• No results found

Fylkesmannen i Telemark Miljøvernavdelinga

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Fylkesmannen i Telemark Miljøvernavdelinga"

Copied!
6
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

Fylkesmannen i Telemark

Miljøvernavdelinga

Sakshandsamar, innvalstelefon Elisabeth Hammerli, 35 58 61 36

Kontrollrapport

Kontrollrapport nummer: 2013.025.I.FMTE Saksnummer: 2013/2113 Dato for kontroll: 07.05.2013 Informasjon om kontrollert verksemd:

Navn: Bømek as Bedriftsnr.: 972001538 Foretaksnr. (morselskap): 976539850

Postadresse: Sandavegen 15, 3800 Bø i Telemark Tlf./e-post: 35951480/ jan@bomek.no Besøksadresse: Sandavegen 15, 3800 Bø i Telemark Kommunenr / kommune.: 0821 / Bø i Telemark Bransjenr. (NACE-kode): 25.990 Produksjon av

metallvarer ikke nevnt noe annet sted

Anleggsnr.: 0821.0035.01

Til stades under kontrollen:

Frå verksemda: dagleg leiar Jan Tjæreberget

Frå Fylkesmannen: Guri Ravn

Elisabeth Hammerli Kontrollomfang:

Kontrollen er ikkje ein uttømmande kontroll innan Fylkesmannens tilsynsområde, men er avgrensa til:

 Handtering av farleg avfall (lagring, merking, deklarering etc.)

 Handtering av kjemikaliar

 Forureiningsforskriftas kap. 28 - anlegg for kjemisk/elektrolytisk overflatebehandling

 Oppfølging av desse temaa i verksemda sin internkontroll.

Innhaldet i kontrollrapporten:

Rapporten beskriv dei avvika og merknadene som blei konstatert under kontrollen knytt til:

 Avfallsforskrifta

 Internkontrollforskrifta

 Produktkontrollova

 Forureiningsforskrifta

 Forureiningslova Resultat frå kontrollen

Fylkesmannen avdekka 4 avvik* under kontrollen. Det er ikkje gitt merknader. Se nærare omtale i rapporten.

Oppfølging etter kontrollen

Vi syner til fristar for tilbakemelding i oversendingsbrevet til denne rapporten.

Skien 05.06.2013 Elisabeth Hammerli

sted dato Fylkesmannen i Telemark

(etter fullmakt, rapporten er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift)

* Avvik og merknad er definert på side 2 i rapporten

(2)

Definisjon - avvik:

Brot på av krav fastsett i eller i medhald av helse-, miljø- og sikkerheitslovgivinga

(til dømes brot på krav i forureiningslova og/eller produktkontrollova og/eller forskrifter heimla i desse eller krav og vilkår fastsett i utsleppsløyvet.)

Definisjon - merknad:

Eit forhold som tilsynsetatane meiner det er naudsynt å peike på for å ta vare på helse, miljø og sikkerheit, men som ikkje omfattast av definisjonen for avvik.

Informasjon om kontrollgebyr:

Fylkesmannen kan fastsetje gebyr for arbeid med løyver og kontroller, jf forureiningsforskriftas kapittel 39. Nærare informasjon om dette kan fåast via http://lovdata.no/for/sf/md/td-20040601-0931- 103.html. Se vedtak om gebyr i oversendingsbrevet.

Informasjon om vedtak om tvangsmulkt:

Dersom Fylkesmannen ikkje mottar den skriftlege tilbakemeldinga innan den fristen som er fastsett, har vi moglegheit til å fatte vedtak om tvangsmulkt. Vedtak om tvangsmulkt blir fatta med heimel i

forureiningslova § 73 og/eller produktkontrollova § 13. Ein eventuell tvangsmulkt kan fastsetjast som eit eingongsgebyr eller eit løpande dagsgebyr som gjeld så lenge ei tilbakemelding som godtgjer at avvik kan lukkast, ikkje er mottatt.

Stort farepotensial ved stoffer som blir brukt ved overflatebehandling

Stoffa som brukast ved overflatebehandling har eit stort farepotensial, både for helse og miljø. Derfor er det viktig at alle som arbeider med slike prosessar overheld regelverket.

Utslepp til vatn

Prosessvatn inneheld restar av metall og kjemikaliar som ikkje må sleppast direkte til kloakk. Skyljevatn skal reinsast før det kan førast til kommunalt leidningsnett.

Handtering av farleg avfall

Avfall frå overflatebehandling er som regel farleg avfall og må handterast forsvarleg og leverast til godkjent mottak. Farleg avfall er blant anna brukte bad, botnslam frå bad, slam frå reinseanlegg og kjemikalieavfall.

