• No results found

(2009–2010)

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "(2009–2010)"

Copied!
196
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

(2009–2010)

Proposisjon til Stortinget (forslag til stortingsvedtak)

;DG7J9H?:IIuG:I'%&%

Utgiftskapittel: 800–868, 2530

Inntektskapittel: 3842, 3854, 3855, 3856, 3858, 3859

(2)
(3)

(2009–2010)

Proposisjon til Stortinget (forslag til stortingsvedtak)

FOR BUDSJETTÅRET 2010 Utgiftskapittel: 800–868, 2530

Inntektskapittel: 3842, 3854, 3855, 3856, 3858, 3859

(4)
(5)

Del I

Innleiande del ... 9

1 Hovudmål og politiske prioriteringar ... 11

1.1 Ein trygg økonomisk og sosial situasjon for barnefamilien ... 11

1.2 Gode oppvekst- og levekår for barn og ungdom ... 11

1.3 Full likestilling mellom kvinner og menn ... 13

1.4 Eit ikkje-diskriminerande samfunn for alle uavhengig av seksuell orientering, funksjonsevne, alder, etnisitet og religion ... 13

1.5 Eit samfunn utan vald i nære relasjonar ... 14

1.6 Gode og trygge rammevilkår for forbrukarane ... 14

1.7 Ei kvalitetsbevisst, effektiv og open barne-, familie- og forbrukarforvalting ... 15

2 Oversikt over budsjettforslaget for BLD ... 16

2.1 Forslag til utgifter og inntekter fordelte på kapittel og postgrupper ... 16

2.2 Postar med stikkordet kan overførast ... 18

2.3 Meirinntektsfullmakter ... 19

Del II

Nærmare om budsjettforslaget ... 21

Programområde 11 ... 23

Programkategori 11.00 Administrasjon ... 23

Kap. 800 Barne- og likestillingsdepartementet 23 Programkategori 11.10 Tiltak for familie og likestilling ... 26

Kap. 830 Foreldrerettleiing ... 27

Kap. 840 Krisetiltak ... 28

Kap. 841 Samliv og konfliktløysing ... 36

Kap. 842 Familievern ... 41

Kap. 3842 Familievern ... 45

Kap. 843 Likestillings- og diskriminerings- nemnda ... 45

Kap. 844 Kontantstøtte ... 46

Kap. 845 Barnetrygd ... 48

Kap. 846 Forskings- og utgreiings- verksemd, tilskot mv. ... 51

Kap. 847 Tiltak for personar med nedsett funksjonsevne ... 62

Kap. 849 Likestillings- og diskriminerings- ombodet ... 66

Programkategori 11.20 Tiltak for barn og unge 74 Kap. 850 Barneombodet ... 75

Kap. 852 Adopsjonsstønad ... 79

Kap. 853 Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker ... 79

Kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet . 81 Kap. 3854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet . 97 Kap. 855 Statleg forvalting av barnevernet ... 98

Kap. 3855 Statleg forvalting av barnevernet ... 105

Kap. 856 Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar 106 Kap. 3856 Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar 108 Kap. 857 Barne- og ungdomstiltak ... 108

Kap. 858 Barne-, ungdoms- og familie- direktoratet ... 119

Kap. 3858 Barne-, ungdoms- og familie- direktoratet ... 123

Kap. 859 EUs ungdomsprogram ... 123

Kap. 3859 EUs ungdomsprogram ... 125

Programkategori 11.30 Forbrukarpolitikken ... 126

Kap. 860 Forbrukarrådet ... 127

Kap. 862 Positiv miljømerking ... 136

Kap. 865 Forbrukarpolitiske tiltak og internasjonalt samarbeid ... 138

Kap. 866 Statens institutt for forbruks- forsking ... 145

Kap. 867 Sekretariatet for Forbrukartvist- utvalet og Marknadsrådet ... 153

Kap. 868 Forbrukarombodet ... 154

Programområde 28 ... 160

Programkategori 28.50 Stønad ved fødsel og adopsjon ... 160

Kap. 2530 Foreldrepengar ... 160

(6)

4 Likestillingsomtale ... 169

4.1 Integrering av kjønns- og likestillingsperspektivet i budsjettet ... 169

4.2 Likestilling internt i BLD ... 171

4.2.1 Statistiske data ... 171

4.2.2 Mål ... 171

5 Forsking og utvikling ... 173

6 Omtale av miljøprofilen i budsjettet ... 175

6.1.1 Miljøutfordringar ... 175

6.1.2 Rapport om resultata frå 2008 ... 175

6.1.3 Mål for arbeidet til BLD ... 175

6.1.4 Tiltak under BLD ... 176

7 Samla oversikt over løyvingar til barn og unge ... 177

Forslag til vedtak om løyving for budsjettåret 2010, kapitla 800-868, 2530, 3842, 3854, 3855, 3856, 3858, 3859 ... 184

(7)

fordelte på kvinner og menn i

perioden 2005-2008 ... 29 Tabell 3.2 Aktiviteten ved krisesentra

2005-2008 ... 29 Tabell 3.3 Incestsentra. Tal på brukarar

og tilsette fordelte på kvinner

og menn i perioden 2005-2008 .... 30 Tabell 3.4 Talet på bidragspliktige og

bidragsmottakarar fordelt på kjønn per 31. desember 2002,

2004, 2006 og 2008* ... 38 Tabell 3.5 Tilsette og leiarar i familievernet

fordelte på kjønn ... 43 Tabell 3.6 Barn i kontantstøttealder og

barn med kontantstøtte ... 47 Tabell 3.7 Talet på barn med rett til stønad.

Prognosar for 2009 og 2010 ... 48 Tabell 3.8 Forslag til satsar for kontantstøtte

i 2010 (kroner) ... 48 Tabell 3.9 Barnetrygdmottakarar etter kjønn.

Gjennomsnittstal for 2006, 2007 og 2008 ... 49 Tabell 3.10 Forslag til satsar for barnetrygd

i 2010 (kroner) ... 50 Tabell 3.11 Talet på barn med rett til

barnetrygd i 2008. Prognosar for 2009 og 2010 ... 50 Tabell 3.12 Talet på stønadsmottakarar i 2008.

Prognosar for 2009 og 2010 ... 50 Tabell 3.13 Utgifter og inntekter etter art ... 69 Tabell 3.14 Inntekter etter inntektskjelde ... 70 Tabell 3.15 Verksemdas kontantbehaldningar

per 31. desember med spesifikasjon av dei formåla kontantbehaldningane skal

nyttast til ... 71 Tabell 3.16 Talet på barn med tiltak frå

barnevernet i 2008 ... 81 Tabell 3.17 Utgifter og inntekter etter art ... 131 Tabell 3.18 Inntekter etter inntektskjelde ... 132 Tabell 3.19 Verksemdas kontantbehaldningar

per 31. desember med spesifikasjon av dei formåla kontantbehaldningane skal

nyttast til ... 133 Tabell 3.20 Utgifter og inntekter etter art ... 148 Tabell 3.21 Inntekter etter inntektskjelde ... 149

per 31. desember med spesifikasjon av dei formåla kontantbehaldningane skal

nyttast til ... 150 Tabell 3.23 Fødslar og bruk av foreldre-

pengeordninga i 2007 og

2008 ... 161 Tabell 4.1 Tilsette/årsverk etter kjønn,

tenesteforhold og etat per

1. mars 2009 ... 172 Tabell 7.1 Budsjett og rekneskap for

løyvingar til barn og unge på Arbeids- og inkluderings-

departementets budsjett ... 177 Tabell 7.2 Budsjett og rekneskap for

løyvingar til barn og unge på Barne- og likestillings-

departementets budsjett... 178 Tabell 7.3 Budsjett og rekneskap for

løyvingar til barn og unge på Fornyings- og administrasjons- departementets budsjett ... 178 Tabell 7.4 Budsjett og rekneskap for

løyvingar til barn og unge på Helse- og omsorgsdepartementets budsjett ... 178 Tabell 7.5 Budsjett og rekneskap for

løyvingar til barn og unge på Justis- og politidepartementets budsjett ... 179 Tabell 7.6 Budsjett og rekneskap for

løyvingar til barn og unge på Kultur- og kyrkjedepartementets budsjett ... 180 Tabell 7.7 Budsjett og rekneskap for

løyvingar til barn og unge på Kunnskapsdepartementets

budsjett ... 181 Tabell 7.8 Budsjett og rekneskap for

løyvingar til barn og unge på Landbruks- og matdepartementets budsjett ... 182 Tabell 7.9 Budsjett og rekneskap for

løyvingar til barn og unge på Samferdselsdepartementets

budsjett ... 182 Tabell 7.10 Budsjett og rekneskap for

løyvingar til barn og unge på

Utanriksdepartementets budsjett 182

(8)

Figur 3.2 Undersøkingar 2004-2008 ... 83 Figur 3.3 Utvikling i talet på opphaldsdagar

i det statlege barnevernet,

2005 – 2008, eksklusiv Trondheim 98

dei ulike regionane ... 101 Figur 3.5 Gjennomsnittleg tal på

opphaldsdagar per barn i

institusjon i regionane i 2008 ... 102

(9)

(2009–2010)

Proposisjon til Stortinget (forslag til stortingsvedtak)

FOR BUDSJETTÅRET 2010 Utgiftskapittel: 800–868, 2530

Inntektskapittel: 3842, 3854, 3855, 3856, 3858, 3859

Tilråding frå Barne- og likestillingsdepartementet av 25. september 2009, godkjend i statsråd same dagen.

