• No results found

EØS-KOMITEEN EØS-ORGANER

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "EØS-KOMITEEN EØS-ORGANER"

Copied!
7
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

EØS-ORGANER

EØS-KOMITEEN

KOMMISJONENS GJENNOMFØRINGSAVGJERD (EU) 2017/1910 av 17. oktober 2017

om endring av vedtak 93/52/EØF med omsyn til statusen til visse regionar i Spania som frie for brucellose (B. melitensis), av vedtak 2003/467/EF med omsyn til statusen til Kypros og visse regionar i Spania som offisielt frie for bovin brucellose og statusen til Italia som offisielt fri for enzootisk bovin leukose, og av vedtak 2005/779/EF med omsyn

til statusen til regionen Campania i Italia som fri for smittsamt blæreutslett hjå gris

[meld under nummeret K(2017) 6891](*)

EUROPAKOMMISJONEN HAR

med tilvising til traktaten om verkemåten til Den europeiske unionen,

med tilvising til rådsdirektiv 64/432/EØF av 26. juni 1964 om dyrehelseproblemer ved handel med storfe og svin innenfor Fellesskapet(1), særleg vedlegg A avsnitt II punkt 7 og vedlegg D kapittel I avsnitt E,

med tilvising til rådsdirektiv 90/425/EØF av 26. juni 1990 om veterinærkontroll og avlskontroll ved handel med visse levende dyr og produkter innenfor Fellesskapet med sikte på gjennomføring av det indre marked(2), særleg artikkel 10 nr. 4,

med tilvising til rådsdirektiv 91/68/EØF av 28. januar 1991 om krav til dyrehelse ved handel med sau og geit innenfor Fellesskapet(3), særleg vedlegg A kapittel 1 avsnitt II, og

ut frå desse synsmåtane:

1) I direktiv 91/68/EØF er det fastsett krav til dyrehelse ved handel med sau og geit i Unionen. I direktivet er det fastsett kva vilkår som ligg til grunn for at medlemsstatar eller regionar i medlemsstatar skal kunne godkjennast som offisielt frie for brucellose (Brucella melitensis).

2) I kommisjonsvedtak 93/52/EØF(4) er det fastsett at dei regionane i medlemsstatane som er oppførte i vedlegg II til vedtaket, er godkjende som offisielt frie for brucellose (B. melitensis) i samsvar med vilkåra i direktiv 91/68/EØF.

3) Spania har sendt over til Kommisjonen dokumentasjon som syner at dei autonome områda La Rioja og Valencia og provinsane Albacete, Cuenca og Guadalajara i det autonome området Castilla-La Mancha oppfyller krava i direktiv 91/68/EØF, og kan godkjennast som offisielt frie for brucellose (B. melitensis) hjå saue- og geitebuskapar.

4) Som følgje av vurderinga av den dokumentasjonen som Spania har lagt fram, bør dei autonome områda La Rioja og Valencia og provinsane Albacete, Cuenca og Guadalajara i det autonome området Castilla-La Mancha godkjennast som offisielt frie for brucellose (B. melitensis) hjå saue- og geitebuskapar.

5) Posten for Spania i vedlegg II til vedtak 93/52/EØF bør difor endrast.

6) Direktiv 64/432/EØF vert nytta på handel med storfe og svin i Unionen. I direktivet er det fastsett kva vilkår som ligg til grunn for at ein medlemsstat eller ein region i ein medlemsstat skal kunne godkjennast som offisielt fri for brucellose eller for enzootisk bovin leukose hjå storfebuskapar.

(*) Denne unionsrettsakten, kunngjort i EUT L 269 av 19.10.2017, s. 46, er omhandlet i EØS-komiteens beslutning nr. 77/2018 av 27. april 2018 om endring av EØS-avtalens vedlegg I (Veterinære og plantesanitære forhold), ennå ikke kunngjort.

(1) TEF 121 av 29.7.1964, s. 1977/64.

(2) TEF L 224 av 18.8.1990, s. 29.

(3) TEF L 46 av 19.2.1991, s. 19.

(4) Kommisjonsvedtak 93/52/EØF av 21. desember 1992 om konstatering av at visse medlemsstater eller regioner oppfyller vilkårene med hensyn til brucellose (B. Melitensis), og om anerkjenning av deres status som medlemsstater eller regioner offisielt fri for denne sykdommen (TEF L 13 av 21.1.1993, s. 14).

2019/EØS/55/01

(2)

7) I kommisjonsvedtak 2003/467/EF(1) er det fastsett at dei medlemsstatane og regionane i medlemsstatane som er oppførte i høvesvis kapittel 1 og 2 i vedlegg II til det nemnde vedtaket, er godkjende som offisielt frie for brucellose hjå storfebuskapar. I vedtak 2003/467/EF er det òg fastsett at dei medlemsstatane og regionane i medlemsstatane som er oppførte i høvesvis kapittel 1 og 2 i vedlegg III til det nemnde vedtaket, er godkjende som offisielt frie for enzootisk bovin leukose hjå storfebuskapar.

