• No results found

Nr. 23/656 EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende 7.4.2022

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Nr. 23/656 EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende 7.4.2022"

Copied!
15
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

KOMMIS JONS FORORDNING (EU) nr. 66/2014 av 14. januar 2014

om gjennomføring av europaparlaments- og rådsdirektiv 2009/125/EF med omsyn til krav til miljøvenleg utforming av steikjeomnar, kokeplater og avtrekkshetter til hushaldsbruk(*)

EUROPAKOMMISJONEN HAR —

med tilvising til traktaten om verkemåten til Den europeiske unionen,

med tilvising til europaparlaments- og rådsdirektiv 2009/125/EF av 21. oktober 2009 om fastsettelse av en ramme for å fastsette krav til miljøvennlig utforming av energirelaterte produkter(

1

), særleg artikkel 15 nr. 1,

etter samråd med det samrådsforumet som er nemnt i artikkel 18 i direktiv 2009/125/EF, og

ut frå desse synsmåtane:

1) I medhald av direktiv 2009/125/EF skal Kommisjonen fastsetje krav til miljøvenleg utforming av energirela- terte produkt som representerer omfattande sals- og handelsvolum, og som har vesentlege miljøverknader og eit stort potensial for betring av miljøverknaden gjennom utforminga av produkta – utan at det fører til urimelege kostnader.

2) I artikkel 16 nr. 2 bokstav a) i direktiv 2009/125/EF er det fastsett at Kommisjonen i samsvar med den fram- gangsmåten som er nemnd i artikkel 19 nr. 3, og dei kriteria som er nemnde i artikkel 15 nr. 2, og etter samråd med samrådsforumet, eventuelt skal innføre gjennomføringstiltak for produkt som i stor grad kan medverke til ein kostnadseffektiv reduksjon av utslepp av klimagassar, til dømes hushaldsapparat slik som steikjeomnar, kokeplater og avtrekkshetter.

3) Kommisjonen har gjennomført førebuande granskingar for å analysere dei tekniske, miljømessige og øko- nomiske aspekta ved kokeapparat til hushaldsbruk, som steikjeomnar, kokeplater og avtrekkshetter. Gransk- ingane er utarbeidde i samarbeid med interessentar og partar som det gjeld frå Unionen og tredjestatar, og resultata er gjorde fentleg tilgjengelege.

4) Det viktigaste miljøaspektet ved produkta i granskinga, som er identifisert som vesentleg for føremåla med denne forordninga, er energiforbruket i bruksfasen.

(*) Denne unionsrettsakten, kunngjort i EUT L 29 av 31.1.2014, s. 33, er omhandlet i EØS-komiteens beslutning nr. 311/2015 av 11. desember 2015 om endring av EØS-avtalens vedlegg II (T ekniske forskrifter, standarder, prøving og sertifisering) og vedlegg IV (Energi), se EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende nr. 64 av 12.10.2017, s. 34.

(1) T EU L 285 av 31.10.2009, s. 10.

5) Funksjonane i kviletilstand og avslått tilstand kan utgjere ein stor del av det samla effektforbruket til koke- apparat til hushaldsbruk, som steikjeomnar, kokeplater og avtrekkshetter. Effektforbruket til desse funksjonane i slike apparat utgjer ein del av minstekrava til energiyting. Krava til kviletilstand og avslått tilstand for steikjeomnar og kokeplater til hushaldsbruk er fastsette på grunnlag av krava til miljøvenleg utforming i kommi- sjonsforordning (EF) nr. 1275/2008 av 17. desember 2008 om gjennomøring av europaparlaments- og rådsdirektiv 2005/32/EF når det gjelder krav til miljøvennlig utforming av elektriske og elektroniske husholdning- sapparater og kontorutstyr med hensyn til effektforbruk i hviletilstand og avslått tilstand(

2

).

6) Det årlege energiforbruket til steikjeomnar, kokeplater og avtrekkshetter til hushaldsbruk vart utrekna til 755 PJ (primærenergiforbruk) i EU i 2010. Dersom det ikkje vert sett i verk særlege tiltak, er det årlege energifor- bruket venta å stige til 779 PJ i 2020. Dei førebuande granskingane syner at energiforbruket til desse produkta kan reduserast kraftig.

7) Det er venta at krava til miljøvenleg utforming som er fastsette i denne forordninga, og krava til merking i den delegerte kommisjonsforordninga (EU) nr. 65/2014(

3

) til saman vil redusere det årlege forbruket av primær- energi med 27 PJ/år i 2020, og med 60 PJ/år innan 2030.

8) Dei førebuande granskingane syner at det ikkje er naudsynt å ta omsyn til krav som gjeld andre paramet rar for miljøvenleg utforming som er nemnde i del 1, nr. 1.3 i vedlegg I til direktiv 2009/125/EF, ettersom det er elektrisitets- og gassforbruket i bruksfasen som er det mest vesentlege miljøaspektet ved kokeapparat til hushaldsbruk som til dømes steikjeomnar, kokeplater og avtrekkshetter.

9) Produkt som er omfatta av denne forordninga, bør gjerast meir energieffektive ved bruk av eksisterande allment tilgjengeleg kostnadseffektiv teknologi som kan redusere dei samla utgiftene til kjøp og drift av produkta.

10) Krava til miljøvenleg utforming bør ikkje ha negativ innverknad på funksjonaliteten til produkta sett frå sluttbrukaren si side, og heller ikkje på helse, tryggleik eller miljø. Særleg bør føremonene ved å redusere energiforbruket i bruksfasen meir enn vege opp for eventuelle ytterlegare miljøverknader i produksjons- fasen og på slutthandsamingstidspunktet.

(2) T EU L 339 av 18.12.2008, s. 45.

(3) T EU L 29 av 31.1.2014, s. 1.

2022/EØS /23/34

(2)

11) Krava til miljøvenleg utforming bør innførast gradvis på tre nivå, slik at produsentane får nok tid til eventuelt å kunne endre utforminga av dei produkta som er omfatta av denne forordninga. M ed ei slik tidsramme bør det vere mogleg å unngå negativ innverknad på funk- sjonaliteten til det utstyret som alt finst på marknaden, og å ta omsyn til kostnadene for sluttbrukarar og produ- sentar, særleg små og mellomstore føretak, og sam- stundes sikre at måla med denne forordninga vert nådde til rett tid.