Aktuelt regelverk:

Aktuelle heimlar for avvik som vert avdekka gjennom kontrollen finst i følgjande regelverk:

 Forskrift om systematisk, helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid i virksomheter (internkontrollforskrifta), av 6. desember 1996 med seinare endringar

 Forskrift om gjenvinning og behandling av avfall (avfallsforskrifta), kapittel 11, Farleg avfall, av 1. juni 2004, med seinare endringar

 Lov om kontroll med produkt og forbrukertjenester (produktkontrollova) av 9. januar 1977 med seinare endringar, kap. 3 og 3a

 Forskrift om begrensning av forurensning (forureiningsforskrifta) av 1. juni 2004 med seinare endringar, kap. 28

 Lov om forurensninger og om avfall (forureiningslova) § 7 om plikten til å unngå forureining.

Sjå lover og forskrifter på Klima- og forurensningsdirektoratet (tidligare Statens forurensningstilsyn, SFT) si heimeside www.klif.no eller via www.regelhjelp.no.

(3)

Avvik

F

ølgjande avvik blei funne under Fylkesmannens kontroll:

Avvik 1: Handteringa av farleg avfall er ikkje tilfredsstillande.

Avvik frå: Avfallsforskriftas § 11-5, forsvarleg oppbevaring, § 11-8, leveringsplikt og § 11 – 12, deklarasjonsplikt

Grunnlag for avviket:

a) Verksemda si oppbevaring av farleg avfall er ikkje fullt ut tilfredsstillande.

b) Verksemda har ikkje overhalde leveringsplikta som seier at alt farleg avfall må leverast til godkjent avfallsmottak minst ein gong per år.

c) Verksemda har ikkje gjenpart av deklarasjonsskjema for levert farleg avfall.

d) Vaskevatn frå forbehandling som skiftast kvart 2. eller 3. år vert levert til ein bedrift som ikkje har godkjenning som avfallsmottakar. Filter frå forbehandling vert kasta i restavfall utan at det er undersøkt om det kan vere farleg avfall.

Kommentarar

a) Verksemda lagrar det farlege avfallet i eit låst skap ute, men fleire behaldarar er ikkje merka med innhald. Minner om at det skal settast opp kvar sin merka behaldar for alle typar farleg avfall, t.d.

oljehaldig avfall som oppsugingsmatter, filler og liknande, og at forskjellige typar farleg avfall ikkje skal blandast.

b) Verksemda opplyser at dei har levert det farlege avfallet til godkjent mottak, men alt farleg avfall er ikkje levert kvart år.

c) Etter kontrollen har vi fått tilsendt eit deklarasjonsskjema på sprayboksar som er levert 8/5-13, men her manglar signatur frå godkjent mottakar. Verksemda kunne ikkje framvise andre

deklarasjonsskjema som dokumentasjon på at farleg avfall er levert til godkjent mottak.

d) Brukt vaskevatn frå forbehandling vert levert til GPV i Skien når det vert skifta kvart 2. eller 3. år.

Verksemda kan ikkje dokumentere at dette vatnet ikkje er farleg avfall som i så tilfelle skal leverast til godkjent mottak og deklarerast. Uansett så er ikkje GPV ein godkjent avfallsmottakar, og

verksemda må finne eit godkjent avfallsmottak å levere til. Det må dokumenterast at filter frå forbehandling ikkje er farleg avfall dersom det fortsatt skal behandlast som restavfall.

Fylkesmannens forventningar til verksemda si oppfølging og tilbakemelding.

Dokumentasjon (t.d. bilete) på at alt farleg avfall vert oppbevart i eigne behaldarar må sendast Fylkesmannen.

Verksemda må levere alt farleg avfall til godkjent mottak minst ein gong i året, og gjenpart av alle deklarasjonsskjemaa må oppbevarast som dokumentasjon.

Det farlege avfallet som ikkje er levert det siste året, må leverast no, og kopi av deklarasjonsskjema må sendast Fylkesmannen.

Verksemda må levere vaskevatnet til godkjent avfallsmottak, og anten dokumentere at dette vatnet og filter frå forbehandlinga ikkje er farlig avfall, eller levere begge desse fraksjonane som farleg avfall.

Dokumentasjon sendast Fylkesmannen innan frist satt i oversendingsbrev.

Avvik 2:. Verksemdas handtering av kjemikaliar er ikkje tilfredsstillande

Avvik frå: Internkontrollforskrifta § 5, 2. ledd, pkt. 7, produktkontrollova § 3, 1.ledd.

Grunnlag for avviket:Verksemda har ikkje oppdaterte sikkerheitsdatablad for alle kjemikaliar.

Kommentarar:

Fleire av sikkerheitsdatablada er for gamle. Sikkerheitsdatablad skal pr. no ikkje vere eldre enn frå juni 2008.