(Regjeringa Stoltenberg II)

(10)
(11)

Innleiande del

(12)
(13)

1 Hovudmål og politiske prioriteringar

Regjeringas forslag til statsbudsjett for 2010 for Barne- og likestillingsdepartementet (BLD) omfattar programområde 11 Familie- og forbrukar- politikk og programområde 28 Foreldrepengar.

BLD har følgjande hovudmål for sine politikk- område:

1. Ein trygg økonomisk og sosial situasjon for bar- nefamilien.

2. Gode oppvekst- og levekår for barn og ungdom.

3. Full likestilling mellom kvinner og menn.

4. Eit ikkje-diskriminerande samfunn for alle uav- hengig av seksuell orientering, funksjonsevne, alder, etnisitet og religion.

5. Eit samfunn utan vald i nære relasjonar.

6. Gode og trygge rammevilkår for forbrukarane.

7. Ei kvalitetsbevisst, effektiv og open barne-, familie- og forbrukarforvalting.

1.1 Ein trygg økonomisk og sosial situasjon for barnefamilien

Regjeringa har styrkt fedrane sin rett til foreldre- pengar; fedrekvoten er utvida frå seks til ti veker frå 1. juli 2009. Samtidig er stønadsperioden for for- eldrepengar auka med to veker til 46 veker med 100 prosent lønnskompensasjon eller 56 veker med 80 prosent kompensasjon. Fleire fedrar tek foreldrepermisjon, og fleire tek meir enn fedrekvo- ten. Regjeringa har òg sendt ut på høyring ei utgreiing om korleis ein kan sikre fedrar rett til lønn under to veker omsorgspermisjon i samband med fødsel og omsorgsovertaking og sikre mødrer rett til lønn under ammefri. Det er eit viktig mål for departementet at fedrar tek ut meir foreldrepermi- sjon enn i dag. Departementet føreslår derfor å gi rett til fedrekvote der begge foreldra har tent opp rett, uavhengig av mora sin stillingsdel i oppte- ningstida, med verknad for fødslar og omsorgs- overtakingar frå og med 1. juli 2010. Dette vil gi om lag 1 500 fleire fedrar enn i dag rett til fedrekvote.

Dette vil vere eit viktig bidrag til å styrkje rolla til fedrane som omsorgspersonar og gjere tilknytinga til arbeidslivet for fedrane og mødrene meir lik.

Regjeringa har lagt fram ein lovproposisjon Ot.prp. nr. 104 (2008- 2009) med forslag til endrin- gar i barnelova som skal leggje til rette for at barn, trass i samlivsbrot mellom foreldra, kan halde ved lag og utvikle god kontakt med begge foreldra.

Regjeringa har styrkt familievernet, som er grunn- stamma i hjelpetilbodet til familiar i samband med samlivsproblem og konfliktar i parforhold. Regje- ringa vil styrkje tilboda til barn og unge som opple- ver sterke konfliktar i heimen i samband med sam- livsbrot. Det vil bli gitt midlar til samtalegrupper, til å stimulere til auka samarbeid mellom kommunale tenester og til å fange opp barn og unge som treng særskilt oppfølging på eit tidleg tidspunkt.

Det blir òg arbeidd med tiltak for å dempe kon- fliktnivået mellom foreldre i samband med samlivs- brot, mellom anna å bidra til fleire avtalar utan domstolsbehandling. Det er sett i gang evaluering av meklingsordninga.

Departementet vil halde fram med ein gjen- nomgang av familieverntenesta for å vurdere om ho i tilstrekkeleg grad er tilpassa behova til bruka- rane, både med omsyn til tenesteutforming, arbeidsoppgåver, organisering, kompetanse og ressursar. Arbeidet vil bli stilt ferdig i 2010.

Det er framleis nedgang i talet på barn med kontantstøtte; det var gjennomsnittleg vel 8 000 færre i 2008 enn i 2007. Dette har samanheng med at fleire eitt- og toåringar har fått plass i barnehage.

Regjeringa har sendt ut på høyring ei utgreiing om stans av ytingar og barnebidrag ved barnebortfø- ring.

Regjeringa vil framleis prioritere gode vilkår for barnefamiliane, mellom anna gjennom å føre vidare økonomiske overføringsordningar som for- eldrepengar og barnetrygd. Kontantstøtteordninga blir ført vidare. For regjeringa er det ei viktig mål- setjing at dei økonomiske støtteordningane, så vel som bidragsregelverket, i størst mogleg grad byg- gjer opp under eit likestilt foreldreskap mellom for- eldra.

1.2 Gode oppvekst- og levekår for barn og ungdom

BLD vil bidra til gode tilbod og tenester til barn og ungdom. Forholda i heim og nærmiljø er viktige for trivselen, tryggleik og utviklinga til barn og unge. Der familien ikkje strekk til, har samfunnet ei plikt til å sikre barn og unge gode omsorgstilbod og oppvekstvilkår.

Òg i 2008 auka talet på barn og unge som fekk hjelp frå barnevernet. Departementet gjennomfør-

(14)

te kompetansestyrkingstiltak for tilsette i barnever- net. Kompetansestyrkinga var retta inn mot arbeid med barn som lever med vald i familien, barn av psykisk sjuke og rusmisbrukande foreldre og barn og unge med alvorlege åtferdsvanskar. Ein lands- dekkjande alarmtelefon for barn som er utsette for vald, overgrep eller vanstell, vart opna i juni 2009.

Departementet styrkte innsatsen for å betre samar- beidet mellom ulike tenester for utsette barn og unge. Til dømes gav BLD og Kunnskapsdeparte- mentet ut ei rettleiing om samarbeid mellom bar- nehage og barnevernsteneste. Gjennom endringar i barnevernlova i 2009 er rettane til utsette barn blitt ytterlegare styrkte. Samstundes er det fram- leis utfordringar knytte til mellom anna å sikre tid- leg intervensjon frå barnevernet i høve til barn som treng hjelp. Departementet vil òg arbeide for å heve kompetansen hos tilsette i kommunalt og statleg barnevern og for at barn med samansette problem skal få betre og meir samordna hjelp.

Etter at det statlege barnevernet hausten 2007 overtok omsorgsansvaret for einslege, mindreåri- ge asylsøkjarar under 15 år, har det kome stadig fleire barn i denne gruppa. Ved utgangen av 2008 var det 157 einslege, mindreårige asylsøkjarar under 15 år under omsorga til det statlege barne- vernet. I juni i 2009 var dette talet auka til 212.

Grunna den auka tilstrøyminga har det blitt nød- vendig å opprette nye omsorgssenter. I tillegg til Eidsvoll og Skiptvet omsorgssenter er det opna avdelingar på Ringerike, i Alstadhaug, på Gjøvik og i Grue.

Det er venta at Bufetat i 2010 vil ha ansvaret for gjennomsnittleg 320 einslege, mindreårige asylsø- kjarar under 15 år. I tillegg til at det skal opnast eitt nytt omsorgssenter, vil det vere nødvendig å kjøpe plassar av private ideelle og kommersielle tiltak.

For å sikre at omsorgs- og behandlingstiltaka som blir gitte av private, er likeverdige tilbodet i dei statlege omsorgssentra, utarbeider Bufdir krite- rium for godkjenning av private omsorgssenter.

Det er viktig at barna som har fått opphald blir busette raskt i kommunane, slik at dei kan byrje sine liv i Noreg. Det er uheldig at dei barna som har opphaldsløyve blir buande i omsorgssentra over lengre tid, men dei høge tala på asylsøkjarar til Noreg er ei utfordring i busettingsarbeidet.

2010-budsjettet er føreslått styrkt med 222,4 mill.

kroner grunna auken i talet på barn i denne gruppa samanlikna med saldert budsjett for 2009.

I 2010 ventar ein framleis ein auke i talet på opphaldsdagar i det statlege barnevernet. Løyvin- ga til det statlege barnevernet blir styrkt som ei føl- gje av dette. Arbeidet med vidareutvikling av tenes- tetilbodet i barnevernet vil bli ført vidare og styrkt.

Mange barn og unge har til dels store og samansette problem. Barna har ofte behov for hjelp frå fleire tenester. For å gi heilskapleg og koordinert hjelp tidleg nok er det trong for eit betre samarbeid mellom tenestene, både på statleg og kommunalt nivå. BLD sette derfor i 2008 ned eit offentleg utval som går igjennom korleis tenestene kan samarbeide betre. Innstilling frå utvalet skal liggje føre ved årsskiftet 2009/2010, og BLD vil deretter vurdere forslaga til utvalet og oppfølging av desse. Tiltaka og metodane som barnevernet bruker, skal så langt som mogleg vere kunnskaps- baserte og ha dokumenterbare effektar. Dette føre- set ei vidare satsing på forsking, eit breitt samar- beid mellom forsking og praksis, og vidareutvik- ling av samarbeidet med utdanningsinstitusjonane og aktuelle arbeidstakarorganisasjonar. Departe- mentet vil helde fram med arbeidet for å styrkje kompetansen i det kommunale barnevernet.

I NOU 2009:8 Kompetanseutvikling i barnever- net la ei ekspertgruppe fram forslag til kvalitetsut- vikling av studium og studiemiljø. BLD vil vurdere oppfølginga av utgreiinga i samarbeid med Kunn- skapsdepartementet. Departementet vil arbeide vidare med å spreie kunnskap om barnevernste- nesta til tenesta sine samarbeidspartnarar som til dømes barnehage og skole.

Departementet vil i 2010 styrkje arbeidet mot rus i barnevernet gjennom kompetanseheving og utvikling av gode tiltak. Målsetjinga er å avdekkje problema tidlegare og setje i verk tiltak.

I samarbeid med Helse- og omsorgsdeparte- mentet fører BLD vidare satsinga for å betre hjel- petilbodet retta mot barn av rusmisbrukande forel- dre og/eller barn som har foreldre som er psykisk sjuke.

