• No results found

FORVALTINGSPLAN FOR ÅNUGLO NATURRESERVAT

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "FORVALTINGSPLAN FOR ÅNUGLO NATURRESERVAT"

Copied!
40
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

FORVALTINGSPLAN FOR ÅNUGLO NATURRESERVAT

Tysnes kommune, Hordaland

Naturkvalitetar, bevaringsmål og forvaltingstiltak

HØYRINGSUTKAST

(2)
(3)

FORVALTINGSPLAN FOR ÅNUGLO NATURRESERVAT

Fylkesmannen i Hordaland

2013

Foto framside:

(4)
(5)

Høyringsutkast - Forvaltingsplan for Ånuglo naturreservat:

Naturkvalitetar, bevaringsmål og forvaltingstiltak

xx Forfattar:

Astrid Bakke Haavik

Dato:

xx

Den tidlegare statskogeigedomen på Ånuglo, Midtøy, Seløy og Flornes søraust i Tysnes er kjøpt av

Miljødirektoratet for naturvernføremål og vert no foreslått verna som naturreservat. Området vil vere eit særs viktig bidrag i å verne skog i lågareliggande kystområde på Vestlandet. Skogen har høg bonitet, noko som har vore ein mangel i barskogsvernet i Hordaland. I tillegg er det eit gunstig klima og ein eineståande vegetasjon på øyane. Det er allereie verna eit lite areal på øya Ånuglo som naturreservat i 2000.

Forvaltingsplanen skal sikre ei langsiktig og kunnskapsbasert forvalting av vernekvalitetane i Ånuglo

naturreservat, etter reglane i verneforskrifta. Det er i tillegg ønskeleg at planen skal vere eit godt hjelpemiddel for grunneigarar og andre interesserte ved at den vil vere rettleiande og utfyllande i høve til dei eksisterande verneforskriftene.

Forvaltingsplanen presenterer verneverdiane og mål ved bruk av omgrepa naturkvalitetar, bevaringsmål og forvaltingsmål. Dette er ein metode og innfallsvinkel i naturforvaltinga som skal sikre ei meir presis forvalting av naturvernområde i Noreg.

Hovudmålet for forvalting av Ånuglo naturreservat er å tilbakeføre skogen, slik at han på lang kan utvikle seg som ein typisk urskog for kystnære område på Vestlandet. For å få til det må vi fjerne framande treslag.

God kunnskapsformidling og informasjonsflyt mellom forvaltingsstyresmakta og brukarar er eit mål i seg sjølv.

Kunnskapen om Ånuglo naturreservat skal gjerast tilgjengeleg for ålmenta og utvidast så langt det lar seg gjere.

Forvaltingsplanen blei vedteken xx og bør rullerast innan 20 år, der ein gjer ein vesentleg vurdering av om planen framleis er brukande.

Referanse:

Haavik, A. B. 2013. Forvaltingsplan for Ånuglo naturreservat. Fylkesmannen i Hordaland, MVA-rapport x/2013.

Emneord:

Naturreservat, naturkvalitet, bevaringsmål, barskog, edellauvskog, forvaltingsplan

Fylkesmannen i Hordaland, Miljøvern- og klimaavdelinga Postboks 7310,

5020 Bergen Tlf. 55 57 22 00

fmhopostmottak@fylkesmannen.no

www.fylkesmannen.no/hordaland http:\\hordaland.miljostatus.no

(6)
(7)

verneplan for barlind og kristtorn i Hordaland. Området blir med denne høyringa foreslått utvida til å gjelde heile den tidlegare statskogeigedommen på Ånuglo, Midtøy, Seløy og Flornes søraust i Tysnes, som i 2012 vart kjøpt opp av Miljødirektoratet for naturvernføremål.

Vern av skog er ein viktig del av Noreg sitt bidrag til det internasjonale målet om å stanse tap av biologisk mangfald. Å verne statseigd grunn vil vere viktig i denne samanheng. Gjennom ulike verneplanar har vi forsøkt å ta vare på eit representativt utval av skogane våre. Framleis er det nokre manglar i desse listene. Særleg manglar det skog med høg bonitet i låglandet. Utviding av vernet på Ånuglo vil vere eit veldig viktig bidrag for å styrke vernet av kystnær skog med høg bonitet.

Forvaltingsplanen skal gjere opp status for verneområdet og klargjere og utfylle vernereglane i den føreslegne verneforskrifta. Forvaltingsplanen vil ikkje gje avgrensingar ut over verneforskrifta. Det er Fylkesmannen i Hordaland som er forvaltingsstyresmakt i Ånuglo naturreservat og som har ansvar for å gjennomføre ein forvaltingsplan.

Vi ønskjer å takke alle som har bidrege med bakgrunnsinformasjon og innspel til utarbeiding av forvaltingsplanen.

Høyringsutkast blir sendt til grunneigarar på tilstøytane eigedommar, aktuelle offentlege etatar og lokale lag og organisasjonar og er tilgjengeleg på Fylkesmannen sine heimesider. Den ferdige forvaltingsplanen vil bli sendt til grunneigarane og bli tilgjengeleg på internett.

Bergen, xx

Lars Sponheim Kjell Kvingedal

fylkesmann fylkesmiljøvernsjef

(8)
(9)

3 INNLEIING ... 1

BAKGRUNN FOR VERN ... 1

3.1 OM FORVALTINGSPLAN ... 3

3.2 VURDERINGAR ETTER NATURMANGFALDLOVA ... 3

3.3 PLANPROSESSEN ... 4

3.4 4 SKILDRING ... 5

LANDSKAP OG GEOLOGI... 6

4.1 KLIMA ... 6

4.2 BIOLOGISK MANGFALD ... 7

4.3 4.3.1 Vegetasjon ... 7

4.3.2 Dyreliv ...12

VERNEVERDIAR ... 13

4.4 HISTORIKK ... 14

4.5 4.5.1 Busetnad og bruk ...14

4.5.2 Skogen ...15

4.5.3 Kulturminne ...16

5 MÅL ... 16

FORVALTINGSMÅL ... 16

5.1 BEVARINGSMÅL ... 17

5.2 6 BRUKARINTERESSER... 19

FERDSEL OG FRILUFTSLIV ... 19

6.1 NABOEIGEDOMMAR/FRITIDSBUSTADER ... 19

6.2 ANDRE BRUKARINTERESSER ... 20

6.3 7 UTFORDRINGAR OG TRUGSMÅL ... 21

HØGSPENTLINER ... 21

7.1 FRAMANDE TRESLAG ... 21

7.2 HJORT ... 21

7.3 8 FORVALTINGSOPPGÅVER OG TILTAK ... 22

KARTLEGGING AV NATURVERDIAR ... 22

8.1 8.1.1 Basiskartlegging av verneområde ...22

FJERNING AV FRAMANDE ARTAR ... 23

8.2 TURSTIAR OG INFORMASJON ... 24

8.3 OPPSYN I VERNEOMRÅDET ... 24

8.4 FORVALTINGSMYNDE ... 25

8.5 8.5.1 Generell dispensasjon etter § 48 i naturmangfaldlova ...25

8.5.2 Sakshandsaming av dispensasjonssaker ...25

8.5.3 Tabell over tiltak...26

9 LITTERATUR ... 27

AKTUELLE INTERNETTADRESSER ... 28

9.1 10 VEDLEGG ... 29

(10)
(11)

Innleiing

Bakgrunn for vern 1.1

Vern av skog er ein viktig del av Noreg sitt bidrag til det internasjonale målet om å stanse tap av biologisk mangfald. Store forskjellar i geografi og klima gjer at Noreg har stor variasjon i skogtypar og fleire av desse er sjeldne i internasjonal målestokk. Skog er eit viktig leveområde for artar, og nær halvparten av trua og nær trua artar i den norske raudlista lever i skog1. Den faglege tilrådinga for vern av skog er at 10 % av skogarealet bør vernast mot inngrep på lang sikt2. I dag er 2,7 % av produktiv skog verna i Noreg.