(4)

Fylkesmannens forventningar til verksemdas oppfølging og tilbakemelding:

Stadfesting av at alle sikkerheitsdatablad er oppdatert sendast Fylkesmannen.

Avvik 3: Verksemda har mangelfull internkontroll

Avvik frå: Forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid i virksomheter (internkontrollforskrifta), § 5, andre ledd punkt 7.

Grunnlaget for avviket er skildra nedanfor (avviket er ikkje basert på ein fullstendig gjennomgang av internkontrollen).

a) Verksemda har ikkje skriftlege rutinar for handtering av farleg avfall.

b) Verksemda har ikkje rutinar for handsaming av avvik knytt til ytre miljø.

Kommentarar

a) Verksemda har ikkje skriftlege rutinar i sin internkontroll som sikrar at farleg avfall vert handtert i tråd med gjeldande regelverk. Rutinane skal blant anna sikre at:

- verksemda har oversikt over alle typar farleg avfall som oppstår, og må i samband med dette vurdere kva for produktrestar og restar frå prosessbad, skyljevatn, filter osv. som må handterast som farleg avfall.

- alt farleg avfall blir lagra i dertil egna og merka behaldarar.

- alt farleg avfall lagrast slik at lekkasje eller søl ikkje medfører forureining - alt farleg avfall er sikra mot tilgang frå uvedkommande

- alt farleg avfall blir levert til godkjent mottak minst ein gong i året

- alt farleg avfall blir deklarert på standard deklarasjonsskjema ved levering til godkjent mottak.

b) Verksemda har ikkje noko avvikshandsamingssystem som er tilpassa avvik knytt til ytre

miljø. Rutine for avvikshandsaming skal sikre at verksemda avdekkjer, retter opp og førebyggjer brot av krav satt i lovverk knytt til forureining av ytre miljø.

Fylkesmannens forventningar til verksemdas tilbakemelding Følgjande dokumentasjon skal sendast Fylkesmannen:

Kopi av rutinar for handtering av farleg avfall.

Kopi av rutine for avvikshandsaming som også er tilpassa avvik knytt til ytre miljø.

Avvik 4: Journalføringa i verksemda er mangelfull

Avvik frå: Forskrift om begrensning av forurensning(forureiningsforskrifta) kap. 28-6 Grunnlag for avviket:

Verksemda fører ikkje journal over mengde og type kjemikaliar som vert brukt og mengde og type avfall som oppstår i samband med pulverlakkeringsprosessen.

Kommentarar:

Det er ikkje ført nokon journal over mengde og type kjemikaliar brukt i pulverlakkeringsprosessen og forbehandlinga til denne.

Verksemda fører ikkje journal over mengde og type avfall frå pulverlakkeringsprosess inkludert forbehandling og korleis dette er disponert.

(5)

Fylkesmannens forventningar til tilbakemelding frå verksemda:

Følgjande dokumentasjon skal sendast Fylkesmannen:

Dokumentasjon på at journalføring av mengde og type kjemikaliar brukt i pulverlakkeringsprosessen og forbehandling er sett i gang.

Dokumentasjon på at verksemda har sette i gang journalføring av mengde og type avfall frå prosessen og forbehandlinga til denne, og disponering av avfallet.

ANNAN NYTTIG INFORMASJON:

Informasjon om farleg avfall og kjemikaliar

Farleg avfall inneheld helse- og miljøfarlege kjemikaliar som ikkje skal handterast saman med forbruksavfall fordi det kan medføre alvorlige forureiningar eller fare for skade på menneske eller dyr. Farleg avfall på avvegar kan føre til at miljøgifter spreiast og hopar seg opp i naturen. Spreiinga kan skje gjennom forureina sigevatn frå deponi eller gjennom utslipp av forureina avgassar, slagg eller oske frå forbrenningsanlegg. Dersom farleg avfall kjem ut i avløpsnettet, kan det føre til at

kloakkreinseanlegga ikkje fungerer som de skal slik at meir forureining kjem ut i sjø og vassdrag.

”Forskrift om gjenvinning og behandling av avfall” (avfallsforskrifta) har i kapittel 11 regler for farleg avfall. Her er det regler for forsvarlig oppbevaring med vidare av farleg avfall (§ 11-5), krav om

løyve (§ 11-6 og § 11-7), leveringsplikt (§ 11-8), deklarering (§ 11-12) og tilsyn (§ 11-15). I tillegg finst regelverk knytt til bestemte typar farleg avfall. Dette gjeld blant anna for batteri, spillolje,

oljehaldig avløpsvatn, PCB-holdig avfall som kondensatorar og isolerglasvindauge og liknande.

Informasjon om kva for kjemikaliar som er regulerte/ forbodne finst i Forskrift om begrensning i bruk av helse- og miljøfarlige kjemikalier og andre produkter (produktforskrifta). Reguleringar finst blant

anna på bromerte flammehemmarar, kortkjeda klorparafiner, kadmiumforbindelsar, nonyl- og oktylfenol og deira etoksilatar.

