• No results found

Kultur- og kyrkjedepartementet

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Kultur- og kyrkjedepartementet"

Copied!
26
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

Kultur- og kyrkjedepartementet

(2)

Kultur- og kyrkjedepartementet vart oppretta i 1982 og heitte då Kultur- og vitskapsdepartementet. Departementet har

hatt ulike namn og ansvarsområde opp gjennom åra.

Frå 1. januar 2002 har departementet ansvar for kultur-, kyrkje-, medie-, idretts- og spel- og lotterisaker.

Kultur- og kyrkjedepartementet

(3)

Kontoret til kultur- og kyrkjeministeren, Akersgata 59, 6. etasje Edvard Munch «På verandaen. Regnveir», Per Inge Bjørlo «Heads from Balance»

(4)

LEIING OG OPPGÅVER

Kultur- og kyrkjeministeren er leiar av departementet.

Statsråden har to statssekretærar og ein politisk råd- gjevar til å hjelpa seg i det politiske arbeidet. Departe- mentsråden står for den administrative leiinga av departementet. Departementet er inndelt i fire fag- avdelingar, ei administrasjons- og økonomiavdeling, eit arkiv og ei informasjonseining. (2003)

Departementet er sekretariat for kultur- og kyrkje- ministeren og utarbeider dokument til Stortinget og bakgrunnsmateriale for statsråden. Departementet set i verk politiske vedtak og styrer verksemda i dei under- liggjande organa.

(5)

Frå Medieavdelinga Tone Thiis Schjetne «Pas de deux i manesjen»

(6)

Statsråd

Statssekretærar

Politisk rådgjevar

Informasjonseining Departementsråd

Kyrkjeavdelinga Idrettsavdelinga

Administrasjons- og

økonomiavdelinga Kulturavdelinga Medieavdelinga

ORGANISASJONSKART

(7)

BUDSJETTET

Dei viktigaste verkemidla departementet nyttar for å nå dei politiske måla, er løyvingar over statsbudsjettet og lover og forskrifter.

Kultur- og kyrkjedepartementet har ansvar for eit samla budsjett på om lag 5 milliardar kronar. I tillegg forvaltar departementet speleoverskotet frå Norsk Tipping AS, som òg kjem kultur- og idrettsformål til gode. Departementet fremjar årleg forslag om storleiken på NRK-lisensen. Lisens- inntektene utgjer ca. 3 500 millionar kronar og er den vikti- gaste inntektsposten for NRK.

Kommunane har det økonomiske hovudansvaret for drifta av kyrkjene, mens staten løyver midlar til prestetenesta. Dette inneber at om lag en tredjedel av utgiftene til Den norske kyrkja blir løyvd over Kultur- og kyrkjedepartementet sitt budsjett.

(8)

Statsråden sitt møterom Solrunn Rones «I mykt lys», Eirik Gjedrem «Korpus»

(9)

Statsrådsseksjonen

(10)

STYRING OG FINANSIERING AV UNDERLIGGJANDE ORGAN M.M.

Kultur- og kyrkjedepartementet har ei rekkje underliggjande etatar og organ. Desse er med på å gjennomføra politiske vedtak m.m. Etatsstyringa skjer i stor grad gjennom fagavdelingane i departementet.

Underliggjande etatar og organ blir finansierte på ulike må- tar. Nokre institusjonar er reint statlege og får alle driftsutgiftene dekte over statsbudsjettet. Andre er tilskotsinstitusjonar der staten har heile eller delar av det offentlege finansierings- ansvaret. For dei såkalla knutepunktinstitusjonane og landsdels- institusjonane dekkjer staten anten 60 eller 70 prosent av det ordinære offentlege driftstilskotet, mens regionen dekkjer resten. I tillegg er det ei tilskotsordning for museum der stats- midlane blir utbetalte gjennom fylkeskommunane. På kultur- og medieområdet er det også ei rekkje tilskotsordningar som i hovudsak blir forvalta av underliggjande organ.

(11)

Statssekretæren sitt kontor Kai Fjell «Frieren»

(12)

Kjersti Wexelsen Goksøyr «Enhet»

Kultur- og kyrkjedepartementet, Akersgata 59 Ervin Løffler «Delt form»

Ervin Løffler «Cellospiller»

(13)

INTERNASJONALT SAMARBEID Dei fleste arbeidsområda inneber eit omfattande inter- nasjonalt engasjement. Gjennom EØS-avtala får lovgjevinga for den indre marknaden i EU konsekvensar også for Noreg, særleg på medie- og opphavsrettsområdet.

Departementet er med i EU sine støtteprogram for kultur og film.

Kultur- og kyrkjedepartementet har viktige oppgåver innanfor internasjonalt kultursamarbeid, med ansvar for formidling av utanlandsk kultur i Noreg. Utanriksdeparte- mentet har ansvaret for presentasjon av norsk kunst og kultur utanfor landegrensene. Kultursamarbeidet mellom dei nordiske landa går føre seg innanfor ramma av Nordisk ministerråd.

(14)

Frå Idrettsavdelinga Per Palle Storm «Rolf Hofmo» Frå Administrasjons- og økonomiavdelinga Hanne May Scheen «Gule fjell»

Idrettsavdelinga sitt møterom Resepsjonen Johan-Fredrik Arntzen «Båt og bølger i genene»,Tone Thiis Schjetne «Etter badet»

(15)

Frå Administrasjons- og økonomiavdelinga Frå Medieavdelinga

Lunsj i Kyrkjeavdelinga Møte i Kulturavdelinga

(16)

KULTURAVDELINGA har til hovudoppgåve å utvikla og leggja til rette den nasjonale kulturpolitikken og forvalta og styra dei statlege institusjonane på området. Ei anna viktig oppgåve er å spreia kunnskap om kulturlivet i Noreg.

Avdelinga har ansvar for allmenne kulturspørsmål, kunst- narpolitikk, musikk, teater og opera, biletkunst, kunsthandverk og design, språk og litteratur og arkiv, bibliotek og museum.

Avdelinga arbeider med større plan-, byggje-, og utviklings- saker, som f.eks. operahusprosjektet. Dei statlege institusjo- nane avdelinga har ansvaret for, er Norsk kulturråd, ABM- utvikling - Statens senter for arkiv, bibliotek og museum, Arkiv- verket, Nasjonalbiblioteket, Nasjonalgalleriet, Museet for sam- tidskunst, Riksutstillingar, Utsmykkingsfondet for offentlege bygg, Rikskonsertane, Riksteatret, Norsk lyd- og blindeskrift- bibliotek, Norsk språkråd, Arkeologisk museum i Stavanger, Bunad- og folkedraktrådet og Norsk lokalhistorisk institutt. I tillegg administrerer avdelinga statstilskot til ei rekkje teater, orkester og museum.

MEDIEAVDELINGAhar oppgåver som gjeld generelle medie- politiske spørsmål, kringkasting, presse, film og opphavsrett.

Hovudmålet for mediepolitikken er å tryggja ytringsfridomen som grunnlag for eit levande folkestyre. Verkemidla på medie- området er lover, forskrifter og tilskotsordningar. Avdelinga har ansvaret for kringkastingslova med forskrifter, men forvalt- ning av lova er delegert til Statens medieforvaltning. Vidare har avdelinga ansvar for lov om tilsyn med erverv i dagspresse og kringkasting (medieeigarskapslova) og lov om film og videogram.

Medieavdelinga har også ansvar for regelverk og inter- nasjonale avtaler på opphavsrettsområdet. Reguleringa på området skal medverke til å sikra interessene til rettshavarane også i vår digitale tidsalder. Samstundes skal regelverket ivareta andre viktige samfunnsomsyn.

Formålet med pressestøtta er å halda oppe mangfaldet på avismarknaden. For å sikra eit godt og allsidig norsk audio- visuelt tilbod blir det gitt tilskot til utvikling og produksjon av film, fjernsynsdramatikk og til prosjektutvikling innanfor nye medium. Medieavdelinga har ansvaret for NRK. Avdelinga har eit omfattande internasjonalt samarbeid.

ADMINISTRASJONS- OG ØKONOMIAVDELINGA har driftsan- svar for departementet.

Avdelinga arbeider med spel- og lotterisaker, personalsaker,

lønns- og arbeidsvilkår, IT, økonomi og budsjettsaker for heile departementet. Avdelinga koordinerer høyringssaker og inter- nasjonale saker og arbeidet med den årlege budsjettpropo- sisjonen. Avdelinga har eit overordna ansvar for dei statlege spela som blir drivne av Norsk Tipping AS, og for regulering av spel som blir drivne av private organisasjonar. Lotteritilsynet i Førde fører tilsyn med lotterilova. Avdelinga har også ansvar for tilskotsordningar til trussamfunn.

IDRETTSAVDELINGA:Målet med dei aktivitetane som avdelinga har ansvaret for, er at så mange som råd skal få høve til å driva idrett og fysisk aktivitet. Barn og ungdom er sentrale målgrup- per. Funksjonshemma skal ha høve til å delta i fysisk aktivitet i nærmiljøet sitt.

Avdelinga er engasjert i planlegging, prioritering, bygging og rehabilitering av anlegg og uteområde for idrett og friluftsliv.

Forsking gir auka kunnskap om idrett og fysisk aktivitet i befolkninga.

Avdelinga for valtar den delen av overskotet frå Norsk Tipping AS som går til idrettsformål. Hovudtyngda av spele- midlane blir fordelt til idrettsanlegg i kommunane og til Norges Idrettsforbund og Olympiske Komité (NIF).

Nærmiljøanlegg er viktige for å leggja tilhøva til rette for eit allsidig tilbod for barn og ungdom. Anlegga skal brukast på eigenorganisert fysisk aktivitet og skal vera tilgjengelege for alle. Avdelinga følgjer opp internasjonale samarbeidsavtaler på dopingområdet, International Anti-Doping Arrangement (IADA).

Noreg har slutta seg til Europarådets Anti-dopingkonvensjon.

KYRKJEAVDELINGA arbeider med oppgåver som gjeld det ansvaret og dei fullmaktene departementet har i samband med statskyrkjeordninga. Dette inneber mellom anna å leggja til rette dei organisatoriske og økonomiske rammevilkåra slik at Den norske kyrkja kan leva og verka som ei vedkjennande, tenande, misjonerande og open folkekyrkje. Avdelinga forval- tar eit omfattande kyrkjeleg lov- og regelverk, så som kyrkje- lova, gravferdslova, lov om Opplysningsvesenets fond og heilagdagslova. Kyrkjeavdelinga har etatsansvar for preste- skapet, biskopane, bispedømmeråda, Kyrkjerådet, Restau- reringsverksemda ved Nidaros Domkyrkje, Det praktisk- teologiske seminar og Opplysningsvesenets fond. Avdelinga har også ansvar for utanlandske krigsgraver i Noreg og norske krigsgraver i utlandet.

(17)

Resepsjonen i Idrettsavdelinga, Grubbegata 1, 2. etasje Anita Tjensland «London», Ingebjørg Une Hagen «Renn»

(18)

Frå Idrettsavdelinga Nils Aas «Hjalmar Andersen - Hjallis» Idrettsavdelinga, Grubbegata 1

Frå Idrettsavdelinga Per Ung «Sonja Henie» Frå Idrettsavdelinga Nils Aas «Grete Waitz»

(19)

Korridoren i Kyrkjeavdelinga

Kyrkjeavdelinga, Akersgata 44 Frå Kyrkjeavdelinga

Arkivet i Kyrkjeavdelinga

(20)

Kyrkjeavdelinga sitt møterom

(21)

STØRRE PROSJEKT OG SATSINGSOMRÅDE

NYTT OPERAHUS:Stortinget vedtok våren 1999 at det skal byggjast eit nytt operahus i Oslo. Dette er den største kultur- politiske enkeltsaka i Noreg i dag. Kultur- og kyrkjedeparte- mentet har det overordna kulturpolitiske ansvaret for gjennom- føringa av prosjektet, mens Statsbygg er byggherre. Den opne internasjonale arkitektkonkurransen i 1999-2000 vart vunnen av arkitektfirmaet Snøhetta. Kostnadsramma for prosjektet vart vedteken våren 2002, og bygginga tok til vinteren 2003.

Operabygget skal stå ferdig til opningsframsyning og ordi- nær drift hausten 2008. Det får sin plass ved kaifronten i Bjør- vika, ein sentral del av Oslo hamn, og skal formast som eit sjølv- stendig prosjekt. På sikt vil bygget framstå som eit leiande arkitektonisk element i byutviklinga. Stortinget har òg vedteke at det skal utviklast ein modell for produksjon og formidling av opera og dans i Noreg. Den norske opera skal bli ei drivkraft for utvikling av desse kunstartane på landsbasis.

NOREG 2005 AS:I 2005 skal vi markera dei første hundre åra for Noreg som sjølvstendig nasjon. Selskapet Noreg 2005 AS skal utvikla og gjennomføra eit offisielt program i samband med hundreårsmarkeringa og skal i åra fram mot 2005 koordi- nera andre offisielle og private initiativ som har med marke- ringa å gjera.

ARKIV, BIBLIOTEK OG MUSEUM:Departementet arbeider på brei front med å følgja opp stortingsmeldinga om arkiv, biblio- tek og museum. Meldinga skisserer prinsipp og tiltak for opp- gradering og vidareutvikling av det såkalla abm-feltet, mellom anna opptrapping av dei statlege driftsløyvingane over ein fem- årsperiode. Frå 1. januar 2003 er det etablert eit felles statleg utviklings- og samordningsorgan kalla ABM-utvikling - Statens senter for arkiv, bibliotek og museum.

Viktige element i oppfølgingsarbeidet er å tryggja det kollek- tive samfunnsminnet i den elektroniske tidsalderen. Gjennom digital formidling skal tilgangen til arkivbasert kjeldemateriale og andre informasjonsressursar bli enklare å bruka. Her er Arkivverket og Nasjonalbiblioteket nøkkelinstitusjonar.

Ei landsomfattande reform skal i løpet av ein femårsperiode omskapa eit fragmentert museumslandskap. Målet er færre og større regionale institusjonar med høg fagleg kompetanse som

(22)

skal knytast saman i eit nasjonalt nettverk. ABM-utvikling har hovudansvaret for å gjennomføra reforma, som elles skjer gjennom drøftingar med fylkeskommunane, musea og dei aktuelle vertskommunane.

I desember 2002 vedtok Stortinget å skipa Nasjonalmuseet for kunst. Nasjonalmuseet vil i første omgang omfatta Nasjonalgalleriet, Museet for samtidskunst, Kunstindustri- museet i Oslo og Norsk Arkitekturmuseum. Seinare skal etter planen Riksutstillingar og Henie Onstad Kunstsenter inngå.

Nasjonalmuseet skal ha hovudbase i Tullinløkka-området. Den planlagde arealutvidinga inkludert nybygg skal realiserast trinnvis fram til endeleg ferdigstilling ved markeringa av 200- årsjubiléet for det moderne Noreg i 2014.

KULTURNETT NOREG er den offisielle inngangsportalen til informasjon om norsk kulturliv på Internett. Ansvaret for drift og vidare utvikling av Kulturnett Noreg er frå 1. januar 2003 lagt til ABM-utvikling. Meir informasjon: www.kulturnett.no

DEN KULTURELLE SKULESEKKEN er eit samarbeidstiltak mellom Kultur- og kyrkjedepartementet og Utdannings- og forskingsdepartementet. Tiltaket skal gi elevar i grunnskulen høve til å gjera seg kjende med og få eit positivt forhold til kunst- og kulturuttrykk. Kunst og kultur skal inngå i lærings- måla for skulen. Den kulturelle skulesekken vil dei neste åra bli tilført mykje midlar frå speleoverskotet i Norsk Tipping AS.

Frå og med 2005 vil dette innebere ei årleg avsetning på om lag 180 mill. kroner til dette formålet.

Meir informasjon: www.denkulturelleskolesekken.no

OFFENTLEG ROM, ARKITEKTUR OG DESIGN:Dei fysiske omgjevnadene våre, frå landskap til bygningar og offentlege rom i byar og tettstader, er med på å prega den kulturelle identiteten vår. Som ein stor byggherre har staten derfor ei viktig rolle å spela som førebilete og pådrivar. Dette gjeld ikkje berre i forminga av dei fysiske omgjevnadene, men òg for utvikling av produkt med høg kvalitet. Offentleg rom, arkitek- tur og design er eit langsiktig satsingsområde. Norsk Form,

Norsk Arkitekturmuseum og Utsmykkingsfondet for offentle- ge bygg samordnar innsatsen.

DIGITALT BAKKENETT:På mediesektoren arbeider departe- mentet med fleire viktige prosjekt av kompleks karakter, mellom anna utbygging av digitalt bakkenett for fjernsyn.

Dette vil også opna for breiband i distrikta. Arbeidet med digitale radiosendingar krev omfattande førebuing og mange avklaringar.

IDRETTSANLEGG:Departementet vil setja i verk tidsavgrensa programsatsingar for å møta utfordringane på anleggssektoren.

Dette kjem i tillegg til dei ordinære kanalane for tilførsel av spelemidlar. Programma vil ta for seg nye idear for utvikling av anlegga, betre anleggsdekking i pressområde, koordinert utbygging av enkelte større kostnadskrevjande anlegg og eventuelt tilskot frå spelemidlar til nærmare definert utstyr.

DÅPSOPPLÆRINGA:Kultur- og kyrkjedepartementet fremja hausten 2002 ei stortingsmelding om dåpsopplæring i Den norske kyrkja. Reforma inneber ei systematisk utbygging av dåpsopplæringa, slik at ho kjem alle døypte til gode. Opplæ- ringa har eit retningsgjevande omfang på 315 timar frå dåp til fylte 18 år, medrekna konfirmantundervisninga. Forslaget inneber at reforma skal gjennomførast ved ei gradvis opp- trapping over ein periode på fem - ti år innanfor ei økonomisk ramme på om lag 250 millionar kroner.

TILHØVET MELLOM STAT OG KYRKJE:I budsjettproposisjonen for 2003 varsla regjeringa at det vil bli sett ned eit offentleg utval med oppgåve å utgreia tilhøvet mellom stat og kyrkje.

Utgreiinga skal gi grunnlag for å avgjera om statskyrkje- ordninga skal vidareførast, reformerast eller avviklast. Utvalet skal leggja fram utgreiinga si innan utgangen av 2005.

(23)

Frå Kulturavdelinga Nico Widerberg «Torso. Mann»

(24)

KUNSTEN I KULTUR- OG KYRKJEDEPARTEMENTET Departementet har lagt vekt på kunstnarleg utsmykking i lokala sine. Ved innflyttinga i det nye regjeringsbygget i 1996 vart det kjøpt inn bilete og kunsthandverk. Departementet har fått låna verk frå Nasjonalgalleriet og Museet for samtids- kunst og Galleri Format – Norske Kunsthåndverkere. Ei avtale med Norsk Billedhoggerforening og med Norske Grafikere om å leiga skulpturar og grafiske blad gir også tilsette og gjester kunstnarlege opplevingar kvar dag. Dei innleigde bileta blir skifta ut med halvtanna års mellomrom.

(25)

KONTOR OG PERSONALE

Kultur- og kyrkjedepartementet disponerer kontor på tre adresser.

Statsråden, Kulturavdelinga, Medieavdelinga og Administrasjons- og økonomiavdelinga har kontor i Akersgata 59.

Idrettsavdelinga har kontor i Grubbegata 1.

Kyrkjeavdelinga har kontor i Akersgata 44 (Y-blokka).

Kultur- og kyrkjedepartementet har i overkant av 140 tilsette (2003).

Kultur- og kyrkjedepartementet Postboks 8030 Dep

0030 Oslo

KULTUR- OG KYRKJEDEPARTEMENTET PÅ NETT:

odin.dep.no/kkd Meir informasjon på Odin:

Historikk for Kultur- og kyrkjedepartementet:

http://odin.dep.no/kkd/norsk/dep/om_dep/historikk/

Liste over underliggjande organ:

http://odin.dep.no/kkd/norsk/dep/lenker/043031-990015/

Lover med forskrifter som blir forvalta av Kultur- og kyrkjedepartementet:

http://odin.dep.no/kkd/norsk/regelverk/lover/

Copyright ©

Per Inge Bjørlo (Museet for Samtidskunst),Tone Thiis Schjetne, Kai Fjell (Nasjonalgalleriet), Kjersti Wexelsen Goksøyr, Per Palle Storm, Hanne May Scheen, Johan-Fredrik Arntzen, Ingebjørg Une Hagen, Nils Aas, Nico Widerberg / BONO 2003

©Munch-museet / Munch-Ellingsen gruppen / BONO 2003 Copyright ©

Erling Saatvedt Solrunn Rones, Museet for Samtidskunst

Eirik Gjedrem Ervin Løffler Anita Tjensland

Per Ung

(26)

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

Arkivverket rapporterer til departementet at dei ved utgangen av 2015 hadde fått inn 1142 arkivuttrekk frå statleg sektor. Av desse er det registrert at 859 kjem frå Noark- system.

Det jeg imidlertid langt fra er sikker på er —, hvis en på en mer forståelig og åpen måte enn nå kunne stille folk overfor de virkelige valg når det gjelder hva våre ressurser

Mellom desse replikkane kjem Brand med nokre korte replikkar, både i originalen og i gjendiktinga frå 1973, men i gjendiktinga frå 2015 kjem Agnes siste replikkar i eitt.. Dei er òg

Gode resultater innen kultur og næringsvirksomhet i tillegg til kjernevirksomheten skole og helse. Nr 3 på Telemarkforskning sin kulturindeksen og beste kommune

Trine Skei Grande (V): Som vi snakket om med tid- ligere statsråd, er det slik at hvis man jobber med Norsk Tipping, skal man ha stor aktsomhet når det gjelder å bruke

Naboen til Baldrian og Musa er veldig sikker på hva som passer seg, og mener at det passer ikke å ha mus i hus.. Det blir etter hvert ikke lett å

En innkommet søknad medfører ikke at det ulovlige forholdet er rettet, men gir ofte den konsekvens at pålegg om retting bør avvente.. Et ulovlig forhold er rettet når det enten

– Kultur- og kyrkjedepartementet vil i samarbeid med Kunnskapsdepartementet og andre invol- verte aktørar vurdere korleis arbeidet med nasjo- nale lisensar skal utviklast vidare..