Til l eggsu tgreiin g Offerdal kraftverk
OPPDRAG
Konsekvensutgreiingfor Offerdal kraftverk EMNE
Tilleggsutgreiingar DOKUMENTKODE 119283-1
ID 129283-1 mars 2013 SIDE 2/41 Med unnatak av dei rettane som oppdragsgjevar har, jamfør avtalen med
Multiconsult AS, tilhøyrer alle rettigheitene til dette dokument Multiconsult.
Innhaldet – eller delar av det – må ikkje nyttast til andre føremål eller av andre enn dei nemnde i avtalen. Multiconsult har ikkje ansvar dersom dokumentet vert nytta i strid med føresetnadane. Dokumentet kan ikkje kopierast utan løyve frå Multiconsult.
Framside: Multiconsult AS Kartgrunnlag: Statens kartverk
Foto: Multiconsult AS
RAPPORT
OPPDRAG KU Offerdal kraftverk DOKUMENT KODE 119283-1
EMNE Tilleggsutgreiingar TILGONG Offentleg
SØKJAR Offerdal Kraftverk AS
OPPDRAGSGJEVAR Veidekke Entrepenør AS ANSVARLEG EINING 1085 Naturressurser KONTAKTPERSON Øistein Brandt
FØREORD
Det er utarbeidt tilleggsutgreiingar for enkelte tema/fagområde i samband med konsesjonssøknaden for den planlagde utbygginga av Offerdal Kraftverk, Årdal kommune i Sogn og Fjordane fylke. Utgreiingane er gjort med bakgrunn i tilbakemeldingar frå relevante styresmakter og andre. I tillegg er fire nye alternativ for nettilknyting utgreia. Desse består av ulike sjø- og jordkabelløysingar mellom Offerdal kraftverk og Naddvik transformatorstasjon:
Fylgjande tema/fagområde er utgreia:
Alternative nettløysingar (sjø- og jordkabel)
Kostnader for kabelalternativa
Biologisk mangfald og verneinteresser
Landskap
Kulturminner og kulturmiljø*
Beredskap / Luftfartstryggleik
INON (Inngrepsfrie naturområde)
Naturressursar
Villrein
Friluftsliv
Tilleggsutgreiingane utfyller dei ulike fagutgreiingane slik at dei samla gjev eit fullstendig bilete av konsekvensane ved ei utbygging av Offerdal kraftverk, og skal tene som grunnlag for NVE/OED når dei skal fatte ei avgjersle om det skal gjevast konsesjon, og eventuelt på kva vilkår.
Alle fotografi og illustrasjonar er utarbeidet av Multiconsult AS om ikkje anna er oppgjeve.
* Utgreiinga som omhandlar kulturminner og kulturmiljø er levert av Asplan Viak, som underleverandør.
Skøyen, oktober 2013
INNHALD
1 ALTERNATIVE NETTLØYSINGAR FOR SJØ-/JORDKABLAR ... 9
2 KOSTNADER ... 9
3 BIOLOGISK MANGFALD OG VERNEINTERESSER ... 12
3.1 Marine verneområde ... 12
3.2 Andre verneområde... 14
3.3 Fisk og andre marine organismar ... 14
3.4 Fugl og anna vilt... 14
3.5 Naturtypar og vegetasjon ... 14
4 LANDSKAP ... 16
4.1 Områdeskildring og verdivurdering ... 16
4.1.1 Delområde Årdalsfjorden ... 16
4.1.2 Delområde Vikadalen ... 19
4.2 Omfang og konsekvens ... 22
4.2.1 Årdalsfjorden ... 22
4.2.2 Vikadalen ... 28
4.2.3 Samla konsekvens ... 30
5 BEREDSKAP / LUFTFARTSTRYGGLEIK ... 31
5.1 Utgreiingsprogram ... 31
5.2 Utbyggingsplaner for kraftline ... 31
5.3 Aktuelle aktørar ... 33
5.4 Uttaler ... 33
5.5 Konsekvensar ... 36
6 INON ... 37
7 NATURRESSURSAR ... 38
8 VILLREIN ... 38
9 FRILUFTSLIV ... 39
5
KART/FIGURAR
Figur 1. Oversikt over dei alternative nettløysingane ... 8
Figur 2. Kartet syner djupna i Årdalsfjorden. ... 13
Figur 3. Oversikt over naturtypelokaliteter langs kabelalternativa. Kilde: Naturbase og egne registreringer. ... 15
Figur 4. Årdalsfjorden sett frå Naddvik, eit heilskapleg, kulturpåverka fjordlandskap. ... 18
Figur 5. Kartutsnitt som syner Naddvik og Vikadalen med eksisterande kraftleidningsnett. ... 21
Figur 6. Manipulert bilete syner nytt inngrep med fjellskjeringar ved fjorden i Indre Offerdal. ... 23
Figur 7. Manipulert bilete syner nytt inngrep etter istandsetting, med betydeleg redusert sårflate. ... 23
Figur 8. Manipulert bilete syner fjordspenn og utvida kraftline trasé sett frå 'Ne fø' sjøen' innover mot Naddvik. ... 24
Figur 9. Manipulert bilete viser fjordspenn og utvida kraftline trasé vestover frå Naddvik. ... 24
Figur 10. Manipulert bilete viser kulturmiljøet ‘Ne fø’ sjøen’ med redusert vassføring. ... 25
Figur 11. Mastetraséen slik den vil fortona seg for dei som ferdes langsetter tilkomstvegen til Naddvik kraftstasjon... 28
Figur 12. Fjordspennets lokalisering over Årdalsfjorden. Indre Offerdal ser ein i kartets øvre, venstre bildekant. Naddvik ligger utanfor kartets nedre, høgre bildekant. ... 31
Figur 13. Fjorspennets profil med 65 m fri seglingshøgde. Merk forskjellig skala på aksane. Figuren er utarbeidet av Jøsok Prosjekt AS. ... 32
Figur 14. Alternative løysningar for nettilknyting. ... 32
BILDER
Bilde 1. Årdalsfjorden sett mot vest, med Naddvik nede til venstre i biletet og munninga til Ytre Offerdal lengre ut fjorden til høgre i biletet. ... 16Bilde 2. Oversiktsbilete over Naddvik med busetting mot fjorden og Fv. 53. ... 16
Bilde 3. Naddvik med dei nemnde terrassekantane markert på biletet... 17
Bilde 4. Biletet syner både steingard og jordmur, karakteristiske element i landskapsbildet. ... 17
Bilde 5. Årdalsfjorden sett frå Naddvik, eit heilskapleg, kulturpåverka fjordlandskap. ... 18
Bilde 6. Den omfatta delen av Vikadalen ligg i overgangen mellom Naddvik og det trongare dalføret innafor. ... 19
Bilde 7. Biletserien syner variasjon i oppleving, som i stor grad dreiar seg om kor ope rommet kring vegen er. ... 20
Bilde 8. Anlegget ved Naddvik kraftstasjon er lite eksponert i høve omgjevnadane. ... 20
Bilde 9. 132 kV linja er synleg mot silhuetten ved Kipargrovi. ... 21
Bilde 11. Bilete tatt frå kai ved utløp til Nysetelvi. Jordkabel vil fylgje vegen i det heller flate terrenget. ... 27
Bilde 12. Vegen vidare oppover langs Nysetelvi sett mot fjorden. Ein jordkabel bør leggjast til venstre for vegen i biletet. Omsyn til eksisterande vegetasjon bør vurderast. ... 27
Bilde 13. Den nemnte steinrøysa, som bør gåast utom ved framføring av jordkabel. ... 29
6
TABELLAR
Tabell 1. Kostnadsoverslag for alt. K3 ...11
Tabell 2. Kostnadsoverslag for alt. K4 ...12
Tabell 3. Omfang og konsekvens for dei ulike alternativ fordelt på verdsatte delområde ...30
Tabell 4. Forenkla samanstilling av konsekvensar for dei ulike alternativa ...30
Figur 1. Oversikt over alternativ K1 og K2.
Figur 2. Oversikt over alternativ K3 og K4.
1 ALTERNATIVE SJØKABELLØYSINGAR 1.1 Vurderte alternativ
Følgjande alternativ er utgreia:
K1) Sjøkabel til Jensehamnen. Jordkabel langs FV 53 til Nysetelvi og langs tilkomstvegen til Naddvik kraftstasjon fram til eksisterande transformatorstasjon.
