Hemsedal kommune
SAKSUTSKRIFT
Arkivsak-dok. 17/01502-2 Saksbehandler Viel Ribberud
Høyring - Endring i forskrift om nydyrking - Forbod mot nydyrking av myr.
Saksgang Møtedato Saknr
1 Kommunestyret 26.09.2017 72/17
Kommunestyret har behandla saka i møte 26.09.2017 sak 72/17 Behandling
Framlegg til endringar i rådmann si innstilling i sak 72, frå Hemsedal SP Rådmann si innstilling under punktet generelt, erstattas av:
Klimaeffekten av forbud mot dyrking av myr er svært liten. Hemsedal Kommune er sterkt kritisk til at det i høyringsgrunnlaget ikkje er vurdert klimaeffekten av alternativet til dyrking av myr. Det er lagt som ein føresetnad at mindre nydyrking kan kompenserast ved auka forbruk av kraftfôr. Auka import av kraftfôr har ein stor innverknad på klimaet, både i form av svært lang transport, og i form av at det i land som Brasil vert hogt eller brent areal med regnskog for å dyrke fôr i staden. Sett i lys av dette er det langt meir klimavenleg å dyrka myr for å produsera gras til dyrefôr her i Noreg. Eit forbod mot dyrking av myr vil ha stor konsekvens for mogelegheitene til utvikling for jordbruket, både i vår kommune, og på landsbasis, spesielt i husdyrdistrikta. Eit slikt forbod vil gjera det svært vanskeleg å nå stortinget sitt mål om å auka matproduksjon med 20% fram mot 2030. FN seier at global
matproduksjon må aukast med 70% innan 2050 skal me kunne fø verdas befolkning i framtida. Dette momentet er dessverre heilt utelate i den samfunnsøkonomiske vurderinga i høyringsgrunnlaget.
Dei store klimagassutsleppa i Noreg kjem av utvinning og forbrenning av olje, gass og kull. Her kan det kuttast mykje, både innan landbruket, og mange andre sektorar, utan at det går ut over
produksjonsgrunnlaget for mat. Det er også klart at klimaeffekten av eit forbod mot dyrking av myr vil verta ytterlegare redusert av at det ikkje er liknande forbod mot annan utbygging av myr. På bakgrunn av høyringsgrunnlaget, vurdert saman med momenta ovanfor, går Hemsedal Kommune strekt i mot eit generelt forbod mot nydyrking av myr.
§6 Når godkjenning ikkje kan gis (Rådmann si innstilling erstattast av):
Forbod mot nydyrking av myr vert ikkje teke inn i forskrifta.
Tillegg til Sp sitt forslag frå Ingar Nergård (KrF), siste setning andre avsnitt: Dersom det likevel skal vedtakast eit forbod mot dyrking av myr, bør dette berre gjelde djup myr.
Votering
Framlegg frå Hemsedal Sp ved Torstein Tuv vart vedteken med 15 mot 1 (Sv) røyst.
Framlegg frå Ingar Nergård (KrF) falle med 5 (KrF x 2, Ap x 2 og HBL) mot 11 røystes.
Vedtak
Kommunestyre i Hemsedal kommune gir fylgjande høyringsuttale til endring i forskrift om nydyrking – forbod mot dyrking av myr:
Generelt:
Klimaeffekten av forbud mot dyrking av myr er svært liten. Hemsedal Kommune er sterkt kritisk til at det i høyringsgrunnlaget ikkje er vurdert klimaeffekten av alternativet til dyrking av myr. Det er lagt som ein føresetnad at mindre nydyrking kan kompenserast ved auka forbruk av kraftfôr. Auka import av kraftfôr har ein stor innverknad på klimaet, både i form av svært lang transport, og i form av at det i land som Brasil vert hogt eller brent areal med regnskog for å dyrke fôr i staden. Sett i lys av dette er det langt meir klimavenleg å dyrka myr for å produsera gras til dyrefôr her i Noreg. Eit forbod mot dyrking av myr vil ha stor konsekvens for mogelegheitene til utvikling for jordbruket, både i vår kommune, og på landsbasis, spesielt i husdyrdistrikta. Eit slikt forbod vil gjera det svært vanskeleg å nå stortinget sitt mål om å auka matproduksjon med 20% fram mot 2030. FN seier at global
matproduksjon må aukast med 70% innan 2050 skal me kunne fø verdas befolkning i framtida. Dette momentet er dessverre heilt utelate i den samfunnsøkonomiske vurderinga i høyringsgrunnlaget.
Dei store klimagassutsleppa i Noreg kjem av utvinning og forbrenning av olje, gass og kull. Her kan det kuttast mykje, både innan landbruket, og mange andre sektorar, utan at det går ut over
produksjonsgrunnlaget for mat. Det er også klart at klimaeffekten av eit forbod mot dyrking av myr vil verta ytterlegare redusert av at det ikkje er liknande forbod mot annan utbygging av myr. På bakgrunn av høyringsgrunnlaget, vurdert saman med momenta ovanfor, går Hemsedal Kommune strekt i mot eit generelt forbod mot nydyrking av myr.
Hemsedal kommunestyre har fylgjande merknad til endring i jordlova §11, og forskrift om nydyrking:
Endring av jordlova § 11 Ingen merknad.
§ 1 Formål
Det vil vera uheldig at § 3 fjerde ledd andre punktum om tilkomst til bakanforliggande areal, ikkje vert vidareført etter endringa. Dette er eit viktig moment i vurderinga av søknadar om godkjenning av plan for nydyrking for å hindre at eksisterande ferdselsvegar og større stigar vert hindra av innmark. Dersom dette omsynet ikkje skal stå i § 3, bør det takast inn i § 1.
§ 3 Definisjonar
Dersom det vert teke inn ein definisjon av myr i § 3 fjerde ledd, er det gunstig som Departementet foreslår å bruke definisjonen som fylgjer av AR5, dvs. gjeldande regelsett for markslag. Her vert det ikkje skilt mellom djup og grunn myr, og ein ser at det kan vera praktiske grunnar for å ikkje ha eit slikt skilje. Kommunane vil likevel be Departementet vurdere om det skal vera definisjonar av både djup og grunn myr i forskrifta, spesielt i forhold til mogelegheit for dispensasjon.
§6 Når godkjenning ikkje kan gis (Rådmann si innstilling erstattast av):
Forbod mot nydyrking av myr vert ikkje teke inn i forskrifta.
HØYRING - ENDRING I FORSKRIFT OM NYDYRKING - FORBOD MOT NYDYRKING AV MYR.
Saka vert avgjort av:
Kommunestyre Vedlegg:
- Høyringsnotat
- NIBIO rapport – kunnskapsgrunnlaget om nydyrking - Tilleggsutredning knytta til kostnadseffektivitet og klima Dokument i saka:
- Høringsnotat – Juli 2017
- Høring – Endringer i reglene om nydyrking – Forbod mot nydyrking av myr datert 11. juli 2017.
- NIBIO Rapport – kunnskapsgrunnlaget om nydyrking
- Tilleggsutredning knyttet til kostnadseffektivitet og klima datert 29. mai 2017
Saksopplysningar:
Landbruks- og matdepartementet har sendt på høyring forslag om endringar i «Forskrift om
nydyrking», heretter kalla nydyrkingsforskrifta. Departementet foreslår også endring i «Lov om jord», heretter kalla jordlova, § 11 andre ledd med bakgrunn i foreslått endring i nydyrkingsforskrifta.
Høringsfristen er 11. oktober 2017, og kommunane er blant høyringsinstansane.
Endringa i nydyrkingsforskrifta går i hovudsak ut på at det vert innført forbod mot nydyrking av myr av klimaomsyn. Det vert og foreslått å gje tilgang til å kunne
dispensere frå forbodet i særlege tilfelle, utan at det er konkret forslag på kva som skal gje opning for dispensasjon. Det er i høyringsbrevet bedt om innspel på dette frå høyringsinnstansane. Det vert i tillegg foreslått enkelte mindre forskriftsendringar.
Endringa i jordlova §11 er nødvendig for å heimle at nydyrkingsforskrifta kan utvidast frå å "unngå skade på natur- og kulturlandskap" til også å omfatte omsynet til klima.
Gjeldande regelverk:
Nydyrking er regulert av nydyrkingsforskrifta av 1996, som er heimla i jordlova § 11. Nydyrking omfattar fulldyrking, overflatedyrking og dyrking av tidlegare dyrka jord som har vore brakklagt i minst 30 år. Søknad skal til kommunen, vert så sendt på høyring til kulturminnevernmynde v/
fylkeskommunen, til fylkesmannen dersom det er kartlagt natur- og miljøverdiar på arealet, og skal nabovarslast ved behov. Det skal takast omsyn til miljøverdiar som biologisk mangfald, kulturminner og landskapsbiletet. Det skal og leggast vekt på å sikre driftsmessig gode løysingar. Det er krav om konsekvensutredning for nydyrkingstiltak over 50 da. I dei fleste tilfelle er behandling av søknadane kurante og delegert til administrasjonen i kommunen.
Bakgrunn for ynskje om å forby nydyrking av myr:
All nydyrking frigjer klimagassar som fylgje av at djupareliggande jordmassar vert eksponert
for luft og fysisk påvirkning. Omfanget av utsleppet er imedan avhengig av kva slag areal som vert nydyrka og nydyrkingsmetoden som vert brukt. Dyrking av myr medfører relativt store utslepp av klimagassar, samanlikna med mineraljord. Redusert vass-stand ved drenering av myra aukar
tilgangen på oksygen slik at torva vert brote ned raskare, og karbonet i torva vert frigjort som metan (CH4) og karbondioksyd (CO2). Fysisk påverknad i form av flytting av myrjord, vil og medføre auka utslepp av klimagassar, fortrinnsvis metan. Oppdyrka myrjord vil avhengig av grunnvass-stand avgje meir klimagassar enn mineraljord, særleg lystgass (N2O).
Revidering av nydyrkingsforskrifta i forhold til forbod mot dyrking av myr er nemnt som eit aktuelt klimatiltak i fleire samanhengar, mellom anna St. meld 9 (2011-2012) Landbruks- og matpolitikken – Velkommen til bords, Klimaforliket 2012 basert på St. meld 21 (2011-2012) Norsk klimapolitikk, Stortingets budsjettvedtak 2017 og St. meld 11 (2016-2017) Endring og utvikling – En fremtidsrettet landbruksproduksjon. Det vert i høyringa også vist til internasjonal klimaforplikting, og at
landbrukssektoren også er forplikta til å gjennomføre klimatiltak.
Høyringsnotatet:
Norsk institutt for landbruksforsking, NIBIO, har laga utredninga som ligg som bakgrunn for høyringsforslaget. Den syner at det i perioden 2010 – 2014 vart dyrka 16 000 daa i Norge, 37% av dette var myrjord. (Av dette igjen, 34% grunn myr og 66% djup myr). NIBIO fann og at det meste av myrjorda som vart dyrka skulle brukast til grasproduksjon fordi myrjord er mindre eigna til
kornproduksjon, og har vidare funne at dette forbodet berre vil ramme 12 kommunar i Norge i større grad. Ingen av desse kommunane ligg i Hallingdal eller Numedal. NIBIO utrykker at: «konsekvensene for jordbruket vil være av en lokal karakter, blant annet betinget av restriksjonens karakter/omfang, nydyrkingsaktiviteten i området, samt tilgangen på dyrkbar myr og alternativ dyrkbar mineraljord i det berørte området».
Saksa frå rapporten:
«Betydning av nydyrking av myr for norsk matproduksjon
Dyrket myr utgjør en betydelig del av jordbruksarealet i Norge. Fram til 1992 ble det er gitt tilskudd til nydyrking av mellom 1,7 og 1,9 millioner dekar myr. Dette tallet kan også omfatte dyrket tidligere myr som krever ny og omfattende grøfting.
Dyrket myr brukes hovedsakelig til produksjon av gras til slått. Mindre arealer brukes til potet og rotvekster. Myr er mindre egnet til korndyrking på grunn av sen opptørking om våren og fare for utlekking av nitrogen i siste del av vekstsesongen. Mesteparten av den dyrkbare myrjorda i Norge finnes dessuten utenfor korndyrkingsområdene.
Behovet for dyrking av myr er betinget av behovet for gras til høsting, som er betinget av flere faktorer, bl. a. forbruk av melk og kjøtt fra drøvtyggere og ytelse i melkeproduksjon. I årene framover ventes redusert forbruk av melk, økt ytelse og kraftfôrforbruk i
melkeproduksjon og mindre behov for grasareal til melkeproduksjon.
Redusert melkeforbruk og høyere melkeytelse fører til færre melkekyr og mindre mengder kjøtt produsert i kombinasjon med melk. Behovet for grasareal er sterkt avhengig av i hvilken grad redusert kjøttproduksjon kombinert med melk blir kompensert med kjøtt basert på ammekyr. Scenarier basert på melkeytelse og forbruk av storfekjøtt viser at en dersom kostholdet legges om i form av mindre storfekjøtt og mer svin- og fjørfekjøtt, vil det være mindre behov for grasareal i 2030 enn i 2012. Behovet for kornareal ventes å være 0,4 – 0,5 million dekar større i 2030, uavhengig av forholdet mellom kjøttslag.»
Utredninga til NIBIO viser at eit forbod mot nydyrking av myr vil føre til betydeleg reduksjon i utslepp av klimagassar frå dyrkingsfelt, og anslår netto årleg samfunnsøkonomisk gevinst til kr. 500 pr. daa.
Anslaget baserer seg på gevinst ved reduserte utslepp av klimagassar, der det er trekt frå
bedriftsøkonomisk tap ved ikkje å få utvida dyrka areal til landbruksproduksjon. NIBIO anslår i rapport 2017 at 2 000 da myrareal vert godkjent for nydyrking pr. år. Med denne referansebana vil eit forbod mot nydyrking av all myr føre til ein reduksjon i utslepp av klimagassar frå myr på 188 216 tonn CO2 ekvivalentar i 2050. Årlig samfunnsøkonomisk innsparing er dermed på kr. 1 million for heile landet.
Fleire kommunar har framleis kommunale tilskot til nydyrking, og Hemsedal kommune yter nydyrkingstilskot gjennom tilskotsordninga «Tilskot til ymse jord og skogbruksføremål».
Tilskotssummen vart auka i 2016, og er i dag på kr. 4000,- pr. daa. Areal godkjent for nydyrking vert rapportert inn i forbindelse med KOSTRA.
Departementet viser til at forbodet mot dyrking av myr er retta mot dei areala som fagleg sett vil frigjera mest klimagassar ved drenering/oppdyrking. Det er ikkje noko ynskje om å skilja grunn myr ( 30-100 cm djup) og djup myr (over 100 cm djup) i forslaget då dei vurderer at eit skilje på dette og berre forby dyrking av djup myr vil føre til oppdyrking av større areal med grunn myr, samt vera vanskeleg å forvalte i praksis. Departementet konkluderer imedan at det er behov for å kunne dispensere i særskilte tilfelle, og ynskjer tilbakemelding frå høyringsinnstansane på kva som skal vektleggast i vurderinga av dispensasjonar.
Forhold til overordna plan:
Ikkje vurdert
Miljøkonsekvenser:
Sjå saksopplysningar og vurdering.
Helse-/miljø og beredskapstilhøve:
Ikkje vurdert
Økonomiske konsekvensar:
Ikkje vurdert Vurdering:
Hol, Ål, Hemsedal, Gol, Nes og Flå kommunar har diskutert høyringsnotatet på jordbrukssamling for kommunal landbruksforvaltning og har samarbeida om utgangspunktet for høyringsuttala som vert lagt fram til politisk behandling i dei ulike kommunane. Under statistikk for Hallingdal og Nore og Uvdal:
Fig. 1: Nydyrking
Godkjent nydyrka areal (da)
Flå Nes Gol Hemsedal Ål Hol Nore og Uvdal
2012 0 29 26 38 160 7 104
2013 0 0 0 22 68 26 0
2014 0 11 109 8 215 54 14
2015 0 49 110 9 110 26 57
2016 0 22 131 20 184 105 46
Kilde:
Kostra SSB
Fig. 2: Dyrkbar jord /myrareal
Dyrkbar jord (da)
Flå Nes Gol Hemsedal Ål Hol Nore og Uvdal
I alt
16
549 59 968 88 281 43 417 88 869 40 092 52 764
Myr 5 941 18 341 31 975 10 902 28 205 9 714 16 163
Andel myr 36 % 31 % 36 % 25 % 32 % 24 % 31 %
Kilde:
Ressursoversikt 2/2014 /NIBIO
Kommunane ser at endringsforslaget er ein del av dei klimatiltaka Stortinget ynskjer vurdering av, og er klar over at landbrukssektoren også må gjennomføre klimatiltak for å nå dei mål som Stortinget har sett. Det er også semje om at det er svært viktig med ein omfattande og fleksibel moglegheit for dispensasjon, fordi det alltid vil vera lokal ulikheit i naturgitte forhold og driftsopplegg. Ikkje minst vil eit forbod kunne gå utover enkelte gardbrukarar med begrensa tilgang på dyrkbart areal.
Nydyrking er viktig og bidreg til å oppretthalde omfanget av produksjonsareala våre då det kvart år skjer omdisponering av produksjonsareal til andre formål gjennom planvedtak eller ved at
enkeltpersonar får godkjent omdisponering av areal. Stortinget si stortingsmeld. 11 (2016-2017) har vedteke å auke matproduksjonen i Norge, og i Nasjonal Jordvernstrategi frå 2015 har Stortinget bedt regjeringa om å finne tiltak for å auke nydyrkinga for å kompensere for jord som går ut av drift, blir omdisponert til andre formål, eller for å auke jordbruksproduksjonen. Omdisponering av dyrkbar jord har auka dei siste 3 åra, etter å ha minka over fleire år
Det vert imedan stilt spørsmål ved skissert utvikling i husdyrproduksjon, og om dette er ei ynskt utvikling om ein legg vekt på eit totalt bilete (distriktprofil, kulturlandskap m.m.) og ikkje av omsyn til klima aleine. Utredninga skriv vidare med at berre næringsdrivande i 12 kommunar i landet vil bli berørt av forbodet. Vi ser i høyringsnotatet at det er kornarealet vi har behov for å auke, og det er derfor konkludert med at forbodet mot dyrking av myr vil ha liten betydning. Hallingdalskommunane meiner at forbodet mot dyrking av myr vil få konsekvens for husdyrhaldet og enkeltgrunneigarar i forhold til deira moglegheit for utvikling av sin eigedom. Dispensasjonstilgangen må søke å ivareta utviklingsmoglegheit i husdyrhaldet på best mogleg måte og forhold kring dette momentet bør koma meir nyansert fram når stortingsproposisjonen skal utarbeidast.
I tråd med dagens politikk med utbygging og ynskje om større einingar må ein også ta med seg at utvikling og utviding krev tilstrekkeleg arealgrunnlag for drifta, og i mange tilfelle medfører dette planar om nydyrking. Dyrkingsplanar som ligg som grunnlag for slik utbygging må vera tiltak der det kan gjevast rom for å dispensere. På same måte som dyrkingsområde der eit mindre myrareal er naturleg å ta med i nydyrkinga med bakgrunn i arrondering av stykket (td. myr inne i arealet) Denne
myra vil jo uansett ved oppdyrking rundt bli drenert, og det vil vera naturleg å gje dispensasjon frå forbodet i slike tilfelle. Det kan då setjast ein % vis begrensing på storleiken på myrområdet, td. 15%
av det totale arealet.
Kommunane ser at landbrukssektoren i medhold av Stortinget sitt vedtak må gjennomføre
klimatiltak, og at eit forbod mot nydyrking av myr fører til reduksjon i utslipp av klimagassar. Det må imedan vera mogleg å dispensere ved særskilte høve, til dømes som foreslått her.
Det må og leggast vekt på høyringsuttalene frå landbruket sine fagorganisasjonar.
Konsekvens for landbruket i Hemsedal kommune:
I Hemsedal er det jamfør jordregisteret 43 417 daa dyrkbar jord. Utregninga er gjort på grunnlag av kartlaget dyrkbar jord i AR5 (markslag kart). Av dette er 10 902 klassifisert som dyrkbar myr (25 % av totalt dyrkbart areal, kjelde: Ressursoversikt 02/2014 NIBIO). Dei fem siste åra har det i gjennomsnitt blitt godkjent nydyrking av ca. 20 da /år i Hemsedal (kjelde: KOSTRA /SSB), i alt ca. 100 daa. Det nasjonale snittet ligg på ca. 50 daa pr. år. Dette kan truleg forklarast noko med at det i Hemsedal vart gjort store investeringar i mange samdrifter og store fjøs for 10 - 15 år tilbake. Dette kjem ikkje med på siste 5års statistikk. I samdriftene blir arealressursane til alle deltakande eigedomar samla som driftsgrunnlag, og dette gir kanskje ikkje same behov for å auke arealet som ved nybygg og utviding på eit enkeltbruk der arealtilgangen på eigen eigedom er for lite og nydyrking av eige areal er ofte ei løysing.
Med dagens maskinar er det lettare å dyrke opp enn tidlegare, og det er truleg ikkje lenger
fyrstevalet å dyrke opp myr, slik det kanskje meir var tidligare for å unngå å måtte sprenge og flytte stein. Bedriftsøkonomiske vurderingar gjer og at ein dyrkar opp areal nede i dalføret, så sant ein har tilgang på slike areal.
Sjølv om det totalt sett ikkje er mykje dyrkbar myr i Hemsedal (25% av det dyrkbare arealet), vil eit forbod likevel føre til begrensingar for enkelte gardbrukarar og eigedomar. I særleg grad ved
investeringar og utviding av produksjonen der det er ynskje om nydyrking for å sikre arealgrunnlaget.
Omfanget av endringsforslaget for bøndene i Hemsedal er derfor avhengig av kva som vert grunnlag for å kunne dispensere frå forskrifta. Dersom dispensasjonstilgangen legg til grunn og sikrar gode driftsmessige løysingar vil forbodet vera handterbart.
Kommunane har ingen merknad til endring av jordlova § 11 andre ledd, fordi endringa berre omfattar å klargjera heimelen for å endre nydyrkingsforskrifta i tråd med Stortingets vedtak.
Rådmannen si innstilling:
Kommunestyre i Hemsedal kommune gir fylgjande høyringsuttale til endring i forskrift om nydyrking – forbod mot dyrking av myr:
Generelt:
Det meste av det dyrkbare arealet i landet ligg i klimasoner som ikkje eignar seg for kornproduksjon.
Eit forbod mot dyrking av myr vil derfor få betydning for husdyrhaldet og matproduksjonen i Norge.
Dette momentet bør koma betre fram når Stortingsproposisjonen skal utarbeidast, og forbodet bør også drøftast opp mot eit totalt bilete som omfattar fleire forhold enn klima. Det totale
landbrukspolitiske og samfunnsmessige bildet må vurderast opp mot samfunnsbesparelsen på 1.
million kr. for heile landet som tiltaket innehar. Hemsedal kommune viser også til politisk ynskt strukturendring i landbruket (færre og større einingar) dei siste åra. Dette medfører bruksutbygging som skal ha tilstrekkeleg arealgrunnlag. Det foreslåtte forbodet mot nydyrking av myr kan vera motarbeidande i forhold til dette.
Hemsedal kommunestyre har fylgjande merknad til endring i jordlova §11, og forskrift om nydyrking:
Endring av jordlova § 11 Ingen merknad.
§ 1 Formål
Det vil vera uheldig at § 3 fjerde ledd andre punktum om tilkomst til bakanforliggande areal, ikkje vert vidareført etter endringa. Dette er eit viktig moment i vurderinga av søknadar om godkjenning av plan for nydyrking for å hindre at eksisterande ferdselsvegar og større stigar vert hindra av innmark. Dersom dette omsynet ikkje skal stå i § 3, bør det takast inn i § 1.
§ 3 Definisjonar
Dersom det vert teke inn ein definisjon av myr i § 3 fjerde ledd, er det gunstig som Departementet foreslår å bruke definisjonen som fylgjer av AR5, dvs. gjeldande regelsett for markslag. Her vert det ikkje skilt mellom djup og grunn myr, og ein ser at det kan vera praktiske grunnar for å ikkje ha eit slikt skilje. Kommunane vil likevel be Departementet vurdere om det skal vera definisjonar av både djup og grunn myr i forskrifta, spesielt i forhold til mogelegheit for dispensasjon.
§ 6 Når godkjenning ikkje kan gis
Forbodet mot nydyrking av myr vert teke inn i nytt fyrste ledd, der også moglegheit for dispensasjon i særskilte tilfelle vert omtala.
I Hallingdal er det mange gardsbruk som ligg høgt over havet, og som har lite dyrka jord i nærleiken av tunet. I tillegg er det mykje brattlente bruk i Hallingdal og Numedal. Det dyrkbare arealet ligg ikkje sjeldan på ein skogsteig langt unna tunet, eller på fjellet der det er flatare men avlingspotensialet er mindre. Forhold som transportavstand, hellning og moglege avlingar er ein del av eit totalt bilete ved ynskje om nydyrking. Det bør derfor kunne gis dispensasjon frå forbodet mot nydyrking av myr i særskilte tilfelle:
- Dyrkbare arealhar ofte arealklasser som går over i kvarandre, f.eks. vil det vera både skogsområder og eksisterande innmarksbeiter som delvis består av myr. Slike «øyer» eller impediment av myr vil kunne hindre nydyrking av eit større felt som består av areal som elles er kurant å godkjenne. Det bør derfor vera mogeleg å få dispensasjon frå forbodet i § 6 fyrste ledd når det er under for eksempel 15 % myr, som del av eit nydyrkingsfelt.
- Dagens landbrukspolitikk legg opp til at mange gardbrukarar fører opp større driftsbygningar enn arealgrunnlaget på eigedomen i utgangspunktet tillet, for å kunne være heiltidsbønder og leve av garden. Hallingdal har mange bruksutbyggingar, og desse er ofte fylgt av ein nydyrkingssøknad. Når politisk gitte rammer over mange år har lagt opp denne utviklinga, bør det og vera dispensasjonsmoglegheit for å kunne godkjenne nydyrking av myr når gardbrukaren har/ skal bygge ny driftsbygning og treng meir dyrka areal som grunnlag for denne. Kanskje ein slik dispensasjon kan skilje mellom djup og grunn myr.
- Det er og tilfelle der dyrkbar myr ligg like inntil eksisterande driftsbygningar og tun i motsetning til dyrkbar mineraljord. Her vil den driftsmessige fordelen ved oppdyrking vera stor, og dispensasjon frå forbodet mot nydyrking av myr bør kunne vurderast. Kortare transport mellom dyrka areal og driftssenter vil her gje lågare utslepp av klimagassar, og bidreg positivt i klimarekneskapen.
RETT UTSKRIFT
DATO 29.september.2017