Ut og fri
Kjærleiken og den rette i mellomalderballaden
”Friarferda til Gjøtland”
Maria Folkedal
Masteroppgåve
Institutt for lingvistiske og nordiske studier Det humanistiske fakultet
UNIVERSITETET I OSLO
15.mai 2017
Ut og fri
Kjærleiken og den rette i mellomalderballaden
”Friarferda til Gjøtland”
Illustrasjon, framside:
Johanna Bugge Berge: ”Saa kom de til trollheksens gard”.
I Bugge, Sophus & Rikard Berge. 1909. Norske eventyr og segnir. Kristiania: Gyldendalske Boghandel/Nordisk Forlag. S.15.
© Maria Folkedal
2017
Ut og fri: Kjærleiken og den rette i mellomalderballaden ”Friarferda til Gjøtland”
Maria Folkedal
http://www.duo.uio.no
Trykk: Reprosentralen, Universitetet i Oslo
Samandrag
Oppgåva gjev ein filologisk og litterær analyse av mellomalderballaden ”Friarferda til Gjøtland” frå ei balladeoppskrift frå Sunnmøre, frå kring 1612. Balladeoppskrifta ligg i Norsk Folkeminnesamling i samlinga etter Sophus Bugge, og dette prosjektet løftar slik fram litt av arven etter han. Oppskrifta er ei av dei eldste me har bevart i Noreg, og er den einaste av balladetypen. Ho er òg truleg avskrift av ei eldre oppskrift med gamal, norsk språkform.
Slik er ein sentral del av oppgåva vigd til ordtilfanget og tolking av strofene i manuskriptet, medan den andre hovuddelen omhandlar ein analyse av handlinga knytt til mellomalderleg kjærleiksdiskurs og førestillingar om den rette.
I oppgåva etablerer eg balladeteksten på grunnlag av min eigen transkripsjon av
manuskriptet, og gjev språklege kommentarar til denne. Vidare forsøkjer eg å kaste ljos over den kristen-høviske kjærleiksforståinga balladen tek opp, og kva funksjon kjærleiken har i handlinga. I analysen nyttar eg strukturalistisk teori, mellom anna aktantmodellen til A.J.
Greimas, ved sida av folkloristisk teori, balladeteori, og samanlikning med norrøn dikting og andre balladar. I balladen er den kjenslestyrte kjærleiken knytt til det gode, og til lagnaden, og forelskinga får ein magisk funksjon i handlinga. Når to er rette for kvarandre er ingenting umogleg, og alle gode krefter verkar saman for å la forelskinga oppfyllast. Innhaldet og forma til balladen peiker på same tid framover og bakover i litteraturhistoria. Den kristen- høviske kjærleiksdiskursen, og biletet som vert teikna av det å vera rette for kvarandre, viser ei tydeleg line fram til vår tids førestillingar om den rette, og den romantiske kjærleiken, medan forma, ordtilfanget og motiva i balladen peiker bakover mot norrøn tid. Sentralt i analysen står òg ei samanlikning med balladen ”Ungan Svegder” (TSB A45) som "Friarferda til Gjøtland" kan sjå ut til å vera ein parallell til.
Eg avsluttar med å inkludere mi eiga musikalske tolking av balladen på CD bakerst i
oppgåva, fordi eg meiner ein mistar ei sentral side ved balladesjangeren som litteratur om me gløymer den lydlege sida. Balladane er både tekst og melodi, og det er det viktig at forskinga òg vitnar om.
Føreord
Eg veit ikkje heilt når ideen til denne oppgåva byrja å ta form. Det kan ha vore då eg byrja å krulla på tonen når eg song ”Nøringen” som lita, det kan ha vore då eg kveda songar
heimefrå i ein badestamp full av medstudentar på Island, eller då eg enda med å bruke 10 minutt av tida på munnleg eksamen i norrøn litteratur til å snakke om balladar i staden for høviske riddarromanar. Sjølvsagt måtte masteroppgåva mi handle om balladar! Å arbeide med materialet etter Sophus Bugge er utfordrande og spennande, og det er ekstra stas når ein kvar dag kan passere ein kopi av "Friarferda til Gjøtland" som står utstilt på veg til
leseplassen. Ikkje minst er det stas å føre opp Bugge, Sophus på litteraturlista etter 5 år i huset som er kalla opp etter han. Det har vore ei glede å få bruke eit heilt år på å fordjupe meg i eit stoff som gjev meg så mykje glede!
Oppgåva hadde ikkje vorte kva ho er utan god hjelp frå fleire hald. Fyrst vil eg takke
rettleiaren min, Jon Gunnar Jørgensen, for tålmodig, inspirerande og oppmuntrande rettleiing.
Eg set stor pris på at du tok interesse i prosjektet frå fyrste stund, og for hjelpa med å finne fram til akkurat denne balladen. Kvart besøk på kontoret ditt har vore interessant og lærerikt, og eg har meistra ting eg ikkje trudde eg skulle gjere på førehand, særleg innan tekstkritikk og transkribering som var eit heilt nytt felt for meg. Eg ynskjer òg å takke Norsk
Folkeminnesamling ved Line Esborg, for at eg fekk sleppe inn i arkivet og ta ein kikk på originalmanuskriptet. Ein takk vil eg òg sende til Berit Opheim for kyndig og god hjelp med melodisetjinga av balladen, og spennande timar på Master Class Hardanger Vokal. Vidare vil eg takke mine flinke produsentar og vener, Teresia Aarskog og Kristoffer Osen for
køyreturen langs norskekysten, synging av rar o i klesskåpet, og stort tålmod med innspeling og etterarbeid. Ein særleg takk går òg til Johanne Fjesme Nakrem for baroneske lunsjar, oppmuntrande ord, kritisk blikk og gjennomlesing (sjølv om eg ikkje alltid var like flink til å ta rettleiinga di).
Takk til alle dykk andre som har vore til stade for lange lunsjar, hyggelege turar og som har hjulpe meg med både oppmuntrande ord og distraksjon. Og heilt til slutt, takk til deg som les denne oppgåva!
Maria Folkedal
Sophus Bugges hus, 8. mai 2017.
Innhald
1 Innleiing ... 1
2 Mellomalderballaden ... 6
2.1 Dei fyrste balladane si tid ... 7
2.1.1 Litterær interesse i høgmellomalderen ... 7
2.1.2 Ei dansk blømingstid for balladane ... 9
2.1.3 Den nordiske balladen sitt opphav? ... 12
2.1.4 Andre mellomalderkjelder ... 15
2.2 Balladesjangeren ... 16
2.2.1 Munnleg og skriftleg? ... 16
2.2.2 Form, stil og innhald ... 18
2.2.3 Kategorisering av balladane ... 23
2.2.4 Melodiane ... 25
3 Balladeoppskrifta ... 26
3.1 Ei balladeoppskrift frå kring 1612 ... 26
3.2 Tekstfilologi og paleografi ... 29
3.3 Manuskriptet ... 31
3.3.1 Å lese manuskript frå 1600-talet ... 32
3.3.2 Transkripsjon ... 33
3.3.3 Språklege kommentarar ... 38
3.3.4 Korleis lese balladeoppskrifta? ... 40
4 Å finne si jamne. Ein analyse. ... 45
4.1.1 To kjærleiksdiskursar: Heroisk og høvisk kjærleik ... 45
4.1.2 Handling ... 48
4.2 Aktantanalyse ... 49
4.2.1 Aktantmodellen ... 50
4.2.2 Aktantane i "Friarferda til Gjøtland" ... 52
4.3 Nærlesing ... 57
4.3.1 Omkvedet ... 57
4.3.2 Innleiing ... 61
4.3.3 Ut på sjøreise ... 63
4.3.4 Heltereisa ... 65
4.3.5 Frieri ... 68
4.3.6 Giftarmål og avslutting ... 73
4.3.7 Gjøtland ... 75
4.4 Diskusjon: Alt er mogleg for den rette ... 75
4.4.1 Til heidenske land for å vinne den rette ... 76
4.4.2 Vågemotet og kjærleiken ... 79
4.4.3 Ein norsk parallell til ”Ungan Svegder”? ... 81
4.4.4 Å finne si jamne ... 84
4.5 Melodisetjing ... 87
5 Oppsummering og avslutting ... 90
Litteraturliste ... 93
Vedlegg / Appendiks ... 99
1 Innleiing
Mellomalderballadane fortel om liva til menneske i ei heilt anna tid med heilt andre kulturelle føresetnader enn vår. Dei har framleis relevans gjennom evna si til å røre hjarta våre med historiene dei fortel om alle aspekt ved menneskelivet: livsglede, religion, sorg, kjærleik og død, og gjennom korleis dei opnar døra inn til ei anna tid. Sigrid Undset har skrive: ”Ti sed og skikk forandres meget, alt som tiderne lider, og menneskets tro forandres og de tenker annerledes om mange ting. Men menneskenes hjerter forandres aldeles intet i alle dager”
(Undset 1953:256). I balladediktinga møter ein tapre riddarar, kongssøner og vakre jomfruer som søkjer etter kjærleiken, eller vinn han på livsvegen etter å ha meistra ulike utfordringar og vist seg som verdige. Tradisjonen skildrar reisa der heltane går tragiske eller lukkelege mål i møte, og må nytte seg av kløkt, magiske gjenstandar og vågemot for å nå målet. Men trass alt er utfallet av reisa likevel gjerne utanfor helten sin kontroll, for lagnaden har sitt å seie. I Soga om Tristram og Isond drikk Tristram kjærleiksdrikken som flettar saman lagnaden hans med Isond, og elden opnar seg for helten Sigurd Fåvnesbane som rir for å hente Brynhild frå slottet i Soga om volsungane. Det kan verke som om forelskinga vinn over alle hinder når ein møter den rette.
