestlandet

Feltarbeidet nedanfor er blitt gjennomført i Øygarden, Bergen, Hå, Stavanger, Midøya, Molde og Vanylven.

(Her med vekt på feltarbeidet i Bergen og Øygarden) 1. Datatypar

I denne granskinga har me vore interesserte i å samla inn data om språkbruk og om haldningar til språkbruk. Når det gjeld haldningar, ville me gjerne få tak i både medvitne/bevisste og undermedvitne/underbevisste førestellingar om språket.

På alle stadene har me språkopptak frå vel 30 år sidan. Desse opptaka vil me bruka som utgangspunkt for nye språklege analysar. Dessutan vil me gjera nye opptak frå dei same stadene i dag for å sjå korleis språket kan ha utvikla seg der på denne tida.

Haldningsgranskingar var ikkje med i innsamlingane på 70-talet, så det er nytt for denne granskinga. I dag er derimot slike data vortne vanlegare å samla inn både i Noreg og i andre land (t.d. Danmark, Sverige og Storbritannia) som me ynskjer å samanlikna resultata våre med. Det er etter kvart vorte tradisjon for å studera både bevisste og underbevisste haldningar.

Bevisste språkhaldningar: Her har me mange undersøkingsmåtar å velja mellom. Me ynskte å gjera ulike folkelingvistiske tilnærmingar, gjerne både gjennom spørjeskjema og samtale.

Underbevisste språkhaldningar: Masketest

Preston som er oppteken av persepsjonsdialektologi, meiner at ein ved hjelp av diskursar kan fanga opp både bevisste og ubevisste språkoppfatningar hjå folk (jf. Dennis Preston 2010 a og b.)1

2. Informantutval

I denne gransking skal det vera 32 informantar frå kvar stad. Ideelt sett skulle halvparten vera nye informantar, og halvparten vera dei same som i det gamle materialet.

I TUB-materialet er det 92 informantar og 46 av desse skulle då bli transkriberte på nytt. I praksis viste det seg likevel å vera uråd både å få med og finna att panelinformantar, så dei utgjer ikkje så stor del av materialet.

I Øygarden var det 27 informantar som vart med i analysane i 1984. Det har vore viktig for oss å få informantar frå tre ulike aldersgrupper av di me då ville kunna samla inn data frå folk som er i ulike livsfasar. Me ville samla inn data frå informantar som er midt i

1Language, people, salience, space: Perceptual dialectology and language regard. Dialectologia 5:87-131 (Summer) http://www.publicacions.ub.es/revistes/dialectologia5/)

(2)

ungdomstida si ved at dei framleis bur heime og driv med obligatorisk skulegang på den staden dei er frå. Dette er særleg viktig for mindre stader, som t.d. Øygarden, for der lyt ungane flytta eller pendla til ein annan stad når dei byrjar på vidaregåande skule. Av den grunn ynskte me at den yngste aldersgruppa vår skulle vera ungdomar som går i

ungdomsskulen. Me vil sjå på informantar som er midt i yrkesaktiv alder, og me vil sjå på informantar som anten er heilt i slutten av yrkeslivet eller alt er vortne pensjonistar. I den store talemålsbasen til norsk talemålskorpus (Oslo-delen) (jf.

http://www.tekstlab.uio.no/nota/oslo/), er informantane delte inn i tre aldersgrupper med flytande alder: 16 – 25, 26 – 50 og 51 og oppover. I staden for flytande alder ville me prøva å dela opp i fire aldersgrupper som tydeleg gjenspeglar ulike livsfasar. Såleis vart aldersgruppene hjå oss sjåande slik ut:

Livsfase I: 14 – 16 år Livsfase II: 35 – 50 år Livsfase III: 65 – 80 år

………

Livsfase IV: 100 – 120 år (gamle opptak)

Dersom me fekk praktiske vanskar med å fylla opp sellene våre for aldersgruppe II og III, har me likevel tillate avvik oppover og nedover i alder slik:

II: 30 – 59 år III: 60 – 80 år

I tillegg til livsfasar vil informantane samstundes representera ulike generasjonar som kan delast inn etter årsklassar, dvs. reell tid, slik:

Årsklasse I: 1890 – 1919 Årsklasse II: 1920 – 1949 Årsklasse III: 1950 – 1979 Årsklasse IV: 1980 – 2009 Årsklasse V: 2010 – 2039

2.1. Utvalskriterium:

Siktemålet vårt med dette prosjektet har vore å få tak i dialektendringsprosessar som føregår i kollektivet. For å finna ut kva retning språket i kollektivet går måtte me stilla visse krav til informantane:

1) Dei som vert trekte ut, må ha vakse opp og budd på staden, t.d. i Øygarden eller i Bergen, frå 6-års alderen.

Grunngjevinga for dette er at me då vil sikra oss at me får ein informant som høyrer naturleg heime i språksamfunnet.

2) Dei som vert trekte ut, oppgjev ut frå ei eigenvurdering, at dei snakkar ei eller anna form for vestnorsk.

For elevane vil dette kravet gå fram av dialektbakgrunnsskjemaet. For dei vaksne, vil me høyra det når me tek kontakt med dei per telefon.

Ut frå dette andre kravet ekskluderer me ingen ut frå foreldrebakgrunn, og me sikrar oss såleis eit meir påliteleg representativt utsnitt av populasjonen. Då vil med andre ord også

(3)

born av innflyttarar og innvandrarar vera aktuelle som informantar basert på ei

eigenvurdering av språket sitt. Det kan vera interessant å laga ein tilleggsbase med opptak av språket til dei som oppgjev å ha eit språk som fell utafor kriterium to, men desse opptaka vil i tilfelle ikkje gå inn i det samla statistiske materialet.

Me reknar med at innflyttarar må utgjera ein viss prosent, t.d. 30 % i fylgje eit

resonnement av Helge Sandøy, av det totale innbyggjartalet i eit samfunn for at språket deira skal ha nokon reell innverknad på talemålet på staden (jf. Sandøy 2004). Såleis vil me òg vera interesserte i å kunna kartleggja kor mange innflyttarar det er på dei stadene me undersøkjer, og kva type innflyttarar det er. Dette kan me kanskje få til gjennom eit spørjeskjema som me deler ut til alle elevane i ein klasse (jf. Opplegget til Ann Kristin Molde).