8) Kypros har sendt over til Kommisjonen dokumentasjon som syner at heile territoriet til denne medlemsstaten oppfyller krava i direktiv 64/432/EØF for å kunne godkjennast som offisielt fritt for brucellose hjå storfebuskapar.

9) Som følgje av vurderinga av den dokumentasjonen som Kypros har lagt fram, bør denne medlemsstaten godkjennast som offisielt fri for brucellose hjå storfebuskapar, og difor førast opp i kapittel 1 i vedlegg II til vedtak 2003/467/EF.

10) Spania har sendt over til Kommisjonen dokumentasjon som syner at dei autonome områda Cataluña, Castilla-La Mancha og Galicia og provinsen Zamora i det autonome området Castilla y León oppfyller krava i direktiv 64/432/EØF for å kunne godkjennast som offisielt frie for brucellose hjå storfebuskapar.

11) Som følgje av vurderinga av den dokumentasjonen som Spania har lagt fram, bør dei autonome områda Cataluña, Castilla-La Mancha og Galicia og provinsen Zamora i det autonome området Castilla y León godkjennast som offisielt frie for brucellose hjå storfebuskapar, og difor førast opp i kapittel 2 i vedlegg II til vedtak 2003/467/EF.

12) Visse regionar i Italia er for tida oppførte i kapittel 2 i vedlegg III til vedtak 2003/467/EF som offisielt frie for enzootisk bovin leukose. Italia har no sendt over til Kommisjonen dokumentasjon som syner at heile territoriet til denne medlemsstaten oppfyller krava i direktiv 64/432/EØF for å kunne godkjennast som offisielt fritt for enzootisk bovin leukose hjå storfebuskapar.

13) Som følgje av vurderinga av den dokumentasjonen som Italia har lagt fram, bør denne medlemsstaten godkjennast som offisielt fri for enzootisk bovin leukose hjå storfebuskapar, og difor førast opp i kapittel 1 i vedlegg III til vedtak 2003/467/EF, og tilvisingane til visse regionar i denne medlemsstaten i kapittel 2 i det nemnde vedlegget bør gå ut.

14) Vedlegg II og III til vedtak 2003/467/EF bør difor endrast.

15) Kommisjonsvedtak 2005/779/EF(2) vart vedteke som følgje av utbrot av smittsamt blæreutslett hjå gris i Italia.

I vedtaket er det fastsett dyrehelsereglar for smittsamt blæreutslett hjå gris i dei regionane i Italia som er godkjende som frie for smittsamt blæreutslett hjå gris, og som er oppførte i vedlegg I til det nemnde vedtaket, og dessutan i dei regionane i Italia som ikkje er godkjende som frie for denne sjukdommen, og som er oppførte i vedlegg II til det nemnde vedtaket.

16) Gjennom fleire år har det vore gjennomført eit program for utrydding og overvaking av smittsamt blæreutslett hjå gris i Italia, med sikte på at alle regionane i denne medlemsstaten kan få status som frie for denne sjukdommen. Italia har lagt fram nye opplysningar for Kommisjonen om at sjukdommen er vorten utrydda i regionen Campania, og dermed prova at denne regionen er fri for smittsamt blæreutslett hjå gris.

17) Etter å ha granska dei opplysningane som Italia har lagt fram, bør regionen Campania godkjennast som fri for smittsamt blæreutslett hjå gris, og denne regionen bør strykast frå lista i vedlegg II til vedtak 2005/779/EF og i staden førast opp i vedlegg I til det nemnde vedtaket.

18) Vedlegg I og II til vedtak 2005/779/EF bør difor endrast.

19) Dei tiltaka som er fastsette i denne avgjerda, er i samsvar med fråsegna frå Det faste utvalet for planter, dyr, næringsmiddel og fôr.

(1) Kommisjonsvedtak 2003/467/EF av 23. juni 2003 om fastsetjing av status for storfebuskapar i visse medlemsstatar eller regionar i medlemsstatar som offisielt frie for tuberkulose, brucellose og enzootisk bovin leukose (TEU L 156 av 25.6.2003, s. 74).

(2) Kommisjonsvedtak 2005/779/EF av 8. november 2005 om tiltak for vern av dyrehelsa mot smittsamt blæreutslett hjå gris i Italia (TEU L 293 av 9.11.2005, s. 28).

(3)

TEKE DENNE AVGJERDA:

Artikkel 1

Vedlegg II til vedtak 93/52/EØF vert endra i samsvar med vedlegg I til denne avgjerda.

Artikkel 2

Vedlegg II og III til vedtak 2003/467/EF vert endra i samsvar med vedlegg II til denne avgjerda.