I april 1868 mottok professor Sophus Bugge eit brev frå Sunnmøre som fortalde om ”(…) et gammelt Papir, som jeg kom over paa en Gard her i Præstegjeldet just som man var ifærd med at brænde det” (Blom & Bø 1973:61). Det gamle papiret viste seg å vera ei
balladeoppskrift på 33 strofer om ei farleg friarferd til det heidenske landet Gjøtland. Ved sida av Sophus Bugge sitt store arbeid innan norrøn filologi og runeforsking, var han òg ein autoritet innan norsk folkeviseforsking i samtida si (Askedal 2012:239-240). Difor var det naturleg at brevskrivaren, Jakob N. Kobberstad, valde å sende balladeoppskrifta til han for hjelp til å tolke innhaldet i oppskrifta, som seinare fekk namnet ”Friarferda til Gjøtland”
(TSB E 72). Balladeoppskrifta er frå kring 1612, den einaste av sin type, og ei av dei eldste me har bevart i Noreg (Fet 1993). Ho peiker framover i tradisjonen mot velkjende og framleis mykje sungne viser som til dømes ”Bendik og Årolilja” (TSB D 432) og ”Liti Kjersti” (TSB A 54), men òg bakover i litteraturhistoria mot mellomalderen og den norrøne litteraturen, gjennom form, innhald, symbolikk, formlar og motiv. Mellomalderballadar kan slik sett sjåast som eit band som knyt den norske litteraturhistoria, frå norrøn tid til i dag, saman til ei samanhengande historie. Professor i norrøn filologi, Else Mundal skriv:
Dersom vi har ubrotne litterære liner som fører frå nyare tid og attende til
mellomalderen, så går desse gjennom folkediktinga. (…) Og kanskje burde vi vurdere å gje denne tynne og veike samanhengande litterære lina i litteraturhistoria vår ein sjanse til å verte synleg innanfor morsmålsfaget ved sida av den storslegne falske litterære konstruksjonen frå førre hunderår? (Mundal 1996:53).
Balladane vidarefører motiva me kjenner frå norrøn dikting og høvisk litteratur, i ny form og med gradvise samfunnsmessige tilpassingar. Slik er det interessant å studere trekk frå norrøn litteratur som eddadikt og soger i balladediktinga, og kaste ljos over lina av kontinuitet i den norske litteraturhistoria. Eit døme på eit slikt arbeid er Sophus Bugge si samanlikning av eddadikta Grógaldr og Fjölsvinnsmál og balladen ”Ungan Svegder”, som illustrerte korleis historia frå dei to eddadikta, som Bugge samla gav namnet Svipdagsmál, hadde vorte bevart i balladeform (Bugge 1861).
Presentasjon av prosjektet
Gjennom dette prosjektet ynskjer eg å ta opp att 33 strofer av arven etter Sophus Bugge.
Balladeoppskrifta til "Friarferda til Gjøtland" ligg i samlinga etter han i Norsk
Folkeminnesamling på Universitetet i Oslo, og få har høyrd om ho. Det har vore skrive tre doktoravhandlingar om balladar i Noreg: Knut Liestøl si Norske trollviser og norrøne sogur i 1915, Ådel Gjøstein Blom si Norsk legendevisemateriale – en muntlig overlevert diktning.
Studie over formler og litterær innvirkning frå 1984 og Olav Solberg si Den omsnudde verda.
Ein studie i dei norske skjemteballadane frå 1993. Trass i den store mengda forsking på ballade-emnet, har "Friarferda til Gjøtland" enda ikkje fått sin plass i verken
doktoravhandlingar eller masteroppgåver. Eg ynskjer å bøte på dette, og sjå kva balladen har å fortelje oss. Folkeminnesamlar Magnus B. Landstad skildra innsamlingsarbeidet av dei norske folkevisene slik: ”(…) at redde et gammelt Familiesmykke ut af det brændende Huus”
(Landstad 1968:4). Det er mange år sidan norske folkeviser hadde sin gullalder i nordisk litteraturforsking. På Universitetet i Oslo har folkevisene berre plass på til saman 45 minutt av innføringsemnet i nordisk litteratur. Eg ynskjer å hente fram att dei norske folkevisene, det gamle familiesmykket, frå den akademiske gløymsla, og håpar dette prosjektet kan vera eit bidrag til det.
Kjærleiken er eit av dei store emna til balladane. Han har vore eit sentralt tema i nordisk litteratur frå dei fyrste runepinnane, til eddadikta, og til dei seinaste samtidsromanane.
Litteratur som omhandlar kjærleiken på ein eller annan måte, er litteratur som òg angår alle
menneske. I arbeidet med "Friarferda til Gjøtland" ynskjer eg å sjå på funksjonen til
kjærleiken, og framstillinga av den rette i balladen. Kva rolle har kjærleiken? Kva vil det seie å vera rette for kvarandre? Skal kjenslene avgjere, eller spelar andre faktorar ei viktigare rolle i kven me giftar oss med? Gjennom samanlikning med anna dikting, og arbeid med
strukturalistisk-, folkloristisk- og filologisk teori og metode vil eg diskutere kva
kjærleiksdiskurs balladen er ein del av, og kva det kan fortelje oss. Ein diskurs kan sjåast som ein særleg måte å omtale noko på innan ei bestemd kunnskapsramme, til dømes i eit samfunn (Foucault 1972:193). Synet på den kjenslestyrde kjærleiken, ekteskapet og den rette i
litteraturen til eit samfunn, kan vise oss korleis verdiar og normer som kan verke sjølvsagte og allmenngyldige, òg endrar seg med tida, og får sin plass i diskursen litteraturen er del av. I drøftinga vil eg nytte Bjørn Bandlien (2001) sine omgrep heroisk kjærleik, høvisk kjærleik og samtykke frå analysen hans av kjærleiksdiskursar i norrøn mellomalder. Eit slikt fokus vil ikkje sette meg i stand til å seie noko om balladesjangeren eller kjærleiksdiskursen som heilskap, men oppgåva kan gje ny kunnskap om denne eine balladen og samanhengen han står i.
Vidare vil eg leggje vekt på å framheve samanhengen balladen har til anna, eldre, dikting. I samanlikninga vil eg sjå på førestillingane knytt til mellom anna kjærleiken, lagnaden og den rette i andre balladar, soger, og i Edda-dikt som til dømes Skirnesmål. Eit særleg fokus vil vera på samanhengen mellom forteljingane som vert fortalte i "Friarferda til Gjøtland", eddadikta Grógaldr og Fjölsvinnsmál (Svipdagsmál) og balladen ”Ungan Svegder”.
Samanlikning med andre diktingar meiner eg både kan bidra til å kaste ljos over kjærleiksdiskursen i den einskilde balladen, og vidare til å illustrere korleis den norske litteraturhistoria utgjer ei ubroten, litterær line med balladar og anna folkedikting som raud tråd.
I The Types of the Scandinavian Medieval Ballad (TSB-katalogen) vert dei nordiske mellomalderballadane kategorisert etter tematiske kriterium. "Friarferda til Gjøtland" er kategorisert som ei kjempevise, og i den typen balladar er det vanleg at kamp og vågemot står meir sentralt enn til dømes kjærleiken. Ei grunnleggande hypotese i denne oppgåva vil vera at vågemotet og kjærleiken er nært samanfletta i "Friarferda til Gjøtland", og at kjærleiken og tanken om den rette, er framstilt som idealet i handlinga. I analysen av teksten vil eg ta utgangspunkt i problemstillingar knytt til kva funksjon kjærleiken har i balladen, kva slags kjærleiksdiskurs han er ein del av, og korleis dette kjem fram i teksten. Ei overordna
problemstilling vil vera: Korleis kjem kjærleiken til syne i "Friarferda til Gjøtland", og kva forståing av kjærleiken og den rette formidlar balladen? For å gje eit svar på desse spørsmåla arbeider eg med fylgjande underspørsmål:
1. Kva driv handlinga i balladen?
2. Korleis er kjærleiken formulert i balladen, og kva funksjon har han?
3. Kva kjærleiksdiskurs er balladen del av? Kan ein sjå dette i samanheng med liknande innhald i andre balladar og anna dikting?
4. Kva vil det seie å vera jamne? Korleis definerer balladen den rette?
Til slutt vil ein del av analysen vera utforma i mi eiga melodisetjing og framføring av balladen. Med dette ynskjer eg å illustrere korleis balladeteksten aleine ikkje er ein heilt fullenda ballade. Balladane er òg knytt til ein melodi- og songtradisjon som kan bidra til å fortelje ei lydleg forteljing ved sida av, og som del av, handlinga som står skriven i sjølve balladeoppskrifta. Ein ballade er ikkje ein reint litterær sjanger eller ein musikksjanger, men noko midt mellom; han er både tekst og melodi. Dette er det viktig at òg forskinga på balladar tek opp i seg.