K2) Sjøkabel til utløpstunnel frå Naddvik kraftstasjon. Kabel gjennom utløpstunnel og tilkomsttunnelen til Naddvik kraftstasjon fram til eksisterande transformatorstasjon.
K3) Sjøkabel til utløpstunnel frå Naddvik kraftstasjon. Jordkabel langs Fv 53 til Nysetelvi og langs tilkomstvegen til Naddvik kraftstasjon fram til eksisterande transformatorstasjon.
K4) Sjøkabel til betongkaia/elveosen i Naddvik. Jordkabel langs privat og offentleg veg langs Nysetelvi fram til eksisterande transformatorstasjon.
Dei ulike alternativa er vist i figur 1 og 2.
1.2 Tekniske utfordringar og utbyggingskostnader
Det er ikkje tilrådeleg å gå vidare med alternativ K1 av følgjande årsaker:
Fjell, bratt terreng og liten plass gjer det vanskelig å finne eigna stad for skøyten mellom sjø- og jordkabel. Slike skøytar bør gravast ned.
Bratt terreng og liten plass gjer det utfordrande og fordyrande å lage eit landanlegg (forankring av sjøkabelen).
Framføring av jordkabel frå Jensehamnen til Naddvik transformatorstasjon vurderer ein òg som veldig kostbart på grunn av smal veg og bratt terreng på begge sider av vegen. Grave- og montasje- arbeidet vil vere kostbart og utfordrande, og ein må rekne med ein del trafikale problem i anleggsfasen. Med tanke på drift og vedlikehald, er det i tillegg uheldig å ha ein kabel under vegbana.
Den bør ideelt sett ligge i eiga grøft ved sidan av vegen.
For ein sjøkabel er startkostnadane relativt store, og på grunn av utfordringane med traséen mellom Jensehamnen og Naddvik ser ein det difor som sannsynleg at sjøkabelalternativet K1 ikkje vil bli eit rimelegare alternativ enn K3 og K4, sjølv om dei krev lengre sjøkabel.
Eit kostnadsoverslag av alternativ K2, sjøkabel til utløpstunnelen frå Naddvik kraftstasjon med kabel gjennom utløps- og tilkomsttunnel til Naddvik kraftstasjon fram til eksisterande transformatorstasjon, ville måtte basere seg på nærare kjennskap til utløps- og tilkomsttunnell til Naddvik kraftstasjon, i tillegg til ei risikovurdering i høve produksjonsstopp.
Jamvel om løysinga skulle vise seg å vere teoretisk mogleg vil det vere stor uvisse knytt opp mot praktisk gjennomføring, både med omsyn til utbyggingstidspunkt og drift. Arbeid i utløps- og tilkomsttunnelen vil i praksis berre vere mogleg i periodar der Østfold Energi, som eigar av Naddvik kraftstasjon, har naturleg stopp i sin produksjon. Dette kan potensielt sett medføre langvarig stopp i produksjonen ved Offerdal kraftverk, i påvente av tilgang til dei nemnde områda. I tillegg vil det vere vanskeleg å planlegge tidspunkt for naudsynte tiltak (vedlikehald), sidan ein er avhengig av at Naddvik kraftstasjon vert stoppa. Dette alternativet er med andre ord vurdert å vere lite realistisk og det er difor ikkje kostnadsrekna.
Forhold lagt til grunn for kostnadsestimata:
Installert effekt: 50 MW
Spenningsnivå: 132 kV
Overføringskapasitet: 300 A
Type sjøkabel: 1 x (3x1x300 mm2) eller 1 x (3x1x400 mm2).
Type jordkabel: 1 x (3x1x400 mm2) for 145 kV
Kabellengder:
- K1: Sjøkabel: ca. 2 km, jordkabel: ca. 4,5 km - K3: Sjøkabel: ca. 4,4 km, jordkabel: ca. 2 km - K4: Sjøkabel: ca. 4,6 km, jordkabel: ca. 2 km
Maks fjorddjup: Ca. 400 meter, men i følgje sjøkartet som er tilgjengeleg er fjorden mest truleg ikkje over 300 m djup på den aktuelle strekninga.
Figur 3. Sjøkart. Kjelde: Statens kartverk.
Dersom ein skal legge sjøkablar på slike djup, må ein utføre survey- og grunnundersøkingar slik at traséen blir nøye planlagt. Dette er òg viktig for å kunne planlegge eventuelle strekkavlastingar under vatn. Fleire firma kan nyttast til dette, men ein må rekne med ein kostnad på opp mot 5 millionar kroner. Undersøkinga bør gjennomførast i prosjekteringsfasen, slik at ein unngår usikre moment i anbodsdokumenta og risikoen for entreprenørane blir minst mogleg. Undersøkingane bør difor utførast i ein eigen entreprise.
Leverandører som kan levere sjøkabel til dette prosjektet er:
- Nexans; fabrikk i Halden
- General cable; maks. djup 400 meter, fabrikk i Tyskland - Draka / Prysmian, fabrikk i Finland.
I prosjekteringsfasen er det viktig med ei nøye vurdering av landtaka, sidan landtak med lite stigning er prisreduserande. Dette er òg eit moment som tilseier at K3 og K4 er dei beste alternativa. I kostnadsestimata for landtaka har ein inkludert naudsynt graving/boring, forankring av sjøkabel og skøyt til jordkabel.
Enkel budsjettpris for sjøkabelalternativa, K3 og K4:
Survey og grunnundersøking: 5 mill. kr
Landtak begge sider: 2 mill. kr
Sjøkabel per meter: 4500 kr/m
Legging med fartøy: 13 mil. kr
Uføresette kostnader: 20 %
Nøyaktigheit: -20 % til +20 %
Kostnader som kjem i tillegg er jordkabel frå landtaket i Indre Offerdal og inn til kraftstasjonen, og frå landtaket i Naddvik og fram til Naddvik transformatorstasjon. Forholda for å leggje jordkabel vert her sett på som relativt enkle, og ein kan difor rekne med ein kostnad på ca. 3000 kr/m.
For både K3 og K4 må ein rekne med ein kostnad på godt over 50 millionar kroner (sjå tabell 1 og 2).
Dette estimatet inneheld ein del usikkerheit fordi leverandørane ikkje kan gje gode prisestimat før surveyundersøkinga er gjennomført og lokaliseringa av landtaka er gjort.
Tabell 1. Kostnadsoverslag for alt. K3
Post Mengde Skildring Pris pr eining Sum [MNOK]
1 1 stk. Survey og grunnundersøking R.S. 5,0
2 2 stk. Landtak R.S. 2,0
3 4.400 m Sjøkabel 4.500 kr/m 19,8
4 1 stk. Montasje / legging med fartøy R.S. 13,0
Sum sjøkabel 39,8
5 2.000 m Kabel Naddvik 3000 kr/m 6,0
6 100 m Kabel Indre Offerdal 3000 kr/m 0,3
Sum landkabel 6,3
7 Uføresette kostnader 20 % 9,2
Sum transmisjonsdel 55,3
Tabell 2. Kostnadsoverslag for alt. K4
Post Mengde Skildring Pris pr eining Sum [MNOK]
1 1 stk. Survey og grunnundersøking R.S. 5,0
2 2 stk. Landtak R.S. 2,0
3 4.600 m Sjøkabel 4.500 kr/m 20,7
4 1 stk. Montasje / legging med fartøy R.S. 13,0
Sum sjøkabel 40,7
5 2.000 m Kabel Naddvik 3.000 kr/m 6,0
6 100 m Kabel Offerdal 3.000 kr/m 0,3
Sum landkabel 6,3
7 Uføresette kostnader 20 % 9,4
Sum transmisjonsdel 56,4
2 BIOLOGISK MANGFALD OG VERNEINTERESSER 2.1 Marine verneområde
I mai 2001 vart det oppretta eit rådgjevande utval som la fram eit forslag til kva for område som bør inngå i den marine verneplanen. Utvalet har vurdert til saman 49 område, og rådd til at 36 av desse blir tekne med i fase ein av den marine verneplanen. Sognefjorden er eitt av desse områda. I september 2009 vart det meldt oppstart for 17 av dei 36 områda i fase ein av marin verneplan.
Sognefjorden var ikkje blant dei utvalde i denne fasen.
Skildringa under er henta frå rapporten til Rådgivende utvalg for marin verneplan:
Sognefjorden ligger i Sogn og Fjordane og er et enestående naturfenomen som verdens dypeste fjord.
