• No results found

Thekopsora areolata (lokkrust)

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Thekopsora areolata (lokkrust)"

Copied!
2
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

Vol.7 Nr.101Æ - 2003

Thekopsora areolata (lokkrust)

Venche Talgø og Arne Stensvand, Planteforsk Plantevernet

[email protected]

Vertplante

Vanleg gran (Picea abies) Symptom og biologi

Lokkrust angrip konglar av gran og kan vera eit problem i frøproduksjonsfelt der konglene kan verta øydelagde. På kongleskjella kan det sitja tett med runde sporehus som er om lag 1 millimeter i diameter. Dette er det såkalla skålruststadiet til soppen (Fig. 1). Desse små kulene har ein hard vegg som opnar seg med eit lokk om våren og frigjer sporar

(aecidiosporar) som smittar unge blad på mellomverten hegg (Prunus padus).

Heggeblada får tett med små flekkar utover sommaren. Dei er nokså lyse og fiolette på undersida av blada, men mørkare, brunraude og til slutt svarte på oversida av blada. I dei lyse flekkane på bladundersida dannast uredeosporar (sommarsporar) som spreiar soppen til nye heggeblad. I dei mørke flekkane på oversida av blada dannast teleutosporar (vintersporar). Neste vår, under bløminga til grana, vil teleutosporar i dei visne heggeblada spira og danna basidiosporar. Desse smittar blomane til grana. No vil aecidiosporar utvikla seg i konglene. Dei spreier seg neste vår.

Livssyklusen er altså toårig.

Lokkrust kan også smitta plomme og gir der haglskotsjuke på blada, men soppen kan ikkje fullføra livssyklusen på plomme.

Når det er lokkrust i konglar, vil kongleskjella sprika sterkt og hengja lengre på trea enn friske konglar, nokre gonger i fleire år.

Unge granskot som vert smitta av

basidiosporar frå hegg, vert ofte bøygde på form (Fig. 2). Dei bøyer seg mot

angrepspunktet. Når skotet veks vidare vil det

søkja oppover, det vert då nærast S-forma. Fig. 1. Grankongle som er full av sporehus av

lokkrustsoppen (skålruststadiet). Foto: R. Langnes

Soppsjukdom

Samandrag

Lokkrust er fyrst og fremst ein sjukdom på konglar av gran, men kan også gi unormal vekst av nye skot. Konglane kan vera fulle av lett synlege sporehus og kongleskjella vil sprika. Angrepne toppar bøyer seg over mot den sida av skotet som er smitta. Seinare veks skota oppover og dei vert då nærast S-forma.

Summary

The rust fungus Thekopsora areolata can destroy spruce seed production and result in malformations of new shoots.

(2)

Talgø, V. & A. Stensvand. 2003. Thekopsora areolata (lokkrust). Grønn kunnskap e7(101Æ):1-2 2

Vol.7 Nr.101Æ - 2003

Fig. 2. Granskot med skeiv vekst på grunn av lokkrustangrep. Foto: V. Talgø

Tiltak

Soppen kan i prinsippet utryddast ved å fjerna all hegg i området rundt granplantingane. I praksis er dette som regel ikkje

gjennomførbart, men inne på området eller like ved planteskular som produserar

granplanter, bør all hegg fjernast. Dette gjeld også i område med frøproduksjon. Det er ikkje kjent kor langt rustsporane kan spreia seg, så det er uråd å seia noko om kor breitt belte ein må fjerna heggen i. Vêr og vind spelar

sjølvsagt inn. Aecidiosporane er meir

tjukkvegga enn basidiosporana, og vil truleg tåla å verta spreidde over lengre avstandar enn basidiosporane.

Prosjekttittel: Kartlegging og bekjemping av skadegjerarar i klyppegrønt- og juletreproduksjonen (2001-2003) Finansiering: SND, NGF, eigeninnsats

Styringsgrupppe:

Harald Rømuld (prosjektansvarleg), Norsk Pyntegrønt Terje Pundsnes (leiar for styringsgruppa), Pyntegrøntringen Inger Hilmersen, Norsk Gartnerforbund Morten N. Andersen, Det Norske Skogselskap

Tønnes Straum, produsent Arne Stensvand (fagleg ansvarleg) og Venche Talgø, Planteforsk Plantevernet

Kjem som vedlegg til Norsk Pyntegrønt hausten 2004

ISBN 82-479-0451-9

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

Slik kan barn også bli hjulpet til å finne andre voksne å kny e seg til dersom egne foreldre er døde eller for traumatisert selv til å ta seg av barnet.. Mange barn kommer ut av

Men verken slike teorier eller ulike psykologiske teorier vil kunne gi oss en samlet teori som kan forklare mekanismene ved placebo, re og sle fordi en slik teori e er min

Det går ikke en dag uten at det skrives om forskning i avisen.. Ofte får vi høre om uventede ting, sensasjonelle funn og over-

En avklaring av begrepet relasjon er nødvendig i et arbeidsområde der fagfeltet så tydelig fokuserer på relasjonen mellom den døvblindfødte og partneren. Profesjonelle

Staten skal signalisere til kommunesektoren hva de kan klare å gjøre innenfor de økonomiske rammer som vedtas. som tilsammen ikke er samstemt med de sam- lede økonomiske

PwC pekte på flere lovbrudd i håndteringen av konflikten, og både daværende styreleder i Helse Nord, Marianne Telle, daværende styreleder ved Universitetssykehuset Nord-Norge,

Beregninger av usikkerhet i utslippsdata Alle data som brukes i utslippsberegningene (direkte rapporterte utslipp, aktivitetsdata og utslippsfaktorer) bidrar til usikkerheten i

PwC pekte på flere lovbrudd i håndteringen av konflikten, og både daværende styreleder i Helse Nord, Marianne Telle, daværende styreleder ved Universitetssykehuset Nord-Norge,