Manuskript, tekstmateriale og metode
Materialet for undersøkinga er faksimilar av originalmanuskriptet frå Norsk
Folkeminnesamling (Vedlegg 1). Det finst fleire transkripsjonar av oppskrifta, men for å kunne kome under overflata til kjeldeteksten, og for å kunne uttale meg om kva som står der med tyngd, har eg valt å leggje fram min eigen. Dette er særleg viktig fordi balladeoppskrifta fleire stader er vanskeleg å lese, og det slik kan finnast ordformer som er feiltolka i tidlegare transkripsjonar, eller som kan lesast på ein ny måte med friske augo. Tolkinga eg legg til grunn for analysen er difor heilt mi eiga, sjølv om ho i all hovudsak ligg svært nært opp til tidlegare transkripsjonar.
Vidare har eg nytta TSB-katalogen for utval av tekstmateriale til samanlikning med andre balladar. Norsk Visearkiv si utgjeving av Norske mellomalderballadar – Tekstar på
bokselskap.no har òg vore viktig i utvelginga. Utgjevinga er ein del av Balladeprosjektet som vart ferdigstilt i november 2016, og som har gjeve Noreg ei eiga vitskapleg kjeldeutgåve av tekstane og melodiane til mellomalderballadane. E-bokutgåva med tekstane gjev ei grundig
innføring, ikkje berre i kjeldekritiske utgåver av tekstvariantane, men òg ei innføring bakgrunnen til dei ulike balladane.
Sidan ”Friarferda til Gjøtland” berre finst i ei einaste oppskrift, er tekstutgåva sjølvsagt monotypisk. I arbeidet med balladeoppskrifta vil eg nytte tekstkritisk metode for å etablere teksten. Vidare vil eg i den litterære analysen nytte strukturalistisk teori og metode for å diskutere funksjonane dei ulike elementa i teksten har, særleg språkforskar Algirdas. J.
Greimas sin aktantmodell for å kartlegge karakterane og deira funksjonar. Eg vil òg gjere ei nærlesing kor eg tek i bruk både folkloristiske teoriar, filologisk metode og balladeteori for å tolke einskildstrofene, og å kaste ljos over sentrale element for diskusjonen kring
kjærleiksomgrepet i balladen. I diskusjonen nyttar eg Michel Foucault si forståing av ein diskurs som ein særskild måte å omtale eit fenomen på innan ei gitt kunnskapsramme (Foucault 1972:193).
Inndeling av oppgåva
Kapittel 2, Mellomalderballaden, startar med å ta føre seg koplinga balladesjangeren har til mellomalderen. Kapitlet er innleidd med ei skildring av dei fyrste balladane si tid, og tek mellom anna føre seg teoriar knytt til opphavet til sjangeren, og bakgrunnen for innsamlings- og dokumenteringsarbeidet av kjeldene me har bevarte i dag. Vidare gjev kapitlet ei utgreiing om balladesjangeren; om form, stil, innhald, kategorisering og melodiar. I kapittel 3,
Balladeoppskrifta, tek eg føre meg manuskriptet og tidlegare forsking, før eg legg fram min transkripsjon av balladeoppskrifta og språklege kommentarar og drøftingar til denne. I kapittel 4, Å finne sin jamne, ein analyse, tek eg føre meg kjærleiken og den rette i balladen.
Kapitlet er delt i fire. Fyrst kjem ein aktantanalyse som diskuterer funksjonar knytt til ulike element i handlinga, og korleis dei driv ho framover mot avsluttingsstrofene. Vidare fylgjer ei nærlesing, kor eg drøftar omkvedet og strofene med hjelp frå, mellom anna, balladeteori. I den tredje delen drøftar eg funna frå dei to føreliggande delkapitla opp mot anna dikting.
Sentralt her står ei samanlikning av balladane "Friarferda til Gjøtland" og ”Ungan Svegder”
som parallellballadar, og drøftinga av kjærleiksdiskurs og forståinga av det å vera rette for kvarandre. Til slutt fylgjer ein del om melodisetjing av balladen, og argument for relevansen av innspelinga for denne masteroppgåva. Eg avluttar oppgåva med ei oppsummering av dei viktigaste funna og avrunding av oppgåva i kapittel 5.
2 Mellomalderballaden
Folkevisene har sprunge ut frå livet, kvardag og fest, og sidan vorte overleverte gjennom generasjonar. Mellom sjangrane i den norske, vokale folkemusikken reknar ein bånsullar, stev, lokkar, religiøse folketonar, bygdeviser, skillingsviser, arbeidssongar, og til slutt:
balladar (Stubseid 1993:203). Balladen er ei forening av det episke, dramatiske og lyriske.
Han er epikk, forteljande dikting, og fortel ei historie gjennom dramaet si veksling mellom motiv og dialog. Det lyriske kjem til syne i strofeforma, stilen og omkvedet.
Balladesjangeren har opphav i mellomalderen, og somme av balladane har truleg levd i skriftleg og munnleg tradisjon heilt frå slutten av 1200-talet. Overleveringa har skjedd gjennom synkron og diakron spreiing, frå individ til individ, og frå generasjon til generasjon.
Sjølv om musikalske og språklege endringar med visse har skjedd, er balladane framleis kjenneteikna av alderdommeleg form og innhald. Dei er lengre, episke viser, og er bygde opp av ord og formlar som tydeleg er gamle. Balladeuniverset inviterer inn i ei mellomalderleg førestillingsverd, og innhaldet kretsar kring hendingar henta frå mellomalderen si
historieforteljing og folkedikting. På grunn av den antekne høge alderen til balladane, er det kanskje denne sjangeren innan vokal folkemusikk som har fått mest merksemd i folklore- forskinga (Blom 1971:9-10).
I Skandinavia er det vanlegast å nytte ordet ballade i samband med dei eldste folkevisene me kjenner, òg kalla mellomalderballadane. Ordet ballade kjem frå det latinske ordet ballare, som tyder ’å danse’ (Blom 1971:16). Om ein snur seg til færøysk balladetradisjon stemmer det godt at balladane kan kallast danseviser. I mellomalderen, og truleg i ubroten tradisjon heilt fram mot vår tid, har det vore vanleg at balladane vert både dansa til og improvisert over på Færøyane (Solberg 2016: 2. avsnitt). Dei færøyske balladane er kjenneteikna ved at dei har svært lange omkved som alle dansarane syng saman, truleg for at forsongaren skal få pusterom til å hugse teksten vidare. Dei er nemleg òg gjerne kjenneteikna ved at dei er svært lange, mange har gjerne over 100 strofer (Colbert 1989:58-63). Denne færøytradisjonen har teke vare på svært mange balladar, langt fleire enn me har bevarte her i Noreg. Truleg har bruken av balladar som danseviser, ved sida av skriftfesting, bidrege som stønad for overleveringa av balladetekstane. I Noreg har me derimot ingen dokumentasjon på at
balladedans har hatt ei stor rolle før Hulda Garborg grunnla moderne songdans etter færøysk
tradisjon kring 1900 (Solberg 2011:69). Her kan balladane ha vorte overleverte på andre måtar, gjennom munnleg og skriftleg tradisjon.
2.1 Dei fyrste balladane si tid
Balladesjangeren me kjenner frå oppskrifter i dag, har røtene sine i mellomalderen. I Noreg reknar me denne perioden frå om lag år 1000 til 1500, og deler den inn i tidleg mellomalder, høgmellomalder og seinmellomalder. Høgmellomalderen er sett til kring 1130-1350 (Helle 1995:79), og er truleg dei fyrste balladane si tid.
2.1.1 Litterær interesse i høgmellomalderen
þvíat þat er raunar, at allra manna vit er minna en þeirra, er af bókum taka mannvit, þvíat þeir hafa flest vitni til sins fróðleiks, er bezt eru lærðir (…) ok ef þu vilt verða fullkominn í fróðleik, þá nemdu allar mállyzkur, en allra helzt latinu ok völsku, þvíat Þær tungur ganga víðast, en þó tyndu eigi at heldr þínu máli eða tungu1 (Konungs Skuggsjá 1848:6).
Teksten ovanfor er henta frå Konungs Skuggsjá (Kongespeilet), eit verk som truleg vart skrive i Noreg i høg-mellomalderen, kring 1250 (Bagge 2000a:XI). I innleiingskapitlet skriv forfattaren at verket skal lesast av den som ynskjer å læra om god sed, høvisk åtferd og fagert, passande språk, og at denne kunnskapen kan sjåast i verket. ”(…) þá mun hann þar finna ok sjá í bókinni svá sem margar líkneskjur eða allskyns smiði í skírri skuggsjá”2 (Konungs skuggsjá 1848:2). Kongespeilet speglar samfunnet og samtida det vart skrive i, og gjev eit bilete på korleis forfattaren, eller kan hende oppdragsgjevaren hans, meinte
samfunnet skulle vera. Kring 1250 var Håkon Håkonsson konge i Noreg, og innhaldet i verket gjev skildringar av politiske og kulturelle høve som kan passe godt inn i biletet av Håkon Håkonsson sitt Noreg.
Høgmellomalderen var ikkje berre ei politisk stordomstid for Noregsveldet og kongemakta, det var òg ein kulturell gullalder. I Kongespeilet er det kanskje den store interessa for lærdom, og skildringane av høvisk framferd, som er særleg interessante for å danne seg eit
1 For det er en alminnelig erfaring at de som får kunnskapen sin av bøker, de har mer forstand enn alle andre, og de som er best lært, har flest bevis for sin kunnskap (…) Og om du vil bli fullkommen i kunnskap, så lær deg alle språk, men aller helst latin og velsk, for med de språkene kommer en lengst. Men glem likevel ikke ditt eget morsmål (Kongespeilet 2000:12).
