U N I V E R S I T E T E T I B E R G E N
Universitetsleiinga
Telefon 55 58 00 00 postmottak@uib.no Internett www.uib.no Org no. 874 789 542
Universitetsleiinga Telefon 55 58 20 01/02
Postadresse Postboks 7800 5020 Bergen
Besøksadresse Muséplass 1 Bergen
Sakshandsamar Ingvild Nilssen
side 1 av 1
Dykkar ref Vår ref Dato
15/4736 2015/11427-INGNIL 15.01.2016
Høyringssvar frå Universitetet i Bergen - Forskrift om tildeling av utdanningsstøtte
Vi viser til brev frå Kunnskapsdepartementet, datert 16.10.15, der universitetet blir invitert til å komme med innspel til høyringa. UiB takkar for høvet til å gi innspel, og har følgjande kommentarar til høyringa:
Universitetet i Bergen synest det er positivt at det i forslaget blir lagt til rette for betre støtteordningar til språkopplæring i ikkje-engelskspråklege land utanfor Skandinavia. Vi er også einige i at det vil vere eit viktig bidrag for å auke studentmobiliteten til desse landa.
Vidare verkar dei føreslegne justeringane i regelverket i høve stipend til førebuande språkkurs (språkstipend) fornuftige og gode.
Venleg helsing
Dag Rune Olsen
Rektor Kjell Bernstrøm
universitetsdirektør
Dokumentet er elektronisk godkjent og har derfor ingen handskrivne signaturar.
Kunnskapsdepartementet