• No results found

Fråsegn til framlegg om endring i forskrift om energiutredningar

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Fråsegn til framlegg om endring i forskrift om energiutredningar"

Copied!
2
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

REGIONALAVDELINGA

Hordaland fylkeskommune REGIONALAVDELINGA

Agnes Mowinckels gate 5 PB 7900

5020 Bergen

Tlf: 55 23 90 00 e-post: [email protected] www.hordaland.no

Org.nr. NO 938 626 367 mva.

Kontonr. 5201 06 74239

Fråsegn til framlegg om endring i forskrift om energiutredningar

Vi viser til dykkar brev dagsett 02.07.2015 der de ber om innspel til framlegg om plikt til å bistå i kommunal klima- og energiplanlegging. Hordaland fylkeskommune meiner behovet for offentleg tilgjengeleg og oppdatert informasjon om energisituasjonen lokalt er viktig og bør oppretthaldast på eit visst nivå. Vidare meiner vi plikta konsesjonaærane har til å bistå kommunane i kommunal planlegging bør innehalde krav om å informere om aktuelle utfordringar eller potensielle utbetringar dei kjenner til i kraft av sitt virke, i tillegg til å gjere tilgjengeleg informasjon om energisituasjonen i kommunen.

Hordaland fylkeskommune leverte fråsegn i den opprinnelege høyringa om avvikling av ordninga med lokale energiutredningar (dagsett 25.06.2014). Vi stilte då spørsmålsteikn ved at endringane kjem på eit tidspunkt der det enno ikkje er klart kva statistikk som vil bli tilgjengeleg frå SSB når det kjem til energibruk.

Manglande interesse frå kommunen og lite nytte for energiselskapa var hovudargumenta for å avvikle ordninga og fylkeskommunen er samd i at ein ikkje skal bruke tid og ressursar på planarbeid utan nytte.

Samstundes er det eit potensiale for viktig samarbeid og handling på energifeltet mellom kommune og kraftselskap som kan gå tapt, eit høve som ein på langt nær har klart å nytte i tilstrekkeleg grad i dag.

I framlegget til endring i forskrift er det foreslått ei plikt frå KSU og konsesjonærar i kommunen til å bistå kommunane i energiplanlegginga. Denne ordninga vil kunne kompensere for ein manglande møteplass og informasjonsutveksling mellom kommuneplanleggarar og energisektoren. Vi ser likevel uløyste utfordringar knytt til dette framlegget.

Ettersom tala som er tilgjengelege frå SSB om energibruk er avgrensa er energiutgreiingane ei viktig kjelde til informasjon. Vi ser at kommunane i stor grad har prioritert ned sitt engasjement i energiutgreiingane og ein reduksjon i ressursane brukt til å lage slike utgreiingar er truleg rasjonelt. Vi meiner likevel at ein viss kunnskap i kommuneadministrasjonen om energisituasjonen lokalt er viktig både med tanke på planlegging, klimaarbeid og beredskap. Det vil difor vere ei utfordring om initiativplikta for å innhente informasjon ligg utelukkande hos kommunen, som i utgangspunktet ikkje sett av nok ressursar til temaet. Vi fryktar at kunnskapsnivået og nettverket som følgjer med lokale energiutgreiingar fort kan forsvinne frå administrasjonane. Vi føreslår difor at nettselskapa jamnleg bør offentleggjere nokre nøkkeltal om energibruken i kommunane slik at kommuneadministrasjonen og innbyggarar kan følgje utviklinga.

Når det kjem til planarbeid i kommunen meiner vi nett- og fjernvarmeselskapa sit på mykje detaljinformasjon som kan vere viktige bidrag i kommunalt planleggingsarbeid, og som kan nyttast i større grad enn kva som er tilfelle i dag. Vi meiner difor selskapa i samband med oppstart av planarbeid i kommunane bør informere om aktuelle utfordringar eller potensielle utbetringar dei kjenner til i kraft av sitt virke. Dersom det oppstår situasjonar av meir akutt karakter bør dei vere pliktige til å ta kontakt med kommunen for å finne ei løysing.

Dømer på slike utfordringar, utbetringar eller akutte situasjonar kan vere:

Norges vassdrags- og energidirektorat Postboks 5091 Majorstua

0301 OSLO

Dato: 21.08.2015 Vår ref.: 2014/14842-3 Saksbehandlar: talhals Dykkar ref.: 201401704

(2)

Side 2/2

Hordaland fylkeskommune Agnes Mowinckels gate 5 PB 7900

5020 Bergen

Tlf: 55 23 90 00 e-post: [email protected] www.hordaland.no

Foretaksnr. NO 938 626 367 mva.

Kontonr. 5201 06 74239

 Informasjon om flaskehalsar og utfordrande situasjonar (der det ikkje er sikkerhetsstempla). På den måten kan kommunar ta omsyn til og vere med på å finne løysingar på utfordringane, slik at ikkje det berre blir opp til konsesjonærane å vurdere aktuelle tiltak. Til dømes nærvarmesentralar i område der fjernvarme ikkje er lønsamt. Energieffektiviserande tiltak eller flytting av planlagt byggefelt dersom det er flaskehalsar på forsyningssida.

 Teknologiutvikling. Til dømes nye moglege tenester innanfor smartgrid, plusshus osv.

 Forslag til energieffektiviserande eller –konverterande tiltak som konsesjonærane har idear til på bakgrunn av sin kompetanse. Til dømes hurtigladeutbygging, landstraum osv.

 Med smarte målarar vil nettselskapa kunne vite enno meir om forbruksprofilar med tilhøyrande potensielle energisparingstiltak. Til dømes målretta tiltak mot grupper med høgt forbruk eller store effekttoppar.

Energifeltet treng handling for endring, og med ein mindre samarbeidsarena mellom kommune og

kraftselskap kan ein gå glipp av gode fellesprosjekt. Vi vil difor oppmode NVE til å syte for at kraftselskapa vert motivert til å bidra aktivt med kunnskap og ressursar i lokalt klima- og energiarbeid.

Gudrun Mathisen Klima- og naturressurssjef

Tale Halsør rådgjevar

Brevet er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift.

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER