Naturvernverdiar i Askvika-området
Askvoll kommune - Sogn og Fjordane
Ei utgreiing om verneverdiane som knyter seg til Askvika-området, med utgangspunkt i natur- verninteressene, spesielt med sikte på å in- formere om dei verneinteressene som gjeld våt- marksområda og naturtypen.
Ved Gunnar Godd
Vipe Vanellus vanellus
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
Hermansverk - juli 1980
Foto : S.EftelAnd
Etter oppmoding frå Miljøverndepartementet har Fylkes- mannen i Sogn og Fjordane sett igang arbeidet med ein verneplan for våtmarksområde i fylket. Ein vonar at eit første utkast vil verte ferdig i siste halvdel av 1981. Dette første utkastet vil då bli sendt ut til førebels fråsegn. På bakgrunn av innkomne førebels fråsegner vil eit revidert, endeleg framlegg bli sendt ut til fråsegn i samsvar med § 18 i "Lov om naturvern".
Deretter vil framlegg og innkomne fråsegner - saman med fylkesmannen si endelege vurdering - verte oversendt Miljøverndepartementet for slutthandsaming.
På grunn av ulike interesser som gjer seg gjeldande i området Askvika, Leira og Kyllaren i Askvoll kommune
(jfr. skriv frå Miljøverndepartementet av 2. november 1978) har det vore framsett ynskje om ei utgreiing av naturverninteressene i området.- Denne utgreiinga ligg no føre og vert sendt ut til orientering.
Fagkonsulent Gunnar Godø er fagleg ansvarleg for ut- greiinga. Opplysningane og vurderingane er basert på feltregistreringar som vart starta opp i 1974 etter initiativ frå naturvernkonsulenten og med økonomisk støtte frå Miljøverndepartementet.
a1d Ulveseth -fylkesmann-
n Bj rdan -naturvernkonsulent-
INNHALD
FØREORD
Side 1
1, INNLEIING 2
Fig. 2a: Kart over Askvika og Leira 4
Fig. 2b: Kart over Kyllaren 5
Fig, 3 : Bilete av Askvika 6
Fig. 4 : Bilete av Leira 7
2,
KVA ER VÅTMARK?2.1Funksjon
2.2 Produktiviteten i våtmark 2.3 Våtmarksfugl
2.4 Utbygging eller vern?
3,
ULIKE VÅTMARKSTYPAR3.1 Våtmark på fastlandet a. Myrområde
b. Elvar og bekkar
c. Næringsfattige vatn og innsjøar
d. Middels næringsrike vatn og innsjøar e. Næringsrike vatn og innsjøar
f. Myrvatn 3.2 Elvemunningar
a. Estuarier b. Deltaområde
3.3 Våtmark i fjorder og .langs kysten a. Tidevassoner
b. Gruntvassområde c. Djupare fjordar
d. Strandsoner i avskjerma farvatn e. Avskjerma, grunne bukter og vågar f. Fersk- og brakkvassbukter
g. Grunne straumar og sund h. Laguner
3.4 Landareal langs kysten a. Holmar og skjer
b. Ulike strandsoneområde
4,
VÅTMARK I SOGN OG FJORDANE5,
ASKVIKA, LEIRA OG KYLLAREN8 9 10 11 15
16
17
18
19
20 22
Tabell 1: Observerte fuglearter i Askvika, Leira, Kyllaren i perioden 1974-79 5.4 Interessekonflikter i området (Utbyggings-
interessene)
5.4.1 Nydyrkingsinteressene 5.4.2 Vegplanane
5.4.3 Industriområdet
6,
KONKLUSJON7,
LITTERATURLISTE FIGURAR OG TABELL:side
5.1 Området 22
5.1.1 Geologi 5.1.2 Klima
5.1.3 Naturtype 23
- Askvika
- Leira 24
- Kyllaren
5.2 Plante og dyrelivet 25
5.3 Puglefaunaen 27
5.3.1 Andefuglar
5.3.2 Vadefuglar 29
5.3.3 Måsefuglar 32
5.3.4 Andre våtmarksfuglar 33
35 39 40 41 42 43
Fig. 1 : Bilete av dvergsnipe 3
Fig. 2a: Kart over Askvika og Leira 4
Fig. 2b: Kart over Kyllaren 5
Fig. 3 : Bilete av Askvika 6
Fig. 4 : Bilete av Leira 7
Fig. 5 : Bilete av canadagås og grågås 7 Fig. 6 : Arealutnyttinga av kulturlandskapet i dei
siste hundre åra 12
Fig. 7 : Skjematisk framstilling av strandeng med
soneinndeling 26
Fig. 8 : Grågås (observasjonar i tida 6.-12.08.78 i Leira) 28 Fig, 9 : Tjeld (observasjonar i Askvika og Leira) 30 Fig. 10: Vipe (observasjonar i Askvika og Leira) 31 Fig. 11: Hettemåse (obervasjonar i Askvika) 33 Fig. 12 : Stare (observasjonar i Askvika) 34 Tabell 1: Observerte fuglearter i Askvika, Leira og
Kyllaren i perioden 1974-79 35
GUNNAR GODØ
NATURVERDIAR I ASKVIKA-OMRADET 1 ASKVOLL KOMMUNE -- SOGN OG FJORDANE
Ei utgreiing om verneverdiane som knyter seg t 1 Askvika-området Med utgangspurikt i naturvern-
interessene - spesielt med sikte på å informere om dei verneinteressene som gjeld våtmarksområda og naturtypen.
1. INNLEIING
Miljøverndepartementet har i dei seinare åra gått inn for å få utarbeidt fylkesvise verneplanar av ulike naturtypar som t.d. edellauvskog, myr, våtmark og
sjøfugllokalitetar. Ein får såleis ei samla vurdering av fleire områdeut frå eit større materiale. Tidlegare utarbeidde ein verneforslag for einskilde lokalitetar, som t.d. Moldvær i Askvoll som vart freda ved Kg1.
res. av 4. juli 1958.
Det første planutkastet i samband med verneplanane i Sogn og Fjordane var for edellauvskog som var ferdig i 1979. Ein liknande plan for våtmark vil truleg vere ferdig i løpet av 1981. Om lag 30 område vil etter alt å døme bli tekne med i forslaget, på grunn- lag av synfaringar og registreringar av over 200 våt- marksområde i fylket.
I Askvika, Leira og Kyllaren kom feltregistreringane først i gang i 1974. Det viste seg snart at området var ein særs viktig fuglebiotop, særleg for artar som
har tilknytning til våtmark som t.d. ender og vadefuglar (fig. 1).
På grunn av utbyggingsinteressene i området, og særleg planane om veg over Askvika, har det vist seg å vere
behov for ei særskilt utgreiing om naturverninteressene i Askvika, Leira og Kyllaren (fig. 2)
Forslag om vernereglar og skjøtseltiltak vil først bli lagt fram i "Utkast til verneplan for våtmark i Sogn og Fjordane fylke", etter samråding med grunneigarane, kommunen m.f1.
Fig. 1 DvergsnipeCalidris minuta. Foto : Svein Efteland
:jeleite aue
-• —+ 7r-«
•••...
/
oW
24/2
24A1168,6)1
24/4
—.--
) A skheia
(- 100
V H
• 0 j
j‘e?' /
"b".,
0)S
.. • ...
Grunne
=8
/ •
• Nrone
=A :
- Fig.2a - Askvika og Leira
0)5Arn 100 m 200m 300m ,
. . ...
7
2
• '.!5
7/0
sl.,A
Ve(en e / ("`•&•-•
I .... 24/1\i.
\) .:_.,.._ ._.,.."