Når me vel å gjera opptak med informantar som ikkje er myndige, må me ha skriftleg samtykkje og løyve frå foreldra. Av den grunn må me laga eit brev som elevane tek med seg heim for underskrift, og uttrekkinga må gjerast ut frå dei lappane som kjem tilbake med underskrifter.

3) Dei som vert trekte ut, må bu på den aktuelle staden eller i den aktuelle bydelen i dag.

Grunngjevinga for det tredje kravet er at dei personane me gjer opptak med, skal vera ein del av og såleis kunna representera det språksamfunnet me vil studera.

2.2 Eksempel Øygarden:

2.2.1 Alderssamansetjing og uttrekkingsprosedyre

I det gamle materialet var det ei aldersspreiing frå 13 til over 80 år. I dag 35 år seinare vil ein del av dei eldste ikkje lenger vera aktuelle å gjera nye opptak med, men me ville ha med denne aldersgruppa som ei viktig referansegruppe. Av praktiske årsaker valde me å setja ei øvre aldersgrense for dei nye opptaka på 80 år for kor gamle informantane kunne vera. Det vil seia at informantar som er fødde før 1928 ikkje var aktuelle for å bli uttrekte.

Då hadde me i praksis att 16 informantar å trekkja dei gamle informantane ut frå. Når me skulle gjera ei ny undersøking vel 30 år seinare, ville me sjølvsagt heller ikkje ha den yngste aldersgruppa frå sist. Me valde difor ut åtte av dei gamle informantane og dobla den nye undersøkinga med unge informantar. Matrisa nedafor viser dette:

Øygarden

Gamle

referansepersonar

Gamal undersøking (1984)

Ny undersøking (2009)

Samanlagt

Livsfase I (14 – 16 år)

0 0 4 menn og 4

kvinner

4 menn og 4 kvinner Livsfase II (35 –

50 år)

0 2 menn og 2

kvinner

2 menn og 2 kvinner

4 menn og 4 kvinner Livsfase III (65

– 80 år)

0 2 menn og 2

kvinner

2 menn og 2 kvinner

4 menn og 4 kvinner Livsfase IV

(100 – 120 år)

4 menn og 4 kvinner

0 0 4 menn og 4

kvinner Sum

informantar

8 informantar 8 informantar 16 informantar 32 informantar

Figur 1: Matrisa viser utval av gamle og nye informantar frå Øygarden.

(4)

Åtte av dei 12 nye informantane vart trekte ut frå den samla populasjonen av elevar på ungdomsskulen. I Øygarden er det i dag éin ungdomsskule. Han ligg på Rong og har rundt 200 elevar.

For dei to midtarste aldersgruppene bad me kvar av dei gamle informantane om å

rekruttera ein ny informant som tilfredsstilte dei krava me har sett til informantane og som fyller opp dei sellene (alder og kjønn) me trong. På denne måten brukte me nettverket som rekrutteringsgrunnlag og slapp unna eventuelle problem med å skaffa oss representative lister over alle folka på staden.

For den eldste aldersgruppa, brukte me tidlegare innsamla materiale av personar som var fødde rett rundt førre hundreårsskifte, dvs. rundt 1900.

2.3. Eksempel Bergen:

I det gamle materialet var åtte bydelar med. Det var lik fordeling av båe kjønn og tre sosioøkonomiske grupper ut frå yrke til far (for dei unge), ut frå yrket til ektemannen (for dei eldre kvinnene) eller ut frå eige yrke for dei andre. For å forenkla opplegget litt og ikkje måtta dela inn i for mange seller, ville me ikkje plukka ut informantane ut frå sosioøkonomisk bakgrunn i dag. Me rekna heller med å fanga opp sosial variasjon

gjennom å velja bydelar som viste litt ulik sosial struktur. Me ynskte òg å redusera talet på bydelar sidan me ikkje har ressursar til å trekkja ut like mange informantar som sist. Her hadde me valet mellom å velja ut fire av dei åtte bydelane som viste seg å gje størst utslag i ei eller anna retning sist, eller å redusera det til tre bydelar.

Alternativ med 4 bydelar: Dersom me skulle ha satsa på ha ta med fire bydelar, ville forslag til ei slik uttrekking bli som matrisa nedafor viser:

Bergen

Bydel I Bydel II Bydel III Bydel IV Samanlagt Sum

informantar (Frå 1978)

I 2009:

Livsfase II (44 – 45 år)

1 mann og 1 kvinne

1 mann og 1 kvinne

1 mann og 1 kvinne

1 mann og 1 kvinne

4 menn og 4 kvinner

8

informantar

2009:

Livsfase I (14 – 16 år)

1 mann og 1 kvinne

1 mann og 1 kvinne

1 mann og 1 kvinne

1 mann og 1 kvinne

4 menn og 4 kvinner

8

informantar 2009:

Livsfase III (65 – 80 år)

1 mann og 1 kvinne

1 mann og 1 kvinne

1 mann og 1 kvinne

1 mann og 1 kvinne

4 menn og 4 kvinner

8

informantar (Frå 1978)

I 2009:

Livsfase IV (100 – 120 år)

1 mann og 1 kvinne

1 mann og 1 kvinne

1 mann og 1 kvinne

1 mann og 1 kvinne

4 menn og 4 kvinner

8

informantar

16 menn og 16 kvinner

32

informantar

Figur 2: Matrisa viser forslag til utval av gamle og nye informantar for Bergen med fire bydelar.

(5)

Matrisa viser at me ved å satsa på fire bydelar ville ha fått eit altfor spinkelt grunnlag å kvantifisera ut frå, for me ville då berre hatt eitt informantpar frå kvar bydel.

Alternativ med 3 bydelar: Eit alternativ var då å velja ut tre bydelar og heller auka talet på informantpar til tre i kvar selle. Matrisa vil då sjå slik ut:

Bergen

Bydel I Bydel II Bydel III Samanlagt (alder og kjønn)

Sum

informantar (Frå 1978) I

2009 livsfase II (44 - 45 år)

3 menn og 3 kvinner

3 menn og 3 kvinner

3 menn og 3 kvinner

9 menn og 9 kvinner

18

informantar

(Eldre materiale frå 1978) I 2009 livsfase IV

3 menn og 3 kvinner

3 menn og 3 kvinner

3 menn og 3 kvinner

9 menn og 9 kvinner

18

informantar

2009:

Livsfase I (14 – 16 år)

3 menn og 3 kvinner

3 menn og 3 kvinner

3 menn og 3 kvinner

9 menn og 9 kvinner

18

informantar 2009:

Livsfase III (65 – 80 år)

3 menn og 3 kvinner

3 menn og 3 kvinner

3 menn og 3 kvinner

9 menn og 9 kvinner

18

informantar 36 menn og 36

kvinner

72

informantar

Figur 3: Matrisa viser forslag til utval av gamle og nye informantar frå Bergen med tre bydelar.