2 (…) han skulle finne det og se det i boken på samme måten som en ser mange bilder eller allslags kunstverk i et klart speil (Kongespeilet 2000:5)
bilete av tida balladesjangeren stammar frå. I sitatet ovanfor fremjer forfattaren bokleg lærdom og kunnskap om språk som noko særleg. På 1200-talet vaks Bergen fram som den viktigaste byen i Noreg når det gjaldt handel og kulturell kontakt utafor landegrensene.
Litteratur vart nedskriven og omsett på kongeleg initiativ, og praktbygg som Håkonshalla i Bergen vart bygde. Ein grunn til dette var kanskje at det var sett som viktig å halde tritt med utviklinga elles i Europa. Noreg stod i særleg nært samband med Storbritannia, og det var stor kontakt mellom landa. Vidare kunne diktinga bidra til å kaste glans over det kongelege hoffet, og presentere høvisk skikk, slik til dømes Kongespeilet har som føremål å gjere (Bagge 2000a:XII).
Kjærleiken til morsmålet som me ser i sitatet frå Kongespeilet, ligg òg i den store
omsetjingslitteraturen som finst frå høg-mellomalderen. Europeisk litteratur vart omsett til norrønt språk og stil, slik at den vart tilgjengeleg og kunne lesast høgt ved hoffet (Bagge 2000b:187-189). Frå denne omsette riddardiktinga kjenner me til dømes Soga om Tristram og Isond, som vart omsett av Broder Robert på initiativ av Håkon Håkonsson i 1226 (Soga om Tristram og Isond 2003:43). Kjærleikssoga er eit tydeleg døme på den norske, høviske litteraturen. Andre kjende verk er Strengleikar, Ivens saga, Soga om Elis og Rosamunde som vart omsette frå europeiske førelegg, kompilasjonen Didriks saga, og Kongespeilet (Eriksen 2012:164-165). Litteraturen som vart skriven og omsett i høgmellomalderen var variert, og kunne handle om politikk, stat, danning, moral, religion og tru, kjærleik og personlege verdiar.
Litterær interesse hjå dei norske kongane var ikkje noko nytt i Håkon Håkonsson sitt
Noregsvelde, og svann heller ikkje hen med hans død i 1263. Det litterære miljøet ved hoffet vart vidareført av sonen Magnus Lagabøte. I Mennesket i middelalderens Norge skriv
historikar Sverre Bagge at det det litterære miljøet kring Håkon og Magnus forsøkte, og på mange måtar lukkast med ”(…) å forene tradisjonelle norrøne og europeiske kulturtradisjoner og tilpasse den gamle litteraturen til en ny tid” (Bagge 2000b:190). I den høviske litteraturen, og seinare, balladane, ser ein tydeleg denne sameininga. Vidare er dronning Eufemia, gift med Håkon V. Magnusson, kjend for sine litterære interesser. På hennar tid, kring 1300, var det Oslo som hadde vorte den politisk viktigaste byen i Noreg, og maktsentrumet var flytta frå Bergen grunna Noregsveldet sine ambisjonar utanfor grensa mot sør og aust (Bandlien 2012:21). I samband med ekteskapet mellom dottera Ingebjørg, og den svenske hertugen Erik Magnusson, fekk Eufemia omsett dei norrøne prosatekstane Hertig Fredrik av Normandie,
Herr Ivan Lejonriddaren og Flores och Blanzeflor til svenske viser. Desse vert kalla Eufemiavisene. Omsettinga av desse riddarromanane kan sjåast som eit høgdepunkt for den høviske stilen, samtidig som den er knytt til slutten av den norrøne sagatradisjonen (Bandlien 2012:22).
Den høviske litteraturen gjekk inn som del av den gamle tradisjonen med skaldedikting og sagaforfattarar som skreiv om kongen sitt liv og gjerningar. Sterkt framtredande ved denne tradisjonen var at litteraturen, trass i at den vart skriftfest, likevel var del av ein type munnleg kultur gjennom høgtlesing ved hoffet, og vidare munnleg spreiing frå dette miljøet. Til dømes kan ein sjå på det episodiske preget og vektlegginga av ytre handling og dramatikk i
riddardikting som Soga om Tristram og Isond, at folk flest truleg fekk inn diktinga via øyra, som munnleg dikting (Solberg 1999:62). Ved sida av den norrøne litteraturen, har balladane funne mykje av innhaldet og stilen sin i denne høviske diktinga, og mange av emna for balladane er truleg henta frå litteraturen som vart lesen høgt ved det norske hoffet. Truleg er det i dette litterære miljøet at den nordiske balladesjangeren har blitt forma, og hentar
forteljingane sine frå. Dette talar òg for at sjangeren i Noreg kan ha hatt opphavet sitt i skrift.
1300-talet er truleg balladen sitt fyrste og kanskje største hundreår i Noreg (Solberg 1999:71).
2.1.2 Ei dansk blømingstid for balladane
Noregsveldet vara ikkje evig. I historieverket Om Norgis Rige, skrive i 1567 av prest og historikar Absalon Pedersøn Beyer, skildrar han Noreg si historiske utvikling gjennom poetisk skildring av landet. Han gjev Noreg liv gjennom menneskjeleggjering. Landet har hatt ein barndom, eit vaksenliv, og er i 1567 inne i alderdommen. Den store manndommen til Noreg, gullalderen, var under dei gamle norske kongane, som Håkon Håkonsson: ”Da
begynte Norge at faa øgen oc saag sig vide om: da var hun udi act oc ære, da havde hun en guldkrone paa sit hovit, oc en forgylt løve med en blaa øxe” (Beyer 1928:33). I kontrast til denne skildringa set Beyer tida han sjølv lever i, og Noreg under danske kongar: ”Derfore daa begynnis her Norgis alderdom, fordi hun blev saa gammel, kold oc ufructsommelig, at hun kunde icke nu føde sjelf kongebørn, som skulle vere hennis regentere. Hennis adel, gode kemper oc stridsmend fulle henne ifra” (Beyer 1928:40). Mot slutten av mellomalderen var gullalderen til den norske adelen og kongerekka altså over. Det såg derimot lysare ut i Danmark, kor 1500- og 1600-talet vart ei blømingstid for balladar og riddardikting. Som del
av styrkinga av den danske kongemakta og staten oppstod det ny interesse for
balladediktinga. Denne perioden kallar balladeforskar Bengt R. Jonsson for Danmark sitt seconde chevalerie (Solberg 1999:93).
I boka The Birth of the Ballad (1989) deler balladeforskar David Colbert den danske renessansetradisjonen i to, med Anders Sørensen Vedel si It Hundrede vduaalde Danske Viser, den såkalla Hundreviseboka, frå 1591 som sentrum (Colbert 1989:30). Frå perioden før Vedel si trykte visesamling kjenner me einskilde handskrivne manuskript og visebøker. I denne perioden, kring 1550-1590, vart det populært å skrive ned viser i eigne songbøker i miljøet ved hoffet, og vidare i adelen. Hjertebogen, som har fått namnet fordi den er forma som eit hjarte, er den eldste kjelda me kjenner frå denne perioden, og inneheld fleire balladar og kjærleiksvers. Den andre perioden, frå 1590-1700, var prega av meir vitskapleg,
systematisk innsamling av balladar, mellom anna gjort av Vedel og Peder Syv. Anders Sørensen Vedel vart den fyrste som samla nordiske mellomalderballadar som historiske kjelder. Hundreviseboka sitt fulle namn er It Hundrede ndvaalde Danske Viser om
allehaande Merckelige Krigs Bedrifft, oc anden seldsom Eventyr, som sig her udi Riget Ved Gamle Kemper, Naffnkundige Konger oc eller fornemme Personer begiffvet hafver aff Arilds Tid indtil denne nærværendis Dag, og boka inneheld det den omfattande tittelen tilseier: om lag hundre utvalde balladar frå gamle tider (Vedel 1664). Denne balladesamlinga vart verande eineståande fram til Peder Syv si utvida utgåve frå 1695 med kallenamnet
Tohundreviseboka, som inneheld ”Et hundrede udvalde Danske Viser (…) forøgede med det andet Hundrede Viser” (Syv, 1695). Det er tydeleg at Hundreviseboka har vore både
etterspurd og populær, for ho har vore utgjeven fleire gonger i tida mellom 1591 og 1695.
Utgåva som er nytta her er til dømes gjeven ut i 1664 i Christiania, noko som òg kan tyde på at det har vore stor balladeinteresse i Noreg, så vel som i Danmark.
Denne danske renessansetradisjonen har truleg bidrege til at svært mange balladar som elles hadde gått tapt, har vorte bevarte (Colbert 1989:30-45). I Noreg kan me ikkje vise til ei like tidleg innsamling som i Danmark, og i denne perioden dikta i tillegg den viseinteresserte adelen fleire nye balladar. Truleg er det difor Danmark sitt ballademateriale er så mykje meir omfattande enn det norske. (Solberg 1999:72). Forskingsarbeidet frå perioden la grunnlaget for seinare nasjonalromantiske storverk som Sven Grundtvig si Danmarks gamle Folkeviser frå 1824-1883, med vitskaplege utgåver av danske balladeoppskrifter.
Det er truleg frå denne danske renessansetradisjonen at inspirasjonen til å skrive ned balladen
"Friarferda til Gjøtland" har kome. I artikkelen ”Friarferda til Gjøtland. Ei balladeoppskrift frå Volda frå før 1612” skriv Jostein Fet om korleis interessa for viser gradvis breidde seg til Noreg i nedskrivaren av balladen si samtid. Her føreslår han at ein storbonde i Bjørkedalen på Sunnmøre, området der balladeoppskrifta vart funnen i 1868, er nedskrivaren av balladen.