...---
• -...
u, ' -- ---=ir----'-''-r'ot X \
1 1 ,, , ,:, z,-
I /4/24,25;27 ,„___..., ,0)
'F)) H
/44/9,13 ) ,
• ' • .. % )).,1 ..., •,_-.:', . \ . ‘,....„ \ „„.L.4).--s---"‘-' ' , . H A
1
/ /
- «;,'•_-.../-1‘,\_...)<•"---' ••:
, ,• • • 7 , )
s ' \ \ 414• \ \ \,• ,, ,, , 4:-.8c.:. y2 \B ' '---,,__= t?'J - ----.. s \
-
I
,--,-\\ --\ ! ,...- ----;_ 1 i:
,)1 \ ..\_:,-,-:,--, .3 , .,..„: ,..„ --,...„...,
. ,,)14c \ --, \ :-...,:>::,-;r8-r.tiri-‘
(24/ 9., -7' \ . • ---'---1:.-::— - ,. ,'K.:\
1-
y33 ', ,--.2'4/- \\
(..---,,V1-i ,s, , 3''!'' I ) \ \ )17/
tb . .., . 's ‘ \‘5‘° \ \\ 1
s.-..ed
l' / " 24
--._----„ • ,,,,.
--' „" :_,j /41 1 ' /8
„.--7 .--- .-.--.:P--- 1 '-` / / ' /
„...-",>--- , ' '-‘,"-__',./ //
,----,-;,,,,==1",'''' : / , _•_ °57/ 4-=-.. ° -' B---:- oc:=, 11 ..'o - ,
fr i ;2y8 .t3 i
=/) A
r's )‘) )
. -). )).../ I
.)` P••••'-•-•-> Ci ''
— V •••-•"," *" ...).„))),
--f )) sl' ^N
.
' /---.' • ';'-•
. • 3 ""): • ...=8"
. si„.~...
-:4 --- fi \ 1 A • ' »
./ =A
.)'. = e)
4 ' / -
0 _ •).
''-')- \•-: -1‘) i
, ...) -' • ___,....-i- \ ))) r\./;:_..1-i/t2 ..-.. . \
• ) \ `',,,, . ), `,..!.,-../4i 1 ' ,-,-7,...',... ...„...H.::::,..:: ...
. Skute
, :.,...--- ' =A
-7',---- - . .., .
.\ 24A ' . ,-.---:...„.„:\
= 24/, =A
) ) \
I
24/9,13..../ .
= A
) \ • Y9,13
• ) V A :
' . • • . . ))...,);.. J2.. 4/3, if _ A \•.:)..) \)„,' )
A.s:,ki.0. 6 ..' • '. ...;....:2-:•::..•
',.• i :"
2-%3
I.v.- i
"
A=
• • '
4t'›N 24A2 .•\
. •
Askv
24Å; •
.18
=A
0,
Grunne
=A
""--- •
s
i4.01H ).";."
:
Borgja
-
f
V )
n =A 27/15
• .0erunk 2.79 4", TL\met
- _
=s , 1\ 27/2
=A
).‘•
/ 0)14/4
:
.391
•
(„--, f17// "---_-W
I i
\ '''s. `,\ \ \
jj)
n/f,ittes,._
4>i (1,P,'•
I,) )._.,i' ',•‘,'-‘',,`E,,‘‘
• i / ,,
;/, (/,,, r , \; 111 1
:,-, ! ,:,... :,..:- ', , -- ',..•\) `. ' . ,\' ' ''' :,,\ . \1,, `. \
«‘x.,‘-:;--;:---,1
,,‘ •
\,,„\ , ,• / ,
\ .: ..
,-A
Fristod
Eictsv ko
"7.
26/3
•25
Fig.2b - Kyllaren
Om 100m 200m 300m
'••• :.„.. •
'1D
\\
(V\
• • ‘‘.
'
. '
R ingstod • --, —
\
• • 'N N\-›-•
TET 67( 11;
_
4L--- (
-1 ..--
r,
0/k1
d
•
Fig.3 Askvika sett mot sør (frå riksveg 608), i bakgrunnen Olset. Vegtrasen (etter alternativ A), vil gå rett over Askvika, til høgre på biletet. I dette området er nokre av dei viktigaste beiteplassane for våtmarksfugl i Askvika. Foto : G.Godø
Fig.4 Leira sett frå vest, Kyllaren i bakgrunnen mot venstre.
Foto : G.Godø
Fig. 5 Canadagås Branta canadensisog grågås Anser anser.
Foto : G.Godø
KVA ER VÅTMARK?
Våtmark er eit nytt omgrep i det norske språket, og omfattar langt meir enn det som ein umiddelbart set i samband med oppbygginga av ordet: våt mark. Ordet er omsett frå engelsk "wetlands", jamfør også den svenske omsetjinga til "våtmarker".
Om re et "våtmark" er definert som alle overfløymde eller vassmetta område, både naturlege og kunstige,
ermanente, midlertidi e, stilleståande eller flytande, ferskt brakt eller salt. Dette vil m.a. omfatte
naturområde som:
- alle typar av myrområde
- elvemunningar, grunne og stilleflytande elve- strekningar
- strandeng, fjøre- og gruntvassområde i bukter og
sund ved kysten og i skjergarden (ned til 6 m djupne) - sumpområde, tjern og grunne småvatn
- grunne bukter og viker i større innsjøår
Ut frå topografiske, geologiske, hydrologiske og
biologiske kriterier er det såleis eit uhyre ueinsarta utval av miljø som her er sett saman.
Fellesgrunnlaget er at vatn i ei eller anna form er til- stades, og i avgjerande grad pregar miljøet. Vatn er med andre ord hovudkomponenten, som dannar sjølve grunn- laget for det mangfaldige og ofte særprega plante- og dyrelivet som ein finn i tilknyting til våtmarksområda.
For mange kan ordet våtmark virke noko kunstig. Men innan det zoologiske fagområdet - og særleg innan ornitologien - har våtmarksomgrepet vist seg å vere nyttig. Fleire fuglearter er gjennom heile sin livs- syklus avhengig av våtmark i vidaste forstand, sjølv om dei gjennom året kan pendle mellom ulike miljø:
Hekkeplassar på myrar og ved skogstjern, i trekktidene rastar dei i frodige sump- og strandområde og over-
vintrar på eller latgs kysten.
2.1. FUNKSJON
Våtmarksområda har mange og viktige funksjohar i naturen, som eksempel kan nemnast:
- Stor produksjon av plantemateriale som dannar grunn- laget for eit rikt og variert dyreliv.
- Biotop for fleire særprega og sjeldne plantearter.
- Gyte-, oppvekst- og leveområde for fleire fiske- arter, amfibiar og krypdyr.
- Hekke-, beite-, kvile-, raste-, myte-, trekk- og overvintringsområde for ei lang rekke fuglearter.
Mange er knytte til våtmark heile livet, andre i periodar av året.
- Tilhaldsstad for fleire pattedyr, som t.d. sel, oter og bever.
I tillegg kjem at våtmark ofte har stor kapasitet til å lagre vatn, og at det av den grunn kan hindre eller redusere flaum. Våtmark kan også virke som naturlege reinseanlegg, forutan at slike område ofte utgjer ein estetisk komponent i naturlandskapet oa virkar attrak- tivt for rekreasjon og friluftsliv. Dessutan kan våt- mark ha stor verdi for forskning og undervisning.
2.2. PRODUKTIVITETEN I VATMARK
Eit viktig mål i naturvernarbeidet er å ta vare på den•
biologiske produktiviteten. Våtmark høyrer med til dei mest produktive områda ein kjenner. Det er plante- produksjonen som blir nytta som mål på produktiviteten i eit område, målt i kg plantetørrstoff pr. dekar oa dag:
- ørken under 0,5 kg
- Lite produktive område 0,5-3,0 kg - Middels produktive område 3,0-10,0 kg - Høgproduktive område 10,0-25,0 kg
Djupe innsjøar vil som regel bli rekna som lite
produktive (oligotrofe) område, det same gjeld lyng- hei, skogar og visse typar jordbruksareal.
Grunne innsjøar og fukteng vil som regel kome inn
under middels produktive område, saman med sumpskogar og det meste av jordbruksareala.
Som høgproduktive område vil ein finne fleire typar av våtmark, saman med intensivt drivne jordbruksareal
(som t.d. dyrking av sukkerrør).
Den høge biologiske produktiviteten er såleis ei viktig årsak til å verne om våtmarksområda.
2.3. VATMARKSFUGL
For fuglelivet har våtmarksområda fleire funksjonar:
- Hekkeområde t.d. på strender, myrområde, ved vege- tasjonsrike vatn og vassdrag, på holfflar og skjer langs kysten,
- Næringsområde som våtmarksfugIar er avhengige av for å finne næring.
- Overvintringsområde er i vårt land særleg viktig for andefuglane. Dei største og viktigaste områda er grunnemarine farvatn langs kysten.
Myteområde i skjergarden og grunne bukter og inn- sjøar, der fuglane kan finne skjul i den tida fuglane ikkje er flygedyktige p.g.a. fjørskifte
(myting).
For å verne om våtmarksområda har Norge enctasjert seg internasjonalt, m.a. har vårt land ratifisert Ramsar- konvensjonen av 1975 og Wildlife-konvensjonen av 1979.
Dette medfcbrer at vi er forplikta til å arbeide
aktivt for å sikre viktige våtmarksområde i vårt land.
I Norden har ein gått inn for å samordne innsatsen for å ta vare på verneverdige haturområde. I 1972 vart det oppnemnt ei arbeidsgruppe som i 1973 la fram
"Oversikt over viktige våtmarker i Norden", der 40
norske lokalitetar er med som t.d. Fokstumyra i Oppland, PrestvidkiLml i Vestfold, Akersvika i Hedmark og øra i østfold. I Sogn og Fjordane er Botnavassdraget, Skor i Hyllestad med i oversikten, men på den tid hadde ikkje inventeringane i Askvika, Leira og Kyllaren kome
gang.
2.4 UTBYGGING ELLER VERN?
Våtmark er ein sterkt begrensa ressurs. Inngrep i våt- marksområde bør derfor berre utførast der dette er nød-
vendig ut frå ei langsiktig og allsidig ressursdisponering.
(Fig. 6).
Våtmarksområde er som regel større eller mindre saman- hengande flater, ofte i tilknytning til vassdrag, fjordar eller langs kysten. I eit kupert og berglendt land som vårt - og særleg i eit fvlke som Sogn og Fjordane - er det derfor rimeleg at det er mange og ulike interesser som konkurrerer om å utnytte våtmarksområda:
- Dyrkingsjord er ein knapp ressurs, og mange våtmarks- område er truga p.g.a. nydyrkingsplanar.
- Våtmark er ofte godt eignatil tomter for industri og andre utbyggingsføremål.
- Mange våtmarksområde er veleigna til vegutbygging, kaianlegg og småbåthamner.
- Våtmarksområde vert ofte brukt til søppelfylling m.v.
Det er etter kvart mange eksempel på at utbyggings- interessene er blitt tillagt større vekt enn natur- verninteressene.
Om dette har tidlegare statsråd, professor Olav Gjærevoll uttalt følgjande ("Miljønytt" nr. 6, 1977), sitat:
"Men jeg vil gjerne få understreke ved en anledning
som denne, at vil vi verne om kvaliteten og variasjonene i norsk natur, kan vi ikke nøye oss med å verne det
som ikke kan brukestil noe annet. Det verner seg selv. Vi er nødt til å tillegge vernehensynet langt større vekt, det vil si det må bli likestilt med andre hensyn og interesser.
Ennå er det dessverre oftest slik at før vi kan få et område vernet, må det slåes fast at området ikke kan brukes til noe av økonomisk betydning." Sitat slutt.
Eit vedtak om vern av eit område kan sjølvsagt endrast om ein i ettertida finn at området bør nyttast til andre føremål, om dette har miljøvernminister Rolf Hansen uttalt følgjande (Landskonferansen om natur- vern, 4. juni 1980), sitat:
"Vi skal også ha i minnet at et vedtak om vern av et område ikke er et inngrep av uomgjørlig karakter, på samme måte som f.eks. vassdragsreguleringer, bygging av nye veier og tettstedsutbygging. Dersom vi en gang i framtida skulle komme i en knapphets- situasjon som gjør det nødvendig å dyrke opp en vernet myr, så kan vi gjøre om vernevedtaket.
Dersom vi har tørrlagt og dyrket opp ei myr vil vi aldri kunne gjenskape den opprinnelige natur-
tilstanden på myra, selv om dette var aldri så mye ønskelig.
Når det gjelder bygging av f.eks. veier, hytter, nye boliger, lokaler for næringsvirksomhet og opp-
dyrking av nye områder, så har vi vanligvis flere alternative muligheter for lokalisering av slik virksomhet. Men vi kan ikke flytte på en edel-
lauvskog, den må få beholde sitt opprinnelige voksested eller gå til grunne sammen med den natur som er knyttet til den." Sitat slutt.
ULIKE VATMARKSTYPAR
Det er fleire typar av våtmark, og i Sogn og Fjordane er dei fleste våtmarkstypane representert. Kort
summert kan våtmark delast inn i fire kategoriar (NOF 1977).
3.1. VATMARK PA FASTLANDET a. Myrområde
Her under kjem alle typar av myr, både torv- og grasmyrar, vassrike og/eIler tørre. Dessutan kan sumpområde og små dammar reknast til myrområda. I Sogn og Fjordane er det store areal av myrområde, både til fjells og på øyane langs kysten (atlantisk myr).
b. Elvar og bekkar
Viktigaste elvane/bekkane i samband med våtmark er stilleflytande, svingete (meandrerande) parti med loner og sumpområde. I vårt fylke er det fleire viktige - men arealmessig små - område av denne
typen, som t.d. ved Nor i Eidselva, deler av Stryne- elva og ved Floen i Oldenvassdraget.
c. Næringsfattige vatn og innsjøar
Næringsfattige (oligotrofe) vatn er vanleg på Vest- landet, og den mest vanlege typen av alle vatn/
vassdrag i Sogn og Fjordane, både til fjells ocf i låglandet. Næringsfattige vatn er karakterisert ved låg biologisk produksjon med t.d. sparsom strand- vegetasjon.
d. Middels næringsrike vatn og innsjøar
Ferskvatn blir gjerne klassifisert gjennom clet bio- logiske produksjonsnivået i ein gradvis overgang frå næringsfattige (oligotrofe) via middels nærings- rike (mesotrofe) til næringsrike (eutrofe) vatn.
I Sogn og Fjordane er d t fleire tidl&gare nærings-
fattige vatn, som i dag må reknast som mesotrofe p.g.a. tilsig av næringssalt frå omliggande jord- bruk og busetnad, som t.d. Skilbreivatnet i
Gaular og Digernesvatnet i Førde.
e. Næringsrike vatn og innsjøar
Typisk næringsrike (eutrofe) vatn finst knapt i vårt fylke. Kanskje med unntak av nokre vatn i vassdrag med slamførande brevatn •(t.d. Lauervatn og Haukedalsvatn i Gaular) som har relativt høg produksjon. Dertil nokre strandsjøar (t.d. Ervik- vatnet i Selje og Refvikvatnet i Vågsøy) som er gjennomgåande næringsrike p.g.a. tilførsel av næringssalt frå havet.
For fuglelivet er dei såkalla kultureutrofe vatna særs viktige t.d. Botnavassdraget i Hyllestad og Skeivassdraget i Jølster. Tidlegare næringsfattige vatn som er blitt eutrofiert p.g.a. tilsig av
næringsstoff frå dei omliggande områda (jordbruk og busetnad).
f. Myrvatn
Ofte stilleståande vatn med lite eller inga ut- skifting, med tilsig av humusrikt, brunfarga og surt vatn frå omliggande myrområde. Vert også klassifisert som dystrofe vatn. Ein relativt vanleg, men arealmessig minimal, våtmarkstype i Sogn og Fjordane, som først og fremst har verdi i samband med myrområde.
3.2. ELVEMUNNINGAR a. Estuarier
Dette er ein relativt sjeldan natustype i vårt land, som det finst ytterst få av på Vestlandet. Askvika og Leira er eit estuar.