Figur 3 viser at eit slikt utval vil gje 30 fleire informantar enn det som var tanken å ha, men dette er likevel det einaste alternativet som kan forsvarast ut frå eit minimum av kvantifisering, for kvar bydel må òg kunna reknast som eit eige språksamfunn. I livsfase II har me sjanse til å gjera opptak med dei same informantane som sist. I 1978 var desse informantane ungdomsskuleelevar (livsfase I), medan dei i 2009 er midt i 40-åra (livsfase II). Me ynskte her at halvparten av livsfase II skulle vera panelinformantar, dvs. dei same som var med i 1978, medan den andre halvparten skulle vera trendinformantar, dvs.

informantar som representerer livsfasen 35 – 50 år. Dersom det viste seg at

panelinformantane framleis budde i den same bydelen som sist, kunne dei både vera representantar for panelgruppa (individnivå) og trendgruppa (gruppenivå). Viss dei

derimot budde ein annan stad i dag, måtte me velja inn nye trendinformantar til å fylla alle sellene for kvar livsfase, slik at panelinformantane då kom i tillegg til det som går fram av matrisa.

2.3.1. Val av bydelar

Det neste spørsmålet vart kva for tre bydelar som burde vera med. Dersom me valde ut Ytre Arna, Åsane og Fana sentrum (Nesttun), ville me ha tre område som viste seg å vera språkleg nokså ulike sist, og som det såleis kan vera spennande å samanlikna i dag 30 år etter. Harald Ulland skriv: ”Tidlegare studiar over variasjon i talemålet hos

bergensungdommen viser for det meste at sosialgruppe 1 skil seg ut frå dei to andre sosialgruppene med omsyn til bruk av høgstatusformer, vidare at Bergen sentrum og Fana

(6)

sentrum er dei to bydelane som skil seg ut i same lei, […] (TUB 1/84: 61). Men bydelane bør òg vera ulike med omsyn til sosiale og/eller sosioøkonomiske forhold. Til hjelp i dette arbeidet har me nytta rapporten frå Bergen kommune ”Levekår og helse” frå 2008

(jf.https://www.bergen.kommune.no/bk/multimedia/archive/00039/Levek_rsrapport_2008 _39005a.pdf). Her har dei delt heile byen inn i 51 levekårsoner. Desse sonene er laga ved å slå saman 2 – 17 grunnkrinsar. Bydelar er såleis ei større eining. Denne viser at både Ytre Arna og Åsane er med blant dei bydelane som har mest opphoping av ulemper i høve til levekår og helse. Dei skårar t.d. høgt på faktorar som sosialhjelp, arbeidsløyse, låg inntekt, høg kriminalitet og høgt sjukefråvere. (jf. Op.cit: 43 – 53). Ut frå dette, ser det altså ut til at Ytre Arna og Åsane er litt like. Ytre Arna er likevel meir å rekna som ein geografisk utkant til Bergen kommune, så me er spente på korleis dette kan gje seg språklege utslag i dag. Fana sentrum viste seg i TUB-materialet å skåra høgt på ein del høgstatusvariantar, t.d. av pronomenformer, så det er ein interessant bydel å ta med i ei ny undersøking òg. Bergen sentrum er i levekårundersøkinga avgrensa til området rundt Lille Lungegården. Dersom ein vel å ta med Vågen, Fjellsiden og Nygårdshøyden òg, er

Bergen sentrum meir samansett innafor levekår og helse og truleg vil dei vera det språkleg òg. Uansett synest me det vil vera av stor allmenn interesse å ha med sjølve sentrum av byen når me skal gjera ein ny stor undersøking av dialekten i Bergen. Dei tre utvalde bydelane vert såleis Sentrum (definert som bydelen Bergenhus), Fana sentrum (Nesttun) og Ytre Arna.

2.3.2 Uttrekking av skular, lag og organisasjonar til haldningsdelen Ytre Arna

Ytre Arna har vore ein del av Bergen kommune sidan kommunesamanslåingane i 1972.

I Ytre Arna finst det berre éin kombinert barne- og ungdomsskule. På ungdomstrinnet var det to parallellar og i alt 120 elevar. For å få mange nok elevar, valde me difor å gjera undersøkinga på alle dei tre ungdomstrinna.

Den primære vaksengruppa vår skulle vera lærarar ved skulen, men grunna ei

misforståing, møtte i utgangspunktet berre dei lærarane som skulle ha dei seks klassane.

På tampen fekk me med to lærarar til, men den totale gruppa vart likevel berre på åtte personar. Seinare fekk me med 20 vaksne frå det lokale songkoret Arne sangforening blandakor.

I den eldste gruppa gjorde me ei innsamling i Ytre Arna pensjonistlag, men diverre var det mange som ikkje høyrde eller oppfatta godt nok og difor valde å trekkja seg undervegs.

I tillegg fek me difor her løyve til å koma inn og gjera haldningsgranskinga vår på ei øving i blandakoret Arne sangforening.

Bergenhus

Saman med Fana er Bergenhus, dvs. sentrum, den bydelen som har flest innbyggjarar.

Bydelen strekkjer seg frå Haukeland Universitetssjukehus i sør til Lønborg i nord. Han femner om heile Fjellsiden og halvøya som vert avgrensa av Store Lungegårdsvann, Puddefjorden og Byfjorden. Også området Årstad er ein del av Bergenhus. I denne bydelen er det i dag berre éin offentleg ungdomsskole, Rothaugen skole. Den private katolske skulen St. Paul, ligg òg i denne bydelen, men rekrutteringa til denne skulen er truleg ikkje berre bestemt av geografien. I TUB, 1978, vart Bergen sentrum definert slik:

(7)

”Frå Sandviken skole og innover mot bykjernen. Og frå Brann stadion og nedover mot bykjernen”. Ungdomsskulane Rothaugen, Gimle og Nygård vart då undersøkte og rekna som sentrumsskular i Bergen. Nygård vart frå 1985 omgjort til innføringssenter for minoritetsspråklege, så han er uaktuell for oss no i 2009/10. Me valde å ta med Gimle skole i tillegg til Rothaugen skole for at det skulle bli mest mogleg same områda som i 1978, sjølv om Gimle skole no ligg i Årstad bydel

(http://no.wikipedia.org/wiki%C3%85rstad). Me fekk 9. trinn med seks parallellar på Gimle og 10. trinn med seks parallellar på Rothaugen.