Departementet vil vurdere korleis utgreiinga frå det offentlege utvalet som vart sett ned for å gjere ein heilskapleg gjennomgang av adopsjons- feltet skal bli følgt opp. Utvalet har mellom anna sett nærmare på oppgåvene og ansvaret til styres- maktene på dette feltet, og utgreiinga har omfatta både innanlandsadopsjon og utanlandsadopsjon.

Regjeringa har vedteke å styrkje og sikre barns rettar gjennom ei betre overvaking av gjennomfø- ringa av FNs konvensjon om barnerettane. Fleire tiltak er sette i verk. Mellom anna er det oppretta eit dialogforum mellom barne- og likestillingsmi- nisteren og ungdomsrepresentantar. Det er òg oppretta eit kontaktforum mellom dei departe- menta som har eit fagansvar for barnekonvensjo- nen. Desse vil bli førte vidare i 2010. BLD har gjen- nomført opplæringstiltak og informasjonstiltak og planlegg å føre dette arbeidet vidare i 2010.

Dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjo- nane er viktige aktørar i barne- og ungdomspolitik-

(15)

ken. BLD støttar det lokale, nasjonale og interna- sjonale arbeidet som organisasjonane utfører. Støt- ta er eit viktig verkemiddel for å sikre barn og unges deltaking og engasjement. Kontakten og dialogen med barne- og ungdomsorganisasjonane vil halde fram gjennom jamlege kontaktmøte og den årlege kontaktkonferansen. Det vil òg bli lagt vekt på kontakt med forskingsmiljø kring frivillig arbeid og barn og ungdoms deltaking.

Ei ekspertgruppe som fekk i oppdrag å greie ut ungdoms moglegheiter for eit positivt fritidsmiljø og deltaking og medverknad lokalt, la fram utgrei- inga si våren 2009. Gruppa kom med ei rekkje for- slag, og utgreiinga har vore ute på offentleg høy- ring. BLD vil i 2010 arbeide vidare med forslaga til ekspertgruppa.

Den særskilte satsinga retta mot barn, unge og familiar som er råka av fattigdomsproblem, gjen- nom tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn blir ført vidare. Det blir gitt stø- nad til ferie- og fritidstiltak og til tiltak som kan bidra til betre tilknyting til arbeidslivet for unge med lite eller mangelfull utdanning, og stønad til meir langsiktige og samordna tiltak som skal mot- verke utstøyting av barn og unge som er råka av fattigdomsproblem. BLD vil òg føre vidare tiltak mot barnefattigdom gjennom barnevernstenesta i 29 utvalde kommunar. Arbeidet skal gjennomførast i samarbeid med Bufdir og Helsedirektoratet, som har ei liknande satsing mot fattigdom knytt til sosi- altenesta. Arbeidet inngår i regjeringa sin Hand- lingsplan mot fattigdom.

BLD vil føre vidare den særskilte satsinga retta mot ungdom i alderen 15-25 år som står utanfor opplæring og arbeidsliv (Unge utenfor). Som eit ledd i satsinga har åtte kommunar/bydelar sett i gang utviklingsarbeid for å utvikle arbeidsmåtar og samarbeidsformer som gjer at ungdom kjem i opp- læring eller arbeid. Det er vidare sett i gang utgrei- ingar og forsking for å utvikle meir kunnskap.

Erfaringar og kunnskap frå arbeidet vil bli spreidde gjennom konferansar og publikasjonar.

1.3 Full likestilling mellom kvinner og menn

Regjeringa si prioritering av arbeidet for likestilling mellom kvinner og menn blir ført vidare. BLD har ei særleg pådrivarrolle for å integrere kjønns- og likestillingsperspektivet på alle politikkområde og forvaltingsnivå.

Kvart departement med underliggjande verk- semder skal utvikle strategiar og tiltak for å fremme likestilling mellom kjønna.

Stortingsmeldinga om menn, mannsroller og likestilling som blei behandla av Stortinget våren

2009, er eit viktig grunnlagsdokument for likestil- lingsarbeidet. Meldinga inneheld mange tiltak retta mot menn. Desse tiltaka skal bidra til å styr- kje mannsrolla og fremme likestilling mellom kjøn- na, for eksempel utvikling av eit landsdekkjande til- bod til fedrar om pappagrupper med sikte på å styr- kje foreldreskap og farsrolle. Eit anna eksempel er utgreiing om korleis gutar bruker det kommersi- elle valdstilbodet, og om gutars valdsforståing og valdsutøving. BLD vil følgje opp meldinga i 2010.

Likelønnskommisjonen si utgreiing NOU 2008:6 Kjønn og lønn. Fakta, analyser og virkemid- ler for likelønn har vore ute på brei høyring. Det er etablert ei partssamansett arbeidsgruppe som skal føreslå tiltak for å jamne ut lønnsforskjellane mel- lom kvinner og menn i staten.

BLD vil følgje opp arbeidet til statlege verksem- der med å leggje til rette for at medarbeidarane får moglegheit til å kombinere deltaking i arbeidslivet og omsorga for barn.

Departementet vil føre vidare innsatsen i det regionale likestillingsarbeidet. I 2010 vil departe- mentet følgje opp dei regionale sentra for likestil- ling, og ein skal her mellom anna sjå på korleis ein kan ta hand om og organisere det regionale like- stillingsarbeidet frå 2011.

Departementet vil framleis halde ein høg profil i det internasjonale samarbeidet på familie- og like- stillingsområdet. BLD vil, saman med andre depar- tement og frivillige organisasjonar, førebu marke- ringa av 100-årsjubileet for allmenn stemmerett i 2013.

1.4 Eit ikkje-diskriminerande samfunn for alle uavhengig av seksuell orientering, funksjonsevne, alder, etnisitet og religion

Ansvaret for å koordinere arbeidet for likestilling og mot diskriminering på ulike grunnlag ligg i BLD. BLD forvaltar store delar av likestillings- og diskrimineringslovgivinga og har eit pådrivaran- svar. Det er eit mål å sjå dei ulike diskriminerings- grunnlaga i samanheng.

Diskrimineringslovutvalet la 19. juni 2009 fram eit lovforslag i NOU 2009:14 Et helhetlig diskrimine- ringsvern. Utgreiinga er sendt ut på brei høyring.

Regjeringa har lagt fram Handlingsplan for bedre livskvalitet for lesbiske, homofile, bifile og transpersonar 2009–2012, Handlingsplan for uni- versell utforming og økt tilgjengelighet 2009–2013 og Handlingsplan for å fremme likestilling og hindre etnisk diskriminering 2009–2012. Tiltaka vil bli gjennomførte i samarbeid med ei rekkje ulike aktørar, som til dømes fleire departement, kommu- nar, organisasjonar og partane i arbeidslivet.

(16)

I Ot.prp. nr. 79 (2008–2009) har regjeringa lagt fram forslag til lovendringar som inneber at for- skjellsbehandling på grunn av seksuell orientering eller kjønn i trossamfunn skal vere sakleg begrunna. Det er òg føreslått å lovfeste forbod mot å spørje om graviditet, adopsjon og familieplanleg- ging i ein tilsetjingsprosess.

Regjeringa vil følgje opp aktivitets- og rapporte- ringsplikta for private og offentlege verksemder etter likestillingslova og dei andre diskriminerings- lovene. Fylkesmennene og dei regionale sentra for likestilling vil vere viktige partar i dette arbeidet.

Regjeringa tek sikte på å leggje fram ein propo- sisjon om ratifisering av FN-konvensjonen om ret- tane til menneske med nedsett funksjonsevne i vår- sesjonen 2010.

Regjeringa gav i 2009 frå seg ein rapport i sam- svar med FNs rasediskrimineringskonvensjon og vil i 2010 òg rapportere i medhald av FNs kvinne- konvensjon.

1.5 Eit samfunn utan vald i nære relasjonar

Vald i nære relasjonar er ein alvorleg trussel mot liv og helse. Den nye lova om krisesentertilbod, som blir sett i kraft 1. januar 2010, slår fast at det er eit kommunalt ansvar å syte for at personar som er utsette for vald i nære relasjonar, får vern, hjelp og oppfølging. Det statlege tilskotet til krisesenter- drift vil bli innlemma i rammetilskotet til kommu- nane frå 2011. For 2010 vil tilskot til krisesenter halde fram som ei øyremerka ordning. Løvingsfor- slaget gir rom for vidareføring av aktivitetsnivået frå 2009 med ein statleg finansieringsdel på 80 pro- sent av driftsutgiftene. Regjeringa føreslår at den statlege løyvinga i 2010 blir styrkt med 67 mill. kro- ner til endringar og forbetringar i krisesentertilbo- det for å tilfredsstille krava i lova.

Det er gjennomført ei evaluering av incestsen- tra sine tilbod, organisering og samarbeid med hjelpeapparatet. Evalueringa omfatta òg den lands- dekkjande incesttelefonen. Det er eit mål for regje- ringa å styrkje tilbodet til incestutsette. Evalue- ringa av incestsentra vil, saman med andre faglege innspel, leggje grunnlaget for å vurdere behovet for endringar i incestsentra sine tilbod, organise- ring og samarbeid med hjelpeapparatet elles, med tanke på ei styrking av tilbodet, òg til menn.

Regjeringa sin innsats mot kjønnslemlesting er styrkt. I 2009 har tre kommunar som ei prøveord- ning gitt tilbod om samtale og underlivsundersø- king til alle jenter og kvinner som kjem frå område der førekomsten av kjønnslemlesting ifølgje Ver- das helseorganisasjon er 30 prosent eller meir. Frå 2010 skal dette tilbodet gjerast gjeldande på lands-

basis. Arbeidet med å gjennomføre tiltaka i hand- lingsplanane til regjeringa mot kjønnslemlesting og tvangsekteskap held fram i 2010. Arbeidet skal følgjeevaluerast i planperioden. Tiltaka i handlings- planen mot vald i nære relasjonar og arbeidet mot menneskehandel blir gjennomførte i samarbeid med Justis- og politidepartementet og andre invol- verte aktørar.

I tråd med Soria Moria- erklæringa har regje- ringa starta arbeidet for å gjere hjelpe- og behand- lingstilbodet til valdsutøvarar landsdekkjande, mel- lom anna ved auka støtte til stiftinga Alternativ til vold (ATV) og til Bufetat region nord. Tilskotet til ATV vil bli ført vidare. I Finnmark, der det ikkje er eit eige ATV-kontor, skal familievernet i samarbeid med ATV gi eit hjelpe- og behandlingstilbod til valdsutøvarar. BLDs tilskot til ATV og Bufetat må sjåast i samanhang med Justis- og politideparte- mentets auka løyvingar til ATV.

1.6 Gode og trygge rammevilkår for forbrukarane

Regjeringa vil føre ein politikk som sikrar forbru- karane ei sterk stilling i samfunnet, medverkar til at forbrukarane blir informerte og opplyste, og fremmer eit forbruk som er sosialt og miljømessig berekraftig. Ei samla oversikt over alle tiltaka som har ei forbrukarpolitisk innretting, innanfor alle sektorar, er gitt i regjeringa sitt forbrukarpolitiske handlingsprogram 2008–2009, som vart lagt fram i juni 2008.

På dei fleste områda har norske forbrukarar gode og vel definerte rettar. Ikkje desto mindre er det viktig med informasjon og moglegheiter for å klage, slik at rettane også blir oppfylde i praksis.

Nokre saker dei seinare åra, til dømes salet av såkalla strukturerte spareprodukt, viser at det er behov for jamleg å halde auge med forbrukarane si stilling i ulike marknader. Dette gjeld særleg når marknader blir endra, anten gjennom innovasjon eller som følgje av nye konkurransetilhøve.

Ei undersøking frå 2008 viser at den belastinga på miljøet som forbruket til norske hushald repre- senterer, målt som økologisk fotavtrykk, har vore svakt aukande dei siste 20 åra. Det betyr at meir miljøtilpassa teknologi, og folk sine forsøk på å handle miljøvennleg, er blitt meir enn vege opp av konsekvensane av det auka forbruket.

Finansportalen (finansportalen.no), som blei etablert i 2008 for å betre informasjonen til forbru- karane om sparing, lån og forsikring, vil bli utvikla vidare i regi av Forbrukarrådet. I 2010 vil det mel- lom anna bli lansert ei marknadsoversikt over pen- geoverføringstenester til ulike land, med regelbun- den prisoppdatering.

(17)

Departementet vil leggje vekt på at også per- sonar med nedsett funksjonsevne får god forbru- karinformasjon.

Departementet vil medverke til at skolane innanfor Kunnskapsløftet gir elevar kunnskapar om berekraftig forbruk, reklame, kjønnsroller, kjø- pepress, personleg økonomi og digitale medium.

Elevane skal bli i stand til å opptre som medvitne og sjølvstendige forbrukarar.

For at forbrukarane skal kunne leggje vekt på etiske, sosiale og miljømessige aspekt ved pro- dukta eller produksjonen, må det finnast lett til- gjengeleg, standardisert og kvalitetssikra informa- sjon om dette. Slik informasjon kan mellom anna bli formidla gjennom ulike merkeordningar.

Departementet vil derfor gjennom stiftelsen Miljø- merking medverke til å styrkje og utvikle vidare dei offisielle miljømerka, Svanen og Blomen.

Utanrettsleg handsaming i Forbrukartvistutva- let (FTU) og nemnder er eit rimeleg og effektivt alternativ til domstolshandsaming av forbru- kartvistar. Departementet vil derfor greie ut kor-

leis ein kan utvikle FTU og dei bransjevise klage- nemndene vidare for å få til eit meir heilskapleg og effektivt system for å løyse slike tvistar.

Departementet vil ta vare på norske forbrukar- interesser gjennom samarbeid med dei andre nor- diske landa og gjennom arbeid overfor EU/EØS og OECD.

1.7 Ei kvalitetsbevisst, effektiv og open barne-, familie- og

forbrukarforvalting

Departementet vil sikre ei kvalitetsbevisst, effektiv og open barne-, likstillings- og forbrukarforvalting gjennom effektiv styring, organisering og drift av sektoren.

Eit eksempel på tiltak for å betre effektiviteten i forvaltinga er etableringa av Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker som ein eigen etat med økonomi- og resultatansvar underlagt BLD. Sjå nærmare omtale under kap. 853 Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker.

(18)

2 Oversikt over budsjettforslaget for BLD

2.1 Forslag til utgifter og inntekter fordelte på kapittel og postgrupper Utgifter fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap. Nemning Rekneskap

2008 Saldert

budsjett 2009 Forslag

2010 Pst. endr.

09/10 Administrasjon

800 Barne- og likestillingsdepartementet 110 863 117 900 118 301 0,3

Sum kategori 11.00 110 863 117 900 118 301 0,3

Tiltak for familie og likestilling

830 Foreldrerettleiing 3 498

840 Krisetiltak 246 022 260 093 349 418 34,3

841 Samliv og konfliktløysing 27 736 31 535 33 545 6,4

842 Familievern 299 459 315 017 324 563 3,0

843 Likestillings- og diskriminerings-

nemnda 1 977 2 247 2 272 1,1

844 Kontantstøtte 1 690 236 1 472 000 1 418 000 -3,7

845 Barnetrygd 14 558 364 14 590 000 14 820 000 1,6

846 Forskings- og utgreiingsverksemd,

tilskot mv. 61 740 59 442 66 494 11,9

847 Tiltak for personar med nedsett

funksjonsevne 182 252 203 492 210 003 3,2

849 Likestillings- og diskriminering-

sombodet 30 843 48 574 51 128 5,3

Sum kategori 11.10 17 102 127 16 982 400 17 275 423 1,7

Tiltak for barn og ungdom

850 Barneombodet 10 346 10 309 12 423 20,5

852 Adopsjonsstønad 12 531 20 045 16 677 -16,8

853 Fylkesnemndene for barnevern og

sosiale saker 118 276

854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet 536 621 650 123 668 393 2,8

855 Statleg forvalting av barnevernet 4 613 233 4 650 765 4 931 508 6,0 856 Barnevernets omsorgssenter for

einslege, mindreårige asylsøkjarar 184 615 384 150 580 500 51,1

857 Barne- og ungdomstiltak 187 102 211 318 198 600 -6,0

(19)

Utgifter fordelte på postgrupper

858 Barne-, ungdoms- og familie-

direktoratet 192 314 201 041 224 935 11,9

859 EUs ungdomsprogram 6 533 6 893 6 962 1,0

Sum kategori 11.20 5 743 295 6 134 644 6 758 274 10,2

Forbrukarpolitikken

860 Forbrukarrådet 91 654 94 137 105 449 12,0

862 Positiv miljømerking 4 341 4 532 4 677 3,2

865 Forbrukarpolitiske tiltak og inter-

nasjonalt samarbeid 26 071 25 151 13 028 -48,2

866 Statens institutt for forbruksforsking 25 010 25 660 26 481 3,2 867 Sekretariatet for Forbrukartvist-

utvalet og Marknadsrådet 6 248 7 449 7 536 1,2

868 Forbrukarombodet 21 413 19 533 20 888 6,9

Sum kategori 11.30 174 737 176 462 178 059 0,9

Sum programområde 11 23 131 022 23 411 406 24 330 057 3,9

Stønad ved fødsel og adopsjon

2530 Foreldrepengar 12 366 821 12 856 500 14 216 000 10,6

Sum kategori 28.50 12 366 821 12 856 500 14 216 000 10,6

Sum programområde 28 12 366 821 12 856 500 14 216 000 10,6

Sum utgifter 35 497 843 36 267 906 38 546 057 6,3

(i 1 000 kr)

Post-gr. Nemning Rekneskap

2008 Saldert

budsjett 2009 Forslag

2010 Pst. endr.

09/10

01-23 Drift 5 441 529 5 631 454 6 120 996 8,7

30-49 Nybygg og anlegg 32 203 63 288 64 997 2,7

50-59 Overføringar til andre statsrekne-

skapar 182 217 206 269 220 848 7,1

60-69 Overføringar til kommunar 659 227 798 723 1 040 559 30,3

70-98 Overføringar til private 29 182 667 29 568 172 31 098 657 5,2 Sum under departementet 35 497 843 36 267 906 38 546 057 6,3 (i 1 000 kr)

Kap. Nemning Rekneskap

2008 Saldert

budsjett 2009 Forslag

2010 Pst. endr.

09/10

(20)

Inntekter fordelte på kapittel

2.2 Postar med stikkordet kan overførast

Under Barne- og likestillingsdepartementet blir stikkordet føreslått knytt til desse postane utanom postgruppe 30-49

(i 1 000 kr)

Kap. Nemning Rekneskap

2008 Saldert

budsjett 2009 Forslag

2010 Pst. endr.

09/10 Administrasjon

3800 Barne- og likestillingsdepartementet 2 535

Sum kategori 11.00 2 535

Tiltak for familie- og likestilling

3842 Familievern 5 246 900 560 -37,8

3846 Forskings- og utgreiingsverksemd,

tilskot mv. 1 266

Sum kategori 11.10 6 512 900 560 -37,8

Tiltak for barn og ungdom

3850 Barneombodet 550

3854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet 16 413 35 623 51 917 45,7

3855 Statleg forvalting av barnevernet 974 634 997 622 999 046 0,1 3856 Barnevernets omsorgssenter for

einslege mindreårige asylsøkjarar 135 200 254 000 424 928 67,3 3858 Barne-, ungdoms- og familiedirekto-

ratet 5 156 433 433 0,0

3859 EUs ungdomsprogram 3 817 2 300 2 300 0,0

Sum kategori 11.20 1 135 770 1 289 978 1 478 624 14,6

Forbrukarpolitikken

3867 Sekretariatet for Forbrukartvist-

utvalet og Marknadsrådet 49

3868 Forbrukarombodet 1 667

Sum kategori 11.30 1 716

Sum programområde 11 1 146 533 1 290 878 1 479 184 14,6

Sum inntekter 1 146 533 1 290 878 1 479 184 14,6

(i 1 000 kr)

Kap. Post Nemning Overført til

2009 Forslag 2010 846 79 Tilskot til internasjonalt familie- og likestillingsarbeid 10 247

847 71 Tiltak for auka tilgjenge og universell utforming 20 484

857 73 Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn 1 802 47 078

857 79 Tilskot til internasjonalt ungdomssamarbeid mv. 8 358 33 698

859 01 Driftsutgifter 3 177 6 962

865 21 Spesielle driftsutgifter 1 173 8 644

865 79 Rammeprogrammet til EU om forbrukarpolitikk 1 687 4 384

(21)

2.3 Meirinntektsfullmakter

BLD føreslår at departementet i 2010 kan:

overskride løyvinga på mot tilsvarande meirinntekter under

kap. 842 post 01 kap. 3842 post 01

kap. 855 post 01 kap. 3855 postane 01, 02, 03 og 60

kap. 856 post 01 kap. 3856 post 01

kap. 858 post 01 kap. 3858 post 01

kap. 859 post 01 kap. 3859 post 01

kap. 868 post 01 kap. 3868 post 01

(22)
(23)

Nærmare om budsjettforslaget

(24)
(25)

Programområde 11

Programkategori 11.00 Administrasjon

Kap. 800 Barne- og likestillingsdepartementet

Resultatrapport 2008/2009

Rapporteringa tek utgangspunkt i dei delmåla som blei presenterte i St.prp. nr. 1 (2007-2008).

Effektiv organisering og drift av departementet og tilknytte etatar

Samsvar mellom prioriteringar og ressursar

Departementet har sett i verk tiltak for å gi eit best mogleg samsvar mellom oppgåveprioritering, res- sursallokering og bruk av den samla kompetansen i departementet. Departementet har mellom anna ein ressursbank som inneber at ein viss del av fel- lesmidlane ikkje blir fordelte ved starten av året, men blir brukte seinare i budsjettåret til høgt prio- riterte oppgåver der ein treng styrking av kapasitet og kompetanse.

Fleire avdelingar har heilt eller delvis teke i bruk nye måtar å arbeide på slik at det er faggrup- per og lag som er dei sentrale arbeidseiningane.

Formålet er mellom anna å gjere det lettare å trekkje på relevant kompetanse og ressursar på tvers av det tradisjonelle hierarkiet. Dei nye arbeidsformene har blitt evaluerte, og det er gjort justeringar i strukturar og arbeidsprosessar.

Etter overføring av IKT-drifta til Servicesente- ret til departementa (DSS) i 2006 har DSS drifta IKT-systema til departementet. I 2008 blei nyutvi- kla, standardiserte IKT-løysingar tekne i bruk.

Styringa frå departementet av tilknytte etatar medverkar til rasjonell drift innanfor rammer og regelverk

Departementet har gjennom styringsdialog og til- delingsbrev lagt vekt på at verksemdene skal leg- gje opp si eiga drift på ein rasjonell måte. Det har vore lagt ned særleg mykje arbeid i etatstyringa av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, som er den største verksemda. Frå 1. januar 2009 vart ansvaret for omboda overført frå fagavdelingane til Plan- og administrasjonsavdelinga for å sikre ein meir einsarta styringsdialog med desse.

Alle verksemder er i gang med å etablere sys- tem for risikovurdering og risikostyring, men implementeringa er ikkje fullt ut gjennomført i alle verksemdene. Departementet følgjer opp dette arbeidet overfor verksemdene.

Ivaretaking av kjønnsperspektivet

Departementet har sett i verk tiltak som skal bidra til at kjønnsperspektivet skal bli meir innarbeidd, mellom anna gjennom førebuing av denne proposi- sjonen og gjennom at det blir lagt vekt på den interne kjønnsbalansen i departementet ved tilset- tingar.

(i 1 000 kr)

Post Nemning Rekneskap

2008 Saldert

budsjett 2009 Forslag 2010

01 Driftsutgifter 105 137 111 940 112 150

21 Spesielle driftsutgifter 5 726 5 960 6 151

Sum kap. 800 110 863 117 900 118 301

(26)

Relevant informasjonsformidling om politikkområda til BLD

Høg informasjonsberedskap basert på informasjonsstrategien til BLD

I samband med stortingsmeldingar, proposisjonar, høyringar, reformer og den aktuelle samfunns- debatten har departementet gjennomført fleire omfattande informasjonstiltak. Fagavdelingane sine planar for verksemda er gjennomgått jamleg for å avdekkje informasjons- og kommunikasjons- behov.

BLD har i aukande grad lagt vekt på kommuni- kasjonselementet og elektronisk informasjon.

Departementet har elles informert direkte gjennom kanalar som seminar, møte og konferan- sar, og i samarbeid med organisasjonar og andre etatar. BLDs heimeside bld.dep.no og det elektro- niske magasinet Familia har i 2008 blitt oppdaterte

for å sikre publikum aktuell, korrekt og relevant informasjon. Departementet registrerte 48 prosent fleire treff på heimesida frå mai 2008 til mai 2009.

I aktuelle saker er det utarbeidd eigne planar for informasjons- og kommunikasjonsverksemda, med mål, situasjonsanalyse, vurdering av viktige målgrupper og val av informasjonskanalar. Bered- skapen i departementet er styrkt.

Ein stor del av kommunikasjonsverksemda går med til å handsame informasjonsbehov hos norske og utanlandske medium. Viktige tema har vore barnevern, familiepolitikk, menneskehandel og adopsjon. Media i andre land har i særleg grad synt interesse for likestillingsområdet og kvinners posisjon i arbeidslivet.

Mål og strategiar

For 2010 blir følgjande mål prioriterte:

Effektiv organisering og drift av departementet Departementet har i 2008 gjennomført ei fullsten- dig risikovurdering av alle relevante mål i verksemdsplanen. Departementet vil i 2010 arbeide vidare med implementering av risikosty- ring i den ordinære mål- og resultatstyringa i departementet.

Departementet vil arbeide vidare med å styrkje kompetansen innanfor regelverket for offentlege innkjøp i departementet og vil utarbeide nye ruti- nar for handtering av slike saker.

Omfattande bruk av IKT i oppgåveløysinga gjer at stabile og tilgjengelege IKT-system og -utstyr er ein kritisk faktor for effektiviteten i departementet.

Likeins er gode kunnskapar om systema, og dug- leik i bruken av desse, avgjerande for å få nytta det potensialet som ligg i gode IKT-løysingar. Opp- læring av dei tilsette vil derfor ha høg prioritet i arbeidet framover.

I 2009 starta innføringa av eit nytt system for elektronisk sakshandsaming i fleirtalet av departe- menta. BLD vil venteleg kome med i 2010. Det nye systemet skal effektivisere arbeidsprosessane og lette samhandlinga på tvers av avdelings- og departementsgrenser.

Effektiv organisering og drift av tilknytte verksemder

Effektive etatar er avgjerande for å nå måla for sek- toren. Departementet vil leggje vekt på at styringa til departementet stimulerer verksemdene til å leg- gje opp drifta si rasjonelt og målretta gjennom tydelege styringssignal i tildelingsbrev og styrings- dialog. Mål- og resultatstyring skal vere hovud- modellen for departementets styring med risiko- styring som ein integrert del. Departementet vil medverke til at alle verksemdene implementerer risikostyring i 2010.

Høg informasjonsberedskap basert på informasjonsstrategien til BLD

BLDs fagområde og avdelingane sine planer for verksemda blir regelmessig gjennomgått for å avklare informasjons- og kommunikasjonsbehov.

Departementet kartlegg kvar veke potensielle saker der informasjons- og kommunikasjonstiltak vil vere viktige verkemiddel. Departementet vurde- rer kontinuerleg rutinar og verktøy for å sikre at saker som krev informasjonstiltak blir identifiserte og følgde opp.

Delmål

Effektiv organisering og drift av departementet Effektiv organisering og drift av tilknytte verksemder

Høg informasjonsberedskap basert på BLDs informasjonsstrategi

(27)

Departementet skal iverksetje den nye statlege kommunikasjonspolitikken.

I alle aktuelle saker skal det utarbeidast eigne planar for informasjonstiltaka, på grunnlag av BLDs kommunikasjonsstrategi. I planarbeidet inn- går situasjonsanalyse, avklaring av aktuelle mål- grupper og val av kanal for kommunikasjon.

Departementet skal leggje vekt på publikumsvenn- leg, open, fullstendig og korrekt informasjon til rett tid.

BLD skal drive aktiv kommunikasjonsverk- semd og ta eigne initiativ til informasjon. Mykje av verksemda går med til handsaming av informa- sjonsbehov i media, som er ein viktig kanal til publikum.

Departementet arbeider kontinuerleg med å utvikle kommunikasjonsverksemda, særleg gjen- nom nettbaserte tenester. Det skal arbeidast med auka grad av tovegs kommunikasjon med publi- kum.