Det finst lenker til aktuelle lover og forskrifter på Klima- og forurensningsdirektoratets heimeside www.klif.no eller via www.regelhjelp.no

Informasjon om internkontroll (HMS)

Internkontroll (HMS) er eit system med oversikter, rutinar og dokumentasjon som skal sikre og dokumentere at verksemda overheld krava som er satt i helse-, miljø og sikkerheitslovgivinga.

Ved utarbeiding av eit slikt system skal verksemda systematisk gå igjennom alle ledd av drifta og kartlegge risikoen i forhold til dei tilsette si helse og tryggleik samt påverknaden på ytre miljø. Innan forureiningsområdet vil det mellom anna gjelde oppbevaring av alle typar avfall og farleg avfall, levering av avfall og farleg avfall til godkjent mottak, eventuelle utslipp frå verksemda til jord, luft og vatn, samt støy og lukt, innkjøp, oppbevaring og bruk av kjemikaliar. Det systematiske helse-, miljø- og sikkerheitsarbeidet skal tilpassast tilhøva i verksemda, og omfanget vil følgjeleg variere frå verksemd til verksemd. Viktige faktorar her er risikobiletet og talet på tilsette.

Informasjon om substitusjonsplikta

Helse- og miljøfarlege stoff og produkt kan føre til skade på naturen og på helsa til menneske.

Brukarar av kjemikaliar/kjemiske produkt til bruk i eit yrke har plikt til å finne ut om det finst alternative kjemikaliar som kan nyttast, som fører til mindre skade på naturen og helsa til menneske.

Denne plikta gjeld både for brukarar i privat og offentleg sektor, i produksjonsverksemder og i tenesteytande verksemder.

(6)

Informasjon om nokre av pliktene som produksjons- eller tenesteytande verksemd har når det gjeld handtering av kjemikaliar, avfall og farleg avfall:

 Verksemder skal ha oversikt over kva for kjemikaliar/kjemiske produkt som nyttast.

 Verksemda skal ha oppdaterte HMS-datablad for alle kjemikaliar/kjemiske produkt som nyttast.

 Verksemda skal dokumentera at det systematisk gjerast vurderingar av kjemikaliane/kjemiske produkta dei bruker med tanke på å bytte ut helse- og miljøfarlege kjemikaliar/kjemiske produkt med mindre farlege kjemikaliar og kjemiske produkt jf. produktkontrollova.

 Verksemda skal levere farleg avfall til godkjent mottak.

 Verksemda skal levere farleg avfall til godkjent mottak minst ein gong kvart år når den totale mengda farleg avfall overstiger 1 kg pr år

 Verksemda skal ved levering av farleg avfall fylle ut deklarasjonsskjema og oppbevare dette skjemaet som dokumentasjon på at avfallet er deklarert og levert til godkjent mottak.

 Verksemda skal oppbevare farleg avfall på ein sikker måte, med sikring mot uvedkommande (barn, dyr etc.) og ytre påverknad som vær og vind og med moglegheit for oppsamling ved evt.

uhell og spill. Avfallet skal vere synleg merka.

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

b) Siden virksomheten ikke selv leverer farlig avfall som oppstår, kan de ikke dokumentere at dette leveres til godkjent mottak. Virksomheten må dokumentere at farlig avfall håndteres

Innan forureiningsområdet vil det mellom anna gjelde oppbevaring av alle typar avfall og farleg avfall, levering av avfall og farleg avfall til godkjent mottak, eventuelle utslipp

- Virksomheten kunne ikke dokumentere at de hadde levert farlig avfall til godkjent mottak siden de overtok vaskeriet på Kongerød fra ISS for flere år siden.. De sier at de kun

Høy Høy Krav i kontrakt om at entreprenør skal levere avfall til godkjent mottak og dokumentere dette med veieseddel og elektronisk deklarering av farlig avfall. Lav Høy

fagstoff, 3) men de skriver altfor lite. Du lærer ikke å bli en god fagskriver bare gjennom å lese det andre skriver, like lite som du lærer å spille piano gjennom å lytte til

Tros- og livssynssamfunn utenfor Den norske kirke kan kreve et årlig tilskudd fra staten og fra kommuner hvor det bor medlemmer av samfunnet. Tilskuddet skal være av en slik

Stasjonen skal utformes på en slik måte at det er kort avstand mellom mottaksrom for farlig avfall og andre funksjoner slik at kunder som skal levere anfall lett fanges

MEN etter å ha sett annonse i lokalavisa om konsesjonen, vil eg som amatør – og vanleg medlem i Herøy Vasslag - berre forsikre meg om at fagfolka i NVE er bevisste på at det er