I den midtarste vaksengruppa fekk me alle lærarane ved dei to ungdomsskulane. Ei blanding av den midtarste gruppa og den eldste gruppa fekk me tak i gjennom Bergen Lions Club, Ulriken kvinne- og familielag og Gutteklubben Grei. Også her vart det vanskeleg med høyrsel og oppfatting hjå ein del av dei eldste deltakarane.

Fana sentrum

Fana er den andre store bydelen i Bergen. Fram til 1990 var også Ytrebygda ein del av Fana (https://www.bergen.kommune.no/omkommunen/bydelene). Av den grunn er ikkje Fana som bydel heilt identisk under undersøkinga i 1978, TUB, og no i 2009/2010. I 1978 vart det samla inn opplysningar om elevar frå ungdomsskulane Kirkevoll, Ytrebygda, Rå, Slåtthaug, Hop, Nattland og Storetveit, og desse skulane vart rekna som potensielle når dei skulle plukka ut informantar frå Fana. I TUB skilde dei mellom Fana sentrum som vart definert som: ”Området rundt Nesttun, avgrensa oppover til Skjold og nedover til

Paradis,” og Ytre Fana som omfatta dei søre delane av det som tidlegare var Fana kommune. I hovudundersøkinga har dei likevel berre gjort opptak med elevar frå ungdomsskulen på Slåtthaug innafor det området dei har definert som Fana sentrum (Nesttun – Rådal).

I 2009 ligg Slåtthaug, Hop, Nattland, Storetveit og Kirkevoll framleis i Fana bydel, medan Rå og Ytrebygda ligg i Ytrebygda bydel. Me ville gjera undersøkinga på to skular i Fana sentrum. Storetveit og Nattland fall ut sidan dei ligg nærare Årstad bydel og heller ikkje var med sist. Hop kunne ha vore med, men me valde ut Slåtthaug og Rå sidan det var dei to skulane som hadde informantar med sist for Fana sentrum og Ytre Fana. Kanskje burde me heller ha valt Slåtthaug og Hop for å unngå at me gjekk over bydelsgrensene og såleis lege nærare opp mot Nesttun som sentrum? Me fekk gjennomført haldningsgranskinga med 9. trinn ved Slåtthaug ungdomsskole, dvs. seks parallellar, og 10. trinn med fem parallellar ved Rå ungdomsskole.

I den vaksne gruppa har me fått alle lærarane ved dei to ungdomsskulane Slåtthaug og Rå.

For å dekkja den midtarste og den eldste aldersgruppa har me fått nokre tilfeldige

vaksenpersonar som me rekrutterte ved Nesttun senter, medlemer i Sydvesten rotary klubb og deltakarar i Kiwanis Club Fana. Ein del av dei eldste deltakarane fall diverre ut

undervegs av di dei hadde dårleg høyrsel og oppfattingsevne.

2.3.4 Uttrekking av informantar til språkdelen Ytre Arna

I Ytre Arna kunne me ta utgangspunkt i postnummeret 5265 for Ytre Arna som låg på gule sider (http://www.gulesider.no/tk/search.c?q=5265+Ytre+Arna&x=36&y=12) for å trekkja ut dei eldste informantane. I fyrste omgang bestemte me at kvart 50. namn skulle bli trekt ut blant desse. Deretter sjekka me fødselsåret til dei uttrekte via søk i skattelistene (http://skattelister.no/). Det viste seg likevel at me ikkje fekk mange nok informantar på

(8)

denne måten, for fleire av dei me ringde til, var anten ikkje moglege å få tak i, eller dei svara nei til å delta. Av den grunn gjorde me eit nytt søk og trekte ut kvart 30. namn som potensielle informantar2.

I den mellomste aldersgruppa tok me utgangspunkt i dei tre panelinformantane me skulle ha og let desse ta med seg ein kjenning kvar.

For den yngste informantgruppa var det berre å trekkja ut seks elevar frå ungdomstrinnet ved Ytre Arna barne- og ungdomsskule som tilfredsstilte informantkrava.

Bergenhus

I TUB, 1978, vart informantar frå Bergen sentrum rekrutterte frå alle dei tre skulane Nygård, Rothaugen og Gimle. Trass i at innsamlinga i haldningsdelen vår strekkjer seg litt vidare enn til berre å gjelda Bergenhus som bydel, vel me i språkdelen å konsentrera oss om informantar som primært soknar til den definerte bydelen i dag. Sidan me berre skal ha seks informantar, vil sjansane dessutan vera større for at elevane kjenner kvarandre, om me berre vel ut informantar frå éin av skulane. Av den grunn vel me å trekkja ut elevar berre frå Rothaugen skole i den yngste gruppa.

For i det heile å få tak i tre panelinformantar tok me utgangspunkt i tre som det var råd å finna informasjon om, og som framleis budde i same bydel. Desse vart så bedne om å ta med seg kvar sin samtalepartnar som tilfredsstiller dei generelle informantkrava.

Ved å ta utgangspunkt i eit kart over bydelane i Bergen

(http://www.bergenskart.no/bergen/) avgrensa me søket etter dei eldste informantane også til postnummer som låg innafor bydelsgrensene. Såleis trekte me ut kvart 200. namn i telefonkatalogen til gule sider på postnummera: 5003 - 5045 for bydelen Bergenhus.

Seinare såg me at me måtte gjera nye uttrekkingar med kvart 50. namn, for å finna nok folk som tilfredsstilte krava, og som ville vera med.

