• No results found

Den russiske hær må reise heim

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Den russiske hær må reise heim"

Copied!
4
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

Lukas 18 Fastelavnssøndag 2022, Harald Sunde. Molde domkirke Ved Altaret.

Intimasjon: Den russiske ivasjonen av Ukraina

Når vi i dag samlast til gudsteneste er fellesskapet i Europa forandra. Vi er fylte med bilete frå ein brutal krig i Ukraina. Den russiske invasjonen i Ukraina er meiningslaus og grunnlaus. Vi står solidariske med folket i Ukraina og dei lovleg valde styresmakter der. Vi kjenner oss både mållause og makteslause. Men vil få uttrykkje at bodet om at du skal elske din neste som deg sjølv, også gjeld for granneland og statar. Då gjeld menneskeverd og respekt for grannefolk. Den russiske hær må reise heim. Den har ingen rett og ingen ting å gjere på andre statars jord. Ukrainas folk må få bestemme og styre si eiga framtid. Vi

fordømmer det som nå skjer i Ukraina og ber om at alle som har makt til å stoppe krigen gjere det.

Saman føl vi med det ukrainske folk som no går gjennom dei verste smerter og opplever meiningslause tap av liv og mange på flukt. I bøna seinare i

gudstenesta skal vi saman be om fred og håp for den ukrainske nasjon og det ukrainske folk.

På preikestolen:

Luk 18,31-34 Fastelavenssøndag 2022

Fastelavenssøndag er søndag før faste som tek til komande onsdag,

oskeonsdag. Desse dagane før faste er forberedelsesdagar. Frå gamalt skulle ein då ete opp alt av godt som ein hadde i huset. Feitetysdag vart ofte også kalla kvitetysdag. Då skulle ein ete opp alt kvitt brød, egg og melkeprodukter.

Fastelavensbollar som vi skal få smake på under kyrkjekaffien stammar frå denne tradisjonen.

Men - «Sjå vi går opp til Jerusalem». Og tekstane i dag peikar sterkt fram mot påske. Det er tredje gongen Jesus seier til disiplane sine at han skal lide og døy

(2)

og stå oppatt den tredje dagen, og at alt som profetane har skrive om Menneskesonen skal gå i oppfylling.

«Sjå, vi går opp til Jerusalem» er ein transparang, eit banner i dagens

evangelium. Det betyr at noko viktig og avgjerande historisk er i ferd med å skje. Det er i Jerusalem det skal skje, i den heilage byen, Davidsbyen,

Messiasbyen. Etter kong David, var Jerusalem staden der viktige ting skjedde i Israels historie og trusliv. Der var kongeborg og Tempel. Jesus seier med sine ord at nå skal det skje noko viktig for denne verda, for alt folket. Det er lidelse og død og oppstandelse. Det er frelse og frigjering for alt folket. Det skjer i og med han..

Jesus befinn seg ved Jeriko når han tek disiplane til sides og seier dette. Og det første som møter han der ved Jeriko etter orda til disiplane, - er den blinde mannen som ropar etter miskunn. «Jesus du Davids son forbarm deg over meg,» Og teologar trur ikkje det er tilfeldig. For der ved den blinde tiggaren Bartimeus, blir programmet og føremålet for Jesu reise til Jerusalem lagt. For all ettertid skal det nytte å be om miskunn. Ved Jerikos murar syner han si makt til å reise menneske opp, gje framtid og håp. Her syner han si kraft, men den er med også gjennom ydmykelsen i Jerusalem. Han skal lide mykje, døy, men stå opp den tredjedagen. Ved Jeriko reiser reiser han eit menneske opp og gjev nytt mot, ny framtid og nytt liv. Det skal han alltid gjere sidan. Han høyrer vårt rop, verda sitt rop om barmhjertigheit. «Jesus, du Davids son ha

barmhjertigheit med meg.» Det ropet har vi i alle gudstenester. Det ropet ber vi alle i våre bringer. I dag har vi sunge vårt kyrie på ukrainsk. Det er godt å rope det ut. Vi treng barmhjertigheit, alle treng det. Denne verda treng det på alle vis.

(3)

Så tek vegen til Jerusalem til i Jeriko. Verda sin lågast liggande by, 258 meter under havoverflata. Frå det lågaste punkt i vårt liv blir vi med. Det er vegen til nytt liv og nytt håp.

Jesus seier at han skal overgjevast til folka, heidningane vert det omsett med.

Dei han vert overgjeven til er romarane og grupper innafor det jødiske samfunn, saddukearar og farisearar. Det er siger over denne trippelaliansen som fører til lidelse, død, men og oppstandelse. Jesus understrekar

ydmykelsen. Romarane brukte å ydmyke dei dødsdømde før dei avretta. Det skjedde også med Jesus.

Jesu disipler forstod ingen ting av det Jesus fortalde dei. Det gjere vel heller ikkje vi. --På trefaldig vis vert det understreka at dei ikkje fatta noko av det som vart sagt. Og på ein måte så illustrer den blinde ved Jeriko også deira og vår blindheit. «Men dei skjønte ikkje noko av dette. Meininga var skjult for dei, og dei fortsod ikkje det han sa». Det var først på påskedag at augo deira vart opna.

Då møtte dei den oppstadne. Men så må det også seiast at lidelse og død vart også disipplane sin veg som Jesu vitne i verda. Peter leid martyrdøden i Roma.

Men under Jesu ord i dag på fastelavenssøndag, ligg ein undertone av triumf i oppstandelsens herlegdom. Lidelse og død er ikkje det siste. Det er livet som kjem til slutt. Det er glimt av påskedagslys og håp lenger framme. I dødens mørke bryt lyset og håpet fram. Guds himmelrike er på båe sider av døden.

«Død kvar er din brodd, død, kvar er din siger? Gud vere takk som gjev oss siger ved vå Herre Jesus Kristus.!» Seier apostelen. «Vend om, himmelriket er kome nær», var Jesu første helsing på jord. Mark 1

«Sjå vi går opp til Jerusalem, der skal alt profetane har skrive om Menneskesonen gå i oppfylling»

(4)

Og det gjorde det, - og i sin oppstandelse brakte Jesus fram det nye Jerusalem.

Når vi som Jesu Kristi kyrkje på jorda, som kyrkjelyd og som enkeltkristne går mot Jerusalem i tru og tanke, og føl Jesus dit i fastetida, så er vi også på veg til Det nye Jerusalem. Det som er på den andre sida og som ved tidenes slutt. «-- skal koma ned frå himmelen, frå Gud, budd som ei brud som er pynta for sin brudgom» Den tredje dag med siger ventar, men er her for oss nå, difor har vi døypt eit barn i dag, der alt Jesus gjorde blei gjeve i gåve. Jesus stod opp fråd ei døde den første dag. Det er eigentleg den 8. dag. Sju skapingsdagar og så den første dag i den nye skaping. Den åttande dag er påskedag. Det nye Jerusalem sin dag. Den evige dag, som alltid er nærverande i Jesus Kristus. Dåpen er den den åttande dag i våre liv dere vi vert født på nytt til liv i Kristus. Amen

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

Her ville nok kritikerne kunne innvende at etter Peter den store hadde den russiske kirke helt mistet sin selvstendige makt og kunne ikke fungere som et korrektiv overfor

operasjonalisere. Det finnes foreløpig ikke et fullverdig forslag til hvordan et slikt rammeverk skal utformes og implementeres i organisasjoner og systemer. Forsøkene danner ikke et

 Skal betalingene fortsatt avregnes mellom bankene før oppgjøret i sentralbanken, eller er det mer effektivt å gjøre opp betalinger enkeltvis direkte i Norges Bank.. Da

Om vi liker klangen eller ikke, er basert på fordommer og tidligere erfaringer med språket” (ibid.). Desse språkvitararane vil altså ikkje ta del i diskursen som media prøver å

Et annet skillet som gjør seg gjeldene, er også hvordan etnisk norske elever forholder seg til rasisme som noe fjernt, mens elevene med utenlandske foreldre trekker frem rasisme

1 Fra og med 2012 er opplysninger fra SSBs spørreundersøkelse om innvandrernes utdanningsnivå inkludert. 3 Personer med fagutdanning og eksklusive fagutdanning er inkludert i

Ifølge foreløpige nasjonalregnskapstall var lønnskostnadsandelen, medregnet beregnede arbeidskraftkostnader for selvstendige, i norsk industri i 2018 på 92 prosent, nesten

– Kanskje, men mediene kan ikke la være å bringe nyheter, og slett ikke prøve å undertrykke det som ville blitt kjent i alle fall. Nå for tiden er det tullinger som ser