12) M ålingar og utrekningar av produktparametrane bør utførast ved hjelp av pålitelege, nøyaktige og reprodu- serbare metodar som tek omsyn til sannkjende måle- og utrekningsmetodar på det noverande utviklingssteget i teknikken, medrekna eventuelle harmoniserte standardar vedtekne av dei europeiske standardiseringsorgana, slik det er oppført i vedlegg I til europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 1025/2012 av 25. oktober 2012 om europeisk standardisering(

1

).

13) I samsvar med artikkel 8 i direktiv 2009/125/EF bør det i denne forordninga opplysast om gjeldande fram- gangsmåtar for samsvarsvurdering.

14) For å leggje til rette for samsvarskontrollar bør produsentane leggje fram opplysningar i den tekniske dokumentasjonen som er nemnd i vedlegg IV og V til direktiv 2009/125/EF, i den grad desse opplysningane er relevante for dei krava som er fastsette i denne for- ordninga.

15) For å sikre rettferdig konkurranse, oppnå den planlagde energiøkonomiseringa og gje forbrukarane nøyaktige opplysningar om energiytinga til produkta, bør det gå klart fram av denne forordninga at dei toleransane som det er fastsett at dei nasjonale marknadstilsynssty - resmaktene skal nytte ved utføring av fysiske prøvingar for å avgjere om ein viss modell av eit energirelatert produkt oppfyller krava i denne forordninga, ikkje bør nyttast av produsentar til å hevde at modellen har betre yting enn det som går fram av målingane og utrekningane i den tekniske dokumentasjonen til produktet.

16) I tillegg til dei rettsleg bindande krava som er fastsette i denne forordninga, bør det definerast rettleiande referanseverdiar for dei apparata med best resultat som er tilgjengelege på marknaden, for å sikre brei og enkel tilgang til opplysningar om dei mest relevante miljøaspekta ved miljøprestasjonen gjennom heile livssyklusen til dei produkta som vert omfatta av denne forordninga.

17) Føresegnene i denne forordninga bør vurderast på nytt med omsyn til dei teknologiske framstega, og særleg med omsyn til kor verknadsfull og føremålstenleg den valde framgangsmåten er med tanke på å fastsetje kor energieffektive steikjeomnane er.

(1) T EU L 316 av 14.11.2012, s. 12.

18) Dei tiltaka som er fastsette i denne forordninga, er i samsvar med fråsegna frå det utvalet som er oppnemnt i medhald av artikkel 19 nr. 1 i direktiv 2009/125/EF —

VEDT EKE DENNE FORORDNINGA:

Artikkel 1 Mål og verkeområde

1. I denne forordninga vert det fastsett krav til miljøvenleg utforming i samband med at steikjeomnar til hushaldsbruk (medrekna steikjeomnar som er integrerte i komfyrar), kokeplater til hushaldsbruk og elektriske avtrekkshetter til hushaldsbruk, vert bringa i omsetning og tekne i bruk, òg når slike apparat vert selde til andre føremål enn hushaldsbruk.

2. Denne forordninga skal ikkje nyttast på

a) apparat som nyttar andre energikjelder enn elektrisitet eller gass,

b) apparat som har ein mikrobølgjeoppvarmingsfunksjon, c) små steikjeomnar,

d) flyttbare steikjeomnar, e) varmelagringsomnar,

f) steikjeomnar med vassdamp som primær oppvarmings- funksjon,

g) gassbrennarar som er innfelte i kokeplater, h) kokeapparat til utandørsbruk,

i) apparat som er utforma for bruk berre med gassar i «den tredje familien» (propan og butan),

j) grillapparat.

Artikkel 2 Definisjonar

I denne forordninga skal dei definisjonane som er fastsette i artikkel 2 i direktiv 2009/125/EF, nyttast. Vidare tyder:

1) «steikjeomn» eit apparat eller ein del av eit apparat som omfattar eitt eller fleire rom der det vert nytta elektrisitet og/eller gass, og der mat vert tilverka ved å nytte vanleg tilstand eller varmluftstilstand,

2) «rom» eit lukka omnsrom der temperaturen kan regulerast for tilverking av mat,

3) «steikjeomn med fleire rom» ein steikjeomn med to eller

fleire rom, der kvart einskilt rom vert oppvarma kvar for

seg,

(3)

4) «liten steikjeomn» ein steikjeomn der alle romma har ei breidd og djupn på under 250 mm, eller ei høgd på under 120 mm,

5) «flyttbar steikjeomn» ein steikjeomn med ei produktmasse på under 18 kilo, så framt han ikkje er utforma for innbygging i faste innretningar,

6) «mikrobølgjeoppvarming» oppvarming av mat ved hjelp av elektromagnetisk energi,

7) «vanleg tilstand» driftstilstanden i ein steikjeomn der den oppvarma lufta inne i steikjeomnsrommet vert sirkulert berre ved hjelp av naturleg konveksjon,

8) «varmluftstilstand» ein tilstand der ei innbygd vifte sirkulerer den oppvarma lufta inne i steikjeomnsrommet,

9) «syklus» det tidsrommet det tek å varme opp ei standard- mengd i eit steikjeomnsrom under definerte tilhøve, 10) «komfyr» eit apparat som omfattar ein steikjeomn og ei

kokeplate som nyttar gass eller elektrisitet,

11) «driftstilstand» tilstanden til steikjeomnen eller kokeplata når dei er i bruk,

12) «varmekjelde» den hovudenergiforma som vert nytta til oppvarming av ein steikjeomn eller ei kokeplate,

13) «elektrisk kokeplate» eit apparat eller ein del av eit apparat som har éi eller fleire kokesoner og/eller kokeområde, og eit kontrollpanel, og som vert oppvarma med elektrisitet,

14) «gasskokeplate» eit apparat eller ein del av eit apparat som har éi eller fleire kokesoner, og eit kontrollpanel, og som vert oppvarma med gassbrennarar som har ein effekt på minst 1,16 kW,

15) «kokeplate» ei «elektrisk kokeplate», ei «gasskokeplate»

eller ei «kombinert kokeplate»,

16) «innfelte gassbrennarar» lukka eller forsegla gass- brennarar som er dekte av ei herdig glasplate eller keramisk plate som gjev ei jamn og glatt kokeflate, 17) «kombinert kokeplate» eit apparat med ei eller fleire

elektrisk oppvarma kokesoner eller -område og ei eller fleire kokesoner som vert oppvarma med gassbrennarar, 18) «kokesone» ein del av ei kokeplate, med ein diameter på

minst 100 mm, der eitt kokekar vert plassert om gongen for oppvarming. Kokesona kan vere tydeleg markert på kokeplateflata,

19) «kokeområde» ein del av eit område på ei elektrisk kokeplate som vert oppvarma ved hjelp av eit magnetisk induksjonsfelt, der kokekaret vert plassert for oppvarming utan tydeleg merking for kokekaret, og der meir enn eitt kokekar kan nyttast samstundes,

20) «avtrekkshette» eit apparat som vert drive av ein motor som apparatet styrer, og som skal suge opp ureina luft over ei kokeplate, eller som omfattar eit kantventilasjons- system som skal monterast like ved komfyren, kokepla- tene eller liknande kokeutstyr, og som sug opp damp i eit innvendig avtrekksrøyr,

21) «automatisk funksjonstilstand under matlaging» ein tilstand der luftgjennomstrøyminga i avtrekkshetta vert styrt automatisk under matlaginga ved hjelp av følarar som tek omsyn til mellom anna fukt og temperatur,

22) «heilautomatisk avtrekkshette» ei avtrekkshette der luft - gjennomstrøyminga og/eller andre funksjonar vert styrte automatisk ved hjelp av følarar som alltid er aktive, mellom anna under matlaginga,

23) «punkt for beste verknadsgrad» (BEP) driftspunktet der avtrekkshetta har størst fluiddynamisk effektivitet (FDE

hette

),

24) «gjennomsnittleg lysstyrke» (E

gj ennom snitt

) den gjennom- snittlege lysstyrken frå lysgjevingssystemet i avtrekkshetta over kokeflata, målt i lux,

25) «avslått tilstand» ein tilstand der utstyret er kopla til straumnettet, men ingen av funksjonane er aktive, eller der utstyret berre viser at det er i avslått tilstand, eller ein tilstand der berre funksjonar som skal sikre elektro- magnetisk kompatibilitet er aktive, i medhald av europaparlaments- og rådsdirektiv 2004/108/EF(

1

),

26) «kviletilstand» ein tilstand som kan haldast ved lag i uavgrensa tid, der utstyret er kopla til straumnettet, er avhengig av energitilførsel frå straumnettet for å fungere som det skal, og berre har ein reaktiveringsfunksjon, eller ein reaktiveringsfunksjon og berre ein indikasjon på at reaktiveringsfunksjonen er innkopla, og/eller ei informasjons- eller statusvising,

27) «reaktiveringsfunksjon» ein funksjon som tillèt aktivering av andre tilstandar, medrekna aktiv tilstand, ved bruk av fjernstyring, også fjernkontroll, innbygd følar eller tidsur, for å aktivere ytterlegare funksjonar, medrekna hovud- funksjonen,

(1) Europaparlaments- og rådsdirektiv 2004/108/EF av 15. desember 2004 om tilnærming av medlemsstatenes lover om elektromagnetisk kompatibilitet og om oppheving av direktiv 89/336/EØF (T EU L 390 av 31.12.2004, s. 24).

(4)

28) «informasjons- eller statusvising» ein kontinuerleg funksjon som gjev informasjon om eller viser statusen til utstyret på ein skjerm, medrekna klokker,

29) «sluttbrukar» ein forbrukar som kjøper eller er venta å kjøpe eit produkt,

30) «tilsvarande modell» ein modell som er bringa i omsetning med dei same tekniske parametrane som ein annan modell som den same produsenten eller importøren har bringa i omsetning med ein annan handelskode.

Artikkel 3

Krav til miljøvenleg utforming og tidsplan 1. Krava til miljøvenleg utforming av steikjeomnar, kokeplater og avtrekkshetter til hushaldsbruk, er fastsette i vedlegg I saman med tidsplanar.

2. Samsvar med krava til miljøvenleg utforming skal målast og utreknast i samsvar med metodane i vedlegg II.

Artikkel 4 S amsvarsvurdering

1. Framgangsmåten for samsvarsvurdering som er nemnd i artikkel 8 i direktiv 2009/125/EF, skal vere den ordninga for intern kontroll av utforming som er fastsett i vedlegg IV til det nemnde direktivet, eller den styringsordninga som er fastsett i vedlegg V til det nemnde direktivet.

2. Når det gjeld samsvarsvurdering i medhald av artikkel 8 i direktiv 2009/125/EF, skal den tekniske dokumentasjonen innehalde ein kopi av den utrekninga som er fastsett i vedlegg II til denne forordninga.

3. Dersom dei opplysningane som er førte opp i den tekniske dokumentasjonen for ein modell, er eit resultat av utrekningar på grunnlag av utforming av eller ekstrapolering frå andre tilsvarande apparat, eller begge delar, skal dokumentasjonen omfatte opplysningar om slike utrekningar eller ekstra- poleringar, eller begge delar, og om prøvingar som produ- sentane har utført for å kontrollere at dei utrekningane som er gjorde, er nøyaktige. Desse opplysningane skal òg omfatte ei

liste over alle tilsvarande modellar der dei opplysningane som er med i den tekniske dokumentasjonen, er skaffa fram på det same grunnlaget.

4. Dersom produsenten eller importøren bringar tilsvarande modellar i omsetning, skal produsenten eller importøren føre opp ei liste over alle tilsvarande modellar.

Artikkel 5

Framgangsmåte for verifisering for marknadstilsynsføremål

Når styresmaktene i medlemsstatane utfører marknadstil- synskontroll slik det er nemnt i artikkel 3 nr. 2 i direktiv 2009/125/EF for å kontrollere at dei krava som er fastsette i vedlegg I til denne forordninga, er oppfylte, skal dei nytte den framgangsmåten for verifisering som det er gjort greie for i vedlegg III til denne forordninga.

Artikkel 6

Rettleiande referanseverdiar

Dei rettleiande referanseverdiane for dei miljømessig beste apparata som er tilgjengelege på marknaden når denne forordninga tek til å gjelde, er fastsette i vedlegg IV.

Artikkel 7

Revisjon

Kommisjonen skal vurdere denne forordninga på nytt i lys av den teknologiske utviklinga og leggje fram resultatet av denne vurderinga for samrådsforumet seinast sju år etter at forordninga tek til å gjelde. Revisjonen skal mellom anna innehalde ei vurdering av om det er mogeleg å innføre eventuelle krav for å betre attvinninga og resirkuleringa av apparata, krav til brukstid og levetid og til fjerning av røyk og lukt, og om apparat som vert nytta til yrkesbruk og kommersiell bruk, skal omfattast.