Artikkel 3

Vedlegg I og II til vedtak 2005/779/EF vert endra i samsvar med vedlegg III til denne avgjerda.

Artikkel 4 Denne avgjerda er retta til medlemsstatane.

Utferda i Brussel 17. oktober 2017.

For Kommisjonen Vytenis ANDRIUKAITIS Medlem av Kommisjonen

_____

(4)

VEDLEGG I

I vedlegg II til vedtak 93/52/EØF skal posten for Spania lyde:

«I Spania:

— Det autonome området Asturia,

— Det autonome området Balearane,

— Det autonome området Kanariøyane,

— Det autonome området Cantabria,

— Det autonome området Castilla-La-Mancha: Provinsane Albacete, Cuenca og Guadalajara,

— Det autonome området Castilla y León,

— Det autonome området Extremadura,

— Det autonome området Galicia,

— Det autonome området La Rioja,

— Det autonome området Navarra,

— Det autonome området Pais Vasco,

— Det autonome området Valencia.»

_____

(5)

VEDLEGG II

I vedlegg II og III til vedtak 2003/467/EF vert det gjort følgjande endringar:

1) I vedlegg II vert det gjort følgjande endringar:

a) Kapittel 1 skal lyde:

«KAPITTEL 1

Medlemsstatar som er offisielt frie for brucellose

ISO-kode Medlemsstat

BE Belgia

CZ Tsjekkia

DK Danmark

DE Tyskland

EE Estland

IE Irland

FR Frankrike

CY Kypros

LV Latvia

LT Litauen

LU Luxembourg

MT Malta

NL Nederland

AT Austerrike

PL Polen

RO Romania

SI Slovenia

SK Slovakia

FI Finland

SE Sverige»

b) I kapittel 2 skal posten for Spania lyde:

«I Spania:

— Det autonome området Asturia,

— Det autonome området Balearane,

— Det autonome området Kanariøyane,

— Det autonome området Castilla-La Mancha,

— Det autonome området Castilla y León: Provinsane Burgos, Soria, Valladolid og Zamora,

— Det autonome området Cataluña,

— Det autonome området Galicia,

— Det autonome området La Rioja,

— Det autonome området Murcia,

— Det autonome området Navarra,

— Det autonome området Pais Vasco.»

(6)

2) I vedlegg III vert det gjort følgjande endringar:

a) Kapittel 1 skal lyde:

«KAPITTEL 1

Medlemsstatar som er offisielt frie for enzootisk bovin leukose

ISO-kode Medlemsstat

BE Belgia

CZ Tsjekkia

DK Danmark

DE Tyskland

EE Estland

IE Irland

ES Spania

IT Italia

CY Kypros

LV Latvia

LT Litauen

LU Luxembourg

NL Nederland

AT Austerrike

PL Polen

SI Slovenia

SK Slovakia

FI Finland

SE Sverige

UK Det sameinte kongeriket»

b) I kapittel 2 går posten for Italia ut.

_____

(7)

VEDLEGG III

I vedlegg I og II til vedtak 2005/779/EF vert det gjort følgjande endringar:

1) I vedlegg I vert ny post sett inn mellom postane for Basilicata og Emilia-Romagna:

«— Campania»

2) I vedlegg II går posten for Campania ut.

__________

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

( 1 ) og [driftsenheten eller driftsenhetene ligger i en medlemsstat eller en del av en medlemsstats territorium med et overvåkingsnett som er godkjent i samsvar

c) dyrene er ikke-vaksinerte, under fire måneder gamle avkom av mordyr som ble vaksinert minst 28 dager før kalving, og kan forflyttes til en annen

2. Kommisjonen kan, etter framgangsmåten nevnt i artikkel 33 nr. 2, treffe beslutning om på hvilke vilkår nr.. Fjørfe og rugeegg kan importeres fra en tredjestats

desember 1992 om konstatering av at visse medlemsstater eller regioner oppfyller vilkårene med hensyn til brucellose (B. melitensis), og om anerkjenning av deres status

( 1 ) eller [(c) er yngre enn 12 uker og er ikke vaksinert mot rabies, eller er mellom 12 og 16 uker og er vaksinert mot rabies, uten at det er gått minst 21

Registeret skal omfatte identifikasjonskoden til driftsenheten eller, dersom vedkommende myndighet tillater det, til dyreholderen, unntatt transportører, dyreholderens

f) vedkommende myndighet på opprinnelsesstedet gjennomfører et vaksinasjonsprogram mot lumpy skin disease som oppfyller vilkårene i vedlegg II og er godkjent av

a) EFTA-statenes tilsynsmyndigheter skal delta i aktivitetene til Det europeiske personvernråd, heretter kalt ’Personvernrådet’. For det formål skal de ha de samme rettigheter