Fana sentrum

Sidan me er mest interesserte i korleis folk snakkar i Fana sentrum, valde me å konsentrera oss om dei elevane som sokna til Slåtthaug skole. Slåtthaug skole ligg på Øvsttun. Viss me også hadde valt elevar frå Rå ungdomsskole, ville me også ha rekruttert informantar som bur i Ytrebygda bydel. Eit anna argument for å halda oss berre til éin skule, er at det då er større sjanse for at me får gjort opptak med to og to elevar som kjenner kvarandre. I ettertid (våren 2011) har me òg valt å ta med fire elevar frå Hop ungdomsskule for å få ei litt større geografisk spreiing på informantar frå Nesttun sentrum.

Den midtarste aldersgruppa vart greitt plukka ut ved å ta utgangspunkt i tre

panelinformantar. Me valde primært ut dei som me hadde kontaktinformasjon for, og som framleis budde i same bydel. Desse tre fekk som oppgåve å ta med seg kvar sin

samtalepartnar som tilfredsstilte informantkrava, dvs. trendinformant.

Også for den eldste aldersgruppa vart det viktig å avgrensa søket til å dreia seg om dei som låg i området i nærleiken av Nesttun. Såleis bestemte me å trekkja ut kvart 200. namn i telefonkatalogen til gule sider på postnummera: 5221 – 5227 (Nesttun). (NB! Då vert

2 Det totale talet på personar som kom opp for heile Ytre Arna på gule sider den andre gongen, hadde endra seg noko, slik at det sjeldan vart overlapp mellom personar som hadde vorte trekte ut i fyrste runde.

(9)

også Midttun, Øvsttun og Hatlestad med). Kalandseidet har eige postnummer og kan haldast utafor. Paradis med postnummera 5231 – 5232 vart teke med i ein siste runde då det framleis mangla ein del informantar i aldersgruppe II og III og for å få større

geografisk spreiing på informantane i denne bydelen. Også i Fana, laut me gjera nye uttrekkingar og valde til sist kvart 20. namn i telefonkatalogen til gule sider.

2.3.5 Alderssamansetjing og uttrekkingsprosedyre

Den yngste aldersgruppa vår, livsfase I, rekrutterte me frå ungdomsskular i kvar av dei tre utvalde bydelane.

Alle dei unge informantane frå 1978 er no i midten av 40-åra, sidan dei den gongen var i 14-15-års alderen, og vil no utgjera livsfase II. Her ville me, som i Øygarden, lata desse

”gamle” informantane rekruttera kvar sin nye informant.

For aldersgruppa i livsfase III måtte me gjera eit tilfeldig utval av folk i kvar av bydelane og lata dei sjølve rekruttera kvar sin informant, dvs. at dei tok med seg ein person som dei kjende og som tilfredsstilte dei tre krava me har sett til informantane våre (jf. 2.1).

For den eldste aldersgruppa, IV, ville me som i Øygarden bruka tidlegare innsamla materiale av personar som var fødde rett rundt førre hundreårsskifte, dvs. rundt 1900 frå kvar av bydelane.

3. Opptakssituasjon

I denne granskinga var me interesserte i å få eit materiale som i størst mogleg grad er råd å samanlikna med dei tidlegare opptaka frå dei ulike stadene. Samstundes var me

interesserte i at det som vart gjort på kvar av stadene under den nye innsamlinga, kan samanliknast med kvarandre. I dei tilfella me meiner me har kome fram til betre løysingar enn sist, vil me gjera avvik frå dei førre innsamlingane. Dessutan ville me denne gongen òg tenkja på at det me gjer no, skal kunna gjerast om att om t.d. nye 30 år.

Trass i at det i undersøkingane i Bergen (jf. TUB 1/84) og i Stavanger (jf. Finn Gabrielsen 1984) hadde opptak både i ein formell og ein uformell situasjon, ville me denne gongen konsentrera oss om den uformelle situasjonen.

Grunngjeving: For det fyrste er det i samfunnet vårt generelt ikkje lenger så vanleg å skilja mellom ulike situasjonar der me er meir formelle og nyttar høflege former og situasjonar der me bruker uformelle former. Det daglege språket vårt er ofte gagnleg over alt. For det andre kan det vera svært vanskeleg å få til å skapa ein autentisk formell situasjon. Medan Gabrielsen må seiast å lukkast med å få til den formelle situasjonen, lukkast dei ikkje så godt med dette i TUB-materialet. Alt i alt syntest me dessutan at kostnadene med å konstruera ein formell- og ein uformell samtalesituasjon, verka vera større enn det me kunne rekna med å få att i form av resultat for eit så intrikat arbeid.

I somme av dei gamle granskingane var det i hovudsak gjort opptak med ein og ein informant saman med opptaksleiar, t.d. i materialet frå Øygarden. Denne gongen ville me

(10)

alle stadene velja å gjera opptak med to og to informantar som kjende kvarandre om gongen, så langt det var praktisk mogleg å få det til.3

Grunngjeving: Når to informantar som kjenner kvarandre skal snakka saman, vil

opptakssituasjonen i seg sjølv bli mindre skummel og rar. Dei kan lettare slappa betre av og spela på utsegnene til kvarandre samstundes som den andre fungerer som ein

kontrollør for at dei ikkje byrjar å prata heilt annleis enn dei plar gjera.

I ein uformell situasjon bør òg dei fysiske fasilitetane rundt opptaket verka uformelle. Av den grunn ville me at opptaka skulle føregå på ein stad der informantane følte seg heime som t.d. heime hjå ein av dei, i kantina på arbeidsstaden, om det ikkje var for hard akustikk der, eller liknande stader der informantane var på heimebane.

Me lyt òg tenkja gjennom og drøfta kva påverknad talemålet til opptaksleiaren kan ha på språket til informantane. I dei førre granskingane var opptaksleiaren frå Øygarden frå Indre Arna, medan opptaksleiaren for Bergen var ein nordfjording. Denne gongen ville me satsa på å få tak i opptaksleiarar som hadde eit talemål som ikkje låg så langt frå det dei har på opptaksstadene. I tilfelle der me hadde masterstudentar med eit ueigna talemål til sjølve å kunna gjera opptaka, prøvde me å finna ein annan intervjuar for kvar av stadene.

Dei to opptakssituasjonane på desse to stadene (Øygarden og Bergen) var nokså ulike sist.

