Eitkvart om somt, men neppe noko om alt
Om "ei nokre" pronomen i romsdalsk
Helge Sandøy
1. Innleiing
Pronomena er ein mangslungen ordklasse, og mykje står att før dei er full- godt beskrivne syntaktisk og semantisk i norsk. Særleg pronomena 'ein- kvan', 'som' og 'nokon' står i eit uavklart forhold til kvarandre. I både ordbøker og grammatikkar blir gjerne 'som' og 'einkvan' forklart med 'nokon', og det er alt Og 'nokon' blir til vanleg heller ikkje grundig ana- lysert. Einaste unnataket er Venås 1984, som beskriv forskjellen på' bokmål 'noen' og nynorsk 'nokon'.
Vi finn heller ingenstad oversikt over skiftande pronomensystem i dialektane. Eg vil her prøve å gjere litt greie for delar av det romsdalske pronomensystemet Mykje av det er nok likeins som i anna norsk talemål, men somt veit eg skil seg frå andre dialektar. Ei systemsamanlikning tek eg likevel ikkje opp her.
I tillegg til min eigen dialektkompetanse byggjer eg her på materiale eg har ekserpert frå samtaleopptak med informantar fødd i tidsrommet 1900-1970, og desse informantane kjem frå mange bygder over heile Romsdal. Dessutan har eg spurt direkte folk frå både indre, søre og nørdre bygdene om grammatikalitet og tyding åt ein del setningar.
Ein vanske ein fort møter når ein skal analysere pronomen, er å etablere eit beskrivelsesapparat som fangar opp alle dei semantiske ny- ansane. I utgreiinga nedafor har eg i hovudsak prøvd å bruke omgrep henta frå Lyons 1977. Dyvik 1979 har au teke utgangspunkt i Lyons - men ikkje alltid i same omgrepa - i ein analyse av artiklane i norrønt og
•
moderne norsk. Der kjem han litt inn på dei pronomena me skal ta opp her men analysen hans vik ein del av frå analysen eg skal legge fram.
For 'einkvan' kjem det av at norrønt 'einhverr' har ein litt annen funksjon cmromsdaiarirfvap/. Nåro^deW'somme', er det taleom ulike oppMningar av prononier^ (sjølv om Dyvik avgrensar seg til norrønt % nynorsk og eg til romsdalsk).
2. Hovudfunksjonen åt pronomena 2.1. Somt-somme
Ironudalsk nar eg møtt bem nøytrum*- <* fleirtalsforma av dette pro- nomenet, altså/somt/og rsome/. /mm*/ fenner eg dewntan berre frå substantivisk bruk. I den gamle attributive bruken av 'som' i eintal har rcanadkadk^attdksi-pscttiws-laxwatuladomca/%%>%>/ + substantiv: r m b 'fesk/ 'noko fisk' eller 'som fisk'. Tsome/ blir derimot brukt både attri- butivt og substantivisk.
'Somt' og 'somme' viser til ei ^/mengd av ei større mengd, og difor kan me kalle dette pronomenet ein delkvantor eller eit partitivt pronomen.
/?some/ blir biida om tdjclege detm«igder, /som" om utdjelegc. Av plassomsyn a M e g i a D d y s c n i * ^ ^
' Me kan su seusatianmooiocnetlimgfmwandfcqsdKfinabwdv referanse.
Den gen«elk referansen heng san^nuxi at 6 ^ dcW
ein "åéi"-ktasse. Det motsette er singulær referanse, som viser til kvart individ. (Omgrepet 'generell' skal me komme attende til lenger ned.) Den dWbuttvc referansen s t k i m o a e ^ ^
det « m e r sagt (m'sonm=\ er sagt om kvar e ^ ^
samla. (Jamfør at bokmål ofte har 'enkelte' som tilsvar til 'somme') Derimot er det ingenting som avgrensar nærare kva enkeltindivid referansen gjeld, * t H g g m g e n p ^ ^
veida omkring oss (eller i "samtaleverda"). Talaren ireng ikkje kjenne dei eller vemistandtn&peike dei nt Det er e r ^
er tale om. Det er altså tale om ikkje-spesifikk referanse. Derimot impliserer pronomenet at både klassen (eller denotatum) og desse 'somme' eksisterer i den verkelege verda eller i "samtaleverda".
Når 'somme' er attributivt brukt, er klassen eller totalmengda som 'somme' er ein del av, presentert i overleddet i nominalet. Ved substan- tivisk bruk er klassen enten presentert i konteksten eller sjølvsagt i situa- sjonen:
1 De va vmDr)e vfeskara 'de:r. Mæn vsome vfø:lte se mk 'snyt, fær de 'va: ei vnokre sta jek vti:le 'he:m. 'Det var mange fiskarar der. Men somme følte seg nok snytt, for det var nokre som gjekk tidleg 2 "some stu'dt pta 'he: de mæ be'stami o kome fær 'se:nt ot 'frre-' Hæ:snif]3. 'Somme studentar har det med bestandig å komme for seint til forelesningane.'
Det ikkje-spesifikke i 'somme' går på at det nominate leddet med 'somme' ikkje refererer til bestemte individ. Einaste måten å bestemme referentane på er å gå over alle medlemmene i totalklassen, eller heile denotatum, og undersøkje kven som har eller hadde den "eigenskapen" som nettopp påstanden i setninga fortel om.
2.2. Einkvan
Dette pronomenet finst berre i eintal og med formene /vir)kvan/ m., /vinkvar/ f. og fiqkvart/ n. Former utan -v- er au belagt frå eit par bygder.
Dessutan skal nøytrumsforma Aetkvart/ finnast (Rypdal 1929:28). I yngre mål har femininforma gått ut i mange bygder, og maskulinforma er brukt i staden.
• . - • . • .
•.-'.,;•-
a. Substantivisk bruk
'Einkvan' er eit singulært pronomen, og det presupponerer (eller føreset) at det eksisterer ein referent. Men pronomenet har ikkje-spesifikk re- feranse, for heller ikkje talaren kan peike 'einkvan' u t Det er ikkje sikta til eit visst individ. Ettersom pronomenet føreset eksistens, blir det svært ofte brukt i samband med forsikringar eller håp om eksistens.
