• No results found

Høring Forslag om endringar i forskrift om opptak til høgre utdanning

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Høring Forslag om endringar i forskrift om opptak til høgre utdanning"

Copied!
2
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

Vedlegg til høyringsbrev av 04.07.16, ref.

Forslag om endringar i forskrift om opptak til høgre utdanning (omsett til nynorsk)

Fastsatt av Kunnskapsdepartementet 31. januar 2007 med heimel i lov 1. april 2005 nr.15 om

universiteter og høyskoler § 3-6, § 3-7 og § 4-9, jf. delegeringsvedtak 7. oktober 2005 nr. 1107. Endra ved forskrifter 18. oktober 2007, 18. november 2008, 24. april 2009, 23. november 2009, 11. juni 2010, 30. november 2010, 28. november 2011, 31. januar 2013, 21. januar 2014, 26.01.2015, 12. mai 2015 og 22. januar 2016.

Endringar i forskriftsteksten er markert med feite bokstaver og stryk.

Kapittel 3 Unntak frå krav om generell studiekompetanse

§ 3-6. Unntak frå kravet om generell studiekompetanse for opptak til enkelte kunstfag Det vert foreslått endring i første ledd:

Generell studiekompetanse skal framleis vere det normale kravet for opptak også for desse studiane. Unntak frå krav om generell studiekompetanse gjeld for søkjarar som fyller

spesielle faglege krav fastsett av institusjonen ved opptak til følgjande utdanningar og/eller institusjonar (jf § 4-1).

Nytt punkt 10 i opplistinga:

Studier ved Den norske filmskolen ved Høgskolen i Lillehammer

Kapittel 4 Spesielle opptakskrav

§ 4-2. Spesielle opptakskrav til enkelte helse- og veterinærfag Det vert foreslått endring i andre punkt:

Bioingeniørutdanning og Reseptarutdanning

Matematikk R1 eller (S1+S2) og anten Fysikk 1 eller Biologi 1 eller Kjemi 1 Det vert foreslått følgjande endringar i fjerde punkt:

Nåverande fjerde punkt vert stroke.

Tannteknikarutdanning

Matematikk R1 eller Matematikk (S1 + S2) eller Fysikk 1 eller Kjemi 1.

Det vert foreslått nytt fjerde punkt:

Frå og med opptak til studieåret 2018-2019:

Farmasi (bachelor)

Matematikk R1 eller Matematikk (S1 + S2) og Kjemi 1 og anten Fysikk1 eller Biologi 1 eller Kjemi 2

Det vert foreslått følgjande endring i sjette punkt:

Ernæringsstudiar (bachelor) ved Universitetet i Bergen, og Universitetet i Agder Universitetet i Tromsø Norges arktiske universitet og Høgskolen Kristiania

(2)

Matematikk R1 eller Matematikk (S1 + S2) og Fysikk 1 og Kjemi (1+2)

Frå og med opptak til studieåret 2018-2019 fell ernæringsstudiar (bachelor) ved Universitetet i Agder, Universitetet i Tromsø Norges arktiske universitet og Høgskolen Kristiania inn under føresegna.

§ 4-10 Spesielle opptakskrav til diverse fag

Det vert foreslått at følgjande studium vert lagd til i andre ledd, der det går fram følgjande:

"Søkjarar til desse studia og institusjonane må bestå opptaksprøve etter nærmare reglar fastsette ved institusjonen":

Bachelor i Lyddesign ved Westerdals – Oslo School of Arts, Communication and Technology

Bachelor i Visual Effects ved Westerdals – Oslo School of Arts, Communication and Technology

Bachelor i Spilldesign ved Westerdals – Oslo School of Arts, Communication and Technology

Kapittel 7 Rangering av søkjarar ved opptak

§ 7-2 Kvote for førstegongs vitnemål og ordinær kvote

Det vert foreslått følgjande endring i første ledd, første setning:

Kvote for førstegongsvitnemål omfattar søkjarar som ikkje fyller meir enn 21 år i opptaksåret, og som har fått utferda førstegongsvitnemål etter tre år normal tid i

vidaregåande opplæring etter føresegner fastsette i forskrift til lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa.

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

Fordi datainnsamlingen er gjennomført bare blant elever på utdanningstilbudet påbygging til generell studiekompetanse, vil vi ikke kunne gjøre direkte sammenligninger

I denne oppgaven, som har til hensikt å finne ut hvordan lærerne oppfatter kompetansemålet i norsk for vg3 om at elevene skal kunne «gjøre rede for trekk ved samisk språk og kultur og

Dersom et studium ikke har praksis eller klinisk undervisning som en obligatorisk del av utdanningsløpet, vil kun en mulighet for at studenten velger

(1) Søkere som får tilsagn om plass ved utdanninger som nevnt i denne forskrifts § 6-1 første og andre ledd og som har merknad på politiattesten som er relevant for opptak til

Bestemmelsene om poeng- og karakterkrav for opptak til faglærerutdanning i praktiske og estetiske fag kommer i tillegg til de fastsatte kravene om dokumenterte kunnskaper og

(1) Søkere som får tilsagn om plass ved utdanninger som nevnt i denne forskrifts § 6-1 første og andre ledd og som har merknad på politiattesten som er relevant for opptak til

Siden forslaget legger opp til at et selskap stiftet i Norge ikke skal anses som hjemmehørende i riket og skattepliktig etter skatteloven § 2-2 første ledd dersom selskapet er

Kun høyere utdanning som overskrider kravet i henhold til Listen over krav til generell studiekompetanse for søkere med utenlandsk utdanning (GSU-listen) kan normalt godkjennes