• No results found

Kabatina spp.

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Kabatina spp."

Copied!
2
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

Vol.7 Nr.101Q - 2003

Kabatina spp.

Venche Talgø og Arne Stensvand, Planteforsk Plantevernet

E-post: [email protected]

Vertplanter

I Noreg vart einergreindød (Kabatina tujae var. juniperi) påvist for fyrste gong i 1981 på einer (Juniperus communis m.fl.), medan tujagreindød (Kabatina tujae var. thujae) vart påvist i 1995 på tuja (Thuja occidentalis m.fl.) og sypress (Chamaecyparis lawsoniana m.fl.).

I prosjektet ”Kartlegging og bekjemping av skadegjerarar i klyppegrønt- og juletre-

produksjonen” vart Kabatina funnen i 2002 på nobeledelgran (Abies procera) i Vest-Agder (Fig. 1).

Fig. 1. Nobeledelgran frå Vest-Agder med Kabatina- symptom. På den forstørra innfelte nåla er det tett med sporehus. Foto: E. Fløistad

Symptom og biologi

Kabatina-soppane vert rekna som svake parasittar. Dei infiserar ofte plantevev som er skadd etter skjering, skotbrekk, frost,

skadedyr og anna, men kan truleg også angripa nye, mjuke nåler og bark som enno ikkje er forveda (lignifisert). Infeksjon av soppen kan skje under fuktige tilhøve

gjennom heile vekstsesongen, men symptoma

ser ein ofte ikkje før neste vår. Soppen veks best i milde periodar om hausten, vinteren og våren.

På einer, tuja og sypress vert skotspissane fyrst gule før dei ytterste 10-15 cm på årsskota daudar og vert brune (Fig. 2).

Soppen angrip berre årsskota og veks ikkje innover til eldre delar av plantene.

Overgangen er skarp mellom sjukt og friskt

Fig. 2. Lawsonsypress med angrep av Kabatina thujae var.

thuja. Foto: A. Stensvand

Soppsjukdom

Samandrag

Soppar innan slekta Kabatina har i mange år ført til daude nåler og skot på tuja, einer og sypress i Noreg. I 2002 vart denne soppen også registrert på skadde nåler av nobeledelgran.

Summary

Kabatina spp. are causing problems on Abies procera, Chamaecyparis lawsoniana, Juniperus spp., and Thuja spp. in Norway.

(2)

Talgø, V. & A. Stensvand. 2003. Kabatina spp. Grønn kunnskap e7(101Q):1-2 2

Vol.7 Nr.101Q - 2003

bar. Barken vert litt innsokken i denne overgangen og det dannast små, svarte sporehus (acervuli).

På nobeledelgran vil einskilde nåler fyrst få lyse flekkar som etter kvart vert brune og flyt saman. Det er typisk at ytre halvdel av nålene vert brune (jf. Fig. 1). Som det innfelte biletet i Fig. 1 syner, dannast sporehusa i det

området på nåla som er brunt. Ved harde angrep vert heile nålene brune og fell av.

Sporehusa er bitte små, men dei er synlege med ei god handlupe.

Angrep av Kabatina på einer, sypress og tuja kan forvekslast med angrep av soppene Phomopsis og Pestalotiopsis. Frostskade, saltskade og næringsmangel kan også gi symptom som liknar angrep av Kabatina.

I Austerrike er Kabatina abietis vanleg på kjempeedelgran (Abies grandis), men sjeldnare på nordmannsedelgran (Abies nordmanniana) og nobeledelgran.

Tiltak

Ein må vera varsam med nitrogen-gjødslinga om hausten, slik at det vert god avmogning før vinteren. Sein avmogning, men også val av dårleg klimatilpassa plantemateriale, kan gi overvintringsskadar og dermed fare for angrep av Kabatina. Unngå planting på fuktige,

skuggefulle stadar. Angrepne plantedelar bør klyppast bort og fjernast før vekstsesongen for å minska smittepresset. I planteskular kan det vera aktuelt med kjemiske middel, men det vert frårådd i hagar og grøntanlegg.

Prosjekttittel: Kartlegging og bekjemping av skadegjerarar i klyppegrønt- og juletreproduksjonen (2001-2003) Finansiering: SND, NGF, eigeninnsats

Styringsgrupppe:

Harald Rømuld (prosjektansvarleg), Norsk Pyntegrønt Terje Pundsnes (leiar for styringsgruppa), Pyntegrøntringen Inger Hilmersen, Norsk Gartnerforbund Morten N. Andersen, Det Norske Skogselskap

Tønnes Straum, produsent Arne Stensvand (fagleg ansvarleg) og Venche Talgø, Planteforsk Plantevernet

Kjem som vedlegg til Norsk Pyntegrønt hausten 2004

ISBN 82-479-0440-3

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

Funn i undersøkelsen viser at 72 prosent av boligkjøpere med ingen planer for videresalg av bolig tåler en større renteøkning.. Samtidig svarer 24 prosent at de tåler kun

Dessuten finnes einer (Juniperus communis), tyttebær, marimjelde (Melampyrum pratense), myr- hatt, rnyrviol, bukkeblad, sneller og en enkelt maiblomst (Majanthemum bi-

På seinsommaren 2008 vart bladskimmel for første gong påvist i lisespringfrø (Impatiens walleriana) i Noreg.. Sjukdomen fører til misvekst, bladgulning,

vaccinii Groves, vart påvist i hageblåbær (Vaccinium corymbosum) for første gong i Noreg i 1995.. Sjukdomen er til no funnen i Østfold, Akershus, Telemark, Aust-Agder,

5 viser i prosent minste og største ta ortografisk rett stava ord, og snittet på ortografisk rett stava ord i prosent, samt standardavviket (SD). Mitt datamateriell viser eit

Det hadde vært interessant å intervjuet og undersøkt om noen av disse barna viste tegn på variasjoner i språklige uttrykk eller bevissthet rundt for eksempel følelsen sinne....

Dersom virksomhetsleder har ansvaret for forvaltning, drift, vedlikehold av byggavdelingen 

Frø frå dei etelege plantane einer (Juniperus communis), mjølbær (Arctostaphylos uva-ursi), pors (Myrica gale), eple (Malus sylvestris), rose (Rosa), molte (Rubus