• No results found

Rønset naturreservat - høyring av framlegg til forvaltningsplan

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Rønset naturreservat - høyring av framlegg til forvaltningsplan"

Copied!
3
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

Telefon 57 64 30 00

Organisasjonsnummer N-974 763 907 Nettstadfylkesmannen.no/sfj E-postfmsfpost@fylkesmannen.no

Besøksadresse

Hovudkontor: Njøsavegen 2, 6863 Leikanger Landbruksavdelinga: Fjellvegen 11, 6800 Førde

Postadresse

Hovudkontor: Njøsavegen, 2 6863 Leikanger Landbruksavdelinga: Postboks 14, 6801 Førde

Sakshandsamar: Tom Dybwad Vår dato Vår referanse

Telefon: 57643123 16.05.2017 2015/388- 432.4

E-post: fmsftd@fylkesmannen.no Dykkar dato Dykkar referanse

Til adressatar i følgje liste

Rønset naturreservat - høyring av framlegg til forvaltningsplan

Vi viser til vårt brev med melding om start på arbeidet med å utarbeide ein forvaltningsplan for Rønset naturreservat. Fylkesmannen sender med dette eit framlegg til forvaltningsplan for naturreservatet på høyring, med frist sett til 1. september 2017.

Rønset naturreservat vart oppretta ved kgl.res. 19. juni 2009. Føremålet med vernet er «å ta vare på eit skogområde med spesielle naturtypar, med heile mangfaldet av artar og vegetasjonstypar og alle naturlege økologiske prosessar. Området har særskilt vitskapleg og pedagogisk verdi som ein av dei mest velutvikla hasselskogane på Ytre Vestlandet, med stor spennvidd frå tørre til fuktige miljø, kjelde-edellauvskog og interessante artsførekomstar.»

Forvaltningsplan

Fylkesmannen sendte melding om start av arbeidet med forvaltningsplan i eit brev av 13.04.2015 til berørte partar. Det er eit mål, om enn langsiktig, at alle naturreservat skal ha ein forvaltningsplan.

Verneforskrifta er det juridiske grunnlaget for vernet, medan forvaltningsplanen skal trekkje opp tilhøvet mellom vern og bruk innafor rammene av verneforskrifta. Arbeidet med ein forvaltningsplan opnar ikkje for ny vurdering av verneforskrift eller grensedraging.

Formålet med forvaltningsplanen er såleis både å vere eit hjelpemiddel til å realisere formålet med naturreservatet, og å klargjere spelerommet grunneigarar og andre brukarar har i det verna området.

Planen skal gi ei oversikt over verdiar, tilstand og utfordringar i naturreservatet, og konkretisere naudsynte tiltak for å oppretthalde og betre verneverdiane. Tema i forvaltningsplanen er m.a.

parkering, informasjon, tilrettelegging, ferdsel, kulturminne og søppel.

Ein forvaltningsplan er ikkje eit evigvarande dokument, slik som verneforskrifta, men skal reviderast med visse mellomrom, gjerne 10-årsintervall, slik at forvaltningsstyresmakta nyttar oppdatert kunnskap som grunnlag for forvaltninga.

Hovudlinjene i forvaltninga av Rønset naturreservat, etter det Fylkesmannen gjer framlegg om, er å ta vare på verneverdiane knytt til edellauvskog slik at skogen utviklar seg naturleg. Samstundes ønskjer vi at det skal vere mogleg for ålmenta å gjere seg kjend i (delar av) naturreservatet gjennom tilrettelegging. Tiltak for dette er skissert, og framlegget til korleis dette kan gjerast er oppsummert i ein enkel besøksstrategi som er vedlagt forvaltningsplanen.

Dei store verneverdiane knytt til kvernsteinar som kulturminne vil etter vårt syn kunne ivaretakast om besøk i området vert gjort på ein god måte.

Det spesielle med Rønset naturreservat utanom dei store verneverdiane som edellauvskogen utgjer, er dei mange kulturminna frå den store produksjonen av kvernstein som var i området frå kring år

(2)

FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE

2/3

800 og fram til 1300-talet. Som kjent førte dette til at kvernsteinsbrota i Hyllestad der også Rønset naturreservat inngår, vart føreslege med på Unesco si verdsarvliste over kulturminne med

eineståande universell verdi (outstanding universal value). Søknaden var transnasjonal og gjaldt kulturminne gjennom vikingtida frå 800 – 1100 år e.Kr. Då søknaden vart handsama av Unesco i juni 2015, vart søknaden sendt i retur fordi han ikkje vart rekna for gjennomarbeidd nok og ikkje dekte sentrale delar av vikingarven. Klima- og miljødepartementet avgjer om arbeidet med verdsarvstatus skal bli vidareført.

Det er ønskjeleg å utarbeide forvaltningsplanar i samarbeid med grunneigarar og brukarar av

området, med kommunen og med nærings- og kulturavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Vi har vore på synfaring i naturreservatet under utarbeidinga og hatt noko kontakt med kommunen, kulturavdelinga og nokre av grunneigarane, men det har vore vanskeleg å få til ei felles synfaring under utarbeidinga av framlegg til plan. Dette er ein av grunnane til at utsending av eit framlegg til forvaltningsplan har vorte utsett i høve til opphavleg framdrift. Vi vonar å få til synfaring og møte i løpet av høyringa av forvaltningsplanen fram mot godkjenning.

Høyring

Av omsyn til sommarferie og fordi grunneigarane bur annan stad, vert det sett ein relativt lang frist for å kome med fråsegn til framlegget til forvaltningsplan. Fristen vert difor sett til

1. september 2017

Fråsegn kan sendast til Fylkesmannen på e-post eller som vanleg post. Ta og gjerne kontakt med sakshandsamar hos Fylkesmannen, Tom Dybwad, på e-post fmsftd@fylkesmannen.no eller tlf. 57 64 31 23.

Vi ber adressatane melde frå om de finn feil eller manglar ved adresselistene, og seier oss i så fall leie for feil som har oppstått.

Med helsing

Brevet er godkjent elektronisk og har derfor ikkje underskrift.

Vedlegg: Forvaltningsplan for Rønset naturreservat – framlegg mai 2017 Adresseliste pr. brev:

Asbjørn Rønneseth (71/3), Løtveitlien 20, 5151 Straumsgrend Trygve Audun Rønneseth (71/9), Damsgårdslien 59, 5161 Laksevåg Norvald Stokkenes (71/4), Ulsetåsen 13, 5119 Ulset

Bengt Lerpold (71/5) , Spurvefaret 10, 1448 Drøbak

Gunhild Wichstrøm (71/6), Damsgårdlien 52, 5161 Laksevåg

Sogn og Fjordane fylkeskommune (71/13), 6863 Leikanger (eigar sin kontaktinstans: Statens vegvesen region vest, 6863 Leikanger)

Kopi pr. brev:

Gunnar Rønneseth (71/1), 6957 Hyllestad

Nils Erling Yndesdal Tom Dybwad

fylkesmiljøvernsjef seniorrådgjevar

(3)

FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE

3/3

Gudrun Lerpold (25/2), 6957 Hyllestad Adresseliste pr. e-post:

Miljødirektoratet, post@miljodir.no

Hyllestad kommune, postmottak@hyllestad.kommune.no Norsk Kvernsteinsenter, post@kvernstein.no

Statens Vegvesen Region Vest, firmapost-vest@vegvesen.no

Staten naturoppsyn v/ Anne Rudsengen, anne.rudsengen@miljodir.no Sogn og Fjordane fylkeskommune, post@sfj.no

Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane, sognfjordane@naturvern.no SABIMA, sabima@sabima.no

NOF-Sogn og Fjordane v/Anders Braanaas, anders.braanaas@enivest.net Norsk Institutt for skog og landskap, post@skogoglandskap.no

Indre Sunnfjord Turlag, Balestrandturlag@gmail.com Vestskog, post@vestskog.no

Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Sogn og Fjordane Fylkeslag, sognogfjordane@smabrukarlaget.no Norges Bondelag i Sogn og Fjordane, sogn.fjordane@bondelaget.no

Hyllestad Bondelag, rendedal.renate@gmail.com Økoringen Vest, oeko-v@online.no

Høgskulen i Sogn og Fjordane, v/Knut Rydgren, knut.rydgren@hisf.no NTNU-Vitenskapsmuseet, v/ Anders Lyngstad, anders.lyngstad@ntnu.no Bioforsk v/ Pål Thorvaldsen, pal.thorvaldsen@bioforsk.no

Kystverket Vest, post@kystverket.no

Fiskeridirektoratet Region Vest, postmottak@fiskeridir.no

Forum for Natur og Friluftsliv i Sogn og Fjordane, sognogfjordane@fnf-nett.no Sogn og Fjordane Fiskarlag, sognfjordane@fiskarlaget.no

Sogn og Fjordane Grunneigar- og Sjølaksefiskarlag, erik@djuvikcamping.no Sogn og Fjordane Sau og Geit, sekr.sognogfjordane@sauoggeit.no

Sunnfjord Energi, post@sunnfjordenergi.no

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

Frivillig vern av skog - høyring av verneplan for Bandaksliane naturreservat i Kviteseid og Tokke kommunar.. Vi sender med dette framlegg til vern av Bandaksliane naturreservat

Fylkesmannen sender på høyring eit framlegg om oppretting av Stemnebøskogen naturreservat på Hisarøyna i Gulen kommune, etter prosedyren for frivillig skogvern.. Frist for å kome

Vi ber om at kommentarar til framlegget til forvaltningsplan og framlegget til endringar i verneforskrifta vert sende til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane innan 1. Vi ser for oss

Melding om oppstart av forvaltningsplan for Låen naturreservat og Fitjan fuglefredningsområde i Selbu kommune.. Fylkesmannen i Sør-Trøndelag vil med dette kunngjøre

Søknader om dispensasjon frå verneforskrifta skal vere skriftlege og sendast (som brev eller e-post) til forvaltningsstyresmakta (Fylkesmannen i Sogn og Fjordane), som avgjer om det

Formålet med forvaltningsplanen er såleis både å vere eit hjelpemiddel til å realisere formålet med naturreservatet, og å klargjere spelerommet grunneigarar og andre brukarar har

Arbeidet med å revidere forvaltningsplanen vil skje i samarbeid med grunneigarar og brukarar av området, og med kommunen.. Det vil verte arrangert synfaringar og opne møte

Fylkesmannen i Nordland er forvaltningsmyndighet for Junkerdalsura naturreservat og kan etter verneforskriftens kapittel VII utarbeide en forvaltningsplan.. Forvaltningsplaner for