• No results found

Referat frå årsmøte 2017 Søndag 5. mars 2017

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Referat frå årsmøte 2017 Søndag 5. mars 2017"

Copied!
1
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

Lønset sokneråd

Referat frå årsmøte 2017 Søndag 5. mars 2017

Deltakarar frå soknerådet: Arnt Nerhoel (leiar), Ivar Horvli (NL/ref), Øyvind Vognild, Harald Asbjørn Lønset I alt 24 personar var til stades

Sak Nr

Sak

Menighetens årsmøte 2017

5. mars var det gudsteneste kl 1900 i Lønset bedehus med kyrkjekaffe og menighetens årsmøte etterpå.. Årsmelding og rekneskap for 2016 blir lagt fram. I tillegg vart årsplan 2017 drøfta. Utdeling av Lønsetrosen til Dagrun Vasli.

Takk til Sivert Liabø i samband med oppheng av pyntehandkle og gardinoppheng i sakristiet.

1 Årsmelding 2016

Arnt Nerhoel, leiar for Lønset sokneråd gjekk gjennom årsmeldinga frå 2016 der dei viktigaste aktivitetane frå førre år var oppsummert. Desse tema var oppsummert: -Gudstenesteliv –Bispevisitas -Konsertar og

musikkandaktar -Kyrkja vår -Fasteaksjonen -Menighetens årsmøte (2017).

Det har vore bra kyrkjebesøk med godt over 1067 deltakarar i dei 22 gudstenestene som var haldne i Lønsetkyrkja i 2016. Vidare hadde det vore arrangert tre konsertar/salmekveldar i kyrkja inklusiv den

tradisjonelle juleinnsynginga Dette året hadde det vore bispevisitas i Oppdal, noko som var ei serskild hending og som førte til arrangement utanom det vanlege både i Oppdal og Lønset sokn. 1)

Gudrun Nyhus Horvli har restauret den gamle alterduken etter Margrete Horvli, og denne er no tatt i bruk. Ho hadde og restaurert ein gamal pyntehandduk som er komen på plass i sakristiet etter at Sivert Liabø har laga oppheng til denne.

1): Det kom framlegg frå årsmøtet om at Ola J Vindal som pådrivar for markering av middelalderkrk. bør nemnast i årsmeldinga.

Årsmeldinga vart godkjend.

2 Rekneskap 2016

Arnt gjekk gjennom Revidert rekneskap for 2016.

Jubileumsboka for 150-årsjubileet av Lønset krk. Står oppført som post utan inntekt eller utgift i rekneskapen ettersom oppgjer frå salg er komen inn og utgiften balansert tidlegare år. Det kom innspel om at verdien av restopplaget bør inn som kapital i neste års rekneskap. Ivar sjekker kor mange som er att.

Rekneskapen vart godkjend

3 Årsplan 2017 med framtidstankar

Årsplan for 2017 med ei skisse til visjon/framtidstankar lagt fram, og det vart åpna for innspel frå dei som hadde møtt opp. Her kom det fram mange gode tankar som vil bli vurdert og følgd opp i det vidare arbeidet:

Det vart oppmoda om meir samarbeid mellom Lønset bedehus (venneforeining) og soknerådet. Vidare var det framlegg om støtte til barneklubben (deltaking og økonomi). Det kom og framlegg om samla plan for aktivitetane i kyrkje og bedehus og felles informasjon. Informasjon om arrangement i soknerådet/kyrkja sin regi bør styrkast. Jubileumsboka bør marknadsførast og gjerast tilgjengeleg. Soknerådet tar dette opp som sak i neste møte. Ivar sjekker kor mange som er att (jfr sak 2). Bøkene bør ligge lagra i eit temperert rom i staden for i våpenhuset som no. Leggast i sakristiet. Eit eks (nokre få?) bør ligge synleg i våpenhuset med info om sal.

4 Lønsetrosen

Lønset sokneråd deler kvart år ut ”Lønsetrosen” som er ein pris og honør (ros) for godt og oppofrande arbeid for Lønsetsamfunnet. Denne prisen vart oppretta av Lønset sokneråd i 2007 og gjekk i år til Dagrun Vasli. Leiaren for Lønset sokneråd, Arnt Nerhoel, delte ut diplom og roser under prisutdelinga. Han heldt fram at vi set umåteleg stor pris på den innsatsen som Dagrun Vasli har gjort gjennom frivillig arbeid i Lønsetsamfunnet i ei årrekke mellom anna i Lønset 4H.

5 Heider for frivillig arbeid

Sivert Liabø fekk heider for gratis arvbeid med tillaging av oppheng av det nyrestaurerte pyntehandkledet og oppheng for gardinstonga i sakristiet. Han fegg takk og ei bukett roser for innsatsen

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER