Hovudkontor Landbruksavdelinga E-post:
Njøsavegen 2, 6863 Leikanger Fjellvegen 11, 6800 Førde [email protected]
Telefon: 57 64 30 00 Postboks 14, 6801 Førde Internett:
Telefaks: 57 65 33 02 Telefon: 57 64 30 00 www.fylkesmannen.no/sfj
Org.nr 974 763 907 Telefaks: 57 82 17 77
Sakshandsamar: Eline Orheim Vår dato Vår referanse
Telefon: 57643012 18.12.2014 2014/535 - 350
E-post: [email protected] Dykkar dato Dykkar referanse
Selje kommune Kommunehuset 6740 Selje
Selje kommune – rapport etter tilsyn med kommunal beredskapsplikt 1.oktober 2014
1. Bakgrunn for tilsynet
Føremålet med tilsynet var å kontrollere om kommunen etterlever krav i lov og forskrift om kommunal beredskapsplikt. Tilsynet vart gjennomført med heimel i lov av 26. juni 2010 om kommunal beredskapsplikt, sivilbeskyttelse og Sivilforsvaret (sivilbeskyttelseslova) § 29, og § 10 i forskrift om kommunal beredskapsplikt.
2. Hovudinntrykk
Kommunen viste god forståing for fagområdet og for dei problemstillingane som vart drøfta under tilsynet. Beredskapsarbeidet er forankra i både politisk og administrativ leiing. Kommunen legg vekt på å gjere eit systematisk arbeid og legg vekt på å involvere eksterne aktørar i arbeidet. Det er avsett ein stillingsressurs for å koordinere beredskapsarbeidet i kommunen.
Kommunen har ein heilskapleg ROS-analyse og ein oppdatert beredskapsplan. Kommunen manglar ein plan for oppfølging av ROS-analysen. Denne er under utarbeiding.
3. Intervju
Desse vart intervjua:
- Ottar Nygård, ordførar - Åse Elin Hole, rådmann
- Svein Barmen, beredskapskoordinator I tillegg til desse var følgjande med på opningsmøte:
- Finn Ove Arnes, kommunalsjef helse og omsorg - Terje Nybakk, leiar kommunalteknikk
FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE
2/3
4. Resultat frå tilsynet 4.1. Definisjonar
Avvik: Brot på krav i lov eller i forskrift.
Merknad: Funn det er grunn til å peike på for å sikre forbetring i oppfølginga av beredskapsplikta.
4.2. Avvik
Følgjande avvik vart avdekka under tilsynet:
Avvik nr. 1: Kravet til heilskapleg og systematisk samfunnstryggleiks- og beredskapsarbeid er ikkje tilfredsstilt (jf. forskrift om kommunal beredskapsplikt § 3).
Utdjupande kommentar:
ROS-analysen skal vere grunnlaget for å utarbeide langsiktige mål, strategiar, prioriteringar eller plan for oppfølging av samfunnstryggleiks- og beredskapsarbeidet. Kommunen må vurdere om det er forhold i den heilskaplege ROS-analysen som bør integrerast i planar eller prosessar etter plan- og bygningslova.
Kommunen har ikkje ein plan for korleis den skal følgje opp ROS-analysen.
4.3. Merknadar
Merknad nr. 1: § 2 ROS-analysen, vurdering av befolkningsvarsling
I følgje forskrifta skal ROS-analysen innehalde ei vurdering av behovet for befolkningsvarsling.
Kommunen har gjort ein del vurderingar omkring dette, men vi vil tilrå at dei vert tydeleggjort og omtalt noko breiare i ROS- analysen.
Merknad nr 2: § 2 ROS-analysen, involvering av relevante aktørar
ROS-analysen bør oppdaterast slik at det går tydeleg fram korleis relevante private og offentlege aktørar er involvert i arbeidet. Etter § 2 i forskrifta skal kommunen invitere med relevante offentlege og private aktørar i arbeidet med å lage den heilskapelege risiko- og sårbarheitsanalysen.
Kommunen orienterte om korleis det hadde vore ei involvering av det kommunale beredskapsrådet, men dette går ikkje tydeleg fram av ROS-analysen.
Merknad nr 3: § 4 Beredskapsplan, økonomiske fullmakter ved kriser
Planen bør oppdaterast slik at det går tydeleg fram kva økonomiske fullmakter som ligg til kriseleiing. Kommunestyret har gjort vedtak om slike fullmakter, men dette er ikkje omtalt i beredskapsplanen.
FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE
3/3
Merknad nr 4: § 4 Beredskapsplanen, rutinar for varsling
Beredskapsplanen kan med fordel presisere rutinar for varsling internt i kommunen, både vertikalt og horisontalt.
Merknad nr 5: § 6 Oppdatering/ revisjon
Kommunen bør ta inn eit punkt om oppdatering/ revisjon av den heilskapelege ROS-analysen. I følgje § 6 i forskrifta skal analysen oppdaterast minimum kvart fjerde år, eller ved endringar i risiko- og sårbarheitsbildet. Det går ikkje fram skriftleg kva rutinar kommunen har for oppdatering/revisjon av den heilskapelege ROS-analysen.
5. Dokument
Følgjande dokument vart brukt under tilsynet:
- Overordna risiko- og sårbarheitsanalyse 2014 - Beredskapsplan K 47-12 for Selje kommune - Beredskapsplan sak
- Beredskapsplan brann
- G10 Beredskapsplan, vassforsyning
- Samfunnssikkerheit og kommuneplanlegging i Selje kommune 02.09.14 - Vedl 1 Organisasjonsplan krise
- Vedl. 3 Varslingsplan
- Vedl 5 Plan for innkvartering - Vedl. 6 Ressursoversyn RS MR - Vedlegg 6 Ressursoversyn - Vedlegg 9 Fordelingsliste - Tiltakskort 1 – 9
Med helsing
Brevet er godkjent elektronisk og har derfor ikkje underskrift.
Kopi til
Kopi med vedlegg:
Kopi utan vedlegg:
Kopi pr. e-post:
Haavard Stensvand Eline Orheim
Fylkesberedskapssjef seniorrådgjevar