Den strekker seg som en buktende orm langt innover i den sentrale fjellheimen i Sør-Norge.
Dypbassenget i fjorden strekker seg fra grensen i vest ved Rutledal og langt innover i fjorden.
Fjordbunnen er jevn og ganske flat med dyp på mer enn 1200 m inn til omtrent ved Vik. Det største dypet er i følge sjøkartet 1303 m utenfor Vadheimsfjorden. Fjorden grunnes etter hvert noe til dyp på ca. 1000 m utenfor Leikanger og ca. 900 m utenfor Kaupanger. Hovedløpet fortsetter innover Lustrafjorden med dyp mer enn 600 m inn til Urnes. Den flate og dype fjordbunnen består av leire og slam. Fjordsidene opp fra fjordbunnen er bratte fjellsider.
Sognefjorden har flere sidearmer. Disse er grunne og er undersjøiske hengedaler som munner ut i fjordsiden 1 km eller mer oppe fra fjordbunnen. De korte fjordarmene på sørsiden i den ytre del av området har dyp fra <100 til ca. 200 m. Vadheimsfjorden og Høyangerfjorden på nordsiden er noe dypere med vel 350 m som største dyp. Fjærlandsfjorden har største dyp på ca. 300 m mens Lærdalsfjorden er ca. 400 m dyp ytterst. Aurlandsfjorden er 400-500 m dyp men grunnes opp i innerste del. Nærøyfjorden er ca. 300 m dyp i ytre del men er grunn (<80 m) i innerste del.
Det finnes noen terskelbassenger eller poller i sidearmene. Finnafjorden har en grunn terskel inn til Finnabotn som er en poll med største dyp på 91 m. Østerbøvatnet ligger som en gren til Fuglesetfjorden. Det ligger noe høyere enn Sognefjorden men får innstrømning av sjøvatn ved høyvatn. Østerbøvatnet har en egen sildestamme. Barsnesfjorden ligger innerst i Sogndalsfjorden adskilt med en grunn terskel. Største dyp i Barsnesfjorden er 80 m og denne pollene er sterkt ferskvatnspåvirket av Årøyelva som fører med seg brevatn.
Dypvannsmiljøet i Sognefjorden er meget spesielt. På dyp under ca. 600-800 m i Norskehavet er det arktiske forhold med temperatur på ca. -1 ⁰C. På grunn av Norskerenna og terskelen inn til Sognefjorden med dyp på ca. 160 m er det relativt varmt Atlantisk vatn (ca. 6 ⁰C) som finnes på tilsvarende dyp i Sognefjorden.
Det er gjennomført en del vitenskapelige undersøkelser i Sognefjorden og en del hovedtrekk og særtekk ved flora og fauna er kjent. Mange arter er beskrevet fra dette området. Bl.a. ble det i en publikasjon rundt 1970 vist at i et innsamlet materiale av børstemarker (polychaeter) var ca. 2/3 av vel 20 arter nye for vitenskapen. I Nærøyfjorden og i Sogndalsfjorden viser bløtbunnsfaunaen emergens, dvs. at arter som er vanlig på dypt vatn forekommer her grunnere. Dette gjelder bl.a.
sjøkreps og flere arter av sjøfjær. I tillegg til den lokale sildestammen i Østerbøvatnet, er det også lokale sildestammer i Lusterfjorden og i Aurlandsfjorden.
Figur 4. Kartet syner djupna i Årdalsfjorden.
Verneinteressene i Sognefjorden er altså i første rekkje knytt til djupvassmiljøet (under 600-800 m), medan Årdalsfjorden er vesentleg grunnare enn dette (285 m er oppgjeve som djupaste punkt på strekninga Indre Offerdal – Naddvik). I tillegg er botnmiljøet i Årdalsfjorden framleis betydeleg negativt påverka av utslepp frå industrien (Hydro), sjølv om situasjonen i dag er i betring (jf. NIVA si overvaking). Eit siste moment er at undersøkingar har vist at effekten av elektromagnetiske felt (EMF) på marine organismar er svært lokal og gjeld i første rekkje enkelte artar/artsgrupper av botnlevande organismar (ikkje pelagiske).
Det kan difor konkluderast med at elektromagnetiske felt frå sjøkablane ikkje, eller i ubetydeleg grad, vil påverke Sognefjorden sine verneverdiar når det gjeld marint miljø, og konsekvensen av tiltaket er difor vurdert som ubetydeleg/ingen (0), uansett alternativ.
2.2 Andre verneområde
Ingen av jordkabeltraséane på land ligg i nærleiken av verneområde på land. Konklusjonen blir difor ubetydeleg/ingen konsekvens (0) for desse interessene.
2.3 Fisk og andre marine organismar
Rapporten Effects of EMFs from undersea power cables on elasmobranchs and other marine species (Normandeau, Exponent, T. Tricas og A. Gill, 2011) oppsummerer kjend kunnskap rundt effekten av elektromagnetiske felt (EMF) på marine organismar. Rapporten konkluderer m.a. med følgjande: “It has not been determined that there are adverse impacts associated with exposure to EMFs from undersea cables of a level that would affect populations or ecosystems, although it is a reasonable question whether a large number of cables, particularly within a small geographic. area, might have some effect on species within the habitat.”
I tillegg til EMF, kan òg andre faktorar ha ein viss (lokal) påverknad på marine organismar, m.a.
temperaturauke langs kablane, oppvirvling av forureina sediment i samband med legging av sjøkablane, etc. Sjølv om det er noko uvisse knytta til effekten på enkelte artsgrupper, er det lite som tilseier at ein kan forvente vesentlege negative konsekvensar for fisk eller andre marine organismar ved å legge ein sjøkabel over Årdalsfjorden.
Konklusjon: Ubetydeleg til liten negativ konsekvens (0/-) 2.4 Fugl og anna vilt
Utover noko støy og uro i anleggsfasen, som kan påverke enkelte artar i ein kort periode, vil dei ulike sjø- og jordkabelalternativa ikkje medføre langsiktige, negative verknader for fugl eller anna vilt i influensområdet. Det er ikkje påvist hekke-/ynglelokalitetar for sårbare artar som skulle tilseie behov for restriksjonar på anleggsarbeid i hekketida.
Konklusjon: Ubetydeleg til liten negativ konsekvens (0/-) i anleggsfasen, og ubetydeleg/ingen konsekvens (0) i driftsfasen.
2.5 Naturtypar og vegetasjon
Kabelalternativ K1 passerer ei gammal lind aust for Jensehamnen, men sidan kabelen vert lagt i grøft langs vegen vil denne lokaliteten ikkje bli negativt påverka.
Dei tre alternativa (K1, K3 og K4) som inneber jordkabel langs tilkomstvegen til Naddvik kraftstasjon vil alle bli lagt nær inntil førekomsten av gråor-heggeskog (viktig, B) langs elva. Det er ikkje venta nokon vesentleg påverknad på denne lokaliteten, men ein vil likevel tilrå at kabelen vert lagt på vestsida av vegen dersom eitt av desse alternativa vert valt.
Konklusjon: Ubetydeleg/ingen konsekvens (0) for viktige naturtypar, uansett alternativ.
Figur 5. Oversikt over naturtypelokalitetar langs dei ulike kabelalternativa. Kjelde: Naturbase og eigne registreringar.
3 LANDSKAP
3.1 Områdeskildring og verdivurdering 3.1.1 Delområde Årdalsfjorden
Bilde 1. Årdalsfjorden sett mot vest, med Naddvik nede til venstre i biletet og munninga til Ytre Offerdal lengre ut fjorden til høgre i biletet.
På sørsida av fjorden er den nedre delen av fjellveggen betydeleg slakare enn på nordsida. På eit mindre elvedelta, som ei utposing på fjordarmen, ligg Naddvik, eit lite samfunn prega av jordbruksdrift. Bygda fekk vegsamband inn til Årdalstangen i 1982. Fram til 1982 gjekk all transport via fjorden og busetnaden er i hovudsak orientert i høve den.
Fv 53 buktar seg langs fjordkanten. Framføringa er utført på ein skånsam måte og framstår som eit veltilpassa og dempa inngrep i fjellsida. Ved Naddvik er vegen dregen attende frå fjorden og er såleis til liten sjenanse for busetnaden. I overkant av vegen ligg eksisterande 22 kV kraftlinje, som går forbi utløpet til Naddvik kraftstasjon utover langs sørsida av fjorden. Tett vegetasjon mellom veg og kraftlinje gjer linja lite synleg. Naddvik går over i Vikadalen i sør. I overgangen smalnar U-profilet inn og elvesletta vert stadig mindre.