Estuarier vert danna av lausmassar som blir avsett i godt skjerma (delvis innestengde) elvemunningar med gradvis uttynning i sjøvatn. Dessutan vil som regel
også skiftingane av tidevatnet ha innverknad. Laus- massane i dei sentrale delane av eit estuar er for
det meste mudder. Stadige skiftingar av vassmengdene, dels p.g.a. tidevatnet, dels av elvestraumen, fører til at det i eit estuar ikkje vert bygt opp markerte avsetningssoner som kjenneteikner eit delta.
Den biologiske produksjonen i eit estuar er rekna for å ligge opp mot det høgste nivå ein kjenner, 10-25 kg plantestoff pr. dekar/dag.
Arsaka er at eit estuar dels får tillørsel av nærings- stoff med elvevatnet, dels via tidevatnet frå sjøen, som skaper eit næringsrikt miljø. Dei stadige veks- lingane av ulike miljøfaktorar, set imidlertid store krav til plantar og dyr som lever i slike område.
Den lågare faunaen i eit estuar er derfor prega av liten artsvariasjon, men med stor individtettleik.
Dette er ei viktiTårsak til det rike fugleIivet Askvika/Leira-området.
. Deltaområde
Eit delta er danna av lausmasser frå eit vassdrag.
I eit delta foregår det ei kontinuerleg utbygging av landområde, med markerte soneringar og sjikt åv lausmasser i finare og grovare materiale.
Eit aktivt delta er i stadig endrina, med opp-
bygging av øyrar, flate sand- og grusholmar og skifte av elveløp. Det skjer ein gradvis Overgang til
strandenc, som gjev gode beite for ender og gjess.
Verdfulle delta i Sogn og Fjordane er t.d. Bøya- øyra i Halestrand og Gaulaosen i Gaular.
3.3. VATMARK I FJORDER OG LANGS KYSTEN a. Tidevassoner
Her under reknar ein alie typar aV strender, frå sandstrand til svaberg og klipper. Slike område
er sterkt påverka av tidevatnet. Totalt sett ut- gjer strandsonene store areal i vårt fylke, som i kystfylka forøvrig.
Den biologiske produksjonen er relativt
høg,
og i tidevassonene er det gjerne eit rikt fugleliv.Grotlesanden i Bremanger er eit godt døme på denne våtmarkstycen.
b. Gruntvassområde
Dei grunne sjøområda langs Norskekysten er totalt sett vår viktigaste og arealmessig største våtmarks- type. Dette gjeld også for vårt fylke. Som våtmark .Teknar ein gruntvassområde ned til 6 meter djupne
(ved fjøre sjø). Gruntvassområda er svært viktige for den biologiske produktiviteten i havet. I Sogn og Fjordane er det særleg store gruntvassområde langs kysten av Gulen, Solund, Askvoll, Flora og Bremanger.
c. Djupare fjordar
Denne typen er vanleg i Sogn og Fjordane, men er av relativt liten interesse i samband med våtmark fordi fjellsidene stuper rett ned i fjordane, som regel
utan - eller med minimale - lausmasser langs strendene som t.d. langs Sognefjorden.
Strandsoner i avskjerma farvatn
Til desse områda reknar ein grunne, avskjerma lokali- tetar som vert tørrlagt ved fjøre sjø som t.d. Leir- vågsvikai Askvoll.
e. Avskjerma, runne bukter og vå ar
Til denne gruppa reknar ein område som ikkje vert tørrlagt ved fjøre sjø. I vårt fylke er det fleire slike bukter og vågar som t.d. Tungevåg i Selje og Furevågen i Askvoll.
• Fersk- og brakkvassbukter
I område der ferskvasstilførselen er stor, kan ein få brakkvass- og til dels ferskvassbukter. Kyllaren i Askvoll og Østerbøvatnet i Høyanger er eksempel på denne våtmarkstypen i vårt fylke.
g. Grunne straumar o sund
Dette er område som kan vere svært produktive, og er vanleg langs kysten av Sogn og Fjordane. Oldersundet i Bremanger er eit av dei viktigaste av denne våtmarks- typen i vårt fylke, men det er fleire straumar og sund i m.a. Selje, Vågsøy, Flora, Solund og Gulen som fell innanfor denne kategorien av våtmark.
h. Laguner
Denne våtmarkstypen er lite utbreidt i vårt land.
3.4. LANDAREAL LANGS KYSTEN a. Holmar og skjer
Om lag 4,6% av landarealet i fylket er øyar, hdlmar og skjer langs kysten. Men slike lokalitetar går som regel inn som deler av eitt eller fleire andre våtmarkselement, som døme kan nemnast Sakrisøy i Hyllestad og Nordre-Nærøy i Flora.
b. Ulike strandsoneområde
Til denne gruppa reknar ein lokalitetar som ikkje fell inn under 3.3aog d. Som eksempel kan nemnast svaberg, knausar, rullesteinstrendeiog dyneland- skap. I vårt fylke kan Vetvika i Bremanger og Hoddevika i Selje reknast til denne gruppa.
20
VÅTMARK I SOGN OG FJORDANE
I Sogn og Fjordane er det relativt store areal som kan reknast som våtmark, imidlertid er det heller få og små våtmarksområde som kan reknast som verne- verdige etter naturvernlova. Det er fleire årsaker til dette, men viktigast er den låge produktiviteten i dei fleste myrområda til fjells (torvmyrar) og
langs kysten (atlantisk myr), noko som også gjeld for dei fleste vatna/vassdraga i fylket.
Naturleg næringsrike vatn og vassdrag i opphavleg forstand finst vel knapt i Sogn og Fjordane (sjå pkt. 2.2). Dei fleste vassdraga er korte med stort fall. Mykje nedbør gjev stor utvasking. Dette fører til lite produktive vassdrag med låg buffer- evne overfor kjemisk påvirkning. Det fuktige og ned- børsrike klimaet fører til utstrakt myrdanning, vid- strakte sure og næringsfattige lyngheier.
I ytre deler av fylket finst det nokre område med rikare bergarter, t.d. kambrosilurske bergarter i Ytre Sogn og Sunnfjord. Enkelte stadar langs
kysten er det marineavsetningar (tidlegare havbotn).
I slike område er det betre tilgang på næringssalt, særleg kalk, noko som gjev grunnlag for rikare
produksjon i vatn og vassdrag.
Ein meir særeigen ferskvasstype i Sogn og Fjordane er dei såkalla strandsjøane - grunne, relativt pro- duktive vatn på strandflatene like over havnivå, som t.d. Ervikvatnet i Selje og Refvikvatnet i Vågsøy.
Den viktigaste årsaka til at der finst ein del.meir produktive vatn i Sogn og Fjordane, er tilsig av næringssalt frå jordbruk og bustadområde. Over- gjødsling kan skape ubalanse og forureine eit vatn, men ved moderat påvirkning og god omsetning kan det utvikle seg viktige naturelement for våtmarksfugl
av høg verneverdi nettopp i slike kultureutrofe vatn og vassdrag. I Sogn og Fjordane er det fleire verne- verdige våtmarksområde av denne kategorien som t.d.
Botnavassdraget i Hyllestad og Skeivassdraget i Jølster.
Elvemunningane er ein annan våtmarkstype som blir rekna som høgproduktive område. Deltaområda Sogn og Fjordane er arealmessig heller små, men
viktige biotopar for fleire våtmarksfuglar. Imidler- tid ligg fleire av desse områda svært utsett til, fordi dei fleste større deltaomxåde liga i nær til- knyting til befolkningskonsentrasjonane i fylket som t.d. i Stryn, Nordfjordeid, Førde og Lærdal.
Utbygging i samband med service-, industri-, hamne- og veganlegg har ført til at mange av dei største og viktigaste deltaområda har gått tapt. Det er derfor svært viktig å ta vare på dei områda som enno er intakt som t.d. Bukta i Gloppen,Bøyaøyra og Vetle- fjordsøyra i Balestrand.
