• No results found

Innspel til nasjonal ramme for vindkraft på land

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Innspel til nasjonal ramme for vindkraft på land"

Copied!
2
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

Norges vassdrags- og energidirektorat Postboks 5091, Majorstua

0301 Oslo

Innspel til nasjonal ramme for vindkraft på land

NVE har fått i oppdrag av OED å identi sera dei mest eigna områda for vindkraft i Noreg, med utgangspunkt i vindressursar og nettkapasitet, vekta mot andre viktige miljø- og samfunnsomsyn.

Av dei 43 analyseområda som er plukka ut, går nr. 17 og 18 inn i Voss kommune. Som lokalt naturvernlag har me innspel som underbyggjer at dei to områda i kommunen ikkje er eigna for vindkraft.

Kommunen er del av to landskapsvernområde, og det eine er på UNESCO si verdsarvliste.

Desse har stor betydning for reiselivet, som er den største næringa i regionen. Verdien av reiselivet for kommune og lokalt næringsliv kan ikkje overvurderast. Inntektspotensialet ved å kunna tilby inngrepsfri natur vil berre auka slik verda utviklar seg. Det burde vera sjølvsagt at landskapsvernområdet i Stølsheimen er uaktuelt for utbygging. Men det er viktig at opplevinga av landskapet i begge verneområda ikkje vert øydelagd av synlege tekniske inngrep i tilgrensande område.

Vossefjella er populære utfarts- og rekreasjonsområde for Noregs nest største by. Også

kommunen sine eigne innbyggjarar er ivrige brukarar av fjellheimen året rundt. Det er ein del av identiteten vår. Dette er å rekna som vår «Nordmarka», og alt som kan svekka gleda og

entusiasmen for friluftslivet er dårleg folkehelse. Vindkraftanlegg innskrenkar områda som er eigna til bruk som tur- og utfartsområde. Lyd, iskast, mangel på fred og øydelagd

landskapsoppleving - alt dette svekker fjellområda som arena for livsutfalding og fritidsaktivitetar.

Naturlegvis vil dyre- og fuglelivet verta råka ved ei utbygging. Spesielt bør den sårbare

villreinstamma i området nemnast. Den har tidlegare fått innskrenka leveområda til eit minimum pga. andre naturinngrep.

Regionen bidrar alt i dag med stor krafteksport og har ofra store naturområde i form av regulerte vatn og elvar, landskapsendringar og kraftlinjer. Belastninga på den særeigne naturen er allereie stor. Det som nnest att av villmark og urørt natur i denne delen av Vestlandet, må komande generasjonar òg få oppleva.

I tillegg til tradisjonelt friluftsliv og nasjonal og internasjonal turisme, vert Voss sett på som eit eldorado for ekstremsport. Slik bruk av naturen, spesielt luftsporten, vil lida ved utbygging av vindkraft. Dei naturgitte tilhøva for ekstremsport her, skapar ei merkevare som tiltrekkjer seg folk frå heile verda.

Dei generelle negative verknadane av vindturbinar, anleggsvegar og kraftlinjer er kjende, og er dei same uansett stad. Men topogra en i vossefjella er krevande for framføring av vegar, og vil krevja store og skjemmande inngrep. Eventuelle argument om at vegane vil gjera fjellområda meir

tilgjengelege, held ikkje mål. Kommunen har rikeleg med tilrettelagde naturområde for alle grupper i samfunnet, medan villmark er mangelvare.

Det er kanskje ikkje eit tema her, men i eit klimaperspektiv må tap av skog, myr og jordsmonn med evne til å ta opp CO2 reknast inn i vurderinga. Det same gjeld alle tilhøve ved produksjon og transport av master, turbinar og anna utstyr. Viss det er klima som er det store argumentet for å bandleggja norsk natur med vindkraft, så skal også dette vera relevant.

I eit samfunnsperspektiv vil Voss tapa mykje som turistkommune og som bustadkommune.

(2)

Sjølv om NVE har fått i oppdrag å utgreia aktuelle område for vindkraft, så er det viktig for oss å få fram at me ser det som meir berekraftig å auka kraftproduksjonen ved modernisering av

eksisterande vasskraftanlegg. Tap av energi ved transport over lange avstandar tilseier at energien burde produserast nærare dei marknadane som skal bruka straumen. Og naturlegvis vil vindmøller til havs vera mykje mindre kon iktfylt enn vindmølleparkar der folk skal leva. Og det leiar oss til konklusjonen:

Det er ein stor folkeleg og politisk motstand mot vindkraftutbygging i kommunen. Det bør ein ta på alvor.

Voss, 20.10.2018 For Voss naturvernlag Inge Draugsvoll

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

Her er også resultatene fra den gjennomgåtte litteraturen relativt enstemmig om at vindkraft kommer godt ut som en energieffektiv teknologi sett i et livssyklusperspektiv..

Derfor − Tilnærmet hele analyseområde faller vekk når man tar hensyn til svært viktige friluftslivsområder, regionale villreinområder og ellers større, sammenhengende

konsesjonene ble gitt i noen av de aller mest sårbare og verdifulle naturområdene i Rogaland var det flere som ble motstandere av i det hele tatt å ha vindkraft på land og mener at

I samband med kraftutbygging i Hordaland, har Hordaland fylkeskommune, delvis i samarbeid med Fylkesmannen i Hordaland, utarbeidd verdikart for landskap, inngrepsfrie

3.2 Telemark, Agder og Rogaland – nettet kan håndtere store mengder ny vindkraft 19 3.3 Østlandet: Plass til vindkraft i 420 nettet i sør, begrenset plass nord for Oslo 23 3.4

Dette kan ha redusert effekten av arbeidet med nasjonal ramme fordi det er lagt mest vekt på at det må finnes områder fôr vindkraftutbygging, framfor å ha hovedfokus på

Naturvernforbundet i Trøndelag ber derfor om at alle naturområde i Trøndelag blir ekskludert som område for vidare utbygging.. Dersom ny vindkraft skal byggast i Trøndelag må

Vindkraft i havet vårt kan vere ein del av meir miljøvenleg energiproduksjon, og må vera med i det vidare arbeidet til nasjonal ramme for vindkraft.. Også i høve til