Miljødirektoratet Trondheim
Sogndal 14.02.2016
Høyring til endring i forskrift av 22. mars 2002 om utøving av jakt, felling og fangst
Sogndal ettersøkslag er eit ettersøkslag som utfører kommunale og private ettersøk i to kommunar. Det er årleg om lag 40 kommunale oppdrag. Laget har kring 800
ettersøksavtalar etter hjort der ettersøksprosenten ligg på 8% av felte dyr.
§ 23 3
Teknologien gjer at forholda ligg godt tilrette for å gjennomføra kurset ”Vidaregåande ettersøk” på nettet. Her er mykje å spara i reisekostnad, reisetid, opphald og tapt arbeidsfortjeneste. Ein nå utruleg mange på kort tid og over store avstandar.
I Sverige har Jägareforbundeter lagt tilrette eit nettbasert kurs ”Eftersöksutbildning”.
Prisen er svenske kr 185,-, 11 kapitell, tek ti timar og med spørsmål etter kvart kapitell.
Kurset kan lett tilpassast norske forhold.
§ 23 4
For godkjenning av instruktørar må det vera eit krav at instruktørar har røynsle frå kommunalt og privat ettersøksarbeid og har delteke i storviltjakt i x-antal år. Alt
ettersøksarbeid er erfaringbasert og kompetansen hjå ein instruktør for kurs ”Ettersøk vidaregåande” utan denne bakgrunn er svært mangelfull.
Med helsing Sjur Dale
Sogndal ettersøkslag