Langs kysten er det i Sogn og Fjordane store marine gruntvassområde. Det er også i desse områda ein finn dei største konsentrasjonane av våtmarksfugl både hekketida og om vinteren. Langs kysten er det også store konsentrasjonar av sjøfugl, som delvis også har tilknytning til våtmark.
5,
ASKVIKA, LEIRA OG KYLLAREN5.1. OMRÅDET
Askvika, Leira og Kyllaren ligg i Askvoll kommune.
Askvika og Leira er eit vel 1.100 da. stort estuar med tilhøyrande strandeng og sumpområde. Kyllaren er ein ca. 700 da. stor brakkvasspoll.
5.1.1. Geologi
Berggrunnen i området er dominert av kvdrtsfattig gneis, med soner av grønskifer, kvartsitt og granitt, i nordre del av Kyllaren eit felt av mangeritt (Skjerlie 1968).
Kvartærgeologisk er Askvika, Leira og deler av Kyllaren dominert av havavsetningar.
Rundt nord- og vestsida av Kyllaren er det store parti av morenemateriale rasmark og bart fjell.
5.1.2. Klima
Klimaet i Askvoll-området er typisk oseanisk (kystklima), med mykje nedbør og liten temperaturforskjell på sommar og vinter.
Næraste nedbørstasjonen er Osland i Stongfjorden, med ein årsnormal på 2.928 mm (1931-60), største nedbørs- mengda er målt i haustmånadane septembr-desember, med over 300 mm pr. månad.
Næraste meteorologiske stasjon er Kinn (1931-60) og Takle (1951-60). I perioden 1923-31 vart det også
føreteke temperaturmålingar ved ein stasjon på Bulandet i Askvoll. Middelstemperaturen (årsnormalen) for Kinn er 7,6°C, Bulandet 7.7°C og Takle 7,2°C.
Langs kysten av Sogn og Fjordane er sør-sørvestlege og
nord-nordvestlege vindretningar dominerande, 5.1.3. Naturtype
Som naturtype skil Askvika og Leira seg klart ut frå området forøvrig, tildels gjeld dette også Kyllaren.
Omgjevnadane er for det meste prega av jordbruksareal, med innslag av lauvskog (m.a. gråor, bjørk, rogn og hassel). Rundt Kyllaren er landskapet meir typisk for landsdelen, med bratte fjellsider og rasmark.
I vest Fristadfjellet (479 m.o.h.) og mot aust Dokka (756 m.o.h.).
Askvika og Leira er eit estuar, med små høgdevariasjonar frå Askvika opp til Kyllaren, med unntak av djupålen
dreier det seg om under ein meter.
Lausmaterialet som blir tilført området er svært fint, vesentleg leire og silt. Dei stadige utskiftingane dels ved elvestraumen, dels på grunn av tidevatnet, fører til at det i Askvika og Leira ikkje vert bygt opp markerte avsetningssoner. Samstundes som det ved flo sjø foregår ei gradvis uttynning av lausmateriale over heile området, - og ikkje berre i visse deler av området slik som t.d. i eit delta.
Askvika
Estuarier høyrer med til dei mest næringsrike våtmarks- typane ein kjenner til. Særleg viktig-er det stadige skifte i tilførsel av næringsstoff frå ulike miljø, dels frå havet via tidevatnet dels frå nedslagsfeltet via elvevatnet.
Dei mest næringsrike områda i Askvika ligg i dei ytre delane av estuaret, med gode beiteplassar for ender og vadefuglar, med m.a. ålegras, muslingar, ormar, kreps- og blautdyr, forutan småfisk og yngel. Dersom den planlagde vegtraséen til Olset blir realisert, vil
det viktigaste beiteområdet i Askvika gå tapt, og næringsgrunnlaget for fleire fuglearter i området vil bli sterkt redusert.
Dertil vil ei eventuell steinfylling/vegtrasé totalt endre Askvika sin karakter som estuar. Dei stadige skiftingane i tidevatnet - som har ein positiv effekt for alt plante- og dyreliv i området - vil bli drastisk redusert. Det er rimeleg å rekne med at svært mykje av det eksisterande planteliv og lågare dyreliv vil bli borte p.g.a. endringane i livsmiljøet. Ein kan
vidare rekne med fare for aukande lausmdsseavsetningar med tilgroing av siv- og starrplanter (fig. 3).
Leira
Kyllaren
Scml typeområde må også Leira reknast som eit estuar.
Men området er blitt sterkt påvirka av vegfyllinga (riksveg 609) i nedre delane av området (fig.4).
Det naturlege utløpet er blitt sterkt innsnevra, med den følgje at tidevatnet (ved fellande sjø) vert hindra i utløpet og stoppar opp, noko som fører til større utfelling av lausmaterialer enn kva naturtilhøva skulle tilseie. Noko som igjen har ført til tilgroing av salt- krevjande starr- og sivarter i store deler av Leira.
Kyllaren er ein relativt djup brakkvasspoll. Utløpet av Kyllaren-er eit viktig beiteområde for m.a. sang- svaner og stokkender:
Dersom planane om vegtrasé over Askvika vert realiserte, vil dette også i stor grad få verknad for Kyllaren,
særleg p.g.a. mindre tilsig av saltvatn ved flo sjø.
5.2 PLANTE- OG DYRELIVET
Vurdert som biotop for plante- og dyrelivet, kan Askvika og Leira delast inn i tre soner(fig. 7):
- sublittoralsona - hydrolittoralsona - geolittoralsona
Den sublittorale sona omfattar den ytterste delen av Askvika, som ligg under normalt fjøremål (låg vasstand).
Dette er eit viktig oppvekstområde for fiskyngel. Her er det relativt lite av brunalgar (tang og tare), men rikeleg av ålegras. Eit viktig næringsområde for
dykk- og fiskendene (t.d. siland og ærfugl), men også' for arter som beiter i ålegraset (t.d. sangsvane og canadagås).
Den h drolittorale sona omfattar området mellom normal flo og fjøre. Forutan ein del ålegras på dei mest fuktige områda, er det heller sparsomt med vegetasjon i denne delen av Askvika, men i Leira er det store parti med
salturt og fjøresaltgras (fig. 7).
Den hydrolittorale sona er først og fremst vadefuglane sitt område. Nede i mudderet er det ein eigen fauna av m.a. ormar og små krepsdyr som vadefuglane beiter på.
I trekktidene kan det ofte vere store flokkar av vadefugl som søkjer næring i mudderet i Askvika og
Leira. Dette gjeld særleg fuglar som er heilt avhengige av denne typen av lokalitetar (våtmarksområde) for
å finne næring.
Den eolittorale sona er først og fremst typisk for Leira, der ein finn store område med strandeng, men også i indre deler av Askvika, er det eit godt utvikla strandengbelte. Her finn ein planter som t.d. fjøresau- løk, strandstjerne, saltbendel og saltsiv.
Desse strandpartia er viktige beitelokalitetar for m.a.
grågås, canadagås, stokkand, krikkand og brunnakke, og
andre arter som raudstilk, enkeltbekkasin og sivspurv som søkjer ly og næring i strandenga.
ALEGRAS SALTURT FJØRESALTGRAS RAUDSVINGEL
diew
SUBLITTORALSONA HYDROLITTORALSONA GEOLITTORALSONA
FJORE FLO
Fig.7 Skjematisk framstilling av strandeng med sone- inndeling. Subblittoralsona er området under fjøre sjø, hydrolittoralsona er mellom fjøre og flo, geolittoralsona er området over flo sjø.
(Høiland 1976) Som tidlegare nemnt, er våtmark viktige oppvekstområde for fiskyngel. I Askvika, Leira og Kyllaren er det to fiskarter som er av særleg interesse, nemleg sjøaure og sild.
Sjøauren går opp gjennom djupålen i Askvika og Leira, i dette området vert den i ein viss grad utsett for beskatning ved sport- og fritidsfiske.
I Kyllaren er det ei isolert sildestamme, som det også vert drive ein del fiske etter.
I følge Aasen (1952) og Nævdal(1972) har ein generelt for lite kunnskap om årsakene til rasedanning hos sild.
Sildestamma i Kyllaren kunne såleis vere aktuell i samband med fiskeribiologiske granskingar.
5.3 FUGLEFAUNAEN
Feltregistreringane i Askvika Leira og Kyllarenhar først og fremst vore innretta på kartlegging av fugle- faunaen i området (Godø 1977, Munkejord 1978).
Første trekkfuglregistreringane vart utført i 1974.
Seinare er det utført årlege registreringar (med unntak av 1976), først og fremst i trekktidene, men også
registrering av hekkande og overvintrande arter.
Til saman er det registrert 130 arter, av desse er omla 60 arter av våtmarksfuglar (tab. 1), som heilt eller delvis er avhengige av våtmark.
Det er også registrert mange andre arter som er tiltrekt av våtmarksområdet. Særleg gjeld dette spurvefuglar, som kan vere svært talrike som t.d. stare, linerle og heipiplerke. Området virkar også tiltrekkande på rov- fuglar, som t.d. vandrefalk, tårnfalk, dvergfalk og hønsehauk.
5.3.1. Andefu lar
Askvika, Leira og Kyllaren har ein særleg viktig
funksjon som næringsbiotop for gjess, svaner og ender.
Dette gjeld stort sett heile året, men særleg i trekk- tidene. Til saman er det registrert 17 arter av ande- fugl, av desse fire gåsearter : Canadagås, grågås, sædgås og snøgås.
Canadagås vart utsett i 1977, og. 7-9 individ har
halde til i området. I 1979 vart det sett to snøgjess, men dette kan vere eit par av snøgjessene som vart
utsett i Førde i 1978.
Det er rimeleg å rekne med at eitt eller fleire par av canadagåsvilhekkei Leira/Kyllarenområdet i dei komande åra (fig. 5).
Indv.
45 40 35 30 25 20 15 10 5
Fig. 8
28 -
Tid:MKMKMKMKMKMKMK
Dag: 6/8 7/8 8/8 9/8 10/8 11/8 12/8
Grågås Anser anser observert i tida 6.-12.8.
1978 i Leira. Det er sett opptil 45 individ samstundes om morgonen (M = ca. kl. 6.00), og opptil 15 indv. om kvelden (K = ca. k1.18.00).
Grågås er den einaste gåsearten som rugar i Sogn og Fjordane, om ein ser bort frå canadagås, som er utsett i dei seinare åra.
Grågåsa nyttar Leiraområdet som beiteplass både i tida etter myting (fjørfelling), og under trekktidene vår og haust. På ettersommaren kan fleire familiar og mindre flokkar samle seg i strandenga i Leira tidleg om
morgonen (fig. 8), for så å dra ut i skjergarden ut på dagen. Registreringar har vist at grågåsbestanden i Sognog Fjordane er i vekst, ein kan såleis rekne med at talet på beitande grågås i Leira/vil syne ein
aukande tendens i dei komande åra.
Sangsvane overvintrar årleg i Askvika og Leira,
vinteren 1978/79 vart det registrert opptil 60 individ.
Talet på overvintrande sangsvaner kan imidlertid variere frå år til år, og er avhengig av fleire faktorar. Ved lengre kuldeperiodar, og generelt kalde vintrar, vert mange overvintringslokalitetar i indre deler av fylket
igjenfrosne.
Sangsvanene og andre overvintrande arter, søkjer då utover til Askvika, som p.g.a. saltinnhald og varia- sjonane i tidevatnet har store isfrie parti.
Også stokkand, kvinand og siland overvintrar årleg.
Stokkanda er den talrikaste med 50-100 individ over- vintrande, men i trekktidene er det sett flokkar på over 200 individ i Askvika og Leira.
Også ærfuglen kan vere talrik, flokkar på opptil 150 individ (1975) er sett. Brunnakke er sett i flokkar på 40-50 individ under hausttrekket (1979), brun-
nakke kan også overvintre (1979/80). Av meir sporadiske- observasjonar kan nemnast svartand, sjøorre, havelle
og taffeland. I 1979 vart gravand påvist hekkande ved Leira. I dei seinare åra er denne arten - utanom Leira - berre funnen hekkande på Silda i Vågsøy.
Andre rugande andefuglar er stokkand (10-15 par) og krikkand (2-3 par).
5.3.2. Vadefuglar
Til saman er det registrert 25 arter av vadefuglar i Askvika, Leira og Kyllaren. Trekkruta for vadefuglane ser ut til å gå vest for Askvika, langs den ytr'e skjer- garden. Det har derfor vist seg at verforhOlda er
svært avgjerande for talet på rastande vadefuglar i Askvika og Leira. Mange arter som t.d. tjeld, vipe, raudstilk, brushane, enkeltbekkasin og storspove er
Indv.
200
150
100
50
30
er årleg svært talrike i området.
V H V H V HVH V H V H 1974 1975 1976 1977 1978 1979
Fig. 9 Tjeld Haematopus ostralegus. Største tal (indv.) sett samstundes om våren (mai/juni) og om
hausten (august/september) i Askvika og Leira i perioden 1974-79 (med unntak av 1976 og våren 1977). V = vår, H = haust.
Tjeld er ein av karakterfuglane i området, den kjem tidleg om våren, mange alt i februar,'og held til i området til langt ut på hausten. Tjeld som hekkar i Askvoll-området, nyttar Askvika til næringssøk.
Tida for beiting (særleg i den hydrolittorale sona, sjå fig. 3) er avhengig av tidevatnet, ved fjøre sjø kan det såleis vere flokkar på over 200 individ som søkjer næring i Askvika og Leira. Regulære
næringstrekk er observert både frå aust sør og vest (fig. 9).
Indv.
600
500
400
300
200
100
31 -
VHVHVHVHVHVH
1974 1975 1976 1977 1978 1979
Fig. 10 Vipe Vanellus Danellus. Største tal (indv.)sett samstundes i Askvika og Leira om våren (V) og om hausten (H). Med unntak av 1976 og våren 1977.
Vipe er ein annan av karakterfuglane i området. Fleire par er funne hekkande i Leira. Vipa er talrikast under hausttrekket, flokkar på opptil 600 individ (1977) er observert, men vanlegvis er flokkane på 50-200.individ.
Også under vårtrekket er det store flokkar vipe på næringssøk i Askvika og Leira (fig. 10).
Raudstilk dominerer i hekketida, med opptil 30 par i 1979. Raudstilken held til i Askvika og Leira heile året, mindre flokkar (10-15 individ) overvintrar årleg, i trekktidene er 50-100 individ sett samstundes.
Av bekkasiner er det observert både kvartbekkasin (1975 og 1977) og enkeltbekkasin. Enkeltbekkasin er vanleg rugefugl i området, særleg rundt Leira. I trekktidene er det sett flokkar på opptil 100 individ.
Andre vanlege vadefuglar i trekktidene er myrsnipe, dvergsnipe, gluttsnipe, heilo og tundralo, men talet kan variere sterkt frå år til år, avhengig av fleire faktorar som t.d. hekkesuksess og vertilhøva under trekket.
Av sjeldnare arter kan nemnast temmincksnipe, polarsnipe, tundrasnipe, grønstilk, sotsnipe og sandløper.
Av spovene er det observert tre arter: lappspove, små- spove og storspove. Både småspove og storspove er
funnen hekkande i området rundt Askvika. Storspove kan også overvintre i Askvika.
5.3.3. Måsefuglar
Alle dei vanlege måsefuglane er påvist i området: Svart- bak, gråmåse, sildemåse og fiskemåse.
I Askvika og Leira er den største påviste hettemåse- kolonien i Sogn og Fjordane, opptil 150 individ er
sett samstundes. Det ser ut til at hettemåsebestanden er aukande (fig.11).
Indv.
150
100
50
VZ
1974 1975 1976 1977 1978 1979
Fig. 11 HettemåseLarus ridibundus observert samstundes i Askvika i perioden 1974-79(med unntak av 1976).