Nærmare om budsjettforslaget Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga skal dekkje lønn til stillingar og andre driftsutgifter i departementet.

I samband med at Fylkesnemndene for barne- vern og sosiale saker blir utskilt som eigen verk- semd, vil DSS ikkje lenger utføre lønns- og rekne- skapstenester for desse. Midlane til dette arbeidet (850 000 kroner) er dermed flytte til kap. 853 Fyl- kesnemndene for barnevern og sosiale saker, post 01. Posten er vidare redusert med 121 000 kroner som følgje av at lønns- og rekneskapstenestene no skal inngå som standardteneste frå DSS. Posten er samla føreslått redusert med 971 000 kroner frå saldert budsjett 2009.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Løyvinga skal dekkje utgifter til tenestemenn som er lånte ut til Europakommisjonen på likestillings-, barne- og ungdomsfeltet, utvalsarbeid og andre tidsavgrensa oppdrag.

(28)

Programkategori 11.10 Tiltak for familie og likestilling

Utgifter under programkategori 11.10 fordelte på kapittel

Utgifter under programkategori 11.10 fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Kap. Nemning Rekneskap

2008 Saldert

budsjett 2009 Forslag

2010 Pst. endr.

09/10

830 Foreldrerettleiing 3 498

840 Krisetiltak 246 022 260 093 349 418 34,3

841 Samliv og konfliktløysing 27 736 31 535 33 545 6,4

842 Familievern 299 459 315 017 324 563 3,0

843 Likestillings- og diskriminerings-

nemnda 1 977 2 247 2 272 1,1

844 Kontantstøtte 1 690 236 1 472 000 1 418 000 -3,7

845 Barnetrygd 14 558 364 14 590 000 14 820 000 1,6

846 Forskings- og utgreiingsverksemd,

tilskot mv. 61 740 59 442 66 494 11,9

847 Tiltak for personar med nedsett

funksjonsevne 182 252 203 492 210 003 3,2

849 Likestillings- og diskriminering-

sombodet 30 843 48 574 51 128 5,3

Sum kategori 11.10 17 102 127 16 982 400 17 275 423 1,7

(i 1 000 kr)

Post-gr. Nemning Rekneskap

2008 Saldert

budsjett 2009 Forslag

2010 Pst. endr.

09/10

01-23 Drift 285 504 288 590 286 834 -0,6

50-59 Overføringar til andre statsrekne-

skapar 46 413 66 490 68 297 2,7

60-69 Overføringar til kommunar 213 160 222 272 312 097 40,4

70-98 Overføringar til private 16 557 050 16 405 048 16 608 195 1,2

Sum kategori 11.10 17 102 127 16 982 400 17 275 423 1,7

(29)

Inntekter under programkategori 11.10 fordelte på kapittel

Hovudinnhald og prioriteringar

Programkategori 11.10 Tiltak for familie og likestil- ling inneheld løyvingar til samlivstiltak, foreldre- rettleiing, krisetiltak, konfliktløysing ved samlivs- brot, familievern, kontantstøtte, barnetrygd, familie- og likestillingspolitisk forsking og opp- lysningsarbeid, og løyvingar til Likestillings- og diskrimineringsombodet. Budsjettforslaget på pro- gramkategorien viser ein auke på 1,7 prosent, sjølv om forslaget på einskilte kapittel, har ein betydeleg

auke. Bakgrunnen for den låge veksten er i hovud- sak nedjustering av kontantstøtta i tråd med utbyg- ging av barnehageplassar.

Hovudprioriteringar under Tiltak for familie og likestilling er:

– Lov om kommunale krisesentertilbod blir sett i kraft 1. januar 2010

– tilbod om samtalegrupper for barn og unge som opplever samlivsbrot

– oppretting av ein familie- og likebehandlingsråd i Brüssel (frå september 2009).

Kap. 830 Foreldrerettleiing

Resultatrapport 2008/2009

Rapporteringa tek utgangspunkt i dei delmåla som vart presenterte i St.prp. nr. 1 (2007-2008). Kapitlet er avvikla frå budsjettåret 2009, og midlane er lagde inn under kap. 858 Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, post 01 Driftsutgifter.

Tilbod om foreldrerettleiing

Gode tilbod over heile landet

Bufdir har sidan 2007 ansvar for å følgje opp arbei- det med Program for foreldreveiledning. I 2008 blei det mellom anna satsa på utbygging av opplærings- tilbod. Det vart sertifisert 17 og sett i gang opplæ- ring av ti nye trenarar, og gjennomført opplæring av rettleiarar i 37 kommunar. Samla sett kan 87 kommunar og bydelar no gi tilbod om foreldrerett- leiing. Det blei også halde ei nasjonal nettverks- samling for sertifiserte trenarar og trenarkandida-

tar i basis- og minoritetsprogrammet. 80 helsesys- trer, hovudsakleg i Troms fylke, fekk opplæring i nytt foreldrerettleiingsmateriell til bruk på helse- stasjonane, for å styrkje den grunnleggjande rela- sjonen og samspelet mellom barn og foreldre. Det har dessutan vore arbeidd med å utvikle nytt mate- riell, oppdatere og omsetje eksisterande materiell.

I 2008 starta ei større evaluering av programmet.

Gode tilbod tilpassa målgrupper med særskilde behov

Det blei gitt tilbod om opplæring i foreldrerettlei- ing overfor foreldre med minoritetsbakgrunn.

Minoritetsprogrammet blei tilbydd ti kommunar i tre regionar, og det vart sertifisert 38 rettleiarar i desse kommunane. I tillegg gav ti tidlegare sertifi- serte kommunale trenarar rettleiaropplæring i eigne kommunar. Det blei i regi av International Child Development Programme (ICDP) Norge (i 1 000 kr)

Kap. Nemning Rekneskap

2008 Saldert

budsjett 2009 Forslag

2010 Pst. endr.

09/10

3842 Familievern 5 246 900 560 -37,8

3846 Forskings- og utgreiingsverksemd,

tilskot mv. 1 266

Sum kategori 11.10 6 512 900 560 -37,8

(i 1 000 kr)

Post Nemning Rekneskap

2008 Saldert

budsjett 2009 Forslag 2010 21 Spesielle driftsutgifter, foreldrerettleiing,

kan nyttast under kap. 854 post 21 3 498

Sum kap. 830 3 498

(30)

gjennomført opplæring av tilsette i sju asylmottak.

Programmet er prøvd ut for foreldre i mottaka, og direktoratet har teke del i opplæringa og utfor- minga av prosjektet. Pilotprosjekt for tilpassing av foreldrerettleiingsprogrammet til innsette i fengsel blei ført vidare som eit fast program gjennom Kri- minalomsorgas utdanningssenter. I tillegg vart det

sett i verk eit pilotprosjekt for å vurdere utbytet av å tilby Program for foreldrerettleiing for fosterforel- dre.Foreldreretta tiltak i planen Strategi mot seksu- elle og fysiske overgrep mot barn (2005-2009) blir også følgde opp.

Kap. 840 Krisetiltak

Resultatrapport 2008/2009

Rapporteringa tek utgangspunkt i dei delmåla som vart presenterte i St.prp. nr. 1 (2007-2008).

Krise- og incestsenter med god kvalitet og tilgjenge

Godt tilbod til brukarar med særlege behov

Det er 51 krisesenter, to valdtektssenter og 20 incestsenter i landet, av desse er tre kombinerte krise- og incestsenter. Eitt av incestsentra er berre for menn. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) har forvaltingsansvaret for statstilskot til krise- og incestsentra.

Bufdir tildelte 158,7 mill. kroner til krise- og valdtektssentra og 54,5 mill. kroner til incestsentra i 2008. Samanlikna med 2007 er dette ein auke på om lag 9 prosent for både krisesentra og incestsentra.

For å vurdere effekten av omlegginga frå 50-50- finansiering mellom kommune og stat til 20-80-for- deling, har Bufdir granska kostnadsutviklinga ved krisesentra i perioden 2005-2008. Det vart samla inn datamateriale frå 49 av totalt 51 krisesenter.

Hovudfunna var at talet på tilsette i faste stillingar har auka, at bruken av frivillige vakter er redusert, medan kostnadene til vaktordning har auka.

Lønnsveksten er den viktigaste forklaringsfaktoren til kostnadsveksten. Innføring av pensjonsordning ved fleire senter gir òg kostnadsvekst.

I 2008 budde det til saman 1 506 barn på krise- senter, og mange hadde gjentekne opphald. Nasjo-

nalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS) sin rapport Barns erfaringer fra livet på krisesenter – En landsomfattende studie om flukten, oppholdet og forestillinger om framtiden vart offent- leggjort i juni 2009. Dette er den første landsomfat- tande studien om barn på krisesenter, og studien gir systematisert kunnskap om barna, deira situa- sjon og kva utfordringar dei møter, og deira behov for informasjon, hjelp og oppfølging. NKVTS pei- kar mellom anna på at tilbodet til barn er svært for- skjellig frå senter til senter. Sjølv om rundt halvpar- ten av krisesentra har eigne tilsette som primært arbeider med barn, viser rapporten at mange av dei som arbeider med barn ikkje har barnefagleg utdanning.

I 2008 hadde 59,5 prosent av bebuarane på kri- sesentra etnisk minoritetsbakgrunn.

Eitt av sentra hadde hausten 2007 sett i gang eigne tiltak retta mot kvinner med etnisk minori- tetsbakgrunn mellom anna i form av brosjyrer og tilbod om opplæring i bruk av bank, post mv. I til- skotsbreva blir det presisert at krisesentra skal leggjast best mogleg til rette for alle aktuelle bru- kargrupper. For å nå målet har Bufdir kartlagt sta- tus frå og med 2007. Ved utgangen av 2008 hadde 16 av 19 fylke eitt eller fleire krisesenter som er til- gjengelege for personar med nedsett funksjons- evne. Bufdir har, i samarbeid med Husbanken, søkt å stimulere til auka bruk av Husbankens låne- ordning til tiltak for betring av tilgjenge for per- sonar med nedsett funksjonsevne, jf. diskrimine- rings- og tilgjengelova som blei sett i kraft frå (i 1 000 kr)

Post Nemning Rekneskap

2008 Saldert

budsjett 2009 Forslag 2010

21 Spesielle driftsutgifter 21 321 25 319 13 919

60 Tilskot til krisesenter 158 666 165 000 250 292

61 Tilskot til incestsenter, overslagsløyving 54 494 57 272 61 805 70 Tilskot til valdsførebyggjande tiltak mv., kan nyttast

under kap. 858 post 01 11 541 12 502 23 402

Sum kap. 840 246 022 260 093 349 418

(31)

1. januar 2009. Dette inngår i oppfølginga av tiltak 8 i regjeringas handlingsplan mot vald i nære relasjo- nar om tilgjenge til krisesentra for alle aktuelle brukargrupper. Offentlege driftstilskot utgjer det sentrale verkemiddelet i tilrettelegginga av sentra.

Som del av tiltak 27 i Handlingsplan mot vold i nære relasjoner har Barne-, ungdoms- og familie- etaten (Bufetat) gjennomført prosjektet Barn på krisesenter, eit regionalt samarbeidsprosjekt i Drammensregionen i perioden 2006–2008. Pro- sjektet har resultert i eit forslag til samarbeidsmo- dell mellom hjelpeinstansar og ein minimumsstan- dard for hjelp til og oppfølging av barn på krisesen- ter. Målet er at modellen for samarbeid og kunnskapen om barn som blir utsette for vald skal takast i bruk over heile landet. Det er utarbeidd ei elektronisk handbok som skal tene som oppslags- verk for hjelpeinstansar som skal tryggje og ta vare på barn som er utsette for vald i nære relasjonar.

Det er eit mål at dei Regionale ressurssentra om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebyg- ging (RVTS) skal hjelpe krisetiltaka med kompe- tanseutvikling, informasjon, rettleiing og etable- ring av nettverk. RVTS Sør har i 2008-2009 i opp- drag å utvikle rutinar for korleis krisesentra skal møte valdsutsette kvinner med alvorlege ruspro- blem og/eller omfattande psykiske problem. Det skal òg utviklast rutinar for at relevante aktørar

kan samarbeide for å gi eit alternativt tilbod der det er aktuelt. Rutinane, som skal ferdigstillast i løpet av 2009, er eit tiltak i Handlingsplan mot vold i nære relasjoner.

RVTS Øst har fått i oppdrag å utvikle og gjen- nomføre eit landsdekkjande kompetansehevings- program for krisesentermedarbeidarar. Målsetjin- ga er å heve kompetansen til krisesentermedarbei- darar over heile landet gjennom sentrale og regionale kurs. Arbeidet med å utvikle program- met starta opp i 2008, og den første samlinga blei gjennomført i mai 2009. Kompetansehevingspro- grammet til RVTS Øst omhandlar òg arbeid med kvinner med etnisk minoritetsbakgrunn. I 2008 fekk ni organisasjonar tilskot på til saman 0,5 mill.

kroner til tiltak mot vald i nære relasjonar.

Leggje fram forslag til lovfesting av krisesentertilbodet

Departementet har greidd ut lovfesting av ei kom- munal plikt til å sørgje for eit krisesentertilbod.

Forslaget vart sendt ut på offentleg høyring i okto- ber 2008, og våren 2009 la departementet fram ein odelstingsproposisjon med forslag til lov om kom- munale krisesentertilbod. Lova blei vedteken av Stortinget i juni 2009.

I 2008 var det 374 frivillig tilsette ved desse krisesentra, alle var kvinner (Sentio Research Noreg AS).

Oversikten for 2008 er utarbeidd av Sentio Research Norge AS.

Tabell 3.1 Krisesentra. Tal på tilsette fordelte på kvinner og menn i perioden 2005-2008

Tilsette 2005 2006 2007 2008

Kvinner

Menn 353

8 369

9 383

10 416

10

I alt 361 378 393 426

Tabell 3.2 Aktiviteten ved krisesentra 2005-2008

2005 2006 2007 2008

Talet på registrerte krisetelefonar 12 258 12 811 13 796 12 008

Talet på dagvitjingar 7 550 8 817 7 640 7 310

Talet på personar som overnatta på krisesentra, av desse 3 365 3 387 3 217 3 252

-kvinner 1 867 1 899 1 790 1 742

-barn 1 486 1 488 1 420 1 506

-menn 12 0 7 4

Gjennomsnittleg opphaldstid på krisesentra for bebuarar

(talet på døgn), av desse for 22 24 28 30

-kvinner med norsk bakgrunn 18 18 24 22

-kvinner med etnisk minoritetsbakgrunn 32 31 34 36

Del av bebuarar med etnisk minoritetsbakgrunn 51 56 58 59,5

(32)

Tala for 2005-2007 refererer seg til 18 av 20 incestsenter. Tala for 2008 er henta frå alle 20 sentra. Halvparten av incestsentra hadde mannlege tilsette i 2008.

Mindre vald mot kvinner og barn

Evaluering av tilboda og organiseringa av incestsentra

I samband med drøftinga av stortingsmeldinga om incestsentra (St.meld. nr. 13 (2004-2005)) bad Stor- tinget regjeringa om å evaluere dei frivillig organi- serte incestsentra. Evalueringa omfattar incestsen- tras tilbod, organisering og samarbeid med det offentlege hjelpeapparatet og den landsdekkjande incesttelefonen. Evalueringa skal danne grunnlag for å utvikle og betre incestsentertilbodet, slik at dette frivillige lavterskeltilbodet er best mogleg til- passa behovet til brukarane. Evalueringa av incest- sentra vart gjennomført av Nordlandsforskning hausten 2008 - våren 2009. Evalueringa viser at brukarane av incestsentra og samarbeidande kom- munar som er omfatta av evalueringa, i all hovud- sak er nøgde med det tilbodet incestsentra gir.

Nordlandsforskning peiker likevel på ei rekkje utfordringar for incestsentra og tilbodet til incest- utsette:

– behov for styrkt kontroll og innsyn i verksemda ved incestsentra

– utfordringar knytte til tilgjenge, innhald og bru- kargrupper ved sentra som må sjåast i saman- heng med tilbodet frå resten av hjelpeapparatet – incestsentra når ikkje godt nok ut til personar med nedsett funksjonsevne, personar med minoritetsbakgrunn og menn

– behov for styrkt samarbeid med offentleg hjel- peapparat

– å sikre finansiering er framleis ei utfordring for om lag halvparten av incestsentra

Med midlar frå BLD gjennomførte Kirkens res- surssenter i januar 2009 ein internasjonal konfe- ranse om gutar og menn som blir utsette for seksu-

elle overgrep. Formålet med konferansen var å bidra til auka merksemd kring feltet og bidra til å synleggjere den kunnskapen som allereie finst på forskings- og behandlingssida. Kirkens ressurs- senter har utarbeidd ein fagleg rapport frå konfe- ransen med forslag til tiltak og tilrådingar som vil bli vurdert av departementet i det vidare arbeidet.

Gjennomføre departementets tiltak i regjeringas handlingsplan mot vald i nære relasjonar

I desember 2008 presenterte regjeringa Handlings- plan mot vold i nære relasjoner (2008-2011). Justis- og politidepartementet koordinerer planen. Hand- lingsplanen inneheld 50 tiltak for å førebyggje vald i nære relasjonar. BLD er ansvarleg for gjennom- føringa av fleire av tiltaka som vart sette i verk frå 2008.

NKVTS har i 2008 sett i verk ei undersøking om vald og overgrep mot menn i nære relasjonar og deira behov for hjelp. Resultata frå undersøkin- ga skal leggje grunnlaget for vidare metode- og til- taksutvikling på feltet. NKVTS innhentar også kunnskap om vald og overgrep blant kvinner med nedsett funksjonsevne og deira hjelpebehov, slik at dei kan føreslå tiltak som kan styrkje tilbodet om hjelp til denne gruppa. Arbeidet starta opp hausten 2008, og ein rapport skal vere ferdig innan utgan- gen av 2009.

I dei seinare åra har det skjedd ei endring i samansetjinga av brukargruppene ved krisesentra, slik at delen kvinner med etnisk minoritetsbak- grunn har auka og utgjer no nærmare 60 prosent av brukarane av butilboda. I 2008 starta NKVTS opp ei undersøking om årsaker til endringane knytte opp mot dei behova som ulike brukargrup- per har for informasjon, hjelp og oppfølging. Slutt- rapport skal vere ferdig hausten 2009.

Tabell 3.3 Incestsentra. Tal på brukarar og tilsette fordelte på kvinner og menn i perioden 2005-2008

2005 2006 2007 2008

Første gongs kontakt med incestutsette

Kvinner 1 485 1 610 1 462 1 569

Menn 442 450 501 574

I alt 1 927 2 060 1 963 2 143

Tilsette

Kvinner 75 87 104 131

Menn 5 10 10 16

I alt 80 97 114 147

(33)

I tråd med Soria Moria-erklæringa etablerer regjeringa eit landsdekkjande hjelpe- og behand- lingstilbod til valdsutøvarar. Stiftinga Alternativ til vold (ATV) er sentral i eit slikt tilbod. I 2008 vart det etablert ytterlegare tre behandlingstilbod i regi av ATV i Stavanger, Arendal og Kristiansand.