3 virtkvap '?æ:m i 'atfaA. 'Einkvan kjem i alle fall.'
4 dtf ska fo "hære vinkvart 'fn>: me. 'Du skal få høyre eitkvart frå 5 i ' t r u : [ n o "sekert viqkvap he 'gr£* se.'Eg trur no sikkert at einkvan
har greidd seg.'
I andre tilfelle er det ikkje så naturleg å tolke setninga som
"forsikring" eller "påstand" om eksistens, men heller at ein b&rxs føreset at det finst ein referent for 'einkvan':
6 'de:rrK>ir)kvaø'a:p vjæ:re. 'Det må einkvan annen gjere.' b. Attributiv bruk
Når 'einkvan' blir brukt attributivt til eit adjektiv eller til eit substantiv i ubestemt form, har det same tyding som i den substantiviske bruken:
7 ho 'ska: no vare vla:ga to ir)kvart 'Jla:g. 'Ho skal no vere laga av eitkvart slag.'
8 vir)kvart vga:[e n u de ha 'fed her. 'Eitkvart gale må det ha skjedd 9 ho 'iro: no vva:re virjkvap sta. 'Ho må no vere einkvan stad.'
Denne attributive bruken er lite frekvent anna enn ved adjektiv og meir
"faste uttrykk". Skal ein ha tydinga 'ein eller annen' knytt attributivt til substantivet, er det vanlegare å bruke nettopp uttrykket /'e:n ater 'æp/:
10 de 'fin en nok 't:n e/er 'a:ø 'gan- De finn han nok ein eller annen
Og ein parallell til 5 kunne vere:
11 i 'trw:c no 'sekert 'e:n eXer 'a:p sttf'dept he 'grtj se. 'Eg trur no sikkert at ein eller annen student har greidd seg.'
Men står substantivet i bestemt form, fær nominalet fleirtalstyding:
12 d d Tom flik vir)kvap 'gopa. 'Dei kom slik einkvan gongen' eller 'Dei kom slik ein og annen gongen.'
13 ho jek bære vipom vir]kvart 'huse fær D tige se 'wax 'Ho gjekk berre innom eitt og anna huset for å tigge seg mat'
Fleirtalstydinga kjem fram i omskrivinga med 'ein og annan' (altså med og, i motsetning til eller). (Norrønt brukte fleirtalsnominal - og altså fleirtalsformer av 'einhverr' i tilsvarande tilfelle.)
2.3. Nokon
'Nokon' finst i formene /vn:>ken/ SL, /vnoker/ f., f m W n. og /ei vn3kre/
fit. På romsdalsøyane finst au femininforma /vrokti /, og i inste bygdene lyder maskulin- og femininformene ^ n o k o p / o g ^ n o k o r / . Sørom Romsdalsfjorden kan /ti vnokre/ bytast ut med berre fmkre/. I yngre mål i somme bygder har maskulinforma teke over for den eldre femininforma.
- . - . • • • • . . • . . . • • _
Pronomenet /vnoken/ føreset ingen verdi av faktorane ±eksistens eller
±spesifikk. Det er det "mest ubestemte" av alle dei ubestemte pronomena.
Referansen kan altså vere både spesifikk og ikkje-spesifikk. (Spørsmålet om ±eksistent følgjer her ±spesifikk.) Den syntaktiske konstruksjonen eller konteksten avklarar den referansen, om det er nødvendig. Ofte kan det vere vanskeleg å bestemme denne referansen, dvs. at det stundom kan vere uinteressant for påstanden. Og nettopp difor treng språket eit slikt pronomen.
Formvalet er her avhengig av attributiv eller substantivisk bruk.
2.3.1. Eintalspronomenet 'nokon' a. Substantivisk bruk
I substantivisk bruk er det obligatorisk genusbøying. Eintalsformene har det velkjente hierarkiet for spesifiserte innhald: /vnoko/ og /vnoken/ skil mellom -person og +person, og maskulinforma fungerer som umarkert form med tanke på genusreferanse. Femininum kan markerast med /vnoker/. Denne forma er sterkt på retur i den yngre dialekten. Både hierarkiet og språkutviklinga er parallelle for 'einkvan', som me nemnte Eintalsformene kan alle brukast med både spesifikk og ikkje- spesifikk referanse:
14 i 'so:g vnoken po vfjeAa i 'go:r. 'Eg såg nokon på fjellet i går.' (+Spesifikk.)
15 vtræfe de noker, mo de vbæ:re fare Ti:nt 'o:t! 'Treffer du nokor, må du berre fare fint åt!' (-^Spesifikk.)
16 dei so i?e 'ha: noken 'J"ø:r te o gopo 'se:tra, mote vlei:e 'fork. 'Dei som ikkje hadde nokon sjølv til å gå på setra, matte leige folk.' (^-Spesifikk.)
b. Attributiv bruk
I eintal kan /viu>ken/ bøyast i samsvar med overleddet det står til: Anken 'map/, /roker \æ:rir]/, /mk) trø:/:
17 mæn vdeta he i va^er Tieu:rt po røken 'a:p vm3:te, 1:, ep deta 'de:r.
'Men dette har eg aldri høyrt på nokon annen måte, eg, enn dette
Sørom Romsdalsfjorden står denne samsvarbøyinga nokså fast i målet åt den eldre generasjonen, mens dei yngre kan bruke ubøygd f n c W føre substantiv i alle genera, Nordom fjorden har eg ikkje oppdaga nokon klår generasjonsforskjell i dette, både eldre og yngre kan bruke både sam- svarbøygd og ikkje samsvarbøygd form av pronomenet:
18 vest at de kap 'ha: m b ipte'rxse, so mo de "bæ-.re 'ta:-de-vmæ:
dDko. 'Viss det kan ha nokor interesse, så må de berre ta det med
Føre substantiv i fleirtal finn me derimot f n o W over heile Romsdal:
19 vest de '?æ:m mk) "kunda her i 'da:g, sta mo dy ta 'e>t i'mo:t dæra.
5 Viss det kjem nokon kundar her i dag, så må du ta godt imot dei.' 20 de 'e: iDk> vcey:a 'he:r, 've:t de. 'Det er nokre øyar her, veit du.' 21 dehevvo:renDlo 'stampevri: 'deTv«:te. 'Det har vore nokre stamperi
der ute.'
I eintal kan ikkje 'nokon' ha spesifikk referanse i attributiv posisjon, tilsvaret til 'såg dei nokon bil?' er i ei vanleg utsegnssetning: 'dei såg ein bil'. Dette pronomenet har altså likskapar med den ubestemte artikkelen.
Føre substantiv i fleirtal kan pronomenet, som me såg av setningane 19-21
mmm
. - ^ • ' . - j ( ^ : - C ' - . i
ovafor, ha både spesifikk og ikkje-spesifikk referanse, slik at det der kunne seiast å vere "fleirtalsforma" av artikkelen 'ein'.
2.3.2. Fleirtalspronomenet 'ei nokre'
Fleirtalsforma av 'nokon' har fått utvikla ein "dobbel natur": 1) Det er brukt med markert spesifikk referanse, og har då normalt ikkje trykk. 2) Det kan fortelje om mengda, gje ein "mengdespesifikasjon", og har då trykk. På spørsmålet om 'kor mange' kan ein svare /ei vi»kre/, som då tyder 'nokre fåe', 'ei handfull', og har ein parallell i engelsk 'a few'. Kor sterkt dette siste innhaldet er present, kan nok skifte, men sjølv om pronomenet markerer berre den spesifikke referansen, er det alltid eit vilkår til 'ei nokre' at det ikkje viser til fleire enn "relativt fåe".
På spørsmålet 'Kva slags leven er det ute no?' - der ein altså ikkje spør etter mengd - er eit naturleg svar:
22 de e: nslo 'mo:torsyk,lista so stor 3 vr«:sa 'matorap. 'Det er nokre motorsyklistar som står og rusar motorane.'
Ein kan au bruke /si vn:>kre mo:tarsyk,lista/, men då gjev ein ei tilleggsopplysning om talmengda. Mengdespesifikasjon er det i desse setningane au:
23 ho skufe vlome øm ei vnokre vda:ge. 'Ho skulle komme om nokre (="a few") dagar.'
24 de 'va: bære ei 'mkre 'finf^maikara 'he:r i 'bøgdn. 'Det var berre nokre (-"a few") skinnfellmakarar her i bygda.'
25 de 'cm:m 'aMs ti *iakre tw'riaa i *noi%> ',*:. 'Det kjem alltids nokre (="a few")/ei handfull turistar i morgon au.'
Med denne mengdespesifikasjonen kan 'ei nokre' au brukast der det
ikkje nødvendigvis har spesifikk-tyding. 126 er det usikkert om desse /si
vnokre/ finst, men det er her talmengda ein fokuserer, dvs. at vilkåret gjeld talmengda:
26 '?æ:m de no ei vnokre po vmø:te i 'kveK ' w : , so he me vbærga
vdena se'sonin. 'Kjem det nokre (="a few") på møte i kveld au, så har me berga denne sesongen.'
For å avgrense omfanget av denne drøftinga, ser eg i oversiktene nedafor bort ifrå denne mengdetydinga.
'Ei nokre' au har generell referanse, men det kan vere både kollektivt og distributivt, alt etter syntaktisk konstruksjon og kontekst:
27 do Tom de "bot ei "nokre vsprer]enes 'in 'dø:ra. 'Då kom det brått nokre (="a few") springande inn døra.'
28 ho vto:k-mæ-,se: ei nokre a'viso o yjek-,he:m. 'Ho tok med seg nokre aviser og gjekk heim.'
29 dei vla:ga ei nokre vbi:la mæ ' f r i 'Dei laga nokre bilar med feil.' 127 og 28 er det mest naturleg å tolke 'ei nokre' kollektivt, det er snakk om éi "singulær" handling, mens 29 fortel om ei handling (='lage ein bil') som blir utført fleire gonger.
2.4. Oversikt over funksjonen åt pronomena
For betre å kunne samanlikne desse pronomena kan me her lage ei over- sikt over kva semantiske eigenskapar dei har:
:?*A
M:
'JQS&Meksistens spesifikk
referanse generell
referanse distributiv
referanse mengde- somme
einkvan (subst;
einkvan (attnb.
kon (si nokon (attnb.) et nokre
(0 vil seie at pronomenet er umarkert for den eigenskapen kolonnen gjeld.) +Distributiv føreset +generell pga. at 'distributiv' er ein under- kategori av 'generell'. +Spesifikk referanse føreset +eksistens, men - som ein ser - føreset ikkje eksistens spesifikk referanse. Forholdet mellom desse to omgrepa skal me diskutere lenger ned.
3. Semantisk-syntaktiske restriksjonar
Nedafor skal me sjå nærare på kva innverknader det semantiske innhaldet i desse pronomena har på avgrensingane i den syntaktiske distribusjonen.
3.1. Presentering
Presenteringskonstruksjonen har som funksjon å introdusere ny informasjon i ein konkret situasjon. 'Ny' vil seie ny for konteksten eller samtaleverda. Den nye informasjonen ligg i det potensielle subjektet
At 'ei nokre' og attributivt 'nokon' kan brukast i det potensielle subjektet i presenteringskonstruksjonar, har me alt sett i 19 og 25 ovafor.
Substantivisk 'nokon' brukt slik kan me sjå av 30:
30 de '£>:r noken ps vbfta. Det går nokon på loftet.'
'Einkvan' kan brukast på same måten, både i substantivisk og attributiv bruk:
31 de vhsp e nok vir)kvart i 'da:g '«**:. 'Det hender nok eitkvart i dag 32 jeu, de '?æ:m no vinom flik viqkvap 'ma:p . 'Jau, det kjem no
innom slik einkvan (ein og annen) mannen.'
Derimot kan 'somme' ikkje brukast i det potensielle subjektet i presenteringskonstruksjonar:
33 *de Tom vs©me i vjaftes. '*Det kom somme i går kveld.'
34 *de %æ:m vsome vle:rara fn> 's:>nn hit p3 vstæmne. '*Det kjem somme lærarar frå Sogn hit på stemne.'
Denne restriksjonen heng saman med at 'somme' har generell og distributiv referanse, mens presenteringskonstruksjonen presenterer ein konkret og bestemt situasjon, ev. fleire konkrete og bestemte situasjonar, me kunne tale om éi eller fleire singulære handlingar (eller situasjonar). Og dette singulære kjem i konflikt med det generelle og distributive. Generell og kollektiv referanse kan derimot kombinerast med presenterings- konstruksjonen, som me såg av 27 ovafor.
Ein litt spesiell presentering skonstruksjon møter me når verbet er 'vere', 'finnast' eller 'eksistere'. Desse konstruksjonane fortel ikkje om singulære hendingar, dei introduserer (eller definerer) nettopp ein (del-) klasse, og i dei kan 'somme' brukast:
35 de 'finst vsome ^ø:,5[k so e vpræga mæ vTø:,vær?a "hszle 1i:ve.
'Det finst somme sjøfolk som er plaga med sjøverken heile livet' 36 de 'va: vsome vteu:se so ha "ansvar fær vfr.e:re vb«:skapa sam'ti:di.
'Det var somme tauser som hadde ansvar for fleire buskapar samtidig.'
I slike konstruksjonar er det nødvendig med ei relativsetning som beskriv delmengda, her 'somme sjøfolk' og 'somme tauser'. Utan relativseming, som i 37, blir konstruksjonen ugrammatisk. Men 'ei nokre' kan derimot stå i ei slik "naken" presentering, jf. 38.
37 *de 'finst vsome 7ø:,f:>rk. '*Det finst somme sjøfolk.'
38 de'finst ei vrokre v,fø:,fDrk. 'Det finst nokre (="a few") sjøfolk.' 3.2. Singulære hendingar
Restriksjonen mot presenteringskonstruksjonen er eigentleg berre éin konsekvens av den generelle og distributive referansen. 'Somme' kan generelt ikkje brukast i samband med éingongshandlingar (ei eller fleire), setningsinnhaldet må referere til noko som skjer uavgrensa mange gonger.
Difor er 39-41 ugrammatiske:
39 *i vtræfte "some lerrara i vsælskapa i 'go:r. '*Eg trefte somme lærarar i selskapet i går.'
40 *i ska vnæmne vsome vny:e 'børker me he $øft in i de "siste. '*Eg skal nemne somme nye bøker me har kjøpt inn i det siste.'
41 *'ako'ra:t'cb:komvsome vg«:ta'ip 'dø:ra. '*Akkurat då kom somme gutar inn døra.'
I eit større materiale eg har gått igjennom, er det tydeleg at 'somme' er brukt aller oftast i subjektsposisjon og adverbial posisjon (dvs. som tids- eller stadadverbial). Det kan nok henge saman med at nettopp pro- nomenet 'somme' kan i desse posisjonane gje setninga eit generelt inn-
42 vsome Ja'fø:ra C*we ropt 'esvog,næ:se i 'go:r. 'Somme sjåførar køyrde rundt Eidsvågneset i går.'
43 i vsome t e ' M e 'e: d- ise 'snak om 'flekt 'I somme tilfelle er det ikkje snakk om slikt'
Men objektsposisjonen er ikkje umuleg, det ser ein av 44, der særleg det modale hjelpeverbet gjer det klårt at det er tale om noko som hender eller kan hende fleire gonger
44 du kap vmø:te ysfflme sty'depta po 'by:n 'met po 'da:ja. 'Du kan møte somme studentar på byen midt på dagen.'
Denne siste setninga tillegg medlemmene i klassen 'somme studentar' ein viss eigenskap, og setninga minner difor svært mykje om tilfelle med generisk referanse. Strenge restriksjonar på bruken i objektsposisjon høver nettopp godt med generisk referanse. Den ikkje-spesifikke refe- ransen åt 'somme' stemmer au med generisk referanse, men ein intensjon om å tillegge nominalet karakteristiske eller naturgitte eigenskapar - slik at setningane nærmar seg det analytiske, som dei generiske gjerne gjer - kan ein ikkje seie ligg i alle setningar med 'somme'. Det kan ein sjå av ei setning som f.eks. 45, som er grammatisk heilt kurant:
45 dei pasa-vs»: o vla:ge "some l)i:la mæ vsmo:e 'fe:l. 'Dei passe på å lage somme bilar med småe feil.3
Men, som Lyons au gjev uttrykk for, er grensa mellom generisk og generell ikkje lett å dra, særleg ettersom ein gjerne vil legge noko intensjonalt i generisk, og omgrepet dermed ikkje så lett kan definerast berre med sanningsvilkår. Lyons prøver å skilje mellom dei to omgrepa
"Generic propositions being timeless are not only tenseless, but also aspectless. [...] General referring expressions, whether distributive
"'*t"T^'fJ#*'
or collective, can occur freely in sentences that express time-bound propositions of various kinds."
(Lyons 1977:194.) Ut ifrå ein slik beskrivelse finn eg det mest naturleg å rekne 'somme' som generelt.
Setningane der 'somme' er brukt i objektet, fortel om ei iterativ eller uavslutta handling, fordi det er prinsipielt uavklart kor stor mengd 'somme' refererer til. Bruken av 'somme' heng dermed saman med aspekten i setninga, og me må nok rekne med ein del "gråsoner" i bruks- området for dette pronomenet, nettopp fordi 'somme' sjølv kan verke inn på aspekten.
Utan å gå nærare inn på det skal eg her berre nemne at når 'somme' står substantivisk, som i 'somme av lærarane', ser det ikkje ut til å vere same restriksjonane på bruken som me har sett ovafor:
46 i vtræfte "some £> vle:ran> pD 'fæsta i 'g:>:r. 'Eg trefte somme av lærarane på festen i går.'
Dette er ikkje uventa, ettersom 'lærarane' i nypotagmet 'somme av lærarane' har spesifikk referanse.
3.3. Spørsmål
Både 'nokon' og 'ei nokre' kan brukast i spørsmål der pronomenet går inn i leddet det blir spurt om:
47 he de 'set nok) 'sæge[/ske:O 'he:r? 'Har du sett nokon seglskuter 48 he du 'set ei nokre 'sæger,vskt*:t> 'he:r 'Har du sett nokre seglskuter
I dette tilfellet er det altså ein tydingsforskjell ettersom 'ei nokre' har spesifikk referanse til nokre bestemte seglskuter talaren har i tankane, i 47 er det heilt ope om nokor seglskute finst Når det blir spurt om 'nokon', f ær pronomenet ikkje-spesifikk referanse.
Det kan derimot ikkje spørjast om 'einkvan':
49 *'?æ:m de iqkvan i 'da:g? '*Kjem det einkvan i dag?'
Kontrasten mellom positiv utsegn og spørsmål kan ein sjå av 50 og 51:
50 du ska fo Ticeire ir)kvart 'fn: me! 'Du skal få høyre eitkvart frå 51 hedu Tisuirtæko 'fn:no? 'Har du høyrt noko frå honom?'
I spørsmål bruker ein altså 'nokon'. Årsaka til denne restriksjonen for 'einkvan' kjem av at dette pronomenet nettopp føreset at 'einkvan' eksisterer. Ein kan difor ikkje spørje om eksistensen av 'einkvan'.
Når spørsmålet derimot ikkje gjeld 'einkvan' - og det vil seie at det er teke for gitt at denne 'einkvan' finst - kan dette pronomenet likevel brukast i spørsmål:
52 ha vir)kvan D < b b kwna henta 'sa:jaot me? 'Hadde einkvan av dykk kunna hente saga til meg?'
Med desse eksempla ser me kor viktig det er å skilje mellom spørsmålet som syntagme og leddet (ledda) det blir spurt om. Det er det siste det er restriksjonar imot for 'einkvan'.
Det kan heller ikkje stillast spørsmål om eksistensen åt 'somme', for dette pronomenet au impliserer nettopp at referentane eksisterer:
53 *cæm vsome stu'depta be'stapp fær 'se:nt? '*Kjem somme stu- dentar alltid for seint?'
54 *;æm vsome vipam her 1cva:r 'da:g? '*Kjem somme innom her kvar dag?'
I 54 blir 'nokon' brukt om det er eksistensen ein spør etter. Når eksistensen av 'somme' er klår, kan 'somme' likevel stå i ei spørjesetning:
55 e de 'de: so ;iæpevsome vona 'ip 'gra:tis? 'Er det du som slepper somme ungar inn gratis?'
'Ei nokre' har, som nemnt, draget +spesifikk, og tydinga vil dermed bli 'ei handfull bestemte individ, som ein veit eksisterer, og som f.eks.
talaren kjenner til':
56 he dy 'set ei nokre vle:rara i 'by:n i 'da:g? 'Har du sett nokre lærarar i byen i dag?'
3.4. Negasjon
,A negere eit ledd med 'nokon' er grammatisk kurant; ei negativ setning som svarar til 56, vil f.eks. lyde:
57 i 'he: ?e 'set ioko vle:rara i 'by:n i 'da:g. 'Eg har ikkje sett nokon lærarar i byen i dag.'
Når ledd med 'nokon' er negert, har pronomenet ikkje-spesifikk referanse. Men å sette leddet med 'ei nokre' innafor verkeområdet for ein negasjon gjev ei ukurant setning:
58 *i Tie: ce 'set si nokre vle:rara i Tjynj i 'da:g '*Eg bar ikkje sett nokre lærarar i byen i dag.'
Meininga her må ein helst få fram med å flytte leddet med kvantoren ut or verkeområdet åt negasjonen:
59 de 'e: faktisk ei nokre vle:rara sa i vi?e 'ss:g i T>y:o i 'dæg. 'Det er faktisk nokre lærarar som eg ikkje såg i byen i dag.'
60 de 'va: ei vnDkre so i vi?e fek ytaka ^ikle/Det var nokre (="a few") som eg ikkje fekk takka skikkeleg.'
I desse siste setningane er det altså tale om spesifikk referanse, dvs. om ei viss gruppe lærarar.
Den meir "modale" bruken av 'ikkje' i spørsmål må me halde utafor i denne samanhengen:
61 dtf vskwXe va% ise ha 'bru:k før ti nokre vgamrevsiAgan? 'Du skulle vel ikkje ha bruk for nokre gamle sildgarn?'
Denne setninga impliserer at talaren har nokre bestemte sildgarn i tankane.
Sjølv om 'ei nokre' står til høgre for negasjonen, står det utafor verke- området for han.
'Somme' kan heller ikkje negerast, for det ville stri mot implikasjonen om eksistens:
62 *va ^ e r he vsome vsprope so 'ført 'fø:r. ' * Aldri har somme sprunge så fort før.'
Men her au kan ein flytte 'somme' framom verkeområdet åt negasjonen:
63 vsame he "aAjer vsprtape so 'fort 'fø:r. 'Somme har aldri sprunge så fort før.'
Men i andre setningar er det muleg å tolke påstandsstrukturen annleis enn i 62 ovafor:
64 i læ:s ice vs0me a'vi:so. 'Eg les ikkje somme aviser.'
65 dy 'ska: -?e vcø:pe vsome ^ii^mær^e! 'Du skal ikkje kjøpe somme bilmerke!'
Påstandsinnhaldet i 64 kunne parafraserast f.eks. slik: 'Det finst aviser, og for ei delmengd av dei er det slik at kvar enkelt avis har den "eigenskapen"
at eg ikkje les ho.' På tilsvarande måte kan au 65 parafraserast. Slike setningar er brukt i situasjonar der det går fram kva eigenskap ein ev. tek avstand frå, og av parafrasen går det fram at nektinga ikkje omfattar 'somme'. I 64 og 65 nektar ein altså ikkje eksistensen av 'somme', derimot seier ein noko om eigenskapen åt dei.
Denne forskjellen på logisk struktur og overflatestruktur gjer slike setningar "kompliserte". Det kjem endå klårare fram om me set til eit adverbial som i 66:
66 ?i vtræfe va/jer vsome stu'depta p:> 'by:n *'?Eg treffer aldri somme studentar på byen.'
Setning 66 må parafraserast slik at adverbialet 'på byen' kjem på same nivå som ledd framom 'somme'. Denne "kryssinga" i strukturen gjer 66 pragmatisk vanskeleg, det krevst meir "hjelp" frå konteksten eller situasjonen til å avkode setninga (som f .eks. her når me alt har brukt ein parallell konstruksjon, men i ei enklare setning først). Ei vanlegare - og enklare - formulering er 67, der leddet med 'somme' er flytta til venstre
for negasjonen.
67 de 'e: "some stu'depta i va/*er vtræfe po 'by:n. 'Det er somme studentar eg aldri treffer på byen.'
Heller ikkje 'einkvan' kan negerast:
68 *vatøer he virjkvap vsprope sd 'fort 'fø:r. '*Aldri har einkvan sprunge så fort før.'
Denne restriksjonen må au forklarast med at implikasjonen om eksistens ikkje kan foremast med negasjon.
3.5. Kvantifisering
På spørsmål om 'kor mange' kan ein svare /ei vnokre/, mens /"noko/ er umuleg.
Me kan altså seie /dsi 'va: ei "nokre/ 'Dei var nokre (="a few")'. Og kvantifiseringsinnhaldet i 'ei nokre' skulle au komme godt fram i ei setning som:
69 de 'ba:r ige bære ei "nokre v©ndoma her, 'hu:se e 'fuXt to vor)doma.
'Det bur ikkje berre nokre (= "a few") ungdomar her, huset er fullt av ungdomar.'
Sjølve mengdespesifikasjonen 'ei nokre' kan ein altså negere; ein "vri" på 58 ville gi 70, men denne setninga har ikkje spesifikk referanse, ettersom det ikkje er tale om nokre bestemte lærarar.
70 i 'sD:g ise bære ei "nokre vle:rara po 'by:n i 'da:g, mæn vf[E:re 'hapjer.
'Eg såg ikkje berre nokre (="a few") lærarar på byen i dag, men
.r-^-Stæ1!*;:
fleire hundre.'
Men her er det tale om ein spesiell bruk av 'ei nokre'. Me kunne seie at nektinga gjeld underleddet 'ei nokre' og ikkje heile nominalet.
(Pronomenet har au trykk i ein slik konstruksjon som 70.)
På spørsmål 'kor mange' kan ein ikkje svare med det substantiviske AirjkvajV. Men konstruksjonen 'einkvan' + substantiv i bestemt form - som altså semantisk er fleirtalstilsvaret til det substantiviske 'einkvan' - kan derimot brukast. 71 kan altså vere svar på 'Kor ofte er du på besøk hos han?':
71 i 'e: no vipom /lik vir)kvap 'gona. 'Eg er no innom slik einkvan (ein og annen) gongen.'
Det vil dermed seie at 'einkvan' i attributiv bruk kan vere ein mengdespesifikasjon. Det må henge saman med at 'einkvan' (i motsetning til 'somme') har singular referanse. Denne siste forskjellen såg me au kom fram i samband med presenteringskonstruksjonen.
'Somme' kan ikkje tene som svar på 'kor mange', og */dei 'va:
Tsome/ er umuleg. Det har neppe med den ikkje-spesifikke referansen åt 'somme' å gjere, for som me såg ovafor, kunne det ikkje-spesifikke 'einkvan' brukast til kvantifisering, og 'ei nokre' kunne au som mengde- spesifikasjon godt ha ikkje-spesifikk referanse. Derimot kan denne restriksjonen henge saman med den distributive referansen som 'somme' har. Det "totalt meiningslause" i uttrykk som "*for somme år sia" og "*om somme år" kan tolkast slik.
3.6. Eigenskapar ved ±spesifikk
Eigenskapen 'spesifikk referanse' treng ein nærare omtale, for det kan vere fleire tolkingar av kva som er meint med han. Aller oftast ser
±verdien åt 'spesifikk' og åt 'eksistens' ut til å gå saman, og difor har nok dei to innhalda somtid blitt sett på som eitt og det same. For å illustrere forskjellen på 'spesifikk' og 'eksistens' kan me låne det eksempelet Lyons (1977:188) bruker for å vise forskjellen på spesifikk og ikkje-spesifikk:
72 Kvar kveld klokka seks flyg (det) ein hegre over hytta.
Denne setninga er tvitydig, ho kan referere til ein viss hegre, dvs. ha spesifikk referanse, eller ho kan tyde at ein eller annen hegre flyg der kvar kveld. Påstanden er etter siste tolkinga altså sann for ein eller annan kvar kveld, men det treng ikkje vere den same kvar gong. Kva for ei tolking som er rett, vil komme fram av konteksten, f.eks. av korleis ein i teksten etterpå refererer tilbake til 'ein hegre'. Men i begge dei to tolkingane føreset ein at referenten eller referentar eksisterer. (Og dermed ser me au at både spesifikk og ikkje-spesifikk referanse er mulege i presenterings- konstruksjonar.)
Dyvik 1979 har ikkje skilt mellom dei to eigenskapane 'eksistens' og 'spesifikk'; derimot bruker han eksistens som kriterium for spesifikk referanse (s. 72 og 73). Heller ikkje Faarlund 1980 skil 'eksistens' og 'spesifikk'. Han skil ut dei spesielle presenteringskonstruksjonane med eksistensverb som me nemnte i pkt. 3.1., og kallar dei nettopp "spesifi- sering" (Faarlund 1980:53 ff.). Men ved verba 'finnast' og 'eksistere1 er det ikkje tale om spesifikk referanse, berre påstand om eksistens. Derimot kan det vere spesifikk referanse med 'vere' som verbal i slike konstruk- sjonar.
Me har alt sett at skiljet mellom 'eksistens' og 'spesifikk' trengst for å kunne presisere forskjellen på 'ei nokre' og 'somme'. Endå ein syntaktisk konsekvens av denne semantiske forskjellen er at 'somme' kan brukast i kontrast til 'andre', derimot ikkje i kontrast til '(dei) hine':
73 vsome 'drek D "andre vræ:?e. 'Somme drikk og andre røykjer.' 74 *vsome 'drek 3 dei vhi:ne vræ:«;e. '*Somme drikk og dei hine
røykjer.'
Dette må igjen ha samanheng med at 'hine' krev at den komplementære debnengda au er spesifikk, for 'hine' er det sjølv. Dette kravet set ikkje 'andre'. 'Ei nokre' kan derimot kombinerast med begge. 75 er nok som eksempel:
75 ei vrc>kre 'dråk :> dei vhi:ne vrcekte. 'Nokre (="a few") drakk og dei hine røykte.'
3.7. Oversikt over dei semantisk-syntaktiske restriksjonane
somme nokon (subst.) nokon ei nokre
•einkvan (subst.) einkvan
+
+
+
+
Spørsmål
+ +
legering
+ +
Cvantifi-
+
Kombinasjon med 'hine'
4. Grensegang mellom pronomena
Etter å ha drøfta forskjellar i den syntaktiske distribusjonen, skal me gå over til å sjå nærare på om og korleis tydingsforskjellane kan utnyttast i opposisjonar. Me går igjennom opposisjonane parvis. Slike opposisjonar føreset altså syntaktiske konstruksjonar der begge pronomena i paret kan brukast I praksis blir det oftast tale om positive utsegnssetningar.
4.1. 'nokon' - 'ei nokre'
Ettersom 'noko' kan stå attributivt til fleirtalssubstantiv, kan me få desse to setningane med ulikt innhald:
76 de Twir noko vu:tlænir]a her. 'Det bur nokre utlendingar her.' 77 de Tw:r ti nokre vu:tlænir)a her. 'Det bur nokre utlendingar her.' I 76 er det 'utlendingar' som gir den viktige og nye informasjonen, altså som kontrast til f.eks. 'nordmenn'. Og talmengda er det ikkje sagt noko om - utover at det er meir enn éin. 177 har nominalet spesifikk referanse, og dessutan er det som nemnt ovafor, visse avgrensingar på mengda.
4.2. 'nokon'-'einkvan'
I dei setningskonstruksjonane der både 'nokon' og 'einkvan' kan brukast,' er 'nokon' umarkert for innhaldet 'eksistens', mens 'einkvan' er nettopp det markerte pronomenet for dette. Men at det er ein påstand om eksistens, som altså talaren går god for, blir au svært ofte uttrykt gjennom andre middel i setninga, kanskje oftast setningsadverb som 'sikkert', 'nok' osv.
Dermed blir innhaldsmarkeringa i 'einkvan' redundant i slike setningar, og bruken kan meir reknast som stilistisk.
78 de mo 'sekert vva:re inkvart vga[:e mæ no 'no:! 'Det må sikkert vere eitkvart gale med han no!'
79 de '$æ:m nok yir)kvap i 'da:g 'mi. 'Det kjem nok einkvan i dag au.' I begge desse setningane kan 'nokon' au brukast, men det understrekar ikkje like godt 'påstanden'. Og slike setningar viser nettopp den typiske bruksmåten åt dette pronomenet.
Skal ein berre referere eit faktum, brukar ein heller 'nokon' (som altså er umarkert for eksistens):
2 p i - ' ' " "'•:' .-'• • «^";U,.X-A>-";'--i- S :-•••-.: tf-^-O-- -vJA-ri
j *
80 i vhæ:re de 'cæ:m noken. 'Eg høyrer at det kjem nokon.'
Her er neppe nokor klår grense mellom 'nokon' og 'einkvan'; i ei setning som 81 kunne 'nokon' au godt brukast. Men 'einkvan', som verkeleg blei brukt i ytringa, fokuserer meir på spørsmålet om eksistens, ja, talaren sjølv trur nok at dette 'eitkvart' finst.
81 kap 'g>t Hiene 'de: at de ha vfope vinkvart i 'rætsprotQ,lob om de.
'Det kan godt hende det at de hadde funne eitkvart i rettsprotokollane om d e t '
Om oversetninga inneheldt ei utsegn som uttrykte tvil, f.eks. 'det er lite truleg at...', kunne 'eitkvart' ikkje brukast
I 82 er 'nokon' brukt Det ville ikkje vere gale med 'einkvan', men det ville forskyve kva "påstand" ein fokuserte:
82 dei ha rø?e vffl:krar om mk) 'fla:g. 'Dei hadde roke uklar (-var blitt ueinige) om noko slag.'
'Einkvan' ville ha fokusert kva ueinigheita gjaldt, mens viktigaste informasjonen i 82 kan like godt vere 'at dei blei ueinige'.
Mellom 'nokon' og 'einkvan' er det vanskeleg å seie at det er ein direkte opposisjon, for 'nokon' kan brukast allstad der 'einkvan' kan brukast. Einast der setninga og konteksten manglar andre modale innslag om påstand eller ønske om eksistens, blir det berre valet mellom desse to pronomena som skil i tyding. Men slike tilfelle er neppe frekvente.
4.3. 'nokon' - 'somme'
'Nokon' fortel ikkje om ei delmengd, og 83 vil difor formidle annen informasjon enn 45 ovafor.
83 d d 'pasa-vpo: o *la:ge n)k) ?bi:la mæ ^mo:e 'fcl. 'Dei passa på å lage nokre bilar med småe feil.'
Her kan godt alle bilane som blir laga, ha desse feila; og dei bilane som blir produsert, kan au stå i kontrast til heilt andre produkt som blir laga. I 45 er det derimot tale om ei delmengd av dei produserte bilane.
4.4. 'ei nokre' - 'einkvan'
84 de Tom ei nskre "bnla. 'Det kom nokre bilar.' 85 de Ttom vii}kvap 'bitln. 'Det kom ein og annen bilen.'
Forskjellen på dei to setningane 84 og 85 er at det potensielle subjektet i 84 må tolkast spesifikt og kollektivt, og det er tale om berre éi hending.
Når det singulære pronomenet 'einkvan' har fleirtalstyding, fører det til at 85 fortel om fleire hendingar, 'det at det kjem ein eller annen bil1 skjer fleire gonger.
4.5. 'einokre'-'somme'
Me har alt fleire gonger sett at 'ei nokre' har spesifikk referanse og 'somme' har ikkje-spesifikk referanse. Byter me difor ut subjektet i 86 med 'ei nokre', siktar ein til visse bønder.
86 vsome 'bønder 'vel i?evnøte se to va:v,læ:sar,:>:rmnip. 'Somme bønder vil ikkje nytte seg av avløysarordninga.'
r.tiiÆ-v.-*--* --. • *
.-•-->.— • . - - •
Og som me har vore inne på, fortel au 'ei nokre' noko om talmengda. Det gjer ikkje 'somme'.
Olav Næs 1965:314 hevdar for norsk bokmål at "Semantisk faller 'somme' sammen med 'noen', men stilistisk er det mer konkret utskillende eller motsettende". Om dette stemmer for bokmålet, er det i så fall det motsette systemet av det me finn i romsdalsk. Her er det 'somme' som er minst utskiljande.
Dyvik 1979 oppfattar 'nokre' og 'somme' i nynorsk på tilsvarande måte som Næs. Det gjer at han f .eks. s. 74 tolkar to setningar med desse pronomena heilt motsett av det eg ville gjere ut ifrå ei "romsdalsk språkkjensle".
4.6. 'einkvan'-'somme'
87 vsome ?æm vipom her Ttva:r 'da:g. 'Somme kjem innom her kvar 88 vinkvap ?æm vipom her "kva:r 'da:g. 'Einkvan kjem innom her kvar
Desse to setningane har ulike sanningsvilkår. I 87 er påstanden at kvar medlem i delmengda 'somme' har den "eigenskapen" at dei kjem innom kvar dag. (Endå ein gong ser me altså likskapen med generiske setningar.) Setninga 88 påstår at det kvar dag finst ein eller annen som kjem innom, men denne 'ein eller annen' treng ikkje (men kan) vere den same kvar dag.
Ein tillegg altså ingen den "eigenskapen" 'å komme innom kvar dag'.
Tilsvarande forskjell i sanningsvilkåra gjeld au for 89 og 90:
89 de kap vmø:te vsame ste'depta 1cva:r 'da:g. 'Du kan møte somme studentar kvar dag.'
90 dt* kap vmø:te vir)kvap stw'deptn Tcva:r 'da:g 'Du kan møte einkvan
(eh og annan) studenten kvar dag.' 5. Variasjon i romsdalsk
Det systemet eg her har beskrive, gjeld dei romsdalske bygdemåla. Den viktigaste variasjonen i sjølve formene er nemnt ovafor. Systemet for bruken av formene verkar svært homogent for heile Romsdal. Rypdal 1929 beskriv berre "formlæra", men eksempla han brukar, samsvarar med dei mønstra eg har beskrive her.
Eg har oppdaga berre éin forskjell i det semantisk-syntaktiske systemet, og det gjeld markeringa av mengdeinnhald i 'ei nokre'. Sørom Romsdalsfjorden verkar det ikkje heilt "naturleg" å bruke 'ei nokre' for å fokusere på "a few", då vil ein der heller bruke /si nokre vfo:e7 'ei nokre fåe'. Det gjer at setningane 24,25 og 69 ovafor ikkje fell naturlege i målet der fordi 'ei nokre' er i desse setningane brukt om ein mengde- spesif ikasjon. (Desse setningane er henta frå dialektar i Molde kommune (tidlegare Bolsøy) og Fræna kommune.) Men likevel har ein i dialektane sørom Romsdalsfjorden au ei førestelling til 'ei nokre' om at det ikkje skal vere meir enn 'ei handfull', eller 'relativt fåe'.
Elles vik bymålet på Molde av frå bygdemåla. Der blir verken 'somt/somme' eller 'einkvan' brukt Pronomenet 'nokon' har teke over og dekkjer tydingane åt alle desse tre ubestemte pronomena. Formene er berre to: fnoken/ og r noka/. Brukt substantivisk er /vn:>ka/ nøytrumsforma, og brøken/ blir brukt om maskulinum og femininum eintal og om fleirtal (og heilt generelt viser det til personar i motseming til daude ting). Attributivt blir rnoka/ brukt i eintal og fmken/ i fleirtal. Men i fleirtal kan opposi- sjonen /vnoka/ : Auken/ utnyttast likeins som /"noko/: /ti vnokre/ i bygdemåla, nemleg slik at fmken/ har spesifikk referanse.
91 har du 'set noka vQndama hær i -d a : g ? 'Har du sett (nokre) ungdomar her i dag?'
~ ~t * . • - . . - i 9 - • . .- . . " . - . ?.*• %. • . . * . . . .
. . , • _ . . , • ; . . . =;••?,«...-•«£ - - . - - , ; _ i • ' f o t . r ---.-"= • - ^ • * # :
92 har du 'set iwken "andoma hær i 'da:g? 'Har du sett nokre ungdomar her i dag?'
Elles heiter det altså:
93 vnoken vguta e vsta:di '/u:k. 'Somme gutar er stadig sjuke' og 'Nokre gutar er stadig sjuke'.
94 de nu vvæ:re vroken s^m har 'jort de. 'Det må vere einkvan som har gjort det.'
Når det gjeld variasjon mellom eldre og yngre mål, ser det ut til at dei aller yngste bygdemålsbrukarane ikkje har pronomenet 'einkvan' lenger.
Dét stadfestar ein generell og velkjent tendens, som me au såg under pkt.
2.3. om 'nokon', at ei markert form lett vik for den umarkerte forma.
1 'Enkelte' er likevel ikkje synonymt med 'somme1. Det kan vi sjå av dette eksempelet: 'Vi har faktisk sett enkelte grisekjøringer i slalom- bakken i dag.' 'Enkelte' har her spesifikk referanse, og 'somme' kunne ikkje settast inn i staden, som det vil gå fram av pkt. 3.2.
2 For at transkripsjonen skal bli mest muleg einskapleg, er alle eksempla i denne artikkelen tilpassa det fonologiske systemet i dialekten i Fræna kommune.
JUaeno&wr
Dyvik, Helge 1979. Omkring fremveksten av artiklene i norsk. I: Maal og Minne 1979:40-78.
Faarlund, Jan Terje 1980. Norsk syntaks i funksjonelt perspektiv. Oslo- Bergen-Tromsø.
Lyons, John 1977. Semantics. Cambridge.
Næs, Olav 1965. Norsk grammatikk. Elementære strukturer og syntaks.
Rypdal, Hans 1929. Romsdalsmål. (Tresfjorden). Formlæra. Oslo.
Venås, Kjell 1984. Nynorsk nokon and the Specificity Concept. I: Arkiv for nordisk filologi 7954:188-201.
:rj%, .;.••• - •., - » . : ! f j - ; ; • - , * • - • • : - - • • - . • • > • . ^ - / ^ : : - ' >• . • " ' $ " . - V ' - . - ' f - "1 l f e « a i B & - * ¥ " s .- ' r - - - - •