Tilsynsrapport - revisjon
Noregs vassdrags- og energidirektorat
VE
Revidert einin : Marine Harvest Norway AS, avd. Herand Revis'onsdato: 26.02.2013
Stad:
Medverkande frå revidert einin : Revisjonsgruppe frå NVE
Seksjon:
Vår ref Saksnr./Arkiv:
Driftsleiar, Kjellaug Samland Kvalitetskoordinator, Inge Bjørløw Katarina Eftevand, revisjonsleiar Pernille Dorthea Bruun, medrevisor Ole Per Schei, medrevisor
Magne Maurset, seksjonssjef 201006 19 1/3 17
1. Innleiing
1.1 Formål med revisjonen
Miljøtilsynet er ein systemrevisjon og ein anleggsinspeksjon. Etter § 7 i forskrift etter vassdragslovgjevinga (FOR 2011-10-28 nr. 1058, IK-vassdrag) har NVE ansvar for å føre tilsyn med at forskrifta vert oppfylt.
Formålet med ein systemrevisjon er å kontrollere om føretaket oppfyller kravet om å etablere eit
internkontrollsystem for det enkelte vassdragsanlegg som sikrar at krav til naturmiljø og landskap blir teke i vare på ein tilfredsstillande måte i samsvar med vassdragslovgjevinga, forskrifter, konsesjonsvilkår, pålegg og godkjende detaljplanar.
Formålet med anleggsinspeksjon er å kontrollere at tilstanden til anlegga er i samsvar med nemnte krav. For anlegg i driftsfasen, er det lagt vek på landskap og miljømessige tiltak som t.d. kontroll og informasjon om manøvreringsreglementet og minstevassføring, vegetasjonsetablering, tersklar. Forventa natur- og
landskapsmessig standard er nærare omtalt i NVE sin rettleiar nr 2/2005 Miljøtilsyn ved vassdragsanlegg.
1.2 Revisjonsgrunnlag
Lovar, forskrifter, konsesjon og andre vedtak IK-vassdrag
Mottatt dokumentasjon frå selskapet
Konsesjon til vassuttak fra Storelvi og regulering av Vidalsvatnet datert 05.06.2008.
1.3 Tema for revisjonen ved MHN AS, avd. Herand 26.02.2013
Revisjonen omfatta.
IK-vassdrag generelt Vassuttak frå Storelvi
Følgende områder vart kontrollert: settefiskanlegget, deler av vassvegen.
1.4 Funn
2 Avvik 4 Merknader
Avvik er:
Brot på krav gitt i eller i medhald av energi- og vassdragslovgivinga og eventuell anna lovgiving NVE forvaltar.Merknad er:
påpeiking av forhold med mogleg forbetring eller eit forhold som bør vurderast nærare av selskapet, men som ikkje er brot på krav gitt i eller i medhald av energi- og vassdragslovgivinga og eventuell anna lovgiving NVE forvaltar.1.5 Generelle kommentarar
NVE fekk gjennom samtalene ei grei gjennomgang av anlegget sitt IK-system. MI-IN AS har eit omfattande IK-system, og vi er av den oppfatning at det kan være ein del utfordringar knytt til arbeidet med tilpassingar til settefiskanlegget Herand. NVE er av den oppfatning at tilsette ved anlegget har ei auka bevisstheit kring vassdragsmiljøet og har ei konstruktiv innstilling til arbeidet med utbetring av IK-systemet.
MHN AS, avd. Herand har løyve til regulering og vassuttak datert 05.06.2008. Verksemda opplyste under miljøtilsyn i 2011 at dei hadde vanskar med å komme i gong med arbeidet med regulering av Vidalsvatn og ytret ønskje om å forlenge frist. Det vart gitt aksept for dette, og vi konstaterer at MHN Herand fekk forlenga frist med ytterlegare 3 år, jf. post 2 i løyvet, dvs, at frist for igangsetjing av arbeidet er 05.06. 2014.
Ved inspeksjon på anlegget i 2012 vart NVE informert om arbeidet med detaljplanlegging av reguleringa.
Frist for innsending av detaljplan vart satt til 01.10.2012 og seinare forlenga til 15.12.2012. Den tekniske planen vart godkjent i NVE sitt vedtak av 01.02.2013. Vi minner om at detaljplan for miljø og landskap skal være godkjent av NVE før arbeidet tek til.
Avvik
Heimel Nr.
1 IK-vassdrag, § 5-3
...den ansvarlige skal sørgefor at personellet har de kunnskaper ogferdigheter som er
nødvendigefor å sikre at anlegg og tiltak som omfattes av § 3 og driften av slike, oppfidler krav fastsatt i eller i medhold av
vassdragslovgivingen, herunder ha en plan for hvordanfaglig kompetanse skal etableres, opprettholdes og utvikles.
Skildring av avvik
MNH AS avd. Herand kunne ikkje legge fram skriftleg plan for korleis behovet for kompetanse innan naturmiljø og landskap vert dekka.
Frist for
lukking
01.06.2013Avvik Nr.
Frist for lukking
01.06.2013
Heimel2 IK-vassdrag, § 5-4
Den ansvarlige skal beskrive organisasjonen, herunder hvordan det kvalifiserte personell er organisert med
ansvar, oppgaver og myndighet.
Skildring av avvik
M11NHerand har ikkje definert og plassert ansvaret for arbeidsoppgåver knytt til natunniljø og landskap.
Varsel om vedtak
NVE varslar med dette om at NVE vil vurdere å treffe vedtak om retting dersom avvika ikkje er lukka innan fristen
01.06.2013, jf.vassressurslova § 59.
2.1 Frist til uttale
Frist til å komme med uttale i saka er sett til
12.04.2013.Vioppfordrar særleg til at faktiske opplysningar som gjeld saka, blir korrigert eller supplert. Dersom uttale ikkje er komen til NVE innan fristen, vil NVE legge til grunn dei opplysningane som ligg føre i saka.
Skildring av merknader
Nr. Skildring av merknad
1 IK-vassdrag, § 5- 1
Den ansvarlige skal sørgefor at relevante lover,forskrifter og vedtak som gjelder egne anlegg og tiltak er tilgjengelig og ha kunnskap om de plikter somfølger av disse
Godkjenning av tekniske planar for demning i Vidalsvatnet er ikkje registrert i anlegget sitt IK- system. Verksemda bør vurdere å samle alle styrande dokument på ein plass.
2 IK- vassdrag, § 5-2
Den ansvarlige skal ha oversikt over anlegg som omfattes av § 3 herunder kart, tegninger og annen nødvendig dokumentasjon.
Oppdatert kart over heile anlegget bør være lett tilgjengeleg på anlegget.
3 IK-vassdrag , § 5-5
Den ansvarlige skalforeta og protokollere de målinger og registreringer som er nødvendige eller pålagt for å sikre at anlegg og tiltak drives i samsvar med kravfastsatt i eller i medhold av vassdragslovgivingen
Verksemda bør utarbeide ein rutine for kalibrering av vassmålar.
4 IK-vassdrag , § 5-6
Den ansvarlige skal kartleggefarer og problemer med hensyn til miljø og sikkerhet
Den gjennomførte kartlegginga av fare og problem knytt til miljø er ikkje tilpasset anlegget som
det er etablert nå. Vi rår til at Herand tar ein ny gjennomgang når demninga i Vidalsvatnet og
arrangement for minstevassføring er bygd.
á