Som det går fram av figuren, har det vore ein tydeleg auke i bestanden frå ca. 40 indv. i 1974, til i underkant av 150 indv. i 1979. I Askvika/
Leira-området finn ein den største hettemåse- bestanden i Sogn og Fjordane.
Makrellterne og raudnebbterne vert dagleg sett på næringssøk i sommarhalvåret, opptil 5060 individ samstundes.
5.3.4 Andre våtmarksfu lar
Gråhegre er ein av karakterfuglane i Askvika. .Opptil 30-40 individ er dagleg på næringssøk i området heile året - også vinterstid.
Andre arter som kan nemnast er smålom, dver dykker og flamingo (truleg same individ som heldt til i Leirvågs- vika).
I tillegg er det mange fuglearter som ikkje er direkte avhengige av våtmark, men som 1ikevel i stor grad nyttar Askvika, Leira og Kyllaren som trekk- og rasteplass. Vi kan her nemne arter som linerle, stare gråtrost og
bokfink
T.ndi:Ni;(1 3010.0.
250.C1
2GCIC1
15Ga
1(WO
5(:10
Dato: 1
(fig. 12).
- 34
10 15 20 25
Fig. 12 Stare Sturnus vulgariscbservert i Askvika i september 1977. I trekktidene kan det på ein dag vere fleire tusen spurvefuglar som søkjer næring i Askvika og Leira.
Tabell 1.
Lomar
Observerte fuglearter i Askvika, Leira og Kyllaren i perioda 1974-79.
Teiknforklaring : R = hekking er påvist i området, V = vanleg på næringssøk/beiting i området,
T = arten er observert relativt vanleg i trekktidene vår og haust, 0 = art som er påvist overvintrande i området, S = sjeldan/spordisk i området.
ART STATUS
1. Smålom Gavia stellata Lappdykkerar
2. Dvergdykker Tachybaptes rufico1Zis 0,S Pelikanfuglar
3. Havsule Sula bassana ... S 4. Storskarv Phalacrocorax carbo 0 5. Toppskarv Phalacrocorax aristotelis V,0 Storkefuglar
6. Gråhegre Ardea cinerea V,0 Flamingoar
7. Flamingo PhoeniCopterus ruber Andefuglar
8.
9.
10.
11.
Canadagås Branta canadensis Grågås Anser anser
Sædgås Anser fabalis
Snøgås Anser caeruleRcens
V,0 V,T S S 12. Sangsvane Cygnus cygnus ... 0 13. Gravand Tadorna tadorna .... R,T,0 14. Stokkand Anas platyrhynchos R,V,T,0 15. Krikkand Anas crecca R,T 16. BrunnakkeAnas penelope T 17. Taffeland Aythya ferina S 18. Bergand Aythya marila T 19. Ærfugl Somateria mollissima V,0 20. SvartandMelanitta nigra S 21. SjøorreMe1anitta fusca S 22. Havelle Clangu1a hyemalis S 23. Siland Mergus serrator R,V,0 24. Laksand Mergus merganser 5
ART STATUS Rovfuglar
25. Havørn Haliaeetus albicilla
26. Høsehauk Accipiter gentilis V 27. SpurvehaukAccipi--ter nisus V 28. Vandrefalk Falco peregrinus
29. Dvergfalk Falco columbarius 30. Tårnfalk Falco tinnunculus Høsefauglar
Vannrikse Rallus
31. aquaticus
32. Åkerrikse Crex crex
33. Sothøne Fulica atra S,0 Vadefuglar
34. Tjeld Haematopus ostralegus ... .... R,V,T 35. Sandlo Charadrius hiaticu1a T 36. Heilo Pluvialis apricaria T 37. Tundralo Pluvialis squatarola T 38. Vipe Vanellus vanellus RtV,T 39. SteinvenderArenaria interpres . • • . S 40. Dvergsnipe Calidris minuta T 41. Temmincksnipe Calidris temminckii T 42. Fjøreplytt Calidris maritima ... ... T,S 43. Myrsnipe Calidris alpina . T 44. Tundrasnipe Calidris ferruginea ... T 45. Polarsnipe Calidris canutus T 46. Sandløpar Crocethia alba T,S 47. Brushane Philomachus pugnax T 48. Sotsnipe Tringa erythropus T,S 49. Raudstilk Tringa totanus R,V,T,0 50. Gluttsnipe Tringa nebularia T
51. Grønstilk Tringa glareola . T 52. StrandsnipeTringa hypoleucos R,T 53. Lappspove Limosa lapponica T 54. Storspove Numenius arquata V,T,0 55. Småspove Numenius phaeopus .. ... V,T 56. Rugde Scolopax rusticola . R,T 57. Enkeltbekkasin Gallinago gallinago R,T 58. Kvartbekkasin GalZinago
media
T Måsefuglar59. Tjujo Stercorarius parasiticus • • • • S 60. Hettemåse Larus ridibundus . R,V,0 61. Sildemåse Larus fuscus V 62. Gråmåse Larus argentatus V 63. Svartbak Larus øarinus ... ø V 64. Fiskemåse Larus canus . R,V 65. Krykkje Rissa tridactyla .. ... S
ART
66. Makrellterne Sterna hirundo ...
67. Raudnebbterne Sterna paradisaea Alkefuglar
68. Alkekonge PZautus alle 69. Lomvi Urfa aalge
70. Teist Cepphus grylle Duefuglar
71, Ringdue Columba palumbus' ... . 72. TyrkerdueStrevtopelfa decaocto Gaukfuglar
73. Gauk Cuculus canorus Hgler
74. Kattugle Strix aluco
STATUS V
Spettefuglar
75. Grønspett Picus viridis 76. Gråspett Picus canus
77. FlaggspettDendrocopos major Spurvefuglar
78. SandsvaleRiparia riparia 79. Låvesvale Hirundo rustica 80. Taksvale Delichon urbica 81. SanglerkeAlauda arvensis
V V V V,T 82. TrepiplerkeAnthus triviaZis • • V,T 83. HeipiplerkeAnthus pratensis V,T 84. SkjærpiplerkeAnthus svinoletta • • V,T,0 85. Linerle Motacilla aZba R,V,T 86. Stare Sturnus vulgaris • • • V,T,0 87. NøtteskrikeGarrulus glandarius
88. Skjor Pica pica V
89. Kornkråke Corvus frugilegus • . • . • • •
90. Kråke Corvus corone V
91. Ramn Corvus corax V 92. Fossekall Cinclus cinclus V,0 93. GjerdesmettTrogZodytes troglodytes V,T,0 94. Jernspurv Prunella modularis
95. Gulsanger Hippolais icterina 96. Hagesanger Sylvia borin
97. Munk Sylvia atricapilla S,T 98. Tornsanger Sylvia communis R,V 99. Løvsanger Phylloscopus trochiZus R,V 100. Gransanger Phylloscopus collybita .
ART STATUS 101. Fuglekonge Regulus regulus
102. HageflugesnapperFicedula hypoleuca 103. Grå flugesnapperMuscicapa striata
104. Buskeskvett Saxicola rubetra R,T 105. Steinskvett Oenanthe oenanthe
106. Raudstrupe Erithacus rubecula R,0 107. Gråtrost Turdus pilaris R,V,T 108. Ringstrost Turdus torquatus
109. SvarttrostTurdus merula .... V 110. RaudvengtrostTurdus iliacua R,V,T 111. Måltrost Turdua philomelos V,T 112. Løvmeis Parus palustris
113. Granmeis Parus montanus S 114. Blåmeis Parus caeruleus
115. Kjøtmeis Parus major V 116. Spettmeis Sitta europaea V 117. Trekryper Certhia familiaris
118. Grås-purvPasser domesticus • • . • . • V 119. Bokfink FringiZla coelebs V,T 120. Bjørkfink FringiZla montifringilla V,T 121. Grønfink Carduelis chloris V,T 122. Grønsisik Carduelis spinus V,T 123. Stillits Carduelis carduelis
124. Bergirisk Acanthis flavirostris V 125. Gråsisik Acanthis flammea V,T 126. Dompap Phyrrula pyrrhula
127. Kjernebiter Coccothraustes coccoth S 128. Gulspurv Emberiza leucocepha1a S 129. Sivspurv Emberiza schoeniclus V,T 130. Snøspurv Plectrophenax nivalis V,T
5.4. INTERESSEKONFLIKTAR I OMRADET (UTBYGGINGSINTERESSENE) I brev av 15.01.73 søkte fleire av grunneigarane (Kåre
Frøholm, Elling Strømmen, Arvid Sæter, Anton Fristad) Askvoll jordstyre om å få planlagt senkninQsanlegg
for dyrking av Leira og Askvika.
I brev av 07.10.70 søkte tre valde representantar for grunneigarane (Kåre Frøholm, Arvid Sæter, Jorulf Ask) Sogn og Fjordane Landbruksselskap om å få prosjektet detaljplanlagt og om mogleg samordne planane med veg/
demning over Askvika.
Askvoll kommune kjøpte i 1976 eit område til industri- formål i Olsetvikane på sørsida av Askvika. Etter fram- legg til soneplan skal industriområdet få vegutløysing over Askvika til riksveg 609.
5.4.1. Nydyrkingsinteressene
I 1974 utarbeidde O.H. Fløene eit forslag til forprosjekt for inndemming og tørrlegging av Askvika og Leira
(semesteroppgåve ved NLH, As). Fløene konkluderte med at:
"Det synest økonomisk forsvarleg å tilrå ei inn- demming og turrlegging av Leira og Askvika i Ask- voll kommune etter det omtala alt. I."
Alternativ I ville etter Fløene sine kalkyler fe5re til ein total kostnad på kr. 830.000,-. Med eit innvunne areal på 890 da. ville det bli ei utgift på kr. 932,60 pr. da. etter utrekningane frå 1974.
I 1977 sende Landbruksdepartementet saka over til Institutt for hydroteknikk, Oslo for uttale. I eit revurdert kostnadsoverslag har B. Rognerud kome fram til ein totalkostnad på kr. 2.297.600,- Dette tilsvarar kr. 3.043,- pr. dekar, i tillegg vil det kome kostnader med oppdyrking og kultivering.
5.4.2. Vegplanane
Landbruksdepartementet uttalte i skriv av 15.08.77 at kostnadane er svært høge i høve til nytten. Saka
›skulle derfor leggast fram for kommunen og interessentane til fråsegn på grunnlag av dei nye vurderingane som
var skissert.
Etter dette er interessa for nydyrking i Askvika og Leira sterkt redusert. Så langt ein kjenner til fore- ligg det frå grunneigarane ikkje noko konkret plan om vidareføring av nydyrkingsplanane på det noverande tidspunkt.
Det foreligg to alternativ for vegutløysing til industri- området i Olsetvikane:
Alt. A. Veg over Askvika. Kostnaden er rekna til
kr. 4.255.000,-. Avstanden til Askvoll sentrum blir om lag 2,5 km.
Alt. B. Opprusting av eksisterande veg frå fylkesvegen Straumen/Fjaler grense til Nes. Dette alt.
er kostnadsrekna til kr. 2.340.000,-. Avstanden til sentrum blir om lag 6 km.
Fylkeslandbrukssjefen har gått inn for alt. A., og har fått tilslutning frå fylkeslandbruksstyret og Askvoll jordstyre. Fylkeslandbrukssjefen peikar på at:
"Ved den jordlovmessige handsaminga var det lagt til grunn at tilkomsten skulle vera veg over Ask- vika i samsvar med soneplanforslag for sentrums- området i Askvoll."
Askvoll kommunestyre gjorde i møte den 20.12.79 vedtak om å halde fast ved soneplanen for Askvoll når det gjeld veg til industriområdet i Olsetvikane.
Eit forslag om å utsette saka fall mot 7 røyster.
I saksframlegget frå kontorsjefen i Askvoll (av 04.12.79) er naturverninteressene i området ikkje teke opp til
vurdering. Om årsaka til dette skriv kontorsjefen følgjande:
"Kommuneadministrasjonen har ikkje ressursar og til—
strekkeleg kunnskapar til å kunne gje ei fullnøyande utgreiing av dei interesser som knyter seg til saks—
komplekset."
504 . 3. Industriområdet
1976 kjøpte Askvoll kommune eit areal p5 ca. 290 d . til industriformål i Olsetvikane, vest for Askvika.
Med unntak av to mindre snekkarverksemder som har ytra ønskje om å få tildelt tomt i industriområdet
i Olsetvikane, eksisterar det ikkje konkrete etablerings- planar for industri i området (jfr. utgreiinga frå
kontorsjefen i Askvoll av 04.12.79).
KONKLUSJON
42
'Askvika, Leira og Kyllaren i Askvoll er eit konflikt- område mellom jordbruk, industri-/vegutbygging og naturvern.
Etter normene for vurdering av våtmarksområde (Folke- stad og Suul 1978), skil Askvika, Leira og Kyllaren seg ut som det viktiaaste våtmarksområdet i Sogn oa Fjordane, både med omsyn til kvalitet (tal på arter) o kvantitet (mengde/individ).
Som trekk- og overvintringslokalitet vert kravet til nasjonal verneverdi tilfredsstilt for fleire arter av våtmarksfugl.
Til saman er 130 fuglearter observert, av desse er om lag 60 våtmarksfugl, som er heilt avhengige,av våtmark for å finne næring.
Som naturtype skil Askvika og Leira seg klart ut.
Ikkje berre mellom våtmarksområda i fylket, men også i landsdelen forøvrig, som det einaste estuar av denne storleik.
Planane om vegtras6 over Askvika til industriområdet i Olsetvikane, vil gripe så alvorleg inn i naturtil- høva, at område sin karakter og funksjon vil gå tapt.
Alternative vegtraséar bør derfor vurderast, jfr.
vedtak i Askvoll bygningsråd den 07.11,78 og vurderinga frå rådg. ing. Brügger av 03.10.79.
Askvika, Leira og Kyllaren er eit våtmarksområde av nas'onal verneverdi. Området bør derfor skånast mot alle former for inngrep og vernast som naturreservat etter 8 i naturvernlova.
LITTERATURLISTE
-• 43 -
Asheim, V. 1978. Kulturlandskapets historie. Universitets- forl., Oslo. 156 s.
Den nordiske arb. gruppe vedr. besk. av våte fugle- områder, 1973. Oversikt over vikti e våtmarker i Norden. 336 s.
Fløene, O.H. 1974. Tørrle ing av Askvika oq Leira i Askvoll. (Stensiltrykk).As-NLH. 44s.
Folkestad, A.O. og Suul, J. 1978, Ornitologisk verne- verdige våtmarker. Kriterier for vurderin av verneverdien. (Stensiltrykk). Trondheim. 13 s.
Godø, G. 1977. Trekkfu lregistreringar i Askvika- Leira i Askvoll kommune, So n o Fjordane. (Stensil- trykk). Alesund. 35 s.
Høiland, K. 1976. Marklandskap og brakkvannsområder.
Norsk Natur 12 (nr. 2/76), 36-38.
Munkejord, Aa. 1978. Ra ort fra ornitolo iske våtmarks- undersøkelser høsten 1978 i Askvoll kommune,
So n o Fjordane. (Stensiltrykk). Bergen. 28 s.
Norsk Ornitologisk Forening, våtmarksutvalget 1977.
Våtmarker og vannfugl. Sterna 16, 1-12.
Nævdal, G. 1972. Rasedannelse hos sild og brisling.
Fauna 25, 1 - 17.
Skjerlie, F.J. 1968. The pre-devonian rocks in the Askvoll- Gaular area and adjacent districts, Western Norway. NGU's årbok 1968, 325 - 359.
Willgohs, J.F. 1955. Om forekomsten av en del kyst- og sjøfugl på Vestlandet. Fauna 8, 16 - 27.
Aasen, 0. 1952. The Lusterfjord herring and its,environ- ment. Fisk. Dir. Havunders. 10, 63 s.