Det er lite truleg at ein storbonde med gode kontaktar i Bergensmiljøet har ”(…) vore uvitande om den sterke interessa for gamle adelsviser som rådde ved det danske hoffet og i overklassen i samtida, og som m.a. låg til grunn for at Anders Sørensen Vedel gav ut dei mange visene han samla under reisene sine” (Fet 1993:168). Denne innverknaden frå Danmark er òg tydeleg på språkforma til balladen. På 1600-talet hadde ein ikkje lenger ein norsk skriftnormal, og dei som var skrivekunnige uttrykte seg på dansk (Espeland 2016:
1.avsnitt).
Då den sunnmørske balladeoppskrifta vart funnen att i 1868, var den nasjonalromantiske impulsen i Noreg godt innarbeidd. Ynskjet om å forankre den norske historia i gløymde, gylne tider bidrog til ei ny interesse for den norrøne litteraturen og folkedikting som eventyr og folkeviser, mellom desse særleg mellomalderballadane. Sjølve omgrepet folkevise stammar frå denne nasjonalromantiske bylgja frå Tyskland og Danmark, etter Johann
Gottfried Herder sitt omgrep volkslied frå Stimmen der Völker in Liedern (Holzapfel 1980:9).
I denne perioden vart det gjennomført store innsamlingsarbeid, kor innsamlarane reiste frå gard til gard og skreiv ned tekstar og melodiar frå tradisjonsberarar frå den norske
landsbygda og bondestanden. Mellom dei viktigaste innsamlarane av folkeviser i Noreg finn me Olea Crøger, Magnus B. Landstad, Ludvig M. Lindemann, Jørgen Moe, Sophus Bugge og Moltke Moe. Telemark er det viktigaste tradisjonsområdet for mellomalderballadane, og området med det rikaste folkevisetilfanget, der størstedelen av det norske balladematerialet er henta frå. Andre kjerneområde har vore Vestlandet og Agder-fylka (Blom 1982:11-19).
I Noreg har innsamlingsarbeidet føregått frå 1800-talet og heilt fram mot vår tid. Ved Norsk Visearkiv på Nasjonalbiblioteket har det føregått eit stort arbeid knytt til norske
mellomalderballadar: Balladeprosjektet. Dei har arbeidd med publisering av kjeldeutgåver av tekst- og melodiar av det svært omfattande materialet, slik at Noreg òg endeleg skal få sitt samleverk av mellomalderballadar, slik Sverige har Sveriges Medeltida ballader og Danmark har Danmarks gamle Folkeviser. Balladeprosjektet publiserer tekstane digitalt på
bokselskap.no saman med innleiing og kommentarar til kvar einskild ballade. Melodiane vert
gjevne ut i firebindsverket Norske middelalderballader – Melodier. Dette arbeidet vart ferdigstilt i november 2016, og markert med boklansering, utstilling og konsert.
2.1.3 Den nordiske balladen sitt opphav?
Det har vore stor usemje mellom balladeforskarar om korleis ein skal forklare opphavet til den nordiske balladesjangeren, og ikkje minst kor gamal han er. I den meir nasjonalromantisk orienterte forskingstradisjonen frå 1800-talet, forsøkte ein å påvise at balladesjangeren kunne vera på alder med norrøn litteratur som eddadiktinga. I Danmarks gamle Folkeviser skriv folkeminneforskar Svend Grundtvig: ”Danmark er den nordiske Folkevises egentlige
Hjemland, hvor denne Digtning baade først fremkom, blomstrede rigest og holdt sig længst”.
Vidare reknar han alderen til balladesjangeren for å vera betydeleg: ”Vor danske Vise har vistnok lidt en Deel i de tusind Aar, den er gaaet fraa Mund til Mund, indtil den for 300 Aar siden blev optegnet (…)” (Grundtvig, referert i Jonsson 1989:54-55). På grunn av slike nasjonale tankar, har samanhengen med den europeiske høviske litteraturen, og
omsetjingsverka frå 12- og 1300-talet, vorte tona ned i litteraturhistorieskrivinga til fordel for den meir nasjonalromantiske framstillinga. Som del av denne forskingstradisjonen var den komparative metode, arbeid med tekstkritisk samanlikning av ulike variantar av balladetypar for å finne fram til ei restituert, ur-utgåve, den typiske metodiske innfallsvinkelen til det store materialet. Mykje av forskinga til Svend Grundtvig kan sjåast i dette lyset, og han vert sett som skaparen av denne metoden. Trass i at ein har gått vekk frå slik metode i
balladeforskinga i dag, har arbeidet hans framleis stor verdi, mykje fordi han, i kontrast til store delar av denne forskingstradisjonen, viste ei særleg respekt for sjangeren som del av ein traderingsprosess (Vésteinn Ólason 1982:29).
I meir moderne teoriar kring den nordiske balladesjangeren sitt opphav, er blikket heller retta mot oppskriftene og fragmenta me har overlevert frå balladetradisjonen, framfor å forsøke å skoda bakover i tid. Slik kan ein søkje sjangeren sitt opphav utan å gå vekk frå dei faktiske tekstane ein forskar på. Innan skandinavisk balladeforsking har ein spora balladesjangeren tilbake til kring midten av 1200-talet på denne måten (Vésteinn Ólason 1982:34). Kva land som kan sjåast som spreiingssentrumet til sjangeren har òg vore eit omstridt spørsmål. I balladeforskinga på 1900-talet var det stor oppslutning kring teoriar om at Danmark var sjangeren sitt kjerneområde. Ernst von der Recke skriv til dømes i 1907 at: ”(…) Danmark jo i Hovedsagen har været Gjennemgangspunktet for de Cultur-strømninger, som bredte sig til
det øvrige Skandinavien” (Recke, referert i Jonsson 1989:56). I den same avhandlinga, Nogle Folkeviseredaktioner, la Recke fram ein teori om eit skilje mellom vestnordiske og
austnordiske folkeviser, som Knut Liestøl kom med ein nærare analyse av i si
doktoravhandling Norske trollvisur og norrøne sogor i 1915. Tesen om ei slik inndeling av mellomalderballadane kan sjåast som starten på ein lang forskingsdebatt som skulle føre fram mot eit anna føreslege opphavsland, Noreg. Med omsyn til omfanget av denne oppgåva fokuserer eg særleg på teoriar lagt fram av islandske Vésteinn Ólason (1982) og svenske Bengt R. Jonsson (1989), og korleis dei legg fram Noreg som opphavslandet til den fellesnordiske sjangeren. Teoriane har stønad hjå forskarar som arbeider med balladar òg i dag, mellom anna Olav Solberg, og i den vitskaplege balladesamlinga frå Norsk Visearkiv.
I boka The Traditional Ballads of Iceland, tek Vésteinn Ólason føre seg utspringet til dei islandske balladane, som han meiner må ha kome frå Noreg til Island i ei tid med nær kulturell kontakt. ”This close and constant contact with Norway for centuries must have made Icelanders well acquainted with whatever poetry and entertainment there was in Norway (…) it seems indisputable that the main cultural influence was channeled through Norway” (Vésteinn Ólason 1982:108). For å gje eit framlegg til svar på spørsmålet om dei islandske balladane, byrjar han med å ta føre seg korleis den nordiske balladen fekk
utspringet sitt. Svaret vert at den nordiske balladesjangeren har kome til Noreg frå England, og vorte spreidd vidare til resten av Skandinavia frå 1200-talet sitt kulturelle maktsentrum, Bergen (Vésteinn Ólason 1982:77-78). Bevisføring for teorien sin finn Ólason i islandske rímur, og britiske, norske og færøyske balladeoppskrifter og fragment som er bevarte.
”Vissa resultat i Vésteinn Ólasons avhandling från 1982 föll emellertid på plats i mitt system (…)” (Jonsson 1989:60). Dette skriv Bengt R. Jonsson i samband med utviklinga av sin eigen opphavsteori som vert presentert i artikkelen ”Bråvalla och Lena. Kring balladen SMB 56. I”
i det svenske tidsskriftet Sumlen i 1989. Artikkelen er svært omfattande, og Jonsson drøftar fleire problemstillingar knytt til den nordiske balladen, tidfesting av sjangeren, og
opphavsland. Mot slutten av artikkelen legg han fram, og fører bevis for, sju hovudtesar:
1. Den nordiska balladgenren är en del av den fransk-höviska litteraturströmning som under 1200-talet nådde Norge från det anglonormanniska England.
2. Balladens tillkomstmiljö är kretsarna vid eller i närheten av det norska hovet.
3. Den troligste tillkomsttiden är 1280- eller 1290-talet.
4. Genrens norska utsprung har orsakat att det genrekonstituerande balladspråket var
norsk-dominerat.
5. Det finns ingen anledning att räckna med egentliga tidsskillnader mellan ballader i 2-radig respektive 4-radig strofform, ej heller de olika balladkategorierna emellan.
6. Balladen spreds, säkerligen inte minst tack vare sin funktion som dansvisa, ganska tidigt både geografiskt och sosialt.
7. Den numerära överlägsenheten hos Danmarks balladbestånd beror delvis på att de många tidiga danska källorna blivit ett slags receptaculum för äldre nordisk tradition överhuvudtaget, delvis på att de innehåller den omfattande nydiktningen från
Danmarks ”seconde chevalerie” (Jonsson 1989:111-113).
Jonsson finn bevisføring for tesane i tidlegare forsking kring balladespråket, formelbruk, narrativt innhald og mellomalderhistoria til Europa og Norden. Han legg særleg vekt på den litterære stordomstida i høgmellomalderen, og korleis den høviske omsetjingslitteraturen, men òg kjennskapen til den eldre, norrøne litteraturen, ved det norske hoffet fører fram mot den nordiske balladesjangeren. Dette skjer i åra mellom kong Håkon Håkonsson sitt hoff på Bergenhus festning, Håkonshalla, og Dronning Eufemia sine omsette versromanar,
Eufemiavisene, truleg ved hoffet til Eufemia og Håkon Magnusson på Akershus slott (Jonsson 1989:68-76).
I Eufemiavisene ser me tidlege, skriftlege spor av den nordiske balladen. Dette viser at sjangeren har vore kjend, truleg ny og populær, ved hoffet på Akershus då den fyrste av Eufemiavisene, ”Herr Ivan Lejonriddaren” vart omsett til svensk i 1303 ved trulovinga mellom Ingebjørg Håkonsdotter og Erik Magnusson. Denne visa har fyrst vore omsett frå fransk versroman til norrøn riddarsaga, som igjen ligg til grunn for Eufemiavisa. Det er òg i denne eldste av dei tre omsette versromanane, at ein tydelegast kan sjå bruk av
balladeformlar og vendingar, noko som kan peike på at ein støtta seg på trekk frå sjangeren i omsettinga av prosa til vers. Som Jonsson skriv: ” (…) det just är i den nya genrens början som hjälpen från balladerna varit mest behövlig, för att inte säga nödvändig” (Jonsson 1989:72-73).
I 2012 vart boka Eufemia – Oslos Middelalderdronning gjeven ut i samband med namngjevinga av Oslo si nye paradegate, Dronning Eufemias gate. Denne inneheld ei samling av forskingsartiklar om Eufemia frå framtredande forskarar innan historie og litteratur, mellom anna artikkelen ”Eufemiavisene og balladen” av Olav Solberg, professor i nordisk litteratur og balladeforskar. Her tek Solberg føre seg Eufemiavisene sin samanheng med balladesjangeren. Diktstoffet er det same som i riddardiktinga som fyrst vart populær ved Håkon Håkonsson sitt hoff, men forma og funksjonen til balladen er ein annan: ”Medan
vi må førestelle oss at riddarsoger og Eufemiaviser vart lesne høgt for ein tilhøyrarflokk, særleg i høviske krinsar, vende balladen seg i langt større grad direkte til folket, og gav høve til aktiv deltaking” (Solberg 2012:189). Eufemiavisene er skrivne som knittelvers,
mellomalderlege vers med enderim og relativt fri rytme, og har difor same grunnform som to- lina balladestrofer. Vidare er det kanskje særleg formelspråket, og særleg dei episke
formlane, som er nytta i Eufemiavisene som gjev den næraste koplinga til balladesjangeren.
Formlane som er nytta i Herr Ivan, kan til dømes finnast att i mange mellomalderballadar (Solberg 2012:186-191).
2.1.4 Andre mellomalderkjelder
Ved sida av Eufemiavisene finst det ganske få skrivne mellomalderkjelder som vitnar om balladesjangeren. Mot slutten av handskriftet Codex Runicus, som ein trur kan daterast kring 1320, står det skrive eit notert runevers som forskarar har føreslått kan vera ein
balladeformel, eller kanskje eit stev. Verset lyder slik: ”drømde mik en drøm i nat, um silki ok ærlik pæl” (Colbert 1989:73). Teksten i dette runeverset har store likskapar til ein formel nytta i sluttstrofene til "Friarferda til Gjøtland". Vidare står det skrive ei strofe med omkved, truleg frå ein tidleg balladevariant av ”Angelfyr og Helmer Kamp” (TSB E90), på ein kopi av Claudius Clavus sitt kart over Grønland frå kring 1420, kalla ”Grønlandsverset” (Colbert 1989:56).
Det mest fullenda fragmentet av ein ballade frå mellomalderen er sju strofer av balladen
”Riddaren i hjorteham” (TSB A43) frå eit handskrift frå Solum, truleg skrive ned av
lagrettemannen Mattis Nilsson. Denne balladeoppskrifta kan truleg daterast tilbake til kring 1490, og er slik den eldste me kjenner (Solberg 1990:82-86). Balladen handlar om Herr Peder som er ute og frir til Ose-lille, og tyr til forkledning, eller kan hende omskapingsmagi, for å forsøkje å få henne ved å fare i hjorteham. Omkvedet lyder: ”Drømth haffuer mik om jomfrwer i alle naath” (Solberg 1990:87). Det finst ikkje mange fleire kjende
balladeoppskrifter mellom manuskriptet frå Solum kyrkje og Magnus B. Landstad si samling Norske Folkeviser frå 1853. Den eldste i Noreg er balladeoppskrifta til "Friarferda til
Gjøtland" frå kring 1612.
2.2 Balladesjangeren
I boka The Birth of the Ballad (1989) set David Colbert opp ein taksonomi over mellomalderballaden. Han er ein song, nærare bestemd ei vise, ein strofisk tekst med tilhøyrande melodi. Han er òg ei episk vise med eit narrativt innhald, fortald i ein objektiv stil. Mellomalderballaden er utan kjend forfattar og ur-versjon, han har levd på folkemunne, og er kjenneteikna av variasjon (det finst ofte svært mange variantar av same balladetype) fordi han truleg har vorte tradert munnleg gjennom generasjonar. Slik er balladen òg både folkevise og tradisjonsvise. Til slutt er mellomalderballaden, i fylgje Colbert sin taksonomi, karakteristisk prega av versemål, strofeformer og mellomalderlege narrative strukturar me kallar balladeformlar (Colbert 1989:13-14).
Sidan me ikkje kan spore einskilde balladetypar tilbake til ein forfattar og ei tid, men heller må karakterisere dei einskilde variantane me har ut frå overleverte oppskrifter, kan altså ikkje mellomalderballadane definerast gjennom at dei stammar frå mellomalderen. Me har gode peikepinnar på alderen og opphavet til balladesjangeren, men sidan me har svært få
balladeoppskrifter som faktisk kan daterast til mellomalderen, må me nytte andre kriterium for å avgjere sjangeren. Colbert skildrar korleis mellomalderballaden fyrst og fremst vert kjenneteikna av mellomalderleg stil. Det er sjølve sjangeren, ikkje einskildballadane, som stammar frå mellomalderen. Dette kan summerast opp gjennom oversiktsverket The Types of the Scandinavian Medieval Ballad (1978) sin gjengse definisjon av mellomalderballaden, som lyder slik:
(…) a genre of orally transmitted song that is defined by its form (sometimes couplets with one or two burdens, sometimes quatrains with one burden), by its narrative content, and by its objective style, the latter characterized not least by the frequent use of formulaic expressions and so-called ”commonplaces” (Jonsson, Solheim &
Danielsson 1978:14)
2.2.1 Munnleg og skriftleg?
Balladane me har bevart i dag kjem frå oppskrifter som er nedskrivne etter munnleg tradisjon av folkeminnesamlarar, eller frå visehandskrifter og andre manuskript. I dag er dei del av ein skrifttradisjon, og dei som lærer seg balladar vil kunne hente fram både tekst og melodi frå nedskrivne kjelder. Balladane har vorte ein del av den skrivne litteraturen, og slik òg vorte gjenstand for filologisk og litterær forsking. Det har vore vanleg å anta at overleveringa av balladane, frå byrjinga av 1300-talet og fram til nedskriving i meir moderne tid, har føregått gjennom munnleg tradering. Ein har tenkt seg at balladane fyrst har vore sungne og lesne
høgt ved miljøet kring hoffet og i dei øvre samfunnslaga, og vidare har spreidd seg til folket som har teke vare på stoffet gjennom generasjonar med munnleg overlevering, og slik gjort balladane til folkeviser.
I dei lågare samfunnslaga i mellomalder-Noreg var det ikkje vanleg at folk flest kunne lese og skrive, og slik vart forteljekunsten og songen dei fremste verkemidla for å dele
kunnskapen om det gamle, og dei gode forteljingane. I Noreg fekk ein fyrst rett til skulegong for allmugen i 1739 med ”Forordning om Skolerne paa Landet i Norge” i lova til Christian V.
Ikkje før i 1848 vart retten gjeldande for byborn (Tønnessen 1995:24-26). Dette vil seie at balladane truleg har overlevd utan mykje stønad i skrift over eit langt tidsspenn. Professor i folkeminnevitskap Knut Liestøl meinte at munnleg tradisjon kan halde seg tre-fire hundre år (Liestøl 1922, referert i Solberg 2011:68). Trass i at balladar er tekstar i bunden form med språklege kjenneteikn som til dømes rytme, og difor truleg kan leve lenger i munnleg tradisjon, er tre-fire hundre år svært lang tid (Solberg 2011:68). Føresetnadene for ei slik munnleg overlevering vil vera eit stabilt samfunn, utan store språklege endringar, noko ein ikkje kan seie Noreg kan kjenneteiknast som i perioden mellom 1300 og 1700.
Balladesjangeren må altså ha vore tilpassingsdyktig i innhaldet, og konservativ i form og stil, sidan den gjennom hundreåra har vore oppfatta som verdig å bevare og vidareformidle. Ikkje minst må tradisjonen ha hatt stønad i skrift for å overleve.
I artikkelen ”’Paa gammelt Maal og paa Pergament’ Har det funnest ein skriftleg norsk balladetradisjon?” føreslår Olav Solberg at det har eksistert ein skriftleg balladetradisjon ved sida av den munnlege i Noreg, og at denne teksttradisjonen kan knytast til personar og miljø hjå storbønder og i lågadelsætter (Solberg 2011:67). "Friarferda til Gjøtland" er eit døme på ein ballade som har vorte redda, truleg takka vera ein slik skrifttradisjon. Sidan balladen er den einaste varianten av typen, kan det sjå ut til at han elles hadde gått tapt. Vidare i artikkelen viser Solberg korleis balladesongarane som 1800-talsinnsamlarane skreiv ned oppskrifter frå, gjerne kom frå gamle bondeslekter som ”var langt frå skriftlause” (Solberg 2011:91). Handskrivne visebøker, eller visefugger, frå slike gamle bondeætter, har truleg verka som stønad og referansepunkt for balladesongarar, og slik bidrege til at tradisjonen har overlevd, og at den er så homogen som den er (Solberg 2011:91). Kanskje kan dette òg vera ei forklaring på kvifor det finst ein så stor balladerikdom i Telemark, kor det fans mange velhavande bønder kring 1600, medan det i Vestlandsregionen, kor bøndene har drive små gardsbruk og vore mindre velhavande, finst eit svært mykje mindre materiale.
Det er inga tvil om at balladane var del av ein munnleg tradisjon då innsamlarane drog på samlarferd i dei norske bygdene på 1800- og 1900-talet. Den munnlege tradisjonen i
folkemusikken baserer seg på overføring mellom tradisjonsberarar, slik mellomalderballadar truleg har vore overført mellom generasjonar i norske ætter. Kvedarane lærer seg tekst og tone ”på øyret”, og formidlar songen etter beste skjønn. Som Ådel G. Blom skriv: ”Balladene har dermed prinsipielt bare eksistert hver gang de er blitt fremført” (Blom 1971:11). I ein slik munnleg tradisjon er det dei gode framføringane som vert hugsa, og som vert rettesnor for den vidare traderinga. Det er òg truleg den munnlege overleveringa som er rota til det store mangfaldet av variantar. Likevel er det svært sikkert at me ikkje ville hatt alle dei balladane me kjenner i dag, om det ikkje hadde vore for skrifttradisjonen som levde side om side med den munnlege.
2.2.2 Form, stil og innhald
Eit av dei fremste kjenneteikna til den skandinaviske mellomalderballaden er forma. I heftet Om strofformer och rim i den nordiska balladtraditionen gjev Bengt R. Jonsson ei utgreiing om dei ulike strofeformene som avgrensar den nordiske balladesjangeren. Dei mest utbreidde formene er fire- eller to-lina strofer med omkved på slutten (Jonsson 1977:1). Dei to-lina strofene kan gjerne ha både sluttomkved, kalla ettersleng, og innskote omkved, kalla mellomsleng (Blom 1982:9). Ein stor kategori mellom dei litt sjeldnare strofeformene, er balladane med oppattakingsstrofer, den vanlegaste av desse to-lina (Jonsson 1977:3). Nokre strofeformer er vanlegare for visse balladegrupper. Kjempevisene opptrer til dømes berre med fire-lina strofeform (Jansson 1999:40).
Versemålet er ofte jambisk, men det er strukturen i melodien som er strofene sin primære formgjevande faktor. Sidan både tekst og melodiar har vorte utvikla gjennom munnleg tradering, finst det òg altså ein viss variasjon i strofeform og rytme. Difor finst det mange balladar som ikkje vil passe heilt saman med dei vanlegaste strofeformene, og det er heller ikkje mogleg å finne ein fast metrikk i balladesjangeren. Pleonastiske småord i
balladeteksten, bidreg og til at han kan tilpassast melodien. Balladane har enderim. I dei fire- lina balladane er det vanleg at dei siste orda i verselinene 2 og 4 rimer på kvarandre, såkalla balladerim (abcb), medan det i oppattakingsstrofene gjerne er par-rim (aabb). Heilrim er ikkje eit krav i balladane, det er nok med assonans, altså halvrim (Blom 1971:15).
Allitterasjon, som er vanleg i eldre norrøn dikting, er òg typisk (Holzapfel 1980:19).
Omkvedet
Balladane vert fullenda av omkvedet, som går att som refreng i alle strofene. Medan verselinene formidlar ei historie, er ofte omkveda eit meir lyrisk og stemningsskapande innslag (Blom 1971:18). Nokre omkved er like gjennom heile balladen, medan andre endrar seg i takt med handlinga. Omkveda kan ha tekst som utgjer ein integrert del av det episke innhaldet i resten av strofa, eller det kan vera såkalla trallerefreng (Jonsson 1977:9). Det finst òg omkved som ikkje har ein umiddelbart klår samanheng til handlinga i balladen. Omkvedet er òg det klåraste uttrykket for redundans, oppattaking, i balladane, og mange, til dømes folkloristen Francis B. Gummere, har difor argumentert for at det er det tydelegaste overleverte trekket frå munnleg kultur.
Balladestilen
I Gummere si bok The Popular Ballad gjev han ei oversikt over typiske stilistiske trekk ved sjangeren. Balladane har ein objektiv stil. Kvedaren blandar ikkje inn sine personlege kjensler og kommentarar, og berre det som er nødvendig for historia vert inkludert. Dette gjer at balladen i all hovudsak er bygd opp av ei rekkje situasjonar som fører fram mot eit klimaks (Gummere 1959:81). Lengre balladar, som til dømes dei færøyske, kan ha fleire klimaks, men då er dei òg gjerne delt inn i fleire ulike handlingsløp som omhandlar same
hovudkarakterar. Det er vanleg at handlinga startar in medias res, i hjartet av balladen sin tematikk (s.73). Handlinga utspelar seg kronologisk, og forteljestilen vekslar gjerne mellom enkle handlingsberande situasjonsbilete, motiv, og dialogform. Til dømes kan me i ei strofe av balladen ”Dei to systrene” (TSB A 38) høyre om to systrer, ei ljos og fager, og ei ljot og vond. Dette motivet teiknar ein kontrast som skal få viktige fylgjer seinare i balladen. I neste strofe set dialogen i gang dramatikken, ved at den vonde systera spør om dei skal ned til elvar-os, kor den tragiske balladen fortel at eldstesystera kastar den yngre på elva fordi ho vil ha kjærasten hennar. Balladane kan stoppe opp og dvele ved viktige motiv for handlinga, før dei i neste strofe spring vidare, og fortel om noko anna som kanskje skjer ein heilt annan stad, utan å forklare samanhengen. Tilhøyraren må slutte seg til denne sjølv gjennom å tolke motiv og dialog. Denne balladeske forteljestilen kallar Gummere for leaping and lingering, sprang og dveling: ”(…) this leaping, springing movement of ballads, the omission of details, the ignoring of connective and explanatory facts, the seven-league stride over stretches of time and place which in regular epic would claim pages of elaborate narrative” (Gummere 1959:
91).
Ved sida av at balladen fremjer det som er viktig gjennom vekslinga mellom motiv og dialog, er det òg vanleg med trinnvis repetisjon, incremental repetition, for å illustrere viktige
element i handlinga (Gummere 1959:117). Dette kan skje ved at balladen kan dvele ved ei hending, gjennom å gjenta verseliner i fleire strofer, men med enkle variasjonar. Ådel Gjøstein Blom kallar dette for gjentakingsstrofer eller parallellstrofer (1971:12), og litteraturprofessor Walter Ong kallar det redundans (Ong 1990:53). I balladen om ”Dei to systrene”, skjer dette mellom anna i scena kor kroppen til den yngste systera vert omskapt til ei harpe: balladen fortel trinnvis om omskapinga, og dveler slik ved eit kjernemotiv i
balladen. Dveling ved einskilde motiv, og trinnvis repetisjon, let enkle bilete fortelje om viktige sider ved karakterane og handlinga.
Denne enkelheita til balladesjangeren kan setjast i kontrast til skriftleg litteratur som soger og romanar, som gjerne har store karaktergalleri, parallelle handlingsløp, og detaljerte
skildringar som tek sikte på å ikkje etterlate hol i forteljinga. Kvedarar vil gjerne nytte seg av andre verkemiddel som stemmeleie, ornamentikk og volum for å fortelje handlinga , òg den som ligg mellom linene, og slik bidra til å formidle heilskapen i historia som vert fortald.
Vidare vil lyttarar som er kjende med sjangeren kunne slutte seg til mykje som er fortald implisitt gjennom bruken av formelprega motiv. Til dømes tyder det ofte på eit kjærleiksmøte når staden for handlinga er ”i rosenlund” eller ”grønan lund” (Jansson 1999:51-52), medan det signaliserer at nokon skjuler noko eller har fientleg innstilling, dersom dei ”sveiper seg i skinn” (Holzapfel 1980:51).