Artikkel 8

Ikraftsetjing og bruk

1. Denne forordninga tek til å gjelde den 20. dagen etter at ho er kunngjord i Tidend for Den europeiske unionen.

2. Ho skal nyttast eitt år etter at ho har teke til å gjelde.

Denne forordninga er bindande i alle delar og gjeld direkte i alle medlemsstatane.

Utferda i Brussel, 14. januar 2014.

For Kommisjonen

José Manuel BARROSO

President

_____

(5)

VEDLEGG I

Krav til miljøve nle g utforming

1. KRAV T IL ENERGIEFFEKT IVIT ET , LUFT GJENNOMST RØYMING OG LYSST YRKE 1.1. For ste ikje omnar til hushaldsbruk

Rom i steikjeomnar til hushaldsbruk (medrekna steikjeomnar som er integrerte i komfyrar) skal stette grenseverdiane for energieffektivitetsindeksen i tabell 1.

Tabell 1

G renseverdiar f or energief f ektivitetsindeksen til rom i steikjeomnar til hushaldsbruk (EEIrom) Elektrisk steikjeomn og gass-steikjeomn til

hushaldsbruk

Eitt år etter ikraftsetjinga EEIrom < 146

T o år etter ikraftsetjinga EEIrom < 121

Fem år etter ikraftsetjinga EEIrom < 96

Fem år etter ikraftsetjinga skal minst eitt av romma i steikjeomnar med fleire rom (medrekna steikjeomnar som er integrerte i komfyrar) stette den maksimale energieffektivitetsindeksen i tabell 1 under «Fem år etter ikraftsetjinga», medan dei andre romma skal stette den maksimale energieffektivitetsindeksen i tabell 1 under

«T o år etter ikraftsetjinga».

1.2. For koke plate r til hushaldsbruk

Kokeplater til hushaldsbruk skal stette dei øvre grensene for energiforbruk for elektriske kokeplater (ECelektrisk kokeplate) og dei minsteverdiane for energieffektivitet for gassvarma kokeplater (EEgasskokeplate) som er oppførte i tabell 2.

Tabell 2

G renseverdiar f or energief f ektivitet f or kokeplater til hushaldsbruk (ECelektrisk kokeplate og EEgasskokeplate) Elektrisk kokeplate

(ECelektrisk kokeplate i Wh/kg)

Gassvarma kokeplate (EEgasskokeplate i %) Eitt år etter ikraftsetjinga ECelektrisk kokeplate < 210 EEgasskokeplate > 53 T re år etter ikraftsetjinga ECelektrisk kokeplate < 200 EEgasskokeplate > 54 Fem år etter ikraftsetjinga ECelektrisk kokeplate < 195 EEgasskokeplate > 55 1.3. For avtre kkshe tte r til hushaldsbruk

1.3.1. Energieffektivitetsindeks (EEIhette) og fluiddynam isk effektivitet (FDEhette)

Avtrekkshetter til hushaldsbruk skal stette den maksimale energieffektivitetsindeksen EEIhette og dei minsteverdiane for fluiddynamisk effektivitet FDEhette som er oppførte i tabell 3.

Tabell 3

Ene rgieffektivitetsindeks (EEIhette) og fluiddynamisk e ffe ktivite t (FDEhette) for avtre kkshe tte r til hushaldsbruk

EEIhette FDEhette

Eitt år etter ikraftsetjinga EEIhette < 120 FDEhette > 3 T re år etter ikraftsetjinga EEIhette < 110 FDEhette > 5 Fem år etter ikraftsetjinga EEIhette < 100 FDEhette > 8 1.3.2. Luftgjennom strøym ing

Eitt år etter ikraftsetjinga skal avtrekkshetter til hushaldsbruk som har ei høgste luftgjennomstrøyming i ei av dei tilgjengelege innstillingane på meir enn 650 m3/t, automatisk gå tilbake til ei luftgjennomstrøyming som er lågare enn eller lik 650 m3/t innan eit avgrensa tidsrom tgrense, slik det er definert i vedlegg II.

(6)

1.3.3. Tilstandar m ed lågt effektforbruk for avtrekkshetter til hushaldsbruk 1) 18 månader etter ikraftsetjinga:

— Effektforbruket i «avslått tilstand»: effektforbruket i alle former for avslått tilstand skal ikkje ov erstige 1,00 W.

— Effektforbruket i «kviletilstand»:

— Effektforbruket i alle tilstandar som berre held ved lag ein reaktiveringsfunksjon, eller berre ein reaktiveringsfunksjon og ein indikasjon på at reaktiveringsfunksjonen er aktivert, skal ikkje overstige 1,00 W.

— Effektforbruket til utstyr i alle tilstandar som berre held ved lag ei informasjons- eller statusvising, eller berre ein kombinasjon av ein reaktiveringsfunksjon og ei informasjons- eller statusvising, skal ikkje overstige 2,00 W.

— T ilgang til «avslått tilstand» og/eller «kviletilstand»: avtrekkshetter til hushaldsbruk skal kunne vere i

«avslått tilstand» og/eller «kviletilstand» og/eller ein annan tilstand som ikkje overstig dei gjeldande krava til effektforbruk i «avslått tilstand» og/eller «kviletilstand» når dei er tilkopla straumnettet.

2) T re år og seks månader etter ikraftsetjinga:

— Effektforbruket i «avslått tilstand»: effektforbruket i alle former for avslått tilstand skal ikkje overstige 0,50 W.

— Effektforbruket i «kviletilstand»: effektforbruket i alle tilstandar som berre held ved lag ein reaktiveringsfunksjon, eller berre ein reaktiveringsfunksjon og ein indikasjon på at reaktiverings- funksjonen er aktivert, skal ikkje overstige 0,50 W.

Effektforbruket til utstyr i alle tilstandar som berre held ved lag ei informasjons- eller statusvising, eller berre ein kombinasjon av ein reaktiveringsfunksjon og ei informasjons- eller statusvising, skal ikkje overstige 1,00 watt.

