Språkhistorie:
Endringar i morfologi og syntaks, kap. 4.6—4.9 i Torp og Vikør
Ivar Utne
NOSP103-F (Fjernord) april 2016
(sist endra 9.4.2016 kl. 15)
4.6 og 4.6.1 Høgfrekvente ord
Trykklett posisjon:
• (jf. Vokalreduksjon i trykklette endingar)
• konsonantreduksjon, dvs. frå ustemt til stemt; jf. p, t, k > b, d, g
• Þú > du, Þá > då
• (ulikt Þak > tak)
• ok > og, ek > eg, mik > meg (reduksjon av vokalen òg)
• bortfall (sterk reduksjon) av ending/del:
• hafa [hava] > ha
• ganga > gå (runding framfor nasal)
• taka > ta
• standa > stå
4.6.2 Morfologisk «irregularisering» i frekvente ord
Høgfrekvente ord, dvs. vanlege substantiv, verb, adjektiv og pronomen
• Bøyingsformer som har endra rot (dvs. ikkje berre ending), held seg; eksempel:
• vokalskifte i rota: sterke verb, ev. substantiv; krype – kraup – krope; bere – bar – bore; ku – kyr/kuer; barn – born/barn .. land -- land
• former med heilt ulik rot, suppletiv bøying: pronomen, adjektiv
• god – betre – best; liten – mindre – minst; bli -- vart
• Dvs. uregelrette: dei er korte og har former som skil seg tydelegare ut (s. 91)
Lågfrekvente ord (og normalfrekvente)
• Utjamning, analogi
• flá, fló > flå, flådde; jf. Slå – slo
• Dvs. regelrette: enkel bøying
4.7 Morfologiske endringar
• Substantiv: kasus forsvinn, analoge/like fleirtalsendingar, vokalreduksjon
• Adjektiv: kasus forsvinn, analogi, (reduksjon), suppletivbøying held seg eller analogi i rota
• Personlege pronomen: total forsvinn; totals- eller fleirtalsformene går vidare som fleirtal (BM: kasusskilje i 3. p. flt.; NN: kasusskilje eller
ikkje i 2. p. flt.; mange dialektar: ikkje skilje i 3. p. flt., dels ikkje i 2. p.
flt. heller (meir om overgangen i ein annan presentasjon om bøying)
• Verb: konjunktiv (ønskje, tenkte), personbøying og talbøying forsvinn
4.8 Syntaktiske endringar
• Fastare leddstilling; SVO-stillinga, eller V2 blir vanlegare og vinn
• Preposisjonsfrasar tek over for kasusformer:
• Hann leitar hennar -> han leitar etter henne
• Hann greip sverdit báðum hǫndum -> han greip sverdet med begge hendene
• Modale verb og tempus forskyving (presens til preteritum) tek over for konjunktiv
• KØmi hon nú, þá yrða ek feginn -> hadde ho komme no, då hadde eg vorte glad
• Ek hygg at hun komi -> Eg trur at ho kjem
• Det-konstruksjonar kjem inn i subjektlause setningar;
• Mik væntir þess (akk. + vb. + gen.) > Eg ventar det
• Rignir (vb.) > Det regnar
• Presentering:
• Maðr kom inn > Det (der, her) kom inn ein mann
• Utbryting
• Det var Gunnar han heitte
4.9 Samanheng mellom alle språklege forandringar?
Samspel
• Vokalreduksjon i bøyingsendingar
• SVO-leddstillinga breier seg
• Kontakt mellom folk med ulike språk fører til endring, ofte forenkling