Bilde 2. Oversiktsbilete over Naddvik med busetting mot fjorden og Fv. 53.
I tillegg til fjella og fjorden, som overordna naturelement, er elva og dei karakteristiske terrasseflatene, med sine skrentar, dei naturelementa som i sterkast grad er med på å prege staden.
Terrasseflatene på austsida av elva er store og utgjer dei største jordbruksflatene, markant definert av høgare, oftast vegetasjonskledde skrentar, som er med på å forsterke verknaden av det naturgjevne terrassesystemet. På vestsida ligg fleire mindre terrasseflater. Fv 53 skjer gjennom desse. Dei fleste av terrassane er skogkledde og samanhengande vegetasjon i skrentar og på flater gjer terrassane i vest mindre markante i landskapsbildet.
Bilde 3. Naddvik med dei nemnde terrassekantane markert på biletet.
Fleire gravhaugar vitnar om gammal busetnad og er godt synlege i landskapsbildet. Steingardar og røyser utgjer karakteristiske element i kulturlandskapet saman med geilene som og vert eit bindeledd mellom fjorden og det bakanforliggande jordbrukslandskapet, tun og husklyngjer.
Bilde 4. Biletet syner både steingard og jordmur, karakteristiske element i landskapsbildet.
Bilde 5. Årdalsfjorden sett frå Naddvik, eit heilskapleg, kulturpåverka fjordlandskap.
Verdi
Fjorden pregar landskapsbildet, og utgjer det viktigaste landskapselementet i delområdet.
Busetnaden i munningane til sidedalane, ikkje minst med jordbruksmarka på den opne elvesletta ved Naddvik, samt dei skogkledde fjellsidene, gjer dette til eit heilskapleg bilde av eit kulturpåverka naturlandskap som er typisk men på grensa til det sjeldne for regionen. Veganlegg og mastetrasé er lagt skånsamt i terrenget, men reduserer likevel verdien noko. Masseuttaket i Ytre Offerdal er eit godt synleg inngrep som òg dreg verdien noko ned.
Delområde Årdalsfjorden vert vurdert å ha middels til stor verdi.
Liten Middels Stor
3.1.2 Delområde Vikadalen
Bilde 6. Den aktuelle delen av Vikadalen ligg i overgangen mellom Naddvik og det tronge dalføret innafor.
Fjellsidene i delområdet Vikadalen er skogkledde i nedre del med rasmark i øvre del og bart fjell mot toppane. Elva i dalbotnen er ikkje spesielt nedseinka, men likevel lite synleg grunna tett tre- og krattvegetasjon.
Tilkomstvegen til Naddvik kraftststasjon fylgjer vestsida av elva inn til koplingsanlegget som ligg oppunder Kyrejukulen. Vegen ligg godt i terrenget og fylgjer dette utan skjemmande fyllingar eller skjeringar. Vegen utgjer det første strekket på turvegnettet innover dalen, som er mykje nytta, både blant innbyggjarane i Naddvik og i kommunen elles. For brukerane vekslar opplevinga avhengig av vegetasjon eller fråvær av denne. Det at vegen «buktar» seg innover dalen forsterkar opplevinga av
desse skilnadane samstundes som det gjev stadig nye fondmotiv. Ofte med flotte fjellsilhuettar mot himmelen.
Bilde 7. Biletserien syner variasjon i oppleving, som i stor grad dreiar seg om kor ope rommet kring vegen er.
Ved enden av vegen ligg koplingsanlegget til Naddvik kraftstasjon saman med driftsbygg og påhogg til kraftstasjonen. Grunna tett vegetasjon og vegen sin kurvatur er anlegget lite eksponert og vert først synleg når ein kjem tett innpå.
Bilde 8. Koplingsanlegget ved Naddvik kraftstasjon er lite eksponert i høve omgjevnadane.
Ved koplingsanlegget byrjar eksisterande 132 kV kraftlinje som held fram over elva og opp langs Kipargrovi. Kraftlinja er godt synleg der den bryt med silhuetten, men elles mindre påfallande.
Figur 6. Kartutsnitt som syner Naddvik og Vikadalen med eksisterande kraftleidningsnett.
Bilde 9. 132 kV linja er synleg mot silhuetten ved Kipargrovi.
På motsett side av elva i høve tilkomstvegen går 22 kV kraftlinja frå Naddvik. Denne held fram vidare innover Vikadalen. Grunna tett vegetasjonen er denne lite synleg.
Verdi
Den aktuelle delen av Vikadalen har visuelle kvalitetar som er relativt typiske for det skogkledde, relativt tronge dalføret. Mindre jordbruksareal gjev variasjon i form av lysningar og fondmotiva er tidvis flotte, spesielt på veg ut av dalen når opninga mot fjorden gjev ekstra lys. Til dette er det fleire tekniske inngrep i området. Desse er lite eksponert med unntak av tilkomstvegen som ligg fint i terrenget og kraftstasjonsanlegget sin nærverknad.
Delområde Vikadalen vert vurdert å ha middels verdi.
Liten Middels Stor
3.2 Omfang og konsekvens 3.2.1 Årdalsfjorden
Hovudalternativet, alternativ 1 Omfang
Alternativet rører ved delområdet med tilkomstveg til og anleggsområde ved påhogget til kraftstasjon ved fjorden i Indre Offerdal. Tilkomst vert lagt ned frå første sving på eksisterande veg.
Det vert skote ut fjell for anleggsområde med lengde ca. 40 meter og breidde ca. 10 meter. Dette vil gje eit stort sår i form av ei nærare 10 meter høg fjellskjering. Anleggsområdet vert trekt noko inn i høve fjorden slik at det vert gjeve rom for ein voll ut mot fjorden. Den lyse, berre fjellranda nedst får stå urørt, med unntak av eit skår på ca. 5 meter der midlertidig kai vert bygd.
Leidningsspenn frå kraftstasjonen i Indre Offerdal opp til Dokki vil gje inngrep i eit område som i dag framstår som inngrepsfritt. Kraftlinja vil kryssa fjorden med eit 2,5 km langt leidningsspenn frå Dokki til Jensehamnen. Ny kraftline på sørsida av fjorden frå Jensehamnen inn til Naddvik vil ha parallellføring til eksisterande 22 kV linje. Dette vil krevje ei langt breiare ryddegate enn det eksisterande linje krev i dag. Frå 22 kV traséen sitt endepunkt, ved Naddvik kraftstasjon vert det lagt ny kraftleidning langs tilkomstvegen til Naddvik transformatorstasjon.
I tillegg vert munningane til både Indre- og Ytre Offerdalselvi påverka som følgje av redusert vassføring. Omsøkt prosjekt legg til grunn eit minstevasslepp på 60 l/s i vinterperioden (oktober- april) og 120 l/s i sommarperioden (mai-september) i Ytre Offerdalselvi og høvesvis 130 l/s og 240 l/s i Indre Offerdalselvi.
Figur 7. Manipulert bilde som syner nytt inngrep med fjellskjeringar ved fjorden i Indre Offerdal.
Sårflata vil vere lys og framtredande til den får ein patina og farge som eksisterande berg.
Figur 8. Manipulert bilde som syner nytt inngrep etter istandsetting, med betydeleg redusert sårflate.
Dei store skjeringane ved anleggsområde og påhogg i fjordkanten i Indre Offerdal ligg i forlenginga av eksisterande skjeringar. Inngrepet vil framstå som eit nyare, lysare inngrep inntil sårflatene får ein patina og farge som eksisterande berg. Dagens inngrep er dårleg tilpassa omgjevnadane og har allereie gjort dei lokale kvalitetane dårlegare. Sjølv om det nye inngrepet vil gjere det fysiske inngrepet vesentleg større vil difor ikkje omfanget av inngrepet bli tilsvarande negativt. Istandsetting
av området ved tilbakefylling og planting av stadeigne planter vil gjera inngrepa mindre synleg. Lokal plassering i bukta bakanfor Kleivi gjer at inngrepet ikkje er synleg frå fjorden innafor.
Figur 9. Manipulert bilde som syner fjordspenn og utvida kraftlinje trasé sett frå 'Ne fø' sjøen' innover mot Naddvik.
Figur 10. Manipulert bilde som syner fjordspenn og utvida kraftlinje trasé vestover frå Naddvik.
Sjølv om utvida linjetrasé frå Jensehamnen til Naddvik vil gjere begge kraftlinjene langt meir synlege enn dagens kraftlinje, gjev plasseringa i foten av det bratte partiet i fjellsida god forankring i landskapet si form. Kraftlinjene ligg noko høgare enn Fv 53, og med vegetasjonsbelte mellom linjetrasé og riksvegen vil kraftlinja i liten grad verta synleg for dei vegfarande, om i det heile. Nytt luftspenn innover i Vikadalen vil bli liggjande inndregen på dei vestre terrasseringane.
Terrasseringane er allereie påverka av Fv 53 og sjølv om det i utgangspunktet ikkje er ynskjeleg å legge ytterlegare inngrep til terrasseringane, vil ikkje luftleidningen medføra endringar i sjølve terrasseringane. Med kringliggjande vegetasjon vil det nye strekket i tillegg bli lite synleg nede frå bygda og frå fjorden og det vil i så måte ha mindre å seie for landskapsbiletet. Nytt spenn frå fjorden i Indre Offerdal til Dokki vil dels ha forankring i landskapet si form. Spennet over fjorden vil vere visuelt negativt ved at det bryt det heilskaplege fjordlandskapet og forstyrrar utsikten både austfrå og vestfrå. Spennet har inga forankring i landskapet og vil bryte med silhuettlinja i horisonten trass dei høge fjellveggane. Spennet vil med dette redusere dei visuelle kvalitetane ved fjordlandskapet.
Figur 11. Manipulert bilete viser kulturmiljøet ‘Ne fø’ sjøen’ med redusert vassføring.
Fjellveggane i Årdalsfjorden er relativt fattige på vasslør og dei godt synlege sløra frå nedre del av Ytre Offerdalselvi og Indre Offerdalselvi er slik sett viktige bidrag. Særleg i Indre Offerdalen, der vassføringa i elva har vore avgjerande for utvikling og drift av kulturminnet ’Ne fø’ sjøen’, vil ei sterkt redusert vassføring redusere opplevinga av landskapet ved kulturminnet. ’Ne fø’ sjøen’ vil bli visuelt fattigare.
For alternativ 1, med kraftstasjon i fjell ved fjorden i Indre Offerdal og 132 kV luftspenn over fjorden samt kraftleidning i luft frå Jensehamnen til Nysetelvi, vert tiltaket vurdert å ha middels til stort negativt omfang for delområde Årdalsfjorden.
Stort
negativt Middels negativt
Lite el.
intet
Middels positivt Stort
positivt
Konsekvens
Influensområdet ligg i eit storskala landskap, som i utgangspunktet har stor tåleevne for inngrep i dalsidene. Noko som gjer seg gjeldande ved at eksisterande inngrep er synlege, men visuelt underordna. Nye inngrep i landskapsrommet er i stor grad lagt til eksisterande inngrep og vil forsterke desse utan at omfanget vert vesentleg større. Tåleevna for inngrep på tvers av landskapsrommet er derimot liten. Kraftlinja sitt spenn over fjorden vil vere i siktelinja langs med fjordspegelen, som er det klart viktigaste landskapselementet i delområdet. Kor synleg spennet vil vere vil variere med vèr, avstand og ståstad. Det vil uansett vere godt synleg både frå Indre og Ytre Offerdal, Naddvik samt for reisande langs Fv. 53 og fjorden. Sett frå Naddvik vil kraftlinja sjåast mot solnedgangen i vest og den låge sola vil då gjere linja visuelt mindre framtredande. Kraftlinja vil vere visuelt dominerande i fjordlandskapet, eksponert mot store område og vil redusere dei visuelle kvalitetane ved fjordlandskapet.
Ei samanstilling av delområdet sin verdi (middels til stor) med tiltaket sitt omfang (middels til stort negativt) gjev stor negativ konsekvens ( - - - ).
Sjøkabel
Dersom krafta vert overført ved hjelp av sjøkabel over fjorden i staden for i luftlinje, unngår ein i tillegg til leidningsspennet over fjorden leidningsspennet frå påhogg i Indre Offerdal til Dokki, samt spennet frå luftstrekk ned til eksisterande 22 kV line på motsett side av fjorden. På begge sider av fjorden vil det bli trong for eit ilandføringsanlegg som vil krevja eit anleggsinngrep i fjordkanten med breidde på mellom 1-2 meter samt ei skøytegrop innafor dette med breidde 2 meter og lengde 3-4 meter. Ilandføringsanlegget må setjast i stand med plastring mot fjorden, og vil bli underordna og mindre synleg i høve landskapet sine dimensjonar.
For alternativ 1, med sjøkabel i fjorden vert tiltaket vurdert å ha lite til middels negativt omfang for delområde Årdalsfjorden.
Stort negativt
Middels
negativt Lite el.
intet
Middels positivt
Stort positivt
Konsekvens
Ei samanstilling av delområdet sin verdi (middels til stor) med tiltaket sitt omfang (liten til middels negativt) gjev middels negativ konsekvens ( - - ).
Sjøkabel/fjordkabel
Kabelalternativ K1 vil liggje langsmed Fv 53 og kan leggjast til vegbane/grøft. I så måte vil ikkje alternativet få visuelle verknadar. Kostnadar ved legging samt risiko ved eventuelle framtidige vegarbeid vil her vere store. Dersom kabeltraséen skal leggjast innanfor vegen vil dette medføre store skjeringar frå Jensehamnen forbi Svagjerdet. For dei vegfarande langs Fv 53 vil skjeringa opplevast som skjemmande og redusere reiseopplevinga. Frå fjorden og på avstand vil skjeringane i stor grad bli skjult av vegetasjonen nedanfor vegen. Herfrå flatar terrenget ut i sidevegs retning, gjennom terrasseringane inn til tilkomstveg for transformatoranlegg. Legging av kabeltraséen vil her medføra mindre terrengjusteringar i både lengde- og sideretning. Dette strekket vert lite synleg på sikt.
Med kabelalternativ K2, K3 og K4 unngår ein det vanskelege strekket frå Jensehamnen forbi Svagjerdet ved at sjøkabelen vert ført lengre inn fjorden. Ilandføringsanlegg vil bli ved eksisterande utløp frå Naddvik kraftstasjon for K2 og K3 og ved ny betongkai ved elveosen for alternativ K4. Ved god tilpassing vil ilandføringsanlegga med dette ha liten innverknad på landskapsbildet.
For K2 vil leidningane vidare bli lagt til utløps- og tilkomsttunnel for Naddvik kraftstasjon og vil med det ikkje ha ytterlegare verknad på landskapsbildet.
For K3 vil leidningane vidare bli lagt langs Fv 53 til Nysetelvi, gjennom terrasseringane som for K1, og vert med det lite synleg på sikt.
For K4 vil leidningane bli lagt langs veg ved Nysetelvi fram til tilkomstveg for Naddvik kraftstasjon.
Jordkabelen bør leggjast på motsett side av vegen i høve elva. Omsyn til eksisterande vegetasjon bør vurderast. Elles følgjer vegen relativt flatt terreng og vil bli lite synleg, om i det heile, på sikt.
Bilde 11. Bilete tatt frå kai ved utløp til Nysetelvi. Jordkabel vil fylgje vegen i det heller flate terrenget.
Bilde 12. Vegen vidare oppover langs Nysetelvi sett mot fjorden. Ein jordkabel bør leggjast til venstre for vegen i biletet. Omsyn til eksisterande vegetasjon bør vurderast.
For alternativ K1 vert det negative omfanget vurdert auka marginalt med omsyn til landskapsbilete i høve alternativet med sjøkabel med luftleidning frå Jensehamnen. Tiltaket er vurdert å ha lite til middels negativt omfang for delområde Årdalsfjorden.
Stort negativt
Middels
negativt Lite el.
intet
Middels positivt
Stort positivt
Konsekvens
Ei samanstilling av delområdet sin verdi (middels til stor) med tiltaket sitt omfang (liten til middels negativt) gjev middels negativ konsekvens ( - - ).
Med dei tre andre alternativa vil det negative omfanget reduserast da sjølve lineframføringa på sikt vil bli lite synleg. Alternativ K2 med kabel i tunnel vil bli det beste i så måte. Medan alternativ K3 og K4 er relativt jamstilte.
Skilnaden mellom dei ulike alternativa er størst for lokalsamfunnet i Naddvik men vil og utgjere ein mindre men utslagsgjevande skilnad i høve omfang for delområde Årdalsfjorden.
For alternativ K2, K3 og K4 vert tiltaket vurdert å ha lite til middels negativt omfang for delområde Årdalsfjorden.
Stort
negativt Middels
negativt Lite el.
intet
Middels positivt Stort
positivt
Konsekvens
Ei samanstilling av delområdet sin verdi (middels til stor) med tiltaket sitt omfang (liten til middels negativt) gjev liten til middels negativ konsekvens ( - / - - ).
3.2.2 Vikadalen
Hovudalternativet, alternativ 1 Omfang
Alternativet påverkar landskapet i delområdet som følgje av kraftleidning i luft frå Nysetelvi langs med eksisterande tilkomstveg fram til koplingsanlegg ved Naddvik kraftstasjon. Eksisterande tekniske inngrep i området er med unntak av den veltilpassa tilkomstvegen lite synlege. Koplingsanlegget vil saman med driftsbygget verke dominerande i eit mindre, avgrensa landskapsrom.
Figur 12. Mastetraséen slik den vil fortona seg for dei som ferdast langsmed tilkomstvegen til Naddvik kraftstasjon
Mastene, med høgde på minimum 12 meter vil bli dominerande i dei relativt små, avgrensa landskapsromma ein opplever langsetter vegen. I tillegg vil dei normalt opplevast på kloss hald.
Trestolpane vil imidlertid vere greitt tilpassa det skogkledde landskapet.
For alternativ 1, med kraftleidning i luft vert tiltaket vurdert å ha middels negativt omfang for delområde Vikadalen.
Stort
negativt Middels negativt
Lite el.
intet
Middels positivt Stort
positivt
Konsekvens
Ei samanstilling av delområdets verdi (middels) med tiltakets omfang (middels negativt) gjev middels negativ konsekvens ( - - ).
Alternativ jordkabel K1, K3 og K4
Jordkabelen vil bli lagt i same trasé som luftleidning, på vestsida av tilkomstvegen. På eit mindre strekk forbi ei steinrøys bør jordkabelen leggjast utanom denne og inn mot og om nødvendig, under tilkomstvegen. På sikt vil traséen bli lite synleg, om i det heile. Vurderinga er gjort under føresetnad av at jordkabelen vert lagt i terrenget på ein slik måte at det ikkje vert endra som fylgje av kabeltraséen.
For jordkabelalternativ K1, K3 og K4 vert tiltaket vurdert å ha lite til intet negativt omfang for delområde Vikadalen.
Stort negativt
Middels
negativt Lite el.
intet
Middels positivt
Stort positivt
Konsekvens
Ei samanstilling av delområdet sin verdi (middels) med tiltaket sitt omfang (lite til intet) gjev ubetydeleg / ingen konsekvens ( 0 ).
Alternativ jordkabel K2 vil ikkje medføra inngrep i delområdet
Bilde 13. Den nemnde steinrøysa, som bør unngåast ved framføring av jordkabel.
3.2.3 Samla konsekvens
Ut frå ei landskapsvurdering vil alle alternativ ha middels til stor konsekvens så lenge kraftlinja kryssar fjorden i luftspenn. Ved bruk av sjøkabel vil alternativ 3 skilje seg frå dei andre ved å ha liten negativ konsekvens i staden for liten til middels negativ konsekvens.
Tabell 3. Omfang og konsekvens for dei ulike alternativ fordelt på verdsatte delområde
DEL- OMR.
ÅRDALSFJORDEN INDRE
OFFERDAL
YTRE OFFERDAL
VIKADALEN SAMLA KONSEKVENS
LUFTLINE SJØ/K1 K2/K3/K4 LUFT JORD LUFT SJØ JORD
VERDI M/S M/S M/S M L/M M M
ALT.1 Omfang M/S L/M L/M L L M Intet/L
Konsekvens (- - -) (- -) (-/- -) (-) (0/-) (- -) (0) (- -/- - -) (-/- -) (-)
ALT.2 Omfang M/S L/M L/M L Intet/L M Intet/L
Konsekvens (- - -) (- -) (- -) (-) (0) (- -) (0) (- -/- - -) (-/- -) (-/- -)
ALT.3 Omfang M/S L Intet/L L L M Intet/L
Konsekvens (- - -) (-) (0/-) (-) (0/-) (- -) (0) (- -/- - -) (-) (0/-)
ALT.4 Omfang M/S L/M L/M L Intet/L M Intet/L
Konsekvens (- - -) (- -) (- -) (-) (0) (- -) (0) (- -/- - -) (-/- -) (-/- -)
ALT.5 Omfang M/S L/M L/M L - M Intet/L
Konsekvens (- - -) (- -) (-/- -) (-) - (- -) (0) (- -/- - -) (-/- -) (-)
Tabell 4. Forenkla samanstilling av konsekvensar for dei ulike alternativa
ALTERNATIV FJORDSPENN SJØKABEL/K1 K2,K3,K4 SEIMSDALEN
ALTERNATIV 1 - - /- - - - / - - (-)
ALTERNATIV 2 - - /- - - - / - - (-/- -)
ALTERNATIV 3 - - /- - - - (0/-)
ALTERNATIV 4 - - /- - - - / - - (-/- -)
ALTERNATIV 5 - - /- - - - / - - (-)
Samla sett vert konsekvensen av alternativa vurdert å vera middels til stor negativ (- - / - - -) for alternativa med fjordspenn og variere frå liten negativ (-) til liten til middels negativ (- / - -) for alternativa med sjøkabel. Ei vidareføring av kraftleidning i jordkabel på Naddviksida vil redusere konsekvensane for alle alternativa sjølv om det berre gjer seg synleg i tabellen for nokre alternativ.
4 BEREDSKAP / LUFTFARTSTRYGGLEIK 4.1 Utgreiingsprogram
NVE sitt utgreiingsprogram av 15.07.2010 fastset fylgjande: ”Av meldingen fremgår det at kraftverket er tenkt tilkoblet eksisterende nett ved en 132 kV luftlinje over Årdalsfjorden. Den totale lengden på kraftlinjen er angitt til ca. 9 km. Virkningene av den planlagte linjen skal inngå i konsekvensutredningen. Samfunnssikkerheten i forhold til luftspenn og flytrafikk skal omtales.”
4.2 Utbyggingsplanar for kraftlinje
Hovudalternativet for netttilknyting inneber ei 132 kV kraftlinje frå Indre Offerdal til Naddvik. Dette inkluderer eit fjordspenn over Årdalsfjorden (Figur 13 og Figur 14)
Figur 13. Lokalisering av fjordspennet over Årdalsfjorden. Indre Offerdal ser ein i øvre, venstre bildekant. Naddvik ligger utanfor bildet sin nedre, høgre kant.
Figur 14. Fjorspennet sin profil med 65 m fri seglingshøgde. Merk forskjellig skala på aksane. Figuren er utarbeida av Jøsok Prosjekt AS.
Figur 15. Alternative løysningar for nettilknyting.
Kraftlinja over fjorden og fjordspennet sine tilknytingsmaster vil bli merka iht. krav frå luftfartsmyndigheitene.
Opphavlege alternative nettløysingar er skissert i Figur 15. Som vist i Figur 2 har det kome til ytterlegare sjøkabelalternativ, men desse vil ikkje ha innverknad på flysikkerheit og vert ikkje omtala her.
4.3 Aktuelle aktørar
Ei rekkje aktørar med omsyn til luftfart og luftfartstryggleik er kontakta per e-post med førespurnad om ein uttale om utbygginga, og då spesielt fjordspennet. Fylgjande offentlege instansar og forbund er kontakta:
AVINOR, Flysikringsdivisjonen
Luftfartstilsynet
Forsvaret
Norsk Luftambulanse
Aircraft Owners and Pilots Association (AOPA) Norge
Norges luftsportforbund
I tillegg vart fylgjande lisensierte profesjonelle aktørar (småfly og helikopter) i regionen kontakta:
Airlift (basert i Førde)
Bergenair (basert i Bergen)
Blueway (basert bl.a. i Førde, Bergen og Stavanger)
Helikopter Utleie (basert i Stryn)
Nord Helikopter (basert i Ålesund)
Norcopter (basert på Sola) 4.4 Uttaler
Det ligg føre uttale frå AVINOR, Luftfartstilsynet, Luftforsvaret, Norsk Luftambulanse og AOPA. Ingen kommersielle aktørar har uttalt seg. Ein antek at desse går ut frå at Luftfartstilsynet og AOPA tek vare på deira interesser og fremjar deira synspunkt. Uttale frå dei ulike aktørane er attgjeve i sin heilskap nedanfor:
AVINOR, per brev:
Avinor AS – Luftlinje over Årdalsfjorden – Konsekvenser for luftfart
Avinor har gjort en vurdering av konsekvenser for sivil luftfart ved etablering av en kraftledning i luftspenn over Årdalsfjorden.