— Straumsparing: når ei avtrekkshette til hushaldsbruk ikkje vert nytta til hovudfunksjonen, eller når andre produkt som nyttar energi, ikkje er avhengige av funksjonane i hetta, skal ho, med mindre dette ikkje er føremålstenleg for den bruken hetta er meint for, ha ein straumsparande funksjon eller ein tilsvarande funksjon som etter kortast mogleg tid, alt etter kva bruk hetta er meint for, automatisk slår ho over i

— «kviletilstand», eller

— «avslått tilstand», eller

— ein annan tilstand der dei gjeldande krava til effektforbruk i «avslått tilstand» og/eller

«kviletilstand», ikkje vert overstigne når utstyret er tilkopla straumnettet.

— Straumsparingsfunksjonen skal vere aktivert før levering.

— Avtrekkshetter med ein automatisk funksjonstilstand under matlaging og heilautomatiske avtrekkshetter skal automatisk gå over i dei tilstandane og funksjonane som er nemnde i nummeret ovanfor, innan eitt minutt etter at både motoren og lyset vart slåtte av automatisk eller manuelt.

1.3.4. Lysstyrke

Eitt år etter ikraftsetjinga skal avtrekkshetter som har lys over kokeflata, ha eit lysgjevingssystem over kokeflata med ein gjennomsnittleg lysstyrke (Egjennomsnitt) som er høgare enn 40 lux ved måling under standardtilhøve.

2. KRAV T IL PRODUKT OPPLYSNINGAR

Eitt år etter ikraftsetjinga skal følgjande produktopplysningar førast opp i den tekniske dokumentasjonen til produktet, bruksrettleiinga og på fritt tilgjengelege nettstader som tilhøyrer produsentar av steikjeomnar, kokeplater og avtrekkshetter til hushaldsbruk, representantar for produsentane eller importørar:

a) kort nemning for eller tilvising til dei måle- og utrekningsmetodane som er nytta til å fastslå at kriteria ovanfor er oppfylte,

b) opplysningar som er relevante for brukarar med tanke på å redusere den samla miljøverknaden (t.d.

energibruk) av matlaginga.

(7)

Eitt år etter ikraftsetjinga skal den tekniske dokumentasjonen og ein særskild del for yrkesbrukarar av dei fritt tilgjengelege nettstadene som tilhøyrer produsentar, representantar for produsentane eller importørar, innehalde opplysningar om ikkje-destruktiv demontering for vedlikehald og opplysningar om demontering (særleg i samband med motoren dersom det er relevant, og eventuelle batteri), materialattvinning, attvinning og slutthandsaming av kasserte apparat.

2.1. For ste ikje omnar til hushaldsbruk

Tabell 4

O pplysningar om ste ikje omnar til hushaldsbruk

Symbol Verdi Eining

Modellnemning Steikjeomnstype

Massen til apparatet M X,X kg

T al på rom X

Varmekjelde per rom (elektrisitet eller gass)

Volum per rom V X l

Energiforbruk (elektrisk) ved oppvarming av ei standardmengd i eit rom i ein elektrisk oppvarma steikjeomn, under ein syklus, i vanleg tilstand, per rom (elektrisk restenergi)

ECelektrisk rom X,XX kWh/syklus

Energiforbruk ved oppvarming av ei standardmengd i eit rom i ein elektrisk oppvarma steikjeomn, under ein syklus, i varmluftstilstand, per rom (elektrisk restenergi)

ECelektrisk rom X,XX kWh/syklus

Energiforbruk ved oppvarming av ei standardmengd i eit gassvarma rom i ein steikjeomn, under ein syklus, i vanleg tilstand, per rom (restenergi med gass)

ECgassrom X,XX

X,XX

MJ/syklus kWh/syklus(1)

Energiforbruk ved oppvarming av ei standardmengd i eit gassvarma rom i ein steikjeomn, under ein syklus, i varmluftstilstand, per rom (restenergi med gass)

ECgassrom X,XX

X,XX

MJ/syklus kWh/syklus

Energieffektivitetsindeks per rom EEIrom X,X

(1) 1 kWh/syklus = 3,6 MJ/syklus.

2.2. For koke plate r til hushaldsbruk 2.2.1. Elektriske kokeplater til hushaldsbruk

Tabell 5a

O pplysningar om e le ktriske koke plate r til hushaldsbruk

Symbol Verdi Eining

Modellnemning Kokeplatetype

T al på kokesoner og/eller -område X

(8)

Symbol Verdi Eining Oppvarmingsteknologi (induksjons-

kokesoner og -område, konvensjonelle kokesoner, masseplater)

For sirkelforma kokesoner eller -område: diameter med nyttbart overflateareal per elektrisk oppvarma kokesone, avrunda til nærmaste 5 mm

Ø X,X cm

For ikkje-sirkelforma kokesoner eller -område: lengd og breidd med nyttbart overflateareal per elektrisk oppvarma kokesone eller -område, avrunda til nærmaste 5 mm

L W

X,X X,X

cm

Energiforbruk per kokesone eller -område utrekna per kg

ECelektrisk koking X,X Wh/kg

Energiforbruk til kokeplata utrekna per kg

ECelektrisk kokeplate X,X Wh/kg

2.2.2. Gassvarm a kokeplater til hushaldsbruk

Tabell 5b

O pplysningar om gassvarma koke plate r til hushaldsbruk

Symbol Verdi Eining

Modellnemning Kokeplatetype

T al på gassbrennarar X

Energieffektivitet per gassbrennar EEgassbrennar X,X Energieffektivitet for gasskokeplata EEgasskokeplate X,X

2.2.3. Kom binerte gasskokeplater og elektriske kokeplater til hushaldsbruk Tabell 5c

O pplysningar om kombine rte koke plate r til hushaldsbruk

Symbol Verdi Eining

Modellnemning Kokeplatetype

T al på elektriske kokesoner og/eller -område

X

Oppvarmingsteknologi

(induksjonskokesoner og -område, konvensjonelle kokesoner, masseplater) per elektriske kokesone og/eller -område

For sirkelforma elektriske kokesoner:

diameter med nyttbart overflateareal per elektrisk oppvarma kokesone, avrunda til nærmaste 5 mm

Ø X,X cm

(9)

Symbol Verdi Eining For ikkje-sirkelforma elektriske

kokesoner eller -område: lengd og breidd med nyttbart overflateareal per elektrisk oppvarma kokesone eller -område, avrunda til nærmaste 5 mm

L W

X,X X,X

cm

Energiforbruk per elektriske kokesone eller -område utrekna per kg

ECelektrisk koking X Wh/kg

T al på gassbrennarar X

Energieffektivitet per gassbrennar EEgassbrennar X,X

2.3. For avtre kkshe tte r til hushaldsbruk

Tabell 6

O pplysningar om avtre kkshe tte r til hushaldsbruk

Symbol Verdi Eining

Modellnemning

Årleg energiforbruk AEChette X,X kWh/år

T idslengingsfaktor f X,X

Fluiddynamisk effektivitet FDEhette X,X

Energieffektivitetsindeks EEIhette X,X

Målt luftgjennomstrøyming ved punktet for beste verknadsgrad

QBEP X,X m3/t

Målt lufttrykk ved punktet for beste verknadsgrad

PBEP X Pa

Høgste luftgjennomstrøyming Qmaks. X,X m3/t

Målt elektrisk inngangseffekt ved punktet for beste verknadsgrad

WBEP X,X W

Nominell effekt til lysgjevingssystemet WL X,X W

Gjennomsnittleg lysstyrke til lysgjevingssystemet over kokeflata

Egjennomsnitt X lux

Målt effektforbruk i kviletilstand Ps X,XX W

Målt effektforbruk i avslått tilstand Po X,XX W

Lydeffektnivå LWA X dB

(10)

VEDLEGG II

Målingar og utre kningar

Når det gjeld samsvar og kontroll med oppfylling av krava i denne forordninga, skal det nyttast ein påliteleg, nøyaktig og reproduserbar måle- og utrekningsmetode som representerer det noverande utviklingssteget i teknikken, medrekna harmoniserte standardar der referansenumra er offentleggjorde for dette føremålet i Tidend for Den europeiske unionen. Dei skal vere i samsvar med dei tekniske definisjonane, vilkåra, likningane og parametrane som er oppførte i dette vedlegget.

1. ST EIKJEOMNAR T IL HUSHALDSBRUK

Energiforbruket til eit rom i ein steikjeomn til hushaldsbruk skal målast i ein standardisert syklus, i vanleg tilstand og eventuelt i varmluftstilstand, ved å varme opp ei standardmengd som er bløytt med vatn. Det skal kontrollerast at temperaturen inne i steikjeomnsrommet når den temperaturen som termostaten og/eller styringspanelet er innstilt på, innan prøvingssyklusen er omme. Energiforbruket per syklus i den driftstilstanden som gjev det beste resultatet (vanleg tilstand eller varmluftstilstand), skal nyttast i utrekningane nedanfor.

Energieffektivitetsindeksen (EEIrom) for kvart einskilt rom i steikjeomnen til hushaldsbruk skal reknast ut med følgjande formlar:

for elektriske steikjeomnar til hushaldsbruk:

EEIrom = ECelektrisk rom

× 100 SECelektrisk rom

SECelektrisk rom = 0,0042 × V + 0,55 (i kWh) for gass-steikjeomnar til hushaldsbruk:

EEIrom = ECgassrom

× 100 SECgassrom

SECgassrom = 0,044 × V + 3,53 (i MJ) der:

— EEIrom = energieffektivitetsindeks for kvart einskilt rom i ein steikjeomn til hushaldsbruk, avrunda til éin desimal,

— SECelektrisk rom = standardenergiforbruk (elektrisitet) ved oppvarming av ei standardmengd i eit rom i ein elektrisk oppvarma steikjeomn til hushaldsbruk i løpet av ein syklus, uttrykt i kWh og avrunda til to desimalar,

— SECgassrom = standardenergiforbruk ved oppvarming av ei standardmengd i eit rom i ein gassvarma steikjeomn til hushaldsbruk i løpet av ein syklus, uttrykt i MJ og avrunda til to desimalar,

— V = romvolumet til steikjeomnen til hushaldsbruk i liter (L), avrunda til nærmaste heiltal,

— ECelektrisk rom = energiforbruk ved oppvarming av ei standardmengd i eit rom i ein elektrisk oppvarma steikjeomn til hushaldsbruk i løpet av ein syklus, uttrykt i kWh og avrunda til to desimalar,

— ECgassrom = energiforbruk ved oppvarming av ei standardmengd i eit gassvarma rom i ein steikjeomn til hushaldsbruk i løpet av ein syklus, uttrykt i MJ og avrunda til to desimalar.

2. KOKEPLAT ER T IL HUSHALDSBRUK 2.1. Ele ktriske koke plate r til hushaldsbruk

Energiforbruket til ei elektrisk kokeplate (ECelektrisk kokeplate) til hushaldsbruk skal målast i Wh per kg oppvarma vatn i ei standardisert måling (Wh/kg) der alle kokekar vert prøvde under standardiserte prøvingstilhøve, og avrundast til éin desimal.

2.2. Gasskoke plate r til hushaldsbruk

Energieffektiviteten til gassbrennarar i ei kokeplate til hushaldsbruk skal reknast ut slik:

EEgassbrennar = Eteoretisk

× 100 Egassbrennar

(11)

der:

— EEgassbrennar = energieffektiviteten til ein gassbrennar uttrykt i prosent og avrunda til éin desimal,

— Egassbrennar = energiinnhaldet i gassen som er nytta til den føreskrivne oppvarminga, uttrykt i MJ og avrunda til éin desimal,

— Eteoretisk = det teoretisk minste naudsynte energiforbruket for den tilsvarande føreskriv ne oppvarminga, uttrykt i MJ og avrunda til éin desimal.

Energieffektiviteten til gasskokeplata (EEgasskokeplate) skal reknast ut som gjennomsnittet av energieffektiviteten til dei ulike gassbrennarane (EEgassbrennar) i kokeplata.

2.3. Kombine rte e le ktriske koke plate r og gasskoke plate r til hushaldsbruk

Kombinerte elektriske kokeplater og gasskokeplater til hushaldsbruk vert handsama som to ulike apparat i målingane. For elektriske kokesoner og -område på dei kombinerte kokeplatene til hushaldsbruk gjeld føresegnene i del 2 nr. 1, og for kokesoner som vert oppvarma med gassbrennarar, gjeld føresegnene i del 2 nr. 2.

3. AVT REKKSHET T ER T IL HUSHALDSBRUK 3.1. Utre kning av e ne rgie ffe ktivite tsinde kse n (EEIhette)

Energieffektivitetsindeksen (EEIhette) skal reknast ut på følgjande måte:

EEIhette = AEChette

× 100 SAEChette

og avrundast til éin desimal, der:

SAEChette = det årlege standardenergiforbruket til avtrekkshetta til hushaldsbruk, uttrykt i kWh/år og avrunda til éin desimal,

— AEChette = det årlege energiforbruket til avtrekkshetta til hushaldsbruk, uttrykt i kWh/år og avrunda til éin desimal.

Det årlege standardenergiforbruket (SAEChette) til ei avtrekkshette til hushaldsbruk skal reknast ut på følgjande måte:

SAEChette = 0,55 × (WBEP WL) + 15,3 der:

WBEP er den elektriske inngangseffekten til avtrekkshetta til hushaldsbruk ved punktet for beste verknadsgrad, uttrykt i watt og avrunda til éin desimal,

WL er den nominelle elektriske inngangseffekten til lysgjevingssystemet i avtrekkshetta til hushaldsbruk over kokeflata, uttrykt i watt og avrunda til éin desimal.

Det årlege energiforbruket (AEChette) til ei avtrekkshette til hushaldsbruk skal reknast ut på følgjande måte:

i) for heilautomatiske avtrekkshetter til hushaldsbruk:

AEChette = (WBEP × tH × f) + (WL × tL)

+ P0 × (1440 - tH × f)

+ PS × (1440 - tH × f)

× 365

60 × 1000 2 × 60 × 1000 2 × 60 × 1000

ii) for alle andre avtrekkshetter til hushaldsbruk:

AEC hette = [WBEP × (tH × f) + WL × tL] × 365 60 × 1000

der:

tL er den gjennomsnittlege lysgjevingstida per dag, uttrykt i minuttar (tL = 120),

tH er den gjennomsnittlege driftstida per dag for avtrekkshetter til hushaldsbruk, uttrykt i minuttar (tH = 60),

Po er den elektriske inngangseffekten i avslått tilstand for avtrekkshetta til hushaldsbruk, uttrykt i watt og avrunda til to desimalar,

(12)

Ps er den elektriske inngangseffekten i kviletilstand for avtrekkshetta til hushaldsbruk, uttrykt i watt og avrunda til to desimalar,

f er tidslengingsfaktoren, utrekna og avrunda til éin desimal, på følgjande måte:

f = 2 - (FDEhette × 3,6)/100 3.2. Utre kni ng av de n fluiddynamiske e ffe ktivite te n (FDEhette)

FDEhette ved punktet for beste verknadsgrad skal reknast ut ved hjelp av følgjande formel og avrundast til éin desimal:

FDEhette = QBEP × PBEP

× 100 3600 × WBEP

der:

QBEP er gjennomstrøymingsfarten for avtrekkshetta til hushaldsbruk ved punktet for beste verknadsgrad, uttrykt i m3/t og avrunda til éin desimal,

PBEP er den statiske trykkforskjellen i avtrekkshetta til hushaldsbruk ved punktet for beste verknadsgrad, uttrykt i Pa og avrunda til nærmaste heiltal,

WBEP er den elektriske inngangseffekten til avtrekkshetta til hushaldsbruk ved punktet for beste verknadsgrad, uttrykt i watt og avrunda til éin desimal.

3.3. Utre kning av avgre nsinga av fråluft

3.3.1. Avtrekkshetter til hushaldsbruk med ei høgste luftgjennomstrøyming i ei av dei tilgjengelege innstillingane på over 650 m3/t, skal automatisk gå tilbake til ei luftgjennomstrøyming som er lågare enn eller lik 650 m3/t innan eit avgrensa tidsrom tgrense. Dette er tidsgrensa for utsuging av eit luftvolum på 100 m3 gjennom avtrekkshetta til hushaldsbruk ved ei luftgjennomstrøyming på over 650 m3/t, før produktet automatisk går over til ei luftgjennomstrøyming på 650 m3/t eller lågare. Utrekninga, som skal uttrykkjast i minuttar og avrundast til nærmaste heiltal, skal gjerast på følgjande måte:

tgrense = 6000 m3 (1) Qmaks.

der:

— Qmaks. er den høgste luftgjennomstrøyminga i avtrekkshetta til hushaldsbruk, medrekna ein eventuell intensiv tilstand eller snøggtilstand, uttrykt i m3/t og avrunda til éin desimal.

Dette kravet vert ikkje rekna som oppfylt dersom luftgjennomstrøyminga i apparatet vert redusert ved hjelp av ein manuell brytar eller ei manuell innstilling til ein verdi som er lågare enn eller lik 650 m3/t.

3.3.2. For avtrekkshetter til hushaldsbruk der det vert nytta ein automatisk funksjonstilstand under matlaging:

— den automatiske funksjonstilstanden skal berre kunne aktiverast ved at brukaren utfører aktiveringa manuelt, anten på hetta eller ein annan stad,

— den automatiske funksjonstilstanden skal gå tilbake til manuell styring seinast 10 minuttar etter at den automatiske funksjonen har slått av motoren.

3.4. Lysstyrke (Egjennomsnitt)

Den gjennomsnittlege lysstyrken til lysgjevingssystemet over kokeflata (Egjennomsnitt) skal målast under standardtilhøve, uttrykkjast i lux og avrundast til nærmaste heiltal.

3.5. Støy

Støyverdien (i dB) skal målast som den A-vege luftstøyen (vege gjennomsnittsverdi — LWA) frå ei avtrekkshette til hushaldsbruk, ved den høgste innstillinga for normal bruk, og ikkje i intensiv tilstand eller snøggtilstand, og avrundast til nærmaste heiltal.

_____

(1) Sjå V = x dt, som kan forenklast til hovudfunksjonen der:

Vmaks. er det største luftvolumet som kan sugast ut, innstilt til 100 m3,

Qmaks. er den høgste luftgjennomstrøyminga i avtrekkshetta, medrekna ein eventuell intensiv tilstand eller snøggtilstand,

t er tida uttrykt i minuttar og avrunda til nærmaste heiltal,

dt er den samla tida det tek før luftvolumet på 100 m3 er nådd,

tgrense syner tida utsuginga av 100 m3 tek, uttrykt i minuttar og avrunda til nærmaste heiltal.

(13)

VEDLEGG III

Framgangsmåte for kontroll utført av marknadstilsynsstyre smakte ne me d omsyn til produktsamsvar Når styresmaktene i medlemsstatane skal vurdere om eit produkt oppfyller dei krava som er fastsette i denne forordninga, i samsvar med artikkel 3 nr. 2 i direktiv 2009/125/EF, skal dei nytte følgjande framgangsmåte:

1. Styresmaktene i medlemsstatane skal prøve ei einskild eining per modell.

2. Modellen skal reknast for å oppfylle dei gjeldande krava dersom:

a) verdiane i dei produktopplysningane som krevst i medhald av denne forordninga, ikkje er gunstigare for produsenten enn verdiane i den tekniske dokumentasjonen, medrekna prøvingsrapportar, og

b) prøving av dei relevante modellparametrane etter dei toleransane som er oppførte i tabell 7, syner at krava er oppfylte for alle desse parametrane.

3. Dersom det resultatet som er nemnt i nr. 2 a), ikkje vert nådd, skal modellen og alle tilsvarande modellar reknast for ikkje å oppfylle krava i denne forordninga.

4. Dersom det resultatet som er nemnt i nr. 2 b), ikkje vert nådd, skal styresmaktene i medlemsstatane utføre prøvingar med ytterlegare tre einingar av den same modellen. Alternativt kan desse tre valde einingane vere av éin eller fleire ulike modellar som er oppførte som tilsvarande produkt i den tekniske dokumentasjonen frå produsenten.

5. Modellen skal reknast for å oppfylle dei gjeldande krava dersom prøving av dei relevante modellparametrane som er oppførte i tabell 7, syner at krava er oppfylte for alle desse parametrane.

6. Dersom det resultatet som er nemnt i nr. 5 ikkje vert nådd, skal modellen og alle tilsvarande modellar reknast for ikkje å oppfylle krava i denne forordninga. Styresmaktene i medlemsstatane skal leggje fram prøvingsresultata og andre opplysningar som er relevante for styresmaktene i andre medlemsstatar og Kommisjonen, innan éin månad etter at avgjerda om at modellen ikkje oppfyller krava, er teken.

Styresmaktene i medlemsstatane skal nytte dei måle- og utrekningsmetodane som er fastsette i vedlegg II.

Dei toleransane som er fastsette i dette vedlegget, skal nyttast berre i samband med den verifiseringa som styresmaktene i medlemsstatane gjer av dei målte parametrane, og represen terer tillatne avvik i måleresultata frå kontrollprøvene; produsenten skal ikkje nytte desse til å fastsetje verdiane i den tekniske dokumentasjonen eller til å tolke desse verdiane for å oppnå ei betre merkingsklassifisering eller på annan måte gje inntry kk av betre yting.

Tabell 7 Ve rifise ringstole ransar

Målte parametrar Verifiseringstoleransar

Massen til steikjeomnen til hushaldsbruk (M) Den fastsette verdien skal ikkje overstige den oppførte verdien for M med meir enn 5 %.

Romvolumet i steikjeomnen til hushaldsbruk (V) Den fastsette verdien skal ikkje vere meir enn 5 % lågare enn den oppførte verdien for V.

ECelektrisk rom, ECgassrom Den fastsette verdien skal ikkje overstige den oppførte verdien for

ECelektrisk rom, ECgassrom med meir enn 5 %.

ECelektrisk kokeplate Den fastsette verdien skal ikkje overstige den oppførte verdien for

ECelektrisk kokeplate med meir enn 5 %.

EEgasskokeplate Den fastsette verdien skal ikkje vere meir enn 5 % lågare enn den

oppførte verdien for EEgasskokeplate.

WBEP, WL Den fastsette verdien skal ikkje overstige den oppførte verdien for WBEP, WL med meir enn 5 %.

(14)

Målte parametrar Verifiseringstoleransar

QBEP, PBEP Den fastsette verdien skal ikkje vere meir enn 5 % lågare enn den oppførte verdien for QBEP, PBEP.

Qmaks. Den fastsette verdien skal ikkje overstige den oppførte verdien for

Qmaks. med meir enn 8 %.

Egjennomsnitt Den fastsette verdien skal ikkje vere meir enn 5 % lågare enn den

oppførte verdien for Egjennomsnitt.

Lydeffektnivå LWA Den fastsette verdien skal ikkje overstige den oppførte verdien.

Po, Ps Den fastsette verdien for effektforbruket Po og Ps skal ikkje overstige den oppførte verdien med meir enn 10 %. Den fastsette verdien for effektforbruket Po og Ps på 1,00 W eller mindre, skal ikkje overstige den oppførte verdien med meir enn 0,10 W.

(15)

VEDLEGG IV

Re ttle iande re fe ranse ve rdiar

På det tidspunktet då denne forordninga tek til å gjelde, har dei mest energieffektive steikjeomnane, kokeplatene og avtrekkshettene til hushaldsbruk på marknaden, desse verdiane:

Steikjeomnar til hushaldsbruk

Elektriske EEIrom = 70,7

Gass EEIrom = 75,4

Kokeplater til hushaldsbruk

Elektriske ECelektrisk koking = 169,3

Gass EEgassbrennar = 63,5 %

Avtrekkshetter til hushaldsbruk

Luftgjennomstrøyming FDEhette = 22

Støy 51 dB ved 550 m3/t; 57 dB ved 750 m3/t

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

desember 2019 om endring av EØS-avtalens vedlegg IX (Finansielle tjenester), se EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende nr.. 4) Dersom et

mars 2019 om endring av EØS-avtalens vedlegg IX (Finansielle tjenester), se EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende nr.. 7) Handelsplasser der det anses hensiktsmessig å

januar 2003 om endring av EØS-avtalens vedlegg II (Tekniske forskrifter, standarder, prøving og sertifisering), se EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende nr.. 4)

juli 2019 om endring av EØS-avtalens vedlegg IX (Finansielle tjenester), se EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende nr.. 7) Opplysningene i prospekter for

februar 2014 om endring av EØS-avtalens vedlegg II (Tekniske forskrifter, standarder, prøving og sertifisering), se EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende nr. 4)

juli 2015 om endring av EØS-avtalens vedlegg XX (Miljø), se EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende nr. 4) Felles regler om straffbare forhold gjør at det kan

september 2012 om endring av EØS-avtalens vedlegg IX (Finansielle tjenester), se EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende nr. 1 i direktiv 2009/65/EF

september 2012 om endring av EØS-avtalens vedlegg IX (Finansielle tjenester), se EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende nr. 4) I henhold til direktiv