-Ein tydeleg medspelar
Regional delplan for
attraktive byar og tettstader
Ny senterstrukturplan for Møre og Romsdal
med retningslinjer for lokalisering av handel og tenester
Max Ingar Mørk, Møre og Romsdal fylkeskommune
-Ein tydeleg medspelar
Kva er problemet?
Nokre regionale utviklingstrekk
Fylket har permanent innanlandsk nettoutflytting
Nokre regionale utviklingstrekk
Det er unge i alderen 20-29 år som flyttar mest
…og dei fleste kjem aldri tilbake
Innanlandsk nettoflytting 2009-2013
Nokre regionale utviklingstrekk
Det fører til eit underskot av personar i alderen 20-40 år
…og aller mest underskot av kvinner
• Unge som skal etablere seg set i aukande grad krav til bumiljø, handels- og tenestetilbod, kommunikasjonar, barnehage og skole, utdanning og kultur.
• Dei vil ha tilbod om kaffebarar, utestader og urbane kvalitetar som dei kjenner frå storbyen.
• For at dei skal flytte dit må staden kunne freiste med eit breitt arbeidsplasstilbod, gode karrieremoglegheiter – og jobb til to.
• Samtidig er nyutdanna unge ettertrakta på arbeidsmarknaden – det er nasjonal konkurranse om kompetansearbeidskrafta.
• …og næringslivet får stadig større behov for spesialisert kompetansearbeidskraft.
Det er ikkje nok med fin natur,
…sjølv om det er viktig for mange
Korleis skape attraktivitet?
Kommunane i fylket har prøvd ulike tilnærmingar:
• Ålesund marknadsfører seg som hovudstad for maritime næringar.
Byen har stor tilflytting av både menn og kvinner, men veksten skjer i tradisjonelt «barske» næringar som tiltrekker flest menn.
• Sykkylven har mykje møbelindustri og mange kvinnearbeidsplassar.
Industrien har satsa på å rekruttere høgt utdanna designarar utanfrå – gjerne kvinner som kan kommunisere med ein kvinneprega marknad.
Samtidig satsar ein bevisst på å få kvinner utanfrå inn i leiande stillingar og styreverv – for å utvide nettverket og få nye idear.
• Halsa har mykje primær- og sekundærnæring og nedgang i folketalet.
Dei ønskjer alle velkommen til Halsa – uansett kjønn og nasjonalitet.
Den nye strategien er å prøve å få dei som allereie bur der til å bli.
• Konklusjon: Det skjer ei utvikling
– frå rein kvinnesatsing til rekruttering av kompetanse.
– frå å trekke til seg tilflyttarar til å satse på bulyst.
Korleis skape attraktivitet?
Kjelde: Møreforsking (2014): Kjønnsperspektiv på rekruttering av innbyggarar:
Korleis skape attraktivitet?
• Det er først og fremst byane som vil få den framtidige veksten.
• Arbeidsmarknaden må ha ein viss kritisk masse for å oppretthalde, utvikle og trekke til seg nye
kompetansearbeidsplassar.
• Større fagmiljø og eit større mangfald av arbeidsgivarar er attraktivt for høgt utdanna arbeidstakarar med behov for karriereutvikling.
• Velfungerande regionale senter kan vere ein avgjerande faktor for å oppnå kritisk masse.
• By og land – mann mot mann?
• …eller treng vi kvarandre?
Korleis står det til i fylket vårt?
Venta folketalsvekst mot 2024: Dei største pendlingsstraumane (innpendling):
• I høve til arbeidsplassdekninga bur det
«for mange» folk i 31 av 36 kommunar.
• Veksten i kompetansearbeidsplassar skjer i dei sentrale kommunane.
Og denne utviklinga er sterk.
• Likevel ønskjer mange å bli buande i distriktskommunane.
• Korleis skal vi best utnytte byane si
vekstkraft og dynamikken mellom by og land?
Korleis står det til i fylket vårt?
Arbeidsplassdekning
Derfor er byane avhengige av
distrikta
…og distrikta er avhengige av
byane
Hovudstrategiar og mål i senterstrukturplanen:
1. Funksjonelle arbeids-, bu- og serviceregionar 2. Attraktive og robuste kommunesenter
3. Byane som regional motor
4. Samordna bustad-, areal- og transportplanlegging 5. Mot ein samla Møreregion
Korleis skape vidare vekst og utvikling i
Møre og Romsdal?
1. Funksjonelle arbeids-, bu- og serviceregionar
• Det er gjennomført ei brei analyse av ulike regiondanningar i fylket for å kome fram til kva som er funksjonelle arbeids-, bu- og serviceregionar (ABS-regionar).
Frå 13 BA-regionar til 4 ABS-regionar
10.11.2014 Ny senterstrukturplan for Møre og Romsdal 12
• Med ein funksjonell ABS-region meiner vi ein region som er
sjølvforsynt med dei fleste viktige funksjonar og tenester som
innbyggarane etterspør gjennom eit livsløp.
• Derfor kallar vi dei «utvida kvardagsregionar».
• Det er identifisert fire slike regionar i fylket: Kristiansund-, Molde-,
Ålesund- og Eiksundregionen.
2. Attraktive og robuste kommunesenter
Senterstrukturen i fylket
Vurdering:
• Fylket har relativt mange kommunar og senter i høve til folketalet.
• For å få attraktive og robuste senter, vil vi satse på
kommunesentera.
• Ei «desentralisert sentralisering».
Tettstader med over 500 innbyggarar
+ kommunesenter med mindre enn 500 innbyggarar
2. Attraktive og robuste kommunesenter
Senternivå
• Regionsenter: Kristiansund, Molde og Ålesund
– Her legg planen ingen avgrensing på etablering av kjøpesenter og andre handels- og tenestetilbod.