Tiltaket har ingen konsekvenser for våre tekniske systemer (kommunikasjons-, navigasjons- og radaranlegg) i området.
Videre vil tiltaket ikke påvirke våre instrumentprosedyrer (inn- og utflygingsprosedyrer).
Kraftledninger kan utgjøre hindringer for luftfarten for de selskaper som opererer lavtflygende fly og helikoptre (Forsvaret, Luftambulansen etc.). Tiltakshaver bør derfor kontakte selskaper som opererer med slike luftfartøy.
Luftfartstilsynet kan gi opplysninger om hvilke krav som gjelder vedrørende merking av luftfartshinder.
Med vennlig hilsen AVINOR AS
Line M. Hammerlund Gry Rognstad
for Jan-Gunnar Pedersen Sjef ATM Fagstab
Luftfartstilsynet, per e-post:
Hei!
Viser til deres epost av 20.april 2012, samt vedlegg vedr. konsekvenser for luftfart med luftlinje over Årdalsfjorden.
Luftfartstilsynet registrerer med tilfredshet at det blir opprettet kontakt med flere aktører innen luftfart.
Vi viser til tidligere innspill fra Luftfartstilsynet (28.mars 2012) til konsesjonssøknad. Luftfartstilsynet har ingen videre merknader til deres arbeid med utarbeidelse av konsesjonssøknad og konsekvensutgreiing for Offerdal kraftverk i Årdal kommune.
Med vennlig hilsen Per Ivar Østensen
Flyplassinspektør, Luftfartstilsynet
Tidligare innspel frå Luftfartstilsynet:
Det bør tas inn klare retningslinjer for hva tiltakshaver skal utrede med hensyn til luftfarten.
Vil kraftlinjer og transformatorstasjoner påvirke omkringliggende radaranlegg, navigasjonsanlegg og kommunikasjonsanlegg for luftfarten.
Vil kraftlinjer og transformatorstasjoner påvirke inn- og utflygningsprosedyrene til nærliggende landingsplasser.
Vil kraftlinjer og transformatorstasjoner utgjør andre hindringer for luftfarten, spesielt for lavtflygende fly og helikopter.
Hvordan kraftlinjene og spesielt bæremaster og luftspenn skal merkes.
Luftforsvaret, per e-post:
Hei
Luftforsvarets aktivitet vil ikke påvirkes negativt av det planlagte luftspennet i Årdalsfjorden, så lenge det blir merket og innrapportert i henhold til gjeldende bestemmelser.
mvh Ted Selnes
Major - SO/Navsystems Inspectorate of Air Operations
Norsk Luftambulanse, per brev:
Kraftlinje over Årdalsfjorden
Jeg viser til henvendelse for høring om kraftutbygging over Årdalsfjorden, og svarer ut denne på vegne av Norsk Luftambulanse. Jeg benytter samtidig muligheten til å presentere generelle problemstillinger vi er opptatt av i samband med kraftutbygginger.
Når et Luftambulansehelikopter kalles ut for bistand til pasienter er det som regel fordi det er vesentlig for pasientens helse eller liv at vi kommer frem. Men flygingen skal kunne utføres trygt, både for pasientene og for oss selv. I marginale lys og værforhold kan et "feilplassert" luftspenn utgjøre forskjellen på om vi kan komme frem til pasienten eller må avslå oppdraget av sikkerhetsmessige årsaker. Dette er en vesentlig faktor der kraftspenn krysser fjorder eller dalføre.
At høye luftspenn unngås i størst mulig grad vil være et stort bidrag til å gjøre våre operasjoner tryggere, og øke andelen av luftambulanseoppdrag hvor vi kommer frem til skadested. Det vil igjen komme pasientene og samfunnet til gode.
Den flysikkerhetsmessige optimale løsningen er kraftledninger lagt i bakken eller vatnet.
Vi navigerer etter elektroniske flykart med en hinderdatabase som har langt strengere kriterier enn det som er beskrevet i BSL E 2-1. Vi ønsker derfor at alle kraftspenn, uansett høyde meldes inn til NRL selv om de ikke nødvendigvis kommer inn under kriteria i forskriften. Det kan godt hende at aktuell landingsplass er i nærheten av et slikt spenn, hvor da informasjon om det er vitalt, spesielt i mørket.
Et annet moment som vi forstår at er et pålegg ved nye utbygginger, er krav om utgreiing av kamuflasjetiltak. Dette anser vi som et direkte anslag mot vår sikkerhet, og stikk i strid med det fokus som er satt på økt flysikkerhet for innlands helikopteroperasjoner. Det er også en direkte motsetning til det arbeidet Luftfartstilsynet legger opp til i forhold til ny skjerpet forskrift om merking av luftfartshindre, i ny BSL E 2-1. Konsekvensen av kamuflerte luftfartshindre vil være at vi må avbryte flygninger på et tidligere tidspunkt for å ivareta egen sikkerhet, da vi vil være usikre på om vi oppnår visuell kontakt med hindre. Dette vil selvfølgelig kunne gå utover livsviktig pasientbehandling.
Det planlagte kraftspennet over Årdalsfjorden blir helt klart en faktor som vil kunne påvirke flygningene våre til Årdalstangen og Øvre Årdal. Det utføres rundt 40 turer til området årlig, og den type industrianlegg som finnes genererer ofte arbeidsulykker som fordrer bistand fra luftambulanse.
Normalt krysser vi luftspenn over mastepunktene fordi det er der det er lettest å oppnå visuell kontakt for en sikker passering. God merking med kontrastfarger iht. forskrifter og rydding av vegetasjon rundt mastene er av stor betydning for at passering kan utføres med størst mulig sikkerhet.
Det planlagte spennet er av en slik høyde at spennbukkene nok ofte vil være skjult av lavt skydekke og ikke gjøre det mulig å passere over dem. I våre operasjoner har vi godkjenning fra Luftfartstilsynet til å krysse under høye, kjente luftspenn, noe som da foregår ved flyging i lav høyde langs strandlinje. At det ikke går jordingskabler ned i sjøen er da helt vitalt, og vi skal ha selve spennet i syne over oss.
Dette betinger da at spennet er behørig merket med markører. Behovet for slik flyging ønsker vi naturlig nok å minimere, og det beste for flysikkerheten er utvilsomt at kraftspennet planlegges som sjøkabel som illustrert i alternativ b).
Den videre tilførselslinjen vil så sant den følgjer terrenget i høyde ikke påvirke flygningene våre spesielt. Særskilt viktig er det da at den ikke går i stor høyde der den krysser dalen nord for Seim eller elven ved Årdalstangen, samt at den er innmeldt til NRL.
Med vennlig hilsen Bjarte Ellingsen Safety Manager Norsk Luftambulanse
AOPA, per e-post:
AOPA Norge ser ingen problemer med de forslåtte luftspenn, så lenge de merkes forskriftsmessig.
Normalt flyr ikke piloter så lavt at det er fare for sammenstøt, minimumshøyde er 500 fot over bakken/vatnet, og en sikt på 3-5 km.
Det kan være nyttig å få mastene lagt inn på et hinderkart som brukes i fly-GPS, f.eks. Jeppesen eller Garmin. Da vil pilotene få opp varsel hvis de nærmer seg slike hindre. Antar at Avinor håndterer det.
Vi kjenner til at kraftbransjen jobber med en slik løsning, mye enklere og rimeligere enn den skandaliserte OCAS-løsningen.
mvh
Torkel Hasle AOPA Norge
4.5 Konsekvensar
Kraftlinjer og transformatorstasjonar vil ikkje verke inn på radar-, kommunikasjons- eller navigasjonsanlegg for luftfart. Installasjonane vil heller ikkje påverke inn- og utflygingsprosedyrar for nærliggande landingsplasser (nærmaste flyplass er Sogndal, meir enn 20 km frå tiltaksområdet).