Opptaksleiaren i Øygarden var veldig kjapp med å stilla spørsmål til informantane sine og braut ofte av midt inne i det informanten sa. Opptaksleiaren i Bergen prøvde derimot å få dei to informantane sine til å halda samtalane i gang på eiga hand. Det lukkast han likevel berre delvis med, så ofte går samtalane mellom dei to ungdomane nokså trått, så det kan verta mykje daudtid der ingenting vert sagt. Då kjem opptaksleiaren inn med spørsmål som skal setja samtalen i gang att ut frå det dei to nettopp har snakka om. Denne gongen prøvde me å koordinera godt på førehand, slik at samtalesituasjonane og rollene til opptaksleiarane vart mest mogleg like frå stad til stad og såleis gjera det råd å samanlikna opptaka. Me har såleis også utarbeidd samtalegaidar for kvar av stadene.

I dei nye opptaka tenkte me nøye gjennom emne som det kunne vera lett å få

informantane til å snakka om. Me var også inne på om det kunne vera aktuelt å laga til nokre oppgåver som dei unge informantane måtte løysa saman og som samstundes ville gje nyttige belegg for dei språklege analysane? (jf. 5 og 6 nedafor)

Til kvart opptak ville det vera lurt å skriva ei kort dagbok (jf. Opplegget frå Danmark).

Her kunne ein ta med opplysningar om intervjuar, informant, kode, tid, kommentarar til intervjuet, særlege sekvensar, kroppsspråk hjå informanten og intervjuaren og

språkhaldningane til informanten.

4. Opptaksutstyr

I NOTA-prosjektet i Oslo har dei valt å gjera opptak med videokamera. Eit videomateriale eignar seg spesielt godt dersom ein er oppteken av det visuelle ved opptaka og for å kunna gjera diskursanalysar. Føremålet vårt ligg på analyse av fonologiske, morfologiske,

3 I enkelte tilfelle viste det seg likevel umogleg å få gjort avtalar om opptak med to informantar, og då vart det berre ein.

(11)

leksikalske og syntaktiske variablar, så me meiner at gode lydopptak med bordmikrofonar er tilstrekkeleg. For å kunna seia noko om spesielle ting som skjedde under opptaka som t.d. fnising, nervøse fakter og anna kroppsspråk, supplerte me kvart opptak med ein kort rapport om visse punkt under opptaket (jf. Mal frå Danmark).

5. Samtaleemne

Målet med språkopptaka var at me skulle få informantane til å snakka mest mogleg uformelt samstundes som det dei sa skulle innehalda mange og gode belegg på dei språktrekka me vil undersøkja. Dette kunne me dels styra gjennom val av tema, men stundom kunne det òg vera nødvendig med litt styring for å få informantane til å nytta ord som gjev oss språklege belegg på alle variablane, t.d. ved bruk av hugseleikar som ”Kims leik” eller liknande.

Samtaleemnet med dei unge frå Bergen i 1978 var i hovudsak kinofilmar,

fjernsynsprogram og skulen, medan samtaleemnet med dei eldre var minne frå barndoms- og ungdomsåra.

5.1 Førebuing til intervju

Det har vore viktig å vita om dei uttrekte personane framleis bur i Bergen og Øygarden.

For panelstudiet sin del var det interessant å få nye opptak med dei ”gamle” informantane uansett kvar dei måtte bu i dag. Likevel var det for dette nye prosjektet problematisk å kunna seia noko om utviklinga av dialekten på dei ulike stadene dersom dei ”gamle”

informantane ikkje lenger var ein del av språksamfunnet der. Viss me enda opp med ein situasjon der me ikkje klarte å fylla dei sellene me skulle med ”gamle” informantar som framleis budde i kommunen, måtte me fylla desse med ”nye” informantar som

tilfredsstilte dei same informantkrava.

Den som skulle gjera dei nye opptaka, burde ha lytta gjennom dei gamle opptaka med dei same informantane og ut frå dette ha danna seg eit inntrykk av personane og kva tråd det kunne vera interessant å ta opp att, og kva interesser informantane hadde den gongen. Eit anna viktig mål med å lytta gjennom dei gamle opptaka, er at ein i størst mogleg grad prøver å gjenskapa den situasjonen informantane var i sist. Under det nye opptaket kan det vera fint å bruka det gamle opptaket som ein inngang til samtalen. Ein kan t.d. seia: ”Eg tykkjer det er spennande å få møta dykk, for eg har høyrt på det gamle opptaket av dykk og er interessert i å høyra meir om …”

5.2. Fortid, notid og framtid

Ein måte å strukturera ein samtale på er å få innspel frå informantane om emne som kan knytast til ulike fasar i livet. For å unngå at det vert eit intervju med spørsmål og svar, er det fint om ein kan få informantane til å fortelja mest mogleg fritt sjølve. Dette kan ein gjerne få til ved at dei alt i starten vert oppmoda til å fortelja småe episodar frå ting dei hugsar godt (fortid), eller beskriva noko dei er engasjerte i (no og om framtida)

(12)

5.3 Aktuelle emne

I forkant av prosjektet drøfta me ulike emne som kunne vera aktuelle å prata om og fleire måtar å samla inn talemålsdata på. Nedanfor er døme på ein del slike forslag.

Episodar frå barndomen

- Kva dei leikte med, kvar dei leikte, kva dei likte best å gjera

- Om dei nokon gong gjorde noko ulovleg, fekk dei reaksjonar frå dei vaksne?

- Ferieminne og andre barndomsminne

- Noko dei hugsar godt frå skuletida, fag, ekskursjonar, spesielle skuledagar/emne - Oppveksten, familien, tradisjonar, rutinar og arbeidsoppgåver heime

- Tenåringstida, utdanning og førebuing til jobb - Film og kinominne

- Episodar frå skulekvardagen

- Noko dei to informantane eventuelt har opplevd saman Episodar frå notida

- Oppgåver i yrkeslivet - Oppgåver i kvardagen - Noko ein brenn for - Bruk av fritida - Yndlingsgjeremål

- Kva som kjenneteiknar lokalsamfunnet deira - Episodar frå skulen (dei som framleis går der) Opplysningar om lokale og regionale forhold

- Bergen under oppveksten (Korleis var/er det, og kva har endra seg mest?) - Kva tilbod har ein der du bur? Kva saknar du?

- Korleis er forholdet til dei som bur i (nemn namnet på andre bydelar) - Korleis vil du beskriva lokalmiljøet ditt?