Figur 1: Fordeling av bonitet i eksisterande barskogsreservat og med det føreslåtte verneområdet Ånuglo. Ånuglo vil tilføre mykje areal i dei høgste bonitetsklassane og areal med særs høg bonitet vil bli meir enn dobla ved vern av Ånuglo.

Gjennom handsaming av St. meld. nr 25 (2002-2003) – Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand, bestemte Stortinget å styrke skogvernet i Noreg. Her vart vern av statseigd grunn trekt fram som eit sentralt verkemiddel i innsatsen for å auke mengda verna produktiv skog, i tillegg til frivillig skogvern. Seinare vart det fastslått at frivillig skogvern skulle bli ført vidare og framleis vere eit hovudtiltak i skogvernarbeidet. Dette er bakgrunnen for at Miljødirektoratet fekk forkjøpsrett til verneføremål då Statskog selde ut sine skogeigedommar på Vestlandet.

1 Norsk rødliste for arter 2010.

0 5000 10000 15000 20000 25000 30000 35000

S H M L + Imp. Totalt

Dekar vernet barskog

Bonitet Totalt med Ånuglo

Totalt (u/ Ånuglo)

(12)

Forvaltingsplan for Xx naturreservat

Side | 2

Gjennom verneplan for barskog, edellauvskog og barlind/kristtorn- område er det til no verna om lag 50 km med skogareal i Hordaland, dei fleste som naturreservat. Framover vil nye verneframlegg i hovudsak vere basert på avtalar om frivillig skogvern.

Eksisterande Ånuglo naturreservat blei verna i 2000 for å ta vare på dei spesielle førekomstane av barlind og kristtorn. I 2011 vedtok Statskog at dei skulle selje ut eigedomane sine på Vestlandet, blant anna skogeigedomen på Ånuglo, Seløy og Flornes søraust i Tysnes.

Kart over verneområde i Hordaland. Ringen syner kor Ånuglo ligg. Alle dei små raude prikkane langs kysten er sjøfuglreservata våre.

Bilete 1: Eksisterande Ånuglo naturreservat

(13)

Som eit ledd i ei satsing for å auke skogvernet fekk Miljødirektoratet forkjøpsrett på desse eigedommane. Om det viste seg at eit område hadde spesielle naturverdiar vart det vurdert kjøpt opp. Rådgivende Biologer AS gjorde ei vurdering av naturverdiane på Ånuglo, Seløy og Flornes i 2011 og på bakgrunn av rapporten og generell kunnskap om området, kjøpte Miljødirektoratet opp Statskogeigedomen på til saman 4100 dekar. Føremålet med kjøpet var å opprette eit verneområde og Fylkesmannen fekk i oppgåve å starte prosessen med å verne området som eit naturreservat.

Om forvaltingsplan 1.2

Ein forvaltningsplan skal vere eit praktisk hjelpemiddel til å oppretthalde og fremje føremålet med vernet. Forvaltingsplanen er tufta på verneforskrifta. Vernereglane skildrar målet med vernet og kva som er forbode og lovleg. Vernereglane er ikkje utdjupande og eventuelle skjøtselstiltak for å fremje verneformålet er ikkje omtalt.

Ein forvaltingsplan presiserer vernereglane og har fleire andre formål, der desse er dei viktigaste:

 Gje grunneigarane og andre brukarar konkrete retningsliner for korleis forvaltingsstyresmakta vil praktisere vernereglane, og der målet er å klargjere i kva grad tradisjonell bruk av område kan halde fram samstundes som verneføremålet blir ivareteke.

 Gje eit oversyn over dei viktigaste oppgåvene ved forvalting av området og korleis desse bør prioriterast. Døme på slike oppgåver er skjøtsel, tilrettelegging, informasjon og oppsyn.

Vurderingar etter naturmangfaldlova 1.3

I følgje naturmangfaldlova skal miljørettsprinsippa i §§ 8-12 leggast til grunn som retningsliner ved all offentleg forvalting. Prinsippa skal og nyttast ved utarbeiding av forvaltingsplanar, og det skal komme fram i planen korleis det er tatt omsyn til desse prinsippa og korleis dei er vektlagt. Kunnskapsgrunnlaget (§ 8) for denne forvaltingsplanen kjem frå ei rekke skriftlige kjelder, erfaringsbasert kunnskap frå Statens naturoppsyn, Statskog og andre.

Det er ein del kunnskap om naturverdiane på øya Ånuglo, då særleg botaniske verdiar. Andre organismegrupper er mindre kjent. På Midtøy, Seløy og Flornes er ikkje vegetasjonen kartlagt like godt. Her kan vi vente at det er større verdiar enn det som er kjent til no. Ein av dei største verdiane i området vil først komme til sin rett når vi fjernar

(14)

Forvaltingsplan for Xx naturreservat

Side | 4

dei framande treslaga for å skape eit grunnlag for framtidig skogutvikling.

Vi meiner at vi har tilstrekkeleg med kunnskap til å kunne utarbeide forvaltingsplan og verneframlegg. Med eit betre kunnskapstilfang kunne vi likevel ha fått ein endå meir treffsikker forvalting og overvaking av verdiar, og kanskje også skjøtsel av området.

Registrering av naturverdiar vil difor vere ei prioritert oppgåve i åra framover. Når meir detaljert kunnskap føreligg, kan bevaringsmål og plan for overvaking av verdiane i området eventuelt tilpassast.

Planprosessen 1.4

Etter at Miljødirektoratet kjøpte opp statsskogeigedommen fekk Fylkesmannen i Hordaland i oppdrag å starte prosessen med å verne området. Reint formelt blir vernet ei utviding av det eksisterande Ånuglo naturreservat, men vi må lage forskrift på nytt sende framlegg og forslag til forskrift på ein høyringsrunde. Prosessen blir derfor lik ein ny verneprosess.

Oppstartsmelding for verneplanarbeidet vart sendt ut i brevform 29.01.2013 til grunneigarane på naboeigedommar, kommune, fylkeskommunen, Statskog og fleire ulike lag og organisasjonar. I tillegg vart kunngjeringa trykt i avisene Bergens Tidende og Sunnhordland, 01.02.2013. Frist for innspel var den 01.04.2013.

Innspela etter oppstartsmeldinga vart gått gjennom i verneframlegget.

Etter ei samla høyring av forslag til verneforskrift, verneframlegg og utkast til forvaltingsplan vil alle innspel bli behandla. Eventuelle endringar blir tilført og alt blir sendt over til Miljødirektoratet. Dei førebur eit eventuelt vedtak om oppretting av naturreservat ved kongeleg resolusjon.

Utkast til forvaltingsplanen vart sendt på høyring xx 20xx med frist for å komme med innspel xx same år. Det er eit mål å revidere denne forvaltingsplanen innan 20 år. Vanlegvis er det ti års perspektiv på forvaltingsplanar for verneområde. I eit skogreservat som dette vil endringar normalt gå så seint at behova for forvalting sjeldan vil endre seg nemneverdig over ein tiårs periode. Vi vil likevel gjere ei vurdering av behovet for å revidere planen om ti år.

(15)

2 Skildring

Ånuglo, Midtøya, Seløya og Florneset på Tysnesøy ligg søraust i Tysnes kommune mellom Onarheimsfjorden og Husnesfjorden.

Området som no er vurdert verna var eigd av Statskog SF fram til 2012, då eigedommen vart kjøpt opp av Miljødirektoratet til naturvernføremål. Heile eigedommen har eit areal på om lag 4100 dekar, med 3587 dekar produktiv skogsmark. Dette omfattar store delar av øya Ånuglo, omtrent halve Midtøya og nesten heile Seløy. I tillegg er det eit skogareal på søraustre del av Florneshalvøya på Tysnesøy. Det følgde ein del holmar og skjer med Statskogeigedommen og desse er også med i verneforslaget.

Fullstendig innlemma i statseigedommen på Ånuglo ligg to mindre eigedommar med fritidsbustader, som er privateigde. På Ånuglo og Midtøya grenser eigedommen mot det einaste gardsbruket på Ånuglo.

På Seløy eig Hordaland landbruksselskap ei mindre tomt vest på øya.

På Seløy er det i tillegg er det ein fritidsbustad som er utleigd til private.

(16)

Forvaltingsplan for Xx naturreservat

Side | 6

Landskap og geologi 2.1

Grunnen på Tysnes består mest av den mørke bergarten gabbro. Men i søraust finn vi kalkrike skifrar. Berggrunnen på Ånuglo er for det meste omdanna sedimentbergartar – tidlegare havbotn. Vestlege delar av Ånuglo har eit dekke av grønskifer, som går over i kvartsfyllitt, fyllitt og glimmerkvartsitt mot aust, med fleire kalkførande lag. På Seløy varierer bergrunnen mellom blanding av gabbro, fyllitt og grønskifer. På Midtøya, Seløy og Flornes er det fleire band med kalkrik marmor.

Terrenget på øyane er kupert med fleire små åsar. Ånuglo har fire åsar opp til 93 moh. og små dalsøkk går over øya frå nordvest mot søraust.

Mot sjøen er det steile bergvegger på 10-20 meters høgde.

Lausmassane på øyane stammar frå forvitring av berggrunnen.

Midtøya har kupert terreng og dei høgaste åsane er på 60 og 57 moh.

Seløy er langstrakt og smal med høgaste punkt i ein haug som er 108 moh., elles er landskapet kupert. Florneset er mindre kupert enn øyane

Klima 2.2

Tysnes har eit oseanisk klima, som er kjenneteikna av milde vintrar, kjølige somrar og relativt mykje nedbør. I normale vintrar er marka i lågareliggande område sjeldan snødekt. Gjennomsnittstemperatur er høvesvis 1,2 °C og 13,8 °C i kaldaste og varmaste månad3. Middel- temperatur for året ligg på 6-8 °C.

Klimaet på Ånuglo og øyane rundt er ein eineståande kombinasjon av dei milde vintertemperaturane ein finn i oseaniske strøk og høge sommartemperaturar som ein finn i områda lenger inn i Hardangerfjorden. Det fell om lag 2000 mm nedbør i året3. Vekstsesongen på Ånuglo er opp til 210 dagar.

Ånuglo og øyane rundt ligg i boreonemoral vegetasjonssone, som er grensa mellom varmekrevjande edellauvskogssone og det kuldetolerante barskogbeltet. Dette er den mest artsrike vegetasjonssonen i Noreg, der vi finn representantar både for sørleg og nordleg flora. Ofte veks lauvtrea på sørvendte stader med varmare og betre gjennomlufta jord. I nordvendte dalsider og kjøligare område med tyngre jord dominerer bartre og boreale lauvtre.

3 Temperatur målt på næraste værstasjon på Stord Lufthavn, nedbør målt på Husnes, Meteorologisk institutt http://eklima.met.no (06.01.2014)

(17)

Biologisk mangfald 2.3

2.3.1 Vegetasjon

Ånuglo, Seløy og Flornes er skogdominerte, med blanding av varmekjære treslag og boreale treslag. På grunn av den store nedbørsmengda og oseanisk klima kan vi finne område i skogen i det føreslåtte verneområdet som blir karakterisert som temperert regnskog. Denne skogen vert kjenneteikna av mange sjeldne lav og mosar. I det føreslåtte verneområdet veks barlind spreidd som enkelttre, i bergsprekkar eller i tettare grupper i underskogen. Heile området er dominert av skogområde med høg til særs høg bonitet – noko som er uvanleg for eit skogreservat av denne storleiken.

Dessverre er mykje av desse produktive områda stort sett plantefelt med gran, hogstfelt, og ungskog etter hogst, særleg nord på Seløy og Ånuglo.

Til saman utgjer øyane og Flornes ein mosaikk av skogtypar frå kalkrik edellauvskog med stort innslag av sjeldne og varmekrevjande artar, til kalkfuruskog og vidare til skrinnare skogtypar, frå låg til særs høg bonitet.

Ånuglo

Ånuglo har ein uvanleg frodig vegetasjon. Her møtest typiske oseaniske planteartar og artar som elles veks heilt ned til det austlege Middelhavet4. Skogen har stort sett høg bonitet over heile øya. Dei

4 Fægri, K. 1956. Ånuglo – det tapte paradis. Bergen turlag Årbok. S. 77-85

(18)

Forvaltingsplan for Xx naturreservat

Side | 8

største særprega for vegetasjonen er uvanleg store bergfletter (eføy, Hedera helix), kristtorn og barlind. På Ånuglo er vegetasjonen dominert av ulike typar furuskog. På tørr grunn veks det relativt ung og lysopen kalkfuruskog, elles er det parti med rikare lågurtfuruskog.

På dei fleste stadane med djupare jordsmonn er det planta gran og andre framande bartre. I sørvende lier, på gammal dyrka mark og spreidd mellom granplantingane veks det lågurt-edellauvskog, med eik, lind og hasselkratt. Store delar av skogen har særs høg bonitet.

Aust på øya veks det mest skog i yngre til eldre optimalfase og aldersfase, mens nord på øya har furuskogen eldre optimalfase. Det er lite daud ved på Ånuglo. I den nordaustre bergveggen mellom Ånuglehovda og Øyjords-storhaugen veks det edellauvskog med storvokste eiker og lindetre utan hogstpreg. Her er det eit rikt artsmangfald, med bergflette som veks oppetter tre og steinblokker, og ein finn mange artar av lav.

Det er særleg den søraustlege delen av Ånuglo som er godt undersøkt, i og rundt det noverande naturreservatet. Her er det gunstige mikroklimatiske tilhøve. Dei kalkførande laga her er metta med fuktigheit frå haugane ovanfor, solstrålinga varmar opp liene, og dette skapar ideelle tilhøve for varme- og kalkkrevjande vegetasjon.

Ånuglo er særleg kjent for sine store bergfletter. Den største bergfletta på Ånuglo dekkjer 150 kvadratmeter av ein bergvegg søraust på øya i det noverande naturreservatet. Den hittil største kjente bergfletta i Norden vaks rett på sida av denne, men døydde i 1953 av skadar frå eit torpedoangrep under andre verdskrig. Den var 19 meter høg og over 70 år gamal rundt 1900.

Kristtorn har større utbreiing på Ånuglo enn barlind. I dagens verneområde finst det vel hundre store kristtorntre, dei fleste står i bakken aust for Storhaug. Det er god forynging av kristtorn. Ved Øyjordstorhaugen står ein kristtorn som er verna som naturminne.

Den var i 2000 12 meter høg og hadde ein omkrins på heile 4,24 meter ved basis. I kystfuruskogen nord og aust på øya veks det også store mengder kristtorn. Nord på Ånuglo fann Knut Fægri det han meinte var den austlegaste kjente førekomsten av purpurlyng. Det hadde vore interessant å undersøke nærare om purpurlyngen veks der framleis.

Bilete 2: Professor Sernander studerer den store bergfletta på Ånuglo (henta frå: Fægri 1965)

(19)
(20)

Forvaltingsplan for Xx naturreservat

Side | 10 Midtøy

På Midtøy består berggrunnen for det meste av grønstein som ligg i dagen, og elles er det eit tynt lausmassedekke. Naturtypen er kystfuruskog, med einer og enkelte individ av kristtorn i busksjiktet.

Midtøy skil seg ut i det føreslåtte verneområdet, ved at boniteten er middels til låg og ikkje særs høg. Området er dominert av oseanisk furuskog. Skogen er i eldre optimalfase, med lite daud ved. Det er ikkje observert spor etter hogst i området, men det er spreidd førekomst av vestamerikansk hemlokk. I følgje Statskog blei Midtøy tidleg planta til med gran. Vegetasjonen på Midtøy er ikkje beskrive i detalj og er heller ikkje venta å vere så verdifull som i resten av det føreslåtte verneområdet.

Bilete 3: På Midtøy er det bratte bergsider ned mot sjøen. Her står ein asal i blomst, saman med furu, brake og røsslyng.

Seløy

Nordvestlege delar av øya består av ein kystfuruskog, som strekk seg frå havnivå og opp til 100 moh. Her er furu i varierande aldrar dominerande, med innslag av bjørk, osp, rogn og selje. Skogen har høg til særs høg bonitet med førekomstar av kristtorn, barlind og bergflette. Det er eit område med eikeskog sør på øya, med mykje kristtorn, der veks det stortrollurt (VU), og det er truleg andre interessante artar her. Den eldste furuskogen i det føreslåtte verneområdet veks på Seløy (tydeleg aldersfase), og det er også den

(21)

einaste plassen ein finn daud ved i noko omfang. På Seløy er det store plantefelt av edelgran, sitkagran og vestamerikansk hemlokk, og det er også småplanter av trea spreidd rundt på øya.

(22)

Forvaltingsplan for Xx naturreservat

Side | 12 Flornes

Flornes er ikkje så særmerkt når det gjeld vegetasjon, mykje på grunn av dei store plantefelta. Nesten heile statseigedommen på Flornes har særs høg bonitet. Det er blåbærskog og røsslyng-blokkebærfuruskog som er dei dominerande vegetasjonstypane, med små spreidde parti med lågurtskog. Furu dominerer, med innslag av eik, bjørk, bergflette, vivendel, kristtorn, krossved og barlind. Skogen er relativt einsaldra og furutrea er unge til middelaldrande, med lite daud ved. Det er små parti i dei flate områda med sumpskog og her er skogen litt meir sjikta og noko liggande og ståande daud ved. Det er store plantefelt med sitkagran sør i området. I tillegg er det spreidde førekomstar av sitka, edelgran og lerk.

Dyreliv

Det vil vere ein viktig del av verneføremålet å bevare området som eit leveområde for dei artane som brukar det. Sjølv om det har vore mykje vitskapeleg merksemd om Ånuglo er faunaen dårleg kjent.

Sidan verneområdet vil bestå av øyar og delar av ei halvøy, vil det vere eit oseanisk preg på faunaen.

(23)

Det er ikkje kjent sjeldne fugleartar, som ein ikkje ville forvente her, og det er heller ikkje sannsynleg av fuglefaunaen er særskilt spektakulær her. Men det til sides, når skogen skal få utvikle seg mot ein urskog kjem området til å vere attraktivt for ei rekke spesialiserte skogsartar, som er sjeldne i ein produksjonsskog. Det gjeld særleg hakkespettane, dei store skogsfuglane, holerugande fugl og andre som er avhengige av mykje daud ved. Det hekkar hønsehauk på øyane, truleg årvisst. Elles er det observert kvitryggspett og gråspett. Langs strandlina er det sjøfugl og vadefuglar som rastar og i nokre tilfelle hekkar dei der. På småholmane rundt øyane er det registrert hekkande svartbak. Det er registrert både hoggorm og padde på Ånuglo.

Det var mykje sel kring øyane her ute i tidlegare tider og det er også bakgrunn for namnet Seløy. Desse var nok hardt jakta på og nytta, blant anna hadde gardsbruket på Ånuglo lenge ein landskyld på ein våg selspekk (kring 18 kilo) i året. Det er ikkje kjent at sel har brukt området i nyare tid.

Virvellause dyr

Virvellause dyr som til dømes insekt og edderkoppdyr utgjer viktige faunaelement i skogane våre. Dei er matkjelder for andre dyr og har ofte nøkkelroller i nedbrytinga av daude tre og anna organisk materiale. Mange virvellause dyr har svært spesialiserte krav til leveområde, som ikkje finst i dagens skogbilete og dei er difor raudlista. Likevel er desse gruppene ofte dårleg kjente og nestan ikkje kartlagte. På øya Ånuglo var det innsamlingar av insekt på feltekskursjonar for biologistudentar frå Universitetet i Bergen på 1950-70-talet, men sidan har det knapt vore nokon og kartlagt artar i desse gruppene.

Verneverdiar 2.4

Skogen er det viktigaste leveområde for artar i Noreg. Forskjellar i klima og topografi landet over gjer at vi har eit spesielt mangfald i skogtypar. I den norske raudlistevurderinga frå 2010 viste det seg at halvparten av alle trua og nær trua artar i Noreg lever i skog. 17 % av raudlisteartane var avhengige av daud ved og om lag 20 % er knytt til gamal skog. Dei viktigaste verdiane i det føreslåtte verneområdet er skogen.

Det har lenge vore kjent at det er viktige naturverdiar i Ånuglo. I 1910 kom det eit stortingsvedtak på å verne to mindre areal på Ånuglo som naturpark, men vedtaket vart utan verknad, då det likevel vart planta gran inne i dei såkalla naturparkane. Seinare, i 1967 blei 80 dekar

(24)

Forvaltingsplan for Xx naturreservat

Side | 14

freda som Ånuglo skogreservat og i år 2000 vart eit 261 dekar stort område verna som eit barlind- og kristtornreservat.

I Ånuglo finst det både særprega furuskog og edellauvskog og representativ kystfuruskog. Her er det registrert nokre førekomstar av sjeldne og raudlista artar allereie, men områda er ikkje godt undersøkte. Vi kan forvente at førekomsten av sjeldne artar knytt til gamal skog blir høgare etter kvart som skogen veks mot eit urskogspreg.

Nøkkelfaktoren for å optimere verneverdiane her i framtida vil vere å fjerne alle framande artar, og då særleg dei framande bartreartane, pluss alle spreiingskjelder. Om vi fjernar alle framande tre frå øyane vil det etter kvart bli urskogar her. Forhåpentlegvis vil det vere så langt til næraste plantefelt at det ikkje kjem slike tre til øyane igjen.

På den måten kan skogen stå som eit referanseområde for all vestlandsskog, for å syne korleis skogutviklinga vil vere utan påverknad frå framande treslag.

Marine verneverdiar

Ytre Hardangerfjord er føreslått som eit representativt marint verneområde. Området omfattar terskelen til Hardangerfjorden som er ein endemorene ved Huglo. I tillegg finst det to førekomstar av dvergålegras innanfor kandidatområdet og fjorden er også ein viktig sildefjord. I naturmangfaldlova § 39 er det heimel for å opprette marine verneområde og det er eit mål å ta vare på eit representativt utval av våre marine naturområde. Ein kan spesifisere om vernet gjeld havbotnen, vassøyla og/eller overflata med tilhøyrande biologisk mangfald. Det er ikkje sikkert når arbeid med verneprosessar for marint vern i Hordaland vil starte opp.

Historikk 2.5

2.5.1 Busetnad og bruk

Før Svartedauden var det to gardsbruk på øya Ånuglo og truleg busetnad på dei andre øyane også. Etter øydetida slo det seg ned folk på det eine tunet på Ånuglo i 1563. Seløy vart først teke opp att tidleg på 1600-talet. Jorda var då eigd av adelsmenn eller kyrkja og dei som flytte hit måtte betale landskyld av ressursane dei nytta. Utover 1700- talet kjøpte gardbrukarane seg fri og vart sjøleigande bønder. Drifta på øyane var i alle år mangslungen. Som på typiske vestlandsbruk var her ikkje nok å leve av jordbruk åleine, så bøndene dreiv mellom anna med fiske, kalkbrenning, hogst og båtbygging for å spe på levebrødet.

Kalkbrenning var ei gamal næring på Seløy og det gjekk med ein del ved til dette. På 1700-talet vart det også teke ut marmor på Seløy.

(25)

Bilete 4: Marmorbrotet vest på Seløy

2.5.2 Skogen

Då det kom gardbrukarar her igjen etter øydetida mellom 1350 og 1600, hadde desse strikte reglar for korleis dei fekk nytte skogen, sidan skogen var så ei viktig inntjeningskjelde for landeigarane (kyrkja, adel og rike kjøpmenn). Forskjellige adelsmenn eigde jorda og dreiv skogen sjølv, mens leiglendingen berre fekk hogge brenneved til eige bruk. I motsetnad til store delar av Vestlandskysten har statseigedomen ikkje blitt heilt avskoga, og har difor vore skogdominert heile vegen. Skogen har likevel vore hardt utnytta til bygningstømmer, ved til kalkbrenning og båtmateriale. Statskog kjøpte opp eigedommane i perioden 1878-1888. Den gongen var det viktig for staten at skognæringa blei sikra gjennom rasjonelle skogsanlegg og dei kjøpte opp område over heile landet til skogbruksføremål og forsking. På Ånuglo dreiv dei både med konvensjonell skogsdrift, men også med frøplantasjar og forsøksplantingar. I 1886 fekk Johannes Nilsson Sjøtun kontrakt som skogvaktar. Han byrja å plante gran for skogvesenet allereie på 1890- talet. Det blei planta mykje, ofte 8000-10 000 plantar i året.

Barnebarnet hans, Georg Anuglen dreiv som skogvoktar frå 1933- 1961. I denne perioden vart det hogge og planta mykje, særleg under andre verdskrig. Eitt år under krigen blei det planta 18 000 nye grantre. I ein periode var det 200 mann i arbeid med å hogge ved til

(26)

Forvaltingsplan for Xx naturreservat

Side | 16

Rubbestadneset på Bømlo og i 1960-åra var det enkelte år drive fram 400 kubikkmeter tømmer i statskogen.

I alle år var det eigen skogvoktar for eigedommen, som tok seg av den daglege drifta. I 1965 gjekk fjerde generasjons skogvoktar av. I 1970 vart innmarka på Seløy planta til med gran av Etne planteskule, som då styrte øya for Staten. Den siste hogsten til Statskog vart gjennomført på byrjinga av 1990/91 og då vart det tatt ut 4000m3 skog, mest gran og litt furu og lerk5. Etter 1989 har det ikkje blitt planta ut nye tre.

2.5.3 Kulturminne

Øyane er prega av ein lang historie med forskjellig bruk og det er registrert fleire kulturminne. Bruksspora frå dei siste hundreåra er ikkje verna, men kan ha historisk verdi likevel. Søraust for Ånuglo er det registrert eit skipsvrak som er automatisk freda. Innanfor det eksisterande Ånuglo naturreservat er det kjent ein heller som truleg har vore nytta i jernalderen. I Djupevik, nordvest på Ånuglo er det ein heller med busetjingsspor frå jernalderen. På Midtøya ligg det ein automatisk freda heller som også har busetjingsspor som truleg er frå jernalderen. Denne ligg på grensa mellom det føreslåtte verneområdet og privat eigedom. Hordaland fylkeskommune meiner det er stort potensiale for å finne fleire kulturminne i området.

3 Mål

Vi nyttar to omgrep for å skildre mål for forvalting av naturreservat.

Forvaltingsmål er overordna mål, medan bevaringsmål er mål for bevaring av bestemte naturkvalitetar. Sistnemnde skal vere konkrete og målbare.

Forvaltingsmål 3.1

Forvaltingsmål beskriv korleis forvaltingsstyresmakta ønskjer at utviklinga i eit verneområde skal vere. Forvaltingsmåla må ikkje gå ut over verneføremålet, men skal vere rettleiande for den praksisen som føregår i verneområdet.

1. Vårt mål er å tilbakeføre skogen, slik at han over tid kan utvikle seg som ein typisk urskog med høg bonitet for kystnære område på Vestlandet. Då må:

5 Statskog, 1989. Fleirbruksplan for Ånuglo statskog.

(27)

a. Ånuglo NR skal på sikt kunne utvikle seg utan nemneverdig påverknad frå framande artar

i. Framande treslag skal ikkje vere vekse i naturreservatet

ii. Andre framande artar med særs høg eller høg økologisk risiko skal ikkje vere etablert i reservatet.

b. Ikkje drive hogst eller andre tiltak som endrar naturleg utvikling av skogen

c. Alt naturmangfald (geologi, naturtypar og artar), og prosessane dei er ein del av, skal kunne utvikle seg naturleg. Type, mengd og fordeling av død ved skal utvikle seg naturleg.

2. Gjere Ånuglo til eit viktig naturområde for ålmenta, gjennom:

a. Tilrettelegging for enkelt friluftsliv

b. Sikre god informasjon om området for ålmenta gjennom plakatar og naturvegleiing (og informasjon om kulturminne)

c. Nytte området til undervising og forsking

Bevaringsmål 3.2

Forvaltinga skal vere så presis og kunnskapsbasert som råd. Sentralt i dette ligg det å konkretisere naturkvalitetane og lage bevaringsmål for dei. Måla skal fungere som referansepunkt i overvaking og ved vurdering av naturkvalitetane over lengre tid. Eksempelvis kan endringar i bestandar vere signal på at negative faktorar verkar inn på verneverdiane i reservatet.

Verneområdet har også store naturkvalitetar som ikkje er lette å talfeste. Døme på slike naturkvalitetar kan vere mengde daud ved, sjikting i skogen og alder på ståande tre, som kontinuerleg vil vere i utvikling. Vi vel likevel å framheve desse kvalitetane ettersom skogdynamikken er ein sentral del av økosystem og livsmiljø for artar i reservatet. Sidan vi manglar kunnskap om gode indikatorar for skogtilstanden vil vi i denne planperioden konsentrere oss om å samle meir kunnskap ved kartlegging. Bevaringsmål kan verte oppdaterte og endra i mindre grad før forvaltingsplanen vert revidert. For å følgje opp bevaringsmåla er forvaltingsstyresmakta nøydd til å overvake tilstand og status til dei enkelte tema. Meir om dette i kapittel 6 om forvaltingsoppgåver og tiltak.

(28)

Forvaltingsplan for Xx naturreservat

Side | 18

Under er det lista opp nokre naturkvalitetar som vi vil vurdere bevaringsmål for:

1. Vegetasjon a. Barlind b. Kristtorn c. Bergflette

d. Andre raudlista eller viktige artar 2. Fugl

a. Spettefugl

b. Andre holerugande fugl c. Rovfugl

3. Framande artar

a. Framande treslag b. Andre framande artar

Bilete 5: Flyfoto som viser delar av Ånuglo mot nord. Midt i bilete ligg skogvoktarboligen og til venstre ligg småbruket i Ånuglevika. I lia framst i bilete ligg dagens Ånuglo naturreservat.

(29)

4 Brukarinteresser

Ferdsel og friluftsliv 4.1

Ånuglo er eit viktig båtutfartsområde med fine og lune naturhamner.

Dei to mest brukte områda er bukta innafor Svinaneset på nordsida og Skipavågen på sørsida av øya Ånuglo. Ved Bekkjarvika nord på øya er det sett opp informasjonstavle, toalett, bord og benkar. Nokre av skogsvegane er halde opne og merka som turstiar tvers over øya. Ved Storhaugvatnet er det sett opp ein informasjonsplakat med kart og informasjon. I eit skogreservat som dette er det ikkje noko hinder å drive med enkelt friluftsliv. Vi kjenner ikkje til artar i området som kjem til å ta nemneverdig skade av ferdsel, slik den føregår no. Det einaste som er viktig å hugse på er at all vegetasjon er freda mot skade i verneforskrifta og daudt virke også er omfatta av regelen. Difor kan ein ikkje bruke virke frå området til eventuell bålbrenning. Det vil berre verte tillate med open eld og grilling på opparbeidde bålplassar i nærleiken av dei mest brukte ilandstigingsplassane for fritidsbåtar.

Motorisert ferdsel av alle slag er forbode i naturreservatet. Unntak vil bli gjort for å transportere ting inn til eigedommane som ligg omkransa av vern og for å hogge ut framande treslag. Telting vil vere tillate, men berre i mindre omfang. Det vil seie at ein kan telte i opp til to døgn på same plassen før ein må flytte teltet.

Naboeigedommar/fritidsbustader 4.2

Gjennom verneprosessen vert det viktig å ivareta interessene til dei som kan bli påverka av vernet. På Ånuglo er det eit småbruk (bruk 2) som grensar til det føreslåtte verneområdet. Det er også to fritidsbustader som ligg omringa, men ikkje innlemma, i statseigedommen. Det går ein gamal kjerreveg opp til husa frå Ånuglevika. I dag blir vegen nytta til transport med traktor og beltekjøretøy. Denne vegen har status som traktorveg i dag. Det vil seie at motorferdselslova opnar for at vegen kan nyttast til køyring til jord- og skogbruksføremål. For å nytte vegen til transport av varer og utstyr opp til fritidsbustadene må ein søkje om løyve både etter verneforskrifta og etter motorferdselslova. Kommunen handsamer søknader etter motorferdselslova. Tidlegare brukte alle eigedommane på øya Hardingevågen som hamn, og dei har bruksrett på ulike stiar som går frå bruk 2 og frå skogvoktarboligen. Småbruket på Ånuglo

Retningsliner

Friluftslivet skal vere enkelt og etter reglane i friluftslova. Syklig og riding er forbode.

Bålbrenning og grilling er berre tillate med medbrakt virke og berre på opparbeidde bålplassar

(30)

Forvaltingsplan for Xx naturreservat

Side | 20

har beiterett på heile øya, saman med rett til landslott. På Seløy står berre eitt av dei gamle husa igjen og dette blir nytta som fritidsbustad i dag. Brukarane av fritidsbustaden har tilkomst frå austsida av øya, der det står kaianlegg og naust på statseigedommen. På Midtøy grensar det føreslåtte verneområdet til den same eigedommen som på Ånuglo. Nordvest på øya ligg det to små hytter heilt ned i sjøkanten.

Eigedommen på Flornes grensar til ulike fritidsbustader og eit skogareal. Vi vil ikkje at vernet skal vere til hinder for bruke desse eigedommane slik som dei er i bruk i dag. Det kan likevel vere at nokre aktivitetar må søkjast om på førehand. Grunnen til dette er at forvaltingsstyresmakta då kan styre aktiviteten slik at han gjer minst mogleg skade på naturverdiane.

Andre brukarinteresser 4.3

Forsking

Botanikarar har valfarta til Ånuglo sidan 1880-talet, for å studere den rike vegetasjonen. Området har stor verdi for pedagogisk og vitskapleg bruk.

Jakt

Det er tre ulike hjortevald som er omfatta av det føreslåtte verneområdet. Eigedommane på Ånuglo og Midtøy er eitt felles hjortevald og for 2013 vart det tildelt 6 dyr. Seløy vart tildelt 5 hjort for 2013. Eigedommen på Flornes er del av eit hjortevald der som vart tildelt 3 dyr i 2013. Det er Statskog som skal halde fram med å forvalte jaktrettane i statseigedommen på vegne av Miljødirektoratet.

Tysnes kommune forvaltar hjortebestanden og tildeler kvart år fellingsløyver i tråd med overordna retningsliner for hjorteforvaltinga.

Om det viser seg at dagens bestandsnivå av hjort på statseigedommen er for høgt og fører til unødige skadar på barlind og kristtorn bør vi få til eit samarbeid med kommunen om korleis dette kan løysast. Vi foreslår å forby alle andre formar for jakt. Det er ikkje kjent at området har stor verdi som småviltjaktområde og det er heller ikkje kjent om nokon nyttar området til småviltjakt. Mange dyr vil har stor gevinst av at ein slutter med småviltjakt, også artar som ikkje vert jakta på, men som vert uroa av jakta.

Retningsliner

Motorferdsel i verneområdet må søkjast om, både til kommunen og til Fylkesmannen

Bruk av eigedommane skal kunne fortsetje som på vernetidspunktet

(31)

5 Utfordringar og trugsmål

Høgspentliner 5.1

Det går fire kraftliner gjennom statseigedomen. Reglane for kraftliner og vedlikehald av desse vil følgje dei gjeldande vernereglane i naturreservat. Likevel vil det vere sterkt ønskeleg om desse linene blei fasa ut på lang sikt, anten fjerna eller lagt i kabel utanom det framtidige verneområdet.

Framande treslag 5.2

Det er ikkje fullstendig kartlagt kva framande artar som finst i det føreslåtte verneområdet. Då Statskog overtok eigedommane på Ånuglo, Seløy og Flornes på slutten av 1800-talet vart det starta med skogplanting og -kultivering. Dette resulterte i ein storstilt planting av gran, sitkagran og mindre utplantingar av sitka (SE), edelgran (HI), nordmannsedelgran, europalerk (SE), vestamerikansk hemlokk (SE), douglasgran (LO). I tillegg veks det store tre av platanlønn og bøk som sørgjer for at desse tresortane no veks spreidd utover øyane. Eit avgjerande ledd i arbeidet med å få ein naturleg vestlandsurskog her i framtida, vert å fjerne dei framande treslaga. Utan å fjerne dei framande treslaga vil ikkje området kunne nå dei høgste måla ved å verne nettopp dette området.

Hjort 5.3

Hjortebestanden i Hordaland og på Vestlandet generelt har blitt tredobla på under 20 år. Nokre stader merkar vi dette godt på vegetasjonen. Når det er harde vintrar med mykje snø og langvarig snødekke vert mattilgangen til hjorten dårlegare og då gneg dei mykje bark. Samstundes trekk dyr saman til område med mindre snø, og dermed vert beitepresset stort der. Fylkesmannen har i fleire verneområde merka seg aukande beiteskader på lauvtre og barlind.

Enkelte andre stader i fylket har beitepresset på barlind vore så stort at det reduserer rekrutteringa og mange vaksne tre har døydd som følgje av ringbarking. På Ånuglo er det registrert beiteskadar, særleg på barlind og kristtorn. Det er ikkje kjent om ringbarking og beiting har redusert rekrutteringa og teke livet av store tre her. Det vil vere viktig å overvake beiteskadar frå hjort i tida framover, så vi rekk å setje i verk tiltak før det eventuelt går ut over verneverdiane.

(32)

Forvaltingsplan for Xx naturreservat

Side | 22

6 Forvaltingsoppgåver og tiltak

Kartlegging av naturverdiar 6.1

Vegetasjonen er det som er best kartlagt på Ånuglo. Men det har ikkje vore systematisk kartlegging av floraen i området. Om det blir midlar tilgjengelig til kartlegging av artar kan det vere aktuelt å gjere dette i utvalde område. Ei slik kartlegging bør ta sikte på å fange opp sjeldne og skjøtselskrevjande planteartar og kunne gjerast opp att når vi har fjerna alle framande treslag, slik at vi kan studere om det blir forskjellar i vegetasjonen.

Fuglar kan vere gode indikatorar for tilstanden til skogen og det er relativt enkelt å overvake over tid. Ved å kartlegge hekkande fuglar kan vi sjå om artar knytte til naturverdiane brukar området, og sjå korleis ulike tiltak vil verke inn på fuglefaunaen. Det vil difor vere verdifullt å kartlegge hekkande fuglar både før og etter vi har fjerna uønskte plantefelt. Slik kan vi vurdere kva for effekt dette tiltaket har på fuglefaunaen. Tetthet og artssamansetnad i fuglefaunaen kan variere mykje frå år til år, mens trendar og varige endringar først vert synlige om vi driv med langvarig overvaking, gjerne over fleire tiår.

Ein slik overvaking bør gjerast på enklast mogleg måte, slik at kostnaden vert så låg at vi kan gjennomføre overvakinga med jamne mellomrom. Kvart andre til kvart fjerde år vil vere eit fornuftig intervall på ei slik overvaking. Kartlegginga bør gjerast på eit tidspunkt som fangar opp sangaktiviteten til flest mogleg artar.

Virvellause dyr som insekt, edderkoppar og midd, har mange artar som er knytte til gamal skog og daud ved. Mange av desse er sjeldne og utrydningstrua. Desse gruppene er generelt lite kjent og det er ikkje gjennomført større kartleggingar på Ånuglo.

6.1.1 Basiskartlegging av verneområde

Kartlegging av naturtypar har vore ein viktig del av Nasjonalt program for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald, og alle kommunane i Hordaland har gjennomført slike prosjekt. Det er etablert eit nytt system for å klassifisere naturen, Naturtypar i Noreg (NiN). Fylkesmannen ønskjer å få gjennomført både vegetasjons- kartlegging og naturtypekartlegging etter dette systemet i det føreslåtte naturreservatet på Ånuglo. Dette vil vere eit viktig grunnlag for å fastsetje bevaringsmål og måle effekten av framtidige tiltak som å fjerne framande treslag.

(33)

Fjerning av framande artar 6.2

For at det føreslåtte verneområdet skal utvikle seg vidare til eit verdifullt område også i framtida er det naudsynt at vi fjernar alle framande tre. Det blir ein stor jobb framover å fjerne alle dei framande artane frå området.

Bilete 6: Nokre edelgranar nord for den gamle skogvoktarboligen på Ånuglo har vokst seg store og masse frøplanter har spreidd seg frå trea.

Førebels plan

I løpet av planperioden vil vi ha eit prosjekt som planlegg korleis vi skal fjerne alle framande treslag. Her treng vi hjelp frå skogbrukskonsulentar, entreprenørar og andre for å finne best mogleg tilnærming. Det vert difor berre kostnaden for sjølve planlegginga som kjem med i forvaltingsplanen.

(34)

Forvaltingsplan for Xx naturreservat

Side | 24

Fylkesmannen i Hordaland har ei satsing på å få fjerna framande treslag frå fleire verneområde i fylket. Dette er eit viktig ledd i arbeidet med å oppretthalde verneverdiane i områda. Hogsten har ofte vist seg å bli dyr, mykje på grunn av at hogsten ligg uvegsamt til, anten på holmar eller i bratte lisider. På Ånuglo er det allereie eit skogsvegnett og relativt mykje hogstmoden skog. Difor er det mogleg at hogst på Ånuglo kan gå med overskot og slik sett ikkje treng tiltaksmidlar for å gjennomførast. Planen er å få planlagt utføring av tømmeret slik at arbeidet kan ta til i 2015. Mesteparten av skogen vil vere mogleg å bruke hogstmaskin og frakte tømmeret ut med lassberar til næraste kai for å lesse over på lekter. På øya Ånuglo er det tømmerkai ved Djupavika. På dei andre øyane er det ikkje eigne tømmer Her må vi ha ein lekter til å transportere både tømmer og utstyr. Dei trea som står på plassar som er utilgjengelege for hogstmaskin må fellast for hand. Alle små, frøspreidde tre må også fellast manuelt. Dette vert ein stor del av arbeidet, fordi frøplanter av gran og edelgran har spreidd seg over store delar området. Ideelt sett bør alt hogstavfallet fjernast, fordi det vil ta svært lang tid før det vert borte og store kvisthaugar kan vere sjenerande. Likevel vert det umogleg å fjerne alt og ein del av arbeidet med planlegging vert å finne gode løysingar for hogstavfallet.

Fylkesmannen i Hordaland har søkt om midlar til å fjerne gran på nokre sjøfuglreservat i Tysnes og Fusa i 2014. Om det kjem midlar til dette tiltaket i år vil det vere ønskeleg å framskunde hogsten på Ånuglo slik at ein kan ha ein felles anbodsrunde og samkøyre leige av lekter og hogstentreprenør. Det vil gjere prosjekta betydeleg rimelegare.

Turstiar og informasjon 6.3

I dag går det stiar langs nokre av dei gamle skogsvegane på Ånuglo og det er sett opp informasjonsskilt i tilknyting til eksisterande naturreservat og i friluftsområdet. Elles er det ingen avmerka stiar på øyane. På Flornes og Seløy er det nokre gamle traktorvegar, men korleis tilstanden på desse er no er ikkje kjent. Det vil vere aktuelt å oppdatere dagens informasjonstilbod når vernet er gjennomført.

Oppsyn i verneområdet 6.4

Det er Statens naturoppsyn (SNO) avdeling Bergen som har ansvar for oppsyn i Ånuglo naturreservat. Hovudoppgåva til naturoppsynet er å sørgje for at vernereglane for området vert følgde. I tillegg vil SNO verte orientert dersom det er gitt dispensasjonar frå verneforskrifta til

(35)

gjennomføring av ulike tiltak inne i reservatet. Statens naturoppsyn har avgrensa politimynde etter; friluftslova, naturmangfaldlova, motorferdslelova, kulturminnelova, viltlova, lakse- og innlandsfiskelova og delar av forureiningslova. I tillegg til kontrolloppgåvene etter desse lovene, skal oppsynet på oppdrag frå fylkesmannen drive rettleiing og informasjon, skilting, skjøtsel, tilrettelegging, registrering og dokumentasjon.

Forvaltingsmynde 6.5

Det er Fylkesmannen ved miljøvern- og klimaavdelinga som er forvaltingsstyresmakt i Ånuglo naturreservat. Alle aktivitetar i naturreservatet som ikkje er direkte heimla i verneforskrifta krev ei tillating frå Fylkesmannen. Då må ein sende ein søknad, der ein grunngjer behovet for tiltaket og kva verknader det kan ha på omgjevnadene. Forskrifta listar opp nokre tiltak som kan søkast om (t.d. merking, rydding og vedlikehald av eksisterande stiar). Alle andre aktuelle tiltak må handsamast etter ein generell heimel i naturmangfaldlova § 48. Fylkesmannen har også ei vegleiingsplikt i verneområdet. Difor kan Fylkesmannen kontaktast om ein lurer på om ein treng søknad eller korleis ein sender søknad.

6.5.1 Generell dispensasjon etter § 48 i naturmangfaldlova Søknad om dispensasjon for tiltak som ikkje fell inn under ein spesifisert dispensasjonsheimel i verneforskrifta skal handsamast etter reglane i § 48. Paragrafen er til for dei tilfella der det planlagde tiltaket tydeleg ikkje har blitt vurdert som ei problemstilling då området blei verna. I tillegg skal paragrafen plukke opp tilfelle av stor (nasjonal) samfunnsverdi som elles ikkje ville verte tillate.

6.5.2 Sakshandsaming av dispensasjonssaker

Søknader om dispensasjon frå verneforskrifta skal vere skriftlege og sendast til Fylkesmannen i Hordaland. Om det er tiltak som krev tillating frå andre lovverk (t.d. motorferdsellova) må ein også sende søknad til dei som forvaltar det gjeldande lovverket. Ved vurderingar av søknader skal bakgrunnen for at verneområdet blei oppretta (verneføremålet) vektleggast tungt. Dersom det er uvisse rundt kva verknadar eit tiltak kan få for naturmiljøet og verneverdiane, vil føre- var-prinsippet bli tillagt stor vekt, særleg dersom det er snakk om moglege irreversible verknader.

Når det blir gitt løyve til tiltak eller aktivitetar i eit naturreservat, blir det vanlegvis knytt vilkår til løyvet. Skriftleg løyve skal ein ha med seg ved gjennomføring, for å vise til på førespurnad. Fylkesmannen vil ha ei kort tilbakemelding eller rapport om tiltak som er gjennomførte i verneområdet.

(36)

Forvaltingsplan for Xx naturreservat

Side | 26

Fylkesmannen si avgjerd på søknad om dispensasjon kan klagast inn for Miljødirektoratet av partar i saka eller andre som har rettsleg klageinteresse, med ein frist på tre veker. Eventuell klage skal sendast til Fylkesmannen, som også kan gje nærare opplysningar om klagerett og rett til å sjå saksdokument. Om Fylkesmannen ikkje tek klagen til følgje vert saka sendt vidare til Miljødirektoratet for endeleg avgjerd etter reglane i forvaltingslova.

6.5.3 Tabell over tiltak

Tabellen under inneheld forslag til tiltak som kan gjerast i denne planperioden.

Tiltak Når Ansvar Gjennomføring Estimert kostnad Planlegge uttak av

framande treslag

2014 FMHO FM* + ekstern konsulent

50 000 Kartlegge utbreiing

av framande treslag

2014 FMHO FM/ekstern konsulent?

3 dagar i felt? 5?

Lage nye

informasjonsplakatar

2015 FMHO FM, BOF* 10 000

Kartlegge hekkande fugl

2014, deretter kvart 3.

år

FMHO FM/ekstern konsulent

15 000

Kartlegge vegetasjon ? FMHO Ekstern 70 000

FMHO = Fylkesmannen i Hordaland, BOF = Bergen og omland friluftsråd.

(37)

7 Litteratur

Miljødirektoratet. 2001. Håndbok 17-2001 Revidert 2010. Områdevern og forvaltning.

Drange, Ernst Berge. 1991. Tysnes Gards- og ættesoge, bind 4. Tysnes Sogelad. Forlag: Verbum, Stavanger

Fægri, K. 1956. Ånuglo – det tapte paradis. Bergen turlag Årbok 1956: 77-85;

Naturen 1979:138-143.

Færseth, R.B.; Solli, A. 1982: Berggrunnskart Husnes 12144 1:50 000 trykt i farger (AREALIS Berggrunn)

Statskog, 1989. Fleirbruksplan for Ånuglo statsskog.

Meteorologisk institutt http://eklima.met.no (xx.xx.2013)

Ihlen, P.G., Eilertsen , L., Bjelland, T., 2012. Naturfaglige registreringer på Ånuglo, Midtøya, Seløya og Flornes i Tysnes kommune, Hordaland.

Rådgivende Biologer AS. Rapport 1523. 31 s

Drange, Ernst Berge. 1991. Tysnes Gards- og ættesoge, bind 4. Tysnes Sogelad. Forlag: Verbum, Stavanger

Fægri, K. 1956. Ånuglo – det tapte paradis. Bergen turlag Årb. 1956: 77-85;

Naturen 1979:138-143.

Færseth, R.B.; Solli, A. 1982: Berggrunnskart Husnes 12144 1:50 000 trykt i farger (AREALIS Berggrunn)

Statskog, 1989. Fleirbruksplan for Ånuglo statskog.

Meteorologisk institutt http://eklima.met.no (xx.xx.2013)

Ihlen, P.G., Eilertsen , L., Bjelland, T., 2012. Naturfaglige registreringer på Ånuglo, Midtøya, Seløya og Flornes i Tysnes kommune, Hordaland.

Rådgivende Biologer AS. Rapport 1523. 31 s.

Skjoldal H. R. 2005 3.3 Marine verneområder, i kap. 3 Kysten, vår viktigste åker - Kyst og havbruk. Havforskningsinstituttet

Brattegard, T. og Holthe, T. (red.), 1995: Kartlegging av marine verneområder i Norge.

Tilråding fra rådgivende utvalg, - Utredning for DN 1995-3. Direktoratet for naturforvaltning

Angell-Petersen, I. 1992. Barlind og kristtorn i Vest-Norge. Utkast til verneplan. DN-rapport 1992-10. 85 s.

Fremstad, E. 1997. Vegetasjonstyper i Norge. NINA Temahefte 121. 279 s.

Lindmo, S., Salvesen, P.H., Skogen, A. 1991. Verneverdige forekomster av barlind og kristtorn i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Universitetet i Bergen - botanisk institutt. Rapport 50. 125 s.

Lunde B. N. og Skogen A. 2000. Ånuglo naturreservat i Tysnes kommune - Skjøtselsplan.

Holmboe J. 1914. Kristtornen i Norge. Bergens Mus. Aarb. 1913, 7: 1-91+kart.

(38)

Forvaltingsplan for Xx naturreservat

Side | 28

Holmboe J. 1920. Bergfletten i Norge som vild og plantet. Bergens Mus. Aarb.

1918-1919. 1: 1 76+kart.

Bjørndalen, J.E. og Brandrud, T.E. 1989. Verneverdige kalkfuruskoger.

Direktoratet for naturforvaltning Rapp. 1989 10: 1-148.

Aktuelle internettadresser 7.1

Miljøverndepartementet www.odin.dep.no/md

Miljødirektoratet www.dirnat.no

Fylkesmannen i Hordaland www.fylkesmannen.no/hordaland

Miljøstatus i Noreg www.miljostatus.no

Artsdatabanken www.artsdatabanken.no

Artsobservasjoner www.artsobservasjoner.no

Naturbasen www.naturbase.no

Lovdata www.lovdata.no

Norsk institutt for skog og landskap

www.skogoglandskap.no

Universitetet i Bergen www.uib.no

International Union for Conservation of Nature

www.iucn.org

(39)

8 Vedlegg

Vedlegg 1 - Verneforskrift

Vedlegg 2

Naturmangfaldlova § 48 (dispensasjon fra vernevedtak):

«Forvaltningsmyndigheten kan gjøre unntak fra et vernevedtak dersom det ikke strider mot vernevedtakets formål og ikke kan påvirke verneverdiene nevneverdig, eller dersom sikkerhetshensyn eller hensynet til vesentlige samfunnsinteresser gjør det nødvendig. I avveiningen mellom øvrige vesentlige samfunnsinteresser og hensynet til verneområdet skal det særlig legges vekt på at verneområdets betydning for det samlede nettverket av verneområder og om et tilsvarende verneområde kan etableres eller utvikles et annet sted. Tiltakshaveren kan pålegges å bære rimelige kostnader ved ivaretakelsen, opprettelsen eller utviklingen av et slikt tilsvarende område.

Trenger et tiltak tillatelse både etter verneforskriften og etter annet lovverk, kan tiltakshaver velge å søke om tillatelse parallelt. Vedtak skal i slike tilfeller først fattes etter verneforskriften, dersom ikke annet følger av verneforskriften eller forvaltningsmyndighetens samtykke. Søknad om dispensasjon etter første ledd skal inneholde nødvendig dokumentasjon om tiltakets virkning på verneverdiene. I dispensasjon etter første ledd skal begrunnelsen for vedtaket vise hvordan forvaltningsmyndigheten har vurdert virkningene som dispensasjonen kan få for verneverdiene, og hvilken vekt det er lagt på dette.»

Vedlegg 3

Sakshandsaming av forvaltingsplan - Oppstartsmøte

- Høyring - Innspel

- Fylkesmannen sin vurdering

(40)

Fylkesmannen i Hordaland

Besøksadresse Kaigaten 9, 5020 Bergen

Postadresse Postboks 7310, 5020 Bergen

Telefon 55 57 20 00 Telefaks: 55 57 21 02

fmhopostmottak@fylkesmannen.no www.fylkesmannen.no/hordaland

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

Melding om oppstart av arbeidet med forvaltingsplan for Selvikvågen naturreservat i Sandøy kommune vart send som brev frå Møre og Romsdal fylke datert den 09.09.2009 til alle

All skjøtsel skal skje i samarbeid med fylkesmannen og SNO, og grunneigarar og andre interesserte kan ikkje drive skjøtsel utan skriftlig løyve frå

Melding om oppstart av arbeidet med forvaltingsplan for Lyngholman naturreservat i Sandøy kommune vart send som brev frå Møre og Romsdal fylke den 09.09.2010 til

Fylkesmannen kan ikkje sjå at ei flytebryggje permanent eller periodisk inne i det verna området kan vere i samsvar med verneformålet.. Dersom det ligg ei bryggje ute vil terskelen

Føremålet med fredinga er å sikre eit lite påverka naturmiljø med ein høgtveksande og stor førekomst av barlind som både ligg langt inne i landet og som saman

Bruk av eit enkelt, mobilt elektrisk gjerde (enkeltpinnar med ein straumsnor i mellom), slik som er i bruk i verneområdet i dag, reknar ikkje forvaltingsstyresmakta som

Hovudmålet for forvalting av Nesvika naturreservat er at området skal behalde verdien for våtmarksfugl slik han var då verneplan for våtmark blei utreda.. Tilstanden

Det har så langt ein kjenner til ikkje vore ein einaste søknad om løyve eller dispensasjon frå verneføresegnene sidan Lomstjønna naturreservat vart oppretta.. Forståing av unntak