• Delregionsenter: Ørsta, Volda, Fosnavåg, Ulsteinvik, Åndalsnes, Sunndalsøra og Surnadal sentrum
– Her kan det etablerast spesielle handels- og tenestetilbod som skal dekke fleire kommunar. Etableringane skal styrke det samla tilbodet i området og ikkje konkurrere med aktuelle etableringar i dei andre kommunane.
– Ørsta, Volda, Fosnavåg og Ulsteinvik må utvikle kompletterande regionsenterfunksjonar i Eiksundregionen.
• Lokalsenter: Øvrige kommunesenter
– Her kan det etablerast handels- og tenestetilbod for opptil 100 % dekning av behovet i eigen kommune.
2. Attraktive og robuste kommunesenter
Senterfunksjonar
• Eit kommunesenter skal
– være basis for vidare utvikling av handels-, service- og tenestetilbodet i kommunen
– innehalde kommunedekkande funksjonar for administrasjon, skole, helse og kultur. Det gjeld også fylkeskommunale og statlege institusjonar.
– være konsentrerte, trygge og lett tilgjengelege med kollektivtransport, sykkel og gange
– ha gode estetiske og funksjonelle kvalitetar og vere universelt utforma
• Dersom eit senter misser status som kommunesenter, vil det
framleis kunne fungere som lokalt handels- og tenestesenter for det same handelsomlandet som før.
• Det kan etablerast daglegvarebutikkar og andre mindre
handelsverksemder utanom kommunesentera for å dekke lokale behov i ei bygd eller eit nærområde.
Retningslinjer for lokalisering av kjøpesenter og handel
• Utanfor by- og tettstadsentrum er det ikkje lov å
etablere nye handelsverksemder med over 3 000 m2 handelsareal.
• All handelsverksemd skal så langt det er mogeleg lokaliserast i sentrum.
• I tilknyting til dagens sentrumsområde kan det
avsettast område for framtidig sentrumsutvikling og for handel med plasskrevjande varer.
• Dersom det ikkje er tilstrekkeleg plass i tilknyting til sentrumsområdet, kan det regulerast eigne
handelsområde som ikkje ligg i tilknyting til sentrum.
2. Attraktive og robuste kommunesenter
Plasskrevjande varer
• bilar
• båtar
• landbruksmaskinar
• trelast
• større byggevarer
• planter/hageartiklar
• møblar og teppe
• kvite- og brunevarer
2. Attraktive og robuste kommunesenter
Sentrumsavgrensing og sentrumsplanar
• Kommunen har ansvar for å avgrense sentrumsarealet i kommuneplan og reguleringsplan.
• Sentrum skal vere konsentrert og ikkje større enn kommunen vil opparbeide med sentrumsmessig preg og kvalitet.
• Sentrum skal vere universelt utforma og omfatte dagens mangfald og konsentrasjon av handels-, service- og kulturtilbod, parkar, torg og andre møteplassar.
• Det skal vere gangavstand mellom ytterpunkta, maks 800 meter i regionsentera og høvesvis mindre i andre kommunesenter.
2. Attraktive og robuste kommunesenter
Sentrumsavgrensing
Kristiansund 800 m
Sunndalsøra 600 m
Ørsta 400 m Molde
800 m
Lingedalen/Moldegård 800 m
Ålesund
800 m Ulsteinvik
600 m
Ørsta 400 m
Fotgjengarbyen
Helland 400 m Åndalsnes
400 m
10.11.2014 Ny senterstrukturplan for Møre og
19
Ørsta 400 m
• Ålesund, Molde og Kristiansund gir grunnlag for utvikling av spesialiserte tilbod innan handel, tenester, administrasjon, utdanning, helse, kultur og transport innanfor sine regionar.
• Byane skal utviklast vidare som regionale motorar med urbane kvalitetar og levande bysenter.
• Spesielle tiltak: Bypakkene, bysatsinga, byfond.
3. Byane som regional motor
• I sentrale by- og tettstadområde skal det leggast til rette for høg arealutnytting, fortetting og transformasjon
• Tettstadene bør utviklast langs hovudlinene for kollektivtrafikken og med samanhengande gang- og sykkelvegnett av høg kvalitet
• Nye bustadfelt og utbyggingsområder bør bygge opp under eksister- ande busetting, infrastruktur, handels- og tenestetilbod. Dei bør leggast i tilknyting til eksisterande utbyggingsområde, kollektivnett og g/s-nett
• Nye bustadfelt må gi gode oppvekstvilkår for barn og unge med trygg tilkomst til leikeplasser, idrettsanlegg, kultur- og fritidsaktivitetar,
barnehage, skole og butikk. Lokale natur- og miljøkvaliteter må sikrast.
4. Samordna bustad-, areal- og transportplanlegging
Planretningslinjer for
utbyggingsmønsteret i kommunane
• Ferjefri E39 og andre nye samferdselsprosjekt skaper grunnlag for større funksjonelle regionar.
• Det kan skapast ein bu- og arbeidsmarknadsregion med inntil 200 000 innbyggarar i aksen Kristiansund-Molde- Ålesund
• Effekten av dette skal nyttast til å styrke eksisterande byar og tettstader – ikkje etablere nye.
5. På veg mot ein samla Møreregion
Frå 13 BA-regionar til 4 ABS-regionar
… til éin Møreregion?
Verknader av planen
• Retningslinene i planen skal leggast til grunn for nye
kommuneplanar, reguleringsplanar og andre utbyggingsplanar.
Motstrid kan gi grunnlag for motsegn etter plan- og bygningslova.
• Forbodet mot kjøpesenter og større handelsetableringar utanom eksisterande byar og tettstader er juridisk bindande med heimel i Kjøpesenterforskrifta av 2008.