- Kva typar menneske bur i nabolaget ditt?

- Er det mykje ut- og innflytting der du bur - Er du med i nokon lokale foreiningar?

- Kvar seier du at du kjem frå når du presenterer deg?

- Kva er du stolt over frå heimstaden din?

- Kva er du flau over med heimstaden din?

Om framtida

- Ynskjemål (kva har du til gode å gjera som du gjerne vil oppleva?) - Kva anna yrke kunne du tenkja deg å ha?

- Kvar vil du bu når du vert gamal? (korleis vil du ha det og kvifor?) - Kva gjer du om 20 år?

- Kva har endra seg mest her du bur om 20 år?

I tillegg til emna ovafor kan det vera aktuelt å leggja inn nokre spørsmål som sikrar belegg på dei språklege variablane ein vil undersøkja. Eller kanskje må ein rett og slett laga ei lita oppgåve som informantane skal løysa saman for å få belegg på alle variablane?

Nokre forslag til paroppgåver:

- Informantane snakkar saman ut frå eit gamalt og/eller nytt bilete frå bydelen sin - Informantane må teikna og forklara noko for den andre

(13)

- ”Kims leik”: Ein har med ein del ting (substantiv) som deltakarane får sjå i 30 sekund før dei vert dekte til med eit klede. Deretter skal informantane seia namna på dei tinga dei hugsar.

6. Språkhaldningar

Det finst veldig mange ulike måtar å samla inn haldningsdata på. Målet vårt var å

velja metodar som kunne gje eit best mogleg dekkjande bilete av informantane sitt syn på talemål og som gjerne supplerte kvarandre. Nedafor vil me kort skissera mange ulike forslag til kva me kunne gjera. Tanken var at dette kunne gje kvar enkelt idear å jobba vidare med.

Språk som samtaleemne:

- På slutten av informantsamtalane kan ein stilla spørsmål som dreiar seg om språk og dialekten på heimstaden spesielt.

Grunngjeving: Ein kan på denne måten få tak i både bevisste- og underbevisste ytringar om språk. Mykje av det informantane seier vil truleg innehalda presupposisjonar som ein får tak i gjennom ein diskursanalyse.

Sjølvvurdering:

- Informanten lyttar til fleire variantar av bergensk og sotramål og kryssar i ein figur (trekant eller firkant) for kva som ligg nærast måten han/ho sjølv pratar på

Grunngjeving: Her kunne me spelt korte opptak med personar som kjem frå dei tre eller fire bydelane av Bergen som informantane våre kjem frå og sotramål og sett om dei sjølve

vurderer språket sitt som det same som eller ulikt det dei høyrer. Dette er ein metode som kan brukast for å samla inn data om informanten sitt bevisste forhold til språk.

Kartteikning

- Informanten får utdelt eit kart over Bergen, Askøy og Sotra og skal setja grenser der han meiner det går eit språkleg skilje

Grunngjeving: Denne innsamlingsmetoden med handteikna kart er ein metode som Preston har brukt mykje i USA, der ein i tillegg til språkgrenser også veldig ofte har fått kommentarar til språkbrukarane. Dette kan gje eit nyttig folkelingvistisk datamateriale for å få innsyn i kva bevisste språkgrenser og språklege oppfatningar informantane har innafor Bergen og mellom Bergen og Øygarden (perspektivet bergensar – stril).

Dialektrangering

- Få høyra ulike dialektar som dei skal rangera etter kven dei likar best og minst (t.d. 1- 10)

Her må me få gjort opptak med personar som snakkar ulike talemål. Det er viktig at dei personane me gjer opptak er minst mogleg ulike på anna vis enn gjennom talemålet.

Såleis bør dei t.d. ha same kjønn, ha nokolunde same stemmekvalitet, vera i nokolunde same alder og snakka om det same. Me kan for eksempel tenkja oss at me får damer i 30 – 40 -års alderen til å gjenfortelja eit eventyr.

(14)

Grunngjeving: Eit slikt materiale ville gje oss innsikt i folk frå Vestlandet sine bevisste haldningar til ulike dialektar i Noreg. Vil dei som kjem frå ein stad vurdera sitt eige mål høgare enn andre vestlendingar? Vil det vera noko talemål som kjem høgt opp all stader?

Para utklednad

- Vurdera personar som snakkar likt og ulikt ut frå personlegdomstrekk Grunngjeving: Dette er den metoden som internasjonalt er mest brukt for å få tak i underbevisste haldningar til ulike talemål og språk.

Dialektvurdering

- Ut frå eit kart og ei liste med karakteristiske trekk for ein person, skal dei fortelja korleis dei oppfattar folk frå dei ulike bydelane i Bergen og frå ulike stader på Sotra (Sund, Fjell og Øygarden).

- Ut frå eit kart med dei åtte ulike bydelane og dei tre kommunane på Sotra, skal dei seia noko om kva som kjenneteiknar (særpregar) språket på kvar av stadene.

- Seia noko om korleis dei vurderer seg sjølv og sin eigen språkbruk i høve til det dei nettopp har gjort.

Grunngjeving: Her vil me bevisst prøva å få tak i om folk har stereotypiar om språkbrukar og talemål. Denne måten å gjera det på, kan kanskje verka litt for direkte til at informantane våre vil ta det seriøst?

Til sist vart intervjua litt ulike, men alle laga ein intervjugaid, og somme brukte også teikningar som personane skulle beskriva. I tillegg vart det nokre stader brukt eit folkelingvistisk intervju der ein ville ha informantane til å gjera greie for og teikna inn talemålsgrenser på eit kart etter inspirasjon frå Preston.

7. Språklege variablar

I denne granskinga har me vore interesserte i å kartleggja språket på Vestlandet i alle delar av grammatikken, dvs. fonologi, morfologi og syntaks. Dels vil dette òg omfatta enkelte leksikalske trekk. I oppstillinga nedafor har me lista opp ein del aktuelle språklege variablar for Bergen. Den endelege lista over variablar finst det no oversyn over i talebanken (jf. \\felles.uib.no\Prosjekt\Talemålsprosjektet).

7.1. Bergen

Utvalet her byggjer på TUB, men fyrst og fremst på dei variablane Agnete Nesse valde å undersøkja i Sandviken og på Nordnes (jf. Nesse 1994).

7.1.1 Fonologiske variablar 1) Sj-lyd

a) To åtskilde lydar: sj b) Palatoalveolar frikativ ∫

c) Mellomartikulasjon mellom a) og b) Førstesegmentet er som b) og andresegmentet som a)

d) Palatal frikativ c

(15)

2) Kj-lyd

a) Palatal frikativ, c

b) Palatoalveolar frikativ, ∫ 3) Syllabisering + vokalforlenging

a) Syllabisering av n og l + vokalforlenging <hunden>

b) Verken syllabisering eller vokalforlenging 4) Lang æ/e framfor r

a) e, dvs. at <klede> vert uttala /kle:r/

b) æ, dvs. at <klede> vert uttala /klæ:r/

5) V/K i framlyd i spørjeord

a) v, dvs. at spørjeord vert uttala /vem, va, vur/

b) k, dvs. at spørjeord vert uttala /kem, ka, kur/

6) Ord med og utan diftong

a) /eu/ - /ø/, t.d. /deu:/ - /dø:/, /greu:t/ - /grø:t/

7.1.2. Morfologiske variablar

7) Pluralisbøying eller ikkje pluralisbøying av adjektiv i predikativ stilling

”Trærne er fine de” /”Trærne er fin de”

8) Trykklett er/ar i utlyd (-ar, -a, -er eller -e)

”Jenter, dråpar” (substantiv fleirtal)

”spring, kastar” (presens)

7.1.3. Syntaktiske variablar

9) Der/det som formelt subjekt i presenteringskonstruksjonar

”Der er noen inni huset” /”Det er noen inni huset”

7.1.4. Leksikalske variablar

10) Personleg pronomen, 1. person eintal subjektsform og objektsform og 2. person eintal objektsform og refleksiv form

”Eg, meg, deg, seg”

11) Personleg pronomen, 3. person eintal subjektsform

”ho(n)/hun”

12) Personleg pronomen, 2. person fleirtal objektsform

”dere/dokker”

13) Nektingsadverbet

”ikkje”

14) Adjektivet ”mykje”

15) Determinativen ”noko”

(16)

16) Personleg pronomen ”den/han”

17) Tonemgrupper (munnleg tips frå A. Nesse 24.3.2009)

”ta med” (tonem 1 el. 2)

”stå opp”

18) Tobokstavsforkortingar

”TV”

”UB”

8. Kjelder

Bergen kommune. 2008. Levekår og helse i Bergen.

(https://www.bergen.kommune.no/bk/multimedia/archive/00039/Levek_rsrapport_200 8_39005a.pdf).

Bergenskart: (http://www.bergenskart.no/bergen/)

Gabrielsen, Finn. 1984. Eg eller je. Ei sosiolingvistisk garnsking av yngre mål i Stavanger. Oslo: Novus.

Nesse, Agnete. 1994. Kollektiv og individuell variasjon i bergensdialekten. Talemål i Bergen 5: Bergen: Målføresamlinga. Nordisk institutt, Universitetet i Bergen.

Norsk talemålskorpus (Oslo-delen). http://www.tekstlab.uio.no/nota/oslo/ (nedlasta 12.6.2009)

Preston, Dennis. 2010a. Perceptual dialectology in the 21st Century. I: C. A. Anders, M.

Hundt, & A. Lasch (red.). Perceptual dialectology. Neue Wege der Dialektologie (Linguistik - Impulse & Tendenzen 38). Berlin: Mouton de Gruyter, s. 1-30.

Preston, Dennis. 2010b. Language, people, salience, space: Perceptual dialectology and language regard. Dialectologia 5:87-131 (Summer)

http://www.publicacions.ub.es/revistes/dialectologia5/)

Sandøy, Helge. 1983 og 1984. Kort orienteering om prosjektet “talemål hos ungdom i Bergen”. I: Helge Sandøy (red.): Talemål i Bergen 1/83 og 1/84. Bergen: Nordisk institutt, Universitetet i Bergen, s. 1- 4.

Sandøy, Helge. 2004. Types of society and language change in the Nordic countries. I:

Britt-Louise Gunnarsson ofl. (red.): language Variation in Europe. Papers from the Second International Conference on language Variation in Europe, ICLaVE 2, Uppsala University, Sweden, June 12 – 14, 2003, Uppsala: Department of Scandinavian Languages, s. 53 – 76. (ISBN 91-631-5214-2.)

Skattelister: (http://skattelister.no/).

(17)

Ulland, Harald. 1984. Nokre personlege pronomen som sosiolingvistiske variablar i bergensk. I: Helge Sandøy (red.): Talemål i Bergen 1/84. Bergen: Nordisk institutt, Universitetet i Bergen, s. 54 – 71.

Ytre Arna: (http://www.gulesider.no/tk/search.c?q=5265+Ytre+Arna&x=36&y=12 Årstad bydel: (http://no.wikipedia.org/wiki%C3%85rstad).

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

Hvis vi ser på hvor man ønsker at feltarbeidet skal befinne seg i figur 2-1, vil en større grad av elevmedvirkning i planleggingsfasen kunne føre oss i retning av punkt C – et

Når det gjeld haldningar til nynorskundervisninga, er det 60 % av lærarane som meiner det ikkje er nokon fordel for elevane å lære både nynorsk og bokmål som skriftspråk

Det finst sjølvsagt språkbrukarar også i Noreg som av ulike årsaker både underrapporterer og overrapporterer språkbruken sin, men eg trur likevel at den store

GJERT FREDRIKSEN OG JAN HANSEN FISKERIDIREKTORATETS KONTROLLVERK POSTBOKS 192. 9001

sikkerhetsarbeid på lokalplanet, f.eks. frå politi og kommune. Radio Sandnes og Radio Haugesund har I times trafikksending kvar fredag ettermiddag. Her er også neire andre frå

I tillegg til medlemmene fra de to pasientorganisasjonene skulle vi finne behandlere og forskere som ikke hadde markert seg i den faglige debatten om CFS/ME, og som heller ikke

Resultata frå desse områda viste at strilemålet vart lågt vurdert på den underbevisste haldningstesten både i Øygarden og i Bergen (jf. Kunne det tenkjast at

gjere greie for omgrepa haldningar, fordommar og rasisme og vurdere korleis haldningar kan bli påverka, og korleis den einskilde og samfunnet kan motarbeide fordommar og rasisme