Oppmannsrapport frå Hordaland, norskeksamen 2016
Oppmannsrapport
etter fellessensur i Hordaland
Sentralt gitt skriftleg eksamen
NOR0214, NOR0215, NOR1415, 10.årstrinn 2016
Os 1.juli 2016
Margrethe Moe Sandven Oppmann i Hordaland
Oppmannsrapport frå Hordaland, norskeksamen 2016
Innleiing
I Hordaland blei eksamen 2016 avvikla etter gjeldande føresegner og retningslinjer for vurdering og eksamen i grunnskulen. Av totalt 7695 eksamenssvar (norsk, engelsk, matematikk) blei 3189 elevsvar i norsk vurderte, av desse 1536 i NOR0214, 1536 i NOR0215 og 177 i NOR1415.
48 sensorar i 12 sensorgrupper utførte vurderingsarbeidet.
Oppmannskorpset bestod av oppmann Margrethe Moe Sandven, varaoppmann Ole Wichstad og assisterande oppmenn Ingrid Utvik Mongstad og Ole Sigurd Bødal.
Rapporten bygger på innspel, kommentarar og drøftingar under
fagsamlinga for sensorar 06.06.2016, oppmannssensurmøtet 13.06.2016, fellssensurmøtet 15.06.2016 og interne drøftingar i oppmannskorpset.
Kommentarar til eksamenssettet i norsk skriftleg 2016
Vurdering av eksamen dette året
Eksamenssettet tar kompetansemåla på alvor, noko som gjer til at eksamen har blitt krevjande og gir elevane noko å strekka seg etter. At alle kompetansemåla blir brukte i undervisninga gjennom heile
ungdomstrinnet, får dermed avgjerande betydning. I fjor blei spesielt A- delen i NOR0214 trekt fram som særs vellykka; m.a. fordi bloggoppgåva gav alle elevar noko å skriva om, ei moglegheit til å få vist både fag- og skrivekompetanse. I år vekte tilsvarande A-del mediestorm etter første eksamensdag, men fleirtalet av sensorane i Hordaland opplevde at elevane hadde forstått oppgåvene og svarte relevant. For
minoritetsspråklege elevar blei utfordringane derimot større. Dei hadde store vanskar med omgrep og oppgåveformulering, og mange av dei har ikkje meistra A-delen på hovudmålseksamen.
Rettleiingsmateriellet
Rettleiingsmateriellet fungerer godt, ifølgje sensorane. Endringane som var gjort frå fjorårsutgåva av vurderingsmatrisa, var ei forbetring, og vurderingsskjemaet verkar formålstenleg i sensureringa. Om bruk av
Oppmannsrapport frå Hordaland, norskeksamen 2016
språklege verkemiddel seier matrisa følgjande om elevsvar som skal ha karakterane 3 eller 4:
viser (nokså) god bruk av fagspråk og ulike språklige virkemidler For svar som viser høg grad av måloppnåing, er kravet dette:
viser meget/svært god bruk av fagspråk og språklige virkemidler Det blei stilt spørsmål ved formålet med bruken av ordet ulike i den første omtalen, mens det er utelate i den andre. Mange sensorar hadde uansett erfart at elevsvar innan begge kategoriane stort sett viste bruk av få språklege verkemiddel, sjeldan fleire enn to. Når det gjeld teiknsetting, var det generelle inntrykket blant sensorane at sjølv ikkje elevsvar som viste høg grad av måloppnåing, nødvendigvis hadde korrekt teiknsetting.
For å bli vurdert til karakteren 2 skal eksamenssvaret ha korrekt ortografi i høgfrekvente ord og korrekt bruk av dei mest sentrale reglane i
formverket, ifølgje matrisa. Eit noko urealistisk krav, meinte mange
sensorar, sidan elevar som generelt viser låg grad av måloppnåing, gjerne har store problem på akkurat dette feltet.
Førebuingsdelen
Elevane fekk tilgang til førebuingsmateriellet til oppsett tid og møtte ikkje tekniske vanskar under førebuinga.
Sensorane var svært fornøgde med førebuingsmateriellet. Det beste som hadde vore nokon gong, blei det kommentert. Innhaldet engasjerte elevane, og dei arbeidde godt på førebuingsdagen. Tekstmengda var passeleg, variasjonen god. Elevsvara kunne likevel tyda på at skulane hadde hatt ulikt fokus på bruken av tekstane i førbuingsmateriellet som kjelder.
Oppmannsrapport frå Hordaland, norskeksamen 2016 Oppgåvene
Kommentarar til enkeltoppgåver NOR0214
Del A
Oppgåve A1
Det generelle inntrykket er at elevane gjer vurderingar ut frå omtalen, finn moment og får desse fram. Elevar på (lågt) middels og lågt nivå har gjerne vurdert sjølve omtalen, ikkje forholdet mellom terningkast og omtale.
Oppgåve A2
Elevane svarer på bestillingane. Jamt over viser dei godt
mottakarmedvett, og dei fleste oppgir vanskelege ord og formuleringar som årsaker til at teateromtalen kan opplevast vanskeleg tilgjengeleg.
To typar svar utkrystalliserer seg:
Svar som viser integrert kunnskap hos eleven om lesing og lesestrategiar og sjølvstende i løysinga av oppgåva.
Svar som synest å ha hatt læreboka som ei klar kjelde i løysinga av oppgåva.
At overskrifta skulle vera Oppgåve A2, blei oppfatta som uheldig av fleire sensorar, sidan overskrifta jo er ein del av teksten. Denne delen blir øydelagd ved bruken av det nøytrale Oppgåve A2.
Del B
Oppgåve B1
Sensorane såg ein tendens til at dei fagleg sterkaste elevane valde denne oppgåva, og at dei hadde hatt god støtte i bruk av førebuingsheftet/- materiellet. Fleire meinte at formuleringa «overfor sensorane» var unødvendig og kunne verka noko kunstig. Formuleringa «di eiga
opplæring» måtte kunna tolkast som eiga lesing, eigen oppvekst, …læring i utvida forstand, var det generell semje om.
Oppmannsrapport frå Hordaland, norskeksamen 2016 Oppgåve B2
Mange sensorar opplevde at kompleksiteten i oppgåveteksten skapte utfordringar for elevane og utfordringar i sensuren. Kor streng skal ein vera m.o.t. tolkinga av omgrepet «ulike medium»? Kva gjer ein med svar der eleven snakkar om kjønnsroller i samfunnet generelt? Mange elevar hadde ikkje svart på den første bestillinga i oppgåva. Ein sensor som til dagleg arbeider med minoritetsspråklege, fortalde at hans elevar hadde funne både tema og oppgåve interessant og derfor hadde valt denne oppgåva, men at dei hadde hatt stort strev med å slita seg gjennom den danske teksten og brukt uforholdsmessig lang tid på det.
Det blei stilt spørsmål ved kommentaren til denne oppgåva i
forhåndssensuren. Rett nok letta den sensureringa i nokon grad, men sidan det i fleire år er blitt presisert kor viktig det er at elevane svarer på bestillingane, gav det å gå tilbake på dette kravet ein viss bismak.
Oppgåve B3
Eit fullgodt svar treng ikkje nødvendigvis ha med detaljane i biletet, som namn og/eller merkelappen US. Mange sensorar hadde likevel erfart at dei beste tekstane gjerne inkluderte desse opplysningane og brukte dei på ein god måte. Nokre elevar hadde valt å skriva ein skjønnlitterær tekst.
Sensorar som hadde lese slike svar, opplevde dei som relevante.
Oppgåve B4
Også på denne oppgåva fanst det enkelte skjønnlitterære elevsvar,
deriblant slike som blei vurderte som fullgode. Blant svara var det mykje fri bruk av talmaterialet, noko som kunne skapa visse utfordringar for sensor. Ikkje alle elevane hadde forstått innhaldet i den grafiske framstillinga.
Oppmannsrapport frå Hordaland, norskeksamen 2016 NOR0215
I 2014 melde sensorane i Hordaland tilbake at ein del elevar med bokmål som hovudmål syntest det blei mykje arbeid; med tre krevjande oppgåver blei det for lite tid til å arbeida med det formelle i sidemålet. I år var
responsen sterkare: Mange elevar hadde meldt tilbake til sine lærarar at dei hadde hatt svært dårleg tid, spesielt på sidemålsdagen. Med så mange bestillingar opplevde dei at dei ikkje fekk gjort grundig nok arbeid, m.a.
med å sjå over det formelle. Frå sensorhald blei det kommentert at det rett og slett er skremmande å sjå kor dårlege formelle ferdigheiter mange elevar har.
Del A
Oppgåve A1
Den delen av svaret som gjeld oppbygginga av tekstane, er svært tynn hos mange. Elles ingen kommentarar.
Oppgåve A2
Også her blei bestillinga som gjeld mottakaren opplevd som noko kunstig.
Kva seier eigentleg «ein vaksen som bryr seg» eleven?
Del B
Oppgåve B1
Det var ingen kommentarar til denne oppgåva.
Oppgåve B2
Mange elevar hadde valt denne oppgåva. Dei gode svara bar preg av at tekstar frå førebuingsmateriellet var brukt som kjelder, f.eks. teksten om Zlatan.
Oppmannsrapport frå Hordaland, norskeksamen 2016 Oppgåve B3
Tittelkravet i denne oppgåva er ikkje heilt godt, meinte mange. «Problem under debatt» oppfordrar snarare til å skriva sakprega enn
skjønnlitterært.
Oppgåve B4
Ingen kommentarar.
Om B-delen som heilskap
Forholdsvis få elevar har svart på oppgåve B1 og B3. Er det eit tankekors at eksamenssettet inneheld oppgåver som er så krevjande at dei gjerne ikkje kan svarast på av alle elevar?
Kommentar til oppgåvesetta
Fleire sensorar stilte seg kritiske til det tydelege signalet om å skriva saktekst den eine dagen, skjønnlitterær tekst den andre. Det at det ikkje lenger var eit krav om å skriva innan ein spesifikk hovudsjanger, blei godt mottatt då kravet blei fjerna for nokre år sidan. I år syntest det å vera tilbake til tidlegare praksis på dette feltet.
Kommentarar til den praktiske gjennomføringa av eksamen
Oppmelding til eksamen og eksamensavvikling Heller ikkje i år blei det meldt om særlege vanskar eller
uregelmessigheiter ved avviklinga av eksamen eller levering av elevsvara.
Likevel skjedde det også i år at elevar var oppførte med feil målform. Ved slike tilfelle blei skulane kontakta, enten av sensorane under sensureringa eller av Fylkesmannen under fellessensuren, slik at elevsvara blei vurderte på grunnlag av rett målform.
Oppmannsrapport frå Hordaland, norskeksamen 2016
Kommentarar til den praktiske gjennomføringa av sensuren
Fagsamling for sensorar 6. juni 2016
Tradisjonen tru heldt Fylkesmannen i Hordaland også i år sensorskulering ca. midtvegs i sensureringsperioden. Oppmennene leidde fagsamlinga. I år var det fint å ha med mange nye sensorar, og frå oppmennene si side blei det lagt vekt på å inkludera desse i det viktige arbeidet med å skapa eit tolkings- og vurderingsfellesskap i fylket vårt. Eksamen 2016 blei gjennomgått, og prinsipp for vurdering og karaktersetting i norsk blei drøfta. Deretter følgde vurdering av elevsvar som var gjennomgått under førehandssensuren.
Interessante vurderingsdiskusjonar vitna om engasjement og høg vurderingskompetanse blant sensorane.
Både oppmannskorps og sensorane sjølve opplever at denne samlinga er svært nyttig for å heva vurderingskompetansen og for å skapa eit
tolkingsfellesskap. Slik kjem skuleringa også opplæringa og elevane til gode.
Oppmannsmøte 13. juni 2016
Oppmannssensuren i Hordaland begynner med eit møte mellom
oppmannskorpsa i alle eksamensfaga for å førebu fellessensuren og for å drøfta eksamen og kompetanse- og karakternivå i eksamensfaga.
Også i år blei forskjellen i eksamensresultata for norsk, engelsk og matematikk drøfta. Ingen førebels statistikk var tilgjengeleg allereie
denne dagen, men oppmannskorpset i matematikk kunne fortelja om klart betre resultat enn dei siste åra. Vanskegraden i eksamenssettet var
vesentleg lågare i år. Tilnærminga i eksamensform for norsk og engelsk held fram, noko oppmannskorpsa i begge faga ser som positivt.
Framleis meiner oppmannskorpsa at harmoniseringa mellom eksamensfaga kan aukast når det gjeld eksamensrettleiinga, presisjonskrava i kjenneteikn på måloppnåing, karakterkrav og vurderingspraksis.
Oppmannsrapport frå Hordaland, norskeksamen 2016 Fellessensur 15. juni 2016
Fylkesmannen hadde ansvaret for effektiv og god gjennomføring av fellessensuren på Storetveit skole.
Som vanleg fungerte sensureringa i firargrupper svært godt. Også dette året var det store forskjellar i korleis og kor mykje sensorgruppene/-para brukte oppmannskorpset. Dei fleste svara som blei leverte inn til
oppmannssensur, hadde sensorparet/-gruppa vurdert ulikt.
Informasjon frå fellessensuren Val av oppgåver
I sidemål blei oppgåve B1 og B3 i stor grad valde bort. I hovudmål blei oppgåve B1 vald bort, men ikkje i like stor grad som dei nemnde oppgåvene i sidemålet.
Forslag til forbetringar
Det blei stilt spørsmål ved talet på bestillingar i oppgåvene – er det blitt for mange av dei? På den eine sida lèt det til at bestillingane hjelper elevane i arbeidet med å disponera teksten. På den andre kan det synast som om for mange bestillingar kan setta ein dempar på eleven sin
kreativitet. Eit anna spørsmål er om det er nødvendig med så mange som tre tekstar. (Jf. omtalen om tidsnød, spesielt under sidemålet.)
Den nye eksamenstenesta
Systemet har fungert svært godt.
Utskriftsfunksjonen på «karakterutskrift» kan med fordel gjerast enklare. Fint om dette kunne ha blitt generert i ei pdf-fil e.l.
Plagiatkontrollen var litt vanskelegare tilgjengeleg i år. Meir umiddelbar synlegheit er ønskjeleg (ikkje i eit eige dokument).
Fint om eleven si målform kan stå på framsida av eksamenssvaret.
Andre kommentarar
Tidsressursen til sensureringa er for liten. Oppgåvene er krevjande, og sensorane vil gjerne sikra kvalitet. 20 minuttar er lite på dei tre oppgåvene. Mykje bør sjekkast og kontrollerast, og kvalitetssikring er nødvendig for å visa respekt for elevane som har hatt eksamen.
Oppmannsrapport frå Hordaland, norskeksamen 2016
Førehandssensuren bør formidlast til alle sensorane umiddelbart etter at han er publisert. Dette kan skje via e-post med link til førehandssensuren eller ved pdf av dokumentet som vedlegg.
Spesielt frå nye sensorar blei det ytra ønske om at fagdagen blei arrangert tidlegare i sensureringsperioden.
Ein fagdag her i Hordaland i februar/mars, etter same mal som den som tidlegare har vore arrangert, er sterkt ønskjeleg. Øystein Jetne frå UDIR har sagt seg villig til å ta del ved eit slikt arrangement. Det er vi glade for, og det er viktig at skulane prioriterer dette.
Kommentarar til karakterane gitt til norskeksamen
I UDIR sin statistikk over dei fylkesvise resultata før klagesensuren ser vi at det i Hordaland er ein framgang på 0.1 karakterpoeng i NOR0214 og NOR0215, samanlikna med resultata i 2015. I NOR1415 er det derimot ein tilbakegang på 0.2 prosentpoeng. Ein tenkeleg grunn til dette kan vera at mange framand-/minoritetsspråklege har hatt så store vanskar med å tileigna seg innhaldet i tekstar knytte til oppgåvene og/eller med
bestillingsordlyden/-mengda at dette har slått merkbart negativt ut på deira resultat.
Eksamensresultata i Hordaland avvik også i år i liten grad frå det
nasjonale gjennomsnittet; 3,5 i hovudmål og 3,3 i sidemål, mens snittet nasjonalt er høvesvis 3,6 og 3,2.
Oppsummering
Samla sett blei eksamen og sensurering avvikla utan vanskar. Elevar, faglærarar og sensorar var svært tilfredse med årets førebuingsmateriell, og resultata ved eksamen tyder på at elevane ikkje har hatt
ekstraordinære problem med å løysa hovudmålsoppgåvene, slik den
umiddelbare mediestormen varsla. Elevane ser etter kvart ut til å ha betre kompetanse i å lesa oppgåver og følgja oppgåvebestillingar, men det er eit spørsmål om mange og detaljerte bestillingar er til det gode for eleven.
Samla sett har elevane behov for meir trening i å bruka kjelder
sjølvstendig og formålstenleg i eigne tekstar, sjølv om det er betring i det å oppgi kjelder etterretteleg. Framleis er det utfordringar knytte til
omgreps-og oppgåveforståing, og mange elevar har behov for å arbeida
Oppmannsrapport frå Hordaland, norskeksamen 2016
meir med skrivehandlingar. Det er eit ønske frå sensorane at
retningslinjene for vurdering av språkleg kompetanse i forhold til andre kompetanseområde blir endå klarare.
Os, 1. juli 2016
Margrethe Moe Sandven oppmann i Hordaland