Luftspennet over fjorden kan medføre konsekvensar for aktørar som opererer lågtflygande fly og helikopter. Det ligg ikkje føre uttale frå lisensierte kommersielle aktørar som kan bli påverka. Norsk Luftambulanse gjev derimot ei fyldig utgreiing av potensielle konsekvensar av tiltaket for deira verksemd.
Ut frå uttale attgjeven i kapittel 4.4, vil Norsk Luftambulanse truleg vere den aktøren som blir mest påverka av tiltaket, og då spesielt ved ein realisering av luftspenn over Årdalsfjorden.
Luftambulansen si verksemd er avhengig av at ein kan operere på kort varsel under dei fleste verhøve. Der andre aktiviteter i større grad kan tilpassast ver og andre forhold, samt leggjast til den lyse tida av døgnet, skal Luftambulansen vere i kontinuerlig beredskap. Selskapet gjennomfører årleg om lag 40 flygingar til Årdalstangen og Øvre Årdal. Normalt vil deira helikopter passere over mastetilknytingspunkta for å foreta sikre passeringar, men ved lågt skydekke har dei høve til å
passere under luftspenn. Ved flygingar til områder kloss inntil kraftleidningar vil desse uansett kunne representere eit problem, spesielt dersom området har få eigna landingsplasser.
Utbygginga vil kunne medføre konsekvensar for luftfart, men dersom tiltak vert gjennomført i tråd med Luftambulansen sine tilrådingar, vil desse kunne minimerast (sjå kapittel 4.6). Det vert likevel påpeika at når det kjem til flysikkerheit er det beste alternativet å legge sjøkabel.
AOPA ser ingen store konsekvensar av luftspennet over fjorden, men legg til grunn at deira medlemmar ikkje skal fly under 500 fot. Dette er likevel under deler av luftspennet, og flysikkerheita vil difor best takast i vare med merking etter forskriftene. AOPA påpeikar og fordelane med registrering av master og kraftlinje på elektroniske kart som nyttast til fly-GPS.
4.6 Avbøtande tiltak
Dersom alternativet med luftspenn over Årdalsfjorden vert realisert, bør fylgjande tiltak gjennomførast med omsyn til luftfartssikkerheit:
Kraftlinja må meldast inn til Norsk Register over Luftfartshindre (NRL)
Det skal ikkje gjennomførast kamuflasjetiltak for kraftlinja
Vegetasjon må ryddast rundt mastepunkta
Luftspenn må merkast etter gjeldande krav og forskrifter
Det må ikkje leggast jordingskablar til sjø som kan forhindre sikker helikopterpassering langs stranda under kraftlina
5 INON
Det er påpeika at halvøya mellom Årdalsfjorden og Lustrafjorden er eit av berre tre område ved Sognefjorden som har større, samanhengande INON-område med villmarkspreg frå fjord til fjell. I tillegg til førstnemnde område er det også slike INON-område to andre stader langs Sognefjorden.
Det eine er øst-søraust for Ortnevik kai på sørsida av fjorden, 10-20 km lenger ut fjorden enn Vikøyri.
Det andre er ved fjellet Bleia, på andre sida av fjorden i høve til Sogndal Lufthamn.
Miljøverndepartementet legg vekt på at samanhengande inngrepsfrie område frå fjord til fjell har særleg stor verdi, og at slike områder i størst mulig grad skal takast vare på. I tillegg skal det leggjast vekt på å ivareta INON-områder i kommunar og regionar med lite rest-INON.
Ei realisering av Offerdal kraftverk vil, avhengig av vald alternativ, føre til reduksjon og endra klassifisering av vesentlege INON-område. Særleg vil bygging av dam i og fråføring av vatn frå Ytre Offerdalselvi, samt eventuell realisering av linjealternativet via Seimsdalen og Gjerdesnosi medføre vesentlege konsekvensar. Konsekvensane av bygging i Ytre Offerdalselvi er også sett til middels eller middels til stor i konsekvensutgreiinga. Likevel vil det aller meste av det samanhengande INON- området bli oppretthalde, og det vil framleis strekke seg frå fjord til fjell, og med unntak av alternativ 2, vil det berre vere marginale villmarksprega område som får endra klassifisering.
Eit av dei viktigaste incentiva for å ta vare på INON-områder er og leggja til rette for fortsatt nærvær av organismar som skyr menneskeleg aktivitet. På halvøya mellom Årdalsfjorden og Lustrafjorden antek ein at slike organismar i hovudsak er villrein, jerv og rovfugl. Anleggsarbeid i samband med oppføring av dam i Ytre Offerdalselvi vil kunne føre til at desse artane til ein viss grad trekkjer seg unna, sjølv om dei to pattedyrartane berre unntaksvis oppheld seg i nærleiken av inntakslokaliteten.
Det er likevel ikkje forventa at driftsfasen vil medføre at nokon av desse artane vil sky området.
Med bakgrunn i ovanståande argumentasjon meiner ein at vurderingane av konsekvensane med omsyn til INON er godt dekka i konsekvensutgreiinga, og at dei oppgjevne konsekvensgradene er dekkande.
Nye linjealternativ, i form av fleire traséar for sjøkabel til Naddvik-sida (K1-K4) vil ikkje føre til tap eller endra klassifisering av INON-område. Dersom eit av desse alternativa vert vald vil det berre vere installasjonane i samband med kraftverket (dammar, vegar, elvestrekk med fråført vatn m.m.) som medfører INON-endringar.
6 NATURRESSURSAR
Ved realisering av alternativa 1 og 3 vil øvre kraftstasjon med røyrgatetilførsel legge beslag på dyrka mark. Kraftstasjonslokalisering vil vere heilt ned mot Indre Offerdalselvi, og beslaget vil i hovudsak vere av krattskog ned mot elveleiet, og ikkje dyrka mark. Eit førebels estimat på kraftstasjonen sitt arealbeslag er 1.374 m2. Arealbeslaget fordelar seg som fylgjer:
Fulldyrka, lettbrukt jord: 35 m2
Skog, høg bonitet (ikkje dyrkbar jord): 1339 m2
Massedeponiet, som er planlagt oppe i Indre Offerdal på motsett side av vegen og Indre Offerdalselvi i høve til kraftstasjonen, vil truleg dekka eit område på 40-50 mål. Området er nyleg hogd og er i hovudsak registrert som skog av høg bonitet. Etter ferdigstilling vil området fortsatt kunne brukast til skogbruksformål. Eventuelt kan det opparbeidast til jordbruksformål. Deponiet vil likevel vere ueigna til slike formål inntil nye lausmassar som er lagt oppå får feste, og det er usikkert om ny skog fortsatt vil kunne karakteriserast til høg bonitet.
Mineral- og masseførekomstane i området er registrert etter gjennomgang av NGU sine databasar, og det er små verdiar knytt til dette temaet i området. Det vart tidlegere henta ut grus og pukk frå eit massetak i Ytre Offerdal og det er registrert ein mineralførekomst i Indre Offerdal. Ein antek at ingen av desse lokalitetane vert rørd ved av nokon av utbyggingsalternativa. Vidare vert det vist til at Direktoratet for mineralforvaltning ikkje har nokon kommentarar til den opphavlege konsekvensutgreiinga.
Ingen av de nye sjøkabelalternativa for nettilknyting (K1-K4) vil gi endra konsekvensar for tema naturressursar.
7 VILLREIN
Villreinen er klart mest sårbar i og like etter kalving. Dette gjeld naturleg nok berre fostringsflokkane, då bukkeflokkane i denne perioden vanlegvis oppheld seg heilt andre stadar. Vest-Jotunheimen villreinstamme har i dei seinare åra igjen teke i bruk kalvingsområde i og rundt Feigedalen, minst 15 km frå inntaket på kote 800 i Ytre Offerdalselvi og minst 12 km frå inntaket på kote 680 i Indre Offerdalselvi (alternativ 2). Vest-Jotunheimen villreinstamme blir tett følgd av SNO, villreinnemnd og -utval, og ein eventuell tendens til at kalvingsområda igjen flytter seg utover på halvøya vil raskt verta fanga opp.
Villreinen bør i størst mogeleg grad takast omsyn til i anleggsfasen, som for denne arten er den kritiske fasen ved dette prosjektet. Ein kan ikkje sjå at full byggestans i perioden mars til mai kan vere nødvendig, all den tid områda som vert påverka ved er marginale for villreinen.