Formlar
Ein treng ikkje stor kjennskap til balladane, før ein ser at det finst tydelege språklege og stilistiske likskapar mellom dei ulike typane. Ord, uttrykk, og til og med heile strofer går att i dei skandinaviske balladane, og liknande situasjonar vert skildra om lag heilt likt frå ballade til ballade. Desse typiske formuleringane er mellom dei fremste kjenneteikna på
balladesjangeren, og vert kalla formlar. I Norden er det kanskje den danske filologen Ernst von der Recke som har gjort det mest omfattande arbeidet knytt til balladeformlar. Dette arbeidet har aldri vore publisert som verk, men materialet han kan finnast samla i
”Folkevisernes parallelsteder 1-6” (Colbert 1989:25). Desse narrative formlane er spesielle for mellomalderballadane og, i fylgje Recke, eit krav for å definere ei folkevise som ein ekte mellomalderballade (Colbert 1989:77). Balladen vert konstituert av eit eige språk; ordforråd,
uttrykk, og formlar som utgjer den narrative strukturen. Han er ein levande organisme med eit fast skjelett bygd opp av alderdommelege formlar:
En Vise, der har saa dybe Rødder i den folkelige Jordbund, der, som denne, hviler paa en ældgammel og almindelig Folketro, og hvis gribende Æmne har en saa simpel Bygning, at alle de enkelte episke Led gribe saa bestemt ind i hinanden, at
Misforstaaelse og Forvanskning bliver næsten umulig, – den er, saa længe den bærer Folkets Deltagelse og rører dets Sind, og som en Følge deraf forplantes fra Slægt til Slægt, en levende Organisme, der paa en forbavsende Maade formaar at fastholde og bevare Enheden med sig selv under Tidernes og Tungemaalenes Skiften (Recke, referert i Kværndrup 2006:22-23).
Dette synet på balladeformlar har ein tydeleg samanheng med munnleg-formularisk teori, kjend frå arbeida til filologar og litteraturforskarar som Milman Parry, Albert Lord og John Miles Foley, og deira forsking på munnleg tradisjon. I The Singer of Tales presenterer Albert Lord eit av dei viktigaste studia på munnleg kultur som formeldikting. Studiet introduserer ein teori om munnleg komposisjon, altså at munnleg dikting vert bygd opp av typiske
formeluttrykk. Lord studerte songarar i det gamle jugoslavia, og såg korleis dei primært nytta formlar for å hugse lengre episke tekstar (Lord 1960). Ein slik munnleg kultur eksisterte ikkje i Noreg då dei fyrste balladesamlarane gjorde arbeida sine. Olav Solberg skriv:
”Undersøkingar frå den norske balladetradisjonen på 1800-talet tyder på at songarane lærte seg tekstane utanåt, og at dei hadde god hjelp av formlane. Men balladesongarane på 1800- talet gjenskapte ikkje teksten ved kvar framføring, med hjelp av formlar, slik som
jugoslaviske songarar gjorde heilt inn på 1900-talet” (Solberg 1999:20). I Noreg kan me altså ikkje vise til den same munnlege kulturen som Lord skildrar i The Singer of Tales, men heller ei overlevering som har vore basert på god hukommelse og nedskriving av tekstane.
I Det balladeske. Fortællemåden i den ældre episke folkevise skil Otto Holzapfel mellom ornamentale og episke formlar. Medan dei ornamentale formlane er lausare knytte til handlinga, og snarare fungerer som ei utsmykking i balladen (1980:25), er dei episke
formlane bærarar av handlinga: ”De episke formler bærer og præger handlingen, og de skaber med en bestemt karakteriserende funksjon den særlige balladeske stil, der bestemmer visen”
(Holzapfel 1980:26). Skiljet mellom episke og ornamentale formlar er likevel flytande, sidan mange formlar som må karakteriserast som utsmykkingar, òg gjev viktig informasjon om karakterar og stader, som indirekte er viktig for handlinga (Solberg 1999:20).
Holzapfel meiner episke formlar kan sjåast som eit resultat av stiliserte handlingar eller gestar. Dei episke formlane fungerer handlingsdrivande og er ein viktig del av balladen si
veksling mellom sprang og dveling. Formlane signaliserer gjerne overgangen mellom handlingselement. Samtidig kan ein studere dei episke formlane i eit kulturhistorisk ljos.
Formlane skal spegle det kjende og tradisjonelle, og kan vera parallellar til verklege skikkar i mellomalderen. Slik vert balladehandlinga ført fram av ei rekkje stiliserte og stereotypiske element, som har vorte ein definert del av sjangeren. Formlane går gjerne att på same måte i balladar med liknande handlingsgang, og dannar eit kjede av einskildscenar, og utgjer slik ein typisk handlingsmodell (Holzapfel 1980:33-36).
Balladane sitt narrative innhald
Balladane fortel forteljingar med spanande, dramatisk, romantisk, tragisk, komisk eller religiøst innhald frå mellomalderen sitt tradisjonsmateriale. Den svenske balladeforskaren Sven-Bertil Jansson skildrar korleis balladen vert farga av historiske situasjonar den har vorte forma i, i boka Den levande balladen (1999:33). Han meiner balladane tek opp i seg emne knytt til organiseringa av samfunnet, høvet mellom individ og fellesskap, og konfliktar og relasjonar mellom aktørar. Vidare skriv han at balladen er ein sjanger som har oppstått i grenseområdet mellom konfliktbearbeiding og røyndomsflukt (s.53). Samfunnet kvedarane var ein del av, må ha sett sitt preg på innhaldet i balladane, òg i traderingsprosessen. På grunn av denne tilpassingsevna, meiner Jansson at balladen har vorte ein meir overlevingsdyktig sjanger:
Så mycket skedde ändå att de lösningar som balladens konflikter en gång givits med tiden blev svåra att acceptera. Men de kunde fortfarande intressera nya generationer.
Det som gjorde det möjligt att ta till sig det man hört sjungas var att man kunde omforma det så att det bättre passade till den egna situationen (Jansson 1999:34).
Balladane har utvikla seg i ei spenning mellom kunstnarleg tilpassing og variasjon, og ein sterk, konservativ tradisjon knytt til språk og stil. Slik har det mellomalderlege overlevd som del av sjangeren, og språkformer som elles har gått ut av daglegtale blitt bevarte (Solberg 1999:18). I fylgje Ådel G. Blom vil narrativet gjerne krinse kring ein sentral ide, og handlinga vil formidle, og skride fram mot denne ideen. Dette er på mange måtar eit balladeideal. Balladen sitt ideal kan formidlast gjennom ulike motiv som dukkar opp i strofene, mellom anna i karakterteikninga. Personane kan verta karakteriserte gjennom motsetnader, til dømes den fagre og den ljote (frå norrønt ljótr, lite pen eller stygg) systera, eller gjennom gode eller vonde handlingar (Blom 1971:13).
2.2.3 Kategorisering av balladane
Bengt R. Jonsson, Svale Solheim og Eva Danielson sitt verk The Types of the Scandinavian Medieval Ballad (TSB-katalogen) kan sjåast som ein av inngangsportane til dei
skandinaviske mellomalderballadane. Det er eit oversiktsverk som kategoriserer balladane etter narrativt innhald. TSB er basert på lesinga av mellom 15 000-20 000 tekstar. Sidan materialet er såpass omfattande er samandraga i katalogen, og slik kategoriseringa, basert på motiva og -temaa som hovudsakleg ber historia i dei ulike balladane (Jonsson, Solheim &
Danielson 1978:14). Balladar med same handlingsforløp og -berande motiv, altså variantar, vert kategoriserte under same balladetype. Vidare vert dei ulike balladetypane katalogiserte under same TSB-nummer og grupper med kvar sin bokstav (A-F). Til dømes har ”Friarferda til Gjøtland” vorte katalogisert som einaste variant av sin balladetype, og med TSB-nummer E 72.
Somme av balladane hadde allereie i 1591 vorte kategoriserte av Anders Sørensen Vedel i Hundrevisebogen, då Svend Grundtvig gav ut det vitskaplege storverket Danmarks gamle Folkeviser (DgF) som inneheld dei seks gruppene som vert nytta i TSB-katalogen (Jonsson, Solheim & Danielson 1978:15-17):
A. Naturmytiske viser: Balladar som tek føre seg overnaturlege skapningar og krefter.
B. Legendeviser: Balladar som fortel om det legendariske og andre kristelege emner.
C. Historiske viser: Balladane som handlar om (antekne) historiske hendingar.
D. Riddarviser: Balladar som skildrar adelege menn og kvinner, gjerne med fokus på dramatiske hendingar. Dette er den største og mest heterogene gruppa av balladar.
E. Troll- og kjempeviser: Denne gruppa er delt i to. Balladane handlar enten om heltemodige menn som kjempar med andre menn, eller om heltar som kjempar mot kjemper og troll.
F. Skjemteviser: Denne gruppa har tidlegare vore ekskludert frå balladesjangeren, truleg på grunn av sitt komiske, groteske, og somme tider erotiske innhald.
Det kan vera krevjande å plassere alle balladar i slike grupper. Ofte inneheld dei einskilde balladetypane motiv som kvalifiserer dei for fleire av gruppene over, eller dei passar ikkje heilt inn i nokon av gruppene. Dette vert enda meir komplisert med det store mangfaldet av variantar som finst etter balladetraderinga, og den store plassen ulike motiv har fått i
forskjellige variantar og balladetypar. På mange måtar kan ein seie at sjølve konseptet med å kategorisere balladar inn i faste typar, strid imot den konstante endringsprosessen som er tradering av balladar. TSB-katalogen kategoriserer balladar frå heile Skandinavia, men ein kan òg støte på balladar med DgF-nummer (Danmarks gamle Folkeviser), eller CCF-nummer (Føroya kvæði: Corpus Carminum Færoensium). Vidare bør ein ta til ettertanke at ei slik