• No results found

Stord 20. januar 2014

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Stord 20. januar 2014"

Copied!
3
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

Stord 20. januar 2014

Rapport over utført arbeid ved Halsnøy kloster 2014:

Sunnhordland Museum (SM) vart våren 2014 tildelt 1. million kroner under Riksantikvaren sitt Ruinprosjekt til Ruinkonservering ved Halsnøy kloster. Museet har disponert midlane i nøye samråd med prosjektleiar Inger-Marie A. Olsrud, som har vitja klosteret tre gonger i løpet av tildelingsåret.

Det har og vore skipa eit ruinseminar i april for faggruppa kring Halsnøy kloster. Den er sett saman av: Inger-Marie A. Olsrud, RA, Øystein Ekroll, Nidarosdomen, Regin Meyer, NIKU, Alf Tore Hommedal, Bergen Museum, Rune Nilsen, Bergen Kommune, Tore Lande Moe, konservator ved SM, Tor Kaldråstøyl, driftsleiar ved SM, Helen Petersen, avdelingsleiar ved Halsnøy kloster for SM, Øyvind Særsten, som har ansvar for skjøtsel ved Halsnøy kloster for SM, og Rune Eide/Jane Jünger, dagleg leiar ved SM.

Alle foto: Helen Petersen, Halsnøy kloster

Oppgåver som er gjennomført ved Halsnøy kloster i 2014:

Ruinskjøtsel: Sunnhordland Museum har ein lokal tilsett, Øyvind Særsten, i arbeid for å drive ruinskjøtsel ved Halsnøy kloster. Han har helde området fri for vegetasjon og har i 2014 spesielt arbeida med, i samarbeid med tilsette ved Sunnhordland museum, å assistera NIKU i utgravingane i høgre rom ved portrommet – V2, i korsgangen og i brønnrommet. Museet har og kalka veggane i brønnrommet og gjort klart til utstilling.

Det første rommet i nordfløya er rydda, men det er ikkje lagt nytt golv, då det må tas ei avgjerd om dette på ruinseminaret.

Restaurering av ruinane: Murarar frå Bergen kommune har sommaren 2014 arbeida med å restaurera murverket i V2, nord for portrommet. I tillegg har dei ferdigstilt ein ruin av veggen som forbinder vestfløya med austfløya.

Utgraving i V2, korgangen og indre klosterbrønn: NIKU, representert ved Regin Meyer, har vore på Halsnøy fleire gonger i 2014 for å gjera ei arkeologisk utgraving av

(2)

V2, klosterbrønnen på Halsnøy kloster og av korsgangen ved kyrkjeruinen. Funna er registrert i ein eigen rapport.

Georadar:

Det er i 2014 føreteke ein undersøking med georadar på Halsnøy kloster av NIKU.

Resultata frå denne vil bli presentert på ruinseminaret i april 2015.

Flytting av innkomst/landskapsplan: Landskapsarkitekt Kari Hope frå Plan Vest har ikkje utført noko arbeid for ruinprosjektet i 2014. Ho deltok heller ikkje på møtet i april 2014.

Fogderiarresten: Det blei i 2013 oppretta kontakt med Justisdepartementet ved Liv Kari Nylænd om å få arresten inn i Landsverneplanen for justissektoren. Det er ikkje arbeida vidare med denne saka i 2014.

Sunnhordland Museum deltok i august med tre representantar på RS sitt ruinseminar i Tønsberg hausten 2014. Tilbakemeldingane frå kursdeltakarane var særs gode.

Oversikt over disponeringa av midlane frå ruinprosjektet:

Løyving for 2014 på 1. million kroner:

Bergen kommune Murararbeid og materiale knytt til dette arbeidet

370.000 kr Ruinskjøtsel og assistanse

NIKU/murarar Løn Øyvind Særsten 27.000 kr Ruinseminar HK og andre

møte Mat, reiserekningar, løn til

deltakarar m.m. 28.000 kr Landskapsarkitekt Utgreiing/løn Kari Hope

Plan Vest

0 kr Ymse (blant anna innleidd

utstyr og transport) Anleggstraum, velferd

murarane. 40.000 kr

Trepleie 0 kr

NIKU Ymse arbeid, rapport,

seminar, georadar undersøking (*arbeid, men ikkje rapport)

434.000 kr *

(3)

Leige av handverkar SM Assistanse til murarane

/NIKU i V2,

brønn/brønnrommet og korsgang, materiale og reiseutgifter

120.000 kr

SUM 1019.000 kr

*Rekning frå NIKU på etterarbeidet av data frå georadar undersøkinga pålydande 104.000 kr vil gå over tildelinga for 2015.

Sunnhordland Museum tilbyd alle som deltek i Ruinprosjektet gratis overnatting i det gamle herregardshuset på Halsnøy kloster. Dette er ein del av museet sitt bidrag inn i prosjektet. Det er gjort ei oppgradering av brannvernet i hovudhuset slik at brannsjefen tillèt overnatting i huset.

Jane Jünger

Dagleg leiar Sunnhordland Museum

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

Daglig leder Rune Anda har hatt kontakt med Bergen kommune (Helsevernetaten) med spørsmål om hvorvidt det var tillatt eller ikke tillatt med røyking i døve-

Rune Anda sa at det ikke er lett å få utvidet økonomisk støtte fra Bergen kommune. Han fortalte videre at Helge Herland, som tidligere var daglig leder, har

Rune Anda sa at det ikke er lett å få utvidet økonomisk støtte fra Bergen kommune. Han fortalte videre at Helge Herland, som tidligere var daglig leder, har

Fra Bergen Døvesenter deltok styreleder Gunnar Hansen, styremedlem Ellen Østrem og daglig leder Rune Anda, for øvrig de samme personene som i januar hadde møte med

august 2014, til Bergen Døvesenter, Kalfarveien 79, 5022 Bergen, eller over

1. januar: Gunnar Hansen og Rune Anda deltok på møte på Engensen- teret sammen med HLF Bergen og Rådgivningskontor for hørselshem- mede. Det var Hjelpemiddelservice på Laksevåg

4002 Stavanger [email protected] Nøttveit, Ole-Magne Arkeologisk institutt Universitetet i Bergen Postboks 7800 N-5020 Bergen. [email protected] Olsrud, Inger-Marie

Upublisert rapport i topografisk arkiv, Bergen Museum, Universitetet i Bergen.. Upublisert rapport i topografisk arkiv, Bergen Museum, Universitetet