Desse kjem i tillegg til allereie eksisterande verk- semd i Oslo, Drammen, Vestfold, Asker/Bærum og Telemark. Det skal etablerast ytterlegare fire til- bod i Hordaland, Troms, Nordland og Hedmark/

Oppland i 2009. For Finnmark skal det utviklast eit behandlingstilbod som eit samarbeid mellom ATV og det statlege familievernet (Bufetat).

For ytterlegare omtale av tiltak i handlingspla- nen, sjå omtale under punktet Godt tilbod til bruka- rar med særlege behov.

Gjennomføre departementets tiltak i regjeringas handlingsplan mot menneskehandel

Justis- og politidepartementet koordinerer planen.

I 2008 har BLD gjennomført informasjonstiltak for å redusere etterspurnad etter seksuelle tenester.

Det har blitt oppretta ei eiga kampanje-nettside:

stoppmenneskehandel.no og ei nettside hos Reform – ressurssenter for menn: sexhandel.no. I perioden 2006-2008 har det vore gjennomført ulike kampan- jar med formidling av bodskapen Sexkjøp kan vere slavehandel på nakkestøttene i drosjer i Oslo og på informasjonsskjermane ved ei rekkje flyplassar i Noreg. Vidare er det gjennomført etikkundervi- sing ved krigsskolane i Noreg og på fleire vidare- gåande skolar, mellom anna for å førebyggje at unge gutar i risikogruppa kjøper sex no eller sei- nare.

Departementet har, i samarbeid med Helse- og omsorgsdepartementet, Helsedirektoratet, Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Arbeids- og vel- ferdsdirektoratet, Justis- og politidepartementet, Stiftelsen Kirkens Bymisjon i Oslo og Oslo kom- mune, initiert eit to- til treårig prosjekt med for- mål å tilby trygge bustader med sosial, helsemes- sig og anna oppfølging til personar som er utsette for menneskehandel. Butiltaket er under etable- ring i regi av Stiftelsen Kirkens Bymisjon i Oslo og kom i gang våren 2009. Dei fleste ofra bur i dag i hovudsak på krisesentra og nokre på asylmottak.

Nokre av desse kvinnene har òg omsorg for barn.

Fleire enn ønskjeleg blir buande på krisesentra ut over det som blir vurdert som forsvarleg og rime- leg.

Tryggleik mot kjønnslemlesting og tvangsekteskap

Sikre gjennomføring av handlingsplanen mot kjønnslemlesting

Handlingsplan mot kjønnslemlestelse (2008-2011) har som hovudmål å hindre at unge jenter blir kjønnslemlesta. BLD koordinerer planen. Det er i stor grad underliggjande etatar som er ansvarlege for gjennomføringa av tiltaka.

Det blir utarbeidd halvårsrapportar om arbei- det med implementeringa og gjennomføringa av dei enkelte tiltaka i handlingsplanen. For å vurdere om arbeidet med handlingsplanen er målretta og effektivt, og for å kvalitetssikre det arbeidet som blir utført, blir handlingsplanen følgjeevaluert av Oxford Research.

Regjeringa har konkludert med at alle jenter og kvinner som kjem frå område der førekomsten av kjønnslemlesting ifølgje Verdas helseorganisasjon (WHO) er 30 prosent eller meir, skal få tilbod om samtale og underlivsundersøkingar.

I 2008 heldt Bufetat fire regionale nettverks- samlingar for aktørar som arbeider mot tvangsek- teskap og kjønnslemlesting. Samlingane er dei før- ste i rekkja som skal arrangerast kvart år til og med 2011. Målet er å heve kompetansen i hjelpeap- paratet og å etablere nettverk for samarbeid i kon- krete saker. Det var brei deltaking frå ulike delar av hjelpeapparatet. Både frivillige organisasjonar og offentlege etatar var representerte.

Sikre gjennomføring av handlingsplanen mot tvangsekteskap

Våren 2008 overleverte Institutt for samfunnsfor- sking (ISF) rapporten Et trygt sted å bo. Og noe mer. Rapporten viser at dagens bu- og støttetilbod ikkje er tilstrekkeleg godt utbygt. Eitt av oppdraga til Bufdir er å byggje ut bu- og støttetilbodet for unge over og under 18 år, og rapporten er eit viktig grunnlagsdokument i deira arbeid. Til saman blei oppretting av seks bustader med oppfølging bestilt av Bufdir i 2008. Desse skal vere klare til bruk i 2009.

To tidlegare pilotprosjekt om æresrelatert vald er førte vidare i 2008: eitt på Aker familiekontor som handlar om tvangsekteskap, og eitt på familie- kontoret i Nordfjord som handlar om kjønnslem- lesting. Brobyggerprosjektet på Aker familiekontor har arbeidd ut frå tiltak 14 og 30 i Handlingsplan mot tvangsekteskap. Brobyggerprosjektet har gitt eit terapi- og samtaletilbod til unge gutar og jenter som har vore tvangsgifta, truga med tvangsgifte og/eller har vore utsette for æresrelatert vald. Dei

(34)

har også gitt tilbod til foreldre og ungdommar som står i ein konflikt som inneber æresrelatert vald.

Ansvaret for ordninga med refusjon av utgifter til heimsending blir overført til Arbeids- og inklu- deringsdepartementet frå 2010. Det var fem saker i 2008.

Handlingsplanen blir følgjeevaluert av ISF.

Drammen politistasjon og Drammen kommune starta i 2007 eit treårig tverrfagleg og tverretatleg pilotprosjekt om arbeidet mot æresrelatert vald, medrekna tvangsekteskap. I 2008 har prosjektet mellom anna utarbeidd Veileder mot vold i nære relasjoner. Dei har utvikla rutinar for samarbeid i

saker knytte til vald i nære relasjonar, og opplæ- ringsprogram om vald i nære relasjonar og æresre- latert vald. Dei har òg gjennomført kompetansehe- ving for alle tilsette i sentrale verksemder i kom- munen og i politiet.

På kampanjesida tvangsekteskap.no får ein til- gang til rapportar, rettleiingar og anna materiell som er utvikla i samband med handlingsplanen.

Mål og strategiar

For 2010 blir følgjande mål prioriterte:

Tilgjengelege tilbod til personar utsette for vald

Kommunane har tilpassa seg ny lov om

krisesentertilbod

Lov om kommunale krisesentertilbod (krisesenter- lova), jf. Ot.prp. nr. 96 (2008-2009), blei vedteke i juni 2009, og vil bli sett i kraft frå januar 2010. Lova gjer det tydeleg at det er eit offentleg ansvar å sør- gje for at personar som er utsette for vald i nære relasjonar, får vern, hjelp og oppfølging. Kommu- nane får ansvaret for å sørgje for eit krisesentertil- bod. Lova byggjer i stor grad på det tilbodet som i dag blir gitt av krisesentra. Det inkluderer telefon- teneste døgnet rundt, eit trygt mellombels butil- bod, eit tilbod for dagbrukarar, rettleiing og nød- vendig hjelp til å ta kontakt med andre og meir spesialiserte tenester, og oppfølging i ein reetable- ringsfase.

Det skal vere eit lågterskeltilbod, gratis for bru- karane og ein stad der dei kan rekne med å bli mot- tekne utan førehandsvarsling og utan tilvising frå andre instansar. Lova slår fast at tilbodet skal utfor- mast slik at det kan møte behova til alle som er utsette for vald i nære relasjonar, kvinner, menn, valdsutsette med etnnisk minoritetsbakgrunn, og barn som kjem til krisetilbodet saman med føreset- te. For å sikre kvaliteten på tilbodet inneheld lova krav om nødvendig tolketeneste, og forskrifter om teieplikt, opplysningsplikt overfor barnevernet, krav til politiattest for tilsette, internkontroll og statleg tilsyn.

Frå 2011 vil statstilskotet bli lagt inn i rammetil- skotet til kommunane. 2010 blir eit overgangsår for

å gi kommunane og krisesentra høve til å tilpasse seg den nye lova, jf. Også teksten under nærmare om budsjettforslaget.

Departementet får hausten 2009 ei utgreiing om menn som blir utsette for vald i nære relasjonar og deira behov for hjelp. Denne kunnskapen vil kunne hjelpe kommunane med å møte kravet i lova om at også menn skal få adekvat hjelp.

Tryggleik mot vald i nære relasjonar og menneskehandel

Incestsentra

Incestsentra er eit støttetilbod på dagtid til kvinner og menn som har opplevt incest og seksuelle over- grep, og til pårørande til utsette barn og ungdom.

Fleire incestsenter gir også eit eige tilbod til barn og unge. På oppdrag frå BLD gjennomførte Nord- landsforskning hausten 2008/våren 2009 ei evalue- ring av tilboda ved og organiseringa av incestsen- tra og samarbeidet deira med det offentlege hjelpeapparatet. Evalueringa omfatta også den landsdekkjande incesttelefonen, som vart etablert hausten 2006. Resultata frå evalueringa skal inngå i arbeidet med å vurdere eventuelle endringar i organiseringa og tilboda til incestsentra, med sikte på at dei blir best mogleg tilpassa brukarane.

Arbeidet til incestsentra må sjåast i samanheng med tilbodet til incestutsette i hjelpeapparatet elles. Sjå òg omtale under Resultatrapport 2008/

2009.

Delmål Resultatmål Resultatindikator

Tilgjengelege tilbod til personar

utsette for vald Kommunane har tilpassa seg ny

lov om krisesentertilbod Talet på kommunar som har eit krisesentertilbod

Tryggleik mot vald i nære relasjo-

nar og menneskehandel Talet på gjennomførte tiltak i handlingsplanane

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER